fredag 26. februar 2016

Sandslottet i Aleppo - og folkemordet i Armenia

Sandslottet i Aleppo - ei fascinerande
historie frå første verdskrig
Boka "Sandslottet i Aleppo" (Sandcastle girls) av Chris Bohjalian har folkemordet på armenarane som bakteppe. Denne grusomme hendinga har fått lite merksemd samanlikna med andre overgrep. Det er vanskeleg å setja menneskelege overgrep og brutale hendingar opp mot kvarande; det endar ofte i tal som i seg sjølv ikkje seier så mykje om lidingane bak.

Armenian Holocaust
Men uansett korleis ein ser folkemordet på armenarane, er det uhyrleg, både i reine tal (meir enn 1,5 mill. menneske drepne i følgje boka, i følgje Wikipedia er talet mellom 800.000 og 1,5 mill.) og i utføring (store delar av dei vart drivne ut i ørkenen). Hendinga er også kjent som the Armenian Holocaust, the Armenian Massacre og Medz Yeghern som betyr "Great Crime" på armensk.

Massakren i 1915
Handlinga føregår i starten av første verdskrig, i 1915. Første verdskrigen markerte også begynnelsen på slutten av det ottomanske riket, med Konstantinopel som senter. Syria, med Aleppo, var framleis ein del av det ottomanske riket og under tyrkisk kontroll. Det var noko av grunnen til at armenske kvinner og barn (mennene var for det meste drepne før) vart drivne hit. Dei som overlevde deportasjonen, omkom eller vart drepne i konsentrasjonsleirar bygde i Deir ez-Zor (Der Zor på engelsk), midt inne i den syriske ørkenen. Både under deportasjonen og opphaldet i konsentrasjonsleirane vart dei nekta vatn og mat, og det fanst ikkje ly for den drepande sola.

Dagens Syria med Aleppo oppe til venstre,
Deir ez-Zor til høgre
Armensk historie
Armenia var ikkje eit eige land på denne tida, det var ein del av Tyrkia og det Ottomanske riket. Det hadde det vore sidan 1548, med enkelte unnatak. Den offisielle forklaringa på angrepet på armenarane, frå dei tre leiande personane i det Ottomanske riket, the Three Pashas (Mehmet Talaat Pasha, Ismail Enver Pasha og Ahmed Djemal Pasha), var at armenarane samarbeidde med fienden Russland. Men under det heile låg også religiøse motsetnader; muslimske tyrkarar mot kristne armenarar.

Republikken Armenia og Nagorno-Karbakh
Armenia gjekk frå det Ottomanske riket til å bli ein Sovjet-republikk frå 1920. Først i 1991 vart Armenia ein sjølvstendig republikk. På slutten av 1980-talet vart det væpna konflikt mellom Sovjet-statane Armenia og Azerbadsjan. Grunnen var oppstand i den armenske enklaven Nagorno-Karabakh, som ligg i Azerbadsjan. Det som starta som fredelege protestar i N-K, utvikla seg til stadig meir bruk av vald, og det skjedde etniske utreinskingar på begge sider av striden. Armenia støtta opprøraran ei Nagorno-Karabakh. Dei armenske styrkane tok kontroll over eit område som også inkluderer N-K. I 1994 vart det inngått ei våpenkvile som resulterte i at Nagorno-Karabakh de facto er ein del av Armenia, men de jure framleis er ein del av Azerbadsjan.

Kvifor så stille om folkemordet?
Kvifor dette folkemordet ikkje har fått meir merksemd, og i fjor var det 100-årsmerkering for hendinga, kan ein lura på. Sannsynlegvis er det storpolitikk som ligg til grunn. Tyrkia var alliert med Tyskland under første verdskrig, og Russland var ein hovudfiende av begge frå aust. I andre verdskrigen heldt Tyrkia seg nøytralt trass sterkt press både frå dei allierte og akse-maktene. Først mot slutten av krigen gjekk Tyrkia med på dei allierte si side. Då var det heller ikkje tvil om korleis krigen kom til å enda.

Tyrkia er NATO-medlem og det er kanskje den viktigaste grunnen til at det har vore så stilt om det armenske folkemordet. På same tid er det litt merkeleg, for Tyskland har ikkje vorte skjerma frå kritikk av Holocaust. Utan at eg kjenner tyrkisk historie godt, vil eg tru at eit internt oppgjer med denne svarte delen av tyrkisk historie ikkje har skjedd, og at det også er ein viktig grunn til den tause haldninga. Seinast i 2007 gjorde dagens statsministar i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan, det klart at hendinga i 1915 skal omtalast som "The Event in 1915" og ikkje "the so-called Armenian genocide". Det seier det meste om viljen og evna til eit internt oppgjer med det som skjedde.

Aleppo i dagens Syria
Sandslottet i Aleppo er trass det uhyggelege bakteppet ein varm kjærleiksroman. At mesteparten av handlinga føregår i Aleppo er ekstra interessant i desse dagar. Aleppo er ein av dei eldste byane i verda, og i dag er den dessverre lagt nærmast totalt i grus. Borgarkrigen i Syria er endå ein av dei menneskelege katastrofane som særleg har ramma denne delen av verda.

Roman med historisk ramme
Boka følgjer ei amerkansk kvinne på humanitært oppdrag i Aleppo. Ho blir forelska i ein armenar, sjølvsagt, og historia vekslar mellom dagens etterkommarar av desse to, og historia til dei to i Aleppo. Ramma rundt romanen verkar ganske autentisk, og ein del av personane i romanen er også autentiske, eller byggjer på personar som var i Aleppo på den tida og utførte arbeid som omtalt. Men det er også ein roman med den fridommen det inneber. Det er uansett ein fengslande historie som også gir eit interessant innblikk i ei viktig historisk hending.

Ingen kommentarer: