onsdag 8. august 2018

Redusert el-avgift til Bitcoin-utvinning

Bitcoin-maskiner i Dale, Hordaland
Diskusjonen går høgt om det er rett at utvinning av Bitcoin skal få redusert el-avgift. Regjeringa gjorde endringar i regelverket slik at datasenter får redusert el-avgift på linje med kraftkrevjande industri. El-avgifta er på 16,58 øre pr. kWh, medan datasenter (og kraftkrevjande industri) berre betaler 0,48 øre pr. kWh.

Oppsiktsvekkjande frå Skatt Vest
Det er eit brev frå Skatt Vest til Skattedirektoratet som har sett fart i diskusjonen. I brevet skriv Skatt Vest at hovudformålet til bitcoin-utvinnarar er å forvalta og investera i kryptovaluta og at dei slik sett må reknast å vera i finansbransjen og ikkje fell inn under selskap der prosessering av data er hovudformålet. Dei skriv vidare:
Det produseres så vidt skattekontoret kan bedømme ingenting av verdi for samfunnet for øvrig. Formålet synes primært og nærmest alene å være ren verdispekulasjon, hvor innsatsfaktoren primært er kraft.
Det er oppsiktsvekkjande at ein offentleg etat kjem med slike påstandar. Det vitnar om mangel på kunnskap om teknologien og er slik sett avslørande. Selskapa som nyt godt av den reduserte el-avgifta driv datasenter-tenester, dei driv ikkje utvinning av kryptovaluta. Det burde Skatt Vest forstå, det er ikkje veldig vanskeleg å finna det ut. Det blir analogt med andre datasenter der det blir leigt ut lokale og selt straum. Verken Lefdal Mine, Bluefjords, Green Mountain, Greentech eller kva dei no heiter, har noko med innhaldet i maskinene som står i hallane deira.
Baksida av Bitcoin-maskinene, der kjølelufta blir blåst ut
(nær 60 graders varme!)

Skatt Vest med normative vurderingar
Det er også spesielt at Skatt Vest gir seg ut på normative vurderingar av ein heil teknologi. Skatt Vest er neppe dei rette til å vurdera om Bitcoin har verdi for samfunnet som sådan. Det er eit stort og vanskeleg spørsmål, og det er ikkje minst eit globalt spørsmål. Dersom tilgang til bank- og finanstenester for dei som ikkje har, eller kan få, bankkonto er viktig, har Bitcoin definitivt verdi. Eg vil hevda at Bitcoin har stor verdi, også på andre område. Kva verdi har verdas sikraste, ope IT-system?

Politikarar kastar seg sjølvsagt på ballen og ropar høgt at utvinning av Bitcoin ikkje må få redusert el-avgift. Det er SV og Sp som ropar høgst her - ingen av partia er kjende for ein offensiv digital politikk. Det er eit svært populistisk utspel, for kven skal vurdera kva IT-tenester som er verdige redusert el-avgift?

Lesarinnlegg til DN
Eg sende inn følgjande lesarinnlegg til Dagens Næringsliv, men så langt har dei ikkje trykt det:

Energi-politi?

Redusert el-avgift for datasenter som driv utvinning av bitcoin har skapt store bølgjer og krav om at denne typen verksemd må betala full avgift. Det vil opna ei rekkje problemstillingar, som både Henrik Asheim i Høgre og DN på leiarplass, peiker på. Kven skal avgjerda kva straumforbruk som er verdig redusert avgift eller ikkje? Er eit datasenter for Facebook meir høgverdig enn utvinning av bitcoin? Eller eit datasenter som leiger ut plass til spel-system (betting-selskap) eller porno-selskap?

Bitcoin er ein revolusjonerande innovasjon som til liks med Internett kan brukast både til fornuftige og mindre fornuftige ting. At det er eit desentralisert og sensurfritt system som kan brukast av alle dei som ikkje har, eller vil få, bankkonto, er i seg sjølv ein viktig grunn til å oppretthalda det. Haldninga «blokkjede er bra berre me blir kvitt kryptovalutaen» viser også ein mangel på forståing av teknologien.


Ingen kommentarer: