torsdag 17. mai 2012

Porsche Design



Porsche 911. Foto: Public domain


911 - eit design-ikon i bilhistorien
Eg har alltid trudd at Porsche Design har vore eit innom-hus designbyrå for Porsche, men det er først i dei seinare åra. Ferdinand Alexander Porsche starta Porsche Design Studio i 1972, etter å ha gått ut av leiinga i bilprodusenten Porsche. FA Porsche (1935 - 2012) er likevel mest kjend for design av 911, eit absolutt ikon designmessig. Han var soneson til Ferdinand Porsche, grunnleggjaren av bilfabrikken.

Han stod også bak design på Porsche 904, og det var bilen han var mest nøgd med utforminga på. Og det er ein vakker bil, ingen tvil om det!


Porsche 904 GTS Foto: Terabass, CC  BY SA 3.0
"Form følgjer funksjon"
Etter å ha starta sitt eige design-studio, arbeidde FA Porsche aldri meir med bilar. Han køyrde faktisk ikkje Porsche heller, men Range Rover og Jaguar (!). Han var likevel knytt til bilfabrikanten i diverse styreposisjonar.

Filosofien hans var at design måtte vera funksjonell og han uttrykte det slik: "Wenn man die Funktion einer Sache überdenkt, dann ergibt sich die Form manchmal von allein". Eit hjulhus må vera rundt fordi hjulet er rundt!

Endå ei pipe..
Gjennom Porsche Design Studio utvikla FA Porsche klassiske produkt som den svarte klokka, Carrera-solbrillene og pipa med "luftkjølings-ribber". Då pipa skulle formgjevast, sa Porsche til medarbeidarane: "Es gibt bereits Millionen von Pfeifen, wir machen die Pfeife". Og det gjorde dei; Porsche-pipa vart ein klassikar ulik alle andre piper.
909 Pipe. Foto: Porsche Design


Ingen kommentarer: