søndag 5. april 2015

Bauhaus - Bau der Zukunft

Bauhaus-museet i Berlin
På turen til Berlin stod besøk til Bauhaus-Archiv/Museum für Gestaltung på programmet. Museet ligg litt sør for den vestre enden av Tiergarten, nær Leopold-platz. Sjølve bygget er særmerkt, og teikna av grunnleggjaren av Bauhaus(-skulen), Walter Gropius. Det er eit ganske lite museum, men snart skal museet renoverast og utvidast og nyopninga skal skje i 2019, på 100-årsdagen for stiftinga av Bauhaus.

14 intensive år (1919 - 1933)
Bauhaus-perioden varte berre i 14 år, frå 1919 til 1933. Men den har sett djupe spor etter seg og er framleis til inspirasjon for byggjekunsten. Bauhaus-retninga og stilen er avantgarde for det moderne klassiske og ufråvikeleg knytt til det moderne. Sjølve ordet "Bauhaus" var ein vri på det tradisjonelle tyske ordet "Hausbau", og kan oppfattast som eit uttrykk for å snu om på vante førestillingar. Bauhaus var på same tida både eit utviklings- og utdanningsprogram, ei samansmelting av kunst og handtverk og ein skule for ny arkitektur. Funksjonalisme og funkis-stil er andre ord for designstilen Bauhaus innførte.

Bau der Zukunft
Bauhaus vart etablert av arkitekten Walter Gropius i 1919, i form av eit manifest/program: "Programm des Staatlichen Bauhauses in Weimar". Mottoet var "Bau der Zukunft" - framtidas byggverk. Weimar var staden for etableringa, og heile Bauhaus-epoken var sterkt prega av Weimar-republikken etter første verdskrigen.

Kuns og handtverk = Kunsthandtverk
Hovudideen til Walter Gropius var å foreina kunst og handtverk. Bauhaus tilbydde i starten ikkje arkitektutdanning, all undervisning i arkitektur skjedde på Walter Gropius' eige kontor. Interessant nok hadde ikkje WG fullført arkitektutdanning sjølv! "Der Schule soll allmählich in der Werkstatt aufgehen". Han la stor vekt på det praktiske og handtverksmessige. Bauhaus-retninga må også sjåast i etterkrigstidas lys med stor bustadmangel og det luksuriøse måtte vika plass for det funksjonelle. Men samtidig skulle byggjeprosjekta vera meir enn berre å setja opp bygningar: "bauen bedeutet gestalten von lebensvorgängen". Bauhaus var like mykje ein "livsfilosofi" som ein arkitekturretning.
Paviljong teikna av Mies van der Rohe til verdsutstillinga i Barcelona,
1929 (Foto: Vicens (CC BY-SA 2.5))

Tre byar og tre direktørar
Bauhaus hadde tre sentrale byar og tre sentrale leiarar i den 14-årige perioden frå oppstart til avvikling:
- Etablert i Weimar i 1919
- Flytta til Dessau i 1925
- Til slutt flytta til Berlin i 1932 der institusjonen også vart avvikla kort tid etter at nasjonalsosialistane tok makta

Den første leiaren var grunnleggjaren Walter Gropius. Deretter overtok Hannes Meyer før Ludwig Mies van der Rohe som den siste direktøren oppløyste Bauhaus som institusjon. I Hannes Meyers direktørtid vart politiske spenningar og grupperingar stadig meir tydelege, og kommunistiske sympatisørar tok meir og meir styring. Også Meyer førte Bauhaus i ei retning bort frå det estetiske og kunstnerisk motiverte, til det praktiske og politiske der det viktigaste var å løysa bustadkrisa.

Det enda med at Meyer vart avsett i 1930, og Ludwig Mies van der Rohe vart tilsett som ny direktør. Han endra kursen til ei sterkare satsing på handtverksmessig, teknisk og kunstnerisk utdanning. Bauhaus vart ein arkitektskule med Mies van der Rohe ved roret, men ikkje utan harde kampar og utvising av studentar.

Bauhaus-bygning i Dessau teikna av Walter Gropius
(Foto: Mewes (CC BY-SA 2.5))
Framleis moderne
Sjølv om Bauhaus nærmar seg 100 år, framstår mykje framleis moderne. Det måtte verkeleg ha framstått som radikalt på den tida. Sjå berre på Ludwig Mies van der Rohes paviljong til Barcelona-utstillinga i 1929 - den er berre lekker og ser framleis ultramoderne ut! Bygningen frå 1929 vart riven etter utstilling, men ein kopi vart gjenoppbygd i perioden 1983 - 1986 på same staden.

Typografi
Bauhaus-stilen handla om radikal forenkling til eit minimalistisk, men funksjonelt uttrykk. Denne stilen vart også reflektert i ulike skriftlege arbeid, som plakatar, ulike skrift og i utvikling av typografi. Også typografien var radikal, til dømes ofte bruk av små bokstavar også i starten av setningar. I Tyskland og det tyske språket, med mykje bruk av store bokstavar, mellom anna i alle substantiv, var dette spesielt radikalt. Herbert Bayer var ein av dei leiande Bauhaus-personane innan typografi.

Aktuell bok: "bauhaus archiv 1919 - 1933" av Magdalena Droste

Ingen kommentarer: