torsdag 19. august 2010

iPad for ein dag


(foto: Yutaka Tsutano - CC By)







Eg hadde nok iPad-en meir enn ein dag, men det passte så godt med omtalen av iPhone tidlegare i år. Vestlandsforsking har kjøpt inn iPad for uttesting først og fremst som lesebrett, og skal også skaffa ein Kindle. Inntrykket mitt etter ein del surfing med iPad er delt: Den har utvilsamt "wow"-faktoren, men eg tvilar likevel på om den er så revolusjonær at den endrar medielandskapet.

Tung og gedigen
Førsteinntrykket er som hjå mange andre: den er mykje tyngre enn den ser ut som. På avstand ser den ut til å berre skulle vega 2-300 gram, og det er difor overraskande å kjenna at den veg over det dobbelte. Det har sjølvsagt mykje med materialkvalitet å gjera, den kjennest solid ut.

Det er både pluss og minus med tyngda. Det positive er kvalitetsfølelsen og soliditeten den formidlar, det negative er at det fort blir litt  tungt å halda den i fanget. Her er den heilt ulik ein berbar pc, som vil kvila i fanget eller på bordet i ein eller annan stilling og der du kan vinkla skjermen.

Elles er den rask og gir god respons, programma startar opp med ein gang. Særleg positivt er det at den vaknar til live momentant, og ikkje slik me er vande med elles der pc-ane er like søvnige og vanskelege å vekkja som ein middels tenåring.

Einvegskommunikasjon
Det er ei surfe-fjøl, verken meir eller mindre. Sjølv om det går heilt greitt å skriva inn adresser o.l. med skjermtastaturet, kan det ikkje erstatta eit fysisk tastatur. Det ville t.d. vore svært slitsamt å skriva eit innlegg som dette på ei slik maskin. Det gjer den i stor grad til ein einvegs-kanal, og det er jo ein viktig del av mediebransjen sine store forventningar. Der snakkar dei om medie-konsumering (for eit forferdeleg ord!), og er ikkje spesielt interesserte i tilbakekanalen.

Den svekka returkanalen gjer at eg meiner iPad-en representerer ei dreiing tilbake mot web 1.0 og tilbake til read-only web. Igjen er ikkje dette absolutt, du kan fint skriva Twitter-meldingar og oppdatera Facebook-profilen din, men særleg lenger skriveri blir trøyttande. Det vil forsterka det alt overflatiske preget web-en har.

Ikkje for estetikarar
Apple sine produkt appelerer i stor grad til estetikarar pga. unik design, så også iPad. Men eg trur mange av estetikarane vil få store problem med den tilsmussa skjermen. Det blir noko heilt anna enn trykkskjermen på ein mobil. iPad-skjermen er så stor at fingermerkja blir dominerande på ein heilt annan måte. Skjermen ser direkte ulekker ut etter berre nokre sekundars bruk. Om du er som meg, som ikkje likar fingermerkje på pc-skjermen, får du eit problem med denne dingsen.

Manglande multitasking
Den manglande evna til å køyra fleire program samtidig blir delvis kompensert av den raske oppstarten av program. Men berre delvis, for det blir litt rart å måtta "gå tilbake til start" kvar gang. Eg merkar at eg saknar ein generell 'tilbake'-tast slik eg har på Galaxy S-tlf. min.

For tett knytt til iTunes
Det som er den største styrken til iPad er paradoksalt nok også den største svakheita. Skal iPad slå skikkeleg gjennom, må den nå ut til ein større krins enn eksisterande Mac-brukarar. Det kan jo sjå ut som den gjer det, ut frå salstala, men eg trur dei mange pc-brukarane får litt å tenkja på etter ei tids bruk.

iPad er uløyseleg knytt til iTunes, utan dette programmet på pc-en (eller mac-en) kjem du ingen veg - du får ikkje ein gang starta den opp. Alt som skal inn på iPad må også komma frå iTunes. For eigen del må eg seia det var veldig tungvint å få foto inn på iPad-en. Først må dei frå kamera til pc-en, det er greitt. Men du kan ikkje berre overføra dei vidare til iPad, dei må synkroniserast med iTunes først. Muleg det finst enklare måtar å gjera akkurat dette på, men eg fann dei ikkje.


iPad som lesebrett
Det er det iPad-en er kjøpt inn for og skal testast ut på. Eg lasta ned "Origin of species" og las nokre sider. Det er for kort bruk til å seia noko generelt om denne delen av produktet, men det var småting ved leseopplevelsen eg ikkje likte (mellom anna måten å bla på). 

Tilfeldigvis var det ein Kindle DX i huset på same tid som iPad-en og det var interessant å sjå dei ved sida av kvarandre. Det var enorm skilnad, med iPad som svært lyssterk og kontrastrik skjerm mot Kindle som verka veldig svak i samanlikning. Men for mykje lesing er eg ikkje i tvil om at Kindle er langt betre for augene, iPad blir rett og slett for lyssterk innandørs, medan skjermen blir for dårleg i sollys. Eg tvilar sterkt på at iPad blir ein konkurrent til Kindle i noverande form.


iPad for den eldre generasjonen?
Ein viktig grunn for uttestinga var å sjå om iPad er godt egna for foreldra mine. Eg har vurdert å kjøpa ein slik til dei, men hadde lyst å la dei prøva den først.

Det var eit interessant forsøk. Mor mi har aldri brukt ein pc, og dermed heller aldri vore på nettet og surfa. Ho har ikkje hatt interesse for det, men iPad-en fanga interessa og ho hadde sin første surfe-opplevelse. Interessant nok trykte ho litt for lenge på 'Photo'-ikonet første gang ho brukte den, og alle ikona begynte å sjelva (hald fingeren på eit ikon på oppstartssida, og du kan flytta og endra på oppsettet). Korleis komma vidare no? Inga råd utanom å slå den av og på igjen - #applefail.

Med kort forklaring på navigering både i bilde og med nettlesar oppe, gjekk det greitt å bruka den. Men på eiga hand stod dei fort fast. Eg fekk spørsmålet om kor Internett var på iPad-en? Godt spørsmål, for korleis skal folk på over 80 år vita at 'Safari' betyr nettlesar/internett - #applefail.

Rart at ikkje Apple som er ekspertar på brukaropplevelse, ser slike opplagde brukarfeller. Eg har ein mistanke om at den einaste brukartestinga dei har gjort, er med Steve Jobs.

Konklusjon
Omtalen verkar kanskje meir negativ enn totalinntrykket eigentleg er. Det er ingen tvil om at Apple har laga eit innovativt produkt - eller kanskje heller treft marknaden rett og gjort dei rette endringane på tavle-pc'en. Mange kjem til å kjøpa iPad pga. "wow"-faktoren, og eg trur også at mange kjem til å spørja seg etterpå om den ga dei det dei var ute etter.

Den er veldig hendig å ha på stovebordet og i sofaen for rask surfing. Men den vil ikkje kunna overta jobben for ein pc, den vil komma i tillegg. Den er i stor grad til forbrukar-marknaden og vil i liten grad påverka forretningslivet.

Eg trur mediebransjen tek feil når dei trur iPad blir den store redninga. Men det kan jo også henda eg tek feil...


2 kommentarer:

Anonym sa...

Takker for interessant innlegg :)

Anonym sa...

Interressant lesing! Jeg tester i dette øyeblikk ut en iPad som er ment som en gave til min mor som fyller 90. Jeg har selv aldri brukt iPad før, og tenkte det var lurt å prøve ut litt først, før jeg starter opplæring av henne.... Hun har aldri hatt pc, men er en racer på mobil og sms. Jeg leste derfor med interesse hva din mor syntes. Ellers finner jeg ikke så mange kommentarer om "iPad for eldre". Blir spennende i alle fall.