fredag 18. mars 2022

Forbod mot kryptograving i Norge

Bitcoin-sikring i Dale (Foto: Svein Ø.)
Raudt har kasta seg på populist-bølgja mot kryptograving og har lagt fram forslag i Stortinget om forbod mot denne typen aktivitet i Norge. Subsidiert ønskjer dei at slike datatenester ikkje skal nyta godt av redusert el-avgift. For ordens skuld brukar eg bitcoin-graving heretter, sidan det i all hovudsak er den kryptovalutaen det er snakk om.

Det er nesten unison oppslutning blant dei politiske partia om at bruk av elektrisk kraft til bitcoin-graving er sløsing med energi som burde vore forbode, eller i det minste ikkje nyta godt av redusert el-avgift. Det er kanskje berre Venstre som har vist eit meir nyansert syn på saka. Eg er usikker på om det berre gjeld Sveinung Rotevatn eller om partiet også er på linje med han i dette spørsmålet.

Eg sende ein epost til forslagsstillar Sofie Marhaug, Raudt, for å prøva å opplysa om at denne saka ikkje er så enkel som den kan sjå ut til ved første augekast. Her er eposten:


Hei!
Eg les i e24.no at Raudt vil ha forbod mot energibruk til kryptovaluta, subsidiert bortfall av elavgift-rabatt. I artikkelen kjem det fram fleire moment som tyder på at det er ein del misforståelse kring temaet, og det er uheldig om lovgiving blir basert på det.

Eg arbeider som forskar ved Vestlandsforsking i Sogndal og har følgt Bitcoin og kryptovaluta sidan 2011. I tillegg til publisering av mange vitskaplege artiklar underviser eg også i temaet ved Høgskulen på Vestlandet. I fjor søkte over 200 studentar opptak på kurset og det var det desidert mest populære valfaget ved HVL.

Energispørsmålet er viktig, men også langt meir komplisert enn du og dei fleste politikarane gir inntrykk av. Det er ikkje plass til omfattande utgreiing i denne eposten, men la meg berre nemna nokre punkt:

1. Energibruken er for å sikra Bitcoin (ev. blokkjedesystemet) og ikkje først og fremst for utvinning. Utvinning av nye bitcoin kunne vore gjort nærmast utan bruk av energi. Til meir energi som blir brukt, til sikrare er systemet.

2. Bitcoin er eit svar på finanskrisa og den skakkøyrde økonomien globalt. Det er difor veldig rart at den største motstanden mot kryptovaluta er å finna på venstresida. Eg oppfattar Raudt som realistar meir enn idealistar, og Bitcoin er ein pragmatisk måte å adressera dagens enormt problematiske finansielle verd på. Kva er Raudt sitt realistiske forslag her? Så langt eg kan sjå, har situasjonen stadig vorte verre, ikkje betre. Og det trass i svært omfattande regulering.

3. Bitcoin-graving er svært konkurranseutsett slik at det berre er den billegaste energien som vil bli brukt. Med dagens høge straumprisar er det ikkje lønnsamt å driva slikt gravearbeid i Norge, i alle fall ikkje i Sør-Norge. Bitcoin konkurrerer ikkje om straumen anna enn der den frå før er billig, der det med andre ord er overflod av energi.

4. Bitcoin kan bli løysinga og ikkje problemet på det grøne skiftet. Det høyrest kontra-intuitivt ut, men forklaringa er at for å kunna byggja ut store mengder fornybar energi, noko som er nødvendig for å fasa ut fossil energi, må det inn lastbalanserande tiltak i nettet. Den fornybare energien vil stort sett vera i form av sol og vind, og vil ha store svingingar i produksjon ("null til hundre" i løpet av kort tid). Me kan ikkje byggja ut eit energinett som kan takla dei veldige toppane, og her kjem Bitcoin inn som eit muleg balanserande verktøy. Bitcoin-graving kan skje når det er stor overproduksjon og kan strypast eller stengjast ned når det er lite produksjon. Dette har alt fått ein del omfang i USA og blir kalla "demand response".

5. Til slutt nytteperspektivet. Bitcon er ikkje nyttig for deg og meg i dag, anna enn som muleg verdioppbevaring. Men for folk utan tilgang til banktenester, eller der det plutseleg blir ein enormt trykk på bankane (Ukraina, Russland, Afghanistan ++) vil bitcoin kunna bli ei redning. Det er ikkje utan grunn at afrikanske, asiatiske og sør-amerikanske land er der Bitcoin-bruken  veks mest.

Eg håpar dette kan bidra til ein meir opplyst debatt om saka. Eg vil elles tilrå "Den vesle boka om Bitcoin" som ei god og lettlesen innføring i temaet.

Mvh
Svein Ølnes, Vestlandsforsking
(For ordens skuld vil eg opplysa om at eg eig bitcoin)

1 kommentar:

Unknown sa...

Heisann. Har du noen interesse av å kunne stille til et mobilintervju eller lignende om kryptovalutta. Lager en mini-dokumentar om dette gjennom et skoleprosjekt. Har du evnt. en mail?