73 år inga hindring! |
John McLaughlin, eller Mahavishnu John McLaughlin som han ofte kallar seg, er ei av jazzens levande legender, og slik sett var det kjekt å få med seg konserten. Musikalsk kan levande legender bety så mangt, men enkelte av jazzens utøvarar klarer seg fint sjølv om dei har passert 70 år. McLaughlin er ein av dei som ikkje ser ut til å vera særleg tynga av alderen, trass sine snart 73 år. Han verka ekstremt vital og i storform!
Viktig stilskapar
John McLaughlin har vore ein stilskapar innan fusion, dvs. samansmelting av jazz og rock/funk. Samspelet med Miles Davis på i alt fem album, mellom dei klassikarar som In a Silent Way og Bitches Brew, var med på å løfta han fram i fremste rekkje på slutten av 60-talet og starten av 70-åra. Som bandleiar vart han mest kjent for musikken han laga i Mahavishnu Orchestra.
Ordet Mahavishnu stammar frå hinduismen og betyr overjordisk (eller som det blir oversett til engelsk: "the Supersoul of all living beings"). Indisk filosofi var populært blant mange musikarar på 70-talet, men for McLaughlin var det meir enn eit overfladisk stunt. Han vart djupt inspirert av filosofien/religionen (ofte vanskeleg å skilja desse to) og samarbeida tett med indiske musikarar. Men i Mahavishnu Orchestra var det berre vestlege musikarar.
Gary Husband (k), Etienne Mbappé (b), Ranjit Barot (t) og John McLaughlin (g) [Bilete henta frå www.nasjonaljazzscene] |
Sjølv om storheitstida for McLaughlin var på 70-talet, var det tydeleg at han ikkje er gløymt. To fullsette konsertar fredag kveld vitnar om at han framleis har eit stort namn. Og publikum vart ikkje skuffa.
Hovudpersonen sjølv var i storform og hadde med seg musikarar som utfylte han godt. Bandet framstod som samspelt og tett, og den som imponerte aller mest var den ufatteleg funky bassisten Etienne Mbappé.
Av mange bra låtar sette eg størst pris på Pharoah Sanders' Light at the edge of the world.
Aggressiv og "kantete"
Sjølv om det var ei stor oppleving, er eg ikkje heilt seld på stilen til John McLaughlin. Han spelar veldig aggressivt, og det kan høyrast litt "kantete" ut (på musikkspråket: stakkato). Det går fort, men eg saknar flyten som du kan høyra hjå andre gitaristar som t.d. Pat Metheny eller Mike Stern.
Eg tykkjer Frank Zappa oppsummerer stilen på ein god måte:
"A person would be a moron not to appreciate McLaughlin's technique. The guy has certainly found out how to operate a guitar as if it were a machine gun. But I'm not always enthusiastic about the lines I hear or the ways in which they're used. I don't think you can fault him, though, for the amount of time and effort it must have taken to play an instrument that fast. I think anybody who can play that fast is just wonderful. And I'm sure 90% of teenage America would agree, since the whole trend in the business has been "faster is better."
2 kommentarer:
Hvilken av konsertene var du på? Den første eller den andre?
Eg var på den andre konserten. Å dømmma ut frå dei smilande fjesa og kommentarane til publikum frå den første konserten, var den også svært vellykka.
Legg inn en kommentar