mandag 9. juni 2014

Vettisfossen

Vettisfossen er eit imponerande syn
Sogn og Fjordane slit på dei fleste statistikkar, men ein ting er klart: Me har den desidert mest storslåtte og varierte naturen i landet. Ingen stader finn du større variasjon enn å reisa frå det ville alpine landskapet i Hurrungane i aust, langs Sognefjorden og ut til kystlandskapet i Solund i vest.

I går (08.06.14) gjekk turen til Årdal og Vetti/Vettisfossen. Det er nesten litt flaut å seia at det var første gongen min, men på den andre sida er det godt å ha slike godbitar i vente. Turen til Vetti og Vettisfossen startar med Folkevegen, 5-6 kilometer frå sentrum i Øvre Årdal. Folkevegen har fått namnet etter den formidable dugnadsinnsatsen som ligg bak opparbeidinga av vegen. Den 5,5 km lange vegen langs Utladalen og elvi Utla, vart bygt på dugnad i perioden 1973 - 1977. Det er rekna at det vart lagt ned rundt 50 000 timar frå over 1500 innbyggjarar i Årdal. Ikkje mange kan visa til noko slikt, og det seier ein del om Årdals-samfunnet.


Vetti - her har det budd folk i 1000 år!
I enden av vegen ligg garden Vetti. Den er fråflytta i dag, men fram til dei fråflyttinga i 1985 har det budd folk her i lange tider. Dei eldste sikre kjeldene viser at det har budd folk her minst frå 1120. Når ein tenkjer på tilkomsten til området før dugnadsvegen, er det ganske fantastisk. Området var isolert i store delar av året sidan stien langs Utla var ekstremt rasutsett og vanskeleg på vinterstid. Lærdalsprest Ulrik Fredrik Bøyesen besøkte Vetti i 1818 og la ikkje skjul på at det var strabasiøst:
Nu er man da i Gjelen. Gud være med dig Vandringsmand! … Her syntes al videre Fremgang umulig. Men herpaa havde Eivind forberedt sig. Med sin øxe hug han i Isspeilet en Skure, hvori han satte Foden, nok en Skure, hvori han satte den anden Fod; og saaledes vedblev han at hugge og gaae, indtil han var kommen over… Mere end en halv Miil maatte vi gaae paa Randen af lutter Afgrunde, og ofte over saadanne Sneeskrid, som endnu ikke vare optøede, der ligesom uhyre Speile, hængte næsten lodrette fra den høie Fjeldryg lige ned i det ustyrtelige Dyb, og hvor alene øxen kunde bane en høist usikker og farlig Stie… Men saa var hele Veien gjennem Vettiesgjelen, paa en Stie, hvor man stundom ei kunde sætte begge Fødder ved Siden af hinanden…
Avdalsfossen
Før ein kjem til Vetti passerer ein Avdalsfossen, eit imponerande syn også den. Fossen er 173 meter høg, men har ikkje fritt fall heile vegen. Etter passering av Avdalsfossen går det ein sti bratt opp fjellsida til Avdalen, ein annan stad vel verdt å besøka.

Frå Vetti gard går det vandresti vidare innover Utladalen mot Vettisfossen og Vettismorki. Den er krevjande å fleire stader og gir eit inntrykk av korleis det var å gå i dette området i gamle dagar. No er det vanskelegaste plassane sikra med tau. Etter rundt ein halv  time vandring kjem ein til Vettisfossen. Det er det høgste frie fossefallet (273 m) i Norge etter kraftutbyggingane. Fossen vart varig verna i 1924.



4 kommentarer:

Thomas Røst Stenerud sa...

Hei! Jeg skulle gjerne ha tak i hele teksten Bøyesen skrev om turen. Vet du hva den heter? Og fine post om det jeg tror må være en fin tur!

Svein Ø sa...

Eg ser Store norske leksikon omtalar Bøyesen og skriftlege bidrag frå han, m.a. "den første skildring av Vetties-Gjelen". Denne nedteikninga er referert her: Prosjekt Runeberg - Register til en del norske tidsskrifter.

Teksten i bloggen min er sannsynlegvis henta frå denne. Men kvar eg har funne det, hugsar eg ikkje i farten. Det burde eg sjølvsagt oppgitt. Skal leita litt meir og prøva å dokumentera det.

Eva sa...

Ein versjon er iallfall å finne her: http://runeberg.org/norge80/0414.html

Setninga "Gud være...." kan eg ikkje finne i teksten, men elles så ser det ut til å vere Bøyesen si skildring.

Svein Ø sa...

Takk for lenka til original-teksten. Artig å lesa!