Klassekampen publiserte laurdag 23.08 eit innlegg frå Thomas Piketty om at me treng ein alternativ global reservevaluta som kan erstatta dollaren. Eg var overraska over at Piketty ikkje hadde noko alternativ å peika på, og skreiv difor eit lesarinnlegg som vart publisert i siste laurdagsutgåva, 30.08.
Det Piketty vil ha, finst
Thomas Piketty skriv
i Klassekampen 23.08, i Inger Sverreson Holmes omsetjing, at verda treng ein ny
global valuta; ein ny reservevaluta som kan ta over for den amerikanske dollaren.
Bakgrunnsdata og analyse frå World Inequalilty Lab er god og interessant, men
der stoppar det, for Piketty har ikkje anna enn fromme ønskje å komma med. Det
blir difor eit slag i lufta.
Men alternativet ligg
nærmare enn det Piketty og andre kanskje trur. Bitcoin har gjennom 16 år vist
ein utruleg overlevelsesevne og er i dag sterkare enn nokon gang. Internasjonal
handel er ofte mellom partar ssom ikkje stolar heilt på kvarandre, eller som
jamvel er i konflikt med kvarandre. Likevel har amerikanske dollar eit hegemoni
som verdsvaluta, og trass i uttalte ønskje frå BRICS-landa om å redusera
handelen med dollar som oppgjersvaluta, har dei ingen reelle alternativ. Det er
urealistisk at kinesiske renminbi, indiske rupee eller russiske rublar skal bli
sentral oppgjersvaluta for desse landa. Difor har me sett fornya interesse for bruk av gull til
oppgjer mellom land, og sentralbankane i den nemnde BRICS-landa hamstrar gull.
Gull har likvel for
store svakheiter til at det kan bli ein dominerande oppgjersvaluta. Det er
vanskeleg å transportera, og resultatet blir då stor grad av tillit til at
endringar i gullbalanse faktisk blir gjennomført. Bitcoin er som digitalt gull.
Det har avgrensa mengde (21 mill. bitcoin), er lett å transportera digitalt og
er eit berarinstrument, dvs. det er ingen motpartsrisiko slik det er i vanleg
valuta.
Bitcoin er ein
nøytral valuta som ingen land bestemmer over, og er slik sett ein ideell
oppgjersvaluta, ikkje minst mellom land som ikkje stolar på kvarandre. Kva skal
så til for at bitcoin blir eit alternativ til den amerikanske dollaren? Først
og fremst må likviditeten, altså tilgangen til bitcoin, bli mykje betre.
Samanlikna med dollar som den mest likvide av alle valutaer, er det eit godt
stykke opp. Men om bitcoin held fram utviklinga slik me har sett så langt, er
det mykje som tyder på at det kan bli ein aktuell reservevaluta i løpet av ein
tidsperiode på 5-10 år.
Svein Ølnes, styreleiar
i Bitcoinpolitisk Institutt Norge