søndag 21. november 2010

Fastlegen min 70 år - gratulerer Dr. John!


(foto: Wpopp)
Eg har akkurat mista fastlegen min, han har fått ny jobb. Men eg har heldigvis ikkje hatt mykje bruk for han. Det får meg til å tenkja på at eg besøker Dr. John langt oftare - eg trur eg vil kalla han for fastlegen min.

Malcolm "Mac" Rebennack, alias Dr John, alias "The Night Tripper", alias "The HooDoo Man", fyller 70 år i dag. Han har vore aktiv musikar sidan han var 12 år (!), då han starta turnering som gitarist i ulike band.

Dr. John er New Orleans i all sin musikalske miks. Det er sørstats-soul, cajun, dixieland, kreol, zydeco - ei sterkt krydra musikalsk blanding.

Sjølv opplevde eg artisten første gangen live på Club 7 tidleg 1980-tal. Der spelte han med musikarar frå The Four Roosters (ein ganske ung Knut Reiersrud) pluss blås. Det var heftig; lågt  under taket og drivande rytmisk. Konserten var ein av dei første store konsertopplevelsane mine og har gjort at Dr. John har vore ein av dei musikalske favorittane mine seinare. Eg har opplevd han live seinare også, men det er noko spesielt med første gang.

Dr. John har alltid vore ein allsidig musikar; han har spelt med jazzmusikarar og med trad.musikarar, i tillegg til blues og folk. Av dei mange gode platene han har gitt ut, tykkjer eg personleg "N'Awlins - Dis Dat or d'Udda" (2004) er ei av dei beste. Men også dei tidlege "Gris-Gris" (1968), "Gumbo" (1972) og "In the Right Place" (19739 har legendestatus.

Eg kan altså tilrå fastlege Dr. John. Viss du ikkje kjenner deg betre etter å ha oppsøkt han, då er du verkeleg sjuk!

Ingen kommentarer: