Eksempel etter idé av Are Halland, Netlife Research |
Informasjonsarkitekt Lou Rosenfeld
Lou Rosenfeld, kjent frå "Information Architecture for the World Wide Web" som han skreiv saman med Peter Morville (Isbjørn-boka, referanseverket for IA), har omsider fått ferdig boka "Search Analytics for Your Site Conversatins with Your Customers". Den har vore i emning i fleire år. Lou Rosenfeld arbeider både som IA-konsulent og som forlagseigar/-redaktør gjennom forlaget Rosenfeld Media. Forlaget har fleire interessante bøker.
Dialog med brukarane
Som undertittelen seier, er internsøket er det nærmaste vi kjem ein dialog med brukarane av nettstaden vår. Vi kan finna ut ein god del ved hjelp av tradisjonell web-analyse, men det er først i søkefeltet brukarane seier rett ut kva dei lurer på. Dessverre er nettstads-ansvarlege flest veldig dårlege til å ta opp denne dialogen, og gullgruva blir liggjande uopna.
Analyse og forbetring
Boka tek føre seg den naturlege syklusen i å forbetra nettstaden på dette området:
- Analyse av data
- Mønster (Pattern Analysis)
- Feil (Failure Analysis)
- Sesjonar (Session Analysis)
- Analyse av brukarane (Audience Analysis)
- Målbasert analyse (Goal-based Analysis) - Forbetring av nettsøk
- Forbetring av søkefunksjonen
- Forbetring gjennom navigasjon og metadata
- Forbetring gjennom betring av innhaldet
Først og fremst praktisk
Innhaldet er på ingen måte "rocket science". Dette er veldig praktisk, og det viktigaste er at folk blir klar over ressursane dei har i form av loggfiler. Analyse av søkelogg bør inngå som ein standard del av nettstad-analyse i det heile (analyse av web-statistikk).
Lou Rosenfeld tilbyr også nokre verktøy for å massera loggfiler og trekkja ut viktig informasjon. Det er m.a. eit Perl-skript for å trekkja ut informasjon, og eit Excel-ark for å analysera det i etterkant.
Lou Rosenfeld tilbyr også nokre verktøy for å massera loggfiler og trekkja ut viktig informasjon. Det er m.a. eit Perl-skript for å trekkja ut informasjon, og eit Excel-ark for å analysera det i etterkant.
Bør du kjøpa boka? Nei, ikkje med mindre du har ein nettstad med ganske stor aktivitet og der det er veldig mykje å henta på ein grundig analyse av søkeloggen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar