onsdag 7. august 2013

The Master Switch

I boka "The Master Switch - The Rise and Fall of Information Empires" tek Tim Wu for seg utviklinga av ulike informasjonssystem frå telefon til Internett. Alle tidlegare medieinformasjonssystema fram til Internett har starta som frie og opne system og enda som lukka og kontrollerte (telefon, radio, film, tv, kabel-tv..). Dei har alle vorte pressa inn i den organiserte strukturen arva etter den industrielle revolusjonen. Tim Wus hovudspørsmål er om Internett vil få ei liknande utvikling, frå dagens opne system til eit meir kontrollert og lukka. Han er ikkje spesielt optimistisk med tanke på framtida for nettet, men meiner (sjølvsagt) at den tilsynelatande uunngåelege utvikla mot lukka og kontrollert kan unngåast.

Det som er trua, er ikkje berre den frie talen, men kontrollen av den store brytaren ("At stake is not the First Amendment or the right of free speech, but exclusive custody of the master switch" - Fred Friendly).

Starta med nettverksnøytralitet
Tim Wu er professor ved Columbia Law School og mannen bak begrepet nettverksnøytralitet (frå artikkelen hans Network Neutrality, Broadband Discrimination) og såleis godt rusta til å skriva om dette temaet. Arbeidet hans med nettnøytralitet har vore svært viktig og må seiast å vera avgjerande for dagens lov på området i USA.

Boka gir ein grundig oversikt over utviklinga av sentrale informasjonssystem og Wu er ikkje altfor optimistisk med tanke på utvklinga for nettet.

The Cycle
Vekslinga mellom ope og lukka, som Wu kallar "syklusen" (The Cycle) er viktig å forstå. Det er difor viktig å sjå på den historiske utviklinga for medieteknologiar, men også viktig å forstå korleis informasjonsteknologiar er ulike andre industriar.

Kvar tidsalder og teknologi er spesiell, på den måten at det ofte blir sagt "but this one really is different". Som Tom Stoppard formulerte det i "The invention of love" i 1876 1997 (han skreiv om 1876): "Every age thinks it's the modern age, but this one really is".

Om innovasjon
Myten om "den einsame oppfinnaren" er ein myte utan mykje hald i. Samtidig er det viktig at oppfinnarar har nok avstand til den dominerande teknologien på området. Då Bell arbeidde med konstruksjon av telefonen, var nesten alle andre opptekne av å forbetra telegrafen. Western Union, som hadde monopol på telegrafi i USA, skulle ha tilstrekkeleg ressursar til å gjera nye oppdagingar og føreta ny innovasjon innan området, men avgrensa seg til forbetringar av eksisterande teknologi. Dei var nok også redde for kannibalisering av eige produkt, noko som er ei ganske vanleg frykt (her er det rett å nemna Steve Jobs som framsynt då han argumenterte for iPhone trass i at det ville gå ut over iPod-salet: "If we don't cannibalize [the iPod], someone else will").

Telefon
Då Western Union omsider skjønte mulegheitene med telefon, hyra dei inn Thomas Edison for å laga ein betre telefon enn Bell sin. Kampen stod og vippa mellom monopolisten Western Union og Bell. Vinnaren ville ta alt og taparen døy, slik alle syklusar endar. Dette er i tråd med øknomen Joseph Schumpeter og hans teori om kreativ øydelegging (creative destruction) som det heilt sentrale i kapitalismen.

I staden for eit monopol styrt av Western Union, vart det eit monopol styrt av AT&T, etter kvart som dei uavhengige telefonselskapa vart nedkjempa med ganske brutale middel. Strategien var den same som J. D. Rockefeller brukte i oppbygginga av Standard Oil Company: "Purchase or perish". AT&T rådde grunnen heilt til 1984 då myndigheitene greip inn og splitta opp selskapet. Det er interessant at dette starta med Nixon-administrasjonen og vart fullført av Reagan.

Seinare har AT&T i det stille samla kreftene og gjennom oppkjøp av tidlegare Baby Bells nesten reetablert det gamle monopolet.

Radio
Radioen gjekk gjennom ei liknande utvikling som telefoni. I starten var radioen eit tovegs kommunikasjons-apparat; den kunne både motta og senda. Ved utgangen av 1924 var det selt meir enn 2 mill. radioar med kringkastingsfunksjon! Etter kvart fekk selskapet Radio Corporation of America, RCA, monopol på radiokringkasting over heile USA. RCA var finansiert av private midlar, ulikt den europeiske statskontrollerte radioen.

BBC representerte ei heilt anna utvikling enn den amerikanske og var ei monopolkringkasting frå starten. Likevel kom BBC, trass den elististiske tilnærminga, nærmare dei utopiske draumane om radio som undervisar og oppdragar ("dannelsesinstrument"), idear som rådde i starten ikkje minst i USA. BBC-modellen vart kopiert av mange europeiske land. Først på 1980-talet vart monopolet oppheva og radiolisensar frigitt også til kommersielle aktørar.

Ei rein samanlikning mellom Storbritannia og USA vil likevel bli feil. USA er eit veldig kontinent, med dei utfordringar det fører med seg for denne typen teknologiar.

Film
Den første filmindustrien vart bygt på austkysten, med New York som sentrum. Det etablerte seg eit kartell basert på patentar eigd av Edison, Eastman Kodak og andre. Dette kartellet, med Thomas Edison i spissen, kontrollerte alt av filminnspelingar og også import. Dei forbaud mellom anna langfilmar for å halda prisane nede, og dei forbaud import av europeiske filmar. Ei slik styring av innhald og kveling av kreativ utvikling er viktig å hugsa på i diskusjonen om kontroll og sensur i informasjonsalderen.

Filmindustrien i Los Angeles (Hollywood) vart etablert der for å komma lengst muleg unna filmtrusten og deira søksmål! Los Angeles var framleis litt i "ville vesten", og nye filmskaparar med Adolph Zukor i spissen bygde etter kvart opp ein omfattande filmindustri som tok knekken på det tidlegare Edison-styrte filmmonopolet. Med oppkjøp av kinoar i stor stil utvikla det seg eit nytt kontrollerande system, eit system med full vertikal kontroll frå produksjon til framvising.

TV og kabel-tv
TV hadde ei anna utvikling i USA enn radio (og telefoni). Her brukte RCA alle middel for å få myndigheitene til å halda igjen og ikkje sleppa til konkurrentar. Det klarte dei slik at RCA fekk god tid på seg til å førebu satsinga på fjernsyn.

Kabel-tv var ein klassisk disruptiv teknologi som bygde seg opp på 1970-talet. Med god hjelp frå Nixon-administrasjonen fekk kabel-tv lov å utfordra dei mektige tv-selskapa (ABC, CBS, NBC). Ted Turner var mannen som såg potensialet og som bygde opp imperiet CNN basert på kabel-tv. Frå starten av var kabel-tv innretta på nisjer. Men snart vart det "alt for alle", med eit utal nisjekanalar. Resultatet vart ei sterk fragmentering av tilbod og sjåargrupper.

Cass Sunstein, jusprofessor ved Harvard og tidlegare CIO i Obama-administrasjonen, har kritisert denne fragmenteringa og særleg trekt fram Internett som eksempel på ei farleg utvikling. Fragmenteringa er i følgje Sunstein ein trussel mot det frie samfunnet og ein fare for demokratiet. Folk kan lukka seg inn i informasjonskapslar og dyrka sine skrudde haldningar heilt utan motførestillingar. Med 22. juli 2011 framleis sterkt i minnet, er det ikkje vanskeleg å sjå at kritikken har mykje for seg.

På den andre sida kan det også argumenterast med at kabel-tv, og seinare Internett, ikkje har skapt ny fragmentering, men heller oppheva den kunstige idéen om eit felles folk med like interesser som radio og tv i stor grad var bygde på. Idéen om massemedia var på mange måtar kunstig og tilslørande. Det nådde høgdepunktet i 50- og 60-åra, i Norge eit tiår eller to seinare. I 1956 såg 83 % av amerikanske tv-hushaldningar Elvis Presley opptre på Ed Sullivan Show!

Kabel-tv, og seinare Internett, var såleis meir ein motrevolusjon enn ein revolusjon.

Internett - kva så?
Internett representerte ein (mot-)revolusjon, både teknologisk, men også organisatorisk. Illustrasjonen under viser skilnaden mellom eit linjesvitsja og eit pakkesvitsja nettverk. Dei tradisjonelle telekom-selskapa var baserte på linjesvitsja nett, medan Internett var basert på eit pakkesvitsja nett. Her er det ikkje den teknologiske skilnaden som er mest interessant, men kva den teknologiske skilnaden betyr for den organisatoriske kontrollen over nettverket. Det var ikkje rart AT&T, og andre telekom-selskap, avfeia pakkesvitsja nettverk som tull. Dei såg straks at det ville bety langt vanskelegare kontroll over nettverket enn det dei hadde. Det sentraliserte nettverket gir store mulegheiter for kontroll for den som sit sentralt. Eit pakkesvitsja nettverk er vanskelegare å kontrollera.


Tim Wu brukar den katastrofale fusjonen mellom America Online (AOL) og Time Warner til å kasta lys over spesielle trekk ved Internett. På papiret såg ekteskapet mellom superdistributøren AOL og innhalds-leverandøren Time Warner ut til å vera bortimot genial. Massiv distribusjon for massivt innhald. Men prinsippet om nettnøytralitet gjer det svært vanskeleg å låsa kundane inne, og konkurransen med alle andre tilbydarar på nettet blir tilsvarande hard. Det er dette som plagar dagens mediekonsern; korleis skal dei klara å ta betalt for noko folk har vant seg til er gratis? I ei verd med millionar av gratis YouTube-videoar skal det godt gjerast å ta betalt for video.

Wu brukar vidare Apple og Google som eksempel på ulike utviklingsscenario for nettet. Selskapa er motsatsar ved at Apple representerer det lukka og kontrollerte der Google står for det opne og til ein viss grad ukontrollerte. Google kan også ha sine problematiske sider, men er i det store og heile meir tru mot dei opprinnelege ideala for Internett. Google sin hovudforretning, søk, Google si hovudforretning er annonsar på nettet, drive fram gjennom søk, og denne verksemda står og fell på eit ope nett.

Men Tim Wu er klar på at dei industrielle strukturane som har forma dei tidlegare medieteknologiane også har begynt å visa seg i utviklinga av Internett. Syklusen er i ferd med å dreia også her.

Kva kan gjerast for eit fritt og ope Internett?
Ein annan sterk forsvarar for det opne nettet er Sir Tim Berners-Lee, mannen bak web-en. Han har ved fleire høve peikt på den viktige opne strukturen for Internett. Han kunne ikkje sjølv ha utvikla WWW utan denne opne strukturen. Han trengde ikkje spørja nokon om lov til å laga WWW-systemet på toppen av nettet - det er ei av dei grunnleggjande og mest verdifulle sidene ved Internett.

Tim Wus argumenterer for bruk av ulike separasjonsprinsipp for å bevara eit fritt og ope Internett. Separasjonsprinsippa kan på mange måtar sjåast på som ei næringslivsregulering basert på maktfordelingsprinsippet (lovgivande, utøvande og dømmande). Prinsippa kan grovt sett delast i tre:

  1. Tidsavgrensa separasjon (temporal separation)
    Unge, nystarta bedrifter må få eit visst vern frå å bli skvisa ut av marknaden eller overtekne av eldre og større bedrifter.
  2. Separasjon mellom marknader, funksjonar og/eller plattformer
    Dette prinsippet kan synast vagt, men målet er å hindra monopol som omfattar heile informasjonområde og -plattformer. Integrasjonen av Western Union og Associated Press skapte i si tid eit totalt monopol innan nyheitsformidling i USA. AT&T hadde eit suverent monopol innan telefoni (på same måten Televerket her i landet). Bell-systemet sitt monopol var av ein dimensjon som ga dei full kontroll over eit veldig omfattande område med mange marknader.
  3. Regulatorisk separasjon
    Utfordringa er å skapa ein sunn og balansert avstand mellom myndigheiter og industri. Den første læresetninga her, i følgje Wu, er at "skal ikkje" er betre enn "bør" som reguleringsprinsipp. "Du skal ikkje drepa" er langt tydelegare og absolutt enn "du skal elska naboen som deg sjølv".

    Meir hardhendt regulering i form av oppdeling av konsern, stopping av store fusjonar osv. må til for å hindra maktkonsentrasjon og monopoldanning. Her meiner Tim Wu at myndigheitene må bli hardare i klypa. Og så må ein også læra av historia, framfor alt AT&T som fekk halda på monopolet altfor lenge (70 år!) og som har fått lov å samla seg etter oppsplittinga.
Tim Wu meiner at mykje av dette alt er bakt inn i dagens lovverk og at det slik sett ikkje er nødvendig med nye lover. Men handhevinga av lovene må bli tydelegare og ein må tora å bruka sterkare verkemiddel for å hindra konsentrasjon og monopoldanning. Han meiner vidare at det er Storbritannia og Australia som har komme lengst i gjennomføringa av desse prinsippa. 

This time is different, or?
Til slutt spør Wu om det verkeleg er annleis denne gongen. Er det noko spesielt med Internett som gjer at det vil motstå press mot kontroll og lukking? Boka er ein gjennomgang av historia som viser at fri konkurranse har vore eit unnatak i tidlegare medieteknologiar og at lukka system med kontroll av få har vore standarden. Tim Wu er nokså klar på at Internett ikkje er eit unnatak og at utviklinga her godt kan gå i same retning som andre medieteknologiar. Det må difor ei aktiv haldning til, både hos politikarar og folk flest, for å hindra at noko liknande skjer med nettet.

"The Master Switch" er ei viktig bok. Den er ein grundig dokumentert gjennomgang av utviklinga for tidlegare informasjonssystem som grunnlag for påstanden om at Internett ikkje er noko heilt nytt som er immunt mot denne typen utvikling mot kontroll og lukking. 


Ingen kommentarer: