torsdag 10. mars 2022

Svart-kvitt om Bitcoin

Bjørn Stærks hest til venstre..
Bjørn Stærk har sett seg på sin høge hest og langar ut mot både Bitcoin, blokkjede og meg i ein ny kommentar i Morgenbladet 10.03.2022: "Blokkjedeentusiastene snakker som Trollmannen fra Oz" (bak betalingsmur). Ingressen er "Ikke la deg bløffe. Det som gjemmer seg bak teppet, er bare en sær ideologi og en drøm om å bli rik". Hovudpunkta elles i BS' kommentar:

  • Blokkjedeentusiastar er aggressive i kritikk mot teknologien arresterer fort dei som prøver seg på det

  • "troen på at teknologi er en løsrevet og ustoppelig kraft som på egen hånd fører oss frem mot en bedre fremtid."

  • "Noe som burde vært et politisk valg – hva slags penger ønsker vi? – blir gjort om til en uunngåelig utvikling som du bare har å godta."

  • Han går deretter laus på meg og det han meiner er uredeleg rolleblanding sidan eg ikkje opplyser (i lesarinnlegg) at eg eig bitcoin/kryptovaluta

  • Visjonen bak Bitcoin er en verden hvor penger er utenfor sentralbankenes, politikernes og rettsvesenets kontroll. Beskyttelse mot tyveri, kamp mot hvitvasking, økonomiske sanksjoner mot aggressive stater? Ikke i en bitcoinverden.

  • Lovverket og domstolene skal erstattes med programvare. Dette har en del uhyrlige konsekvenser som jeg skal komme tilbake til en annen gang. Uansett er det en sær ideologisk visjon.

  • Blokkjeden er ikke en teknologi som åpner døren til utallige spennende muligheter, slik internett gjorde, men snarere den teknologien du sitter igjen med etter at du, av ideologiske grunner, har lukket alle andre dører. 

Og her er tilsvaret mitt (som Morgenbladet dessverre ikkje publiserte samtidig med BS' kommentar fordi eposten frå meg til debattredaktøren hamna i spam-filteret):


Svart-kvitt om Bitcoin

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking

Eg må ha treft eit ømt punkt hos teknologispaltist Bjørn Stærk sidan han verkeleg tek fram storslegga i vekas kommentar. I Bjørn Stærks verd er det ikkje rom for nyansar. Alle som promoterer blokkjeder og kryptovaluta meiner at teknologi er ei lausriven og ustoppeleg kraft som på eiga hand fører oss fram til ei betre verd. Vel, eg trur ikkje det, og er kritisk til mykje teknologi, også innan kryptovaluta. Men Bjørn Stærk inviterer ikkje til dialog, han hamrar laus og eksponerer ei svart-kvitt-haldning som stengjer for interessant og opplysande meiningsutveksling. Det er synd, for det er mange interessante dimensjonar også ved dagens pengepolitikk som fortener diskusjon, ikkje minst kor politisk styrt den faktisk er, og kor store fordelar du har ved å vera nær pengekjelda («Cantillon-effekten»).

Han hevdar eg driv uredeleg rolleblanding sidan eg både forskar på Bitcoin og blokkjedeteknologi og i tillegg investerer i bitcoin. Han insinuerer at eg vil ha økonomiske fordelar av dette samtidig som han frikjenner meg for økonomisk motiv. Eg blir ikkje heilt klok på kva han meiner. Det som derimot er uredeleg, er å påstå ting eg ikkje har sagt, som at me alle skal bruka Bitcoin.

Det verkar som Stærk meiner entusiasme er eit dårleg utgangspunkt for ein forskar. Kan ein klimaforskar vera medlem av ein klima- eller miljøorganisasjon, eller er det ei uheldig rolleblanding? Bør klimaforskaren alltid opplysa om organisasjonane hen er medlem av, i alle lesarinnlegg og andre publikasjonar? Kan ein økonom som også har euro eller dollar uttala seg om valutaspørsmål utan å oppgi beholdningen sin?  Sjølv oppgir eg alltid at eg har investert i kryptovaluta i forelesingar, kurs, seminar og liknande. Eg gjer det ikkje kvar gang eg skriv lesarinnlegg, som her i Morgenbladet, men kanskje eg må utstyra dei framtidige innlegga mine med ein lengre byline eller faktaboks der eg listar opp investeringane mine?

Bjørn Stærk har store problem med Bitcoin og andre opne blokkjeder fordi dei ikkje er under politisk kontroll. Ut frå det argumentet bør han også ha problem med Internett, noko det ikkje verkar som han har. Sist eg sjekka, var heller ikkje Internett underlagt politisk kontroll. Faktisk er styringa av nettet og Bitcoin ganske like i forma, som dei opne systema begge er.

Bjørn Stærk er ikkje i tvil om Bitcoins visjon; det er liberalistisk anti-politikk. Men Bitcoin har ikkje noko visjons- eller policy-dokument. Bitcoin er ulike ting for ulike folk. Det er kanskje ei overvekt av liberale og liberalistiske synspunkt i vestlege land, men den sterke veksten i bruken av bitcoin i afrikanske, asiatiske og sør-amerikanske land viser at politisk syn er mindre viktig enn praktisk nytte.. Det kan Bjørn Stærk og andre få meir informasjon om ved å delta på årets Oslo Freedom Forum 23.-25. mai i år der Bitcoin er blant hovudtema.

 


Ingen kommentarer: