lørdag 19. mars 2011

The Wire - igjen


.. og der var siste episode av sesong 5 ferdig og dermed heile The Wire-produksjonen. Det betyr 60 episodar a ca. 1 time, altså 60 timar. Det er ganske drøyt, nesten så eg kvir meg for å innrømma det. Med ein periode på 2 og 1/2 månad er det opp mot ein time for dagen - jeez.. Trøsta får vera at eg nesten ikkje har sett på tv utanom serien.

Veldig bra serie
Serien har vorte betre og betre og total inntrykket er veldig bra, endå betre enn den første omtalen eg ga etter dei to første sesongane. Samanlikninga med Sopranos er vanskeleg og kanskje urettferdig, men eg har endra synet litt her. På mange måtar overgår serien Sopranos, sjølv om den på andre område også er svakare.

Sosial bodskap
Etter å ha sett heile serien, blir David Simons sosiale bodskap stadig tydelegare. Utgangspunktet er dei kriminelle narko-miljøa, og politiet sin kamp mot desse. Men serien går også bak gate-gutane og ser på årsakene til at det går så gale med så mange. I fjerde sesong får skulesystemet stor plass, og i femte og siste sesong blir søkjelyset sett på dei mange heimlause. Her er også ein avisredaksjon sentral, og på dette området er Simon på heimebane, som tidlegare kriminalreportar.

Politisk maktkamp og korrupsjon
Det politiske systemet, med borgarmeistar og byråd i spissen, får stor plass. Dei er i tett dialog med politiet, og det er eit utruleg spel heile vegen. Kynismen er total og maktspelet rått - det handlar berre om å skaffa seg nok stemmer til neste val og til neste posisjon i hierarkiet. Eg er redd mykje av dette stemmer også i det verkelege USA, og også andre stader.

Ingen happy ending
Serien er ultra-realistisk også med tanke på at dei store fiskane slepp unna. Også korrupte politikarar med narko-pengar på samvitet, slepp unna. Og heltane i serien, framfor alt McNulty og Freamon, blir avskilta og sette på plass i systemet. Det er ganske desillusjonistisk, men bidreg til auka truverde.

Det er særleg koplinga mellom narko-miljø og politikarar og andre høgtståande personar som viser seg umuleg å forfølgja. Som etterforskar Lester Freamon formulerer det: "If you follow the drugs, you end up with narko criminals. If you follow the money, you don't know where you will end up."

Eg er ikkje åleine om å setja pris på serien. På IMDB får serien 9,7 av 10 oppnåelege poeng! frå nesten 32 000 stk. Det er smått utruleg. Til samanlikning får Sopranos 9,4 (frå 38 000).

Av mange gode enkelt-scenar er favorittane mine desse:
  1. Stringer Bell blir drepen
  2. Omar Little i vitneboksen
  3. Avsløring av forbrytar med "løgndetektor"
Ei bittelita ripe i lakken er scena der Omar Little blir skoten. Omar er "den gode" skurken som stel frå narkobandane og terroriserer dei. Han slepp såvidt unna ei felle og må kasta seg ut av ei vindauga i tredje etasje, og resultatet er ein knust fot. Han humpar seinare rundt med ei krykke, men i sekundane før han blir teken av dage (av ein ung gut), går han heilt vanleg, utan antydning til halting. 

Det er vel nesten det einaste negative eg har å seia om serien. Kanskje bortsett frå at opplegget frå etterforskarane McNulty og Freamon i sesong 5 er litt "over the top" - eller litt overdrive, som far min ville ha sagt.

Forslag til ny serie?
Eg kjem til å sakna serien, og er som tidlegare nemnt open for nye forslag. Men eg har gitt meg sjølv beskjed om å venta til jul.. Har forresten sett at David Simon er i gang med ein ny serie basert på New Orleans etter Katarina-katastrofen.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Litt nysgjerrig. Hvem er favorittdama i serien, du nevner ingen. Er det tilfeldig?  Eksempelvis kunne ikke Sopranos vært en så god serie, uten de kvinnelige rollene.

Svein Ø sa...

På dette punktet er The Wire svakare enn Sopranos. Ingen spesielt sterke kvinnerollar her, etterforskar Greggs og statsadvokat Ronnie (Pearlman), er kanskje dei mest sentrale, men utmerkar seg ikkje spesielt.

Men Snoop er jo ein bra figur! Det viser seg at ho har meir enn ein ting til felles med den verkelege personen. Ho har sona for mord..

Eg kunne godt teke med scena der Snoop kjøper spikarpistol på lista mi.

Arild Nybø sa...

Har du ikkje kasta deg på Treme då, slik som eg? Mange av dei same skodespelarane er med. Ikkje same spenninga, men utruleg god miljøskildring. Og ikkje minst: Mykje god musikk.

Svein Ø sa...

Treme står på lista. Eg såg eit glimt av både Bunk og Lester frå The Wire ;-)