tirsdag 30. november 2010

Kvalitetskonferansen 2010


Den femte kvalitetskonferansen er i gang og årets offentlege nettstader skal kårast. Konferansen er den årlege oppsummeringa av årets kvalitetsundersøking av offentlege nettstader. Totalt har rundt 700 nettstader vorte evaluerte etter eit kriteriesett som ikkje skil seg mykje frå fjorårets.

I tillegg til Difi sjølve har Vestlandsforsking og Aletheia v/Egil Jacobsen stått for evalueringane. Eg har også hatt gleda av å delta i juryen som har kåra årets vinnarar.

Konferansen blir opna av avd.dir. Ellen Njøs og nestleiar Endre Helseth, som også fungerer som ordstyrarar for dagen.
Frå FAD er det politisk rådgivar Trond Blattmann som helsar, i mangel av statsråden. Hmm, det går nedover; i fjor var det i det minste statssekretæren som representerte. Veldig generell bodskap, men nemner elektronisk søknadsguide frå UDI som har spart mykje arbeid (http://www.difi.no/artikkel/2010/11/kvalitetskonferansen-aarets-beste-offentlege-nettstader).

Nettskap 2.0, initiativ frå FAD om dugnad for utnytting offentlege data. Men når Blattmann igjen nemner oversikt- og rapporteringssystem for hol i vegen ("FixMyStreet") tenkjer eg at dette eksempelet er oppbrukt. Det er heilt greitt, men ingen revolusjon og ikkje viktig i eit demokratisk perspektiv. Eg er overraska over at dette får så mykje merksemd. Eigentleg er det berre dill, og ganske uviktig.

Digitalt førsteval er hovudlinja frå regjeringa: Det som kan løysast via nettet, skal løysast på den måten for å spara ressursar og gjera det enklare for innbyggjarane. Openheit og innsyn er eit anna viktig område, her trengst det god integrasjon mellom saksbehandlarsystem og nettsystem. Nemner Lånekassa som eksempel på ein etat som har lykkast med å få brukarane til å nytta elektroniske alternativ og slik reduserer dyrare telefonhjelp o.l.

Det er ikkje eit mål i seg sjølv at det offentlege er på nett, eller i sosiale medium, men at dei tilbyr det brukarane etterspør og på den måten dei ønskjer det.

Universell utforming av IKT (§11 i Lov om diskriminering og tilgjengelegheit)
Frank Fardal og Marit Mellingen, Difi
Difi har ansvaret for forskrifta for universell utforming av IKT, som er heimla i den nemnde diskr.- og tilgj.h.lova. Forslag til standardar er utforma og det blir høyring frå desember i år. Forskrifta vil gjelda frå 01.07.2011. Til den tida skal også den nye tilsynseininga i Difi vera etablert.

Universell utforming: Utforming av produkt og omgivnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske, i så stor utstrekning som muleg, utan behov for tilpassing og ei spesiell utforming. I korte trekk: den same løysinga for alle (ikkje ein side-inngang for dei som brukar rullestol, for å gi eit eksempel)

Sju prinsipp for universell utforming (UU), utforma av The Center for Universal Design, North Carolina State University :
1. Like mulegheiter
2. Fleksibel i bruk
3. Enkel og intuitiv i bruk
4. Forståeleg informasjon
5. Toleranse for feil
6. Låg fysisk anstrengelse
7. Størrelse og plass for tilgang og bruk

Verkeområde: web-løysingar og automatar (sjølvbetjeningsløysingar). I praksis skal alle nye web-løysingar lansert etter 01.07.2011 vera universelt utforma. Frå 01.01.2021 skal alle løysingar vera universelt utforma. Denne datoen er sett så langt fram for å få tid til å byggja om og erstatta mange av dagens automatar.

Kva verkemiddel har det nye tilsynet?
Først og fremst skal dei informera og rettleia. Så kan det komma pålegg om retting og i verste fall vedtak om tvangsmulkt.

For web er det Web Content Accessibility Guidelines (WCAG) 2.0 som gjeld, med nivå AA ("må" og "bør"). Norsk oversetjing finst på http://wcag.difi.no

Alle verksemder har ei aktivitetsplikt til å arbeida aktivt og målretta for å fremja UU. Dei skal også ha ein internkontroll som dokumenterer arbeidet med UU.

Difi har utvikla rettleiarar for universell utforming. Du finn dei også på Delta-senterets Deltanettet.no

[Korrigering: Dagfinn skriv i ein kommentar til innlegget at rettleiaren "Tilgjengelige nettsteder" er utgitt av Deltasenteret og utarbeida i samarbeid med Difi. Den norske omsetjinga av WCAG 2.0 er ute på høyring og alle som har synspunkt på komma med innspel innan 16. januar 2011. Sjå høyringa på wcag.difi.no]

HTML5 CSS3
Christine Lund, e-vita
HTML5 og CSS3: Framtida på web: struktur, semantikk og innhald

Viktig endring:
(div) -element som eks. (div id="header") blir erstatta av (header)-element. I tillegg finst (nav), (article), (section), (footer) for eksplisitt å definera dei ulike delane av ei nettside. Det vil ha store semantiske fordelar ved at dei ulike delane får standardiserte namn. Det får stor betydning for søkemotorane, dei kan gi betre resultat.

Canvas-elementet er eit API for å kunna teikna grafiske element rett i nettlesaren. Vil kunna erstatta mykje av dagens Flash- og Silverlight-baserte animasjonar.

(audio)- og (video)-elementa er også viktige nyheiter i HTML5. Men problemet i dag er ulik støtte for lyd- og bildeformat. I dag må ein video lagast i tre ulike format for å fungera i alle nettlesarar (IE, FF, Chrome og Opera).

Mykje nytt også for skjema (forms). Kan føreslå tekst i eit inntastingsfelt, validering av feltverdiar, utheving av felt m.m. Dette har ein kunna gjort også no, men då ved bruk av JavaScript, no kan ein gjera det med innebygde HTML-kodar.

Også i CSS3 er det mykje nytt og nyttig. Berre ein enkel (?) ting som runde hjørne, som har vore håplaust med bruk av grafiske element osv., kan no gjerast direkte med CSS-kode.

Nye font-mulegheiter har eg alt omtalt tidlegare på bloggen, det opnar for langt rikare tekstdesign.

Kan me ta i bruk HTML5 og CSS3 no? Ja, og litt nei...
Ikkje alle nye nettlesarar støttar alle nye funksjonar og element, og det må også innarbeidast alternativ for eldre nettlesarar, særleg IE-versjonar før 9.

Opne, offentlege data
Håkon Wium Lie, Opera Software
Håkon WL understrekar at han uttalar seg som privatperson og ikkje off. talsmann for Opera Software her på konferansen.
Kvifor skal off. data vera offentleg tilgj.?
- er alt betalt
- demokratisk prinsipp
- framtidig verdiskaping

Kva talar mot publisering?
- personvern (det viktigaste argumentet)
- "rikets sikkerheit"

Det heile starta for HWMs del på CERN i Sveits. Der arbeida han saman med m.a. Tim Berners-Lee (1993-94). I 1994 vart HWM engasjert i å publisera Noregs lover på nettet. Lovene var tilgj. gjennom Lovdata, men mot betaling. Som ei gerilja-rørsle begynte dei å scanna og skriva inn lovene. Det var litt lettare å gjera det frå Sveits, for det var ikkje klart om det var lov. Lovene har ikkje opphavsvern, men notane til lovene har det!

Oppslag i Aftenposten i 1994: "En anarkistisk inspirert gruppering på 20 frivillige fra hele Norge forsøker å gå den off. stiftelsen Lovdata i næringen...".

Mykje har skjedd sidan den tida. Opne data er i utvikling over heile verda, med USA og Storbritannia i spissen. Også i Norge har me fått data.norge.no. HWM framhevar også tidl. statsråd Heidi Grande Røys og dåverande pol. rådg. Jørund Leknes som gjorde eit viktig arbeid med opning og deling av data.

Eksempel: Ibsen-prosjektet "Ibsens skrifter"
Kostnad: 100 mill. (++?)
Har publisert Ibsens samla verk på papir, for 12 000,- Ikkje noko er publisert på nettet - det er ein skandale!
UiO strittar mot el. utgiving. I eit brev om rettane til el. utgåve ("Folkeutgåva" www.ibsen.net) skriv dei: Nei, du kan ikkje bruka Ibsen sine tekstar. Opphavsretten har gått ut, men det finst ein paragraf i åndsverklova (§ 43) om databasar som gjer at dette arbeidet framleis er verna av åvl.

Kreativ måte å omgå opphavsretten og frigiving av data, men det er trist at UiOs juristar skal bruka tid på å komma fram til slikt.

Kart er eit veldig viktig område. Opera implementerer no GeoLocation, ein funksjonalitet som gjer at nettlesaren veit posisjonen din (html5demos.com/geo). Dette høyrest enkelt ut, men det har skapt store utfordringar at det ikkje har vore muleg å få tak i geo-posisjonering på ein enkel måte i nettlesarane hittil.

Sjøkart er viktig fordi det bokstaveleg talt er mange skjer i sjøen for dei mange småbåteigarane langs kysten vår. Vilkåra for bruk av sjøkart er utforma med mange tullete hindringar (t.d. maks oppløysing på utskrift). I versjon 2.0 er dette fjerna, men framleis er kommersiell bruk ikkje tillate.

Framleis manglar grunndata, det er berre kart-bilete som er tilgjengelege. Men når du mottek 95 % av kostnaden (frå statsbudsjettet) til kartarbeidet, burde det vera ei plikt å frigi grunndata

Fem krav til Kartverket:
- hald fram med prøvetenester
- tilby datasett
- lat andre tilby kartfliser
- tillat kommersielle tenester
- legg ut rådata

Skal det offentlege laga tenester (på dette området)?
yr.no er eit eksempel på ei flott teneste, laga av NRK pluss Meteorologisk inst. Men andre klagar over mulegheitene for å konkurrera med off. betalte tenester som yr.no
HWL meiner det er greitt at det off. lagar tenester så lenge det er rom for det innafor ordinære budsjett [men dette blir jo også fort eit spørsmål om prioriteringar - min kommentar].

Lisensar
Me treng standardlisensar som tillet gjenbruk, både kommersielle og ikkje-kommersielle. Kanskje ein klausul-buffet? Her har Difi ei klar utfordring. "Klausul-buffet" er kanskje litt i overkant, det trengst ikkje så veldig mange lisens-alternativ. Creative Commons tilbyr dei aktuelle lisensane og kan vera eit godt utgangspunkt.

Oppsummering
- Norge er eit ålreit land
- vi har data
- vi har kompetanse
- mange er flinke: Met. inst., Lovdata, Trafikanten
- nokre heng igjen: Statkart, UiO- Henrik Ibsens skrifter

Spørsmål frå salen: Må også stilla sp.m. om Kartverket er tilstrekkeleg finansiert til å gjera kartdata tilgj. Det andre er at ikkje alle har behov for t.d. sjøkart og at dei det gjeld kanskje kan betala for det.
HWL: Har berre sett på grove tal over statsbudsjettet og ser at brukarbetaling utgjer 5 %. Det andre sp.m. blir litt feil fordi alle har betalt 95 % av kostnaden via skatten.

Spørsmål/komm. frå Brreg: Trur det blir lagt for mykje ansvar på dei enkelte etatane, og for lite politisk press.
HWL: Er einig i det, kan ikkje forventa at den enkelte etaten åleine skal løysa det. Men det finst likevel gode eksempel på at enkelt-inst. gjer dette utan særleg kompensasjon.

Resultat av Kvalitet 2010
Hege Johanne Tafjord og Anders Nedland Røneid, Difi
Målet med kvalitetsarbeidet er ikkje noko minder enn "verdas beste offentlege sektor".
Ikkje så store endringar i årets indikatorsett. Dei viktigaste endringane er
1.10 Språk rett koda
1.11 Korrekt koding i HTML (overskrifter, avsnitt)
2.1 Lett å lasta (poeng for mobilversjon)
3.1 Forenkla informasjonsflyt (fleire alternative kanalar/verktøy)
3.3 Sentral kontaktinformasjon (org.nr. og opningstider er tilleggskrav)
3.4 Eigenpresentasjon: Klikkbart org.kart er eit krav
3.9 Informasjon om innloggingsbasert sjølvbetjening

Kvalitetskrava dekkjer ikkje alle sider ved ein god nettstad. Oppfylling av kvalitetskrava er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg.

Etter utsending av årets resultat har det komme 228 tilbakemeldingar.

Tilgj.heit: 65 % (+1 prosentpoeng)
Brukartilpassing: 67 % (-1 pp)
Nyttig innhald: 58 % (+4 pp)
Totalt: 63 % (+1 pp)

Totalt nærmare 30 nettstader som har oppnådd 90 % poeng-skår samla sett.
I alt 7 nettstader oppfyller tilgj.heitsdelen 100 %. Sørum kommune har også 100 % på nyttig innhald.

"Årets rakett": Etne kommune har gått frå 1 til 6 stjerner frå i fjor til i år.

Hege og Anders trekte fram ulike eksempel, særleg gode. Ein viktig indikator som høyringar, heilt sentralt i eit demokratisk perspektiv, er framleis dårleg handtert hjå dei fleste. Eit godt eksempel på eit høyringssystem er København kommunes "Bliv hørt". Slik kan det gjerast! (men det som er dårleg med den er at den er etablert som ein eigen portal, lausriven frå resten av den kommunale informasjonen).

Kristiansand kommune har eit godt system som viser korleis dei folkevalde har stemt i ulike saker.

Planar for neste år (Kvalitet 2011):
Ny organisering av kvalitet.difi.no - informasjon som no ligg på tre ulike stader skal samlast på ein stad.
Har planar for tilgj.gjering av indikatordata.

Kåring av årets nettstader
Dei nominerte nettstadene er lista under kvar pris.

Tilgjengelegheitsprisen
Forskingsetiske komitear (vinnar)
Landbruks- og matdepartementet
Miljøverndepartementet

Årets kommunale nettstad
Akershus fylkeskommune
Sørum kommune
Kongsvinger kommune (vinnar)

Årets statlege nettstad
Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO)
Stortinget (vinnar)
Toll- og avgiftsdirektoratet

5 kommentarer:

Roy Allan Hansen sa...

Jøss du har vært produktiv under konferansen! Jeg er enig med deg i at tjenester som fixmystreet begynner å bli litt utdaterte eksempler. Mulig det er i mangel av annen innovasjon at de samme casene dras frem gang på gang. Men den tilsvarende tjenesten Mitt Nabolag i Sørum kommune har generert utrolig med saker og er faktisk et godt eksempel på samspill mellom kommunen og innbyggerne.

Forholdet mellom tilgjengelighet og HTML5 /CSS3 er også interessant. HTML5 forutsetter støtte i nettleserne. Ønsker vi å være litt frempå med kodingen så vil jo ikke nettløsningene være spesielt tilgjengelige for innbyggerne.

Jeg er for øvrig også enig i at DIFI kunne vært litt mer presise i bruken av eksempler. Den danske høringsportalen er velkjent og tiltalende, men å vise til løsrevne portaler er neppe optimalt. På den annen side er det veldig bra at man kan vise til eksempler og såkalt “best practice”.

Når det gjelder årets tildelinger så synes jeg det var godt jobba av juryen – både de som fikk pris og de som ble nominerte.

Dagfinn Rømen (Deltasenteret) sa...

Bra oppsummering av konferansen, Svein. Jeg har noen presiseringer:

Veilederne "Tilgjengelige nettsteder" er utgitt av Deltasenteret og utarbeidet i samarbeid med det som nå er Difi. Takk for at du markedsfører vår nye nettadresse, deltanettet.no. Deltasenterets nettsider i Helsedirektoratet vil ikke lenger bli oppdatert.

Den norske oversettingen av WCAG 2.0 er ute på åpen høring og vi oppfordrer alle som er interessert til å komme med inspill innen 16.januar 2011. Se wcag.difi.no.

Åsmund Mæhle sa...

Kongsvinger har helt sikkert et flott nettsted, men det ser ikke ut til at de følger LOS-standarden (selv om de på sidene sine sier at de tar utgangspunkt i LOS). Slik sett interessant at Difi kårer til vinner en kommune som ikke følger Difis egen standard. Det kunne være interessant å høre dine tanker om det, Svein.

Svein Ø sa...

Så langt eg kan sjå, brukar Kongsvinger Los. Dei har gjort enkelte tilpassingar i dei 7 første tenesteområda (hovudtema i Los) dei presenterer, t.d. er 'Tekniske tjenester' noko som ikkje finst i Los.

Men eg meiner det er tilpassingar til det betre. Det sentrale i Los er emneorda; dei må vera felles. Men strukturen over emneorda kan godt endrast på utan at det går ut over funksjonaliteten i Los. I enkelte tilfeller vil det faktisk bli til det betre. "Tekniske tenester " er t.d. eit innarbeida begrep i kommunesektoren, men ikkje ein del av Los-vokabularet.

Eg tykkjer også at Kongsvinger har gjort mykje bra med transportsidene på tenesteområdet. Det er typisk presentasjon av undertema. I staden for berre å lista opp undertema og emneord, har dei brukt mykje tid på å skriva informative tekstar og inkludert snarvegar til dei mest brukte tenestene.

Så konklusjonen min er at Kongsvinger har ein god Los-implementasjon. Det er etter mitt syn ei av dei sterke sidene ved nettstaden.

Åsmund Mæhle sa...

Gode poenger, Svein!