tirsdag 2. september 2008

DEXA 2008 / eGov '08

Denne veka blir konferansen DEXA 2008 arrangert ved Politecnico di Torino, og under DEXA-paraplyen også delkonferansen eGov '08. DEXA står for Database and Expert Systems Applications og det er 19. året den blir arrangert. Under hovudkonferansen er det mange parallelle underkonferansar.

Tilgjengelegheit
Sjølv presenterte eg resultat frå kvalitetsevalueringane i regi av Norge.no med vekt på tilgjengelegheit (web accessibility). Presentasjonen var dessverre seint på dagen og det var ikkje så mange som hadde halde ut. Men det vart likevel mange spørsmål og ein interessant diskusjon etter presentasjonen. Det var tydeleg at temaet engasjerte.

Mykje prat - lite handling
Det som slår meg med dei mange presentasjonane på eGov-konferansen er at det er veldig mykje prat og lite handling. Eller sagt på ein annan måte: mykje teori og lite empiri. Artikkelen min var rik på empiri, men tynn på teori. Eg meiner likevel at empiri og stor-skala forsøk er sterkt undervurderte i denne disiplinen. Det blir fort eksotiske modellar og rammeverk som sjeldan eller aldri blir prøvde ut. Det gjer at forskinga på e-forvaltning ofte plasserer seg på sidelinja av det som skjer i offentleg sektor.

Italia og kaos
Møtet med Italia har dessverre stadfesta ein del av fordommane mine på førehand: konferansen føregår på eit kaotisk byggjeområde og det er den reine labyrinten å komma fram til konferanselokala. Lunsj-området er det totale kaos. Og starten på bussturen frå Milano til Torino var som ein parodi på italienarar - rasande passasjerar som sperra inngangen til bussen fordi det var altfor lite bagasjeplass. Etter lange og hissige diskusjonar kom me likevel av garde. Ein medpassasjer orsaka seg til meg for at Italia framstod som eit utviklingsland..

Men bortsett frå slike mindre viktige hendingar, er Italia og Torino flott. Og kaffien er jo berre heilt topp, enten det er ristretto eller vanleg espresso...

søndag 31. august 2008

IT i skulen

Med eldste dottera nettopp starta på vidaregåande, har eg fått eit lite innblikk i status for IT-bruk i skulen. Og førsteinntrykket er skremmande! Vel har ho berre gått eit par veker, men det teiknar seg alt eit bilete av ein skule som ikkje tenkjer på IT som eit naturleg verktøy i det heile. Det er som om det skulle vera noko nytt og ukjendt.

Det starta med rot med klasselister og lister som låg tilgjengelege på nettet før skulestart. Skuleleiinga var (sjølvsagt) heilt ukjende med det - det verka som dei ikkje var klar over at eit av verktøya dei brukar er eit online timeplansystem. Og dette var altså ope for alle å sjå. At slikt ligg ope på nettet er ikkje i seg sjølv så farleg, men når elevar blir flytta fram og tilbake mellom klassar frå den eine dagen til den andre, og opplever å bli plassert i feil klasse første dagen, så er det slett ikkje bra.

Men det dårlege inntrykket av IT-bruken kjem først og fremst frå pensumlistene. Her er alt som det har vore i 30-40 år, for ikkje å seia 100. I dag må skulen nærmast rekna med at alle elevar har tilgang til berbar pc, og dei som ikkje har det bør få støtte på ein eller annan måte. Med det som utgangspunkt blir det heilt feil å be elevane kjøpa inn ordbøker i alle språkfag og til alt overmål ein grafisk kalkulator!

Kalkulatoren tek i grunnen kaka. I matte er dei avhengige av grafisk kalkulator til 1100-1200 kr. Og så sit dei fleste med rekneutstyr i tungvektsklassen. Er det ikkje ein tanke å bruka pc-ane nettopp til dette?

Gratis læremiddel er under innføring i vidaregåande, og førsteklassingane er dei siste som må kjøpa sjølve. Det er eit bra tiltak, men det må følgjast opp med ei anna tenking. Det er lite vits å kjøpa ordbøker til elevane (kanskje dei må kjøpa dei sjølve, saman med kalkulatoren?). Ressursane må brukast til å utvikla gode nettressursar på dette området. Fylkeskommunane har nyleg fått mange millionar kvar for å rusta opp den digitale satsinga i skulen. Eg håpar mykje av ressursane blir styrte mot utvikling av fellesressursar som digitale ordbøker m.m., men eg fryktar at det går til administrative system.

Ei av mine desiderte favoritt-tenester på nettet er Bokmåls- og nynorskordboka. Det er eit verktøy eg brukar dagleg. Universitetet i Oslo fekk midlar til å gjera bøkene tilgjengelege på nettet, men dessverre ser det ikkje ut til at det er midlar til vedlikehald og oppdatering. Ordlistene er ikkje oppdaterte på lang tid. Her må det inn midlar fort! Det vil kanskje vera feil å bruka dei fylkeskommunale midlane, men ein stad må ein finna pengane. Og då meiner eg det er ei betre investering å setja pengar i slike prosjekt framfor å kjøpa berbare pc-ar til elevar som stort sett har slikt utstyr frå før.

Skal ein absolutt kjøpa inn utstyr, så sats på små berbare Linux-maskiner som Asus Eee. Det verkar som det perfekte verktøyet for elevar og studentar. Les elles Bjørn Venns blogginnlegg om litt av det same temaet.

mandag 18. august 2008

Olav H. Hauge 100 år

Olav H. Hauge ville ha vore 100 år i dag. Den kjende diktaren frå Ulvik i Hardanger vart 86 år gammal og døydde i 1994. Han vart fødd i Ulvik, men Hauge-namnet kjem frå Lærdal der far hans kom frå. Han var altså halvt lærdøl.

I år er det felles 100-årsjubileum for både Olav H. Hauge og Geirr Tveitt, begge fødde i 1908 og begge hardingar. Og begge har hatt stor innverknad på kvart sitt område; lyrikk og musikk. Dei to vart etter kvart godt kjende og vegane deira kryssa kvarandre fleire gonger.

Hauge hadde ikkje ikkje noko enkelt liv, særleg i første halvdelen - det er vel gjerne slikt det blir stor kunst av. Han vart alvorleg sjuk alt som 15-åring ("i strid med maktene" som han sa sjølv sa) og seinare skulle han med jamne mellomrom bli hardt råka av djupe depresjonar og innlagd på (sinns-)sjukehus, jamvel med tvang. "Den andre mannen" eller "hin mannen" kalla han denne sida av seg sjølv, og sjølv om han er veldig langt nede i desse periodane, ser han seinare på denne sida ikkje berre negativt. Det er "den andre mannen" som verkeleg er noko, den sida representerer det kreative, for ikkje å seia galskapen, og den vanlege sida er nærmast "puslingen".

Den radikale krinsen av forfattarar kalla Profil etter tidsskriftet, blir ofte trekt fram som dei som oppdaga Hauge og fekk han fram i lyset. Det stemmer ikkje heilt, ein gløymer då at Hauge fekk kritikarprisen ((Norsk Kritikerforenings pris) alt i 1961 - mange år før Profil-gjengen kom på bana. Desse orda i Hauge si dagbok etter prisen vart kjend, seier mykje om forfattaren:

Eg lyt fortelja nytt. I går kveld ringde forlagssjef Øyvind Dybvad i Norsk Boklag. Han fortalde at På ørnetuva hadde fenge Norsk Kritikerforenings pris for 1961. Sjå der! Ho greidde seg, den vesle boki likevel. Han vilde eg skulle koma til Oslo til torsdag, då utdelingi skulde gå for seg. Fjernsyn nemnde han, og slike nye greidor. Eg sa nei med det same.... Visst er eg takksam, men det høver ikkje for ein arbeidsmann å møta fram på slike stader."
Men sjølv om Hauge syntest smålåten og ofte trekte seg unna merksemd, sette han inst inne stor pris på den. Han ville gjerne bli sett og akseptert, han som dei fleste andre.

Sjølv har eg vore fascinert av Olav H. Hauge lenge, først gjennom dikta hans og seinare gjennom historia om mannen sjølv. Det er smått utruleg at denne karen, som stort sett gjekk og sulla heime på garden Hakestad, hadde betre oversikt over lyrikk rundt om i verda enn dei fleste andre her til lands. Ein treng altså ikkje ha Oslo 3 som adresse for å følgja med på det som skjer!

Er du berre litt interessert i Olav H. Hauge, vil eg tilrå biografien Mitt liv var draum av Knut Olav Åmås. Det er ein framifrå biografi, grundig og ærleg og Åmås trengjer gjennom myta om "den diktande fruktdyrkaren". Han får fram dei store spenningane og kler av det romantiske synet på fruktbonden i Hardanger. Vel verdt å lesa!

I desse OL-tider kan diktet om Kuppern kanskje passa som avslutning, sjølv om det vart skrive til eit vinter-OL:

KUPPERN SKRID I SQUAW VALLEY

Eg har og teke premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg hadde berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.

Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.

tirsdag 12. august 2008

Årets konsert















For min del blir nok gårsdagens opningskonsert for Oslo Jazzfestival i det nye operabygget årets konserthøgdepunkt. Det vart to konsertar i ein, med ei avdeling Porgy & Bess og ei avdeling med Sketches of Spain.

Først eit par ord om operabygget. Det geniale ved bygget vart ikkje klart for meg før eg forsto at dette er eit bygg ein kan gå på - og det gjer folk til gagns. "Å gå på opera" har fått ein ny betydning; no er det reine folkesporten. Eg kosar meg også med tanken på at Frp her har feilrekna publikummet sitt grovt med den negative haldninga til bygget. "Folk flest" har trykt bygget til sitt bryst og det kan absolutt kallast Folkets hus. Som vanleg slepp Frp alt for billeg frå dette..

Tilbake til konserten. Maria Schneider stod i sentrum med sine Gil Evans-arrangement og det let flott, berre så det er sagt. Konserten opna, litt overraskande, med Porgy & Bess og Nicholas Payton som solist. Payton har (som mange andre) vorte kalla den nye Louis Armstrong, mykje pga. oppvekst i New Orleans og ei framtoning og ein trompetlyd som liknar mykje på gamle Louis. Det er alltid farleg å bli kalla "den nye ...", uansett kva sjanger og instrument det er. Det har teke knekken på mang ein artist.

Eg trur det kanskje også har prega Nicholas Payton og gjort han litt forvirra. Frå å starta som typisk neoklassisk bop-trompetist, har han gjort merkelege U-svingar innom m.a. electronica for så å venda tilbake til utgangspunktet. Det er litt typisk for den nye generasjonen av amerikanske jazz-musikarar; dei veit ikkje heilt kva bein dei skal stå på. Til Payton er det berre å seia: "hald fast på det du starta på". Han er heilt klart best når han spelar standardlåtar, og gjerne dei blues-prega.

Slik sett kunne han verka som eit litt feil val til å ta Miles-rolla i Evans-klassikaren Porgy & Bess. Og det vart noko uforløyst over det heile. Visst spelar han bra, men det læt litt tillært og ikkje heilt ekte. Berre på eit par melodiar (Summertime og There's a boat that's leavin' soon for New York) kom den "ekte" Payton fram, og særleg på den siste melodien tok det av. Men før det var det litt tamt. Eg tenkjer at Porgy & Bess-versjonen til Ella Fitzgerald og Louis Armstrong ville ha passa Nicholas Payton mykje betre, men det måtte jo ha blitt i eit anna konsertformat.

Sketches of Spain avslutta konserten og det vart eit formidabelt høgdepunkt. Det er ganske fantastisk at ein norsk trompetar, attpåtil frå Sogn og Fjordane!, skal stå i sentrum for noko slikt. Men Arve Henriksen overbeviste og publikum skjønte fort at dette var noko spesielt. Han makta å gi sitt eige uttrykk til melodiane medan han på same tid var heilt i Miles si ånd. Det var rett og slett fantastisk. Ekstranummeret fortener også omtale: Han sette i gang ein improvisasjon som heilt klart ikkje var avtalt. Musikarane var temmeleg rådville, men han fekk dei gradvis med, og til slutt også heile salen.

Om eg skal trekka bitte lite grann i Arve Henriksen sitt spel må det vera at eg heile tida sat med ein følelse av at teknikken er noko begrensa. Særleg i dei sterke partia hadde han litt lite å bidra med, og overlet det meste til ensemblet, med trompetrekkja og Frank Brodal i front. Arve Henriksen minner meg ein del om Palle Mikkelgaard i spelestilen og uttrykket - spesielt dei vare, melodiske linjene. Men Palle har det vesle ekstra når han gir jarnet, sjølv om det skjer svært sjeldan.

Maria Schneider leia begge avdelingane med stødig hand og viste at ho har eit heilt spesielt forhold til denne musikken og ei heilt spesiell forståing. Sjølv om ho stod i sentrum for konserten, kom ho litt i bakgrunn av Arve Henriksen sin prestasjon. Men det hadde ho tydelegvis ikkje noko i mot; og Arve Henriksen er heller ikkje den typen som tek rampelyset frå nokon - heller omvendt.

Her har vi ein musikar frå Sogn og Fjordane som er i absolutt toppklasse, utan tvil den største musikaren fylket har fostra i nyare tid. Og så er det knapt eit menneske som kjenner til han i heimfylket..

søndag 10. august 2008

Den viktige oversetjaren

Favorittforfattar for tida er finske Arto Paasilinna. Han har skrive ei rekkje bøker og slo gjennom i heimlandet med boka Harens år i 1975. Bøkene er oversette til mange språk, men til norsk kom dei ikkje før nokre få år sidan. Harens år vart oversett i 2004 og seinare kom Den ulende mølleren (2006), De hengte revenes skog (2006), Kollektivt selvmord (2007) og Den elskelige giftblandersken (2008).

Det er ikkje tunge finske tankar a la "finsk fjernsynsteater" Paasilinna formidlar, men tvert om lettlesne og humoristiske historiar. Dei har eit visst burlesk preg og det er ofte den utstøytte middelaldrande mannen det handlar om, som gjerne dreg djupt inn i dei finske skogane og lever ut livet der i kontrast til det moderne. Rikelege mengder sprit høyrer også med, og her lever bøkene meir opp til dei finske mytane. Eg synest t.d. Erlend Loes Doppler minner mykje om Paasilinna, også i måten menneske og dyr kommuniserer på.

Eg har lese alle bøkene med unnatak av Kollektivt selvmord og den einaste eg synest ikkje held heilt mål, er Den elskelige gift-blandersken. Det er delvis på grunn av historien som ikkje er like god som i dei to første, men etter kvart sakna eg også det frodige språket som er heilt avgjerande i oversetjinga av ein slik forfattar (utan at eg kan eit ord finsk).

Det var då eg oppdaga at den siste boka er oversett av ein annan enn dei første. Dei tre første bøkene er oversette av Nøste Kendzior, kanskje kjend frå NRK og med kvensk bakgrunn, trur eg. Dessverre døydde ho i slutten av 2006 og blir ståande med dei tre oversetjingane av Paasilinna ho rakk. Det var synd ho starta så seint, for ho verka å ha eit sikkert tak på språket til Paasilinna.

Det er ikkje ofte ein tenkjer over oversetjingskvalitet og det er ikkje så rart. Det er sjeldan ein kan samanlikna originalteksten med den oversette, eller som i dette tilfellet ein oversetjar sitt arbeid opp mot ein annan.

Arto Paasilinna kan uansett tilrådast. Det er korte og lettlesne bøker og eg tilrår å starta med enten De hengte revenes skog eller Harens år.

fredag 8. august 2008

Komplett uforståeleg

Komplett.no er ein av dei store på netthandel av elektroniske varer og eg brukar dei ofte. Det siste kjøpet var minne til ein gammal pc. Men då minnet skulle installerast, viste det seg at det ikkje fungerte.

PC-en er ein Fujitsu-Siemens av merket Scaleo, årsmodell 2001. Dessverre er ikkje Fujitsu-Siemens særleg interesserte i å opplysa kva modelltype dei sel så det var uråd å finna ut eksakt modell både via merking av sjølve pc-en og via medfølgjande dokumentasjon. Søk på modellnr., som stod på pc-en, ga ikkje resultat verken på Fujitsu-Siemens sine nettsider eller på Google.

Eg returnerte dermed minnebrikkane ved å følgja Komplett si oppskrift for "retur av produkt". Eg merka returen med at minnebrikkane ikkje passa til pc-en. Det såg ut til å fungera fint, men i dag kom det ny melding frå Komplett om at dei hadde funne feil på den eine minnebrikken og at den ville bli erstatta og ny sendt saman med dei andre brikkane. Men det var jo ikkje feil på minnebrikkane som var problemet, det var feil type minnebrikkar.

På brukarstøtte fekk eg opplyst om at eg ikkje skulle ha brukt "retur", men "angrefrist" - nærmast med eit "sjølvsagt" lagt til. Det er neimen ikkje lett å forstå ut frå opplysningane på Komplett sine nettsider. Moralen er: Snakk kunden (brukaren) sitt språk! Gjer det heilt klart for kunden at det er snakk om angrefrist og ikkje retur ved å stilla eit enkelt spørsmål i starten av rettleiinga.

Men elles er eg godt nøgd med Komplett...

fredag 11. juli 2008

iPhone? Nei takk!

I dag blir Apples iPhone lansert med brask og bram i dei fleste europeiske land. Den har etter kvart fått nødvendig oppgradering som 3G og MMS og er i det heile rålekker. Men det er gode grunnar for at me bør seia nei takk til telefonen, om enn med tungt hjarte.

Lanseringskampanjen er stramt styrt, så stramt som berre Apple kan. Aftenposten melde i går om tøffe kontraktar for media for å få tilgang til prøveeksemplar, ein kontrakt dei sjølve nekta å skriva under på. Dessverre er det mange som skriv under berre for å få hendene i eit eksemplar. På dette området er Apple typisk amerikansk: ein tilsynelatande fri og uformell stil (jfr. Steve Jobs ulike lanseringskonferansar) som skjuler eit beinhardt regime. Dongeri utanpå, militæruniform under..

Men det er andre ting som er verre med iPhone: Låsing av telefonen både til mobiloperatør og låsing av plattform. Det første er ikkje noko nytt, men Apple har teke det eit par steg lenger enn konkurrentane. Det siste er typisk Apple; Microsoft er den som får kjeften medan Apple i det store og heile er mykje verre når det gjeld låsing og proprietære haldningar. Forbrukarombodet Bjørn Erik Thon har fleire gonger kritisert Apples iPhone-planar i Norge og har pressa på for større openheit.

Ingen skal ta frå Apple evna til å laga kule ting. Dei har dei ypparste designarane og lagar rett og slett dei kulaste dingsane. Slik er det også med iPhone som redefinerer mobiltelefonen og legg lista høgt for konkurrentane. Ikkje minst er brukargrensesnittet, med peiking og ulike bevegelsar for forstørring og forminsking, genialt.

Men bak det tiltalande ytre er det ein filosofi som skremmer. Det er låsinga av telefonen og total tilgangskontroll som er det mest skumle. Det varslar ein ny trend som på lenger sikt kan bli heilt øydeleggjande for det kreative og innovative Internettet me kjenner. Jonathan Zittrain brukar iPhone som eksempel på den nye bølgja som han meiner kan føra Internett-utviklinga lukst i avgrunnen ("The Future of Internet - and How to Stop It"). Den boka skal eg komma grundigare tilbake til om litt.

torsdag 10. juli 2008

Exit Bill Gates?

Når eg tenkjer etter, har det vore mange avskjedshistoriar om Bill Gates. Det ser ut som han tek ein Bekkelund (Kjell, ikkje Martin :-) kvar gong.

Mistanken blir styrka når eg les John C. Dvorak, spaltist i mellom anna PC Magazine. Han legg vanlegvis ikkje fingrane mellom, heller ikkje denne gongen..

mandag 7. juli 2008

Blir vi dumme av Google?

Det er Nicholas Carr som stiller spørsmålet i tidsskriftet Atlantic ("Is Google Making Us Stupid?"). Nicholas Carr er ein mykje brukt skribent og foredragshaldar og er tidlegare redaktør av Harvard Business Review. Han er mest kjend for boka Does IT Matter? frå 2004, då han starta ein omfattande debatt om nytten av IT sett i forhold til investeringsomfanget.

Hovudpoenget i Atlantic-artikkelen er at mediet og verktøya vi omgir oss med, påverkar måten vi tenkjer og utviklar oss på. Han tek utgangspunkt i seg sjølv og det faktum at han les færre og færre bøker og lange artiklar og meiner han gradvis har mista evna til å konsentrera seg djupt nok til å gjera slikt. Når nettet etter kvart blir den viktigaste kjelda til informasjon, blir vi også påverka av måten mediet blir brukt på. Vi flakkar frå nettstad til nettstad med liten tolmodigheit og skummar brokker av tekst i stor fart.

Han ser sjølv faresignal i måten han "klagar" over utviklinga og viser til tidlegare tiders liknande åtvaringar over mellom anna innføringa av skriftkulturen og boktrykke-kunsten. Mange av dei åtvaringane viste seg å vera korrekte, men tok ikkje høgde for den utviklinga dei nye oppfinningane gjorde muleg.

Artikkelen til Carr minner meg elles om eit foredrag professor Arnulf Kolstad, NTNU, heldt på IT-forum i 2003. Han snakka om korleis den menneskelege utviklinga gjennom tidene hadde vorte påverka av dei verktøya som vart brukte. Tittelen på foredraget hans (laga av oss i programkomiteen) var "Er IT berre eit verktøy eller gjer det noko med oss menneske?". Frasen "berre eit verktøy" kalla Kolstad århundrets understatement!

Han stilte spørsmål om IT som verktøy kan hemma kreativiteten ved at den særleg stimulerer den faktaorienterte og repeterande måten å tenkja på. Han avslutta elles med uttrykket om at "viljen til å vilja, skaper evna til å kunna".

tirsdag 1. juli 2008

Halvtomt eller halvfullt?

Enkelte situasjonar kan handterast som eit problem eller som ei mulegheit - om lag som det halve glaset som kan oppfattast som halvtomt av den negative, og halvfullt av den positive. Eg snakkar ikkje her om det klisjeaktige "ingen problem, berre utfordringar" - det er jo av og til til å spy av.

Det var ei oppleving med Widerøe i dag som fekk meg til å skriva innlegget. Eg hadde i utgangspunktet ein rabattert billett frå Sogndal - Oslo (t/r) med retur 02.07. Eg ønskte å endra tilbakereisa til i 01.07 og brukte chat-tenesta deira til det. Det tok lang tid før eg fekk svar (med chat vil alt over 10-15 sekundar opplevast som veeeldig lenge - det er noko dei som driv slike tenester må vera klar over). Svaret eg fekk var at billetten min ikkje kunne endrast. Punktum.

Men her var eg i ein situasjon der eg måtte reisa tilbake ein dag tidlegare og var villeg til å betala full pris for det. Med andre ord låg det ein mulegheit for Widerøe til å selja meg ein ekstra billett, til full pris. Kvifor grip dei ikkje ein slik sjanse? Er det fordi det er uhyre sjelda at det skjer, eller er det fordi dei ikkje tenkjer i dei baner i det heile? Eg trur kanskje det er det siste, og uansett kor ofte dette skjer så kostar dei det veldig lite å vera hjelpsame med å tilby og leggja til rette for ei slikt ekstra sal.

mandag 16. juni 2008

Web-en som aldri vart!

I boka ”Glut – Mastering Information Through Ages” ser Alex Wright på informasjonsbehandling frå tidenes morgon. Overskrifta ”Web-en som aldri vart” (The Web That Wasn’t) er henta frå siste kapittelet i boka og var også tema for foredraget Wright heldt på Topic Maps 2008 i Oslo i april.

Alex Wright er informasjonsarkitekt, utdanna i information science ved det som vi vel vil kalla eit bibliotekstudium. Begrepet information science vart forresten lansert av indaren Shiyali Ramamrita Ranganathan, mannen som vart meir kjend for innføringa av fasettert klassifisering.

Wright skriv historien om skriftspråket frå den sumeriske kulturen i Mesopotamia 3-4000 år f. Kr. Interessant nok fann dei opp måtar å notera viktig informasjon om handel, då kulturen deira nettopp var prega av omfattande handel. Dette er eit poeng Wright understrekar: store omveltingar innan skriftspråket og skriftkulturen har som regel hatt kommersielle årsaker.

Irane får sin plass i skrifthistorien ved den store innverknaden dei hadde på utviklinga etter Romerriket fall. Frå å vera ein utpost i Europa og svært langt frå det skriftspråklege sentrum, vart Irland eit føregangsland som løfta skriftspråket og bokkunsten til nye høgder. Ein viktig grunn til dette var kristninga av landet ved St. Patrick og at Irland var det første landet der det skjedde ved hjelp av den nye teknologien boka.

Johan Gutenberg og trykkekunsten kan sjølvsagt ikkje forbigåast, og Martin Luther var ein av dei første som utnytta potensialet i den masseproduksjonen boktrykkekunsten gjorde muleg. Wright peikar også på protestantismen som den venstre hjernehalvdelens seier over skrift-utviklinga: bort med unødig krims-krams av illustrasjonar og einsidig fokus på tekst. Den lineære tekstlege framstillinga vart rettesnora.

Den engelske filosofen og forfattaren Francis Bacon får mykje av æra for å introdusera ei vitskapleg tilnærming til arbeidet med systemering og katalogisering. Han braut med den mystiske og religiøse retninga og introduserte fornuft og erfaring som rettesnor for inndeling. Han føreslo ei inndeling av skrifter i hovudgruppene historie (memory), filosofi (reason) og kunst (fine art/poetry).

På 1800-talet auka talet på bøker og boktitlar enormt og biblioteka stod etter kvart til knes i gjenfinningsproblem. Den vanlege måten å ordna bøker var framleis alfabetisk, og metadata var så å seia ukjent. Ein av dei første som prøvde å utvikla eit universelt katalogiseringssystem, var dr. John Wilkins (siste halvdel av 1600-talet). Men det var først på 1800-talet det vart fart i sakene, særleg med engelsk-italienske Anthony Panizzi og amerikanske Charles Cutter. Dei starta den industrielle biblioteksalderen og Melville Dewey må seiast å vera den som fullførte den med sitt Dewey desimalsystem.

Dewey har fått meir enn sin del av kritikk for eit totalomfattande klassifiseringssystem, men som han sjølv sa: ”Theoretically, the division of every subject into just nine heads is absurd. Practically, it is desirable.” Dewey var besett av tanken på effektivisering av biblioteksarbeidet, og desimalsystemet, som lever i beste velgåande, må sjåast i lys av det.

Boka til Alex Wright fører som sagt fram til hovudsaka The Web That Wasn’t. Her er belgiaren Paul Otlet (sjå tidlegare omtale frå Topic Maps-konferansen) sentral med sitt svært visjonære prosjekt Mundaneum. Otlet brukte Dewey sitt system som utgangspunkt for klassifiseringa Universal Decimal Classification (UDC), den første – og einaste – fullstendige implementeringa av Ranganathan sitt fasetterte klassifiseringssystem.

Vannevar Bush får naturlegvis merksemd for sitt banebrytande arbeid med The Memex, første gang omtala i den berømte artikkelen As We May Think i 1945. Bush vidareførte Otlets visjon, sjølv om han neppe kjende til belgiaren sitt arbeid, og prøvde også å realisera visjonen i Memex. Det viktigaste i Memex-systemet var namngjeving av relasjonar, eit kjent tema for dei som arbeider med emnekart. Bush såg relasjonane mellom informasjonselement, i hans system ulike mikrofilm-utdrag, som det sentrale. Kvar brukar kunne laga og namngi sine eigne relasjonar og slik kunne det bli laga mange ”stiar” mellom dokument (mikrofilmar).

Vektlegginga av den personlege bruken og tilgang til informasjon for den vanlege brukaren, går som ein raud tråd frå franskmannen Denis Diderot, den første som tok leksikon på alvor og laga eit leksikon for folk flest, via Vannevar Bush til Ted Nelson og kanskje også Tim Berners-Lee. Det siste er eg litt usikker på, for TBL var forskar og såg web-en først og fremst som eit instrument for vitskapsfolk.

Amerikanaren Ted Nelson var frå starten av i grenselandet geni/gal viskapsmann. Han tok kraftig avstand frå den retninga it-utviklinga gjekk, med stadig større kommersielle interesser og utvikling av eit eige presteskap (programmerarar, systemutviklarar, driftspersonell – eit presteskap som i høgste grad også er til stades i dag. Han lanserte revolusjonerande idear om it som verktøy for vanlege folk ved at den vart avkledd dei mange unaturlege begrepa og implementasjonane.

Nøyaktig kva Ted Nelson meinte og meiner, er det vel ingen utanom han sjølv som forstår, men at han har hatt stor innverknad på it-utviklinga – særleg web-en – er det lite tvil om. Han lanserte begrepet hypertekst, men hovudtanken hans var og er it-systemet Xanadu. Det kan kanskje sjåast på som eit alternativ til dagens web. Nelson er i alle fall ikkje mykje imponert av web-en som han forakteleg kallar ”decorated directories”.

Kapitlet "The Web That Wasn't" er avslutninga på dei mange personane og innspela på it-sida før web-en vart eit faktum. Det web-en mellom anna manglar, er 'typing' av lenker - dvs. ei lenke er ei lenke og me veit ikkje noko meir om kva slags relasjon det er. Lenkene er også berre einvegs og det vil seia at den nettressursen som blir peika til, er uvitande om dette.

Her er det på sin plass å referera David Weinberger, som også var 'keynote speaker' på Topic Maps 2008. Han kommenterte Alex Wrights foredrag med å seia at me skal vera veldig glade for at dei "svakheitene" Wright påpeikte med web-en, er som dei er. Han nemnde spesielt "typing" av lenker og meinte det ville vore ein katastrofe og at web-en aldri ville fungert som den gjer i dag med eit slikt tillegg. Hovudpoenget hans var at det er den enkle konstruksjonen med nærmast null innebygd "intelligens" som har gjort web-en til den suksessen den er.

Avslutningsvis diskuterer Wright framtida for web-en og gjer det ved å trekkja inn forholdet mellom det skriftlege og det munnlege. Boka hans er ein gjennomgang av skriftkulturen, men likevel meiner han at det er det munnlege som er den rike kommunikasjonen mellom menneska og at skrift eigentleg er ein kunstig kommunikasjon. Wright ser den siste utviklinga på nettet og elles som nettopp eit uttrykk for den munnlege kommunikasjonen sin styrke (epost, sms, web 2.0) og han meiner det er ein styrke for nettet at det kan ta opp i seg denne viktigaste delen av menneskeleg kommunikasjon.

søndag 15. juni 2008

Wittgenstein's Poker

Som oppfølging til seminaret om Wittgenstein og taus kunnskap, passar det bra med ein omtale av boka "Wittgenstein's Poker" av David Edmonds og John Eidinow, to BBC-journalistar. Poker er her ikkje kortspel, men eldrake til å raka i glørne med.

Tittelen på boka referer til eit kort og stormfullt møte mellom to vitskapsfilosofiske gigantar; Ludwig Wittgensten og Karl Popper. Dei møttest berre ein gong, under ei gjesteforelesing Popper heldt ved King's College i Cambridge i 1946. Det stormfulle møtet varte berre i 10 minuttar (!), og Wittgenstein skal ha vifta truande med ei eldrake mot Popper før han storma ut av auditoriet.

Det kan synast som å koka suppe på ein spikar å skriva ei bok på 233 sider om eit samanstøyt som varte i 10 minuttar, men boka opplevest ikkje slik. Sjølv om dramaturgien i boka byggjer opp mot det store samanstøytet, er boka interessant både som biografi om Wittgenstein og Popper.

Dei to filosofane stod ganske langt frå kvarandre, og det var også grunnen til utfallet av det berømte møtet mellom dei i 1946. Veldig forenkla kan ein seia at Wittgenstein var representant for ei retning der filosofien var til for filosofien sin del, resten av verda var på ein måte ikkje interessant. Den reine filosofien var målet. Popper stod for motsatsen til dette synet; for han var filosofi berre interessant som ein reiskap til å forbetra verda, og då med tydelege politiske overtonar.

Best kjem den politiske dimensjonen i Poppers arbeid til uttrykk i verket The Open Society and It's Enemies - ein analyse av diktatoriske retningar og eit sterkt forsvar for det opne demokratiet. Men verket kan også tolkast i andre retningar, og den kjende investoren George Soros brukte Popper sine idear som underlag for finansielle satsingar. Han vurderte bedrifter som hadde tolt open konkurranse og klart seg gjennom tøffe periodar, som betre investeringsobjekt enn andre som tilsynelatande hadde både større vekst og større mulegheiter.

Filosofen og matematikaren Bertrand Russell er også ein sentral person i boka. Han var sentral i å få Wittgenstein til Cambridge og vart på mange måtar mentoren hans. I Tractatus, Wittgenstein si første bok, var Russell helten og Wittgenstein prøvde her å ta Russells analysar eit steg lenger. Men tilhøvet mellom dei to kjølna, ikkje minst fordi Wittgenstein meir og meir såg på Russel som overfladisk og ikkje djuptenkt nok. Russell på si side forstod ikkje den retninga Wittgenstein gjekk i med arbeidet Philosophical Investigations. Her delte Russel synet til Popper. Popper sa at det var ikkje noko han var direkte ueinig i i verket, det var berre det at det var så uinteressant og heilt på sida.

Russell hevda at sjølv om språket og orda våre blir heilt presist oppfatta, vil ikkje problema forsvinna av den grunn, og han brukte følgjande anekdote til å illustrera det.

Russell var på sykkeltur til Winchester og stoppa for å spørja ein butikkeigar om den kortaste vegen. Butikkeigaren ropte til ein mann på lageret:

"Gentleman wants to know the shortest way to Winchester."

"Winchester?" an unseen voice replied.

"Aye."

"Way to Winchester?"

"Aye."

"Shortest way?"

"Aye."

"Dunno."

I forelesinga ved Cambridge var Popper klar over at Wittgenstein mest sannsynleg ville vera til stades og han såg fram til å utfordra han på standpunktet om at det ikkje fanst reelle filosofiske problem/utfordringar, berre språklege gåter (linguistic puzzles). Det vart ein kort og oppheta diskusjon om dette temaet før Wittgenstein etter historien vifta truande med eldraka og forsvann frå rommet.

I dag er det Wittgenstein som får mest omtale og interesse av dei to filosofane, men mykje av grunnen er at Popper sine nytenkjande og kritiske idear no er daglegdagse og me tek dei for gitt. Det er difor heilt nødvendig å lesa Popper med 30- og 40-talets Europa i minne for å forså kor viktige bidrag han kom med.

torsdag 12. juni 2008

Copernicus og omvendt sikkerheitstenking

Eg er på konferanse ved Universitetet i Agder og har det same problemet som eg alltid har ved universitet og høgskular (og mange andre stader): eg får ikkje tilgang til nettet utan vidare. UiA er verken verre eller betre enn andre, dei er i grunnen like dårlege.

Utgangspunktet synest å vera: først stengjer vi alt, og så kan vi sjå om enkelte ting kan sleppast opp litt. Det er her tanken om Copernicus og det omvendte perspektivet melder seg. Copernicus endra radikalt oppfatninga om universet ved å introdusera den heliosentriske tankegangen - stikk motsett av den rådande oppfatninga av Jorda som sentrum. Kva om vi tenkjer på same måte om sikkerheit og tilgangsavgrensing: Alt er ope så sant det ikkje er tvingande nødvendig å lukka det. Kanskje litt søkt å trekka parallellar med Copernicus, men poenget er at eit slikt omvendt standpunkt er krevjande å venja seg til dersom ein er vant til å tenkja sikkerheit og avstenging som første steg.

Det minner meg også om diskusjonar i samband med ny strategi for Miside: Miside i dag er basert på at ikkje noko er tilgjengeleg før du har logga inn og gjort deg til kjenne. Mitt standpunkt er det motsette: Mest muleg må vera tilgjengeleg og berre når det er heilt nødvendig, skal ein logga inn.

På ein campus burde det vera heilt sjølvsagt å tilby eit ope nett - det burde ikkje ein gong vera særleg vanskeleg. Dessverre er det det motsette som er tilfelle.

Konferansen handla forresten om gevinstrealisering innan helsesektoren (helse og it) og var bra...

søndag 1. juni 2008

Wittgenstein og taus kunnskap

Campus Seminar hadde igjen besøk av Kjell S. Johannessen, prof. emeritus ved UiB, denne veka. Kjell S. Johannessen gjesta oss i fjor med eit foredrag om taus kunnskap, og det vart planlagt eit oppfølgingsseminar om filosofen Ludwig Wittgenstein og hans forhold til temaet. Kjell S. Johannessen har leia Wittgenstein-arkiva ved UiB og elles arbeida mykje med taus kunnskap og er difor rette personen til å snakka om dette.

Først litt repetisjon frå første delen av seminaret: Begrepet taus kunnskap vart først lansert av den ungarske kjemikaren og filosofen Michael Polanyi i boka Personal Knowledge i 1958. Tittelen var eit tydeleg motsvar til positivistane sitt objektive kunnskapssyn.

Johannessen ga tre inngangar til begrepet taus kunnskap:
  1. Kunnskap som av ulike grunnar er forblitt utematisert, men som ved ulike tiltak og teoretiske anstrengingar kan dokumenterast. Implisitt kunnskap: Kunnskap som vi i prinsippet kan nå verbalt eller skriftleg.
  2. Skapt av Michael Polany og Thomas S. Kuhn: Frå Polanyi sitt hovudverk ”Personal Knowledge”.
    Kuhn: ”The Structure of Scientific Revolutions” kom inn på begrepet i dette verket. ”Det er eit blikk som dei beste forskarane på forskingsfronten har. Eit blikk av dette slaget er ei form for kreativ erfaring og utgjer ein slags permanent beredskap for nye innovasjonar innan forskinga”.
  3. Kunnskap som av logiske grunnar ikkje fullt ut let seg uttrykkja verbalt eller notasjonsmessig. Det starta i to vidt ulike leirar: Den fenomenologiske tradisjonen med Husserl og Heidegger, og den analytiske tradisjonen med Wittgenstein. Men verken Heidegger eller Wittgenstein nemner begrepet ”taus kunnskap”. Hubert Dreyfus (”What Computers Can’t Do” og oppfølgjaren/revidert utgåve: "What Computers Still Can't Do") starta med utgangspunkt i Heidegger sitt arbeid. Kjell S. Johannessen har på si side arbeida med taus kunnskap ut frå Wittgenstein sin ståstad og arbeid.
Kunnskap blir ofte sett på som kontekstlaus påstands-kunnskap. Det er særleg den teoretiske fysikken som tener som førebilete her med sitt utsagnsorienterte kunnskapsideal. Det var også den berande ideen bak utviklinga av såkalla ekspertsystem.

Kunstig intelligens starta på 1950-talet og hadde si store tid på 60- og 70-talet, og delvis inn i 80-talet. Dataingeniørar meinte i starten at det ville vera ein overkommeleg jobb å innarbeida naturleg språk i datamaskinene. Så feil skulle dei altså ta! Det var ei veldig naiv innstilling til problemstillinga og igjen ei veldig objektivt kunnskapsforståing.

Kunstig intelligens (AI) er daudt som begrep, men området har fått fornya interesse i form av semantisk web osv. Så spørst det om me er i ferd med å gjera dei same feila omatt? Trua på ontologiar med stor O ser i alle fall ut til å peika i same fatale retning, og eg vil påstå at Tim Berners-Lee et. al sin artikkel "The Semantic Web" frå 2001 representerer eit syn i same retning.

Den tidlege Wittgenstein (Tractatus Logico-Philosophicus) vart omfamna av positivistane (men ikkje gjensidig!) fordi delar av verket kan verka som formallogisk ekstremsport. Han seier her at språket vårt er ei avbilding av verkelegheita. Det er eit både enkel og sofistikert utsagn - han tek i følgje Johannessen Platon på ordet og følgjer logikken til ytterpunktet.

I det siste verket, "Philosophical Investigations" er han sin eigen største kritikar og riv ned det meste han bygde opp i Tractatus. Han seier at filosofi er ein stadig kamp mot språket si forheksing av forstanden vår. Her er han ikkje lenger så oppteken av begrepa si meining, men av korleis begrep blir danna. Han advarer mot å eksplisitt uttrykkja alle reglar og normer me omgir oss med: "Wovon man nicht sprechen kann, darüber muß man schweigen".

(Illustrasjonen er henta frå The D. B. Weldon Library)

onsdag 28. mai 2008

The Future of the Internet - And How to Stop It

Det er den tankevekkjande tittelen på Jonathan Zittrain (Berkman Inst. og Oxford University) si siste bok. Den har eg ikkje lese enno, men i denne samanhengen var det innhaldet i spørsmålet mitt til statsråd Liv Signe Navarsete som var på snarvisitt i Sogndal i går.

Ho opna ikkje mindre enn tre seminar denne dagen, og Breibandseminaret i regi av Breibandforum (nettverk under IT-forum Sogn og Fjordane) var eitt av dei. Framtida for Internett var ikkje temaet, men heller breibandutbygginga i Sogn og Fjordane og ikkje minst prising av breiband-tenester. Eg tykte likevel eg måtte bruka sjansen til å stilla spørsmålet, som eg meiner er ei av dei største utfordringane me har framfor oss.

Først litt om Breibandforum og breibandutbygginga i fylket. I følgje tal som vart lagde fram på seminaret i går, må den utbygginga karakteriserast som svært vellykka. Det har vore eit dugnadsarbeid, med delfinansiering frå staten v/Høykom, men med storparten av innsatsen frå lokalt hald. Då utbyggings-prosjekta starta i 2002, var breibandsdekninga i Sogn og Fj. 27 % mot 67 % for landet totalt. No er dekningsgraden 98,5 % i Sogn og Fj., den same som landet elles.

Breibandforum har koordinert utbygginga og vore den mest aktive delen av IT-forum Sogn og Fjordane sidan nettverket vart starta i 1999. Det var Liv Signe Navarsete som var sekretær for IT-forum den gongen, og som hadde hand om oppstarten (og opprettinga av Breibandforum vart føreslege i ein rapport frå Vestlandsforsking som underskrivne og Odd Erik Loftesnes, no IT-leiar ved Høgskulen i S. og Fj., utarbeidde...).

Ringen var med andre ord slutta då Liv Signe kom til seminaret. Men ho fekk altså ei kolossal utfordring i form av ein redningsaksjon for nettet. Det er eit stort spørsmål om Internett skal styrast; dei fleste vil frysa på ryggen når dei høyrer slike ord. Tilsynelatande har Internett vore utan styring, i alle fall formell styring og veldig formelle reglar, det David Weinberger kallar "taus styring" (tacit governance). Spørsmålet er likevel om ikkje framtida for nettet er for viktig til å overlatast til telegigantane?

Eg meiner i alle fall at politikarane må på bana og meina noko om den framtida. Eg etterlyste ein Internett-politikk frå regjeringa; eg har ikkje funne noko om det i nokon it-plan, heller ikkje Heidi Grande Røys sin "Eit informasjonssamfunn for alle". Utfordringa var difor naturleg å gi til Liv Signe, som trass alt er generalforsamling for Telenor og slik sett kjem bort i dette problemet rett som det er (nettnøytralitet, samtrafikk, NIX,...). Ho har også ansvaret for Post- og Teletilsynet, som også har dette som ansvarsområde.

Eg håpar og trur at Liv Signe kan bli den første statsråden som tek tak i dette og som viser ekte lidenskap og bekymring for Internett. Det er eigentleg ei kjempesak, og slik sett ei takknemleg sak å fronta.

søndag 25. mai 2008

Statistikk

Etter eit 3-dagars kurs i statistikk på Høgskulen i Sogn og Fjordane (med dyktige kurshaldarar!) er det på sin plass å gå tilbake i historia til eit av dei mest spektakulære statistiske bomskota nokon gong: presidentvalet i USA i 1936.

The Literary Digest hadde køyrt spørjeundersøkingar ved kvart presidentval frå 1920 og kvar gong spådd den rette vinnaren. I 1936 var spørjeundersøkinga større enn nokon gong. 10 millionar personar (!) vart trekte ut og fekk tilsendt eit spørsjeskjema, eller rettare sagt eit kort. 2,3 millionar av desse svarte og Literary Digest utropte Alfred Landon som USAs neste president med klar margin.

Slik gjekk det sjølvsagt ikkje; Theodore Roosevelt vann med solid margin (61 % av stemmene). Spørsmålet vart då: Korleis kunne tidsskriftet bomma så til dei grader?

I ettertid har feilen vorte forklart med skeivt utval ved at lister over bileigarar og telefonkatalogar vart brukte som grunnlag for trekkinga. Eit grunnleggjande krav i statistisk samanheng er at utvalet er tilfeldig trekt. Alle må ha same sjanse for å bli trekt ut, elles vil ikkje statistisk sannsynlegheit gjelda. Parallelt med undersøkinga frå Literary Digest, gjorde George Gallup (yes, "gallupens" far) ei mykje mindre undersøking, men basert på metodar som no er allmenne i statistikk-samanheng. Han spådde at Roosevelt ville vinna.

Peverill Squire konkluderer i ein artikkel at det ikkje var utvalet åleine som var årsaka til feilen. Artikkelen tek utgangspunkt i ei undersøking George Gallup gjorde i 1937 for å finna ut kva som gjekk gale i den store 1936-undersøkinga. Gallup spurde folk om dei hadde motteke spørjeundersøking frå Literary Digest, om dei bil eller telefon, om dei hadde returnert spørjeskjemaet og kva dei hadde stemt. Gallup si undersøking viser at eit fleirtal av dei som returnerte skjemaet, stemde Landon, og at korvidt dei eigde bil eller telefon ikkje var like avgjerande. Pervill Squire konkluderer dermed med at fråfallsskeivheit var minst like viktig som utvalsskeivheit i den berømte undersøkinga.

I spørjeundersøkingar har vi tre grunnleggjande feilkjelder, eller skeivfordelingar:

  • Utvalsskeivheit: at utvalet ikkje er identisk med heile populasjonen

  • Fråfallsskeivheit: at det ikkje er tilfeldig kven som svarar og kven som ikkje svarar på spørjeundersøkingar

  • Responsfeil: at respondentane svarar feil på spørsmål og feil ved seinare inntasting av svar frå papir- eller telefonbaserte undersøkingar
I den berømte 1936-undersøkinga var det altså dei to første som førte til den katastrofale bommen. Særleg viktig var fråfallsskeivheita fordi svarprosenten var relativt låg (mellom 20 og 25 %) og fordi det viste seg at det ikkje var tilfeldig kven som svarte. Undersøkinga var katastrofal fordi Literary Digest gjekk inn i 1938, mykje på grunn av 1936-undersøkinga.

Etter denne undersøkinga vart det vist at eit utval på knappe 1000 personar er nok til å fastslå eit slikt spørsmål gitt at utvalet er tilfeldig trekt. Om vi ikkje skal dela utvalet vårt inn i mindre grupper, held det faktisk med i overkant av 100!

mandag 19. mai 2008

Everything is miscellaneous

David Weinberger var hovudattraksjonen på årets emnekart-konferanse, Topic Maps 2008. Han skuffa ikkje, i alle fall ikkje meg. Det var både interessant og underhaldande å høyra han snakka om korleis web'en endrar mange av våre vante førestillingar og kva konsekvensar me bør trekkja av det.

Foredraget hans hadde same tema som siste boka, Everything is Miscellaneous - The Power of the New Digital Disorder. Tittelen spelar på at på nettet blir alt ulikt/unikt/eigenarta. Boka er bygd opp om ein tese om tre utviklingssteg for strukturering av informasjon:

  1. Første ordens ordning av informasjon: Måten vi organiserer dei fysiske objekta på (t.d. korleis me plasserer bøkene i eit bibliotek). Det finst berre ein måte å gjera dette på til ei kvar tid.

  2. Andre ordens ordning: Innføring av metadata for å kunna ta i bruk parallelle organiseringsprinisipp. For bibliotekseksempelet er det sjølvsagt bruk av kartotek-kort. Framleis er det fysiske grenser som set rammer og det er eit poeng å la metadata vera så kort som muleg, elles får me problem med plasseringa av metadata.

  3. Tredje ordens ordning: Dette er den digitale versjonen der dei gamle fysiske grensene (lagringsplass m.m.) er oppheva. Metadata kan no i prinsippet vera (minst) like omfattande som objektet som skal beskrivast. Her gjeld grunnen til meir, til betre. Kvart objekt blir unikt og kan gjenfinnast via ei rekkje inngangar.
Weinberger gjer eit stort poeng av at kaoset og rotet på nettet er eit gode i seg sjølv ("messiness is a virtue"). Og han meiner vidare at mange forsøk på å tvinga fram orden i dette kaoset eigentleg fører oss i feil retning. I denne delen av diskusjonen kjem han inn på kategorisering forstått etter Aristoteles' prinsipp (alt har sin plass ut frå klare definisjonar) og Eleanor Rosch sin prototype-teori der det ikkje er veldig klare grenser mellom ulike kategoriar, men der objekta kan vera meir eller mindre typiske for ein kategori.

Boka spenner på den måten vidt - frå web 2.0 til klassisk kategoriserings-teori, men sjølv om det ved første augnekast kan verka overflatisk, er Weinberger så skulert at det stikk djupare enn først tenkt. Omtalane på Amazon.com tyder på at lesarane er delte på dette punktet, men sjølv meiner eg boka har substans trass i at den spenner nokså vidt.

Weinberger er også innom semantisk web-diskusjonen og levnar lite tvil om kvar han står: Her passar det tidlegare slagordet han har formulert og som også er tittel på ei tidlegare bok - small pieces loosely joined. Han er klart ein talsmann for det enkle og pragmatiske og ikkje tilhengjar av ontologiar med stor O.

Sjølv om den berande ideen i boka er nokså enkel og det kan innvendast at det blir skrive mykje rundt desse enkle setningane, er boka interessant og velformulert og kan tilrådast.

fredag 16. mai 2008

Det vanskeleg ordet 'Kontakt'

Eg leitar fram adresser til it-leverandørar i samband med eit prosjektmøte og undrar meg over at såpass mange it-leverandørar gjer det så vanskeleg å komma i kontakt med dei. På mange nettsider må eg leita lenge og vel før eg finn ei epostadresse til firmaet. Og for ein god del bedrifter manglar dette; enten tilbyr dei berre eit kontaktskjema, eller dei har berre epostadresser til den enkelte tilsette.

For Microsoft sin del bør du helst bruka Internet Explorer for å få kontakt med dei. Det er kanskje ikkje noko nytt at dei optimaliserer for eigen, standard-ignorerande nettlesar, men det overraskar meg at sentrale lenker på nettsidene deira (som 'Kontakt oss') ikkje fungerer i Firefox.

Konklusjonen på denne svært overflatiske testen må vera at "det enkle er ofte det vanskelegaste".

onsdag 7. mai 2008

The Long Now

The Long Now er ein bevegelse som motvekt mot den ekstreme kortsiktige tenkinga som pregar samfunnet vårt. Der ein tidlegare sette i gang byggverk som tok fleire hundre år å ferdigstilla, har me store problem å tenkja fem år fram i tid. The Long Now Foundation vart etablert i 01996 (merk skrivemåten!) og Brian Eno står bak namnet. Han er også ein av etablerarane.

Som eit viktig symbol på tenkinga, er målet å laga verdas seinaste klokke/computer ("The ideas behind the slowest computer: The Clock of The Long Now"). The Long Now er både ein ide og ein manifestasjon gjennom eit urverk. Dataingeniør Daniel Hillis har formulert det slik:

"When I was a child, people used to talk about what would happen by the year 2000. For the next thirty years they kept talking about what would happen by the year 2000, and now no one mentions a future date at all. The future has been shrinking by one year per year for my entire life. I think it is time for us to start a long-term project that gets people thinking past the mental barrier of an ever-shortening future. I would like to propose a large (think Stonehenge) mechanical clock, powered by seasonal temperature changes. It ticks once a year, bongs once a century, and the cuckoo comes out every millennium."
(via Jon Udells blogg)

søndag 4. mai 2008

Bad Boy Bubby

Den grufulle historia frå Østerrike om faren som heldt dottera innesperra i 24 år og misbrukte ho på det grovaste, viser at verkelegheita ofte går fantasien ein høg gang.

Saka minner meg om filmen Bad Boy Bubby. Den australske/italienske filmen kom ut i 1993 og var på alle måtar sjokkerande. Den 30 år gamle Bubby hadde vore halden innesperra av mor si som også misbrukte sonen seksuelt. Ein dag døyr mora og Bubby kjem seg ut av fengselet og ut i verda. Det blir eit sjokk både for han og for dei han møter.

Filmen er god, men det kunne innvendast den gongen at manuset kanskje var litt vel ekstremt. Men det var før Josef Fritzl...