lørdag 12. februar 2011

Minus og minus blir pluss?

At Nokia har valt Microsoft som samarbeidspartnar kom som ei overrasking for mange. Vittige tunger har døypt samarbeidet NoSoft. Med tanke på kven som no leiar Nokia, burde det kanskje ikkje komma overraskande at valet fall på Microsoft.

Men så til matematikken: Blir det multiplikasjon eller addisjon? Det vil vera utslagsgivande for resultatet. Begge aktørane har minusforteikn. Nokia har rett nok framleis overskot, men pilene peikar stygt ned, det same gjer aksjekursen. Microsoft har eit kraftig minus når det gjeld mobilsatsinga, ei satsing dei aldri har fått til.

Stor og tung
Nokia var for 10 år sidan åleine på mobiltoppen. Dei var både teknologi-leiar og leiande på volum. Likevel, eller kanskje nettopp difor, klarte dei ikkje å snu seg rundt fem år seinare då utviklinga av smarttelefonar tok til. Nokias manglande evne til å sjå utviklingstrenden og snu seg rundt, kjem til å bli pensum på dei fleste business-skular framover.

Det er likevel merkeleg at dei ikkje har klart å læra av historia. Det er farleg å vera på toppen som suveren marknadsleiar. Det er fleire enn Nokia som har fått erfara det. Likevel viser det seg veldig vanskeleg å forsvara ein slik posisjon. Det er mykje lettare å slå undanfrå.

Mobil, men mest pc
Microsofts problem i mobilmarknaden har vore at dei ikkje har vore interessert i mobilbrukarane, men berre i å fremja salet av eigne Office-produkt. Difor har Windows på mobilen først og fremst handla om Office-integrasjon. Men forbrukarmarknaden har ikkje dei same behova som forretningsfolk, og det er forbrukardelen som er leiande i utviklingssamanheng.

Microsoft har, som Nokia, vore for seine til å innsjå problema med mobilversjonen av Windows. Difor blir det ein kamp i motbakke for Windows Phone 7, etter som Android og iOS har fått eit godt grep om marknaden.

Ser ut som minus, ikkje pluss
Nokia + Microsoft ser difor ut som eit minusføretak akkurat no. To minus gir ikkje pluss, berre eit endå større minus. På ei anna side er det farleg å avskriva Microsoft (og Nokia). Microsoft har vist stor evne til å komma tilbake når dei har vore hardt pressa. Dei har stått mot angrep både på operativsystem og kontor-applikasjonar, og på desse områda står dei faktisk sterkare enn dei har gjort nokonsinne.

Samla sett er det bra at det blir eit tredje alternativ for smarttelefonar og at kampen ikkje berre står mellom Android (Google) og iPhone (Apple). Også HP kan melda seg på i kampen med sitt WebOS som dei fekk saman med Palm-kjøpet.

2 kommentarer:

Egil sa...

Er langt på vei enig med deg Svein, men du nevner ikke de faktorene som vil kunne virke positivt inn i forhold til forbrukermarkedet: Xbox og Zune. For med Microsofts nye mobilOS, WP7, snakker vi nemlig ikke lenger kun om “business”-telefoner. Med Xbox-integrasjon kommer spill inn som en sterk og ganske så attraktiv faktor og med Zune-integrasjon får vi musikk pluss mye annen moro som mange av oss nok vil vurdere som et sterkt pluss.

Svein Ø sa...

Det har du heilt rett i, Egil. Med Xbox har Microsoft noko som Apple (og Google/Android-lev.) ikkje har. Det kan fort bli ein viktig fordel.

Dei har også Zune, men i motsetning til Xbox er det ingen suksess. Eg trur løpet er køyrt når det gjeld Zune, og Nokia har jo også lagt ned Ovi-store. Men kanskje kan Xbox blir redninga for å trekkja forbrukarane til Win/Nokia.