fredag 18. september 2015

Bitcoin i Bergen

Det ser ut som det var grått og trist i Bergen i går, men det
er fordi Norled har slurva med vindusvasken på ekspr.båten!
Bitcoin-turnéen held fram ;) denne gangen i Bergen. Eg var invitert til medlemsmøte i DnD Bergen Hordaland i går (17.09.15) og møtte ei interessert og entusiastisk forsamling. Møtet vart halde i Sparebanken Vest sine lokale i sentrum, i ein staseleg sal med ein aura av fordums bank-storheit. Store portrett av gamle banksjefar omkrinsa lokalet - berre så synd eg ikkje tok bilete av det!

Staseleg lokale
På førehand snakka me om kva desse gamle banksjefane ville sagt om den nye digital valutaen. Eg meinte dei kanskje ville ha nikka attkjennande til ein del av sidene. Dette var trass alt banksjefar som ikkje var uvande med at bankar kunne laga sin eigen valuta, slik det vart gjort i mange land på 1800-talet. Så seint som i 1980 var det eigne Svalbard-pengar i omløp på Svalbard!

Transaksjonar i ei blokk
Det var som sagt ein oppvakt gjeng som møtte fram, og ein god del av dei visste mykje om Bitcoin og hadde leika seg litt med valutaen. Av mange interessant spørsmål fekk eg eit eg ikkje kunna svara klart på: Korleis blir talet på transaksjonar i kvar ny blokk bestemt? Det må vera ein slags konsensus blant "gravarar" ("miners") slik at dei handsamar den same blokka. Dette må eg finna ut av!

27.09.15: Svaret på spørsmålet er at det ikkje er nokon konsensus; miner-ane avgjer sjølve kva transaksjonar dei vil ta med i den nye blokka. Sidan dei ikkje skal fram til ein eksakt verdi, men ein verdi som er mindre enn ein oppgitt verdi, kan dei rekna på ulike blokkinnhald. Grunnlaget for utrekninga ein hash av:

  • Hash av forrige blokk
  • Innhaldet i den nye blokka
  • Eit tilfeldig tal ("nonce")
Hashverdien av dette skal vera under ein gitt verdi for at det skal aksepterast av nettverket.


Bankane eksperimenterer
Også norske bankar er i ferd med å vakna og oppdaga potensialet i Bitcoin. Det er på høg tid, for internasjonalt er det no stor aktivitet. Dei ni største investeringsbankane i verda har nettopp gått saman om eit blokk-kjedeinitiativ, og mange andre ekseperimenterer også med teknologien. Det er synd om Norge, som kanskje har det beste og mest effektive betalingssystemet i verda, skal bli hengjande langt etter her. Men det er også typisk; er det noko historia har vist oss er det at om du er suveren på eit område, blir du fort overkøyrt når ny teknogi vinn fram.

Torvald Kvamme, leiar for produkt og digitale kanalar i Sparebanken Vest, fortalde om brukarperspektivet og si eiga Bitcoin-reise etter mitt foredrag. Han hadde mange gode poeng som illustrerer brukarproblema i systemet: Korleis få tak i Bitcoin? Kvifor i all verda skal du bruka Bitcoin? Men trass i desse utfordringane ser han klart potensialet i teknologien, og at bankane nok vil bli påverka av den.

Her er presentasjonen eg heldt:


Ingen kommentarer: