mandag 30. juni 2014

Mazda MX-5 - ein moderne klassikar fyller 25 år!

Mazda MX-5, her ein 2012-modell (ja, den er min! :)
Då britane hadde køyrt bilindustrien sin ettertrykkeleg i grøfta, plukka Mazda opp ein av dei mest særprega tradisjonane frå øya: roadsteren. Mazda såg potensialet i denne spesielle og erkebritiske biltypen og laga ein moderne versjon i 1989. Det vart ein øyeblikkeleg suksess, og til dags dato har dei selt bortimot 1 million eksemplar! Det einaste dei ikkje kopierte av britane, var byggkvalitet. Mazda MX-5 er noko ein britisk roadster aldri var: Påliteleg!

Ein roadster er ein open to-setars bil med vekt på det sportslege, i følgje Wikipedia. Tradisjonelt hadde ein roadster tekstil-tak (soft-top), men etter kvart har stål-tak med el-hydraulisk opning og lukking vorte meir vanleg. den tradisjonelle roadsteren er også låg, og med seta ganske langt bak, nær bakakselen. Og så skal ein ekte roadster ha bakhjulsdrift, så klart! Grunnprinsippa for roadsteren er altså enkle: motoren framme, drift på bakhjulene og mellom der skal det (såvidt) vera plass til to. Og for ein roadster handlar det ikkje om størst muleg motor; det sportslege handlar om andre ting.

Alt handlar om førarmiljø og køyreoppleving

Mazda MX-5 (heiter Miata i USA) er så langt kommen i tre generasjonar:

  1. 1989 - 1997: Serie NA
  2. 1998 - 2005: Serie NB
  3. 2006 - 2014: Serie NC
  4. 2015 - ? : Serie ND
Neste generasjon kjem altså mot slutten av året. Den skal bli 100 kg lettare enn dagens, som heller ikkje er ein tungvektar med sine 1075 kg.

Når du køyrer ein slik bil, merkar du fort at den gler seg til kvar sving. Den er ikkje laga for lange, rette strekningar, men for mest muleg svingar. Styringa er presis, det same er gir girskiftet - som sjølvsagt må vera manuelt. Det er rett og slett ein fryd å køyra ein slik bil. Berre ein liten detalj trekkjer ned heilheitsinntrykket på denne bilen: tankloket. Det som skulle ha vore eit påfyllingslok i metall, modellert etter racing-typen, ser ut som det er kjøpt påEuropris :(

Lekkert!

Ingen kommentarer: