torsdag 16. februar 2012

Norge.no - det forsømde barnet


Norge.no er eit forsømt barn, og hadde det eksistert eit digitale barnevern ville det ha gripe inn og sytt for omplassering. Den 12-årige historia til Norge.no er ei historie med forsømming; først av Norge.no og seinare av Difi. Norge.no framstår i dag som ein museumsgjenstand.

Etter lanseringa av portalen Norge.no 24. januar 2000 har tenesta i realiteten ikkje hatt ei skikkeleg oppdatering. Ved kvar krossveg har planane om ei grundig oppdatering og fornying vorte sett på vent av ulike grunnar. Det siste frå Difi er at dei vil leggja ned Miside, og kva som skjer med Norge.no er uvisst.

Norge.no - tidslinje
Her er historia for Norge.no i korte trekk:

1997: Samarbeidsrådet KOSTIT (KOmmune-STat-IT) la fram rapporten ”Inngang Norge” der portalen Inngang Norge vart føreslått oppretta. Portalen fekk seinare namnet Norge.no
1999: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tok overraskande innersvingen på Oslo-miljøet og fekk lokalisert Norge.no til Leikanger
2000: Tenesta opna 24. januar
2004: Den første større oppdateringa vart planlagt og halvveges gjennomført
2006: Miside vart lansert i desember av statsråd Heidi  Grande Røys
2007: Eit strategiarbeid for fornying av Norge.no og Miside vart sett i gang
2010: Eit prosjekt for samanslåing av Norge.no og Miside vart sett i gang, på bakgrunn av strategiarbeidet
2011: Prosjektet havarerer/blir stoppa.
2012: Miside skal avviklast, Norge.no sin skjebne uviss

Miside og Norge.no: separert ved fødselen
Norge.no vart ein del av Direktoratet for forvaltning og IKT, Difi, frå 1. januar 2008. Fram til saman-slåinga vart planane om oppdatering forstyrra av stadig nye oppgåver. Særleg vart arbeidet med Miside negativt for Norge.no-utviklinga. For det første vart Miside planlagt og utvikla uavhengig av Norge.no, av Fornyings- og adm.dep. den gongen. Ein ting er at departementet involverte seg så sterkt i ei så utviklingsprega oppgåve, ein annan ting er at dei ikkje evna å sjå den klare samanhengen med Norge.no. Ein samanheng som var tydeleg demonstrert i den demo-versjonen Norge.no laga som grunnlag for arbeidet i 2004.

Ny strategi for Miside og Norge.no
I 2007 sette Norge.no i gang eit strategiarbeid for Norge.no og Miside. Det hadde lenge vore klart at separasjonen av Miside og Norge.no ved fødsel ikkje var noko lurt trekk. I strategiarbeidet fekk Norge.no, og frå 1. januar 2008 Difi, innspel frå Høgskolen i Agder/Høgskulen i Sogn og Fjordane, Bekk og Vestlandsforsking/Bouvet. Det kom fram mange gode forslag i desse innspela. og ein del av desse vart sydde saman til ein strategirapport av Difi i løpet av 2008 og 2009.

I 2010 starta arbeidet med å spleisa Norge.no og Miside og i tillegg gjennomføra ein del av forslaga i strategiarbeidet. Dette arbeidet vart stoppa på vårparten i 2011, utan resultat.

Miside utgått på dato?
Til Computerworld uttaler direktør Hans Chr. Holte at Miside blir fasa ut. Kva som skjer med Norge.no og den tilknytta svartenesta er uvisst, men Holte seier at den skal ”tilpassae disse tjenestene til dagens virkelighet”. Han seier vidare at dagens Miside-konsept, som var rett for 5-6 år sidan, ikkje fungerer lenger.
Det er ein litt merkeleg konklusjon Holte her dreg, og særleg når vi ser andre land som satsar nettopp på ein sentral vegvisar for offentlege tenester. Det ser også ut til at Difi har late seg rusa på ny teknologi: ” hvordan folk orienterer seg via søkeverktøy og bruker sosiale medier, hvordan de bruker nye kanaler som nettbrett og smarttelefoner..”. Som om  bruk av nettbrett og smarttelefonar gjer ei oversiktsteneste som Norge.no uaktuell. Eg vil vel heller påstå at det motsette er tilfelle; med smart-telefon er det endå vanskelegare å orientera seg på nettet enn med ein pc.

Kva er Miside eigentleg?
Holte uttalar vidare at ” i dag er de aller fleste tjenestene i Minside kun lenker til tjenester som finnes andre steder, og den selvstendige funksjonen har i stor grad falt bort”. Enten må Holte ha vore fråverande i utviklinga av Miside, eller så snakkar han mot betre vitande. Miside har aldri vore noko anna enn ein samling med lenker til tenester (les: skjema) på andre nettstader. Eit av dei store problema er at Miside har vore selt som noko anna; ei samling av offentlege tenester. Miside har berre vore ein vegvisar for skjema. Men i tillegg har Miside hatt ein veldig viktig funksjon som innsyns¬verktøy for informasjon det offentlege har samla om innbyggjarane. Eg har heile tida meint at dette har vore den viktigaste delen av Miside, og kva skal skje med den?

Danskane har gjennom borger.dk gjort den innlysande integrasjonen av tenesteinformasjon (Norge.no) og oversikt over tenester (Miside). Også i Storbritannia er utviklinga i motsett retning av den Difi legg opp til ved at oversikt over offentlege elektroniske tenester blir samla i gov.uk. Slik omtalar BBC News gov.uk: ” A website which aims to bring government services together under a single web address..”. Men Danmark og Storbritannia har tydelegvis ikkje skjønt det.

Kva treng brukarane?
Både Norge.no og Miside hadde som føremål å gjera det lettare for brukarane å finna fram til offentleg informasjon og tenester. Det er lite som tyder på at dette behovet er dekka i dag. Problemet er at jobben ikkje vart gjort godt nok. Norge.no fekk aldri den sårt tiltrengde oppdateringa og utviklinga den skulle hatt, og Miside kom skeivt ut frå hoppet ved ikkje å bli integrert med Norge.no. Miside har bomma både på enkel tilgang (altfor tungvindt innlogging), feil fokus (kommunale tenester finn brukarane på kommunale nettstader) og feil framstilling (Miside er ein portal for offentlege tenester, ei lenkesamling, ikkje ei samling offentlege tenester). Innsynsdelen er dessutan kraftig undervurdert.

Eg tillet meg å tvila på om Difi har gode innbyggjaranalysar bak konklusjonane sine. Har dei i det heile spurt dei? Og om dei har gjort det, er spørsmålsstillinga viktig. Og kanskje er det beste å observera korleis dei finn fram på nettet (som Jakob Nilsen seier: ”Don’t listen to users. Watch how they work”).

Norge.no og opne data?
Dette er ikkje eit forsvar av at alt var betre før, og at Norge.no bør halda fram slik den har vore og er. Tvert om har Norge.no hatt stort behov for oppdatering og nyutvikling, ei utvikling som vil gjera den betre tilpassa dagens behov. Det er til dømes veldig rart at ikkje Difi ser koplinga mellom opne data og data frå Norge.no – den er så klar at det burde ikkje vera muleg å oversjå den. I mine auge er Norge.no den sentrale inngangen til offentlege data, enten den er tilpassa menneske (dagens Norge.no-innhald) eller maskiner (opne data). Opne data er viktige, men det må ikkje bli slik at den viktige bearbeida informasjonen som alt finst blir gløymt.

Det er enno ikkje for seint
Eg meiner Difi alt har kasta bort mykje tid som kunne vore brukt til å gjera Norge.no, inkl. Miside, til eit betre verktøy for innbyggjarane. Det er enno ikkje for seint å ”redda” Norge.no, men tida er i ferd med å renna ut. Det vil vera synd om potensialet ikkje blir utnytta.

”Disclaimer”
For ordens skuld må eg nemna at eg var sentral i utviklinga av tenesta Norge.no i 1999, og har også hatt fleire oppdrag for Norge.no/Difi i tida etterpå knytt til både Norge.no og Miside.

fredag 10. februar 2012

Bloggåret 2011

På ein måte litt seint med ein årsrapport no, men på den andre sida er det no dei fleste bedriftene gjer unna slikt arbeid.

Fjoråret resulterte i 62 blogginnlegg med til saman 33 kommentarar. Tilsvarande tal for 2010 var 72 innlegg og 63 kommentarar. Kommentarane har altså minka ein god del.

Det ser ut som trafikken også har minka og det kan jo forklara lågare aktivitet. Men samtidig ser det ut til at omlegginga til nye Blogger har skapt rot for Google Analytics, for etter etter at eg gjekk over til ny Blogger-versjon er det omtrent ikkje registrert besøkande, og det nektar eg å tru. Det er jo elles ganske typisk Google; manglande samanheng mellom dei mange systema deira er typisk og det er etter mitt syn i ferd med å bli eit veldig stort problem for Google. Dette er omtalt i ein tidlegare bloggpost om den manglande teneste-orienteringa deira.

Elles har eg framleis stor tru på bloggen. Den fungerer godt for meg og gir meg god skrivetrening og eit behov for å setja meg betre inn i ulike saker. Ei passande avslutning kan vera Olav H. Hauge sitt dikt om nymånen, som han har stor tru på:

I dag så eg 
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.

torsdag 19. januar 2012

Opphavsrett

Etter alt oppstyret rundt SOPA passar det med ein omtale av boka "Opphavsrett" av Ole-Andreas Rognstad, professor i rettsvitskap ved inst. for privatrett, Universitetet i Oslo. Han har skrive boka i samarbeid med prof. emer. Birger Stuevold Lassen, nestoren på området og Rognstad sin forgjengar ved instituttet. Birger Stuevold Lassen døydde for kort tid sidan (15. des. 2011).

Boka kom ut i 2009 og eg har hatt den liggjande lenge, og lese litt no og då. Med SOPA var det naturleg å ta den fram att. Den var først tenkt som lærebok i emnet, men ambisjonane vart etter kvart løfta og målgruppa er like mykje juristar og elles folk som er interesserte i dette temaet. Og som Gisle Hannemyr ved UiO seier: "Opphavsrett er for viktig til å overlata til juristane åleine".

Kva er opphavsrett?
Opphavsrett er reglar for vern av litterære og kunstneriske verk. Lov om opphavsrett til åndsverk - Åndsverklova (åvl) - formulerer dei norske reglane for opphavsrett og listar opp nokre eksempel på kva som fell inn under begrepa litterære og kunstneriske verk. Lova er frå 1961, men har fått viktige tillegg seinare, og nye er som nemnt under utarbeiding (jf. tiltak mot ulovleg fildeling).

Copyright
Den angloamerikanske varianten av opphavsrett heiter "copyright". Den skil seg frå vår eigen opphavsrett på mange måtar. Merk namnet, det kjem av at boktrykkjarane kjøpte "copy" av forfattarar og fekk rett ("right") til å framstilla eksemplar. Opphavsretten var først og fremst ein rett for boktrykkjarar til å framstilla eksemplar, opphavsmannen var av sekundær interesser sjølv om han/ho formelt sett hadde opphavsretten.

Kvifor opphavsrett?
Opphavsretten blir dels grunngjeven med rettferds- og rimelegheitssyn (naturrettslege) og del økonomiske , både som belønning for opphavsmannen og frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Den europeiske opphavsretten har bakgrunn i den naturrettslege delen saman med belønningssynet, medan den anglo-amerikanske særleg legg vekt på det samfunnsøkonomiske i tillegg sjølvsagt til belønning.

Ein studie av USAs høgsterettsdommar Stephen Beyer på 1970-talet av alternativ til opphavsrett i bokbransjen, konkluderte med at opphavsretten sin einerett ikkje er nødvendig for å skapa nødvendig motivasjon (incentiv) til produksjon av bøker.

Framveksten av Internett har skapt nye diskusjonar der mange (m.a. Lawrence Lessig) argumenterer for at dagens opphavsrett hindrar heller enn fremjar kulturell produksjon og ikkje minst innovasjon.


Opphavsrett og straffelov
Relevant for SOPA-diskusjonen og dei norske forslaga om tiltak for å hindra ulovleg nedlasting, er spørsmålet om forbod og sanksjonar skal takast inn i åvl, slik det har vore gjort og slik det blir stadig meir av. Rognstad samanliknar det med å ta med reglar for innbrot i hus under lov om privat eigedomsrett. Frå eit rettssystematisk syn er det uheldig å blanda element frå straffelova med andre lover.

Historisk utvikling
Opphavsretten er relativt ny, sjølv om litteratur og kunst har ein lang historie. Oppfinninga av boktrykkjarkunsten (vel, den vart eigentleg oppfunnen i Kina) var viktig, men ikkje einaste forklaringa. Problemet med ulovleg kopiering har vore kjent lenge før opphavsretten kom i stand.

Først i 1709 kom den første forfattarlova - Statute of Anne (dronning Annes lov) - i England. Det var boktrykkjarane som var i sentrum for lova, sjølv om opphavsretten strengt teke låg hjå forfattaren. Men denne fekk som regel berre ein eingongssum for verket ("copy") og boktrykkjaren fekk rett til å framstilla eksemplar. Lova ga vern i 14 år, og i nye 14 år dersom forfattaren ikkje var død i mellomtida.

Den franske revolusjonen 
Gjennombrotet for opphavsretten kom med den franske revolusjonen. Dei gamle privilegia vart sletta med eit pennestrøk, og  opphavsretten heva til den mest heilage og ukrenkelege av alle eigedomsrettar. Det er i lys av dette me må forstå at opphavsretten faktisk er ein del av menneskerettane.

Utviklinga i Norge har stort sett følgt den europeiske og byggjer som sagt på den franske modellen, der opphavsmannen står veldig sterkt.

Bern-konvensjonen
Kvar stat fastset innhaldet og handhevinga av sine reglar for opphavsrett. Likevel vil det ofte vera handel og flyt over landegrensene, ikkje minst i dagens nett-dominerte verd. Det gjer rettssamarbeid mellom land nødvendig.

Bern-konvensjonen stammar frå 1886, men er endra fleire gonger seinare. Det er den viktigaste internasjonale avtalen om opphavsrett, og pr. 1. april 2009 hadde 164 land slutta seg til den. Berre San Marino står utanfor av dei europeiske landa. I konvensjonen heiter det at "De land som nærværende konvensjon gjelder for, danner en union [Bern-unionen] til vern av opphavsmenns rettigheter til sine litterære og kunstneriske verk".

EU og norsk opphavsrett
Av andre overnasjonale avtalar er EU sin påverknad gjennom EØS-avtalen den viktigaste. Påverknaden er dels gjennom EØS-avtalen sin hovuddel og dels EU-direktiv på området. Reglane i EØS-avtalens hovuddel kjem frå EF/EUs konvensjon og teksten er uendra gjort til norsk lov og har forrang framfor vår eiga åndsverklov! Dette er interessant i dagens diskusjon om Norge sitt forhold til EU gjennom EØS-avtalen.

Av direktiv om opphavsrett er EDB-direktivet og database-direktivet interessante sett frå ein IT-ståstad.

Databasevernet ("sui generis")
Det starta med innføringa av ein katalogregel i 1960, etter mange års arbeid med formulering av reglar for vern av formular, program, katalogar og liknande arbeid. Med program meinte ein teaterprogram o.l. og ikkje dataprogram. I Norge var særleg Skiforeningens frykt for kopiering av Holmenkollprogrammet ein viktig drivar for innføringa!

Katalogregelen var så å seia undra fram til 1999 då database-direktivet frå EU vart gjort gjeldande i norsk opphavsrett. Direktivet gir eit tosidig vern av databasar:
- opphavsrettsleg vern for databasar som verk
- "sui generis"-vern som "rett av sitt eige slag"

Sui generis-vernet var klart inspirert av dei nordiske katalogreglane. Slik sett kan ein seia at dei neppe skjønte konsekvensane av arbeidet dei gjorde for innføring av katalogvernet på 1950-talet.

Det er tvilsamt om database-direktivet har ført noko godt med seg, det innrømmer også EU i ei eiga undersøking frå 2005. Det blir spennande å sjå kva utviklinga i dataformat som t.d. semantisk web iombinert med opne data vil føra til på opphavsrettsområdet. Er rdf-triplettar omfatta av databasedirektivet?

Eit anna problem med databasedirektivet, enn at det er for mykje knytt til ein bestemt teknologi, er at sjølv om det berre er bearbeidinga og formatteringa som er verna, vil i praksis også data bli utilgjengelege som følgje av databasevernet.

Oppsummering
Eg er ikkje i stand til å seia noko om kvaliteten på denne boka. Eg har lese delar av den med stor interesse, og eg vil bli overraska om dette verket ikkje blir sett på som eit referanseverk på området.

Eg tek med ei kapittel-liste til slutt (boka er på i alt 459 sider):

Del I Innledning
1. Hva er opphavsrett
2. Historikk. Hensyn bak opphavsrettsbeskyttelsen
3. Rettighetsstruktur og rettighetshåndtering
4. Opphavsrettens internasjonale dimensjon
5. Forholdet mellom opphavsretten og andre rettsområder

Del II Åndsverksbeskyttelsen
6. Hva er et åndsverk?
7. Opphavsrettens subjekter
8. Rekkevidden av åndsverksbeskyttelsen
9. Opphavsmannens rådighetsrett
10. Opphavsmannens ideelle rettigheter
11. Rettighetenes grenser - utgangspunkter
12. Nærmere om de enkelte "låneregler"

Del III De nærstående rettigheter
13. Nærstående rettigheter - oversikt
14. Retten til fotografisk bilde
15. Databasevernet ("sui generis")
16. Utøvende kunstneres rettigheter
17. Film- og tonogramprodusenters rettigheter
18. Andre rettigheter og bestemmelser

Del IV Vernetiden
19. Vernetiden for åndsverk
20. Vernetiden for nærstående rettigheter

Del V Rettighetsovergang
21. Generelt om rettighetsovergang - terminologi
22. Rettighetsoverdragelser og lisenser - særlige bestemmelser og prinispper
23. Annen rettighetsovergang

Del VI Vern av private håndhevingssystemer
24. Oversikt og rettslig plassering
25. Vern av tekniske beskyttelsessystemer
26. Vern av elektronisk rettighetsinformasjon

Del VII Sanksjoner mot opphavsrettskrenkelser
27. Straff og inndragning mv.
28. Sivilrettslige sanksjoner
29. Særlig om medvirkere og mellomledd

Del VIII Åndsverklovens virkeområde
30. Generelt - territorialitetsprinsippet
31. Hvilke verk og prestasjoner har vern etter åndsverkloven
32. Internasjonal privatrett

Sitert litteratur
Forkortelsesliste
Rettspraksis
Stikkordregister

onsdag 18. januar 2012

Stopp SOPA!

18. januar har vore ein spesiell dag med frivillig stenging av mange nettsider i protest mot det føreslåtte SOPA-lovforslaget (Stop Online Piracy Act) i kongressen i USA. Også lovforslaget PIPA (Protect IP Act) frå Senatet er i same retning som SOPA.

Alvorleg for YouTube o.l.
Blir lova vedteken vil mange nettstader får eit mykje større ansvar for eventuelt materiale som bryt opphavsretten. Det kan få store verknader også for tredjepart som lenker til slikt materiale (t.d. søkemotorar og internett-tilbydarar). Tenester som YouTube, Flickr, Vimeo osv. vil bli spesielt utsette fordi det er ekstremt krevjande å kontrollera alt innhaldet som blir lasta opp og alle lenker til eksterne nettstader. Ordlyden i lovforslaget kan få vidtrekkjande konsekvensar viss det blir vedteke. Denne videoen på Khan Academy gir ein god illustrasjon av lovforslaget og rekkevidda av det.

Utan lov og dom også i Norge?
Det store problemet med SOPA er rekkevidda av forslaget, den er potensielt veldig omfattande. Det er også eit problem at stenging av nettstader utan lov og dom. Ein klage frå ein rettigheits-forvaltar kan vera nok til at domstolen krev stenging, før ei evt. dom har falle. Vi har sett den same utviklinga her til lands også, seinast i det nye forslaget til endringar i Åndsverklova frå Kulturdepartementet (høyring fram til slutten av september i fjor). Her går departementet langt i tiltak for å stoppa ulovleg nedlasting. Her frå oppsummeringa av alternative tiltak slik det er formulert i høyringsnotatet:
Departementet foreslår at rettighetshaveres adgang til å kreve at internettilbydere pålegges å hindre tilgang til nettsted som krenker opphavsretten i grove tilfeller, klargjøres gjennom egne regler i åndsverkloven. Departementet foreslår to alternativer for hvem som skal kunne gi slike pålegg. I alternativ 1 legges kompetansen til Medietilsynet (med klageadgang til en egen klagenemnd og full domstolsprøvelse), i alternativ 2 legges den i stedet til domstolene (ved at domstolenes adgang til å fastsette slike pålegg utvides og klargjøres i en ny lovbestemmelse).
Etter departementets syn oppfyller begge alternativene kravene i opphavsrettsdirektivet artikkel 8.3, og begge alternativene klargjør gjennomføringen. Siden det her ligger en direktivforpliktelse til grunn for forslagene, er ikke spørsmålet om en myndighet skal ha kompetanse til å gi pålegg, men hvilken myndighet som skal ha kompetansen og hvordan den skal utformes.

Vekk med WikiLeaks
Det er liten tvil om at nettstader som WikiLeaks har framskunda dette lovforslaget. Og nettopp slike nettstader vil bli lettare å råka med den nye lova. Det er ein fare for ytringsfridommen og varslings-aktivitet. Varsling er ofte i grenseland juridisk sett fordi varslaren ofte må ty til drastiske metodar for å nå fram. Det vil vera alvoreleg viss slik aktivitet blir gjort vanskelegare.

Omfanget av ulovleg nedlasting
Det er lite tvil om at opphavsretten blir kraftig utfordra på nettet. Men samstundes har utviklinga vist at dersom det blir lagt til rette for enkle betalingsordningar, med ein rimeleg pris, er brukarane villige til å betala. Apple's suksess med iTunes og framveksande musikktenester som Spotify, Wimp, Beat m.fl. viser det. I 2011 var online-sal av musikk for første gang større i omfang enn sal av cd-ar og andre fysiske produkt. Det burde vera bevis godt nok på at ulovleg nedlasting ikkje er så stort problem som bransjen hevdar, og at problemet er avtakande.

Opphavsrett tilpassa det 21. århundre
Eg trur også det må gjerast eit arbeid for å tilpassa opphavsretten til ei ny tid slik at lovgivinga blir meir i takt med samfunnsutviklinga. Det betyr ikkje at ein skal lempa på krava berre fordi teknologien har gjort det så mykje enklare å kopiera og distribuera digitalt innhald, men fordi dei nye generasjonane brukar særleg musikk på andre måtar og at det å byggja på anna materiale (remix-kulturen) har vorte veldig vanleg og framstår som ein ny kultur.

fredag 13. januar 2012

Bitcoin - digitale pengar

Pengane våre er så godt som digitale i den forstand at det aller meste av transaksjonar skjer elektronisk utan at fysiske pengar er inne i biletet. Men Bitcoin er likevel noko heilt anna. Det er pengar som er tvers gjennom digitale: fødde digitalt og aldri knytte til fysiske gjenstandar. Det mest spesielle med systemet er at det er heilt distribuert og ikkje avhengig av sentral kontroll. Det er eit ekte peer-to-peer-system, og det er sjølvsagt fri programvare. Systemet vart fødd i tida rundt finanskrisa og må forståast i lys av den: Tilliten til finansnæringa og bankvesenet var på eit lågmål, og det var veldig viktig å konstruera eit system som kunne fungera heilt utan sentral kontroll.

Omtale i Wired og DN
Wired har ein omtale av pengesystemet i desember-nummeret, og Dagens Næringsliv ser ut til å henta mykje frå denne artikkelen i sin omtale av pengesystemet i laurdags-DN 07.01.12, rett nok utan å visa til kjelder (hmm..). Tittelen på Wireds omtale seier også ein god del: "The rise and fall of Bitcoin. The story of the virtual currency you can actually spend - if it doesn't get stolen first."

Mystisk opphav
Bitcoin er som sagt eit heildigitalt pengesystem designa på ekte hacker-vis utan kontroll av myndigheiter. Her er ingen sentralbank eller sentralbanksjef, det måtte i så fall vera personen som fann opp systemet: Satoshi Nakamoto. Om det verkeleg er ein person, er framleis eit mysterium. Ingen kjenner identiteten til Nakamoto, og han gjekk under jorda ein gong i 2010. I alle fall slutta han/dei å posta meldingar under psevdonymet. Boka Artikkelen "Bitcoin: A Peer-to-Peer Electronic Cash System" av Nakamoto dokumenterer systemet. Her er starten av samandraget:


Ope, distribuert og ikkje sporbart
Bitcoin er løysinga på ei utfordring som har oppteke mange kryptografar i lange tider: Korleis konstruera eit digitalt pengesystem som er brukarvennleg (?), sikkert, ikkje sporbart og likevel heilt ope? Alle Bitcoin-transaksjonar blir logga og er slik sett heilt ope, men transaksjonane kan ikkje sporast til betalar og mottakar, ulikt dagens kortsystem.

Bitcoin er e-kontantar og det har vore mange forsøk på å laga slike system før, enten fordi dei har vore for dårleg teknologisk fundert eller fordi dei har måtta støtta seg på eksisterande infrastrukturar. Bitcoin er heilt frikopla frå dagens pengesystem og er i tillegg teknologisk meistarleg konstruert. Det vart offisielt lansert i januar 2009.

Digitale signaturar og proof-of-work
Teknologisk baserer systemet seg på digitale signaturar og proof-of-work som hindrar at pengar kan brukast fleire gonger av same personen. Sidan transaksjonar ikkje involverer sentralisert behandling, men føregår mellom brukarar/maskiner (peer-to-peer), er systemet effektivt og kan brukast også til ørsmå betalingar (mikro-betaling). Av den grunnen er Bitcoin designa med 8 desimalar Ein bitcoin blir delt i 100 mill. satoshi, den minste eininga i systemet.

Digital halveringstid
Bitcoin er konstruert slik at nye kontant-blokker blir delt ut med visse mellomrom, etter eit halveringssystem som kan minna om radioaktiv halveringstid. Systemet er slik at i løpet av år 2140 skal det vera produsert 21 milliardar millionar Bitcoins. Dette er eit endeleg tal som er mykje av grunnlaget for verdifastsetjinga. Det er ein effektiv måte å regulera pengemengda på, for å unngå (hyper-)inflasjon.

Digitale lommetjuvar
Som Wired-artikkelen antydar i tittelen, er det også lommetjuvar på ferde i Bitcoin-systemet. Trojanske hestar som Infostealer.Coinbit prøver å stela den digitale lommeboka di, som PC Mag omtalar i denne artikkelen.

Bitcoin for dummies
Omtalen over gjer kanskje ikkje Bitcoin lett å skjønna. Betre då med denne introduksjonsvideoen ("Bitcoin for dummies"), henta frå weusecoins.com. Fleire videoar på www.squidoo.com/bitcoins. Også Wikipedia har ein omtale av Bitcoins. Den er noko meir teknisk enn dei før nemnde. Og Bitcoin.org må sjølvsagt nemnast som den offisielle nettstaden for Bitcoin.

Bitcoin i Norge
Transaksjonar blir "validerte" av peer-to-peer.nettverket gjennom utføring av kompliserte kryptografiske utrekningar. I desse prosessane blir det også tildelt nye digitale kontantar til deltakarane. Dagens Næringsliv har ein interessant omtale av Florø-baserte Sturle Sunde, ein av dei fremste Bitcoin-brukarane her i landet. Sturle "grev etter Bitcoin-gull" (Bitcoin mining) ved å bruka den avanserte maskinparken sin til løysing av kryptografiske Bitcoin-utfordringar.

Kva er ein Bitcoin verdt?
Kva er så ein Bitcoin (BRC) verdt? Den er ikkje knytt til noko fysisk, og verdien blir fastsett eine og åleine av tilbod og etterspørsel. Det gjer valutaen også til eit opplagt spekulasjonsobjekt, og det er nettopp det som har skjedd. Frå å ha ein verdi på ca. 0,3 cent i april 2010, starta verdien å auka med den aukande merksemda utover i året slik at verdien nærma seg ein US dollar ved inngangen til 2011. Då tok det skikkeleg av og verdien på ein Bitcoin nådde toppen på $29,57 i juni i fjor. Deretter har det gått raka vegen nedover, til i dag å liggja på mellom 6 og 7 US dollar (kurve over utviklinga på mtgox.com).

Pengar = tillit
Kan me ha tillit til eit slikt system? Tilliten til finansnæringa har i alle fall vorte kraftig redusert, og det vil ta langt tid å byggja opp att, om det er muleg. Men korleis kan ein ha tillit til Bitcoin, eit system så komplisert at berre eit fåtal "geeks" skjønnar korleis det fungerer? Vel er dagens pengesystem komplisert om ein tenkjer gjennom heile kjedene av tillit, verdi osv., men folk flest har eit forhold til pengar som noko konkret.

Bitcoin er ikkje konkret, og vanskeleg å forhalda seg til for folk flest. Her ligg også hovudproblemet etter mitt syn. Paradoksalt nok er Bitcoins største fordel, mangel på ein sentral tillits-infrastruktur, samtidig det største problemet. Der dagens pengesystem har ein omfattande infrastruktur av tillit (som nok er misbrukt og difor redusert dei siste åra), har Bitcoin-brukarar ikkje anna tillit å støtta seg på enn elegante algoritmar, som rett nok er ope tilgjengelege gjennom fri programvare.

Mest for nerdar?
Dei som har "forelska" seg i systemet, er nerdar som har forelska seg i algoritmane, kombinert med ein utprega mistillit til det offisielle pengesystemet. Begge delar er råd å forstå, men eg tvilar på om Bitcoin kan bli noko meir enn eit system for spesielt interesserte. Det må i så fall vera på området mikrobetalingar, der det ikkje finst gode alternativ.

For eit breiare gjennomslag må det i alle fall eit heilt anna grensesnitt til, og ei heilt anna forklaring på systemet. Det er litt slik som denne kommentaren:

"[Bitcoin] is about geeks releasing something powerful into the world without quite recognizing the consequences".


mandag 9. januar 2012

Yast - når timeføring blir moro!

Kan timeføring, som av dei fleste blir oppfatta som eit nødvendig onde, gjerast til noko som nesten blir moro? Sogndals-bedrifta Yast har med sitt nettbaserte  timeføringssystem prøvt nettopp det. Yast er eit "døds-enkelt" system som du berre startar å bruka utan vidare opplæring. Dagleg leiar Halvor Gregusson fortel til Bergens Tidende at dei får mellom 500 og 1000 nye brukarar kvar veke og at dei i dag har over 50 000 brukarar verda over.

Bratt moro
Gregusson starta bedrifta saman med fire andre NTNU-studentar i 2008, då dei bestemde seg for å flytta til Sogndal og Fosshaugane Campus. Det var ein ting som lokka dei: fantastiske snøforhold og bratt moro. Dei står på ski så ofte dei kan, men brukar tydelegvis tida også på Yast med tanke på utviklinga.

Freemium
Yast er basert på ein såkalla Freemium-modell der inngangsbilletten er gratis, men meir avansert bruk kostar. Modellen har tre nivå: Personleg (gratis), Business (US $6 pr. brukar og månad) og Enterprise som er ein spesialtilpassa modell for dei som har meir enn 100 brukarar. For ei lita bedrift med 5 - 10 tilsette vil systemet altså kosta mellom 2000 og 4000 kr i året. Det er med andre ord ikkje prisen som bør stå i vegen for å ta i bruk systemet.

Sosiale medium
Dei marknadsfører seg på god web 2.0-måte; gjennom omtalar på sosiale medium (Twitter, Facebook og bloggar) og gjennom kjøp av annonsering via Google AdWords.

Integrasjon?
Den største utfordringa er nok at timeføring er noko som vanlegvis er integrert med økonomisystem i bedrifta. Min eigen arbeidsplass Vestlandsforsking er ganske typisk i så måte: Me har eit timeføringssystem som er ein del av eit prosjektstyrings- og økonomisystem. Dette systemet har ikkje noko grensesnitt mot omverda, så ein integrasjon ville bli vanskeleg. Dermed er me så å seia utelukka frå å bruka eit system som Yast. Mange andre er nok i same situasjonen. Med opnare system rundt om ville Yast hatt eit endå større potensiale. No er det dei aller minste utan integrerte timeføringssystem som er målgruppa.

lørdag 31. desember 2011

Julestormen


Denne svære poppelen måtte gi tapt for jule-orkanen

Den kraftige stormen, opp i orkans styrke, i julehelga er det som vil stå att for dei fleste ved avslutninga av 2011. Kvelden første juledag var det så kraftig vind som eg ikkje kan hugsa her, med opp mot orkan i kasta. Det var ganske utriveleg å sitja og berre kunna håpa på det beste; at ikkje takstein eller takplater losna slik at vinden fekk tak.

Verste sidan 91/92
Det er 20 år sidan sist me opplevde vind av denne styrken og med slike øydeleggingar. Nyttårsstormen i 1991/92 ramma særleg Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane vart den gongen meir skåna. Denne gongen fekk fylket vårt skikkeleg juling.

Også denne uteløa måtte gi tapt for vinden juledag

Mellom anna som ei følgje av den dårlege beredskapen etter nyttårsstormen for 20 år sidan, men også med ulykker som Alexander Kielland-plattformen, Scandinavian Star-brannen og Sleipner-forliset, og vart det sett ned eit sårbarheitsutval med Kåre Willoch som leiar. Sårbarheitsutvalet la fram rapport "Et sårbart samfunn", NOU 2000:24.

Eit sårbart samfunn
Som tittelen seier, var fann utvalet at beredskapen var for dårleg og at me hadde eit sårbart samfunn på mange område. Rapporten opnar med eit sitat av Aristoteles: "Det er sannsynlig at noe usannsynlig vil skje", som i grunnen er den beste grunngjevinga for arbeidet med beredskap.

Styrking av samarbeid mellom politi og forsvar
I lys av 22. juli-katastrofen er det interessant å sjå at ei styrking av samarbeidet mellom politiet og forsvaret er eit av dei sentrale forslaga. Sommarens katastrofe viser at det neppe kan ha vore gjort. Klimaendringane var ikkje mykje diskutert for 10-15 år sidan, så risiko for flom og dambrot i samband med kraftforsyning var det sentrale punktet.

Manglar overordna IKT-beredskap
IKT-området vart via stor merksemd og det vart mellom anna føreslått å oppretta eit eige senter for informasjonssikring. NorSIS, som senteret heiter, vart etablert på Gjøvik og er fagleg underlagt FAD. Senteret ser ut til å vera veldig opptekne av det nære, som virusangrep, svindel på nettet osv. Dette er viktig, men det er  endå viktigare sikkerheits- og beredskapsutfordringar på eit overordna IKT-plan. Det er utfordringar knytt til kommunikasjonsutfall som tydeleg vist både i sommarens Telenor-problem og under ekstreme situasjonar (22. juli, stormen nyleg). Det trengst eit organ til å handtera denne typen problem, og eg kan ikkje sjå at det finst.

Ny vurdering av beredskapen er nødvendig
Både dette, og det faktum at klimatrusselen ikkje var framme i diskusjonen under forrige sårbarheitsarbeid, gjer det nødvendig med eit nytt utval for å sjå på beredskap i full breidde. Og då må me også læra av det som vart påpeikt av forrige utval, men ikkje følgt opp.

torsdag 29. desember 2011

Hjortejakt

Det er for seint å ønskja deg denne boka til jul, men om du har ei bok du skal byta inn, bør du vurdera denne om du berre er ørlite interessert i hjort og hjortejakt.

Journalist, fotograf og hjortejeger
Egill Danielsen er journalist og fotograf og i tillegg meir enn gjennomsnittleg interessert i hjortejakt. Slikt blir det gode bøker av. Journalist- og fotobakgrunnen viser godt att i boka, og eit stort pluss for at han skriv både nynorsk og dialekt når han gjengir jegrane. Det gir langt større truverde og skaper god flyt i teksten.

10 jegrar - 10 metodar
Han presenterer 10 erfarne hjortejegrar med 10 ulike jaktmetodar. Her er smygjakt, drivjakt, bøjakt, jakt med hund med meir. Kurt Oddekalv er ein av dei 10, og han har smygjakt som favorittmetode, og med Strileland som jaktområde. Elles er det Sogn og Fjordane som dominerer, og det er jo også det største hjortefylket i landet.

I tillegg til interessant presentasjon av ulike jaktmetodar er det mange nyttige tips og fakta kring hjort og hjortejakt. Av dei mange nyttige tipsa er særleg behandling av kjøtet viktig. Når hjorten er skoten, er det mange mulegheiter til å gjera feil og få eit dårlegare resultat enn ønskjeleg.

Rask nedkjøling av kjøtet? Nei!
Av mange myter som blir avkledde, er den om rask nedkjøling av kjøtet kanskje den viktigaste. For ein god mørningsprosess er det viktig at kjøtet ikkje blir raskt nedkjølt. Helst skal kjøtet hengja med høgast muleg temperatur det første døgnet. Leiar av Hjortesenteret på Svanøy, Johan Trygve Solheim, tilrår til og med å hengja hjorten opp med skinnet på for å halda kjøtet varmt. Det skaper sjølvsagt større problem med flåinga, så her her må ein kanskje kompromissa.

Under der årets resultat, ein spissbukk skoten av jaktkamerat Otto. Den vart skoten siste veka før jul og med eit fint snølag var det ei smal sak å dra den heil ned frå 500 meters bratt terreng.


fredag 23. desember 2011

Sosiale medium og kundedialog

some_communication CC BY-ND 2.0
Bør ein gjera stor innsats for å få i gang ein dialog med kundane sine? Nei, seier Jeff Bezos, sjefen for Amazon, og han bør vita kva han snakkar om. I intervjuet i Wired, som eg nemnde i forrige innlegg, blir han spurd om kvifor Amazon tilsynelatande ikkje er mellom dei fremste i bruken av sosiale medium. Svaret frå Bezos bør interessera mange: det er for å spara pengar!

Små marginar
Bezos understrekar at Amazon er eit selskap med ein forretningsmodell som byggjer på stort volum og små marginar. Dei har aldri kunna unna seg luksusen med store marginar (eit dårleg skjult spark til Apple) og vil heller aldri prøva på det. Dei har tilpassa seg godt eit system med små marginar, og vil halda fram med det.

Ein taus kunde er ein god kunde
I lys av små marginar er det viktig at kundebehandlinga er så effektiv som muleg, og alle typar tilbakemeldingar og spørsmål frå kundane er noko som tek mykje tid og kostar deretter. Det er difor eit stort poeng å unngå å snakka med kundane. Den beste kunden er den tause kunden, sett frå Amazon si side. Sjølvsagt med unntak av dei som fortel andre om gode kundeopplevingar hjå Amazon. Amazon har også frå starten av vore flinke til å la kundane bidra til marknadsføringa gjennom å opna opp for og stimulera til å skriva omtalar av bøkene. I tillegg er analyse av kundeåtferd eit av dei områda Amazon har vore pionerar på ("dei som kjøpte denne boka kjøpte også...").

Lytt til erfarne fjellfolk
Ein skal lytta til erfarne fjellfolk og ein skal lytta til folk som har overlevd 15-20 års beinhard kamp på nettet. Dei hadde ikkje overlevd om ikkje dei gjorde gode vurderingar og prioriteringar på viktige, nye område. Sosiale medium kan vera veldig bra som marknadsføring og kanskje som dialog med kundane, men absolutt ikkje utan vidare.

lørdag 10. desember 2011

Post-PC vs. Post-Web

Foto: blogee.net CC BY-SA-NC-SA 2.0
Siste nummer av Wired har eit intervju med Amazon-sjef Jeff Bezos der han mellom anna prøver å få fram at Amazon er post-web (det som følgjer etter den første web-en) der er Apple post-pc. Her er kriteria han set opp, med iPad og Kindle Fire som eksempel:





Apple: Post-pc
Amazon: Post-web
Device-centric
Cloud-centric
Own the OS
Forget the OS
Specialized apps
Specialized browser
Hardware is king
Content is king
Downloaded media
Streamed media

Poenget hans er sjølvsagt å prøva å distansera seg frå Apple og unngå at det nye nettbrettet Kindle Fire skal bli oppfatta som ein konkurrent til iPad, ein konkurranse den i utgangspunktet fort vil tapa. Men det spørst om han vil lykkast med det, dei fleste vil samanlikna brettet med iPad.

Amazon og nettskya
Bezos har likevel eit viktig poeng, der Amazons store fordel er at dei har teke nettskya på alvor og er den av dei store aktørane som har komme lengst her. Det er det som ligg til grunn for tittelen på Wired-intervjuet: "CEO of the Internet". Amazon er plattform for svært mange nye, og store skybaserte tenester på nettet.

Tenesteorientering ligg til grunn
Dei har klart dette ved å ta eigen medisin. Intervjuet med Bezos bør lesast med blogginnlegget til Steve Yegge, som eg omtalte for kort tid sidan. Der fortalde Yegge korleis Bezos utforma eit mandat og nærmast over natta tvinga dei mange utviklar-teama i Amazon til å leggja om til ein teneste-orientert arkitektur. Alle Amazons mange ulike programdelar skulle vera tilgjengelege gjennom eit uniformt web services-grensesnitt. Og eit viktig krav: Alle service-grensesnitta måtte vera eksternaliserte, dvs. dei måtte også vera tilgjengelege frå omverda.

Gjera tilgjengeleg eigne verktøy
Då denne transformasjonen var gjennomført, rundt 2005-2006, fann Amazon ut at denne service-tanken kunne dei jo også laga forretning av, og slik vart AWS, Amazon Web Services, og EC2 - Elastic Cloud Computing, fødde. I dag fungerer dei som motor for mange høgt trafikkerte nett-tenester, som t.d. FourSquare, NetFlix, Newsweek/The Daily Beast og mange fleire.


Amazon som sensurinstans?
Tittelen "CEO of the Internet" kan også visa til at Amazon etter kvart har mykje, skummelt mykje, kontroll over store delar av nettet. I Wikileaks-saka fekk me sjå det sanne ansiktet til fleire av dei store nett-selskapa, som PayPal og Amazon. Amazon torde ikkje lenger ha WikiLeaks som kunde, etter massivt politisk press. Dette er noko å ha i tankane, det er i slike stunder ein ser kven som står for prinsipielle rettar og kven som gir etter for press. Amazon på si side hevda at WikiLeaks hadde brote retningslinjene deira og at det var difor dei vart kasta ut.


Bezos kritisk til patent på programvare
Ironisk nok er Jeff Bezos kritisk til patentering av programvare. Ironisk fordi Amazon fekk patent på 1-klikk-bestilling av varer og har profittert stort på det. Men Bezos seier at viss det er den fortenesta som er prisen for å avskaffa patent på programvare, vil han gladeleg gi avkall på den. Slik snakkar ein ekte nett-entusiast!

søndag 4. desember 2011

Den unyttige folkehøgskulen

Vindmølla ved Jæren folkehøgskule
"Folkehøgskular er noko av det mest unyttige me har", sa rektor ved Jæren folkehøgskule i helsingstalen til foreldre og elevar forrige helg. ".. og det er difor dei er så viktige", la han til. Folkehøgskular er nok unyttige, i eit snevert nytteperspektiv som t.d. OECDs PISA-undersøkingar. Men i eit danningsperspektiv (som i tysk: Bildung) er dei etter mitt syn svært viktige. Folkehøgskulane handlar om å læra alt det andre, sjølve livet.

Rett elevsyn
Rektor heldt vidare fram det viktige elevsynet; ingen får vera lærar ved deira folkehøgskule utan å ha det rette verdisynet. Og sjølv om ikkje alle har pedagogisk utdanning, kunne han garantera at dei alle var gode pedagogar. Og grunnsynet er at elevane er gåverik og interessert ungdom som er samla for å læra av kvarandre (og av lærarane/tilsette), ikkje læring til/frå.

Den viktige pedagogen
Han snakka så om opprinnelsen til ordet pedagog, som er gresk og var namnet på slavane som følgde rikmanns-sønene (sjølvsagt berre gutar som fekk utdanning den gongen) til skulen. Det var altså ikkje læraren, som eg trudde, men følgjesveinen som var pedagogen. Han (det var også ein mann) lærte eleven om alt dei såg på vegen til skulen, altså alt anna enn det boklege og teoretiske. Slik sett passar pedagogikk og folkehøgskule som hand i hanske - læra og læringa om livet.

Jæren og vind
Bilete er frå skulen og viser ei vindmølle som er kjennemerket til skulen, synleg som den er frå langt hald. Rektor kunne fortelja at dette er ei vindmølle frå slutten av 1980-åra og vart montert i 1988. Den er slik sett ein tidleg generasjon vindmøller og langt frå så effektiv som dagens. Den produserer 55 kwt og skulen brukar rundt 200 kwt på det meste. Den leverer altså 1/4 av straumforbruket når dette er på det høgste, men sidan overskotskrafta blir seld, er det totale energireknestykket langt meir positivt.

torsdag 1. desember 2011

Våren i anmarsj

Me skriv 1. desember og ute er det vårteikn som dominerer. Rosene blomstrar i hagen og Mars-krossveden trur det er mars.
Roser i hagen, 01.12.11
Ein lettare forvirra Mars-krossved

onsdag 9. november 2011

Bondevett-pris til Andreas Viestad?

Norges Bondelag deler ut ein Bondevett-pris med ujamne mellomrom (eller Bondevit som det bør heita på nynorsk). Prisen  blir gitt til ein person eller organisasjon som har utmerka seg på ein positiv måte for landbruket. Her meiner eg kokebok-forfattar og matskribent (og restauranteigar, matkultursjef, småbrukar +++) Andreas Viestad stiller i ein særklasse.



Liv og død med stor innleving
Få har som Viestad klart å følgja maten frå jord til bord, og det på ein svært pedagogisk og underhaldande måte. Andreas Viestad brukar erfaringar frå sitt eige småbruk sitt til å visa korleis mat i særklasse blir til. Det blir gjort med stor kjærleik til dyra han omgir seg med, og han klarer å formidla den ganske voldsomme overgangen frå nærkontakt med eigne dyr til avliving og slakting på ein imponerande måte.

Matkultursenter for barn og unge
Han har også starta eit matkultursenter for barn og ungdom, på Gjetemyren gård i Oslo. Igjen eit veldig viktig initiativ frå Viestad retta mot ei målgruppe av største betydning, særleg viss me ser på landbrukets framtid her i landet.

Formidlar kjærleik til norsk mat
Andreas Viestad er oppteken av god mat og god matkultur, og i måten han formidlar det på kjem det klart fram ein kjærleik til det beste i norsk landbruk. Han er sikkert ikkje ein forsvarar av alt som inngår i norsk landbruk, det skulle berre mangla, men framhevar dei beste sidene og der er dei me må styrkja i tida framover.

Viktig stemme
Norsk landbruk er heilt avhengig av ei positiv haldning frå norske forbrukarar. Her er stemmer som Andreas Viestad uvurderlege, særleg fordi det gjer større inntrykk når folk utanfor landbruket talar landbruket si sak. Han når også ut til heilt andre og større målgrupper enn landbruket sine eigne talsmenn og -kvinner.

Forslag til Bondevett-pris
Alt i alt meiner eg at Andreas Viestad er ein svært verdig kandidat for ein Bondevett-pris. Utfordringa er med dette sendt til Norges Bondelag.

mandag 7. november 2011

Googles manglande plattform

Steve Yegge, tidlegare tilsett i Amazon, no i Google, har fått sine 15 minuttar i rampelyset. Bloggposten hans om forholda i Amazon og Google har gått som ein farsott over nettet. Men det er ein lesverdig bloggpost, den avslører ein god del om begge selskapa.

Amazon dårleg, Google bra?
Ved første augnekast kan det sjå ut som Yegge kritiserer Amazon og løftar fram Google som det perfekte selskapet:
I was at Amazon for about six and a half years, and now I've been at Google for that long. One thing that struck me immediately about the two companies -- an impression that has been reinforced almost daily -- is that Amazon does everything wrong, and Google does everything right.
Amazon har forstått det, Google har ikkje
Men ved nærmare ettersyn er det omvendt: Trass i hårreisande personalpolitikk, i alle fall sett med norske auge, er det Amazon som har fått skikk på systema sine, noko Google ikkje har. Steve Yegge kritiserer særleg den manglande plattform-tenkinga hjå Google, i motsetnad til hjå Amazon der alt handlar om plattform:
That one last thing that Google doesn't do well is Platforms. We don't understand platforms. We don't "get" platforms. Some of you do, but you are the minority. 
Google+ is a prime example of our complete failure to understand platforms from the very highest levels of executive leadership (hi Larry, Sergey, Eric, Vic, howdy howdy) down to the very lowest leaf workers (hey yo). We all don't get it. The Golden Rule of platforms is that you Eat Your Own Dogfood. The Google+ platform is a pathetic afterthought. We had no API at all at launch, and last I checked, we had one measly API call 
 Resultatet av Amazons plattform-strategi og "you eat your own dogfood" er klar: Dei tilbyr Amazon Web Services (aws.amazon.com) som ei forlenging av si eiga plattform.

Manglande plattform i praksis
Den manglande plattform-tenkinga er lett å sjå i bruken av ulike Google-produkt. Det er ganske frustrerande å sjå kor ulikt dei mange produkta oppfører seg i bruk av nøyaktig like funksjonar. Det som skulle vore eit kall til ein generisk funksjon (altså ei plattform-tenking), blir i staden gjort på nytt i det enkelte produktet.

Eg skriv denne bloggposten i Blogger, Googles verktøy for blogging. Tekstbehandlaren burde vore identisk med Google Docs, men det er den ikkje:

Først verktøylinja i Blogger:

Og verktøylinja i Google Docs:


Søk er eit anna område som burde vore gjennomgåande i alle Google-produkt; søk er trass alt kjerneverksemda. Men her er det også store skilnader:

Her er eit søk på 'blodtrykk' i Gmail:


Søket burde funne denne meldinga med overskrifta 'Blodtrykksmåling':


Denne same søkefeilen finn ein også i Blogger, så kanskje det er ein systematikk likevel, ei slags omvendt plattformtenking der feil blir replikerte på tvers av system?

torsdag 3. november 2011

Samsung Galaxy S operert for grå stær

Bileta tekne med kameraet på Samsung-en har på kort tid fått eit meir og meir sløraktig preg, og bileta har etter kvart vortne heilt øydelagde (sjå under). Kamerkonstruksjonen inkl. deksel er ein av svakheitene ved Galaxy S; det er gjort på ein ganske klønete måte. Bakdekselet har berre eit hol der glasdekselet over kameraet er direkte eksponert. Det medfører at det er lett å ripa opp glaset og eg mistenkjer også at dogg m.m. lettare trengjer inn.



Etter litt søking på nettet og etter å ha snakka med mobil-forhandlaren, fann eg nettbutikken MyTrendyPhone (tillitsvekkjande!) som hadde nytt bakdeksel (NB! det innerste dekselet, ikkje det ytre) for den nette sum av kr 134,- + frakt.


Så var det å løysa 7 skruer og prøva å få av dekselet. Heldigvis finst det meste på nettet, også ein video om korleis demontera ein Galaxy S. Dekselet vart bytt og slik ser mobilen med det nye, friske auga:


Litt skummelt å rota rundt i "hjernen" til Galaxy-en, og det heldt på å gå gale då den ikkje ville akseptera SIM-kortet etterpå, men til slutt ga den seg og gjenkjende det..

lørdag 29. oktober 2011

Grisen står og hyler..

Eg fekk ein assosiasjon til Odd Nordstogas låt då eg fann dette brevet eg sjølv har skrive, men som aldri vart sendt. Slakting av griser var tydelegvis høgdepunktet på den tida, og eg hugsar godt spenninga kring denne årvisse hendinga seinhaustes.

Brevet vart skrive til syskenbarnet mitt Stig og var ein del av ei skuleoppgåve. Kvifor brevet ikkje vart sendt, veit eg ikkje, men no er det i alle fall muleg for mottakaren å lesa det. Legg også merke til brevpapiret; det blir ikkje det same med ein epost.

Her er i alle fall brevet:







Sogndal 22.11.68
Kjære Stig Harald 
No skal me læra å skriva rett brev og så skulle me skriva til noken så tenkte eg at [eg] skulle skriva til deg. Fredag 15. nov. slakta vi grisene. Njål trudde først at vi skulle kløppa grisene, for han hadde sett at Knut kløpte sauene. Ja det var Knut som kløpte sauene. Men når Knut var begynt å skola grisene kom Njål innat til mor og sa at Knut var begynt å skrella grisene då lo vi.
Søndag 17. nov. reiste far på eit kurs i Kongsberg. Han kjem ikkje at før fredag 22. nov. Laurdag 23. nov. skal vi bort til onkel Ola for han har gebursdag.
Helsing Svein
Her må det leggjast til at Njål er bror min (og til hans forsvar: han var berre 3 år). Knut er naboen som både var slaktar og klipte sauer, i tillegg til mykje anna gardsarbeid. Det må og presiserast at grisene vart skålda [slå kokande vatn over grisen for å få av busta med kniv etterpå] og ikkje skola som det står i brevet.

Så kom brevet altså fram til slutt - ei spesiell helsing til syskenbarn Stig Harald!


onsdag 26. oktober 2011

Steve Jobs' geni i perspektiv

Steve Jobs var genial, særleg på kompromisslaus design og intuisjon for framtidige brukarbehov. Men omtalen av han har fått mytiske dimensjonar, og det er neppe nokon tente med. Når han blir løfta opp på linje med Thomas Edison og like, er det grunn til å stoppa opp litt. Det er eit behov for å setja genialiteten hans i perspektiv.

Trass i dei mange geniale Apple-produkta, kan ingen av dei seiast å vera revolusjonerande og eineståande historisk sett. Me hadde hatt pc, mp3-spelar, smart-telefonar og nettbrett utan Apple, men truleg mykje kjedelegare produkt.

Tilfellet ville at Dennis M. Ritchie også døydde nyleg. Han stod bak programmeringsspråket C (saman med Brian Kernigham) og Unix (saman med m.a. Ken Thompson). I Ritchies tilfelle kan ein trygt seia at it-verda absolutt ikkje hadde vore den same. Det er vanskeleg å tenkja seg IT i dag utan operativsystemet Unix og programmeringsspråket C. Dei to systema, som heng tett saman med kvarandre, er grunnsteinane i moderne datateknologi.

Men trass i at oppfinningane til Ritchie har hatt langt større betydning for it-utviklinga enn Steve Jobs Apple-produkt, er det Jobs som får alle overskriftene og Ritchie blir nesten gløymt. Slik er det når du arbeider med sluttprodukt og brukargrensesnitt i motsetnad til innmaten og verktøya.

Som bloggaren Jean-Baptiste Queru seier det:
That is why the mainstream press and the general population has talked so much about Steve Jobs' death and comparatively so little about Dennis Ritchie's: Steve's influence was at a layer that most people could see, while Dennis' was much deeper. On the one hand, I can imagine where the computing world would be without the work that Jobs did and the people he inspired: probably a bit less shiny, a bit more beige, a bit more square. Deep inside, though, our devices would still work the same way and do the same things. On the other hand, I literally can't imagine where the computing world would be without the work that Ritchie did and the people he inspired. By the mid 80s, Ritchie's influence had taken over, and even back then very little remained of the pre-Ritchie world.

søndag 16. oktober 2011

Eplejus på 1-2-3

Med den svartaste fruktsesongen i manns minne er det i alle fall bra at ein del av epla kan nyttast til nydeleg eplejus. Med nyinnkjøpt kvern og presse har det vorte ein ekstra spennande haust. Eplepressa er vassdriven (hydropresse) der det berre er å kopla til vatn (vanleg springvatn eller vatn med same trykk). Det er så enkelt at det nesten er mistenkjeleg, men det fungerer heilt utmerka.

Epla blir først kverna til ein eplegraut (eller pærer, andre frukttypar) og denne blir så fylt i pressa.



Pressa er sett saman av ein gummiballong inst, og ein stålsylindar med mange små hol (som ein sil) utanpå, og i mellomrommet fyller ein eple (frukt-)grauten. Det er ein tekstilduk på innsida av sylindaren (viser ikkje på videoen), mest for å hindra tetting av silen og å hindra fruktkjøt i safta.

Når sylindaren er fylt opp (denne tek ca 40 liter, noko som tilsvarer to gammaldags trekassar med eple), er det berre å setja på loket, skru det godt fast, og så opna vasskrana. Ballongen blir då fylt med vatn og pressar eplegrauten mot sylindaren. Safta renn som vist på videoen, ut gjennom hola i sylindar-silen og blir samla i renna i botnen. Etter safta er pressa ut og vatnet stengt og sleppt ut att, er det berre å skru av loket og løfta opp stålsylindaren. Eplemasken (fruktkjøtet) heng fast i duken som ei kake og det er berre å løfta heile duken over i ein oppsamlingsbalje. Det som blir att av epla blir godt for til sauene.

Veging av eple før pressing viser at ca. 60 % av vekta blir omsett til jus. Det er litt mindre utnyttingsgrad enn hydrauliske presser, men eg meiner det blir langt oppvege med den enkle og lite arbeidskrevjande metoden.



Og til slutt er det berre å spyla rein både kvern og presse med vatn. Så enkelt at det er mest som ein leik. Og eplesafta er heilt nydeleg. Om du kjem på besøk skal du få smaka :)

torsdag 13. oktober 2011

Datatilsynet bør styrkast, ikkje svekkjast

Regjeringa ved FAD har sett seg leie på det brysomme Datatilsynet og ønskjer å svekkja det. Det er særleg Datatilsynet sitt engasjement mot Datalagringsdirektivet som har falle regjeringa tungt for brystet.

Difi har utført ei evaluering av Datatilsynet på oppdrag for FAD, og det er denne evalueringa og bruken av den det no stormar rundt. Houvddelen av evalueringa er basert på intervju med utvalde informantar både internt i Datatilsynet, Personvern-nemnda og eksterne både i forvaltninga og i næringsliv og interesseorganisasjonar. Difi og Datatilsynet sorterer begge under FAD og det er freistande å tenkja på konkurranseforholdet mellom dei to direktorata i dette arbeidet: Kor mykje får Difi eigentleg ut av dei 2-300 mill. og 2-300 personane sine sett opp mot Datatilsynet som berre har rundt 40 tilsette? Datatilsynet er høgt oppe på undersøkingar om folks kjennskap til offentlege organ medan Difi er heilt på botnen..

Den farlege kvalitative metoden
Lat meg først seia at rapporten verkar grundig og den er godt strukturert og dokumentert. Det handverksmessige er såleis i orden. Det er antydningane og tonen i rapporten, og særleg måten dette blir brukt på i etterkant, som er det problematiske.

I datainnsamling der vi hentar informasjon frå folk, skil vi vanlegvis mellom kvantitative og kvalitative metodar. Kvantitativ metode er vanlegvis spørjeundersøkingar, og kvalitativ metode er intervju av ymse slag. For kvantitative metodar er statistikk det viktigaste analyseverktøyet, medan det for kvalitative metodar er dårlegare med verktøy.

Korleis presentera funn i intervju?
Sjølv om det i høgste grad kan gjerast, og blir gjort, feil i kvantitative undersøkingar, er dei kvalitative undersøkingane farlegare fordi det ikkje er nokon enkel måte å kvalitetssikra og gå opplysningane etter i saumane. Korleis skal ein bruka resultat frå intervju? Forfattarane står ganske fritt til å plukka ut sitat og  meiningar som kjem fram, relativt uavhengig av representativitet eller ikkje. Det er også vanskeleg å snakka om representativitet sidan det ikkje er muleg å bruka statistiske metodar i analysen.

Eit vilkårleg utsagn frå ein informant kan difor få uforholdsmessig stor plass og medverka til å farga heile undersøkinga. Eg tykkjer eg ser tydelege spor av dette i evalueringa av Datatilsynet:
"Fra enkelte eksterne informanter har det imidlertid kommet kritikk av Datatilsynet for at de ikke alltid er gode nok på å avveie ulike hensyn og lovverk mot hverandre."
"Noen eksterne informanter mener at Datatilsynet bruker ombudsrollen i for stor grad, at de ikke skiller klart nok mellom rollene og at de til tider fremstår mer som politisk aktør enn som forvaltningsorgan."
Fargelegging av funn
Desse uttalelsane får avgjerande plass i evalueringa, men vi veit lite om kven som framfører dei og med kva tyngde. Er det 1-2 personar det er snakk om? Kva roller har desse personane og kan det tenkjast at dei i kraft av rollene sine er på kollisjonskurs med Datatilsynet i viktige personvernspørsmål? Det får vi ikkje svar på, og vi må stola blindt på at forfattarane presenterer den heile og fulle sanninga frå det innsamla materialet. Det er ikkje muleg å etterprøva dette, det er det som er det problematiske.

Kvifor ikkje ei kvantitativ undersøking i tillegg?
FAD ønskte ikkje ei kvantitativ undersøking:
"I samråd med oppdragsgiver ble det bestemt at Difi ikke skulle gjennomføre en egen spørreundersøkelse for å kartlegge holdninger til personvernspørsmål i befolkningen, men i stedet trekke veksler på foreliggende studier."
Vi kan berre spekulera på kvifor det vart slik.

For uavhengige!
Departementet sin presentasjon av evalueringa er ganske talande:


Eit av dei første resultata av arbeidet er forslaget om å ta vekk støtta til tenesta slettmeg.no - ikkje akkurat ei styrking av personvernet.

For politiske
Datatilsynet er også for politiske, jf. framhevinga av dette utsagnet:
"Noen eksterne informanter mener at Datatilsynet bruker ombudsrollen i for stor grad, at de ikke skiller klart nok mellom rollene og at de til tider fremstår mer som politisk aktør enn som forvaltningsorgan."
Men "for politiske" må her oversetjast med "ikkje tilstrekkeleg på linje politisk med regjeringa". Sjå berre på denne rapporten frå Oljedirektoratet:

  • Utvinninga frå felt i produksjon må aukast
  • Drivverdige funn må byggast ut
  • Selskapa må leite i områder som er opne for petroleumsverksemd
  • Myndigheitene må opne nye område for petroleumsverksemd.
Dette er ikkje politikk? "Men det er jo noe helt annet" som det heiter i favorittfilmen min, "Kongerike for en lama". Dette er jo politikk som er heilt i tråd med regjeringa, og det er jo noko heilt anna..


torsdag 6. oktober 2011

Steve Jobs død

Meldinga om Steve Jobs bortgang kom ikkje overraskande, men er ikkje desto mindre trist. Google's lenke på www.google.com seier det meste om kor mykje det betyr. Google og Apple er ikkje akkurat perlevenner, men ingen i it-bransjen er det minste i tvil om kva enorm betydning Jobs har hatt på it-utviklinga. Han vil bli ståande mellom dei viktigaste personane i pc-ens (inkl. alle aspekt av personlege datamaskin-bruk, medrekna smarttlf. osv.) historie.

Eg har tidlegare skrive om Jobs bok og dei viktige læresetningane han har arbeida målretta etter i meir enn 40 år. Ein annan interessant historie eg kom over, var Steve Jobs fascinasjon for typografi. Han rota rundt på universitetet og klarte aldri å fullføra nokon grad. I staden for ei målbevisst it-utdanning, tok han fag han var interessert i, mellom anna kalligrafi og typografi som han alltid hadde vore svært interessert i. Interessa for typografi er svært tydeleg i alle Apple sine produkt. Dei har frå første stund vore i ein klasse for seg når det gjeld design og fontbruk.

Som Jobs seier i talen:
Reed College at that time offered perhaps the best calligraphy instruction in the country. Throughout the campus every poster, every label on every drawer, was beautifully hand calligraphed. Because I had dropped out and didn't have to take the normal classes, I decided to take a calligraphy class to learn how to do this. I learned about serif and san serif typefaces, about varying the amount of space between different letter combinations, about what makes great typography great. It was beautiful, historical, artistically subtle in a way that science can't capture, and I found it fascinating.
None of this had even a hope of any practical application in my life. But ten years later, when we were designing the first Macintosh computer, it all came back to me. And we designed it all into the Mac. It was the first computer with beautiful typography. If I had never dropped in on that single course in college, the Mac would have never had multiple typefaces or proportionally spaced fonts.
 Så kan ein jo lura på kva som er det rette; følgja interessene sine utan tanke på karriere, eller leggja opp til ei systematisk karriere gjennom nøye planlagt studieløp og seinare jobbklatring. Men det er ikkje mange som har Steve Jobs' talent, så det ville neppe føra fram å sosa rundt og berre følgja intuisjonen sin. På den andre sida er det mykje å læra av historia Jobs fortel i talen han heldt på avslutnings-seremonien ved Standford University ved semesterslutt i 2005. Det beste resultatet blir når ein engasjerer seg i noko ein verkeleg interesserer seg for og brenn for.

Eg har lenge vore kritisk til Apple og deire forretningsfilosofi, og er det framleis, men at Steve Jobs var eit geni har eg aldri vore i tvil om

søndag 2. oktober 2011

Den vanskelege samordninga

IT-forum 2011  er akkurat ferdig. Den årlege IT-konferansen vart arrangert for 17. gang, i Balestrand, og med god deltaking med meir enn 200 til stades. Sjølv følgde eg konferansen via nettoverføring (videoopptak tilgjengelege her).

Ein av dei interessante og viktige diskusjonane handla om IT-samarbeid og -samordning på helseområdet, og særleg i lys av samhandlingsreforma.

Samordning = sentralisering?
Når IT-samordning og -samhandling blir diskutert, ligg det ofte under som ein uuttalt premiss at det må slåast saman og sentraliserast. Samordning = sentralisering. Samordning på it-sida handlar mykje om standardisering, men endå viktigare er det at ulike organisasjonar klarer å snakka saman. Om det ikkje er god dialog i utgangspunktet, vil det ikkje kunna løysast ved hjelp av teknologi.

Det er for mykje demokrati innan IT!
I diskusjonen om samordning innan it og helse, kom det fort opp krav om at it-arbeidet måtte løftast opp frå kommunane til eit høgre nivå. Det vart også argumentert for at "det er for mykje demokrati innan IT". IT har jo som kjent ikkje noko med politikk å gjera, på dette området er det berre å bestemma og skjera gjennom. Eller?

IT er politikk
Eit nyheitsoppslag denne veka om innføring av gebyr for uttak av pengar i minibank, illustrerer godt at IT/teknologi i høgste grad er politikk. Forslaget vil gå ut over eldre som ikkje har teknologisk tryggleik og kunnskap nok til å delta i det straumlinjeforma teknologiske landskapet me er inne i. Gjennomføring av eit slikt tiltak ville forsterka dei alt store skilnadene mellom teknologikyndige og teknologi-analfabetar. Difor blir ropet om å løfta IT ut av hendene til politikarar, ei markering av ei farleg utvikling.

Større = Betre?
Helsesektoren ser for utanforståande ut til å vera eit ugjennomtrengeleg villniss av it-løysingar, mangel på standardisering, håplaust gamle rutinar - eit skikkeleg svart hol som sluker alle ressursar som blir putta inn. I forsøket på å få kommunikasjonen til å fungera betre, er det freistande å slå saman både organisasjonar og system. Om alle brukte det same systemet, ville vel alle kommunikasjonsproblema forsvunne?

Forsøket på å slå saman organisasjonar og system ser likevel ikkje ut til å fungera særleg bra. Helse Sør-Øst er ein mastodont, og problema ser ingen ende å ta. Nyleg vart eit påbegynt IT-system for betre samordning og kommunikasjon mellom einingar i helseforetaket, skrota, og prislappen var 160 mill. kr.

IT i National Health Service som skrekkeksempel
Det blir likevel for vekslepengar å rekna om me ser på storsatsinga på IT i National Health Service (NHS) i Storbritannia. Gigantsatsinga har kosta mange milliardar, og må kunna kallast ein fiasko. The Independent skreiv dette om it-satsinga i august i år:
"The NHS IT scheme will be remembered as one of the great public procurement disasters of all time. The cost has been staggering. Some £6.4bn has been spent. The original 2007 deadline for the completion of the vast project was missed. And now the Government is expected to call a halt to the entire project. Instead of a national database of patients' records, as originally envisaged by the previous Labour government in 2002, we will have a patchwork of incompatible systems"
Styresmaktene har bestemt seg for å teminera heile gigantsatsinga, og det må vera eit bra eksempel på at sentraliserte løysingar heller ikkje løyser alle problem, snarare tvert om.

IKT og samhandling i helsesektoren
Her i landet har Verdikt-programmet i Forskingsrådet finansiert prosjektet "IKT og samhandling i helsesektoren", og eit av resultata i prosjektet er boka som illustrerer blogginnlegget. I denne boka tek mange ulike forfattarar/forskarar for seg ulike sider ved IKT-samhandling. Boka er redigert av Margunn Aanestad og Irene Olaussen, inst. for informatikk ved UiO.

Frå "saumlaus integrasjon" til "integrasjonens saumar"
I kapitlet Fra "sømløs integrasjon" til "integrasjonens sømmer" tek Margunn Aanestad for seg målsetjinga om saumlaus integrasjon (samordninga nemnt i innleiinga til blogginnlegget). Ho startar med å sitera den kjende organisasjonsforskaren Henry Mintzberg og legen Sholom Glouberman som har studert helsesektoren. Dei spør seg: "Kvifor er helsesystem så notorisk vanskelege å styra?". Svaret deira er at "Den opplagde forklaringa er at dette er eit av dei mest komplekse systema i dagens samfunn. Spesielt er sjukehus rekna for å vera ekstraordinært komplekse oganisasjonar." Mintzberg kjem snart med boka "Managing the Myths of Health Care".

For mykje demokrati?
Kan me så venta enkle, saumlause IT-system i ei så kompleks verd? Sjølvsagt ikkje, og dette er noko av det første dei som diskuterer betre it-samordning i helsesektoren må erkjenna. Aanestad skriv at visjonen om "saumlaus integrasjon" er villeiande og skjuler vegen mot målet. Den tilslører realismen og peikar berre på eit mål utan hjelp til å nå det.
"Kanskje den til og med bidrar til å skjule veien fram mot målet, og leder oss til å tro at integrasjon er en enkel teknololgisk løsning som kan realiseres gjennom administrative vedtak."
Og dermed var me tilbake til at "det er for mykje demokrati innan IT"!

Sosiotekniske tilnærmingar
Det betyr ikkje at ikkje Sogn og Fjordane kan oppnå mykje i forsøket på betre samhandling og samordning av IT i helsesektoren. Eg vil påstå at det heller er tvert om: Dersom det berre er storskala-effektar som er saliggjerande, har fylket vårt uansett ikkje mykje å fara med. Om betre samhandling og samordning derimot heller handlar om ein betre dialog mellom ulike organisasjonar og sektorar, har fylket vårt ein stor fordel pga. små einingar og god kommunikasjon i utgangspunktet. Dette samspelet mellom organisasjon, sosiologi og teknologi kallar forfattarane den sosiotekniske kompleksiteten. Ved å ta omsyn til heile biletet i forsøka på betre samordning, kan Sogn og Fjordane oppnå mykje og bli eit godt føregangseksempel.