tirsdag 4. desember 2012

Studietur til Leipzig

Den nye universitetsbygningen i sentrum av Leipzig
"Wenn jemand eine Reise tut, so kann er was erzählen" seier tyskarane. Turen gjekk til Leipzig for å besøka universitetet der og deira forskargruppe innan semantiske teknologiar. Dr. Sören Auer har på ganske kort tid fått  til imponerande resultat og har no ei gruppe på rundt 30 personar innan fagområdet, dei fleste PhD-studentar. Leipzig har også vore staden for den årlege Topic Maps-konferansen TMRA (Lars Marius' foto frå denne og Leipzig generelt her). Meir om dei faglege sidene ved turen på Vestforsk-sidene.

Universitet sidan 1409!
Leipzig er ein by med lange historiske linjer, det same er universitetet som vart grunnlagt i 1409 (!). Det var tradisjonelt eit av dei tre store universiteta i Tyskland, der dei to andre var München og Heidelberg. Viss me reknar Königsberg, som tidlegare høyrde til det tysktalande området, blir det fire gamle, ærverdige universitet. I inngangspartiet i nybygget som m.a. husar Sören Auers gruppe, finn me byster av Lessing, Leibniz og Goethe som alle har hatt tilknyting til byen og universitetet. I tillegg var Johan S. Bach kantor i Thomas-kyrkja i 27 år, fram til han døydde i 1750. Det er berre for å nemna litt av den omfattande historia til byen.

Leipzig sentralt i murens fall
Leipzig høyrde til det gamle DDR og var ein sentral plass for starten til det som til slutt enda med at Berlin-muren fall. Byen har alltid hatt eit frilyndt grunnsyn og trekt til seg folk med politiske haldningar som ikkje var populære andre stader. Det har sikkert mykje med den lange universitetetstradisjonen å gjera.

Hausten 1989 begynte folk å samla seg i og rundt Nicolai-kyrkja som ein stille protest mot DDR-regimet. Kyrkjene var sentrale samlingsstader i DDR, der kunne folk snakka nokolunde fritt og utanfor overvakings-fare. Gjennom heile 1989 var det aksjonar i byen, men det var først om hausten at det verkeleg tiltok. Den 9. oktober var over 70 000 menneske samla i samband med fredsmesse i kyrkja. Etter dette steig talet på stille demonstrantar kraftig veke for veke, og 6. november gjekk mellom 3 og 400 000 menneske i eit stille protesttog gjennom ringgata (der Ring).

Mädler-passasjen. Foto: Appaloosa
Gjenoppbygging med gigantsvindel
Etter frigjeringa starta gjenoppbygginga av tidlegare DDR, og i Leipzig fekk den ein spesiell vri. Den mildt sagt aktive entreprenøren Jürgen Schneider hadde plan om å gjera Leipzig til det nye Frankfurt, og klarte å få  milliardar frå bankane til utbygginga; 5,4 milliardar Deutsche Mark! for å vera nøyaktig (dagens verdi ca. 30 mrd NOK!). Det var ein klassisk eigedomsspekulasjon der kraftig stigande eigedomsprisar var den einaste sikringa for bankane. Spekulasjonen vart ironisk nok avslørt av avisa Frankfurter Allgemeinen Zeitung i 1994. Bankane sat på kjempemessige tapsbomber og Schneiders imperium ramla saman i ein kjempekonkurs. Scheider og kona rømde frå Tyskland, men vart arresterte i Florida, USA. Etter rettsaka i 1997 vart han dømd til 6 år og 9 mnd. fengsel. Grunnen til at det ikkje vart endå meir, var at det viste seg at bankane hadde gjort grove brot på lovverket sjølve, og skulle ha avverga mykje av spekulasjonen om dei hadde følgt lover og retningslinjer.

Men bygningane står att, og trass svindelen fekk Leipzig ei kraftig ansiktsløfting, særleg av sentrumsområda. Av dei mange storslåtte opppussingsobjekta er kanskje Mädlerpassagen den mest imponerande. Galleriet kan måla seg med tilsvarande kjende bygg i Brüssel og Milano.

Det tyske kjøkenet
Til slutt må eg ha med eit bilete av eit typisk tysk måltid: Eisbein. Etter ein slik middag et du ikkje kveldsmat!
Eg har litt sans for det tyske kjøkenet, det er "no nonsense" og rikeleg mat. Kanskje i overkant stor vekt på det siste, men likevel..

2 kommentarer:

Lars Marius Garshol sa...

Fint innlegg! Men ingen gose og ingen Ohne Bedenken? Skuff! :-)

Svein Ø sa...

Du har så rett! Personleg hadde eg sett fram til ølsmaking, men den delen av turen var skuffande. Dels var det fordi dei me besøkte ikkje var spesielt opptekne av øl, og dels fordi me sjølve ikkje prøvde hardt nok å finna interessante plassar. Og så starta turen med ein skikkeleg nedtur i form av ein 'Berliner Pilsner' - eg var ikkje klar over at det er øl + limonade..

Neste gang skal eg henta inn eksperttips før turen :)