lørdag 3. august 2013

Android 4.3 med nytt liv til Nexus 7

Googles nettbrett Nexus 7, produsert av Asus, var ein av fjorårets store positive overraskingar. Endeleg nokon som kunne ta opp kampen med Apple på nettbrett. Det vart då også kåra til Editor's Choice i PCMag. Det same vart oppfølgjaren som kom nett no.

Eg kjøpte brettet kort tid etter at det kom i sal i fjor og var veldig godt fornøyd. Men som dei fleste andre Nexus-eigarar har eg opplevd ei gradvis forverring i respons og før siste Android-oppgraderinga var det verkeleg ille. Ulike operasjonar kunne ta veldig lang tid og det vart mykje venting.

Android 4.3 vart lasta ned i går og voila! - det var som å få nettbrettet på nytt. Det er kanskje litt tidleg å seia at brettet er redda, men oppgraderinga ser veldig lovande ut. Borte er den frustrerande tregheiten og ventinga på at ting skal skje. Nettbrettet kjennest like "friskt" ut som då det var nytt.

2 kommentarer:

Oluf Haugen sa...

TRIM :-)
http://www.amobil.no/artikler/trim-vil-gjore-android-mobilen-din-raskere/135939

Svein Ø sa...

Har sett kommentarar på ulike forum som går på problema med handtering av flash-minne. Ser ut som Android 4.3 har fiksa dette og at TRIMminga fungerer fint ;)