torsdag 4. februar 2010

Joshua Redman i by'n

I går tvitra eg frå Oslo om at "Veret er tragisk, NSB er håplaust, gatene uframkommelege - kvifor i all verda vil folk på død og liv bu her? Lengtar heim..". For å få litt balanse må eg leggja til at kulturtilbodet i (riks-)hovudstaden er bra. Eit av dei gode tilboda nytta eg meg av i går kveld; konsert med Joshua Redman kvartett på Nasjonal Jazzscene (held til i Victoria teater midt på Karl Johan).

Mellom dei største jazzartistane i dag
Joshua Redman er tenor-saksofonist og ein av dei store jazz-artistane i dag. Som så mange andre i jazzen hadde han det i familien; faren Dewey Redman var ein kjend saksofonist også (tenor han og). Ein skulle ikkje tru at han er over 40 år (nettoopp fylt 41!), han han ser meir ut som 25.

Redman var "artist in residence" ved Molde-festivalen i 2006 og det kjem snart ei plate med han og Trondheim Jazzorkester som han spelte med der.

Driv, rytme og samspel
Konserten i går var på eitt sett og varte med ekstranummer bortimot halvannan time. Det var intenst, det var eit fantastisk driv og rytme og det var eit samspel dei fire imellom som var imponerande. Redman har ein flott tone i hornet, han er teknisk briljant, men utan at det blir "show-off". Teknikken er der berre for å formidlinga sin del, og dramaturgien i låtane var flott.

Arven frå Sonny Rollins
Mange har samanlikna Joshua Redman med Sonny Rollins ("den nye Rollins") og det er ikkje utan grunn. No er det alltid skummelt å bli "den nye ...", men likskapen mellom Rollins og Redman er stor. Begge (eg tenkjer på den tidlege Sonny Rollins) har den flotte tonen og ein spesielt godt utvikla melodisk sans. Det siste er kanskje det viktigaste. Det ser også ut som Joshua Redman maktar å ta jazzen nye vegare, ulikt mange av sine jamaldrande amerikanske kollegaer.

Her er eit av mange Youtube-klipp med det Joshua Redman (JR Quartet som spelar 'Straight Ahead') og me høyrer også Rollins-parafrase over 'St. Thomas'...


1 kommentar:

Paal Fosdal sa...

Joshua er en av mine klare favorittar blant tenorsaxofonistar. Ta deg tid til å høyre på låta "Yeah, Man" .fra soundtracket til filmen "Kansas City". Der prøvar JR og ein annan tenorsaxofonist, Craig Handy, å overgå kvarandre i eit drivande soloparti.