Eg skulle sjekka skattekortet for 2012 for å finna trekkprosent til bi-arbeidsgjevar. Eg gjekk inn på skatteetaten.no og etter ein del styr klarte eg til slutt å logga inn via Minside (skal spara det til eit anna blogginnlegg). Eg trudde då at eg ville få tilgang til opplysningane som vart sende som brev tidleg på året, men det einaste eg fekk opp var bestilling av nytt skattekort.
Her er det som skulle vore på plass for lenge sidan:
- Opplysningane i skattekortet tilgjengelege når du loggar inn
- Mulegheit til å skriva ut ditt eige skattekort
Dette er det eg vil kalla "no-brainer" og eg kan ikkje forstå at det ikkje alt er ordna. Med ein bitteliten del av alle Altinn-millionane (milliardar?) burde det kunna ordnast relativt raskt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar