torsdag 18. februar 2016

SSB og ressursbruk

Trusselbrevet frå SSB
For eit par dagar sidan fekk eg eit brev frå Statistisk sentralbyrå med tittelen "Vedtak om tvangsmulkt - Hagebruksundersøkelsen 2015, RA-0571". I brevet stod det at sidan eg ikkje hadde sendt inn opplysningar om frukthagen min, hadde byrået bestemt at eg skulle betala ei tvangsmulkt på kr 3.440,-

Brevet fekk meg til å tenkja på debatten som har gått den siste tida der SSB vart utfordra av ein FrP-politikar til å skaffa kriminal-statistikk der også fødeland var med. I dagens statistikk er det berre statsborgarskap som kjem fram. Dette nekta SSB å etterkomma og skulda på manglande ressursar.

Eg skal ikkje ta stilling til spørsmålet om fødeland bør inkluderast i kriminalstatistikken, men eg kan hjelpa SSB med litt av ressursproblemet slik at dei kan prioritera viktigare saker og viktigare statistikk. Hagebruksundersøkinga er ein opplagt kandidat for å spara ressursar.

SSB samlar årleg inn opplysningar om areal og avling i hagebruket i Norge. Alle dyrkarar registrerte med eit org.nr. og som har meir enn 300 kvm veksthus, 1,0 daa frukt eller bær eller meir enn 2,0 daa grønsaker, skal levera opplysningar. Det flotte med SSB, sett frå deira side, er at dei med lova i hand kan krevja opplysningane. Slik får dei gode svarprosentar.

Hagebruksundersøkinga er ein anakronisme, som ein del annan statistikk hos SSB. Statistikarar har eit vanleg avvik som går ut på at når du berre har ein lang tidsserie, er alle data viktige. Dei blir viktige pga. tidsserien, ikkje pga. innhaldet eller kva dei skal brukast til. Hagebruksundersøkinga er eit strålande eksempel i så måte. Det er slik sett nesten rart at SSB ikkje lenger registrerer talet på hestedrosjar i landet (kanskje dei gjer det??).

Men det som kanskje er hakket verret, om muleg, er at alle data SSB spør etter, finst frå før. Det er berre ein månad sidan eg tasta inn nøyaktig dei same opplysningane i skjema for søknad om produksjonstillegg i jordbruket. Det er Landbruksdirektoratet som er ansvarleg for søknadene. SSB kan altså få alle data frå direktoratet om det er veldig viktig for dei. Men SSB har nok ikkje nokon tradisjon i å spørja andre etatar om statistikk, dei vil helst gjera det sjølve.

Til slutt bota: Størrelsen synest heilt vilkårleg, i alle fall går det ikkje fram av brevet korleis dei har komme fram til talet 3.440,- (hmm, skulle det ikkje ha vore nokre øre også?). Eg får trass alt sjå det positive i at dei fråfell kravet om eg registrerer opplysningane innan 10. mars. Og det har eg gjort..

Ingen kommentarer: