søndag 10. januar 2010

Kom jentene mine!


Av og til snublar me over bøker ved eit slumpetreff og i dette tilfellet vil eg heilt klart kalla det eit lykketreff. Kom jentene mine! er ei fantastisk bok og må vera eit av dei flottaste dokumentarverka på mange år.

Det er dei to svenske fotografane Sanna Törnemann og Anette Tamm som står bak boka. Ganske tilfeldig kom dei i kontakt med eigarane av Ellinggarden i Velledalen på Sunnmøre, Nils Drabløs og Gunhild Øigarden. Dei driv ein økologisk gard og alle kyrne er av rasen Vestlandsk fjorfe. Denne rasen var på randen av utrydding for 20-30 år sidan, men folk som Nils og Gunhild har sakte, men sikkert bygt opp att stammen slik at den no ikkje er direkte trua.

Boka er ei hylling av naturen og den økologiske forma for jordbruksdrift. Men det er gjort på ein poetisk og måte, absolutt fritt for politikk. Boka kan like gjerne opplevast som eit poetisk verk. Den følgjer arbeidet på garden året rundt, med store og små hendingar. Men heile tida er det dyra og naturen som er i sentrum.

Dei to forfattarane held seg heilt i bakgrunnen, og let Nils og Gunhild fortelja, ikkje minst gjennom bileta. Som fotografar er sjølvsagt bileta heilt sentrale, men ulikt mange praktverk om naturen, er den skrivne historia heilt essensiell i tillegg. Om det var ein liten ting som kunne vore endra, var det språket. Det kjennest litt kunstig å lesa om Vestlandsgarden og Velledalen på bokmål. Nynorsk ville nok kledd boka betre.

Denne boka må du berre oppleva! Det er Tun forlag som omset den. Interesselaget for Vestlandsk fjordfe har eigne heimesider på www.fjordfe.no

Ingen kommentarer: