søndag 17. august 2014

Avsendarorientert

Eit problem dei aller fleste strir med er at informasjon blir presentert slik den ser ut for den som lagar den, altså avsendaren. I avsendaren sitt hovud gir det opplagt meining og er den naturlege måten å presentera på. For mottakaren derimot, er det ikkje alltid like lett å forstå kva som er meint.

Av mange eksempel har eg valt ei kontoutskrift frå ein av bankane eg brukar; Indre Sogn Sparebank. Dei er vel verken verre eller betre enn mange andre, på dette området er det mange som feilar.

Eg må innrømma at eg sleit med å forstå denne kontoutskrifta. Har eg pengar til gode, eller skuldar eg banken? Kolonneoverskriftene "Innbetalt Utbetalt (-)" og "Innestående Gjeld (-)" gir rett og slett ikkje meining for meg som brukar. Det korrekte er at eg har 23.750,96 til gode på kontoen, men det står då vitterleg gjeld. Så dette må vera sett frå banken si side.

Det er merkeleg at det skal vera så vanskeleg å presentera noko så enkelt som eit bankinnskot på ein forståeleg måte. Banken kunne berre ha spurt ein kunde om å forklara utskrifta og så fått all den dokumentasjon den trengde på at dette ikkje er måten å presentera på. Det er verdas enklaste brukartest!

Heller ikkje renteopplysningane til slutt er særleg opplysande..


1 kommentar:

G sa...

Ei alternativ tolking:

Kolonneoverskriftene viser at det som står i den første kolonna er innbetalt viss det er eit positivt tal, medan det er trekt ifrå kontoen viss det har negativt forteikn. Tilsvarande for andre kolonna, men her vert det oppsummert "samla hittil i år" innanfor kvar av utgiftstypane (samla kreditrente osv.).

_Eller_ det kan vere at det ikkje er kolonner i det heile, men at det som står i toppen berre er ein note for å forklare at beløp med minus foran anten er gjeld eller utbetalt.

Uansett er jo bankane sin bruk av begrepet kredit eit døme på det du seier om kva ståstad dei har. Frå vår ståstad er jo bankkontoen ein "debet"-konto(eller bør vere det, i alle fall), men når vi får renter i denne kontoen seier banken at det er kreditrenter som krediterast bankkontoen. Og det