mandag 23. juni 2014

VM i fotball

VM er det største innan fotball. For eigen del gler eg meg i fire år, og ventetida er i lengste laget. Heldigvis har me EM i mellomperioden.

1978, fargefjernsyn og Argentina
Interessa begynte for alvor med VM i Argentina i 1978. Då hadde me nettopp fått fargefjernsyn, noko som ga eit ekstra løft til den visuelle opplevelsen. Eg hugsar også finalen mellom Vest-Tyskland og Nederland i 1974, men først i 1978 vart eg fullstendig hekta. Og favorittlaget var sjølvsagt vertsnasjonen Argentina, og favorittspelaren var Mario Kempes.

Spenning og intensitet
Eg er elles ikkje typen som hugsar alle resultat, toppskårarar og andre detaljar. Eg må innrømma at eg har problem med å hugsa kven som til slutt vann dei ulike meisterskapa. Det er først og fremst spenninga og dei mange intense oppgjera som fengjer. Og til lenger ut i meisterskapen, til meir dreg det seg til og til meir intenst blir det. Der starten ofte har vore laber, for ikkje å seia kjedeleg, har årets VM markert seg med mange kampar med stor underhaldningsverdi og mange mål. Det er eit av dei beste VM på lange tider fotballmessig. Det er også interessant at amerikanske lag (både Sør og Nord-Amerika) gjer det så godt. Det er bra for fotballen. Afrikanske lag har på si side enno til gode å overbevisa, det same har asiatiske lag trass i at Sør-Korea kom heilt til bronsefinalen i 2002 (der dei tapte 3-2 for Tyrkia).

Mørkt bakteppe
VM i Sør-Afrika var eit stort løft for landet og for kontinentet og alt i alt veldig positivt. VM i Brasil har hatt eit mørkare bakteppe. Det har vore store protestar mot pengebruken, det starta alt for eit år sidan i samband med "prøve-VM", eller Confederation Cup. Brasilianarar flest har god grunn til å stilla spørsmål ved bruken av pengar i eit land som trass store naturressursar har mange som lever i fattigdom. Generelt er det store  skilnader i det brasilianske samfunnet, også etter vellykka sosiale reformer frå tidlegare president Luca.

Som om ikkje Brasil brukar pengar nok p VM, skal dei også arrangera sommar-OL i 2016. Ikkje rart det kokar over for mange av landets innbyggjarar.

FIFA, som IOC, i trøbbel
Også korrupsjonsskandalar i FIFA kastar mørke skyggar over fotballen. Tildelinga av VM 2022 til Quatar lukta alt frå starten, og no er det dokumentert at det slett ikkje gjekk for seg utan kjøp av stemmer. FIFA minner på mange måtar om IOC - udemokratiske organisasjonar som forvaltar store pengesummar og som gir god grobotn for korrupsjon. Om det er muleg å reformera desse organisasjonane er tvilsamt. Det er ikkje lett å sjå korleis denne trenden skal snuast og korleis ein skal få sunnare VM (og olympiske leikar). Men den vanvittige pengebruken må reduserast; det må vera muleg med større grad av gjenbruk. UEFA viser kanskje veg ved å spreia arrangementet på mange land, slik dei gjer med EM i 2020.

Ingen kommentarer: