tirsdag 1. september 2015

Lom og Andvord gard


På Andvord gard går det an å trivast!
Fjellseminaret om "Kva er pengar?" var lagt til idylliske Lom, for - som Morten Søberg i Sparebank 1 Gruppen så treffande uttrykte det: Eit tema som dette må studerast frå periferien!

Lom er kanskje den staden i landet med den mest heilskaplege og gjennomførte arkitekturen. Enkelte vil kanskje sjå på det som ei tvangstrøye, men det er ikkje tvil om at ein slik plan har skapt ein langt meir harmonisk og vakker tettstad enn det meste andre i landet. Det finst nok av skrekkeksempel på det motsette, der det ikkje har vore motforestillingar mot nokon byggjestil.

Ei av mange perler i Lom, og kanskje den største, er Andvord gard. Andvord har røter meir enn 1000 år tilbake, og den eldste skriftlege dokumentasjonen er frå 1315. Då var garden i tvist med kyrkjar (sjølvsagt!). Lom kommune eigde staden ei god stund, men selde den til brørne Richard og Mikkel Andvord, oldebarn av tidlegare eigar. Dei sette i gang eit omfattande restaureringsarbeid, i tett dialog med NIKU. Resultatet er imponerande, og dei har fortent fått Olavsrosa frå Norsk Kulturarv for restaureringsarbeidet.

No tilbyr garden overnatting, servering og kurslokale. I samband med fjellseminaret var det middag kvelden før, og den vart servert i "stor-stuggu". Maten stod i stil med omgivnaden - imponerande!

Eit stort stabbur i Lom, frå 1600-talet, det største i Norge
(fungerte som kornlager for heile bygda)
Det er flott å sjå slike tiltak og det blir heldigvis stadig fleire av dei. Det verkar som Lom har eit spesielt godt renomme på matlaging og gourmetplassar. I tillegg til Andvord finst det fleire kjende gourmetstader, som Videvand (Arne Brimi) og Fossheim Turisthotell. Arne Brimi må truleg få ein stor del av æra for at Lom er sett på gourmetkartet.

Så viss du vil ha noko heilt spesielt, både med atmosfære og oppleving, skal du ta turen til Lom!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hvor stort er stabburet? I og med at det er Norges største?

Svein Ø sa...

Godt spørsmål! Eg har ikkje funne fysiske mål for stabburet, men det er klart at det er eit tre-etasjers bygg. Vidare går det fram av ein artikkel på Lokalhistorie.wiki at stabburet vart bygd så stort for å kunna romma tienda (skatt til konge, prest og kyrkje) på opp til 300 tønner korn - https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Storstabburet_(Lom)