søndag 6. september 2015

eGov 2015

White Tower er eit landemerke i Thessaloniki, bygt i 1523
e-Forvaltningskonferansen eGov 2015 vart arrangert i Thessaloniki i Hellas sist veke. Det var universitetet i Makedonia (i Thessaloniki) som vart vertskap for konferansen. Bak konferansen står International Federation for Information Processing, IFIP, og meir spesifikt arbeidsgruppe 8.5 (IFIP WG 8.5).

IFIP WG 8.5
IFIP er ein stor global organisasjon som organiserer forskarar over heile verda, innan mange disiplinar. Den har over 100 arbeidsgrupper og er ansvarleg for meir enn 100 konferansar årleg.

Ulike typar artiklar
Årets eGov-konferanse vart halden saman med konferansen for eParticipation, ePart, og hadde 100 innsende artiklar totalt. Av desse vart 37 godkjende som fullstendige artiklar (full research paper) og 31 som pågåande forsking (ongoing research). Skilnaden er at dei førstnemnde artiklane blir publiserte i ein serie som gir publiseringspoeng, medan den siste kategorien ikkje gir poeng, men må/kan arbeidast vidare med. Sjølv var eg heldig og fekk godkjent artikkelen i den første gruppa, ein artikkel eg skreiv saman med professor Arild Jansen ved universitetet i Oslo (avd. for forvaltningsinformatikk, juridisk fakultet).

What is This Thing Called e-Service?
Temaet for artikkelen vår var den problematiske bruken av omgrepet 'e-service' eller 'digital service', og problema det kan føra til når det gjeld interoperabilitet (at maskiner skal kunna "snakka" med kvarandre). Artikkelen har tittelen "What is This Thing Called e-Service?" og her er presentasjonen av den.

Sikring av deltaking
Dei vitskaplege konferansane er så smart lagde opp at dersom du får godkjent ein artikkel, etter ei såkalla blind fagfelle-vurdering (blind peer review), må du møta på konferansen og presentera artikkelen for å få den publisert i konferansepublikasjonen (proceedings), elles blir den ikkje publisert og du får heller ikkje publiseringspoeng. Slik sikrar arrangørane at det kjem nok deltakarar.. Alle fullstendige artiklar er tilgjengelege her i ein kort periode.

Byen omkransar bukta som er ein del av
den Thermaiske golfen
Thessaloniki
Thessaloniki er hovudstaden i nord, i det greske Makedonia, og den nest største byen i Hellas med 325.000 innbyggjarar i byen og totalt 790.000 med omland. Det er ein by med lange historiske tradisjonar og mange minnesmerke etter ulike herskarar. Byen vart grunnlagt i år 315 f. Kr. Den
låg strategisk og vart eit naturleg nav i handelsruter frå aust-vest og nord-sør både som del av det romerske imperiet og seinare det bysantiske. Folketalet var over 150.000 på 1100-talet, noko som seier mykje om kor viktig denne byen har vore i historisk tid.

Konferansehotellet Electra Palace Hotel er sentralt plassert
på Aristoteles Square, det absolutte senteret i byen
Romersk - Bysantisk - Veneziansk - Ottomansk
Den bysantiske perioden etter romarriket sitt fall varte til 1204 og i perioden fram til 1423, då Thessaloniki vart ein del av bystaten Venezia, var skiftet av herskarar mange. I den siste korte perioden 1423 - 1430 vart byen ein del av Venezia, mest som eit forsøk på å verna den mot den ottomanske makta i aust. Men i 1430 vart Thessaloniki ein del av det Ottomanske riket, og det varte heilt til 1912. I 1917, under første verdskrig, brann nesten heile den gamle byen ned og over 70.000 vart heimlause (The Great Thessaloniki Fire of 1917).

Utsikt frå restauranten på Electra, plassert på taket av hotellet.
Ikkje berre hardt arbeid på ein slik konferanse ;)
I staden for rask oppattbygging, tok thessalonikiarane seg god tid og engasjerte den franske arkitekten Ernest Hébrard til å laga ein plan for ein ny og utvida by. Heile planen til Hébrard vart ikkje gjennomført, det kosta for mykje, men sentrale delar som Aristoteles Square er minne om dei grandiose byplanane.


Ingen kommentarer: