fredag 4. mars 2022

Venstresida misforstår Bitcoin

Lesarinnlegg i Klassekampen 05.03.2022. Dessverre endra Klassekampen tittelen til "Venstrasida forstår ikkje noko av bitcoin". Den tittelen er meir polariserande og unødvendig konfronterande - det var ikkje bra!
Dei tok også ut avsnittet om Canada for å få plass i papiravisa. Det siste var ok og noko dei spurde meg om.

Venstresida misforstår Bitcoin

Det er veldig synd at venstresida avviser Bitcoin, nærmast på autopilot, som Hege Skarrud i Attac også gjer i ein artikkel i Klassekampen 3. mars. Ho sausar saman mykje i denne artikkelen, men eg vil her konsentrera meg om Bitcoin. Det betyr at NFT og andre «ville ting», og her er eg faktisk einig med Skarrud, blir utelate. Det eksisterer knapt på Bitcoin-blokkjeda.

Finanskrisa
Bitcoin var eit svar på finanskrisa som Skarrud er inne på. Filosofien bak Bitcoin byggjer på dei same idéane Internett vart bygt på; eit system som skal vera svært vanskeleg å stoppa fordi det er konstruert så desentralt som muleg. Dessverre har Internett utvikla seg til eit sentralisert mareritt, og det er her Bitcoin går tilbake til utgangspunktet og prøver å laga eit system som skal unngå den same utviklinga. Når Skarrud snakkar om nokre få aktørar som har stor makt over Bitcoin, avslører ho at ho ikkje forstår systemet. Makta i Bitcoin er fordelt mellom mange aktørar og er uavhengig av kor mange bitcoin ein eig. Ein kan ikkje kjøpa seg innflytelse over systemet, i motsetnad til dagens ordinære finanssystem. 

Bitcoin-sikring, ikkje utvinning
Utan å gå for langt inn i tekniske detaljar er energibruken heller ikkje for å utvinna bitcoin, men for å sikra systemet. Til meir energi som blir brukt, til sikrare er systemet. Nye bitcoin er godtgjersle til aktørane som sikrar systemet. Mange blir tiltrekte Bitcoin og andre kryptovalutaer for å bli rike, det er ikkje grunn til å leggja skjul på det. Men som den indisk-fødde Silicon Valley-entreprenøren Naval Ravikant har uttalt: 

«Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.»

Protestane i Canada
Skarrud latterleggjer indirekte lastebil-protestane i Canada, men det er det liten grunn til. Dei voldsomme reaksjonane frå Canadiske styresmakter på ein fredeleg demonstrasjon er vanskeleg å forstå og også akseptera. Styresmaktene var raskt ute med å klistra «vaksinemotstand» og «høgrekrefter» til demonstrantane for å få aksept for innføring av unntakslover. Dessverre var venstresida igjen på feil side, slik også Kari Elisabet Svare gjorde greie for i eit lesarinnlegg i denne avisa 12. februar.

Energispørsmålet
Energispørsmålet er sentralt og fortener brei diskusjon. Men den må baserast på kunnskap og ikkje på moralsk forarging. Å rekna ut energibruken pr. transaksjon er ei feilkopling. Talet på transaksjonar påverkar ikkje energibruken i Bitcoin, og dessutan må Bitcoin sjåast på som eit oppgjerssystem liknande Noregs Banks oppgjersystem. Oppgjerssystemet bør ikkje brukast til betaling for kaffi eller andre småbeløp. Til slike betalingar finst det eit tilleggssystem kalla Lightning Network. Der brukar ikkje ein transaksjon meir energi enn ei epostmelding, men systemet blir likevel sikra av Bitcoin som oppgjers- og hovudsystem.

Det gjeldsdrivne forbrukarsamfunnet
Til slutt nokre ord om dagens gjeldsbaserte forbrukssamfunn me lever i. Eg er ikkje mellom dei som i utgangspunktet er tilhengjar av den austerriksk økonomimodellen og svermar for ein ny gullstandard, men samtidig meiner eg at dagens økonomiske modell på ingen måte er berekraftig. Og eg ser heller ikkje at Attac synleggjer dette problemet. Me har målt oss inn i eit hjørne økonomisk sett der det blir gale uansett kva som blir gjort. Sentralbankane er tøffe i trynet og varslar heving av rentenivået, men med den enorme gjelda som er bygd opp, vil det fort kunna føra til økonomisk tilbakegang og resesjon. På den andre sida truar inflasjonen stadig meir. Bitcoin løyser ikkje desse problema, men eg er veldig glad for at det finst eit uavhengig, alternativt økonomisk system. 


5 kommentarer:

Anonym sa...

Et spørsmål rundt det du sier "Makta i Bitcoin er fordelt mellom mange aktørar og er uavhengig av kor mange bitcoin ein eig. Ein kan ikkje kjøpa seg innflytelse over systemet".

Det er flertallet av deltakerne i kjeden som bestemmer sannheten. Hvis kjeden i dag består av 100 noder og jeg deltar med 101 nye noder, har jeg ikke da mulighet til påvirke kjeden?

Svein Ø sa...

Godt spørsmål, og interessant problemstilling. Det spelar på ein måte ingen rolle kor mange fullnodar du deltek med. Om du er ueinig med dei andre fullnodane i Bitcoin, vil du i realiteten setja deg sjølv på sidelinja og skapa ein altcoin a la Bitcoin Cash.

Det er annleis med hashrate, altså reknekraft i nettverket. Viss du kontrollerer meir enn halvparten av reknekrafta, kan du gjera uheldige ting som dobbeltbruk ("double-spending"), og du kan sensurera andre transaksjonar i den forstand at du kan la vera å inkludera dei i nye blokker.

Anonym sa...

Takk for svar.

Oppfølgingsspørsmål: hvis jeg har 10% av all regnekraft på nettverket, betyr det at jeg statistisk sett vil være den som klarer å lage en ny blokk (før alle andre) i 10% av tilfellene?

Eller er det ingen direkte/enkel sammenheng mellom hashrate og sjanse til å være først med å fullføre proof-of-work?

I hodet mitt så er det rart nok ikke intuitivt – jeg vil tro at hvis det bare fantes to noder som driver med mining i hele nettverket der én har 1% av regnekraften og den andre har 99% så vil den største være først med å finne neste blokk i langt flere tilfeller enn 99%.

Det er som å sammenligne en trøsykkel med en Ferrari i mitt hode. Selv om de går ut på banen en milliard ganger for å kjøre drag race så vil jo Ferrarien alltid komme først?

Men å finne en nonce som gir en hash som oppfyller riktige krav for proof-of-work er jo også ganske random, så den trøsykkelen kan jo ha flaks – men for meg høres 1% alt for mye ut i flaks når motparten er så eeeeekstremt overlegen?

Grunnen til at jeg spør er at jeg lurer på om det vil bli en trend der mindre minere blir tvunget til å gi opp konkurransen, som gjør at de større blir større, eller måtte slenge seg på et pool for å tjene litt penger i det hele tatt (som igjen gjør at de større blir større)?

Anonym sa...

Jeg kan forstå at jeg har 1% sjanse hvis alle andre har 1% sjanse. Men det er noe som skurrer i hodet mitt når man har 1% mot 99% med kun to deltakere. Men forholdet er kanskje lineært, uansett antall deltakere og fordeling av regnekraft på deltakerne?

Svein Ø sa...

Det er rein statistisk sannsynlegheit, ja. Om du har 10 % av reknekrafta, vil du vinna hash-konkurransen i 10 % av tilfella, altså kvar 10. blokk i snitt. På den måten kan du også rekna ut fortenesta di ved å sjå på kor stor del av reknekrafta du har (du kan rekna det ut i btc, men kursen kan sjølvsagt endra seg opp og ned).