torsdag 17. juni 2010

På tide med elektronikk i fotballen


Med til dels svært god dømming, og særleg offside-dømming, til no i VM, er det kanskje litt feil tidspunkt å etterlysa elektronisk hjelp i dømminga. Men det er på tide me får elektronisk hjelp til å avgjera offside, om ballen er over linja (mållinja, sidelinja, kortlinja). I det eg skriv dette, scorar Mexico mot Frankrike på noko som luktar offside, men som er veldig vanskeleg for ein assistentdommar å sjå.

Dag Solstad seier i eit intervju i Dagens Næringsliv sist laurdag at tilfeldigheiter og urettferd ikkje må fjernast frå fotballen, det er ein viktig del av spelet. Eg er ikkje heilt einig med han, sjølv om eg forstår at det menneskelege dimensjonen er veldig viktig. Men eg trur ikkje tennisen har tapt på å få elektronisk kontroll av ballen, og eg trur også fotballen blir styrka av det. Dommarane har uansett nok å hengja fingrane i, og kan heller konsentrera seg om dei mange tjuvtriksa og farlege taklingane som stadig skjer.

Fotballen er i sin natur veldig konservativ, og det har vore små endringar opp gjennom tida. Men sjølv om det var mange som protesterte mot nye reglar, er det vel ingen som meiner at det var feil å innføra innbytarar (fram til VM i 1966 var det ikkje lov å setja innpå nye spelarar!). Tre poeng for seier var også ei stor endring med stor motstand. Det er utenkjeleg å gå tilbake til den gamle poengordninga med 2-1-0. Forbod mot tilbakespel til målvakt er ei anna endring som har vore udelt positiv. Ikkje berre har den sett ein stoppar for ultra-defensivt og lite underhaldande spel, men den har også gitt målvakta ein heilt ny rolle og ført til utvikling av ein ny målvakt-type.

Teknologien for elektronisk dømming av offside er på plass og det er på tide å innføra den. Eg håpar å få sjå det i VM i 2014.

3 kommentarer:

Jørn Gåsvær sa...

Er så hjerteleg einig Svein, men det er konservative krefter som ikkje ønsker meir rettferd i fotballen. Media er ein av aktørane; naturleg nok i og med at det blir mindre debatt rundt dommaravgjerslene, og dermed fare for mindre krigstypar og ditto laussal. Dommarane er ein annan (viktig) aktør; frå dag 1 vil sikkert media føre statistikk på kven av dommaran som nyttar elektronikken mest og minst og lage rangeringar ut frå det.. Men kanskje vi får sjå det i våre levetid :)

Svein Ø sa...

Eg trur du har rett i at media ikkje er spesielt ivrige på meir rettferdig dømming. Då kan det bli færre gode oppslag om håplaus dømming. Men eg trur elektronisk assistanse vil komma, og eg trur heller ikkje det vil gå mange år før det er standard.

ØHL sa...

Rar draum om elektronisk offside-dømming og engasjerande feilfridom. Ser fram til betakampar med bugs og rebootstans.Leverandørval? Og alt som elles føl med av systemforviklingar og rissiko