lørdag 20. februar 2010

Lenovo T400s - eit perfekt kompromiss


Har no hatt den nye pc-en i vel 4 mnd. og er godt fornøyd. Det er min tredje ThinkPad (først T21 i 2001 og så T43 i 2005) og så langt ser denne like bra ut som dei to føregåande.

For mange er ein berbar pc berre ein berbar pc, og merket betyr lite eller ingen ting. For meg betyr det mykje, om lag like mykje som for ein Apple-fan. Så var også alternativa berre ThinkPad eller MacBook. For meg er den berbare verkeleg berbar; eg har den med meg over alt, og alltid med heim. Som forgjengaren skal den sleppa å blir sett att på kontoret over natta...

T400s veg 1,8 kg og er i tillegg ein fullverdig berbar med 14,1" skjerm. Skjermen er makelaus, som tastaturet (Enter-tasten er ikkje slik som modellen over viser). Dette har alltid vore ThinkPad sin force, og Lenovo held opp dei gode tradisjonane IBM starta. Maskina er utstyrt med 128 GB flash-disk, og det er også med på å redusera vekta.

PC-en har 4 GB av 8 maksimalt. Helst ville eg hatt maks frå starten av, men prisen var svinaktig, så då blir det ei oppdatering når prisane har normalisert seg. OS er Windows 7, 64-bits, og i tillegg Ubuntu 9.10. Med Windows 7 ser det ut som Microsoft endeleg har klart å få eit OS på nivå med XP, etter det skuffande Vista.

Lenovos eigne styreprogram var ikkje klare då eg fekk pc-en og eg har ikkje installert dei enno. Vurderinga av pc-en må sjåast på bakgrunn av det.

Pluss og minus så langt:
+ Lett og fin pc, suveren skjerm og tastatur
+ Positivt overraska over Windows 7 (men iTunes, QuickTime og Firefox har store problem)
+ Veldig bra med videokanon/ekstern skjerm (men likar ikkje heilt automatikken som fråtek ein kontroll)

- Litt svak batterikapasitet (ca. 3 timar er litt lite)
- Dumt med kombinert inngang for hovudtlf. og mikrofon (treng overgang)
- Kunne ønskt HDMI-utgang i staden for DisplayPort, men det kan jo henda at DP blir ein ny videostandard i framtida (sjå eige innlegg om dette tidlegare)

PS.
I desse tider med diskusjon om blogg og sponsing må eg understreka at her er det ikkje snakk om sponsing av noko slag.

2 kommentarer:

ØHL sa...

Du har det forsjåvidt med om enn litt gøymt. Pris er minusfaktor. Det er lov å stille store krav til pc godt over 15 000 no.
Bloggen vert vel og oppdatert om feil skulle dukke opp etter litt bruk?

Svein Ø sa...

Du har sjølvsagt rett i at pris er vesentleg her. Kompromisset bør difor vera mellom pris, ytelse og vekt. Då blir det eit spørsmål om 15 000,- er rimeleg sett i forhold til dei to andre faktorane. Eg meiner ja, for den litt vanskeleg definerbare kvalitetsfølelsen som ligg i denne pc-en, hevar den langt over konkurrentane.