torsdag 10. mai 2018

Sturle Sunde mot Nordea

Oslo tinghus
Saka mellom Sturle Sunde i Bitmynt.no og Nordea enda med tap for Sturle i Oslo tingrett. Saka har fått mykje merksemd, både fordi det handlar om Bitcoin og fordi den innheld prinsipielle problemstillingar. Dommen er einsidig i favør av Nordea og har ikkje levna Sturle ein trevl av håp.

Etter å ha lese dommen, er det to forhold som uroar meg:
  • Dommaren har ikkje forstått teknologien og sporingsmulegheitene i Bitcoin og det har påverka dommen
  • Kvitvaskingslova er så omfattande og vid at den trumfar alt anna (personvern, retten til å driva ny næring innan området)
Det siste punktet er det viktigaste og dermed også det vanskelegaste. Lova gir bankane blankofullmakt til å regulera kven som skal få driva næring innan kryptovaluta. Den andre lova som er viktig for dommen, er finansavtalelova.

Sturle Sunde og Bitmynt.no
Sturle Sunde har drive bitcoin-veksling gjennom Bitmynt.no i mange år. Han har drive verksemda som enkeltpersonforetak, med dei ulempene knytt til risiko det har. Han ønskjer å oppretta eit aksjeselskap både for risikoen sin del, men også fordi han vil profesjonalisera og automatisera drifta og tilsetja fleire personar. Problemet er at utan bankkonto får han ikkje oppretta eit aksjeselskap, og det er bakgrunnen for saka. Han meiner Nordea urettvist har avslege søknaden hans om konto for Bitmynt AS.

Ekspertvitne
Eg må leggja til at eg var innkalla som ekspertvitne av Sturle & co. Det var ei interessant oppleving, men har tydelegvis ikkje påverka dommaren eller dommen. Saka gjekk i tingretten 19. og 20. april, og eg vitna 19. april. Eg møtte opp i tingrettsalen kl. 09.00 då saka skulle starta, berre for å få beskjed om at eg ikkje kunne følgja saka før etter at eg sjølv hadde vitna. I ettertid har eg fått vita at dette er feil. Ekspertvitne, eller sakkunnige vitne, både kan og bør følgja heile saka nettopp fordi dei er innkalla som sakkunnige. Skikkeleg tabbe der altså, av ein eller annan av partane (eg veit ikkje kven som tabba seg ut her).

Det vitnet som er tillagt vekt i dommen, er politioverbetjent Erik Sneeggen i Kripos. Det er berre vitneforklaringa hans som er referert og brukt i dommen, utanom partane sine forklaringar.

Manglande teknologiforståing
Kan ein forventa at dommaren skal forstå korleis Bitcoin og blokkjedeteknologien fungerer? Nei, det blir for mykje å forlanga. Men det er likevel svært viktig at dommaren forstår så mykje at ikkje dommen kviler på feil premissar. Dommaren skriv om Bitcoin og sporing:
Overføringer av bitcoins er fullt sporbart i alle ledd, idet alle bokstav- og tallkodene vil vises i en åpen database, men uten den private nøkkelen, finner man bare tallkodene, og ikke navnet på eieren av bitcoin. Den private nøkkelen er anonym og man må ha tilgang til lagringsmediet hvor denne oppbevares for å kunne bruke bitcoin eller avdekke hvem som er eier.
Slik sett er bitcoin omtalt som pseudoanonymt. Man får kjennskap til alle transaksjoner i en handelskjede, i form av tall og bokstavkoder, men ingen navn.  
Dette er ein upresis omtale og utelukkar den vanlegaste sporingsmekanismen: IP-adresser. Koplinga mellom ein bitcoin-transaksjon og ei IP-adresse er ikkje nemnt i dommen; ordet IP er ikkje nemnt i den. Det er bortimot skandale!

Finansavtalelova
Finansavtalelova seier at bankane må ha sakleg grunn for å avslå å ta i mot betalingstenester på vanlege vilkår (Finansavtalelova § 14). Grunnen til at det er formulert slik, er nettopp bankane sin dominerande posisjon i betalingsmarknaden. Dei har i praksis vetorett når det kjem til etablering av aksjeselskap. Utan bankkonto får du ikkje oppretta eit AS. Finansavtalelova seier dette om å avslå kontoforhold:

(1) Institusjonen kan ikke uten saklig grunn avslå å ta imot innskudd eller utføre betalingstjenester
på vanlige vilkår.

(2) Kunden skal underrettes om avslag uten ugrunnet opphold når ikke annet er bestemt i eller i
medhold av lov. Underretningen om avslag skal inneholde opplysning om utenrettslige
tvisteløsningsordninger.

Det springande punktet i saka er kva som er sakleg grunn. I Odelstingsprop. 41 (1998-99) heiter det:

Som Banklovkommisjonen peker på, vil nektelse av å ta imot betalingsoppdrag bare kunne anses som saklig i særlige tilfeller. F eks vil det ikke være saklig grunn til å avvise en kunde at denne er utlending. Enkelte høringsinstanser reiser spørsmål ved forholdet mellom den foreslåtte regelen og regelverket mot hvitvasking av penger, se finansieringsvirksomhetsloven (lov 10 juni 1988 nr 40) § 2-17 og forskrift 7 februar 1994 nr 118 om tiltak mot hvitvasking av penger. Det vises til at hvitvaskingsforskriften § 6 pålegger finansinstitusjoner å avvise kunder ved mistanke om hvitvasking av penger, og at hvitvaskingsreglene pålegger institusjonen ikke å gjøre kunden kjent med at avvisningen skyldes mistanke om hvitvasking av penger.

Banken sin rett til å avvisa eit kundeforhold etter finansavtalelova § 14 blir utfylt av kvitvaskingsregelverket. I kvitvaskingslova § 10 heiter det:
Et etablert kundeforhold skal avvikles hvis fortsettelse av kundeforholdet medfører risiko for transaksjoner med tilknytning til utbytte av straffbare handlinger eller forhold som rammes av straffeloven §§ 131 til 136 a.
Dommaren understrekar at banken såleis har plikt til å avvisa eit kundeforhold dersom det føreligg risiko for transaksjonar med tilknyting til straffbare handlingar eller terrorfinansiering. Nordea sin påstand er at det er stor riskiko for at Sturle Sunde sin aktivitet både bidreg til kvitvasking og til terrorfinansiering.

Kvitvaskingslova
"Lov om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering mv. (hvitvaskingsloven)" er frå 2009 og er den sentrale lova Nordea viser til, og som også dommaren byggjer dommen på. Føremålet med lova er ".. å forebygge og avdekke transaksjoner med tilknytning til utbytte av straffbare handlinger eller med tilknytning til terrorhandlinger." I § 4 er det lista opp kven som er omfatta av lova. Sidan vekslingstenester for kryptovaluta ikkje er regulerte, og kryptovaluta definert som formuesobjekt, er ikkje vekslingstenestene omfatta av lova. Men Nordea er omfatta og det er deira påstand om risiko for kvitvasking og terrorfinansiering gjennom deira system som er det sentrale.

"Kundekontroll og løpende oppfølgin" er ein sentral del av lova og det er her retten meiner at Sturle Sunde ikkje har gode nok rutinar. Sturle kjenner ikkje alltid identiteten til dei han handlar med, særleg gjeld det utanlandske kundar. Det paradoksale er at med det nye, planlagde Bitmynt.no AS vil Sturle ta i bruk BankID som autentiseringsløysing. Dommaren tek ikkje omsyn til dette fordi det ikkje var klart i søknaden om konto hos Nordea at Bitmynt.no skulle ta i bruk BankID.

Det store problemet med denne lova er at den er så vidtfemnande, og at den set andre viktige omsyn til side, som t.d. retten til personvern også i økonomiske saker. Kvitvaskingslova fungerer som eit "simsalabim" for det etablerte finanssystemet. Dei kan berre peika på den og då er diskusjonen over. Det er også dommaren si haldning. Kvitvaskingslova trumfar alt, og er det den minste tvil om du klarer å spora kvar einaste transaksjon, har du tapt. Og oppi det heile veit me at det meste av kvitvasking likevel skjer gjennom det etablerte finanssystemet.

Endring av kvitvaskingslova
Som ei følgje av EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv, blir kvitvaskingslova endra i desse dagar. EU sitt kvitvaskingsdirektiv er ein minimumsstandard; EØS-landa kan vedta strengare lover, men ikkje mildare. Justiskomitéen har gitt sine merknader til regjeringa.

Av merknadene er det grunn til å merkja seg mellom anna:

Mindretalet i Finanskomitéen (AP, Sp, SV, MDG og R) "vil tydeleg streke under at det er svært viktig at etterlevingskostnadene for bedriftene vert så låge som mogleg. Dette bør vere eit heilt overordna omsyn i departementet si oppfylging av lovframlegget."

Sp, SV, MDG og R er vidare opptekne av at den endra kvitvaskingslova ikkje bli konkurransevridande og favorisera store og etablerte finansføretak. Dei er uroa for at dei nye reglane vil føra til dyrare tenester pga. ytterlegare byråkratisering av samfunnet. Her er AP på linje med regjeringa.

Spørsmålet om rettstryggleik og rett til bankkonto:
"Komitéen er på det reine med at alle borgarar i eit moderne samfunn både har trong til og rett til bankkonto. Bankane sitt høve til å avvise kundeforhold bør vere svært avgrensa og må vere ein utveg som kjem på tale fyrst når andre tiltak er uttømde."

"Komiteen er samd med departementet i at dei rapporteringspliktige snarare enn å avvikle eller avvise kundeforhold bør kunne forventast å handtere risikoen for slike kundar."

Dommen
Trass i at dommaren sjølv skriv at data frå analyseselskapet Chainalysis viser at den illegale delen av bitcoin-transaksjonar (handel på det mørke nettet) har gått kraftig ned, og no sannsynlegvis utgjer berre om lag 1 % av alle transaksjonar, landar ho på at det er betydeleg risiko transaksjonar knytt til kvitvasking og andre straffbare forhold, og Sturle taper saka fullstendig.

Men Sturle Sunde er ikkje den som gir seg lett. Han har alt anka avgjerda til lagmannsretten. All ære til Sturle som vel å kjempa vidare. Saka har stor prinsipiell betydning og han går opp løypa for alle andre som ønskjer å driva næring innan kryptovaluta. Slik sett er det all grunn til å støtta han i forsøket; også økonomisk. Meir informasjon om donasjon finn du her. Sturle tek i mot både bitcoin og gamle pengar ;)







fredag 23. mars 2018

Revolusjonen blir open og desentral

Lesarinnlegg i Dagens Næringsliv i dag (23.03) som svar på Naeem Zahids (Telenor) innlegg "Blokkjedebasert helsejournal?" 16.03 i same avis:

Revolusjonen vil bli open og desentral

Naeem Zahid, Telenor, argumenterer i DN 16. mars for ei blokk-kjede utan bitcoin, eller meir generelt ei blokk-kjede utan valuta. Synspunktet «Blokk-kjedeteknologien er spennande berre me bli kvitt bitcoin/valutaen» er ein gjengangar blant større bedrifter. Eg vil utfordra Naeem til å gjera eit søk-og-erstatt av «blokk-kjede» med «distribuert database» i artikkelen, og så argumentera for kvifor utfordringa som skal løysast ikkje like godt kan gjerast med sistnemnde velutprøvde teknologi.

Eg er ikkje i tvil om at også lukka/private blokk-kjeder vil finna bruksområde og vera nyttige, men den store revolusjonen skjer ikkje på dette området. Lukka blokk-kjeder er «blokk-kjeder med støttehjul», sa nyleg Jeff Garzik i podkasten «Let’s Talk Bitcoin». Jeff Garzik er ein av dei som har jobba lengst med blokk-kjedeteknologien og det er også verdt å leggja til at han er omstridd i miljøet fordi han blir skulda for å vera for «enterprise»-vennleg.
Garzik peiker i podkasten på at historia har vist at opne løysingar er dei mest innovative, og i blokk-kjedesamanheng gjeld både på kodenivå som fri programvare (open source), men også som vilkårslaus plattform («permissionless») å byggja vidare på. Det er i dette segmentet dei skarpaste hovuda er, og den største mangelvara i blokk-kjedesamanheng i dag er tilgang til kompetente utviklarar. Den digitale revolusjonen blokk-kjedeteknologien ber bod om, vil difor bli basert både på ein open og desentral arkitektur.


onsdag 21. mars 2018

"Distribuert sannhet" - blokkjede i offentleg sektor

Rapporten frå Deloitte til KMD
"Distribuert sannhet" heiter rapporten frå Deloitte som svar på utgreiinga Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) bestilte før jul. Eg meiner det i alle fall burde stått eit spørsmålsteikn etter dei to orda. Etter å ha lese rapporten ser eg at det er ein del forvirring om blokkjede-teknologi og at Deloitte ikkje evnar å skapa klarheit, men bidreg til meir forvirring.

Det blir ikkje lett for KMD å ta dette vidare på ein god måte!

Les rapporten som ein viss mann les Bibelen?
Først må eg skunda meg å leggja til at Vestlandsforsking var i finalen saman med Deloitte om dette oppdraget. Me tapte på målstreken (VF + UiO + UniBridge). Eg kan difor bli skulda for å lesa denne rapporten som ein viss mann les Bibelen. Men det får andre vurdera, no har eg i alle fall orientert om bakteppet for undersøkinga.

Positive sider
Eg må starta med det positive: Først er det positivt at KMD tek initiativ til ei slik utgreiing. Det er absolutt på høg tid, og det låg eigentleg som ei naturleg oppfølging av den korte omtalen av blokkjedeteknologien i Digital Agenda frå 2015.

Vidare er det svært positivt at Deloitte gjennomgåande brukar det norske ordet "blokkjede" og ikkje "blockchain" som det stod i utlysinga frå KMD. Eg mistenkjer også KMD å ha komme på betre tankar her..

Men hovudinntrykket er svakt
Så langt det positive. Hovudinntrykket er at dette er svakt. Oppsummering og tilrådingane er forsåvidt OK, men for passive. Her er hovudpunkta slik Deloitte legg dei fram:


  • Hype, ja, men blokkjeder har eit verkeleg potensial
  • Stor interesse, men lite vil skje av seg sjølv
  • Distribuerte register har ein interessant effekt på maktforhold
  • Svært mange forsøk er sette i gang internasjonalt
  • Avslappa til den konkrete tekniske løysinga
  • Vi ikkje bruka blokkjeder i dag
  • Blokkjeder er ikkje i konflikt med gjeldande regelverk
Hovudtilrådingar:
  1. Leggja til rette for eksperimentering med teknologien
  2. Må sjå forbi sektorprinsippet og heller etablera task force på tvers
  3. Det trengst standardisering på dette området
Dette er ganske opplagte punkt, og tilrådingane er ganske passive. Stilen i rapporten er veldig munnleg og også prega av uklare og vage formuleringar. Eit par eksempel: "Ofte vil vi mene at blokkjeder er den mest elegangte og robuste løsningen på sikt". 

Utforming
Før eg går inn på dei enkelte delane av rapporten, må eg kommentera utforminga. Eg er overraska over at Deloitte, eit proft konsulentfirma, lagar ein såpass lite elegant rapport. Dette serestetisk sett ut som det kjem frå eit forskingsinstitutt! Skrifttypen (Arial) er ikkje særleg lesevennleg, og tabellar og figurar manglar overskrifter. At det knapt er vitskaplege referansar er meir som venta, men styrkjer absolutt ikkje rapporten. 

Unngår teknologien
Deloitte har gjort eit poeng av å ikkje gå inn på teknologien bak blokkjede. Eg trur ikkje det er eit lurt val, for det etterlet mange spørsmål. Omtalen blir dermed til tider veldig overfladisk og uklar. Det er også litt merkeleg fordi eg har lese at Deloitte internasjonalt er opptekne av å læra eigne folk, og kundar, Bitcoin først. Dei har uttalt at "skal du forstå blokkjedeteknologi, må du forstå Bitcoin". Det rådet har tydelegvis ikkje nådd den norske delen av Deloitte..

Kapittel 2, som er det første kapitlet etter samandraget og som er kapitlet der teknologien skal forklarast, har tittelen "Hvordan vi vet at noe er sant". Men teksten i kapitlet gir i grunnen ikkje noko svar, i alle fall ikkje eit godt svar, på dette. Tittelen følgjer også opp tittelen på rapporten "Distribuert sannhet. Potensial og barrierer for blokkjeder i norsk offentlig sektor". 

Ein stor mangel i rapporten er også at blokkjedeteknologien ikkje blir sett direkte opp mot alternativet som er tradisjonell database (inkl. distribuerte databasar). Rapporten burde hatt ein grundig gjennomgang av skilnaden mellom databaseteknologi og blokkjedeteknologi, og kva vilkår som bør eller må vera til stades for at det skal vera fornuftig å vurdera blokkjedeteknologi som alternativ. Utan eit slikt rammeverk, blir  mange av påstandane hengjande i lufta utan forankring.

Ein grundig gjennomgang av skilnaden mellom opne og lukka blokkjeder, og grader mellom dei to ytterpunkta, manglar også. Rapporten er ikkje tydeleg på om det er lukka eller opne blokkjeder som ligg til grunn for enkelte påstandar. Det betyr at påstanden kan vera sann, men den kan også vera feil.

Korleis vita at noko er sant?
Kapitlet, og rapporten, etterlet lesaren med eit inntrykk av at informasjon som blir lagra på ei blokkjede er sann, og at det er teknologien som gjera at den blir sann. Det er ei farleg mistyding. Det er like lett å lagra feilaktige påstandar som fakta på ei blokkjede. Det må difor inn mekanismar og metodar for å sikra at informasjonen på ei blokkjede er korrekt. I Bitcoin er ikkje dette eit problem i utgangspunktet, for der handlar det om å overføra verdiar uttrykte i bitcoin (eller rettare sagt: uttrykte i satoshi). Men for annan type informasjon enn valuta, må det etablerast rutinar og metodar for verifisering og validering. For å ta eit enkelt eksempel: Om eit universitet ønskjer å lagra vitnemål frå studentar på blokkjeda, må dei verifisera det ved å "stempla" det med sitt eige verksemdsertifikat, eller er det uråd å sjekka at vitnemålet faktisk stammar frå det aktuelle universitetet. Studenten kan jo ha lasta opp sitt eige, modifiserte, vitenmål, og då er ein jo like langt.

Registeret, blokkjeda, er det sentrale
Eg hadde håpa at Deloitte ikkje gjekk i den "fella" at det er blokkjeda som (lagrings-)arkitektur som er det viktige i denne teknologien, men det gjer dei til ein stor grad. I innleiinga til kap. 3 skriv dei at "Vi så at blokkjeder kan gjøre det mulig å bygge slike registre uten noen sentral offentlig myndighet". Men problemet eg har nemnt ovanfor, at det trengst ein offentleg institusjon for å gå god for informasjonen som blir lagt inn, enten det er i ein tradisjonell database eller på ei blokkjede, gjer at den offentlege institusjonen ikkje kan kuttast ut så lett som Deloitte ser ut til å tru. Dette kjem også igjen i kap. 3.3 der det står at "Skaperne av Bitcoin demonstrerte med stor tydelighet at et register kunne danne grunnlag for en valuta". Det er ein veldig merkeleg omtale av Bitcoin. Den store innovasjonen i Bitcoin er konsensusmodellen, ikkje registeret/blokkjeda!

Treng ikkje blokkjede for å la innbyggjarane redigera informasjon om seg sjølve
Dei går vidare og peiker på enkelte gevinstområde for blokkjede. Det første kallar dei "la hagen luka seg sjølv", og med det meiner dei at ein kan la innbyggjarane redigera eigen informasjon fordi det er den enkelte innbyggjar som har størst interesse av at den er rett. Men dette har ikkje noko med blokkjede å gjera. Å gjera offentleg informasjon om innbyggjarar tilgjengleg, er fullt muleg også med dagens teknologi. Etableringa av MiSide i 2005 viste dette prinsippet veldig godt. Ei viktig teneste var "Mine data", dvs. opplysningar om ulike eigedommar, bilar osv. Det vart fort oppdaga ein god del feil i datamaterialet, og registereigarane fekk god hjelp til å retta opp. I tillegg var det opplysande for innbyggjarane. Mange vart overraska over eigedommar som stod oppførte på dei, og som dei ikkje visste om.

Gevinstpotensialet
Gevinstpotensialet er prega av "tenk på eit tal". Argumentasjonen for dei ulike estimata er svak eller fråverande. Det skal seiast at dette er ein vanskeleg øvelse; det må bli mykje synsing. Men her blir synsinga pakka inn i språk og tabellar som skal gi inntrykk av presisjon. Så skal eg vera ærleg på at det kanskje ikkje ville vore enkelt å gjera det så mykje betre. 

Tabellen som viser kopling av gevinstar og bruksområde, og grad av potensial (høgt, middels, lite) er lite overtydande og kan i grunnen ikkje brukast til noko særleg. Tala er vilkårlege; kva er t.d. grunngjevinga for for inndelinga Liten (6-15 %), Middels (14-30%) og Høg (35-60%)? Banalt nok er ikkje området 30-35 dekka.. Den same spekulative talbruken finn me også når Deloitte prøver å sjå inn i krystallkula og utviklinga 20 år fram i tid. Det blir for dumt, dette burde dei ha kutta ut.

Blokkjeder i praksis
I dette kapitlet tek rapporten for seg konkrete mulegheiter og barrierer for blokkjedeteknologi i åtte utvalde tenester eller løysingar. Kvifor desse åtte er valde, seier ikkje Deloitte noko om.

Den gjennomgåande svakheiten i eksempla er at Deloitte ikkje klarer å få fram kvifor blokkjede er eit betre val enn t.d. ein distribuert database. Det ser ut som dei meiner at så fort det er fleire aktørar som enten skal sjå informasjonen, eller oppdatera den, så må blokkjede vera tingen.

Eg saknar ein gjennomgåande diskusjon av kva som skil blokkjeder frå tradisjonelle databasar. Den skulle komme før gjennomgangen av eksempla og vore brukt som eit rammeverk. Her er Gideon Greenspan sine åtte vilkår eit godt utgangspunkt, sjølvsagt med ein diskusjon av validiteten av Greenspans påstandar. Utan ein slik diskusjon, blir gjennomgangen av eksempla lite verd. 

Policy og regulering
Dette kapitlet opnar med ein stor feil: 
"I utgangspunktet er blokkjedeteknologien en teknologi for "distribuert databehandling". Dette gir blokkjedeteknologien en rekke fellestrekk med tradisjonell datateknologi som bygger på ein kliente-tjener formasjon hvor ressursene (filer, behandlingskraft, tjenester) ligger hos en sentralt administrert serverprosess."
Nei, blokkjedeteknologien er jo nettopp prega av fråveret av ein sentral administrativ ressurs! Og den skilnaden skaper sjølvsagt regulatoriske utfordringar som er ulike dei som gjeld for sentraliserte tenester og løysingar.

Vidare under "Særtrekk ved blokkjeder som teknologi for databehandling" står det blokkjede-teknologien i seg sjølv ikkje kan garantera at data som blir registrerte er korrekte (Ja, nettopp! Men det er ikkje det som står tidlegare i rapporten!). Det er difor nødvendig å byggja inn kontrollprosedyrar i arkitekturen, skriv Deloitte vidare. Det forstår eg ikkje. Dei kontrollmekanismane er etter det eg forstår av institusjonell karakter. Ta eksempelet med vitnemål frå eit universitet: Det er universitetet som må signera vitnemålet med sitt verksemdssertifikat, men det er ikkje ein kontrollprosedyre som blir bygt inn i arkitekturen. Det er ein prosedyre som blir integrert i tenesta frå universitetet.

I 10.3 om kontroll og endringar blir det forvirrande fordi det ikkje er opplyst om det er opne eller lukka blokkjeder det er snakk om. Rapporten snakkar om at meir enn 50 % av nodane må godkjenna nye blokker, og at meir enn 50 % av nodane også kan manipulera blokkjeda om dei samarbeider. Her burde det vore gjort eit skilje mellom opne og lukka blokkjeder. I Bitcoin er det 50 % av reknekrafta som er det kritiske talet (51 %-angrep) ved at den som kontroller meir enn halvparten av reknekrafta kan manipulera transaksjonar. I eit lukka nettverk trengst det ingen energi-innsats eller reknekraft; her kan godkjenningsreglane utformast på ein annan måte.

På slutten av kapitlet er det lista ein del råd for etablering av ein blokkjedearkitektur. Her burde det vore presisert at det ikkje er aktuelt for offentleg sektor å byggja si eiga blokkjede. Det er berre aktuelt å ta utgangspunkt i ei eksisterande løysing, enten den er open eller lukka. Difor fell ein del av råda bort.

Ein generell kommentar til policy- og reguleringskapitlet er at det burde vore gjort ei samanlikning med regulering av Internett, sidan det er veldig mykje som er likt mellom Internett og blokkjedeteknologi.



torsdag 22. februar 2018

Bitcoin og energibruk

Bitcoin-utvinning (Foto: Marko Ahtisaari, CC BY 2.0)
P2 Nyheitsmorgon tok i dag opp spørsmålet om energibruken i kryptovaluta, og særleg i utvinning av Bitcoin. Eg vart intervjua om saka og i tillegg hadde dei henta inn uttalar frå Torgeir Waterhouse, IKT Norge, og Marius Nesse, BitNor (bedrift i Bergen som driv utvinning av kryptovaluta). Temaet er brennbart, det er heilt sikkert.

Mykje energi
Det går med mykje energi (elektrisk kraft) til sikringa av Bitcoin-nettverket gjennom den såkalla "proof of work"-metoden. Men akkurat kor mykje energi, er det ingen som veit, og dermed er det fritt fram for spekulasjonar. Me høyrer stadig om at Bitcoin-nettverket brukar "meir straum enn heile Irland", "meir straum enn Portugal", "meir straum enn Danmark"! Men dette veit me for lite om så det trengst meir forsking.

Mykje energi samanlikna med kva?
Samtidig som energibruken i Bitcoin og kryptovaluta er betydeleg, må me også stilla spørsmålet "samanlikna med kva?" Avisa Independent hadde ein interessant artikkel der dei såg energibruken i kryptovaluta opp mot dagens energibruk og miljøproblem knytt til fysiske kontantar, og særleg myntar. Det er mellom anna mykje bruk av zink, og utvinning av zink har både energimessige og miljømessige utfordringar. Konklusjonen i artikkelen er at ein skal vera litt forsiktig med å dømma energibruken i kryptovaluta og at den må sjåast opp mot alternativ energibruk.

Det er også ein viss ironi at finanssektoren kastar seg på miljøargumentet. Dei har ikkje akkurat vore veldig opptekne av det spørsmålet tidlegare. Kor mykje energi gjekk med til å selja rotne finansprodukt som resulterte i finanskrisa? Kor mykje energi brukar finanssektoren, sett i samanheng med verdiskapinga for samfunnet+

Alternative metodar
Proof of work er den dominerande måten i dagens kryptovalutaer, men nye sikringsmetodar er under utprøving. Ethereum har lenge annonsert at dei skal gå over til "proof of stake", der eigarar av valutaen ether satsar ein del av verdiane sine som del av sikringa. Men det er framleis ein del usikre element i denne metoden, noko som har gjort at Ethereum har måtta utsetja overgangen. At metoden er i bruk i nokre kryptovalutaer er ikkje noko bevis på at den er trygg eller feilfri. Det er små valutaer som ikkje har vorte sett på skikkeleg prøve slik Bitcoin har.

Alternative metodar for Bitcoin sit nok lenger inne. Utviklinga i Bitcoin er og har vore forsiktig og konservativ, noko som over tid har vist seg å vera fornuftig. Det er store verdiar som står på spel, og det er god grunn til å tenkja seg godt om før ein gjer gjennomgripande endringar.


onsdag 31. januar 2018

Eplekjekke Bitcoin-"ekspertar"

Intervju i DN 18. januar av sjølvoppnemnde Bitcoin-ekspertar
Torsdag 18. januar fekk finansaktørane Thomas Eitzen og Bjarne Shieldrop to heilsider til å rakka ned på Bitcoin. Eg skreiv følgjande innlegg som stod på trykk i DN laurdag 27. januar.

[Kai A. Olsen, professor ved Høgskolen i Molde, svarte på innlegget mitt igjen i DN 30. januar - eg kjem tilbake til det seinare]


Bråkjekke Bitcoin-kritikarar
 Terskelen for å ytra seg, gjerne kritisk, om Bitcoin og kryptovaluta er låg i DN – svært låg. Torsdag 18. januar får dei to bråkjekke finanstypane Schieldrop og Eitzen to heilsider til å rakka ned på Bitcoin. Dei er «ganske interessert i data og teknologi generelt» og med det som ballast kjenner dei seg godt rusta til skråsikre uttalar om Bitcoin.

Trass i «interesse for data og teknologi generelt» er det mykje dei ikkje har skjønt. Dei har ikkje skjønt at det ikkje er nokon samanheng mellom størrelse på bitcoin-belønning og energibruk. Dei har heller ikkje skjønt at «21 millionar myntar» er ganske misvisande. Den minste eininga i Bitcoin er satoshi, og dei vil det finnast maksimalt 21 * 10**14 (2,1 billiardar) av når alle bitcoin er gravde fram. Det burde halda ei stund.


Men ein ting har dei to forstått: Denne teknologien har potensial til å fjerna unødvendige og overbetalte mellomledd.

fredag 26. januar 2018

Blokk-kjede i offentleg sektor

Partnarforum arrangerte måndag 22. januar eit seminar med tittelen "Blockchain-teknologi - mer revolusjonerende enn internett?". Temaet var tydelegvis populært og meir enn 200 deltakarar melde seg på, med venteliste for å komma inn. Etter fire innleiande presentasjonar (sjå notatar under og elles lenke til video og presentasjon), innleia Arild Haraldsen til paneldiskusjon og spørsmål frå salen.

Partnarforum er eit samarbeid mellom Handelshøyskolen BI, Universitetet i Oslo og 19 partnarar frå statleg forvaltning. Forumet arrangerer møte og seminar om aktuelle tema for statsforvaltninga. BI og UiO har sekretariatsfunksjonen.

Innleiingane på seminaret finn du i dette videoopptaket (NB! Krev Flash :(

Notatar frå seminaret (NB! ikkje bearbeida):
Eg innleia først om Bitcoin og blokk-kjede (sjå presentasjon under). Eg tok meg den fridommen å seia at frå og med i dag (22.01.18) er det ikkje lenger lov å seia eller skriva "blockchain". Heretter må alle kalla det "blokk-kjede". Det fungerte bra, for dei andre innleiarane tok seg i å seia "blockchain" og kom plutseleg på at det "ikkje var lov" lenger ;)



Nader Aeinechi, Skatteetaten
Sikker, autentisk informasjon
- motstandsdyktig mot angrep, sabotasje, spionasje, regimeendringar, naturkatastrofar, migrasjonar

Offentleg forvaltning har ofte rolla som tiltrudd tredjepart

"Append-only"
Uforanderleg - ikkje endrast eller slettast
Full transaksjonshistorikk

Kva med retten til å bli gløymd?

Proof of Concept (PoC) i Skatteetaten
- sameina to motstridande krav (auka sikkerheit og uforanderleg og også oppfylla personvernkrava)

Vogge-til-grav blokk-kjedeløysing
- all informasjon blir eigd av innbyggjarane sjølve
- ingen bakdører til blokk-kjeda
- den offentlege etaten må signera informasjonen med sin private nøkkel og personen sin off. nøkkel for seinare

Ei offentleg blokk-kjede
- t.d. Ethereum
- nasjonalt?, nordisk? europeisk?

Smarte kontraktar på toppen av ei vogge-til-grav kjede

Set innbyggjaren i sentrum!

Bruk av avatar som ein representasjon av den spesifikke innbyggjaren ["token-ifisering"?]
- ein fysisk person kan ha eit hierarki av avatarar, der den enkelte avataren berre har så mykje informasjon som er nødvendig for å ei spesifkk oppgåve (t.d. utrekning av skatt)
- sterkt personvern samtidig med god sporing
- rettferdig handsaming, uavh. av personen

Cat. Holten, Br.reg/Altinn
- I Norge har me mange dataregister, og eit godt utvikla system for registerforvaltning
- SERES, Oppgåveregister og no Nasjonal felleskatalog for heilskapleg informasjonsforvaltning
- blokkjede som plattform er eit spennande tema
- har løfta blikket og ser plattformer i eit internasjonalt perspektiv
- korleis kan blokk-kjedeteknologien gi oss ei betre forvaltning av felleskomponentar?
- fullmakter, rollar ++ er eit veldig komplekst område, men det må handterast
- grunndataregister (matrikkelen, folkeregisteret

- Br.reg: 17 reg. som blir behandla i 14 ulike system, dette skal samlast i eitt system
- grunnlag for større grad av automatisering
- i kravspes. står det ikkje veldig mykje om blokk-kjedeteknologi (!)
- 30-30-30-samfunnet: 30 år før arbeid, 30 år i arbeid og 30 år som pensjonist
- "Request for Information": Skal køyra eit blokkjede-prosjekt saman med IBM og ei studentgruppe
- sjølv om det kanskje er å startar i feil ende, er det viktig å bli kjendt med teknologien og starta utprøving
- rolla kan vera integrator, samordnar, sandkasse for testing av blokk-kjede, ressurssenter (?)

Case:
- el. aksjeeigarbok
- sandkasse
- API-handtering
- rollar og rettar
- register som omhandlar fast eigedom
- eigedomsoverdraging

Br.reg/Altinn tek gjerne ei utvida rolle i utprøving av blokk-kjedeteknologi, t.d. gjennom å tilby ei "sandkasse" for eksperimentering.

Christian Thindberg, NAV
- off. sektor er også investor: ikkje investera for tidleg, men heller ikkje for seint
- for tillit er openheit veldig vktig (blokk-kjede er eigentleg full openheit for alle)
- for å komma frå "visjonær"-delen til "pragmatisk"/mainstream må teknologien stiga over ei kløft, og for å klara å stiga over kløfta må teknologien løysa ekte problem
- som TCP/IP-utviklinga, treng også blokkjede tid, og kanskje endå lenger tid
- den tillitsbaserte offentlege forvaltninga me har i dag er ein grunnleggjande sikkerheit og eit gode me må ivareta - kva då med blokk-kjedebaserte løysingar som ikkje treng den tilliten? Går vi mot eit rettslaust, Orwelliansk samfunn styrt av algoritmar?

Arild Haraldsen: Når statisk forvaltningskultur møter ei dynamisk teknologiutvikling
- kan tolka den tittelen på to måtar..
- tillit er eit konkurransefortrinn i privat sektor, i offentleg sektor er det heilt nødvendig
- det er ikkje teknologien åleine som utgjer ei mulegheit eller ein trussel
- Datatilsynet sin rapport om blokk-kjed (eller var det GDPR/nye personvernreglar (?)
- Skatteetaten sin endring av skatteopplysningar (sjølvmelding) var ikkje ei teknologisk endring, men endring av forretningslogikken. I staden for å be innbyggjarane opplysa om detaljane, henta Skatteetaten inn alt dei kunne og spurde innbyggjaren om det var rett.
- det som manglar er ein samordna strategi for forvaltningsutvikling (sjå artikkelen "Forvaltningsutvikling og digitalisering")
- her kjem teknologien inn som eit muleg grensesprengjande element
- "Wicked problems" -> "Garnnøste"-problemet (Difi, 2015)
- artikkel i "Stat og styring" (kjem i april) om korleis rekna ut gevinstar av off. teknologi-investeringar
- den digitale grunnmuren: investeringa er ikkje så lett å rekna ut gevinsten av, gevinstane kjem mykje seinare og på andre område enn der invsterina har skjedd

Paneldiskusjon med innspel frå salen.
Paneldiskusjonen og spørsmåla frå salen er ikkje med i videoen og blir heller ikkje referert her. Eg tek berre opp att dei innleiande utfordringane frå Arild H.:

Hvilken rolle kan blokkjede spille for offentlig sektor) Som plattformteknologi? Hvorfor når vi allerede har fungerende plattformer?

Tillit er et sentral element i offentlig sektor. Er ikke dette forskjellig fra privat sektor der tillit er et konkurransefortrinn, mens det i offentlig sektor er en nødvendighet.

Når og hvorfor bør offentlig sektor investere i blokkjede?

Blokkjede vil kortslutte flere mellomledd, og endre maktfordelingen i verdikjedene, jfr. selg bolig-eksempelet. Hvilke konsekvenser vil dette ha? Hvilken betydning vil dette ha for organiseringen av offentlig sektor?

mandag 15. januar 2018

Bitcoin og kryptovaluta - Årsmelding 2017

Foto: BTC Keychain (CC BY 2.0)
"It was the best of times, it was the worst of times, it was the age of wisdom, it was the age of foolishness (…)". Charles Dickens’ ord passar godt som ei oppsummering av utviklinga i Bitcoin og kryptovaluta i 2017. Det var året då Bitcoin og kryptovaluta slo gjennom for alvor og vart eit allment kjent begrep. I takt med den aukande merksemda, auka også dei kritiske stemmene i styrke. Det  er i samsvar med ei kjent utvikling for såkalla forstyrrande (disruptive) teknologiar: 

  1. Latterleggjering («Haha, denne teknologien er primitiv, den har ikkje ein sjanse mot dagens finans-teknologi»)
  2. Intens motarbeiding («Bitcoin kan rasera velferdsstaten!» - kjelde: Finans Norge)
  3. Allmenn aksept

Vi er no i den andre av desse fasane, der dei som har mest å tapa, for alvor rettar skytset mot kryptovaluta, og særleg Bitcoin.

Skog og tre
Dersom vi ser bort frå ein del underliggjande motiv, er det mange kritikarar av Bitcoin som ikkje ser ut til å sjå skogen for berre tre. Den enorme verdistiginga står i vegen for ei vurdering av teknologien på lang sikt. Det er også nødvendig å heva blikket over norske og vestlege tilstandar og sjå kva dette kan bety globalt. Halvparten av verdas innbyggjarar er i dag ikkje i nærleiken av å kunna delta i den globale økonomien fordi dei ikkje får tilgang til ordinære banktenester.

Det er også viktig å minna om at desentralisering og sensurfridom er heilt essensielle sider ved Bitcoin, og det er utenkjeleg å endra desse for å oppnå større kapasitet. Eit meir sentralisert Bitcoin vil i praksis gi oss eit nytt PayPal, og det treng vi ikkje. Desentralisering og sensurfridom heng nøye saman og legg føringar på kva som kan gjerast av utvikling framover.  I tillegg gir teknologien bak Bitcoin oss betre mulegheiter for å verna om våre eigne data; data som no nærmast er fritt vilt på nettet.

Finanssektoren på veg inn
2017 var også det året Bitcoin vart stoverein for dei første store finansaktørane. Chicago-børsane CME og CBOE, verdas største innan handel med opsjonar, starta handel med Bitcoin-opsjonar i desember. Det er delte meiningar i Bitcoin-miljøet om dette er bra eller ikkje, men i all hovudsak vil endringa styrka Bitcoin og gjera det vanskeleg å eliminera den med forbod eller andre større reguleringstiltak. 2017 har vist at krypotovaluta har komme for å bli.

Framtida
Det er ingen grunn til å leggja skjul på at det er utfordringar med Bitcoin og andre kryptovalutaer. Det er eit kjenneteikn ved disruptive teknologiar at dei på langt nær er perfekte, men at dei likevel har eigen­skapar som gjer at dei ofte fortrengjer eksisterande løysingar. Både AirBnB og Uber starta opp som dårlegare løysingar enn konkurrentane på mange område, men hadde likevel noko nytt som trumfa dei svake sidene.


Kapasitetsproblema og dei høge gebyra, målt i vanlege pengar, er eit resultat av den høge kursen på bitcoin. Bitcoin som betalingsmiddel er fortrengt av bitcoin som eit middel for oppbevaring av verdiar. Det store stridsspørsmålet i Bitcoin-miljøet har vore om kapasitetsauken skal skje på sjølve blokk-kjeda i form av større blokker, eller om den skal skje utanfor slik at blokk-kjeda berre blir brukt til avstemming av balansar. Den uforsonlege kampen har enda med splittinga i Bitcoin Cash og Bitcoin, der den førstnemnde har innført større blokker, medan Bitcoin held fast på den opphavlege blokk-størrelsen. Bitcoin har derimot innført teknologien SegWit (Segregated Witnesses) som opnar for at transaksjonar kan løftast bort frå sjølve blokk-kjeda. 2018 vil gi oss ein forsmak på kva vi kan forventa av denne betalingsløysinga.

Når Bitcoin etter kvart mistar nyheitsinteressa og media er på jakt etter det neste store, vil teknologien halda fram med å utvikla seg og vi vil truleg få løysingar som vil revolusjonera mange sektorar, ikkje berre finanssektoren.

søndag 24. desember 2017

Jerusalem - ein biografi

Jerusalem og Tempelhøgda med Klippedomen i sentrum (Foto: Dan Brickley, CC BY 2.0)
Jerusalem er på nytt i stridens kjerne etter at Trump bestemde at USA sin ambassade skal flyttast dit. Byen er heilag for tre verdsreligionar: jødedommen, islam og kristendommen. Ikkje rart at det har skapt, og skaper, konfliktar. Forfattaren Simon Sebag Montefiore har skrive biografien om Jerusalem og går gjennom historia frå år 70 etter Kristus og fram til vår tid. SSM har skrive mange kjende bøker, mellom anna den svært interessante biografien om Stalin, og også om den unge Stalin.

Simon S. Montefiore er ein dyktig forfattar, men som ofte med forfattarar, og særleg historiske forfattarar, skin sympati og antipati gjennom teksten. For Montefiore sin del er det ei pro-jødisk haldning gjennom boka, og dei "grusomme" er alle dei andre; kristne, muslimar, ikkje-truande av ulik avstamming.

Davids by
I følgje historia vart Jerusalem grunnlagt av kong David 1000 år før Kristi fødsel, men me har berre Bibelen som kjelde for dette. Nebukadnesar, konge i Babylon, erobra Jerusalem rundt år 700 f. Kr. Nebukadnesar var ein relativt tolerant herskar som tillet trusfridom. Om lag 150 år seinare, i år 539 f. Kr., tok persarane byen ved Kyros den store. Han er elles kjend som introduserte dei første menneskerett-lovene. Etter persarane kom Aleksander den store (336 f. Kr.) og etterfølgjaren hans Ptolemaios.

Jerusalem i ruinar
Romarane erobra Jerusalem i år 66 f. Kr. og la byen i ruinar i år 70 e. Kr. Det var under leiing av Titus, og med Vespasius som keisar, at nok eit opprør frå jødane vart slege ned, og denne gangen med utslettande effekt.

Frå juleevangeliet veit me at det var Augustus som var keisar på den tida Jesus vart fødd. Augustus heitte opprinneleg Oktavian og styrte først Romarriket saman med Antonius, men slo etter kvart Antonius og tok namnet Augustus.

Herodes, konge av Judea
Herodes var konge over Judea. Han var halvt arabar og halvt jøde, og hadde tillit frå Augustus.
Herodes låg på dødsleiet då Jesus vart fødd. I følgje Bibelen skal han ha gitt ordre om å drepa alle gutebarn sidan han hadde fått høyrt at ein ny konge av Davids ætt skulle ha vorte fødd. Det finst likevel ikkje bevis for at Herodes nokon gang hadde høyrt om Jesus, eller at han massakrerte alle gutebarn for å bli kvitt ein potensiell utfordrar.

Faktiske feil i Bibelen
Det er i det heile mykje i Bibelen som ikkje stemmer med faktiske forhold så langt dei kan etterprøvast. Alt tyder på at Jesus vart fødd i år 4 f. Kr. (!), men folketeljinga som er nemnt i juleevangeliet, fann derimot først stad i år 6 e. Kr., nesten 10 år etter han var fødd.

Motsetningane mellom Jesus og farisearane ser ut til å vera skriven på grunnlag av det som skjedde ei stund etter Jesus sin død. Farisearane var ei folkeleg og populær sekt, og dei forhatte var tempel-aristokratiet. Dei profetiske utsegnene til Jesus om at tempelet skulle bli utsletta og at det ikkje ville vera att "stein på stein", er mest truleg skriven etter at øydeleggingane var eit faktum i år 70 e. Kr.

Den bibelske framstillinga av Pontius Pilatus er også mest truleg historisk feil. Han var ikkje ein veik og feig mann, men derimot hard og stivbeint.

Paulus - kristendommens skapar
Paulus var fødd om lag på same tid som Jesus, i dagens Tyrkia. Han vart omvend i år 37 e. Kr., på veg til Damaskus. Han avviste skarpt jødanes eksklusivitet og løfta kristendommen til ein universell religion. Han var ganske moderne, sett i dåtidas lys, og la vekt på likeverd mellom etniske grupper og mellom kjønn.

Konstantin og gjennoppbygginga av Jerusalem
Etter romarane kom ottomanske herskarar. Først Konstantin den store som var keisar først av Romarriket i vest og så i aust. Han var kristen og sidan kristendommen var hovudreligion i det nye storriket, var det viktig å sameina dei ulike splitta gruppene og tolkingane av kristendommen. Han kalla difor inn dei fremste biskopane til eit møte i Nikea, det i ettertida så berømte kyrkjemøtet, i år 325. Ei av dei viktigaste avklaringane var om Jesus var gud eller menneske. Som alle toppmøte enda det med kompromiss; han var begge delar :)

Etter kyrkjemøtet bestemde Konstantin at Aelia Capitolina (tidl. Jerusalem) skulle byggjast opp att som det nye Jerusalem, og det første som skulle byggjast, var ei kyrkje. Konstantin innførte søndagen som heilagdag, og var også den som innførte regelen om at påskedag skulle falla på første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøger.

Tida 350 - 1918
Så spolar me raskt fram rundt 1500 år og forbi muslimsk herredømme over byen (m.a. då Klippedomen vart bygd), krosstoga rundt 1000-1100, mamelukkane sitt styre (leigesoldatar/slavar av tyrkisk opphav) og til slutt det Ottomanske riket frå 1516 og fram til første verdskrig.

Eit arabisk opprør mot dei tyrkiske herskarane starta i 1916 og fekk etter kvart med seg engelskmennene. Eller rettare sagt: Arabarane gjekk inn på engelsk side i kampen mot Tyskland og ottomanarane. Det var mykje takka vera den 20 år gamle (!) T. E. Lawrence; "Lawrence of Arabia" at dette kom i stand for han forstod arabarane og snakka språket deira.

Sykes-Picot
Men bak ryggen på arabarane, og Lawrence, delte England og Frankrike Midt-Austen mellom seg i Sykes-Picot-avtalen. Den gjekk ut på at Frankrike skulle få Syria og Libanon medan Storbritannia skulle få Irak og delar av Palestina. Jerusalem skulle internasjonaliserast under kontroll av Storbritannia, Frankrike og Russland.

Lawrence var skamfull etter dette sviket og uttalte: "Vi ber dei slåss for oss med utgangspunkt i ei løgn. Eg held det ikkje ut!". Han avslørte Sykes-Picot-avtalen for Faisal, "øvstkommanderande" for arabarane, og saman planla dei å ta Syria før franskmennene.

Illustrasjon frå Wikipedia
Balfour-deklarasjonen og støtte til sionismen
Eit anna viktig utspel var Balfour-deklarasjonen frå utanriksministar i Storbritannia, Arthur Balfour. Den er forma som eit brev til Lord Walter Rotschild, leiar av det jødiske samfunnet i Storbritannia. I brevet blir sionismen for første gang offisielt støtta og med den ei oppretting av ein nasjonal heim for jødane i dåverande Palestina ("a national home for the Jewish people [in Palestine]"). Sionismen er ein jødisk nasjonalisme som vart formulert av austerrikaren Theodore Hertzl i boka "Der Judenstaat" i 1896. Der vart Israel som det lova landet gitt til jødane av Gud, (gjen-)formulert. Hertzl dreiv ustoppeleg politisk agitasjon for idéen og besøkte dei fleste statsoverhovuda i Europa.

Men det må seiast at det opp gjennom historia har vore mange forslag til landområde for den jødiske staten. Herzl, sionismens far, førslo Uganda (!) og opp gjennom tidene har det ikkje vore mindre enn 34 ulike forslag til landområde for jødane. Stalin føreslo også å oppretta ein jødisk stat i Russland, og ei stund var også Krim-halvøya eit forslag.

Forslaga i Sykes-Picot-avtalen vart vedtekne i Versailles-forhandlingane etter første verdskrigen, og Frankrike fekk Syria + Libanon medan Storbritannia fekk Palestina. Men det markerte berre starten på endå meir uro, og dei første kampane mellom arabarar og jødar braut ut i Jerusalem i 1920.

"Motteke 1 stk Palestina"
Militær guvernør Herbert Samuel formulerte følgjande svar etter avtalen i Versailles: "Motteke av gen.major Sir Louis J. Bols KCB 1 stk. Palestina, komplett. Med forbehold om mulege feil og manglar."

Faisal, som leia arabarane sitt opprør mot ottomanarane og støtta til dei allierte, vart først konge i Stor-Syria (inkl. Libanon), men vart kasta ut av franskmennene etter kort tid. Han vart seinare konge i Irak, medan broren Abdullah vart konge i (Trans-)Jordan. Saudiane tok over Arabia til Saudi-Arabia. Det er dei same kongefamiliane som styrer i dei to landa i dag.

Etableringa av Israel: Weizmann og Ben-Gurion
To sentrale personar i etableringa av den nye jødiske nasjonalstaten Israel var Chaim Weizmann og David Ben-Gurion (opprinneleg David Grün). Begge var jødar frå Russland, men der stoppa også all likskap. Weizmann var vand til å omgå aristokratiet og hadde diplomati som leiestjerne medan David Ben-Gurion var sosialist frå arbeidarklassen og var større tilhengjar av vald.

Etter nye opptøy og uro i 1936 sette britane ned ein kommisjon for å finna mulege løysingar på problema. Peel-kommisjonen kom fram til ei tostats-løysing der Palestina vart delt i to. Ein del for arabarane, og den skulle slåast saman med (Trans-)Jordan, og ein del for jødane. Delinga i areal var ca. 75/25. Jerusalem skulle ha særstatus og vera under britisk kontroll.

Forslaget vart avvist av arabarane og general Bernhard Montgomerey uttalte: "Jødar drep arabarar og arabarar drep jødar. Slik vil det sannsynlegvis halda fram dei neste 50 åra". Han fekk heilt rett, og kunne godt teke hardare i og sagt "minst 100 år".

Irgun - jødanes "Al Quida"
Irgun var ein radikal jødisk milits leia av Menachim Begin (ja, fredsprisvinnaren!). Dei stod bak mange terrorangrep, m.a. sprenginga av King David Hotel, og massakrar, m.a. Deir Yassin der mellom 100 og 250 arabarar, dei fleste kvinner og barn, vart massakrerte.

Israel oppretta i 1948
14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion staten Israel.
Stalin var faktisk den første statsmannen som støtta opprettinga av Israel! Også Truman støtta opprettinga, men utanriksministaren hans, George Marshall, var ope i mot.

Arabarane gjekk til angrep i Jerusalem og tok tilbake mykje av gamlebyen. Folke Bernadotte vart sendt som FNs fredsmeklar og fekk i stand våpenkvile. Men kort tid etter at han kom til Jerusalem, vart konvoien hans angrepen av Lehi (leiar av Yitzak Rabin) og han vart drepen.

I 1949 vart det våpenkvile på nytt og Israel underteikna avtale med dei fem arabarstatane. Jerusalem vart delt. Arabarane fekk gamlebyen, Aust-Jerusalem, og Vest-breidden. Jødane fekk tilgang til Klagemuren, den største heilagdommen deira, gravplassen på Oljeberget og gravene i Kedron-dalen.

70 år sidan Israel vart oppretta
Israel feirer i år 70 år sidan staten vart oppretta, og 50 år sidan Aust-Jerusalem vart okkupert (under 6-dagarskrigen). I dag (14.05.2018) vart også USA sin ambassade i Jerusalem opna. Trump gjorde det klart at han ville flytta ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem. Det er i seg sjølv ein brannfakkel, og det har ført til oppstand og demonstrasjonar på Gaza-stripa. I samband med opptøya vart over 50 personar drepne av israelsk grenseforsvar i dag.

Hilde Henriksen Waage, professor ved UiO og seniorforskar ved Prio, skriv i ein kronikk i Dagens Næringsliv 12. mai i år om "Den tåkelagte konflikten". Ho har tidlegare markert seg som ein kritikar av Oslo-prosessen og har våga å tala den kompakte majoriteten midt i mot. Hennar oppsummering av konflikten mellom palestinarar og israelarar er dyster, men realistisk. Her er hovudpoenga hennar:

  • Ein sterk israelsk stat i Midt-Austen eksisterer og er der for å bli. Israel er ei av dei sterkaste militærmaktene i verda og er alliert med den einaste supermakta; USA
  • Ein palestinsk stat døydde under fødselen og har sidan aldri gjenoppstått. FNs generalforsamling vedtok i 1947, med 2/3 fleirtal, å oppretta to statar; ein israelsk og ein palestinsk.
  • Vestbreidda, Aust-Jerusalem, Gaza-stripa og Golanhøgdene vart tekne av Israel i 1967. Dei har sidan nekta å gi dei tilbake til landa dei vart tekne frå (Jordan, Egypt og Syria).
  • Kva skal gjerast med palestinarane og palestinske flyktningar sin rett til å venda tilbake til heimane sine, no ein del av Israel?
  • Kva skal gjerast med dei israelske busetjarane, på okkupert grunn?
Avslutningsvis skriv Waage at Israel har vunne fram på alle punkt og palestinarane har tapt på alle. Palestinarane har gått på nederlag etter nederlag og sit no att med eit stadig mindre av det området som ein gang skulle bli Palestina. Ei tostats-løysing er fjernare enn nokonsinne, ein palestinsk stat det same.

tirsdag 19. desember 2017

Bitcoin, bobler og verkelege verdiar

Ill.: fedecomite (CC-BY-2.0)
Innlegg i Dagens Næringsliv i dag (papirutgåva):

Den veldige kursauken i Bitcoin blir karakterisert som ei boble og samanlikna med den velkjende tulipan-bobla i Nederland i første halvdel av 1600-talet. Det mange ikkje veit, er at tulipan-bobla var meir samansett enn som så. Fleire artiklar har studert kva som skjedde i Nederland i åra 1634-38 og konkluderer med at mykje av det som blir gjenfortalt, er feil (sjå t.d. artikkelen «There Never Was a Real Tulip Fever» av Lorraine  Boissoneault, Smithsonian.com). Historien om tulipan-bobla har mest av alt vorte brukt som ei moralsk åtvaring, særleg frå kyrkja si side.

Den elleville kursstigninga i Bitcoin og andre kryptovalutaer i år gir likevel grunn til uro. Det er ikkje sunt med ei så kraftig kursstigning på så kort tid, og for Bitcoin har det gått ut over funksjonen som betalingsmiddel. Pengar har som kjent tre hovudfunksjonar: 1) bytemiddel for varer og tenester, 2) lagring av verdiar og 3) måleeining.

I dag er Bitcoin mest aktuelt som lagring av verdiar, og i mindre grad som betalingsmiddel på grunn av dei relativt høge gebyra som krevst for å få ein transaksjon loggført på blokk-kjeda. Den store etterspørselen etter ei avgrensa mengde bitcoin driv prisen i veret. I tillegg har Bitcoin-systemet kapasitetsproblem fordi blokkene har ein definert størrelse og frekvensen av blokker som blir lagra på blokk-kjeda er også gitt med i snitt 10 minuttars mellomrom.

Mange økonomar meiner Bitcoin er ei boble fordi det er ikkje nokon substans bak valutaen. Den er ikkje under nasjonal kontroll («money by law») eller knytt til underliggjande verdiar. Det må difor vera eit oppblåst fenomen. Men det Paul Krugman, Joseph Stiglitz og ei rekkje andre prominente økonomar ikkje forstår, er at Bitcoin med den underliggjande teknologien viser veg til ei ny organisering av forretningsdrift. I vel 400 år har vi møysommeleg utvikla eit kapitalistisk system basert på eigardelar i bedrifter i form av aksjar, avgrensa risiko i samband med desse aksjane og reglar for handtering av konkursar osv. Ei slik organisering representerer ikkje ei naturlov; det er ikkje gitt at denne modellen skal halda fram i evig tid.

Bitcoin har vist vegen til ei ny organisering av kommersielle føretak: ein distribuert modell utan institusjonane vi kjenner i dag. Gjennombrotet med overføring av verdiar utan bruk av ein tredjepart kan knapt overvurderast. Saman med smarte kontraktar og andre nyvinningar opnar det for det vi kan kalla Organisasjon 2.0; ein kapitalistisk modell der dagens institusjonar blir erstatta av «eigarlause» autonome organisasjonar. Med denne teknologien kan vi ha AirBnB-liknande føretak utan AirBnB i midten, Uber-liknande forretningsdrift utan Uber i midten og Amazon-liknande handelsplassar utan Amazon i midten.

Kva er verdien av ein slik innovasjon? Førestill deg at du skal setja ein verdi på Internett. I starten av 1990-åra ville mange seia at Internett er null verdt, og fram mot tusenårsskiftet ville mange sagt at dette er eit boble som vil sprekka. Og den sprakk i den velkjende dot.com-krisa. Men det var ikkje slutten på Internett, men starten på ei berekraftig utvikling som har gitt oss nett-gigantar som Google, Amazon, Facebook, Amazon og andre.

Etter meir enn 20 års web-utvikling med ei stadig sterkare sentralisering er tida kommen for ei omvelting i form av desentrale modellar og tilbake til dei originale Internett-idéane. Det er dette Bitcoin og dei andre opne blokk-kjedene representerer, og spørsmålet blir då: Kor mykje er dette verdt?

Eg er ganske sikker på at vi vil få ein korreksjon av prisane på kryptovaluta, og at dei som har ropt «ulv, ulv», vil få ei kortvarig gledesstund ved å peika på at «det var det vi sa!». Og så er eg ganske sikker på at Bitcoin (og andre kryptovaluta) er ganske mykje meir verdt om 5-10 år enn i dag.

[Siste del av innlegget var eigentleg meint som eit eige svar til Terje Erikstad sin kommentar "Verdensrekord i energisløsing" i DN 16.12.]

lørdag 11. november 2017

Bitcoins største problem er internt


Lenke til illustrasjonen
Innlegg i Dagens Næringsliv i dag (11.11.17) om det eg meiner er Bitcoins største problem: intern strid og splitting.

Dessverre har DN kutta innleiing og avslutning og innlegget blir dermed litt utan "hovud & hale". Her er original-innlegget slik eg sende det.



Bitcoins største utfordring er intern

Svein Ølnes, Vestlandsforsking

«If it doesn’t kill you it just makes you stronger» er eit uttrykk opprinneleg formulert av Friedrich Nietzsche, og utviklinga av Bitcoin ser ut til å følgja denne. Til meir kritikk og til fleire dommedags­profetiar utanfrå, til sterkare ser Bitcoin ut til å bli og til meir aukar kursen på valutaen.

Kina har strypt handelen med bitcoin og kryptovaluta, men etter ein kort dupp har vekslingskursen teke seg opp att til nye høgder. Jamie Dimon, toppsjefen for JPMorgan Chase (banken som fekk NOK 100 mrd. i bot for svindel i samband med finanskrisa!), er stadig ute med negative utsegner om Bitcoin, utan at det påverkar kursen i negativ retning. Og her heime meiner Finans Norge at Bitcoin kan rasera velferdsstaten! Dette utsagnet påverkar sjølvsagt ikkje den globale valutaen og er elles meir å rekna som ein skivebom.

Nei, dei største truslane for Bitcoin kjem heller innanfrå. Dei siste åra har diskusjonen rasa om korleis Bitcoin best bør auka kapasiteten. Frontane har vore steile og det har etter kvart resultert i splitting av sjølve blokk-kjeda («hard fork»). 1. august fekk vi den nye valutaen Bitcoin Cash, og i slutten av oktober fekk vi  Bitcoin Gold. Endå ei splitting, kalla SegWit2X, var planlagt i midten av november. Frå å ha eitt Bitcoin-system, får vi etter kvart mange! Om det var vanskeleg å forklara Bitcoin frå før, blir det ikkje akkurat enklare.

Skilnaden på valutaene som oppstår etter splitting, og andre kryptovalutaer som Ethereum eller Litecoin, er at dei har felles historie med Bitcoin. Det vil seia at dersom du eig Bitcoin før ei splitting, vil du etter splittinga ha same tal bitcoin både på den gamle og den nye Bitcoin-blokkjeda. Det høyrest jo flott ut; kven vil seia nei takk til gratis pengar? Men det er gratis pengar med ein bismak, for splittinga i stadig fleire valutaer skaper både forvirring og svekkjer tryggleiken til systemet. Det blir kamp om kva som er den “ekte” Bitcoin og har rett til å bruka namnet.

Såkalla vennlege splittingar, representerer ein mindre fare enn omstridde og til dels fiendtlege splittingar. Bitcoin Cash og Bitcoin Gold er relativt vennlegsinna splittingar der det er utvikla vern mot å gjennomføra feilaktige transaksjonar. Dersom det ikkje blir gjort noko for å skilja dei to bitcoin-variantane som oppstår etter ei splitting, vil nettverket ha problem med å vita kva for ein bitcoin du faktisk overfører. Då oppstår det fare både for å gjera feil og for å bli utsett for svindel («replay attack»). Vennlegsinna splittingar byggjer eit vern mot dette, medan andre splittingar ikkje gjer det.

Tidlegare i år kom ei gruppe kommersielle aktørar som i stor grad representerte graveindustrien og vekslingstenester, saman i New York og vart einige om ein avtale for å auka kapasiteten. Det første tiltaket var innføring av endringa SegWit, eit «knep» for å frigjera plass, men utan å bryta kompatibiliteten bakover. Den andre endringa var ei dobling av blokk-størrelsen. Den siste endringa ville krevja ei splitting (ein «hard fork»). SegWit vart innført 1. august i år, og etter planen skulle doblinga av blokk-størrelse skje rundt tre månader seinare, i midten av november. Men det var stor motstand mot doblinga av blokk-størrelsen. Enktel sagt har det vore vanlege Bitcoin-brukarar mot kommersielle aktørar, og særleg grave-interesser.

Frontane har vore steile i dei to leirane og miljøet bak New York-avtalen har ikkje villa byggja inn vern mot såkalla «replay»-angrep. Når i tillegg 80-90 % av grave­ressursane stilte seg bak avtalen, låg det an til ei veldig farleg splitting av Bitcoin. Det ville vore risikabelt å bruka Bitcoin i tida etter splittinga, og det ville også vorte ein «krig» for å kunna bruka Bitcoin-namnet. Seint onsdag kveld (08.11) kom meldinga om at SegWit2X vart trekt tilbake, og Bitcoin-miljøet kunne pusta letta ut – for denne gang.

Bak denne omstridde splittinga låg det også eit ønskje om å bli kvitt «brysame» utviklarar i Bitcoin-samfunnet. Bitcoin blir i dag vedlikehalde av ein liten kjerne på 3-4 utviklarar, tilsette av universitetet MIT. Det er mange fleire som kjem med endringsforslag til Bitcoin, men det er kjerne-utviklarane set endringane ut i livet når det er stor oppslutnad om det. Kjerne-utviklarane har lagt seg på ei forsiktig linje og har vore motstandarar av omdiskuterte splittingar. Det er ein del kommersielle interesser misnøgde med; dei vil ha større tempo i Bitcoin-utviklinga. Splittinga SegWit2X var difor også eit forsøk på å setja denne gruppa av utviklarar på sidelinja.


Uttrykket i starten kan også omskrivast til «if it doesn’t make you stronger, it just kills you», og det kan fort bli resultatet om slike interne kampar dukkar opp på nytt.

mandag 6. november 2017

NOKIOS og Teknologiradar 2017

NOKIOS Teknologiradar 2017
Årets NOKIOS-konferanse (Norsk konferanse for IT i offentleg sektor) er nettopp avvikla i Trondheim og det var ein veldig bra konferanse. Det seier eg ikkje berre fordi eg var bidragsytar og ansvarleg for workshop om blokk-kjede (saman med Leif S. Flak, UiA, og Odd Ruud/Peter Frøystad, Evry), men fordi det gjennomgåande var gode presentasjonar og diskusjonar. Presentasjonar frå konferansen finn du her.

Gjennombrot for blokk-kjede
Det er også rett å seia at blokk-kjede (eller "blockchain" som dei fleste føretrekk å kalla det...") fekk det definitive gjennombrotet på årets konferanse. Eg har "masa" om å få Bitcoin og blokk-kjede på programmet dei siste tre åra, og i år skjedde det altså. I ettertid ser eg at det kanskje var like greitt å venta til i år. 2017 er det store gjennombrotsåret for blokk-kjede, også for offentleg sektor, i alle fall når det gjeld merksemd.

NOKIOS Teknologiradar 2017
Det som ikkje var så bra, var publikasjonen og presentasjonen Nokios Teknologiradar 2017. Teknologiradaren skal ta temperaturen på ny teknologi og i årets undersøking er det desse teknologiane som er løfta fram:

  • Robotisering
  • Blockchain
  • Kunstig intelligens
  • VR (Virtuell røynd/Virtual reality) og AR (Forsterka/utvida røynd/Augmented Reality)
Det er sjølvsagt blokk-kjede eg har hengt meg opp i. Den delen står til stryk i Teknologiradaren!
Det er særleg omtalen av teknologien som opprører meg. Og ein feilaktig og til dels forvirrande omtale gir grunn til å tru at spørjeundersøkinga har vorte "som ein ropar i skogen får ein svar".

Omtale av blokk-kjede
Eg vil ta for meg avsnitt for avsnitt i publikasjonen og gå kritisk gjennom teksten. Kommentarane mine er i raudt; originalteksten i svart.

Blockchain

Forklaring
En blockchain er en datastruktur som gjør det mulig å lage et digitalt register for transaksjoner (hovedbok), hvor kopier av registeret er lagret på et nettverk av datamaskiner. Den bruker kryptografi for å la hver deltaker i nettverket redigere hovedboken på en sikker måte, uten at den trenger god-kjennelse fra en sentral myndighet.

Før penger byttet folk varer og tjenester direkte. Hvis jeg har lyst på et eple, kunne jeg finne en annen person som hadde lyst til å bytte eple sitt med f.eks. en pære som jeg hadde i min beholdning. Det er ikke alltid man har byttevaren tilgjengelig, og dette forsto de som fant opp penger. Penger er egentlig et symbol på en verdi, og tilsvarer ulike varer som kan kjøpes ved at verdien på varen settes tilsvarende. En bank sørger for å garantere for pengenes verdi og integritet.

Når jeg bytter inn penger med et eple, så er det banken som garanterer for at pengene har en verdi. Hvis banken mangler penger, kan den i teorien trykke opp flere penger. Dette er regulert slik at ikke alle banker bare kan skape egne penger fritt, men prinsippet er det samme, penger garanteres av banken. Man har tillit til at banken garanterer for pengene man bruker.

Systemet er bygd opp slik at når jeg handler et eple, så har jeg tillit til at jeg får det jeg betaler for (jeg har fysisk et eple i hånden), selger har tillit til at pengene jeg gir ham har verdi (De er fysisk i hånden hans og banken garanterer for pengenes verdi). Dette fungerer utmerket når man har fysiske penger. Hva skjer hvis en datamaskin lagrer pengene dine? Det moderne bankvesen har for lengst digitalisert valutabeholdningen sin, og bare en brøkdel av pengene som finnes i verden er i fysisk form. Det meste er digitalt. Fortsatt er det banken som garanterer for verdien, du har bare ikke pengen fysisk i hånden, man har gjerne et bankkort.

Hva skjer hvis man fjerner banken? Hvis jeg ønsker å bytte inn et eple mot penger fra en vilt fremmed, hvordan kan jeg stole på ham uten penger fra banken? Og hva skal jeg bytte det mot, en post-it hvor det står «skylder deg et eple»? Dette er ikke en god løsning, og hvis man skal handle med mange så er det upraktisk.

Digital handel har enda et problem, det finnes ingen god løsning for å garantere for at ikke en av partene i en transaksjon utfører den på nytt med en kopi. Uten banken som garantist, kan jeg eller den jeg handler med opprette egne penger i det uendelige. Den digitale valutaen har ingen tillit når alle kan sette sin egen pengebeholdning. Da kan jeg i teorien bruke penger, og så kopiere opp nye.

Denne problemstillingen har et navn «the double spending problem », og var et uløst problem frem til Satoshi Nakamoto designet en blockchain database i 2008 og gjorde det til en komponent i den digitale valutaen bitcoin.

Eg trur ikkje denne forklaringa på pengar, og korleis dei oppstod, ville vorte godkjent i ein økonomi-eksamen, men eg skal la den gå. Det som er direkte feil, er at bankane garanterer for verdien av pengane. I eit land med fiat-basert pengesystem, er det ingen som kan garantera for verdien av pengane (spør folk i Venezuela, Brasil, Argentina, Zimbabwe...). Det er styresmaktene si styring av landet og økonomien som avgjer verdien av pengane, og styresmaktene har eit viktig instrument i form av ein sentralbank. Problemet med kopiering ("double spending") er korrekt, men ikkje at det var blokk-kjede forstått som lagringsstruktur, som løyste problemet. Det var konsensusmodellen som løyste det, ikkje blokk-kjeda!



Det er feil at kryptografi blir bruk til å la kvar deltakar i nettverket redigera hovudboka. For det første er blokk-kjeder "append-only", ikkje redigeringar i eksisterande data. For det andre er det i opne blokk-kjeder eit lotteri som avgjer kven som får lov til å leggja til blokker (lagra nye data).

Alt i alt ei litt omstendeleg og forvirrande innleiing til blokk-kjede.

Kort om historisk utvikling
Fra 2008 og til 2010 jobbet Nakamoto med utviklingen av bitcoin. Utviklingen av bitcoin gjorde den til den første digitale valutaen som løste ”double spending” problemet.

Siden 2008 har det blitt utviklet mange digitale valuta som alle baserer seg på blockchain, og verdien til en bitcoin har p.d.d. passert $5500.

Den nyeste utviklingen til blockchain er smarte kontrakter, som gjør det mulig å laste opp dokumenter og kriterier inn i blockchainen. Dette er en utvidelse fra bitcoin som er en ren valuta, og viser noe av det blockchain kan brukes til utover digital valuta.

Litt av problemet her er at forfattarane antydar ein slags Blockchain 1.0, 2.0 osv. I denne framstillinga ligg det ein påstand om at Bitcoin er den første og mest primitive av kryptovalutaene, medan seinare kryptovalutaer som Ethereum og andre er meir avanserte. Dette er ikkje tilfelle. Ethereum kompletterer Bitcoin og tilbyr noko anna. Det er ikkje dermed sagt at den er meir avansert. Den har t.d. endå større skaleringsproblem enn Bitcoin. Også andre kryptovalutaer gjer små og større endringar som totalt sett gjer kryptovaluta-økosystemet meir robust. Dei fleste av dei rundt 1000 kryptovalutaene (og eit veksande tal token/appcoins) vil døy ut fordi dei ikkje tilbyr interessante nok alternativ eller av andre grunnar ikkje får stort nok gjennomslag. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er slik at "vinnaren tek alt", har Bitcoin ein enorm fordel som den første og mest robuste og sikre av alle kryptovalutaer.

Eksempel på mulighetsområde i offentlig sektor
En blockchain kan brukes til å holde på informasjon, ikke bare informasjon om digital valuta.
I offentlig sektor er det blant annet mulig å legge inn pasientdata, røntgenbilder, bilregister, eiendomsregister osv. inn i en blockchain.

En blockchain garanterer for integriteten til dokumentene og kan i tillegg kryptere dataene slik at alle som ikke er et medlem av den spesifikke blockchainen, ikke har tilgang til dataene. Sykehus kan sette opp en egen privat blockchain hvis medlemmer er hvert enkelt helseforetak. Slik kan de laste opp pasientdata som helseforetakene har tilgang til, mens andre ikke har det.

Et annet mulighetsområde er utstedelse av offentlige dokumenter til privatpersoner. Det offentlige kan legge en kryptert utgave av dokumentet på en blockchain og gi en privatperson tilgang til sitt dokument. Hvis denne personen ønsker å bruke dokumentet i f.eks en jobbsøknad, så kan hun gi midlertidig tilgang til firmaet hun søker jobb på, som ikke trenger verifisere at dokumentet er autentisk fordi det ligger på det offentliges blockchain og som ikke kan endres av jobbsøkeren eller andre.

Ei blokk-kjede kan ikkje garantera for integriteten til dokument utan vidare! Dette er ei av dei største og mest vanlege mistydingane om blokk-kjedeteknologi. Systemet med hash-peikarar gjer at forsøk på endringar er lett å oppdaga, men det betyr ikkje at det er umuleg. Det er sikkerheitsmodellen som avgjer kor lett eller vanskeleg det er, ikkje blokk-kjeda i seg sjølv. Her er skiljet mellom opne (public) og lukka (private) blokk-kjeder viktig. I ei privat/lukka blokk-kjede er det ingen som kan hindra dei kontrollerande aktørane å gjera endringar om dei bestemmer seg for det. Det kan også skje i ei opa blokk-kjede, men då vil det ofte resultera i ei splitting (jf. den omstridde splittinga av Ethereum i fjor sommar).

Eksemplet med verifisering av dokument, t.d. jobbsøknad, forstår eg rett og slett ikkje. Korleis kan dei forklara at dokumentet ikkje treng å verifiserast fordi det ligg på ei offentleg blokk-kjede?

Eksempler på praktisk bruk i dag
Et eksempel på praktisk bruk i dag er pantepenger i regi Røde Kors. Røde Kors opprettet en blockchain for egen digital valuta i en flyktningeleir, og gav de som leverte inn plastflasker sin egen digitale valuta. Fordelen ved dette, var at den digitale valutaen fulgte personen, og kunne dermed ikke stjeles av andre. Slik minsket de mulighetsrommet for korrupsjon i flyktningeleiren.

Noen banker har begynt å se på bruk av blockchain som intern digital valuta i ulike former, bla. overføringer mellom filialer eller til andre banker som er med i blockchain samarbeidet.

Eksempelet med Røde Kors er interessant.

Forutsetninger for å ta i bruk og grensesnitt mot annen teknologi
Forutsetningen for å ta i bruk blockchain i dag er forståelse for hvordan en blockchain fungerer. Mange kommersielle aktører har utarbeidet egne rammeverk som skal gjøre det enkelt å komme fort i gang med en egen blockchain, deriblant de mest kjente skyaktørene Amazon, Microsoft og IBM.

Utfordringen til bla. Bitcoin er at ledgeren, som alle som er medlemmer av blockchainen må ha en lokal kopi av, kan være ganske stor. For Bitcoin er denne nå på over 100 Gb (Januar 2017). Dette er et mindre problem for små private blockchains. Blockchains som har mange transaksjoner, slik som bilregisteret, vil kunne bli ganske store. Ingenting i «hovedboken» slettes, og alle transaksjoner er der for evig tid.

Blockchain er en relativt ny teknologi og grensesnittet mot annen teknologi er fortsatt litt variabel. En blockchain vil erstatte tradisjonelle databaser for sitt bruksområde.

Det stemmer at ei forståing av korleis teknologien fungerer, er viktig for dei som vil ta den i bruk. Forfattarane viser ikkje ei slik forståing. Det er avgjerande å forstå at blokk-kjedeteknologien er ein desentral teknologi. Den har fordelar og ulemper. Fordelane er ein svært robust teknologi mot manipulering og sensurering (opne blokk-kjeder). Ulempene er ineffektivitet. Tek du bort den første delen, eller ikkje treng desentraliseringa, står du att med eit ineffektivt system. For å sitera Gideon Greenspans "Do you really need a blockchain for that?": 
"If your requirements are fulfilled by today’s relational databases, you’d be insane to use a blockchain."
Og det verkar som forfattarane går i den fella. Bruksområdet dei omtalar (bilregister, helseopplysningar) blir handtert langt meir effektivt i tradisjonelle databasar.   

Viktige trender og forventet utvikling
Akkurat nå er man i startgropen med blockchain-teknologi. Mange leter etter bruksområder, og noen har prøvd ut brukstilfeller. Det er tydelig at blockchain-teknologi har mange bruksområder, men om det kommer til å være en fullgod erstatter til de systemene man allerede har gjenstår å se. Noe av utfordringene blockchain har er at «hovedboken» bare vokser og vokser. Når skal man «arkivere» de gamle transaksjonene og unngå at de vokser seg inn i himmelen? Dette jobbes det med, og hvis man finner et fullgodt skjæringspunkt mellom distribuert tillit og ytelse kan dette virkelig revolusjonere måten vi tenker på forflytting av dokumenter og verdipapirer mellom folk.

Igjen er det oppfatninga av at blokk-kjedeteknologien skal erstatta dagens database-løysingar. Det er ikkje nokon grunn til å gjera det. Tilbake til Gideon Greenspan, som det også må leggjast til er ein varm forsvarar for private/lukka blokk-kjeder. Han listar opp ein del essensielle vilkår som oppfyllast for at du skal vurdera å ta i bruk blokk-kjedeteknologi. Nokre av dei mest sentrale, er:

1. Du må ha behov for ein delt database 

2. Fleire aktørar må kunna skriva/leggja til (ikkje berre kan, men )

3. Fråver av tillit. Er det tillit mellom partane, er blokk-kjedeteknologi bortkasta.

4. Må vera eit behov for å fjerna tiltrudd tredjepart.

5. Det bør helst vera interaksjon mellom transaksjonane frå ulike aktørar.

6. Blokk-kjeda må ta hand om eit sett reglar (som ein aktør ikkje kan setja eller kontrollera åleine)

7. Det må vera ei godkjenningsordning (validering) av nye transaksjonar/blokker. I opne blokk-kjeder er det ein tilfeldig prosess (lotteri), i lukka blokk-kjeder går det på omgang ("round-robin")

8. Nokon må gå god for eigedelar ("Who stands behind the assets on the blockchain?")

Greenspan meiner at kvar og ein av desse åtte krava må vera oppfylte for at det skal vera noko poeng å bruka blokk-kjedeteknologi. Sjølv om dette kan diskuterast, viser han i alle fall at å erstatta ein tradisjonell database med blokk-kjede, slik mange prøver, er bortkasta.

Konklusjonen er at den delen av Teknologiradaren som handlar om blokk-kjede, er meir forvirrande enn oppklarande. Om du ikkje visste mykje om blokk-kjede på førehand, blir du garantert meir forvirra etter å ha lese dette. Og det er synd, for er det noko som er viktig i opphaussinga av blokk-kjedeteknologi, er det oppklarande informasjon.