mandag 7. juli 2014

Forbrytelse og straff i VM 2014

Luis Suarez set tennene i Giorgio Chiellini
(Foto: The Telegraph - telegraph.co.uk)
Luis Suarez hestebit er noko av det som vil bli hugsa frå dette VM, saman overfallet på Neymar som resulterte i brot i ryggen. Suarez vart utestengd for resten av VM medan overfallsmannen Juan Camilo Zuniga slapp unna utan kort eller noko.Heller ikkje i ettertid, då dei alvorlege konsekvensane vart klare, har eg sett at FIFA har vurdert straff mot Zuniga.

Lite mandig
Eg vil på ingen måte forsvara biting på fotballbana, like lite som eg vil forsvara overlagt overfall. Poenget mitt er at det første er ganske ufarleg medan det andre i verste fall kan gjera ein spelar fotballinvalid. Viss eg skal drista meg til ei sosiologisk forklaring, trur eg det har med macho-preget i fotballen: biting er sett på som svært lite mannleg. Eg lurer på korleis biting ville blitt handtert i kvinnefotballen? Det ville sikkert vorte straffa, men kanskje ikkje så hardt?

I dette ligg ei forakt for "feige" angrepsmåtar. Fotballbana er til dels ein krig, og du skal slåss som ein mann. Lugging og biting er definitivt ikkje blant dei aksepterte triksa. Om du susar inn i ein motspelar med kneet først, er det meir ein del av det aksepterte harde spelet. Unnataket er vel Harald "Toni" Schumacher sitt kne planta i Patrick Battiston i VM i Spania i 1982.

Og her er det Ivanovic som får smaka Suarez' tenner
(Foto: sports.yahoo.com)
Meir videodømming
Eg har tidlegare teke til orde for meir bruk av videodømming i fotballen. Det gjeld særleg offside- og måldømming. Det siste har FIFA endeleg innført, etter skandalen frå sist VM då Frank Lampart sitt skot mot Tyskland var minst ein halv meter innafor streken utan at det vart dømt mål. Til neste VM (eller EM?) er det kanskje råd å håpa på ei oppgradering av presentasjonen også. I dette VM såg det ut som grafikken var av typen Windows Paint..

Også i dette VM har det vore feilaktige offside-avgjerder, sjølv om linjedommarane samla sett har imponert. Det vil alltid vera situasjonar som er bortimot umuleg å avgjerda for det menneskelege auga. Ei innføring av elektronisk offside-dømming ville truleg ført til fleire mål fordi det oftare blir blåst feilaktig for offside enn motsett.

Videodømming i fotball og tennis
Argumenta mot videodømming er mellom anna at det vil stogga flyten i spelet, og det er eit relevant poeng. Men også ein dommar kan blåsa ein kamp i stykker. For å hindra at videodømming skal stykka opp kampane, kunne ein innført same regel som i amerikansk fotball ("instant replay") eller tennis. I det siste tilfellet er det "Hawk eye"-teknologien som blir brukt, ein triangulerings-metode utvikla av dr. Paul Hawkins i Storbritannia. Det er denne teknologien som blir brukt for måldømming også, i det minste i Premier League, men sannsynlegvis også i dette fotball-VM.




Ingen kommentarer: