søndag 21. juli 2013

Gi Edward Snowden asyl!

"Store bror ser deg" [ja, det er 'Store bror' og ikkje 'storebror']
Foto: Johan J. Ingles-Le Nobel (CC-BY-ND)
Norge bør gi varslaren Edward Snowden asyl. Argumentet om at han vil få ei rettferdig rettsak i USA står ikkje til truande. Det er nok å sjå på behandlinga av Bradley Manning.

Dessverre er det heilt utenkjeleg at Norge vil gi Snowden asyl. Til det er me altfor redde for USA og dei kraftige reaksjonane som ville komma derifrå. Det var då også grunnen til ei av Norges-historiens raskaste avslag av ein asylsøknad. Myndigheitene kan visst handla raskt om dei må..

Inga stor overrasking
Edward Snowden avslørte noko som ikkje burde komma som ei stor overrasking: omfattande overvaking av alt som rører seg på internett. Det som overraska var at NSA har full kontroll over dei store nettselskapa, som Google, Apple, Amazon, Microsoft osv. Ein ting er at NSA overvakar trafikken på nettet, ein annan ting er at dei har kopla seg direkte på dei store aktørane sine datalager.

Følgjer tidlegare avsløringar
Heller ikkje dette siste burde komma som ei stor overrasking, for det er heller ikkje noko nytt. Etter 11. september 2001 er mykje av personvernet sett ut av spel under dekke av avsløring av terrorplanar. I 2002 godkjende George Bush at NSA kunne avlytta telefonsamtalar og overvaka nett-trafikk utan rettsleg løyve. Det spesielle var at denne ordninga var hemmeleg og vart ikkje kjendt før ein lekkasje til The New York Times i 2005. AT&Ts sjef Edward Whitacre vart kalla inn til ei open høyring i senatet, og slik svarte han på komitéleiar Specter sine spørsmål (henta frå Tim Wu si bok "The Master Switch"):
"Does AT&T provide customer information to any law enforcement agency?"
"We follow the law", svarte Whitacre.
"That is not an answer, Mr. Whitacre. You know that."
"That's all I'm going to say, is we follow the law. It is an answer. I'm telling you we don't violate the law. We follow the law."
Svara er som tidlegare
Og lenger kom dei ikkje i høyringa av AT&T-sjefen. Historia gjentek seg med forklaringane til Apple, Microsoft og dei andre når dei blir spurde om NSA har direkte tilgang til informasjonen deira. Då kjem det semantiske krumspring som "NSA har ikkje direkte tilgang til våre data", noko som like gjerne kan tolkast som at NSA har tilgang til ei mellomlagring av data, a la Dropbox.

Den store skilnaden på avsløringa i 2005 og Snowden si avsløring i 2013, er at medan journalistande som skreiv om avlyttingsskandalen i 2005 fekk Pulitzer-prisen, risikerer Edward Snowden å bli fengsla på livstid. Ja det er til og med dødsstraff for dei spionanklagane han vil bli møtt med av USA.

Etter Manning og WikiLeaks
Kva har skjedd sidan avsløringane for 7-8 år sidan og dei avsløringane Snowden kjem med? Innhaldsmessig er avsløringane den gongen og no ganske like. Avsløringa av Bush sin hemmelege ordre om overvaking utan rettsleg grunnlag og avsløringa av AT&T sitt intime forhold til NSA (eigne spesialbygde rom der NSA kopla seg på knutepunkta) viste det same som Snowden no har avslørt.

Eg trur skilnaden på reaksjonane skuldast WikiLeaks og Bradley Manning. Mannings avsløringar var ganske sjokkerande for alle, og reaksjonane var sterke. Frå USA si side vart det klart at han måtte takast hardt, og behandlast til skrekk og advarsel for andre. Snowden har gjort noko av det same som Manning og reaksjonane blir deretter.

Fredsprisen til Snowden?
Enkelte har teke til orde for at Snowden bør få Fredsprisen. Det meiner eg er ei avsporing. Det han treng er asyl og eit mest muleg fritt liv. Norge kunne gitt han det, men styresmaktene våre er dessverre for feige til å gå til eit slikt steg.

Varslarar lever alltid farleg
Edward Snowden har avslørt alvorlege brot på personvernet og dermed grunnleggjande menneskerettar. Dei som ikkje vil ta i Snowden, og det er dei fleste, bør ikkje snakka høgt om varsling og vern av upopulære ytringar. Ein varslar vil alltid stå svakt, uansett fagre ord. Historia er full av eksemple; frå Carl von Ossietzky i 1931 til Edward Snowden i 2013. Ein kunne kanskje håpa at me var komne lenger i dag, men dessverre har me ikkje det.

Ingen kommentarer: