torsdag 11. juli 2013

Carlsberg bryggeri


Porten til det gamle Carlsberg (merk innskrifta på det runde
tårnet: "Nøisomhed")
  København-turen i samband med Copenhagen Jazz Festival vart også nytta til andre kulturaktivitetar. Omvising på Carlsberg bryggeri har lenge stått høgt på ønskjelista mi, og denne gangen gjorde me alvor av det. Carlsberg besøkssenter har årleg meir enn 150 000 besøk (!) og har eit profesjonelt opplegg for dei som er interesserte i historia om bryggeriet, eller som berre er interesserte i dette området av byen. Besøkssenteret er ope alle dagar i veka, og du kan gå på eiga hand eller leggja på 45 danske kroner og få ein guida tur på engelsk eller dansk. Me valde engelsk; litt flaut å innrømma at det er enklare å forstå enn dansk..

Porten til det nye Carlsberg, kvilande på fire
elefantar
Carlsberg = Carl + 'berg'
Carlsberg ligg på ein liten høgde i Valby, vest for sentrum. Det skal ikkje store høgden til for å bli kalla "bjerg" i Danmark, og høgden og bryggeriet er då også oppattkalla etter Carl, det einaste barnet til gründaren J. C. Jacobsen, og høgden bryggeriet vart bygt på i 1847. At namnet ikkje vart Carlsbjerg, som ville vore naturleg på dansk, skuldast JCs fascinasjon for Tyskland og tysk øl. Derav det tyske 'berg' og ikkje det danske 'bjerg'. I 1847 låg Carlsberg langt utanfor bykjernen, no er den ein del av det sentrale København.

Nr. 4 i verda
Carlsberg er i dag ein av gigantane på den globale ølmarknaden. Dei er fjerde størst, etter at dei saman med Heineken kjøpte Scottish & Newcastle i 2008. Berre 1 % av produksjonen blir selt i Danmark! Russland er den viktigaste marknaden, men Asia og særleg Kina er der veksten er størst. Denne regionen er spesielt interessant fordi den ikkje har vinproduksjon.

Familieintrige
Den interessante historia til Carlsberg skuldast ikkje minst det vanskelege forholdet mellom far og son, J. C. Jacobsen og Carl Jacobsen. J.C. Jacobsen fekk interesse for bayersk øl og på studietur til Tyskland tok han med seg ølgjær tilbake. Han streva likevel lenge med å få til godt øl. Undergjera øl, som han ville laga, krev låg temperatur både i gjæringsfasen og ettergjæringa, og det var vanskeleg å få til på den tida. Det nye bryggeriet i Valby må sjåast i samanheng med dette. Her er det grave ut enorme kjellarar. I tillegg var det rikeleg tilgang på reint vatn, også heilt sentralt i ølbrygginga.

J. C. Jacobsen hadde klare planar for Carl, men sonen ville det annleis. Han ville ikkje bli styrt av den autoritære faren og starta like godt sitt eige bryggeri; Nye Carlsberg. Det nye Carlsberg låg vegg i vegg med det gamle, men stilen til dei to bryggeria er ganske ulike. Der faren hadde 'Nøisomhed' som overskrift på bryggeriporten, representerte Carl det stikk motsette med eit overdådig inngangsparti til ei fantasiverd. Carl satsa også på overgjæra øl, også der gjekk han mot faren. Han kutta også drastisk ned på produksjonstida, igjen til store protestar frå faren.

Far og son var bitre konkurrentar og snakka ikkje med kvarandre på meir enn 5 år. Også på det private planet var skilnaden stor mellom far og son. Der faren var nøysom brukte Carl alt han tente, og han brukte pengane på kunst. Desse kunstskattane er samla i Ny Carlsberg Glyptotek.

J. C. Jacobsen var ekstremt oppteken av kvalitet og
vidareutvikling. Dette er "De gyldne ord"
frå testamentet hans, gjengitt ved inngangsporten.
Gamle Jacobsen var svært oppteken av kvalitet og oppretta i 1875 Carlsberg Laboratorium. Det var her Emil Christian Hansen lykkast med å isolera ølgjær-celler slik at reindyrking av kulturar kunne skje. Då vart faren for villgjæring kraftig redusert. Gjærtypen fekk namnet Saccharomyces carlsbergensis og er vel Danmarks viktigaste bidrag til øl-historien; langt viktigare enn ølet dei har produsert..

Forskingsaktiviteten og -ressursane er også det som er drivkrafta bak Husbryggeriet Jacobsen. Her får dei prøvt ut idéane til fulle og blir ikkje stoppa av like strenge kommersielle krav som med volumprodukta.

Gamle og Nye Carlsberg samla i 1906
J. C. Jacobsen etterlet seg eit detaljert testament der det stod at bryggeriet skulle overtakast av ei stifting, Carlsbergfondet. Fondet såg at det dårlege forholdet mellom det gamle og nye bryggeriet i tillegg til Carl sitt enorme forbruk, ikkje kunne gå i lengda. I 1906 presenterte dei eit forslag, nærmast eit ultimatum, om å slå dei to bryggeria saman med Carlsbergfondet som eigar, mot at Carl fekk ein årleg generøs pengesum han kunne bruka på kunstinteressene sine. Carl gjekk med på det og frå 1906 vart dei to bryggeria samla. I statuttane til fondet står det at fondet til ei kvar tid skal eiga minst 51 % av aksjane i bryggeriet. Det har seinare vorte endra til at dei skal eiga minst 25 % av aksjane, men kontrollera minst 51 % av stemmene. Carlsbergfondet eig no ca. 30 % av Carlsberg bryggeri.

Æresbustaden Carlsberg
Den gamle bustaden til J. C. Jacobsen inne på Carlsberg-området har vore brukt til æresbustad etter hans og hans nærmaste var borte. Det var J. C. sjølv som bestemde dette i testamentet. Bustaden skulle brukast av framståande vitskaps-menn, og Niels Bohr er den mest kjende av desse. Han budde i æresbustaden frå 1931 til sin død i 1962.

Det var også her Niels Bohr tok i mot Werner Heisenberg i 1943 [stemmer ikkje, sjå under], eit møte som har vore gjenstand for mykje spekulasjon, men som me veit lite om. Atomprogramma til dei to sidene var  på programmet, men innhaldet i møtet er som sagt ukjendt. Bohr og Heisenberg hadde ulik oppfatning av kva som vart sagt under møtet, og dei tolka også møtet heilt ulikt. Like etter Heisenberg drog tilbake til Tyskland, vart Bohr i all hast flogen til Sverige, vidare via Skottland til USA der han slutta seg til Manhattan-prosjektet.

[Dette vart fortalt av guiden vår, men dokumentasjon på nettet viser at det ikkje stemmer. Møtet mellom Bohr og Heisenberg var i september 1941, og det står ikkje noko om at det fann stad i æresbustaden. Niels Bohr flykta frå Danmark til USA i 1943. Det er også skrive eit teaterstykke av engelske Michael Frayn, og det vart oppført i 2002 ved Thalia teater med tittelen "Copenhagen"]

Logoen til Husbryggeriet Jacobsen
Husbryggeriet Jacobsen
I dag er det berre produksjon ved Husbryggeriet Jacobsen på Carlsberg i Valby. Resten av produksjonen er flytta ut av byen. Husbryggeriet Jacobsen er eit slags mikrobryggeri, bortsett frå at produksjonen deira er for stor til å falla inn under kategorien. Dei produserer øl for entusiastar, i motsetnad til Carlsberg elles der volum er nesten det einaste som tel.

Ny bydel
Carlsberg flytta produksjonen av øl, bortsett frå Husbryggeriet, ut frå dei gamle lokala på slutten av 2008. Eit interessant fenomen er at avtalen med arbeidarane om at dei skulle få 2 liter øl pr. dag (gjennom arbeidsdagen) varte heilt til og med 2008! No er både Carlsberg og resten av dansk arbeidsliv på det nærmaste tørrlagt.

Del av Jacobsen-bryggeriet
Mange av Carlsberg-bygningane skal rivast, og det store området på mellom 3 og 400 dekar skal bli ein ny bydel, Carlsberg Byen. Det er ein omstridd plan som no etter kvart blir sett ut i livet. Den har vorte forseinka av finanskrisa. Det skal byggjast opp eit nytt universitet (Professionshøjskolen UCC) og mange bustader som i første rekkje er tiltenkt internasjonale forskarar og studentar. Idéen bak bydelsutviklinga er å gjera området til eit attraktiv stad for internasjonale forskarar. Slagordet er "Race for the mind".

Carlsberg deltek ikkje i eigedomsutviklinga fordi dei ikkje vil binda ressursar i denne typen langsiktige prosjekt. Dei har også selt seg ut av andre høgprofilerte selskap som Tivoli, Royal Copenhagen og Georg Jensen. All kapital skal brukast til vekst for selskapet.

Bryggeri-gamp i stallen på Carlsberg bryggeri, Valby
Ønskjer mikrobryggeri velkomne, men...
Etter omvisinga var det tid for spørsmål og eg spurde om Carlsberg si haldning til dei nye øltrendane og framveksten av mikrobryggeri spesielt. Til det svarte guiden, ein pensjonert Carlsberg-tilsett, at dei såg positivt på den nye trenden. Kampen står mellom øl og vin, og all fokus på øl er bra. Samtidig la han til at han trudde mikrobryggeri-trenden hadde nådd toppen. Han trudde ikkje mikrobryggeria kunne oppnå den kvaliteten som t.d. Carlsberg har fordi dei ikkje har ressursar til det. Han sikta då spesielt til dei store forskingsressursane. Haldninga var altså "mikrobryggeri er bra fordi det gjev auka merksemd om øl, men tru ikkje at de/dei kan laga like godt øl som oss".

2 kommentarer:

Lars Marius Garshol sa...

Har stusset på forholdet ansatte i de store bryggeriene har til håndverksøl. I 2008 var den danske ølfestivalen på Carlsberg, og jeg snakket med noen av de ansatte som var innom, og noen fra Guinness også.

De fleste sa de var glade for at småbryggeriene skapte mer fokus på øl, men de også mente at kvaliteten der var lavere. Og noen ble nesten sinte når jeg mente det var småbryggeriene som var best. En ble mer eller mindre dratt vekk av sine mer edru kolleger.

Når noen mener Carlsberg har høyere kvalitet er det fristende å spørre om de har smakt ølene, men jeg tror de store mener noe annet med kvalitet. De tenker nok på ting som konsistens i smak fra batch til batch, kvalitetskontroll (det hender jo de små lager infisert øl), at ølet ikke skummer over ved åpning, osv. Hvordan det smaker er nok ikke den viktigste delen av kvalitet for dem, mens for entusiastene er det det eneste som teller.

Svein Ø sa...

Ja, det var ganske interessant å observera haldninga til øl frå mikrobryggeri. Det låg heile tida eit "men" under, og det var knytt til kvalitet.

For Carlsberg bryggeri sin del trur eg det må sjåast i samanheng med dei sterke vitskaplege tradisjonane. Bryggeriet vart grunnlagt på vitskapleg tilnærming, med Pasteur som viktig førebilete. Carslberg Laboratorium har då også vore bryggeriet sin stoltheit gjennom alle tider, og det er nok konsistent og jamn kvalitet som tel mest, meir enn smaken.

Carlsberg pils smakar likt frå gang til gang, men at den er så spesiell har i alle fall eg problem med å sjå/smaka.