Det kan synast respektlaust å omtala Steve Jobs på denne måten, eitt år og ei veke etter at han døydde. Men eg finn ikkje noko betre oppsummering av
biografien om han skriven av Walter Isaacson. Biografien er overraskande open og ærleg, og legg ikkje skjul på dei dårlege sidene til Jobs. Det er her ein begynner å forstå den enorme påverkinga Jobs hadde på folk; han har klart å (detalj-)styra ettermælet sitt også. Hadde desse sidene vorte utelatne, ville andre heilt sikkert sørgja for å få dei fram i lyset.
Tittelen reflekterer også Steve Jobs si eiga inndeling av folk: "heroes" og "assholes"; her var det ikkje noko midt i mellom. Folk var enten geniale eller drittsekkar. Steve Jobs kan vel seiast å ha vore begge delar..
Adopsjon og søking
Steve Jobs vart adoptert bort kort tid etter at han var fødd. Faren var syrisk innvandrar og eit giftarmål var utelukka for mora sin familie. Ho kunne på si side ikkje ta seg av barnet åleine. Men Steve Jobs var heldig, han kom til ein god familie. Dei adopterte seinare også ei dotter. Likevel hadde han heile livet kjensla av å ha vorte forleten ("abandoned") og det forklarer truleg mykje av søkinga mot Zen og austleg filosofi som han var oppteken av.
Dei biologiske foreldra gifta seg likevel i 1957 og fekk ei dotter,
forfattaren Mona Simpson, og vart så skilde i 1962.
Orkidé-barn?
I den siste tida har begepet orkidébarn vorte populært. Det er i kjølvatnet av 22. juli-katastrofen og forsøka på å forklara kvifor ABB kunne bli den massemordaren han blei. A-magasinet presenterte nyleg ein artikkel om orkidé-barn i forlenginga av boka
En norsk tragedie av Aage Borchgrevink.
Orkidé-teorien går ut på at gener som disponerer for negativ utvikling også kan ha ei positiv side og at det er miljøet som avgjer om det vippar i den eine eller andre retninga. Orkidébarn har generetiske disposisjonar for å vera meir sensitive både for "nærande" og "tærande" miljø, og det eine eller det andre vil då utvikla vedkommande i positiv eller negativ retning.
Når ein les om Steve Jobs er det uunngåeleg å ikkje få assosiasjonar til dette, særleg når det også er klar at Jobs fekk diagnosen narcissistisk personlegheitsforstyrring, den same diagnosen som vart tilkjend ABB.
Reality Distortion Field
Steve Jobs hadde eit "verkelegheitsforstyrrande felt" rundt seg ("Reality Distortion Field" stammar frå Star Trek).
- han skapte si eiga verkelegheit
- han nekta å ta eit faktum for eit faktum, noko som i visse tilfelle også kunne vera stimulerande fordi det "mana" bort grenser
- frå han var liten var han van med å vri sanninga for å få viljen sin
- han såg på seg sjølv som den utvalde (som Jose Mourinho - "The Chosen One")
- lover og reglar gjaldt ikkje for han (han køyrde konsekvent utan kjennemerke på bilane og han parkerte konsekvent på handikapp-plass!)
- det var dette som gjorde at han heller ikkje tok inn over seg kreftsjukdommen i starten
- han nekta for farsskapen til Lisa, den første dottera hans
Apple II
Gjennombrotet kom med Apple II, på mange måtar den første ordentlege pc-en. Den vart introdusert i 1977 og gjorde Apple til ei "skikkeleg" bedrift. Før suksessen var Apple sjølvsagt berre Steve Jobs og Steve Wozniak. Wozniak var teknologi-guruen; hackeren som kjende seg altfor bunden i arbeidet for HP og som vart med på Steve Jobs sine ville planar. Steve Wozniak konstruerte Apple II meir eller mindre eigenhendig, men han var ikkje interessert i økonomisk suksess. Han meinte dei burde gi bort maskina slik at flest muleg kunne brukan den. Han ville ha ein open arkitektur og ville gi bort teknologien - kort sagt var han den rake motsetninga til Steve Jobs!
Både HP, Atari og Commodore fekk sjansen til å kjøpa Apple (II), men ingen av dei var interesserte. Det kan vel tenkjast at dei angra i ettertid..
Steve Jobs' første datajobb var nettopp hos Atari (og Wozniak hjå HP). Hjå Atari var avtalen at han jobba dei tidene ingen andre var der, for det lukta så fælt av han. Jobs verken vaska eller stelte seg, og han var fast overtydd om at det økologiske kosthaldet, med overvekt av frukt, gjorde at han slapp slike verdslege ting..
Namnet Apple
Mange har spekulert i at Apple-namnet og logoen er inspirert av Alan Turing; geniet som tok sjølvmord ved å eta eit forgifta eple. Men det stemmer nok ikkje. Apple-namnet kom av to ting:
- Jobs var besett på å komma før Atari i telefonkatalogen (!)
- han arbeidde med beskjering av ein frukthage i mange år (Gravenstein-tre!)
Då det første utkastet til logo kom, valde han den varianten der ein bit av eplet var borte.
Design
Steve Jobs var veldig interessert i design. Litt av dette hadde han nok frå sin eigen far, som var ein dyktig ingeniør med sans for skikkeleg arbeid. Ein gong faren sette opp eit gjerde rundt huset, spurde Steve kvifor han brukte så mykje tid på den sida som vende mot deira eige hus; det var jo berre dei som såg den. Då sa faren at alt arbeid måtte gjerast like skikkeleg, enten ein såg det eller ikkje.
Steve Jobs begynte på Reed College. Av mange mulege valde han eit av dei dyraste, som foreldra knapt hadde råd til. Då foreldra køyrde han til Portland i Oregon, nekta han dei å bli med innom porten, og dei måtte berre returnera utan å få sjå skulen i det heile.
Han droppa ut etter berre eit halvt år, og sidan levde han berre på campus meir eller mindre som ein fredlaus. Han tok enkeltfag, men utan å få karakterar eller vitnemål. Det viktigaste kurset han melde seg på, var eit kurs i
kalligrafi. Kalligrafi er skrivekunst, direkte oversett, men refererer til fleire tusen års arbeid med handskrift, ikkje minst kinesisk og arabisk.
For Steve Jobs var det estetiske elementet det viktige. Han såg eit klart slektskap mellom kalligrafi og den Zen-buddhistiske filosofien han var så oppteken av. Seinare var det samanhengen mellom denne visuelle kunstarten og industridesign, først og fremst uttrykt av Bauhaus-filosofien, som opptok han. Ein av hans store førebilete på området var det tyske konsernet Braun sin kjende designer Dieter Rams. Jobs tok Bauhaus-filosofien til Apple, der kunst og (industri-)design skulle gå opp i ei høgare eining
Jobs sa sjølv at utan kalligrafi-kurset ville den originale Mac-en i 1984 ha komme utan fleire fontar og utan proporsjonalskrift (den originale MacIntosh-en var basert på bitmap-teknologi i staden for faste teikn).
Zen-filosofien var ei viktig rettesnor for Jobs gjennom heile livet. Han var 7 månader i India saman med vennen Daniel Kottke (som han seinare nekta å gi introduksjonsaksjar då Apple vart lansert på børsen!) og hadde resten av livet tilknyting til Zen-miljø i California. Austleg filosofi, og Zen, legg mykje større vekt på intuisjon enn rasjonalitet, og det levde Jobs etter i alt han gjorde.
Apple MacIntosh
Etter Apple II, som forresten levde i ulike variantar heilt fram til 1993, vart Wozniak meir og meir ute av biletet. Xerox PARC investerte 10 % i Apple mot å opna opp forskingsresultata. Steve Jobs såg med ein gong verdiane i forskingssenteret, noko Xerox ikkje såg ut til å forstå sjølve. Jobs merka seg særleg tre ting:
- nettverksfunksjonalitet
- objektorientert programmering (SmallTalk frå Alan Kay)
- grafiske grensesnitt (bitmapped i motsetnad til teiknorientert)
Apple gjekk offisielt i gang med utviklinga av den første grafiske pc-en, eller arbeidsstasjonen, med (kode-)namnet Lisa. Jobs var ueinig i strategien og etablerte ei eiga gruppe i direkte konkurranse med Lisa. Denne gruppa skulle utvikla Mac-en. Det vart så gale at ved introduksjonen av Apple Lisa ga han den eigentleg "a kiss of death". Han ville ikkje at den skulle lykkast, noko den heller ikkje gjorde. Den var altfor stor og tung og dyr, og vart ein fiasko.
"1984"
Apple MacIntosh vart lansert med brask og bram i 1984. Reklamevideoen som første gang vart vist i pausen under SuperBowl, er legendarisk. Den vart laga av Riddley Scott, men med klare instruksjonar av Steve Jobs, og spelar på George Orwells roman og dystopi. Apple MacIntosh blir redninga frå det dystopiske, maskinmessige (les: vanleg PC) overvakingssamfunnet.
1984-kampanjen var eit paradoks: Den presenterte Mac-en som sub-kultur, revolusjonell og den einaste som stod opp mot "corporate" kontroll og overvaking. Og så var maskina det mest lukka og kontrollerte som fanst på marknaden! Den var totalt motsett det hacker-idealet den prøvde å formidla.Men videoen var eit uttrykk for den rebelske stilen til Jobs; han såg seg sjølv alltid i opposisjon mot makta og autoritetar, heilt til det siste.
Exit Apple
Problema med Steve Jobs' leiarstil vart etter kvart så store at styret såg at noko måtte gjerast. John Sculley vart henta inn som ny CEO i 1983, av Steve Jobs. Jobs såg i Sculley ein slags farsfigur, medan Sculley på si side vart fascinert, og manipulert, av den unge og uortodokse Jobs. Spørsmålet frå Jobs til Sculley er legendarisk: "Do you want to sell sugar water for the rest of your life, or do you want to come with me and change the world?".
Men det vart ikkje heilt som tenkt. Forholdet mellom Sculley og Jobs, som i starten fann kjemien veldig godt, kjølna etter kvart, og særleg var det Steve Jobs som fekk mindre og mindre sans for Sculley. Han såg etter kvart tydelegare at Sculley ikkje passa inn i Apple; han hadde ikkje teknologisk innsikt og styrte berre etter enkle marknadsføringsprinsipp.
Styret måtte til slutt gripa inn og velja mellom dei to. Sculley fekk beskjed om å gjera det han var tilsett for: å leia! Steve Jobs fekk beskjed om å forlata Apple. Det var altså ikkje slik at Sculley pressa ut Jobs, men til slutt måtte styret velja ein av dei to, og då fall valet på Sculley.
Steve Jobs reagerte som han ofte gjorde, med drama og desperasjon. Han var eit veldig følelsesmenneske, samtidig som han kunne vera iskald mot dei han ikkje likte. Han trudde rett og slett ikkje at styret kunne velja Sculley framfor han, og han kjende seg svikta.
I ettertid har han likevel sagt at å få sparken i Apple var det beste som hadde hendt han.