mandag 23. juli 2018

Værlandet og Bulandet - godt gøymde perler


Det finst mange skjulte perler rundt om i landet, og Værlandet og Bulandet er ei av dei. Synd for dei som driv reiseliv og annan aktivitet der, bra for oss som slepp å stå i turistkø. Men området har kapasitet til langt fleire besøkjande og det er litt rart at medan Indre Sogn er full-booka i perioden juni til august, er det rikeleg plass lenger ute.

Lengst vest
Værlandet og Bulandet er ei øygruppe lengst vest i Sogn og Fjordane. Bulandet er faktisk den vestlegaste plassen i Norge med fast busetnad. I alt bur det om lag 500 innbyggjarar på øyane i vest, og dei høyrer til Askvoll kommune. Kommunikasjonsmessig er det ferje frå Askvoll til Værlandet, ein tur som tek rundt ein time.

Det er eit verhardt miljø og lite eller ingen ting som vernar mot vind og sjø. Men på sommarstid er det kanskje tåka som er det største problemet. Den kan komma når ein minst ventar, og kan vera skummel for båtfarande utan god lokalkjennskap.

Værlandet Havhotell er relativt nytt. Utsikt mot Alden.
Sykling og fiske
Det er eit ganske flatt landskap på øyane og det egnar seg ypparleg for sykling. Det er rundt 10 km frå Værlandet til Bulandet, og ei rekkje bruer knyter øyane saman. Utanom sykkel er det sjølvsagt fiske som er tingen. Men med fiskestang på land bør du helst ha ein del slukar i reserve; dei forsvinn fort i tang og tare :(

Auka turisme
Korleis skal så området trekkja til seg fleire besøkjande? I Indre Sogn er reiselivet organisert i Visit Sognefjorden. Dei har ansvar for marknadsføring av reiselivet rundt Sognefjorden; frå Høyanger til Luster og Årdal. Men medan Sogn er på toppen av reisemåla med størst vekst, er det mykje ledig i Sunnfjord. Reiselivet i Ytre Sogn og Sunnfjord ligg langt etter naboane i Sogn. Kanskje kunne dei tent på å få Visit Sognefjord til å utvida grensene og også ta ansvar lenger ut mot vest?
Sykkel er tingen for å utforska Værlandet og Bulandet


Ingen kommentarer: