lørdag 13. november 2010

Creative Commons - Den kreative allmenningen


USA er velsigna med akademikarar som ikkje berre skriv om problem, men som gjer noko med dei. Creative Commons er etablert som eit alternativt lisensieringssystem til det tradisjonelle opphavsrett-systemet og jus-professor ved Harvard, Lawrence Lessig, har vore heilt sentral i etableringa og promoteringa av CC.

Frå starten i 2001 har lisenssystemet vorte ein stor suksess med over 350 mill. CC-lisensierte verk i 2009. I dag er det kanskje over 500 mill. Det største gjennombrotet kom i fjor då Wikipedia bestemde seg for å gå over til CC-lisens av typen cc-by-sa som betyr at opphavsmannen skal namngivast (by) og at eventuelle endringar av verket skal utstyrast med same lisensen (sa - share alike/del på same vilkår).

Den tradisjonelle opphavsretten er absolutt; enten har verket eit totalt vern ("all rights reserved") eller så er verket i det fri (public domain). Larry Lessig har vore ein av dei sterkaste kritikarane av det tradisjonelle opphavsvernet fordi han meiner det er altfor ubalansert og unyansert. Ubalansert fordi det gir verk for omfattande vern (opphavsmannen si levetid + 70 år) og fordi den er "alt eller ingenting".

For eigen del er det berre sløvheit som gjer at eg ikkje har utstyrt bloggen min med ein CC-lisens. Men no er det gjort, og eg brukar ein av dei friaste lisensane: CC-BY. Det betyr at du kan bruka alt som er laga av meg (tekst, bilete) som du vil, berre du namngir meg.

2 kommentarer:

Gunnar H sa...

Hehe, flott med lisens, men kanskje ikkje heilt lett å få taket på? («Creative Commons Namngiving 3.0 Unported Lisens» og «Basert på eit verk på adresse...» er vel ikkje akkurat daglegtale?)

Fint at du har forklart det i bloggen i alle fall.

Svein Ø sa...

Du er inne på noko. Det ferdigtygde forslaget frå "lisenskalkulatoren" er ikkje bra språkmessig.

Litt usikker på kor mykje ein kan endra på dette, eller om ein kan endra det i det heile.

Litt av poenget med Creative Commons slik eg har oppfatta det, er å laga enklare og meir forståelege lisensar. Akkurat her har dei eit forbetringspotensiale.