lørdag 29. november 2014

Konsert med John McLaughlin

73 år inga hindring!
Kvalitet på dagen i prisutdelinga for årets offentlege digitale teneste, og kvalitet på kvelden i konserten med John McLaughlin & The 4th Dimension på Victoria jazzscene.

John McLaughlin, eller Mahavishnu John McLaughlin som han ofte kallar seg, er ei av jazzens levande legender, og slik sett var det kjekt å få med seg konserten. Musikalsk kan levande legender bety så mangt, men enkelte av jazzens utøvarar klarer seg fint sjølv om dei har passert 70 år. McLaughlin er ein av dei som ikkje ser ut til å vera særleg tynga av alderen, trass sine snart 73 år. Han verka ekstremt vital og i storform!

Viktig stilskapar
John McLaughlin har vore ein stilskapar innan fusion, dvs. samansmelting av jazz og rock/funk. Samspelet med Miles Davis på i alt fem album, mellom dei klassikarar som In a Silent Way og Bitches Brew, var med på å løfta han fram i fremste rekkje på slutten av 60-talet og starten av 70-åra. Som bandleiar vart han mest kjent for musikken han laga i Mahavishnu Orchestra.

Ordet Mahavishnu stammar frå hinduismen og betyr overjordisk (eller som det blir oversett til engelsk:  "the Supersoul of all living beings"). Indisk filosofi var populært blant mange musikarar på 70-talet, men for McLaughlin var det meir enn eit overfladisk stunt. Han vart djupt inspirert av filosofien/religionen (ofte vanskeleg å skilja desse to) og samarbeida tett med indiske musikarar. Men i Mahavishnu Orchestra var det berre vestlege musikarar.

Gary Husband (k), Etienne Mbappé (b), Ranjit Barot (t) og
John McLaughlin (g) [Bilete henta frå www.nasjonaljazzscene]
Tett og godt band
Sjølv om storheitstida for McLaughlin var på 70-talet, var det tydeleg at han ikkje er gløymt. To fullsette konsertar fredag kveld vitnar om at han framleis har eit stort namn. Og publikum vart ikkje skuffa.

Hovudpersonen sjølv var i storform og hadde med seg musikarar som utfylte han godt. Bandet framstod som samspelt og tett, og den som imponerte aller mest var den ufatteleg funky bassisten Etienne Mbappé.

Av mange bra låtar sette eg størst pris på Pharoah Sanders' Light at the edge of the world.

Aggressiv og "kantete"
Sjølv om det var ei stor oppleving, er eg ikkje heilt seld på stilen til John McLaughlin. Han spelar veldig aggressivt, og det kan høyrast litt "kantete" ut  (på musikkspråket: stakkato). Det går fort, men eg saknar flyten som du kan høyra hjå andre gitaristar som t.d. Pat Metheny eller Mike Stern.

Eg tykkjer Frank Zappa oppsummerer stilen på ein god måte:
"A person would be a moron not to appreciate McLaughlin's technique. The guy has certainly found out how to operate a guitar as if it were a machine gun. But I'm not always enthusiastic about the lines I hear or the ways in which they're used. I don't think you can fault him, though, for the amount of time and effort it must have taken to play an instrument that fast. I think anybody who can play that fast is just wonderful. And I'm sure 90% of teenage America would agree, since the whole trend in the business has been "faster is better."

fredag 28. november 2014

Kvalitet på offentlege, digitale tenester

Anders, Hege og Ragnar opnar seminaret om kvalitet på tenester
Difi har teke kvalitetsarbeidet eit stykke vidare og har i år utvikla eit kriteriesett for offentlege, digitale tenester. Vel 50 tenester er så vurderte etter kriteriesettet, og på seminar i Gamle Logen i dag vart resultatet presentert og årets digitale teneste kåra. Resultata er presenterte på kvalitet.difi.no/resultat

Kva er ei digital teneste? Dette er sjølve 1000 kr-spørsmålet og eg vil ta det opp i eit eige innlegg. Det er eit såpass viktig spørsmål at det fortener meir omtale enn berre eit avsnitt her.

Morville-modellen
Utgangspunktet for kriteriesettet var Peter Morvilles Honeycomb-modell (bikake-modell?), som har seks  eigenskapsområde som til saman uttrykkjer ein nettstad sin verdi (valuable). Fordelen med modellen er at den er pedagogisk god og med sterk brukarorientering. Ulempa med modellen er at den ikkje har vore testa og utsett for vitskapleg kritikk - den er berre ein god (?) ide frå Peter Morville. Modellen er også ganske statisk og sidan det var eit ønskje om å få betre fram framdrifts-elementet (progresjon), gjekk ein litt bort frå Morville-modellen i den gjeldande versjonen. Men grunnelementa er likevel muleg å kjenna att, og brukarperspektivet oppsummert i verdifull, er framleis med.

Peter Morvilles bikake-modell, oversett til norsk
Her er kategoriane Difi enda opp med:

  • Lett å finna (Morville: Lettfunen)
  • Truverdig (Morville: Truverdig)
  • Trygg (Morville: Tilgjengeleg (?))
  • Fungerer godt (Morville: Nyttig)
  • Enkel å bruka for alle (Morville: Brukarvennleg)
  • Lett å få hjelp (Morville: Tilgjengeleg/Brukarvennleg)
Sjølv om det ikkje er eit ein-til-ein-forhold mellom Difi sine kategoriar og Peter Morvilles bikake-modell, er det lett å sjå at kategoriane er inspirerte av denne. På den andre sida er bikake-modellen ganske generisk, så det er ikkje så overraskande..


Ekspertvurdering
Evalueringa har starta med ei ekspertvurdering basert på kriteriesettet. Vidare skal det føretakast ei spørjeundersøking til brukarar av dei digitale tenestene og det skal også føretakast ei brukartesting av enkelte tenester. Til slutt er det ein fagjury som til slutt kårar årets digitale teneste.

Årets ekspertvurdering har vore litt annleis enn tidlegare. Der ekspertvurderingar av heile nettstader tidlegare vart gjort av ein ekspert åleine, på litt i overkant av ein time, har årets vurderingar vorte gjorde av to ekspertar på kvar si side og så har dei sett seg saman i etterkant og komme fram til eit felles resultat. Det har gjort at vurderingane har vorte meir omfattande og det har medført at færre tenester har blitt evaluert.

Statlege tenester betre enn kommunale
Resultatet av årets kvalitetsvurdering viser at dei statlege tenestene (22 i alt) generelt sett kjem betre ut enn dei kommunale (30 i alt).

Brukarundersøkingar i etterkant av utfylling, såkalla exit-undersøking, ga over 3000 svar. Men dessverre var det ei ganske skeiv fordeling på tenestene: Halvparten kom på politiet si meldeteneste, ein fjerdedel på NVE si energimerkingsteneste og mesteparten av den siste fjerdedelen på Trondheim kommune si teneste for søknad på stilling. Det vart berre ca. 200 svar på resten av tenestene.

Brukarundersøkinga viste at brukarane er langt mindre kritiske enn ekspertane. Men her må ein hugsa på at det berre var dei brukarane som fullførte tenesta som vart spurde om å svara. Dei som av ulike grunnar ga opp på vegen, er ikkje blant respondentane. Resultata må også sjåast i lys av at brukarane si tilfredsheit blir i stor grad styrt av forventningar (politiet sine tenester kjem godt ut, forventningane og krava til den som fyller ut, er små).

Juryen si vurdering
Juryen for val av årets digitale teneste er sett saman av representantar både frå offentleg og privat sektor.

Juryen sin gjennomgang av ulike problem dei har funne:
- språk: Eksempel på god språkbruk som følgjer intensjonane med klarspråk: sjå situasjonen frå brukarane sin ståstad, venda seg direkte til dei (bruka "du"), klart og enkelt språk der ein unngår spesielle faguttrykk
- interaksjonsdesign: tenestene ofte fråkopla tenesteinformasjonen, noko som gjer det litt vanskelegare for brukarane. Dette er noko som går att hjå veldig mange. Det er eit stort problem at tenester blir behandla som noko spesielt og ikkje er integrert med resten av informasjonen.

Paul Chaffey, KMD:
Prisen for årets beste digitale teneste
Kan vera lett å gløyma kvalitetsaspektet i jakta på forenkling, forbetring og fornying. Me må ta inn over oss at me bur i eit høgkostland, og det er eigentleg ein bra ting. Dei som bur i lågkostland vil gjerne bu i eit høgkostland. Men det betyr også at me må gjera ting betre og smartare, og kvalitet blir også viktigare i eit høgkostland. Me kan ikkje kompensera låg kvalitet med høgare volum.

Den viktigaste dommaren er brukaren sjølv, det er han eller ho det skal fungera for.

Kvifor digitalisering?
Til meir digitalisering, til betre? Nei, absolutt ikkje. Målet er best muleg resultat ut frå gitte ressursar, og då er ikkje nødvendigvis digitalisering svaret i alle tilfelle.

Klart språk er også viktig, og samarbeidet med kommunesektoren forsterkar satsinga. Chaffey framhevar også arbeidet med klart lovspråk. Dette er radikalt, i alle fall sett frå ein del juristar. Men mange juristar er også klare på at eit forståeleg lovspråk er veldig viktig for eit fungerande demokrati.

Universell utforming er eit anna viktig område.
Chaffey rosar også Difi for samansetjinga av juryen, der også personar frå næringslivet er trekte inn. På dette området kan offentleg sektor læra av privat sektor, og omvendt. Sjølv om offentlege etatar kan oppfattast som monopolorganisasjonar, vil dei på området nettløysingar likevel, med rette, bli samanlikna med alle andre løysingar på nettet.

Husbanken framhevar eit godt samarbeid med IT-seksjon og eksterne IT-leverandørar, men mest av alt at dei har prøvt å ha brukarane sitt perspektiv i sentrum for utviklinga av digitale løysingar.

Spør innbyggjarane! Digitalisering av Oslo kommune
Tron Kallum og André Myrbråten, Oslo kommune
Oslo kommune satsar stort på digitalisering og å gjera det lettare for innbyggjarane å finna fram og få løyst oppgåvene sine. Dei skal gå frå å vera ei IT-sinke til å bli eit IT-fyrtårn, og har eit budsjett på rundt 550 mill. kr over fire år til arbeidet med digitalisering av tenester. Både byråd og bystyre er samstemde i denne satsinga.

Brukarreiser (tenestedesign - service design) er ein sentral metodikk. Bruk av nasjonale fellesløysingar er ikkje nokon diskusjon; Oslo kommune brukar det som finst og utviklar berre det som ikkje alt er tilgjengeleg frå før.

Brukarundersøking 2013: Berre 60 % oppga å få løyst det dei kom for å gjera på nettstaden. Med dei store brukartala Oslo kommune har, blir det mange innbyggjarar som ikkje får løyst oppgåvene sine - kvar dag!

Dette er dei mest etterspurde tema frå brukarane:
  1. Ledige stillingar
  2. Skule og relaterte spørsmål
  3.  Barnehage
  4. Symjehallar
  5. Opningstider elles
  6. Friluftsliv
Desse seks tema utgjer 25 % av behovet. Vidare er det 11 oppgåver/tenester for dei neste 25 %. Viss Oslo kommune priorterer 17 oppgåver/tenester og klarer å løysa desse godt, har dei løyst 50 % av behovet!

pilot.oslo.kommune.no
Er no i ferd med å gjennomføra den største brukartesten av ein offentleg nettstad med pilot.oslo.kommune.no

Kommunen tilbyr "Min side" der all kommunikasjon med kommunen er tilgjengeleg, men der også relevant informasjon frå andre etatar er tilgjengeleg (Skatt via Altinn, adresseinformasjon frå Matrikkelen osv.).

Ikkje skjema, men "veiledet dialog":
  • stegvis og med rettleiing i prosessen
  • preutfylling
  • aut. av arb.prosessar
  • gjenbruk av informasjon
  • universell utforming og tilgjenge
Har teke i bruk SvarUt og vil levera post via sikker digital til Digipost og eBoks, i tillegg til Altinn for næringslivkorresp. og det som har med skatt å gjera, og på papir for dei som har reservert seg mot digital post.

Klart språk?
Prof. Johan Tønneson, UiO, Oda Stræte, mastergr.stud. UiO og deltakar i kvalitetsevalueringa

Språkdelen av evalueringa har vorte gjennomført med støtte frå Språkrådet.
Eksempel på vanskelege ord som bør unngåast:
  • Beskjeftigelse
  • Ileggelse
  • Bopel
Her gjeld, som ofte elles, at det enkle er det beste. Bruk enkle ord som er lette å forstå, og vis heller samanhengen mellom faguttrykk og lekmannsuttrykk.

Johan Tønneson: Klart språk er ikkje enkelt
1. Teknologi
Språk er ei særleg avansert ytring og i kombinasjon med informasjonsteknologi er det lurt å søkja hjelp hjå språkfolk. Ei masteroppgåve om klarspråk i NAV viste at klarspråkarbeidet skjedde altfor isolert frå teknologi-utviklinga, og at effekten av arbeidet difor vart dårlegare enn den kunne vorte.

2. Pengar
Tid er pengar og dårleg språk medfører ofte meir bruk av tid. Det er difor mykje å spara på å bruka eit enkelt og klart språk.

3. Ytring og demokrati
Språk er også ein føresetnad for eit fungerande demokrati. 
Paragraf 100 i Grunnlova: "Det påligger statens myndigheter å legge forholdene til rette for en åpen og opplyst offentlig samtale."
På nynorsk heiter det "Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte." Nynorsk-versjonen er her eit eksempel på klarspråk i praksis ;)

Automatiseringa kan på same tid som den forenklar, også framandgjera for brurkarane. Det er eit problem i demokratisk forstand.

Kva rolle spelar tilgang til data for kvalitet i digitale tenester?
Steinar Skagemo, Difi
Difi-rapport 2013:10: Informasjonsforvaltning i offentlig sektor (lenke til pdf-versjon)

Even Westvang, Bengler: eksempel på bruk av opne, offentlege data
- alle offentlege tenester bør ha eit klart definert API for deling av ressursar 
Altinn tilbyr eit API som gjer at andre etatar kan bruka grunnleggjande funksjonalitet, men pakka det inn i eige design. Dei tilbyr også at andre tenesteutviklarar kan tilby eit ope API til den nye digitale tenesta (berre med ei enkel avkryssing).

Estland har lovfesta forbod mot å byggja opp register med data som alt finst i andre off. etatar. Parallelt er det også eit pålegg om å dela data for dei som har dei autoritative registra.

Forslag til nytt kriterium: Datadeling

tirsdag 25. november 2014

Web-typografi

Boka On Web Typography av Jason Santa Maria er ei grei innføring i typografi for web-en. Boka er publisert av A Book Apart, eit forlag starta av mellom andre Jeffrey Zeldman, kjend for arbeidet med web-standardar gjennom The Web Standard Project . Zeldman saman med Brian Platz opp A List Apart (- For people making websites) saman med som ei e-postliste i 1997. Året etter vart nettsida lansert og sidan har dette vore ei av viktigaste kjeldene nettopp for folk som lagar nettsider. A List Apart har vore eit fyrtårn for "rett" web-utvikling i over 15 år. ALA er eit web-magasin ("webzine") meir enn ein vanleg nettstad, og har eige ISSN-nummer.

Nettstad, forlag og foredrag
Det var ei naturleg utvikling å ta informasjonen over i bokform. Undertittelen til forlaget er "Brief books for people who make websites". Undertittelen understrekar at bøkene skal vera korte; eitt av varemerkja for ABA. Slik omtalar dei seg sjølve:

A Book Apart publishes highly detailed and meticulously edited examinations of single topics. We produce brief books of about 100 pages — the perfect size in terms of subject depth and coverage for topics like HTML5, CSS3, content strategy, responsive web design, and more. The goal of every title in our catalog is to shed clear light on a tricky subject, and do it fast, so you can get back to work. 
I tillegg til A List Apart og A Book Apart har gjengen bak også etablert An Event Apart ("The design conference for people who make websites"). Dei er uslåelege på kommersialisering desse amerikanarane..


Typografi
Forfattaren av On Web Typography, Jason Santa Maria, er godt kjend i web-miljøet. Han var med og starta ABA saman med Zeldman og Mandy Brown. Han er grafisk designar og driv eige firma Mighty i tillegg til å vera engasjert i ABA. Eksempel på prosjekt han har gjennomført, finst på hans eiga heimeside. Han har også starta Typedia, eit web-basert leksikon for typografi.
Boka følgjer elles  malen til ABA og er konsentrert til ca. 130 sider pluss vedlegg.

Typografi er kunsten å bruka skrifttypar til å gjera skrift best muleg leseleg og gjenkjenneleg. Det er  eit kunsthandverk som har mykje til felles med design og arkitektur; det er viktig med både estetikk og funksjonalitet. Typografi er tett knytt til trykkjekunsten, og har vorte utvikla i dei århundre som har gått sidan Johan Gutenberg trykte dei første bokstavane i den vestlege delen av verda (det må minnast om at kinesarane var først også her!). I starten var typografi etterlikning av handskrifta, og sirlege ornament vart graverte inn i treformer som seinare vart fylte med bly. Men den typografiske historia starta lenge før trykkjekunsten, den starta med at menneske teikna figurar og teikn på ulike underlag, noko som seinare vart piktogram.

PC-en ei ulykke for typografi!
Med pc-revolusjonen kom Desktop Publishing og alle kunne leika typografar - dessverre! Det var som om alle plutseleg kunne teikna sine eigne hus, utan den miste forståing for arkitektur- og designfaget. PC-en har gjort mykje for å øydeleggja faget, med god hjelp av utøvarane sjølve - typografane. Typografane hadde gjennom sterk organisering stor makt og brukte den til å halda igjen utviklinga og kjempa mot teknologien. Denne ludittiske haldninga var øydeleggjande for dei sjølve, men ikkje minst for mulegheitene til å læra handverket til nye grupper som sårt kunne trengt eit "typografi for dummies"-kurs.

Typografi + Web ≠ Sant
Typografi på web-en har også vore eit sorgens kapittel. Lite støtte for skrifttypar gjorde at formspråket vart fattig dersom ein skulle vera på den sikre sida. For dei som likte å eksperimentera med skrift, kunne resultatet bli ganske usikkert. Ofte måtte ein ty til grafiske representasjonar av skrifttypar for å vera sikker. Det er ein dominerande metode også i dag, med alle dei ulempene det medfører (problem for svaksynte/synshemma, ikkje synleg for søkemotorar, ikkje muleg med klipp & lim..).

Dei seinare åra har det heldigvis vore ei god utvikling i støtte for skrifttypar i nettlesarane. Netscape introduserte <font>-taggen i 1995, men skrifttypen som vart definert, måtte finnast på pc-en, så bruken var ofte eit sjansespel med uvisst resultat. Det tryggaste var å halda seg til "Core fonts for the web", definert av Microsoft. Det var framfor alt skrifttypane Arial, Verdana og Georgia. Introduksjon av stilark (CSS) betra situasjonen, men det tok lang tid og ikkje før med CSS3 vart nedlasting av skrifttypar etter kvart støtta av dei vanlege nettlesarane og vart teke i bruk i web-utviklinga. Det er også opphavsrettslege problem kring nedlasting av skrifttypar, noko som har gjort utviklinga vanskeleg.

Typografi og "beste praksis"
On Web Typography er konsentrert om val av typografi og eksempel på kva som fungerer godt og dårleg. Innan typografi er det ikkje slik at noko er rett og noko feil, gjennom lang tids prøving og feiling har ein funne fram til kombinasjonar som fungerer bra. Det er eit typisk "beste praksis"-fag, sjølv om det ligg ein del grunnleggjande kunnskap i botnen for all (god) typografi. Ikkje minst er det viktig å kjenna den historiske utviklinga av typografi, sidan typografi alltid har vore sterkt knytt til den historiske utviklinga generelt (eit stikkord her er Bauhaus).

Boka er inndelt i følgjande hovudkapittel:

  1. How We Read
  2. How Typography Works
  3. Evaluating Typefaces
  4. Choosing and Pairing Typefaces
  5. Creating at Typographic System
  6. Composition
Merkeleg nok må ein bla heilt til slutten av boka for å finna ut kva skrifttypar som er brukte i sjølve boka! Det er til orientering FF Yoga og den motsvarande FF Yoga Sans. Overskrifter og tittelsider er sette med Titling Gothic.

Bør du kjøpa boka? Tja, det er greitt å ha denne informasjonen konsentrert i bokform, men du finn alt dette på ulike nettstader, sjølv om du då må vera din eigen kurator/redaktør. Nettstaden Smashing Magazine med Typography Guidelines and References er til dømes ein bra plass å starta.

torsdag 30. oktober 2014

NOKIOS 2014 - 30.10.14


Paul Chaffey, KMD:

Kvifor setja i gang større prosessar med endring av offentleg sektor? Me treng det jo strengt teke ikkje. Det viktigaste svaret er den langsiktige berekrafta
- demografi (fleire pensjonistar, færre i jobb)
- lågare oljeproduksjon (blir ekstra tydeleg når oljeprisen går ned)
- mangel på arbeidskraft, særleg i helsesektoren (må fordela kompetanse der den trengst mest)

Digitalisering for regjeringa handlar først og fremst om betre styring og leiing i staten
- tillitsbasert
- resultat, ikkje detaljar
- strategisk teknologiforståing; handlingsrom for leiing
- betre samhandling på tvers av sektorar
- betre beslutningsgrunnlag

Men i staden for tildelingsbrev får me tildelingsromanar.

Har innført ein ny tidstjuv for å fanga tidstjuvar i staten: Rapportering av tidstjuvar.
Klart språk er eit viktig tiltak, og klart språk i lovverket er også sett i gang arbeid på.

IKT-problemstillingar som KMD kjenner eit spesielt ansvar for:
- felles spelereglar som blir følgde av alle sektorar
- prioritering av IT-prosjekt
- finansiering av felleskomponentar
- finna gevinstar og henta dei ut
- gjera offentlege data tilgjengelege

Gevinsthandtering har vore for dårleg i IT-prosjekt. Typisk er gevinstane høgst før start av prosjektet, og så går dei gradvis ned og i enkelte tilfelle går dei mot null, eller til og med i minus.

Spørsmål og svar:
Arne Krokan stilte spørsmål til Paul Chaffey, dels eigne og dels spørsmål via Twitter. Eg synest ikkje den runden vart så veldig interessant, mykje pga. AK sin, i mine auge, naive teknologioptimisme.

Vegkart for felleskomponentar

Sesjonsansv.: Lars Erik Antonsen, NAV
SKATE er eit av dei viktigaste tiltaka for IT-samordning i staten. Også KS er representerte, slik at det er IT-samordning i off. sektor.

Vidar Holmane, Difi (sekretariat for SKATE):
SKATE har eksistert sidan 2006 og FAOS-arbeidet (Felles arkitektur for off. sektor).
Temaet i SKATE er fellesløysingar.

Nasjonale felleskomponentar:
Tenester
- felles løysing for eID
- Altinn
- Sikker digital post

Komponentar
- Folkereg.
- Einingsreg.
- Matrikkelen
- Kontakt. og reservasjonsreg.

Sjølv om det blir henta idear frå andre land (Danmark, UK, Estland ++) legg den norske styringsmodellen klare føringar på kva som kan gjerast her. Stikkordet blir då norsk sektororganisering (og som andre sesjonar på konferansen har vist, går dette heilt til topps med at sektorstatsråden er ansvarleg for Stortinget, ikkje statsministaren på vegne av statsrådane).

Arbeidet med eit vegkart for felleskomponentar vart starta sommaren 2013.

Først bli einige om utfordringane:
- for lite føreseieleg (uforutsigbar) både med omsyn til forvaltning, drift og utvikling av felleskomp.
- men svara frå dei ansvarlege etatane var lite klare og ga lite som grunnlag for etablering av eit vegkart
- har så levert eit kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid

På overflata ser det ut som dagens felleskomponentar dekkjer krava frå ulike etatar. Men bak dette ligg det også eit problem med at mange ikkje brukar felleskomponentane, men har eigne løysingar eller skyggeregister.

Innfører eit årshjul for arbeidet med felleskomponentar i SKATE, med laus kopling til budsjett.
1. kvartal: Rapportering
2. kvartal: Status og tiltak
3. kvartal: Rapportering
4. kvartal: Prioritering og status/tiltak

Dette er kimen til portefølgjestyring av felleskomponentar.

Mi vurdering av presentasjon og det arbeidet som er gjort: Framleis mykje uklart, delvis skjult bak mange flotte ord. Så langt mange ord og lite konkretisering.

Informasjon: søk på 'skate' på www.difi.no (og www.eforvaltning.info/veikart)

Spørsmål frå Statens pensjonskasse: Det er berre dei store etatane som er i SKATE, kvar er dei små og korleis blir deira behov fanga opp?

Rune Samland, KS
Kommunane sitt perspektiv når det gjeld felleskomponentar

Anders Aagaard Sørby, IT-sjef i Østfold fylkeskommune
Skal kommentera på noko han ikkje har vore med på.
Positivt med ei samordning rundt felleskomponentar
Behovskartlegginga som ligg til grunn for utarbeiding av vegkartet, er viktig.
Viktig å balansera kortsiktige og langsiktige behov, og også sjå på kortsiktige, raske gevinstar og meir langsiktige gevinstar.

John Krogstie: Korleis kan forskingsmiljøa bidra i arbeidet SKATE gjer på området?

Vidar Holmane: Kan ikkje svara godt på det. Arbeidsgruppa for vegkartet er veldig godt fornøyde med seg sjølve.

Kommunale fellesløysingar: Visjon og verkelegheit

Kjetil Århus, Bergen kommune
Rune Sandland, KS KommIT

FIKS: Felles integrasjonsplattform for kommunal sektor
- laus kopling mellom eigne kommunale løysingar og nasjonale felleskomponentar

Prioritering av prosjekt:
1. Kommune melder inn prosjektide
2. KPR pr. sektor prioriterer prosjektidear frå brukarfora
3. KS KommIT-sekretariatet hentar tilrådingar frå KPR og samanstiller prosjekttilråpding
4. Programstyret i KS KommIT tek avgjerd om igangsetjing av prosjekt

Hovudsteg i implementering av digitale løysingar
1. Kartleggj behov, krav og gevinstar
2. Innkjøp av løysing/utviklingshjelp
3. Gjennomføring av prosjekt
4. Realisera gevinstar

Gjennomføring av brukarreiser er eit krav i steg 1. Det er også skissert ei arbeidsdeling mellom KS KommIT og kommunen/-ane i eit utviklingsprosjekt.

KS KommIT sin verktøykasse er eit tilbod, ikkje eit krav (lokaldemokratiet gjer at KS ikkje kan diktera kommunane på noko område).

Astrid Øksenvåg: Aktuelle kommunale digitale tenester
KS SvarUt
- oppstår pga. behov i kommunane
- forventningar frå målgruppene (innbyggjarar, næringsliv, organisasjonar)
- regjeringa sine mål og krav på området

Taavi Kotka, CIO ICT: Insights from Estonia - world leaders in e-state Government

Har stort sett oppnådd ei papirfri forvaltning. Lova seier at det som finst digitalt, trumfar det som eksisterer på papir. Det hjelper ikkje å komma med ei skøyte på ein eigedom (i papirformat) viss det digitale eigedomsregisteret seier noko anna.

Med full digitalisering er tilgjengelegheit og oppetid kritisk. 

Dei estiske ambassadane er viktige nodar i den digitale infrastrukturen og fungerer som backup-senter. Dei brukar også private skylagringstenester (Amazon, Rackspace osv), men ikkje til sensitive data der dei brukar sitt eige nettverk og der ambassadane er essensielle.

Den digitale infrastrukturen er også sårbar sidan alt blir gjort digitalt. Dersom den digitale autentiseringstenesta bryt saman, bryt all tenesteutføring saman. Dersom kjernen i systemet bryt saman, bryt heile samfunnet saman. I tillegg til fysiske ambassadar har dei også virtuelle ambassadar.

Skytenester er viktige for Estland.

Kan eit land eksistera (berre) i skya, utan fysisk territorium? Meiner at det er muleg med dagens teknologi. Det er faktisk eit reelt spørsmål fordi Estland med dagens folketal er små og sårbare. Den einaste reelle måten å auka folketalet på, er gjennom virtuelt statsborgarskap. Det er snart muleg å bli ein e-Estlandar.

Estland har hatt elektroniske val sidan 2005. Alle estlendarar kan stemma via Internett uansett kor dei er i verda.

Vedlikehald er den største kostnaden. For ikkje å enda opp med utdaterte (legacy) system, tvingar dei gjennom modernisering. Kritiske system kan ikkje vera meir en så og så gamle.

onsdag 29. oktober 2014

NOKIOS 2014 - 29.10.14


Opning av konferansen ved Berit Kjeldstad, prorektor ved NTNU. Ho trekte fram hovudsatsingane i det neste store IKT-programmet, IKT2025 (eller er det IKTPluss?):

  • Offentleg sektor og infrastruktur
  • Helse og velferdsteknologi
  • Sikkerheit og beredskap

Truls Berg: Halvvegs til framtida Fem megatrendar som endrar det meste dei neste fem åra


1. Store demografiske, geografiske og klimatiske endringar er undervegs
Vesten blir ein "aldersheim". Men Norge (og Skandinavia) har store fordeler i form av likestilling, flate strukturar og stor grad av tillit.

2. Teknologirevolusjonen aksellererer - IKT over alt og usynleg

3. Informasjonsdemokrati, livslang læring og slutten på privatliv

4. Robotane overtek

5. ?

Det var ikkje lett å trekkja ut dei fem megatrendane frå dette foredraget, difor denne halvvegs oppsummeringa.

Finalistar til Fyrlykt-prisen 2014:

  • e-Resept
  • KS SvarUT (KS si løysing for levering av svarbrev til innbyggjarar og næringsliv)
  • RuterBillett (over 1 mill. bill. i mnd., utgjer meir enn 25 % av oms.). Koden tilgj. for andre
Vinnaren av årets Fyrlyktpris vart KS SvarUt.

Paneldebatt
Tone Bringedal, Difi
Trude Andresen, KS
Ingunn Cowan, Lånekassen
Kjetil Århus, Bergen kommune
Panelleiar: Arne Hjeltnes (Creuna)

Lånekassa er medvitne det ansvaret dei har som det første møtet innbyggjarane har med det offentlege (bortsett frå skule). Lånekassen sine tenester er stort sett dei første offentlege tenestene ein innbyggjar over 18 år møter.

Den viktigaste utfordringa framover:
KÅ: Felles informasjon og strategi for "innsal" av sikker digital post; kommunar, Difi og Altinn må : ha eit tydeleg og samordna 
IC: Jus må bli meir samordna med IT
TA: Må få på plass ei betre organisering og finansiering av fellestenester (-komponentar)
TB: Felles strategi stat og kommune overfor innbyggjarar og næringsliv (som KÅ)

Velferdsteknologi
Unni Wikan Darrell, Værnesregionen

"Vake over", ikkje overvake
Værnesregionen starta opp velferdsprosjektet i 2012. 
Forprosjekt:
- svakheiter ved fallalarm (måtte liggja heilt i ro i 20 sek for at alarmen skulle gå!)
- batteriproblem
- "læring" av sensorar (rørslesensoren sa at dama hadde forlete huset, men ho hadde berre kikka ut døra for å sjå om avisa var kommen..)

Gevinstrealisering
- dørsensor ved busenter har gjort arbeidet med ettersyn av dører mykje mindre slik at det er nok med ein på vakt mot tidl. to
- betre kvalitet, større tryggheit
- kan bu lenger heime (men her trengst det meir forsking og dokumentasjon)

Brukarane seier:
+ godt supplement til heimeteneste
+ føler seg mindre til bry fordi ein del kan løysast med teknologi
+ brukarane kjenner seg meir sett
+ auka livskvalitet pga meir kontakt med pårørande

- teknologiproblem (framleis ikkje heilt enkelt å bruka for mange)

Ulempene i dag er også at dei ulike tenestene innan velferdsteknologi er knytte til fagsystema i kommunen (har kommunen Visma må dei bruka utstyr tilpassa det, har dei Gerica, er det andre teknologiske løysingar). Det manglar nasjonale retningslinjer og standardar på dette området.

Grunnlaget for samarbeidet i Værnesregionen har vore at "det som gagnar naboen, det gagnar oss". Ein annan viktig føresetnad er at dei største i samarbeidet må vera mest rause. I essens er det Nils Arne Eggen sin Go'fot-teori.

Servicedesign

Trude Hole, KulturIT
MuseumsIT: Ei samling av IT-ressursane i ein organisasjon.
Nytt prosjekt for Folkemuseet, Musea i Sør-Trøndelag, Anno Museum og Akershusmuseet
- skal utvikla ei felles webløysing for desse musea
- må bryta opp eksiserande rutiner og strukturar

Servicedesign har komme inn for å ta inn målgruppene på ein betre måte.

Knut Kvale, Telenor Research
Felles språk essensielt, både bokstaveleg (engelsk), men også kva ein meiner med ulike begrep.

Customer Journey Design and Mapping
Customer journey: A customer's interactions with Telenor to achieve a specific goal (NB! Streng definisjon. Det er denne definisjonen, og ikkje nokon annan).
Forventa kundereise blir halden opp mot faktisk kundereise

Då KK starta med å sjå på Mobilt breiband, fann han ut at det ikkje fanst ein einaste dokumentasjon av forventa kundereise. Han måtte så intervjua produketansv. ++ for å teikna opp kundereisa sett frå Telenor.
Så vart 20 kundar bedne om å skriva dagbok slik at ein kunne få tak i kundane si reise. Det viste seg å bli 20 ulike kundereiser!


Panelet klart til debatt

Paneldebatt om leiarar i utakt

Panelleiar: Arne Hjeltnes
Lars Peder Brekk: Brønnøysundreg.
Trude Andresen: KS
Anita Krohn Traaseth:Innovasjon Norge
Jan Hjelle: Kommunal og mod.dep.
Leif H. Kvande: Finansavisen

AKT: Det skjer ikkje fleire feil i det offentlege/off. IT-system enn i private. Men feila blir mykje meir synlege. Feil i private system blir behandla på styreromma, feil i off. system blir behandla i media.
AKT trur ho kan gjera større endringar i IN enn ho kunne gjera i HP (gjennom 18 år).
Men det offentlege kan læra av næringslivet når det gjeld å ta avgjerder!
Media bør heller heia fram dei gode eksempla.

AKT: Kan ikkje la alle samhandla med alle, det blir som den blinde som skal leia den blinde. Må ta nokre avgjerder som seier at dette skal vera fyrtårna på ulike område, og dei avgjerdene må vera kundedrivne.

LHK: Saknar leiarar som kan stå fram og seia at dei tok feil, men at dei har lært. Off. sektor må tora å spørja etter løysingar som ikkje nødvendigvis eksisterer i dag. Eksempel med lyspæra: Den vart ikkje skapt som ein evolusjon av stearinlyset. Off. sektor etterspør framleis i stor grad stearinlys; då får dei ikkje lyspærer!

JH: Norge er mykje dårlegare enn Sverige og Danmark på å forstå brukarane sine behov og at brukarmedverknad blir standard for utvikling av tenester.

LPB: Trur det er litt naivt å etterspørja ei løysing, ei sterk stemme. Dep. må ha ei koordinerande rolle, men ikkje noko meir. Verksemdene må få fridom til å løysa utfordringane sjølve, men samtidig som nasjonale retningslinjer blir følgde.

TA: Treng mangfaldet og sterke IT-miljø, men på nokre område må ein seia at dette er standarden alle skal følgja. Er også dårlege på å bruka lovverket for å få gjennom endringar på IKT-området. Meldingsutveksling i helsesektoren er eit godt eksempel på det. Her har det vore samanhengjande forsøk i 15 år utan at ein har klart å nå målet som vart sett.

AKT: IT-sentralisering handlar ikkje om å samla alt i Oslo. Det handlar om ein del tydelege retningslinjer og så la dei ulike einingane løysa utfordringane så nær kundane (eller "brukarane"?)

TA: Ikkje redd for misbruk av makt frå KMD, ser heller fram til at KMD brukar posisjonen

Brukarsentrerte tenester på tvers av siloar

Panelleiar Åsmund Mæhle, Bouvet, innleia med eit eksempel om sonen som skulle takka ja til plass på vid.g. skule gjennom systemet VIGO (fylkeskommunal fellestenester). Då fekk han samtidig spørsmål om han ikkje ville gå direkte til Lånekassen og ordna stipend sidan han først var innlogga. Slikt gir ein wow-effekt.

Men ikkje alle tenester er slik. Energimerking av bygningar - kvifor må ein oppgi namn og adresse når ein nettopp har logga inn med MinID?

Morten Meyer sin visjon med Miside er veldig lik det som blir diskutert av målbilete på årets konferanse. Men Miside vart lagt ned. Los eit anna godt eksempel som også er lagt ned.
Det store problemet er at slike initiativ

Skatt har fått unnatak frå bruk av den nye digitale postboksen og skal levera meldingar både til næringsliv og innbyggjarar i Altinn. Er det til brukarane sitt beste? Er det brukarane si

Me må slutta å ha "fokus på brukarane" og starta med "brukarane sitt fokus".

Kvifor lykkast me ikkje i Norge?
- ikkje nok trykk på innbyggjarane sine behov
- for sterk sektorstyring (jf. statsrådane som er individuelt ansv. for Stortinget, samanlikna med andre land der statsministaren er kollektivt ansvarleg)

Jacob Krokstedt, Statsledningskontoret i Stockholm
Fleire store løft på digitale tenester, eller e-tenester som han føretrekkjer å kalla det, i Stockholm.

Eksempel: Felles system for adm. av kulturskular førte til mykje større interesse og påmelding til kulturskulane, og hjelpte også løfta fram meir usynlege tilbod.

Trafikkutviklinga på web-en har vore formidabel: frå 4 mill. besøk i 2007 til 18 mill. i 2014

Mål:
- e-tenester ut frå innbyggjarane sitt fokus - det skal vera enkelt å vera Stockholmare
- ekta e-tenester sikrar den duble nytten
- idear til tenester blir initierte av forvaltninga og dei er også ansvarlege for utviklinga (ikkje IT-avd.). IT-avd. sørgjer for finansiering og koordinering.

Suksesskriterium:
- digitalt kompetente innbyggjarar
- sentral finansiering og koordinering
- tydeleg styring
- felles plattform (den er absolutt, ikkje muleg å fråvika)

Må også vera rom for feiling - bak dei 65 e-tenestene i Stockholm by finst det også tenester som er lite brukte.

Paneldialog
Arne Torsensen, Skattedir.
Marit Mellingen, Difi
Arild Jansen, UiO, Forvaltn.informatikk

Arild: Er målet fullstendig automatisering? Resultatet kan bli usynlege og ugjennomtrengelege tenester. Demokratisk sett er det viktig at kvar og ein veit korleis forvaltninga er bygd opp.
Stikkordet er informatisering; i tillegg til automatisering kan maskinene også informera oss på ein mykje betre måte. Nemner Susan Shaboff som med boka "In the age of lanserte

Felleskomponentane burde målast på om dei leverer data til rett kvalitet, tilgjenge til dei org. som har krav på det. Dette bør kunna innarbeidast også i dagens styringssystem.

Åsmund: Er lei av å høyra om at den gode dialogen i SKATE; skulle berre mangla at ikkje toppleiarane snakkar saman om digitale løysingar. Kva har SKATE bidrege til konkret? Det er jo trist at det t.d. ikkje er funne rom for fornying av Folkeregisteret, kanskje den viktigaste felleskomponenten.

NOKIOS 2014 - 28.10.14

NOKIOS 2014: Kunsten å forenkla!
NOKIOS - Norsk konferanse for IKT i offentleg sektor - vart starta av NTNU i 2007 og har på dei 7-8 åra etablert seg som ein av dei store IT-konferansane innan offentleg sektor. Konferansen har i år over 500 deltakarar og er saman med Difi sin Digitaliseringskonferanse og KS sin e-kommunekonf. den store møteplassen for alle som arbeider med IT i off. sektor.

Forenkle, forenkle, forenkle..
Workshop om Altinn og tenesteutvikling

Altinn er meir enn teknologi; det er i tillegg organisasjon og prosess. Altinn Innovation (innovation@altinn) er "laboratoriet" for utprøving av nye idear.

Tenestetypar i Altinn:

  • Innsendingsteneste
  • Meldingsteneste
  • Innsynsteneste
  • Lenketeneste
  • Formidlingsteneste (grensesnitt for overføringar av store datamengder mellom etatar)
  • Samhandlingsteneste

Altinn Teneseteutvikling (TUL)
Altinn Sluttbrukarløysing (SBL)
- nettlesar
- applikasjon

"Speiling av Altinn" ("hybrid-løysing")
- visa informasjon/data frå Altinn utan at ein "ser Altinn" (eigen look & feel)

Viss brukaropplevinga i Altinn blir oppfatta som problematisk, er det muleg å "speila" Altinn og unngå problemet.

Realisering av ei teneste
- brukarstøtte
- brukargrensesnitt
- back-end
- integrasjon med abaksystem
- basis-programvare
- operativsystem
- maskinvare
- driftslokalisering

Trendar:
Opne data
Lenka data
CAMS - Cloud, Analytics, Mobile and Social

Brukargrensesnitt i Altinn
Brukartesting viste at t.d. rolledelegering ikkje fungerte i det heile, brukarane fekk det ikkje til (som understrekar kommentaren min før dette innlegget: Altinn tek for lett på brukargrensesnitt/-oppleving og ser på det som noko som blir lagt på etterpå).

Rolledelegering er no bygt om i form av ein vegvisar.

Har innsett at det er mykje å endra på og retta på når det gjeld utforming i Altinn. Har vore for dårleg til å forstå brukarane sine utfordringar.

Eksempel på tenesteutvikling i Altinn
Gjennomgang av oppbygging av "innsendingsteneste" i Altinn. Systemet brukar Microsoft InfoPath på brukarsida for sjølve skjermdesign.

Altinn-skjema web-applikasjon

Få tak i brukardata:
- bruk av DownloadQueue web service

torsdag 23. oktober 2014

Reinhold Messner

Ei av dei mange bøkene Reinhold Messner
har skrive
Reinhold Messner er ikkje som gjennomsnitts-italienaren, eller gj.snittsnordmannen for den del. Han er verdas mest kjende fjellklatrar og den første som har nådd toppen på alle fjelltoppane over 8000 meter (det er 14 totalt). Han har skrive eit utal bøker og halde like mange foredrag, og det har gjort han i stand til å byggja opp ikkje mindre enn seks museum! Kanskje museumsfolk her i landet skulle ta ein tur å sjå og snakka med mannen..

Først på alle 8000-metrar
Fascinasjonen for Messner starta for eigen del då eg høyrde om "konkurransen" om å bli først til å nå alle toppane over 8000 meter. Bragda er omtalt mellom anna i boka "All 14 Eight-Thousanders", men som sagt, han har skrive eit utal bøker. Den 14. og siste fjelltoppen, Lhotse, vart klatra i 1986 og dermed var rekorden sikra. Den fremste utfordraren var polske Jerzy Kukuczka, som straks sende gratulasjonen "Congratulations on your grand slam!". Kukuczka vart den andre som klatra alle 8000-metrane, eitt år etter Messner, og i eit kortare tidsrom. Han omkom i eit forsøk på å klatra sørveggen av Lhotse i 1989.

Aktiv kar!
Messner har fleire rekordar enn først på toppen av alle 8000-meterstoppane. Han var den første som klatra Mount Everest utan kunstig oksygen (1978) og han var den første som klatra åleine til toppen av Mount Everest i 1980. Den stilen var også typisk for Reinhold Messner; han klatra åleine eller saman med ein annan, og utan noko følgje av sherpafolk som berarar. Han var den fremste talsmannen for den enkle, alpine klatrestilen.

I tillegg til fjellklatringa har han også gått til Sydpolen, gått Grønland på langs og kryssa Gobi-ørkenen (til fots). I tillegg ein heil del andre "turar".

Tragedie og triumf på Nanga Parbat
Det starta ikkje så bra i Himalaya. Messner hadde klatra alle mulege og umulege ruter i Alpane og Dolomittane og dei fjella vart etter kvart for små. Han vende augene mot Himalaya og i 1970 fekk han og broren Günther bli med på ein ekspedisjon til Nanga Parbat (8126 m) nord i Pakistan. Dårleg ver og stadige snøskred gjorde topp-forsøka vanskelege. Det vart gjort eit siste forsøk og brørne Reinhold og Günther nådde toppen 27. juli. Begge var på grensa av kva dei tolte og det var seint på dagen. Dei såg det som umuleg å komma ned att same ruta som dei klatra opp, og bestemde seg for å prøva å gå ned att på andre sida. Etter tre dagar kom dei ned til brefallet då Günther vart teken av eit snøskred og var borte. I ettertid har det vore mykje diskusjon og spørsmål om den tragiske hendinga, og det har vorte sådd tvil om Reinholds forklaring og om han etterlet broren i eit forsøk på å redda seg sjølv.

Broren sitt dødsfall gjekk sterkt inn på Reinhold og først i 1978 var han klar for eit nytt forsøk på å nå toppen av fjellet, denne gangen heilt åleine. Han gjennomførte topp-forsøket og fann etter det ein slags fred med fjellet.

I 2005 vart restane av Günther Messner funne på den sida og i det området Reinhold Messner hevda dei hadde gått ned.

Sør-Tyrol
Reinhold Messner er fødd og oppvaksen i Brixen (Bressanone) Sør-Tyrol og er svært medviten om området og dei mange kampane folket der har vore gjennom. Sør-Tyrol vart ein kasteball i dei to verdskrigane. I første verdskrig vart Italia lova området for å gå inn på Entente-maktene si side, trass i at området så og seia berre hadde tyskspråklege innbyggjarar og tysk/østerriksk kultur. Framveksten av fascismen gjorde tilhøva endå verre då tysk språk vart forbode og eit storstilt prosjekt med "italifisering" av området sett i gang.

Sør-Tyrol som uroleg område
Før andre verdskrig braut ut, avtalte Hitler og Mussolini ei "etnisk reinsing" av området. Tyskspråklege skulle deporterast til tyske område og området skulle gjerast reint italiensk. Men utbrotet av krigen forpurra planane som ikkje vart fullt ut gjennomførde. Etter krigen avgjorde dei allierte at Sør-Tyrol framleis skulle tilhøyra Italia, men at regionen skulle sikrast eit omfattande sjølvstyre for å sikra den tyske minoriteten. Men Italia slo saman Sør-Tyrol og Trentino til ein region - Trentino - Alto Adige, og dermed var italienarane på nytt i stort fleirtal. Dette førte til framveksten av motstandsrørsla Befreiungsausschluss Südtirol (BAS) som gjennomførde fleire terroraksjonar.

Ötzi skapte ny debatt
Den betente saka vart ikkje løyst før i 1971 då ein ny avtale mellom Østerrike og Italia vart underteikna. Litt spent har det vore mellom dei to landa også etter den tida. Gammal usemje opp att ved funnet av Ötzi i 1991. Den gamle mannen låg så å seia bokstaveleg på grensa mellom dei to landa, og det vart ein stor drakamp om den mumifiserte kroppen. Og vår venn Messner var (sjølvsagt) innblanda som ein av dei første som kom til etter oppdaginga. Etter nøyaktige målingar vart det fastslege at Ötzi låg nokre meter inn på italiensk side. Han enda til slutt opp på arkeologisk museum i Bozen/Bolzano.

Portrett av Reinhold Messner og det siste museet hans
i Süddeutsche Zeitung i august i år
Messner Mountain Museum
Reinhold Messner har som sagt bygt opp seks museum som alle handlar om fjellsport og klatring. Dei seks musea, med fellesnamnet Messner Mountain Museum (MMM) er:

  • MMM Firmian (Sigmundskron slott nær Bozen/Bolzano)
  • MMM Juval (Juval slott, Vinschgau)
  • MMM Dolomites (Monte Rite, 2181 moh)
  • MMM Ortles (Sulden, 1900 meters høgde i fjellet Ortles)
  • MMM Ripa (Bruneck slott)
  • MMM Corones (Skirama Kronplatz, skianlegg i Dolomittane)
Det siste museet, MMM Corones, vart opna på 70-årsdagen til Messner, 17. september. Det er teikna av den verdskjende arkitekten Zaha Hadid (irakisk/engelsk). Museet er så nytt at Messner ikkje har fått det med på websidene sine..

Respekt for fjella
I alle musea kjem Messners respekt for fjellet og fjellfolka tydeleg fram, noko han er nøye med å understreka, som i dette intervjuet. Eg har besøkt MMM Firmian på Sigmundskron slott og vart overraska over kor lite Reinhold Messner det var og kor mykje filosofi om fjell og fjell-liv det var. I tillegg er arkitekturen viktig for Messner. Mange av musea hans er i gamle slott. MMM Firmian er bygt på ein svært respektfull måte overfor det gamle slottet, på same måte som respekten hans for fjella. 

tirsdag 21. oktober 2014

Masteroppgåver om Bitcoin

Ill.: Cryptocoinsnews
Bitcoin, både som system og som valuta, byr på heilt spesielle mulegheiter til å studera eit nytt teknologisk og økonomisk fenomen nærmast frå starten av. Så langt har ikkje så mange i akademia nytta seg av mulegheitene. Det er særleg publisering av vitskaplege artiklar som tel, både som sjølvstendige arbeid men også som delar av eit doktorgradsarbeid. Også masteroppgåver kan vera interessante og kasta nytt lys over fenomenet.

Eit søk på 'Bitcoin' i publikasjonsdatabasen duo.uio.no for Universitet i Oslo, gir t.d. tre treff:


Eg har lese den første og den siste og vil omtala dei. Deter to interessante oppgåver der den første oppgåva er innan økonomi (Det samfunnsvitenskapelige fakultet/Økonomisk institutt) og den siste er innan jus ( Det juridiske fakultet). Kortversjonen er at økonomen har skjønt det, medan juristen etter mitt syn er på bærtur..

Why Bitcoins Have Value..

Torbjørn Bull Jenssen har teke på seg oppgåva å forklara kva som gir Bitcoin verdi og kvifor myndigheiter er skeptiske til valutaen. Det siste er nok lettare å forklara enne det første, men det er det første spørsmålet som gjer oppgåva mest interessant.

Eg trur eg ville ha retta tittelen til "Why Bitcoin has Value..." for eg meiner Bitcoin ikkje skal omtalast i fleirtal, i alle fall ikkje når det er snakk om valutaen. Men det er berre pirk..

Oppgåva er bygt opp med desse hovudkapitla:
  1. Introduction
  2. What is money?
  3. What is Bitcoin?
  4. Real world examples of commodity money
  5. Solving real world problems; Bitcoin and current transaction costs
  6. What is a bitcoin worth?
  7. Bitcoin and the government
  8. Concluding remarks
Oppgåva er interessant lesnad. Eg har ikkje føresetnader til å vurdera den faglege standarden innan det øknomifaglege, men eg synest TBJ gir ei overbevisande grunngjeving for kva som gir Bitcoin verdi. Eg likar også måten han går inn i problemstillinga på:
With a comprehensive analytical framework in place, the thesis seeks to answer these questions, providing not only an economic understanding of Bitcoin, but also offering compelling insight into that fascinating and often neglected social construct: money.
Pengar som sosial konstruksjon
Nettopp pengar som ein sosial konstruksjon er ein viktig inngang og bakgrunn for diskusjonen av kva som gir Bitcoin verdi (og om Bitcoin er pengar). Som TBJ er inne på i innleiinga, ser konseptet pengar ut til å vera teke for gitt, og det er rart når me ser på utviklinga frå pengar som eit svært konkret fenomen, til i dag der pengar i stor grad er ein sosial konstruksjon og eit tillitsforhold mellom individ og styresmakter. Det fantastiske er at pengar eigentleg ikkje er noko anna enn eit symbol på tillit. Det fungerer fint så lenge tilliten er der, det kan rakna fullstendig når den manglar.

e-Pengar og digitale pengar
TBJ diskuterer kva pengar er og ulike typar pengar. Elektroniske pengar, eller e-pengar, er eit uklart begrep sidan det meste av vanlege pengar stort sett berre eksisterer digitalt. Men dei digitale pengane er representasjonar av dei fysiske pengane. Reint digitale pengar som Bitcoin er ikkje ein representasjon av anna enn seg sjølv.

Følgjande typar pengar blir diskuterte:

  • Commodity money 
    • pengar som ei fysisk vare, t.d. gull
  • Fiat money 
    • "statsautoriserte" pengar - staten som kan trykkja pengar
  • Credit money 
    • kreditt-pengar; ein kan få pengar mot å gi noko tilbake seinare
  • Electronick money - digitale pengar 
    • som kan vera både digitale representasjonar av dei andre typane pengar, eller 
    • reint digitale - som t.d. Bitcoin

Økonomen Milton Friedman var ganske klarsynt då han i eit intervju i 1999 uttalte:
…the internet is going to be one of the major forces for reducing the role of government, and the one thing that is missing, but that will soon be developed, is a reliable e-cash. A method where by, on the internet, you can transfer funds from A to B without A knowing B or B knowing A. The way I can take a 20-dollar bill and hand it over to you…
"Proof of Work" gir Bitcoin verdi
Gull blir brukt som eksempel på ei vare som får verdi av PoW. Det er to måtar du kan skaffa deg gull på: enten grava etter det sjølv, eller arbeida med noko anna og byta verdien av arbeidet ditt mot gull. Også Bitcoin sin verdi er knytt til PoW. Som TBJ seier:
"The value of any monetary unit therefore pivots on the work required to obtain it (not necessarily the cost of production), and in this regard, bitcoins are no different from other monies"
Stort potensial
TBJ avsluttar med å framheva at Bitcoin ikkje er ein flyktig mote-ting, men resultatet av årelang teknologiutvikling. Det reelle potensialet i Bitcoin-teknologien kan ta lang tid å realisera. Som med alle verkelege innovasjonar, følgjer også Bitcoin den gyldne utviklingsregelen:
  • først blir den latterleggjort
  • så blir den kraftig motarbeida
  • til slutt blir den akseptert som sjølvsagt
Det er nok å trekkja fram Internettet sjølv som eksempel..

Kva er digital valuta?

Den andre masteroppgåva er innan jus og tek opp spørsmålet om kva formuesrettsleg produkt digital valuta eigentleg er, om slike finansielle produkt blir omfatta av finansreguleringa og korleis dei eventuelt bør regulerast.

Synet mitt på dei to oppgåvene er nok prega av at er veldig einig i vurderingane til TBJ og ganske ueinig i vurderingane til Vilde Stuvøy Heggen. Men den viktigaste skilnaden på dei to oppgåvene er likevel at TBJ har forstått kva Bitcoin er medan VSH ikkje har gjort det og heller ikkje har gjort noko forsøk på å forstå det.

Inndelinga av oppgåva er slik:
  1. Introduksjon
  2. Metode
  3. Kva er digitale valutaer?
  4. Er digitale valutaer å rekna som eit betalingsmiddel?
  5. Kva slags verksemd driv dei som omset digitale valutaer?
  6. Er digital valuta å rekna som ein type finansielt instrument?
  7. De lege ferenda: Korleis burde digital valuta regulerast?
  8. Konklusjon
Interessant problemstilling, men..
Problemstillingane er interessante nok, men når ein ikkje forstår det nye ein skal sjå på, blir resultatet også noko underleg. Det er muleg at dette er karakteristisk for lovtolkingar og norsk rettsvesen: dersom det ikkje står uttrykkeleg i lova, eksisterer det ikkje. Ei absurd følgje av dette har me sett i straffelova der ytringar framførte på nettet (bloggar, diskusjonsforum osv.) ikkje blir rekna som offentlege fordi Internett ikkje er nemnt i lovteksten (!).

Samanlikna med den første oppgåva eg omtalte, er denne svak på den økonomiske delen. Det er kanskje å forventa sidan dette er ei juridisk oppgåve og ikkje ei økonomisk. Men når oppgåva går ut på reguleringsmekanismar for digitale valutaer, blir den økonomiske delen likevel viktig. Eg saknar mellom anna ein tydelegare diskusjon og definisjon av pengar/valuta. Den tradisjonelle definisjonen av kva pengar er (transaksjonsmedium, verdioppbevaring og måleeiing) er uklar eller ufullstendig gjengitt.

Lova seier ikkje noko om digitale valutaer..
Konklusjonane til VSH på spørsmåla ho stiller, blir på same måten: Nei, det står ikkje noko om digital valuta i dei ulike lovene ho drøftar, dermed kan ikkje digital valuta falla inn under nokon av dei. Det blir som om ein skulle avskriva at bilen er eit køyretøy fordi i den gamle lovteksten står det at eit køyretøy er noko som blir drege av eit dyr.

I kapitlet om kva digitale valutaer er, står det ein del rart og ein del direkte misvisande ting. Ein del av feila har ikkje særleg verknad for diskusjonen av hovudspørsmåla, men viser heller at forfattaren ikkje har sett seg grundig inn i teknologien. Eksempel på slike feil er at det blir påstått at det blir vanskelegare og vanskelegare å "grava" ut Bitcoin og at gjer at tilførselen minkar framover. Det korrekte er at "halveringstida" for Bitcoin-belønning, dvs. den mengda Bitcoin den som løyser den kryptografiske utfordringar får, er gitt på førehand. Kvart fjerde år blir belønninga halvert. Denne upresise omtalen betyr likevel ikkje så mykje for hovudspørsmåla drøfta i oppgåva.

Også i spørsmålet er regulering er eit skilje mellom betalingsmiddelet bitcoin og teknologi-plattforma Bitcoin viktig. Det eine kan ikkje fungera utan det andre, men det er likevel to ulike ting som må omtalast separat. Det blir på same måten som valutaen NOK og den underliggjande finansstrukturen med bankar, transaksjonssystem (t.d. BankAxept) osv.

Er alle digitale valutaer like?
Eit større problem er definisjonen av digital valuta, der det ikkje blir skilt mellom spelvaluta som t.d. Linden Dollar og Bitcoin. Når oppgåva er å sjå på reguleringsmekanismar for digital valuta, blir det etter mitt syn heilt feil å slå saman så ulike valuta. Linden Dollar, og andre tilsvarande spelvaluta, er kontrollerte av eit selskap medan Bitcoin er eit "peer-to-peer"-nettverk og i realiteten kontrollert av brukarane: "It's not clear if Bitcoin is legal, but there is no company in control an no one to arrest", som Joshua Davis formulerte det i ein artikkel i The New Yorker i 2011.

Bitcoin Foundation har sjølvsagt ei viss makt og innflytelse på Bitcoin, men ikkje på dei grunnleggjande elementa i systemet. Dessutan er Bitcoin bygt på open kjeldekode slik at det vil vera enkelt til ei kvar tid å kontrollera kva systemet faktisk gjer, og dermed fanga opp endringar som måtte vera uheldige eller bryta med grunntanken. Det faktum at Bitcoin byggjer på open kjeldekode og er fritt til å studera i alle detaljar, er ein svært viktig del av valutaen som VSH ikkje har fått med seg i tilstrekkeleg grad.

If it looks like a duck..
Hovudkritikken min mot oppgåva går på manglande forståing for dei grunnleggjande sidene ved kryptovaluta. Det mest alvorlege er likevel den rigide tolkinga av lovverket i møte med noko som er grunnleggjande nytt. Det er ikkje ein kritikk av VSH, som berre følgjer standard juridisk metode. Det er ein kritikk av systemet og den norske juridiske praksisen. Oppgåva er på den måten opplysande når det gjeld å forstå kva argument som blir brukte mot at Bitcoin t.d. ikkje kan definerast som eit betalingsmiddel. Ein alternativ måte å vurdera nye digitale valutaer, er å tenkja meir som "if it looks like a duck and it quacks like a duck, then it is a duck".

onsdag 10. september 2014

Kampen for nett-nøytralitet


Er nett-nøytralitet ein illusjon? (Ill.: Wired.com)

Onsdag 10. september, vart kampanjen #InternetSlowdown lansert for å setja søkjelyset på nett-nøytralitet. Ein del av kampanjen er eit "vente-ikonet" som du kanskje ser oppe i høgre hjørne. Vente-ikonet illustrerer kva som kan skjer med eit lagdelt Internett der det går an å betala for å komma først fram.

Det føregår ein intens dragkamp i USA for å hindra ederal Communications Commission (FCC) i å vedta nye reglar som i følgje motstandarane vil gi opp nett-nøytraliteten og bety ein overgang til eit Internett med ulike køyrefelt der farten er avhengig av kor mykje du er villeg til å betala.

Høyringsforslaget frå FCC hadde frist i midten av juli i år, men på slutten av høyringsfristen kom det så mange innspel at serveren braut saman (kanskje bevisst?) og FCC utvida då fristen til 15. september.

"Alle pakkar er fødde like"
I si enklaste form er nett-nøytralitet idéen om at alle pakkar er fødde like og har dei same rettane til å bli sende gjennom Internett. Går vi inn i denne problematikken med mikroskop, ser vi at det ikkje stemmer (sjå m.a. diskusjonen om nett-nøytralitet i samband med presentasjonen av boka "Internet Governance" av Jon Bing og Lee A. Bygrave). Det nærsynte perspektivet er ikkje så interessant i denne diskusjonen. Det store spørsmålet er: Skal all Internett-trafikk ha (om lag) dei same rettane til transport i nettet eller skal det vera muleg å prioritera ein type trafikk på kostnad av ein annan? Skal det vera muleg å betala ekstra for "fast lane"?

Tim Wu og nett-nøytralitet
Begrepet "net neutrality" vart lansert av Tim Wu, professor ved Columbia Law School, i artikkelen "Net Neutrality, Broadband Discrimination" (pdf). Arbeidet til Tim Wu fekk avgjerande verknad på lovgivinga på området. No kan det sjå ut som det er duka for omkamp, og dei føreslåtte endringane frå FCC ser ut til å bryta med prinsippa Wu la til grunn.

(Tim Wu stilte i år som kandidat til "Lieutenant Governor" i New York, men tapte for motkandidaten Kathy Hochul. Han fekk likevel 40 % av stemmene, noko som er ganske imponerande sidan han hadde null politisk erfaring).

Problemet med Comcast
Comcast er eit stort kommunikasjonsselskap i USA og dei har vore i stridens kjerne fleire gonger med omsyn til nett-nøytralitet. I 2008 gjekk FCC til sak mot selskapet fordi dei påstod at Comcast hindra kundane i å utøva peer-to-peer-relatert kommunikasjon og dermed braut lova. FCC tapte delvis saka, men den resulterte i nye reguleringar i 2010 som skulle styrka nett-nøytraliteten og sikra kundane betre.

No har FCC presentert endringar i kommunikasjonslovgivinga som mange ser på som slutten for nett-nøytralitet og at ein skal kunna betala for raskare kommunikasjon. Igjen er Comcast i søkjelyset, denne gangen fordi dei vil slå seg saman med Time Warner. Ei eventuell samanslåing vil skapa ein gigant i kommunikasjons- og innhaldsbransjen og mange er skeptiske. Igjen er FCC ein av dei som skal avgjera samanslåinga.

Er nett-nøytralitet ein illusjon?
Den føreslåtte samanslåinga av Time Warner og Comcast set søkjelyset på koplinga av innhalds- og distribusjonsleverandørar på nettet. Den mentale modellen av Internett dei fleste av oss har i hovudet går ut på at både sluttbrukar (du og eg) og innhaldsleverandørar er kopla til nettet på om lag same måte. Sjølvsagt har Google og Netflix raskare linjer, men i prinsippet er vi "like". Men som illustrasjonen under viser, er dette ein illusjon. Dei store innhaldsleverandørane er trygt plasserte innafor kommunikasjonsselskapa sine datarom og har direkte tilgang til stamnetta, som illustrasjonen frå Wired viser:


Betyr det at kampen for nett-nøytralitet er over? Det gjer nok ikkje det. Framleis er det viktig at det grunnleggjande prinsippet er at all nett-trafikk er likeverdig og at det ikkje skal vera muleg å betala for raskare trafikk. Vi ønskjer ikkje eit Internett med filer for ulik fart.

mandag 8. september 2014

Stoner

Boka er like fengslande som
omslagsbiletet..
Stoner er ein nydeleg roman om kjærleiken til faget; det som oldefaren min kalla "idealet attom yrket". Den er ein hyllest til alle som er fornøyde med å vera på den plassen dei er og som ikkje strevar etter å komma seg til topps. Men likevel tykkjer eg ikkje forfattaren John Edward Williams (1922 - 1994) har lykkast på eit avgjerande punkt; ei truverdig formidling av gleda over faget.

Dette er ikkje ei ny bok, den kom ut i 1965 og vart godt motteken i USA. Den vart likevel ikkje kjend ut over ein relativt liten lesarkrins. Den vart gitt ut på nytt i USA i 2003 og nådde då eit langt større publikum. Det store europeiske gjennombrotet kom med den franske oversetjinga (av Anna Gavalda) og boka har toppa bestseljarlistene både i Frankrike, Storbritannia og Nederland. Den fortener å gjera det i Norge også.

Vise-professor?
Eg vart merksam på boka gjennom ein nett-reklame og klikka for å lesa litt om boka. Det er sjeldan eg kjøper bøker på den måten, men denne fungerte. Annonsen, som var for den norske ut¨gåva av boka, overbeviste meg også om å kjøpa boka på originalspråket. Når "associated professor" blir oversett til "vise-professor", veit alle i akademia at oversetjaren er på bærtur. Det heiter førsteamanuensis i Norge, ikkje vise-professor. Sidan handlinga så å seia utelukkande føregår på eit universitet og i eit universitetsmiljø, er slike ting vikige. Så kjøp boka, men kjøp den på engelsk!

Biografisk stil
Boka er ein slags biografi over William Stoner, fødd i Missouri i 1891. Den er likevel fiksjon. William Stoner har aldri eksistert, likevel finst det svært mange "William Stoners", både mannlege og kvinnelege, og det er dei John Williams skriv om.

"Idealet attom yrket"
Hovudideen i boka er på mange måtar ganske uamerikansk: den er ei hylling av verdiar og kjærleik til faget gjennom ein mann som gir absolutt blaffen i karriere. Stoner har null ambisjonar karrieremessig, men store ambisjonar for studentane han underviser for. Romanen er også ein hyllest til læraren, den som ser som si einaste oppgåve å formidla gleda over innsikt i eit fag. Det er jo også eit aktuelt tema om dagen..

Svakt punkt
Eg skreiv innleiingsvis at forfattaren ikkje er heilt truverdig på det avgjerande punktet å formidla korleis William Stoner utvikla kjærleiken til bøker og litteraturfaget. Stoner starta opprinneleg på ei landbruksutdanning, men hoppa etter eit stund over til litteratur. Akkurat denne overgangen er eit kritisk punkt i boka og eg saknar ei betre formidling av kva som vekte litteraturinteressa hos Stoner. Eg tykkjer ikkje dette er skildra overbevisande.

Det er merkeleg sidan forfattaren John Williams sjølv var professor i engelsk litteratur. Men for all del, la ikkje det stoppa deg frå å lesa boka - den er som sagt veldig bra. Og du treng heller ikkje ha kunnskapar eller erfaringar frå akademia og universitetsmiljø for å nyta den.

fredag 22. august 2014

Dagens Næringslivs venstre og høgre hand

Eg sende dette lesarinnlegget til DN 8. juli (i år) og fekk svar i dag, 22. august! Her er innlegget det tok DN 32 arbeidsdagar å finna ut at dei ikkje ville ha:

DNs venstre og høgre hand
DNs venstre hand ser ikkje ut til å ha særleg kjennskap til kva den høgre handa driv med, og omvendt. I fleire saker har DN sett søkjelyset på urovekkjande tilstandar utan at avisa sine meiningar av den grunn let seg påverka nemneverdig.

Eit eksempel er farlege bakteriar i kylling- og svineproduksjonen og den skremmande utviklinga mot antibiotikaresistens. Desse produksjonane er dei mest industrialiserte i jordbruket. Ein av grunnane til at situasjonen er betre i Norge enn i mange andre land, om enn urovekkjande, er at me framleis har mindre besetningar og mindre grad av industrialisering.

Når landbruks- og matminister Sylvi Listhaug no hevar konsesjonsgrensene for å få endå større bruk, jublar DNs høgrehand på leiarplass. De meiner vel eigentleg det går for sakte og blir for smått, og skulle gjerne sett endå meir frislepp. Det er ikkje lett å forstå korleis DN kan konkludera slik ut frå dei ganske skremmande artiklane de har hatt om problema i dei nemnde produksjonane.

Det er venstrehandsarbeidet som gjer at eg framleis er DN-abonnement, sjølv om eg ofte riv meg i håret over kommentarar og leiarartiklar. Eg er djupt ueinig i DNs grunnsyn, men de har dyktige journalistar som trass alt gjer det verdt å lesa avisa. Eg saknar likevel ein betre samanheng mellom den undersøkjande journalistikken og meiningane til avisa.

søndag 17. august 2014

Avsendarorientert

Eit problem dei aller fleste strir med er at informasjon blir presentert slik den ser ut for den som lagar den, altså avsendaren. I avsendaren sitt hovud gir det opplagt meining og er den naturlege måten å presentera på. For mottakaren derimot, er det ikkje alltid like lett å forstå kva som er meint.

Av mange eksempel har eg valt ei kontoutskrift frå ein av bankane eg brukar; Indre Sogn Sparebank. Dei er vel verken verre eller betre enn mange andre, på dette området er det mange som feilar.

Eg må innrømma at eg sleit med å forstå denne kontoutskrifta. Har eg pengar til gode, eller skuldar eg banken? Kolonneoverskriftene "Innbetalt Utbetalt (-)" og "Innestående Gjeld (-)" gir rett og slett ikkje meining for meg som brukar. Det korrekte er at eg har 23.750,96 til gode på kontoen, men det står då vitterleg gjeld. Så dette må vera sett frå banken si side.

Det er merkeleg at det skal vera så vanskeleg å presentera noko så enkelt som eit bankinnskot på ein forståeleg måte. Banken kunne berre ha spurt ein kunde om å forklara utskrifta og så fått all den dokumentasjon den trengde på at dette ikkje er måten å presentera på. Det er verdas enklaste brukartest!

Heller ikkje renteopplysningane til slutt er særleg opplysande..


søndag 3. august 2014

Notes from a Small Island

Planen var å lesa "Notes from a Small Island" av Bill Bryson før turen til England i sommar, men eg fann den ikkje i Kindle-versjon. Eg ser no at det er fordi eg søkte på Amazon.com og ikkje på Amazon.co.uk. Det er jo ganske utruleg dumt - av Amazon!

Boka vart kjøpt på Waterstone's i Oxford og lesen delvis etter at eg kom tilbake. På ein måte like greitt, for då er det lettare å samanlikna eigne observasjonar med andre sine. Og det er mykje eg kjenner meg igjen i trass i at Bill Bryson skriv om eit England for 20 år sidan.

Frå USA til England i 1973
Bill Bryson er kjent som forfattar av fleire bestseljarar. Den mest kjende boka hans er kanskje "A Short History of Nearly Everything". Han er opprinneleg frå Des Moines i Iowa, USA, men vart nesten tilfeldig buande i England i meir enn 20 år, frå 1973 til 1995. I perioden 1995 til 2003 budde han i USA før han flytta tilbake til England i 2005.

Reiseskildringar, men også eigen person
"Notes from a small island" (1995) var boka som for alvor gjorde han kjend som forfattar. Det er ei reisedagbok spekka med artige og underfundige observasjonar av England; folket og kulturen og i det heile det som har gjort han så forelska i landet. For trass skarpe og kritiske observasjonar er varmen og sympatien for landet og folket gjennomgåande i heile boka. Men det som løftar boka frå å vera endå ei reisedag-/hand-bok, er at han i skildringane også beskriv seg sjølv som person med alle særheiter.

Vittig, men ikkje masete
På "vaskeseddelen" står det mellom anna "Not a book that should be read in public, for fear of emitting loud snorts" (The Times), noko som vanlegvis gjer meg skeptisk. Eg likar ikkje bøker der forfattaren har eit klart mål om å skriva vittig, ein av grunnane til at eg la frå meg m.a. "Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant". Men trass i enkelte litt krampaktige forsøk på å vera morsom, er Brysons stil ikkje for sjenerande over-morsom.

Frå Dover i sør til John O'Groat i nord
Han bestemmer seg for å ta eit farvel med England etter meir enn 20 år der, før han returnerer til USA. Han startar der han først kom i land; Dover, og reiser så via London til sør-austkysten, så stader ved Bristol Channel, vidare til Oxford og så nordover i Midlands, til Manchester og Liverpool og nordover til Lake District og så Skotland heilt til nordaust-spissen med John O'Groat.

Enkel ytre handling
Ytre sett er "handlinga" veldig enkel: Bill Bryson reiser med tog eller buss til ein ny stad, leitar opp eit hotell eller B & B og vandrar så rundt i (lands-)byen og gjerne innom meir kjende stader/monumet. Så finn han ein restaurant der han et middag. Så vandrar han tilbake til hotellet, søv til neste morgon og pakkar sakene sine for å dra til neste stad - ofte tilfeldig og etter ein eller annan plutseleg innskytelse. Observasjonane av å reisa med offentleg transport er artige å lesa og stemmer veldig godt med eigne erfaringar, sjølv om det er 20 år mellom hendingane.

Britisk media på 1980-talet
Bryson jobba i The Times frå 1981 til 1986 og det var i dei ganske turbulente tidene då det vart "rydda" kraftig i diverse ukultur. Ryddinga må også sjåast i samanheng med Thatcher, Murdochs overtaking av britisk presse med meir. Bryson gir ei livleg skildring av eit av personalmøta der oppseiingar og omorganisering er på agendaen. Skotten Charlie Wilson, tøff skotsk redaktør og Murdochs mann, steig opp på ein krakk og ga følgjande beskjed:

We're sending ye tae Wapping, ye soft, English nancies, and if ye wairk very, very hard and if ye doonae git on ma tits, then mebbe I'll not cut off yer knackers and put them in ma Christmas pudding. D'ye have any problems with tha'?

fredag 25. juli 2014

The country that ruled the world

Oxford - City of dreaming spires
".. and this is the country that once ruled the world!" sa sidemannen min med dårleg skjult ironi. Me stod og såg på den hjelpelause handteringa av bagasje og passasjerar på buss-stasjonen i Oxford. Makan til klønete opplegg har eg aldri sett.

Bussar som kjem, eller ikkje
Etter ei lita veke i England reisande med kollektiv transport er det ei gåte korleis dette landet kan klara seg. Absolutt alle bussar me reiste med, og det var ikkje få, var forseinka. Enkelte kom aldri! Tog vart me frårådde å reisa med frå fleire, så det prøvde me ikkje. Svaret på kva som held dette landet saman trur eg er fotball, øl (ale), humor og kanskje dronninga.

Classic Car Hire
Målet med reisa var eit kurs i utleige av klassiske bilar. Kurset var i Stratford-upon-Avon, Shakespeares fødestad. Innehavar Tony Merrygold i firmaet The Open Road var kurshaldar. Kurset var like godt heime i stova hans, og eg var einaste deltakar (!). Men det vart ein interessant dag med mange nyttige tips. Tony har halde på sidan 1997, då han tok sluttpakke frå IBM. Han var då den femte bedrifta som starta med utleige av gamle bilar; no er det meir enn 50!

University of Oxford
Etter kurset, der eg vart henta i ein Triumph Stag og køyrt tilbake til hotellet i ein Triumph TR6, gjekk turen til Oxford. Oxford er universitetsbyen framfor nokon og har røter som by heilt tilbake til 800-talet. Byen har ca 150 000 innbyggjarar og er slik sett ganske liten. University of Oxford er det eldste universitetet i den engelsktalande delen av verda. Den eksakte datoen for grunnleggjing veit ein ikkje, men det er kjent at det har vore drive utdanning der sidan i alle fall 1096. Universitetet er paraply for ei rekkje institusjonar, inkludert 38 sjølvstendige ("constituent") college.

Dei mange staselege universitetsbygga og kyrkjene i Oxford er det nærmaste du kjem Harry Potters Galtwort. Mykje av opptaka til Harry Potter-filmane er frå dei mange gamle universitetsbygningane.

MG-parken i Abingdon
MG Car Company
Litt utanfor Oxford (15-20 min. med buss) ligg den vesle landsbyen Abingdon. Her starta Morris-forhandlaren og -verkstaden Morris Garage å spesialtilpassa Morris til kundar. Dette vart så populært at det til slutt vart ein hovudaktivitet og nye fabrikkar måtte byggjast. Morris var ein veldig populær bil i England, i eit visst tidsrom var kvar andre selde bil ein Morris!

British Leyland
Etter rundt 10 års drift vart MG Car Company seld til Morris Motors. I 1952 vart Morris og Austin slegne saman til British Motor Company (BMC). I 1966 vart Jaguar slukt og namnet på konsernet vart etter kvart British Leyland - for bilinteresserte synonymt med katastrofe! 1970-talet var ei einaste glideflukt med streikar, elendig kvalitet og britisk bilindustri vart effektivt øydelagt.

Plakat som viser starten på MG-eventyret
 Det må kjennast rart for engelskmennene at bilindustrien er borte samtidig med at både japanske og tyske produsentar har hatt stor suksess med erke-britiske roadster-bilar (først og fremst Mazda MX-5, men også BMW Z3/Z4 og Mercedes SLK).






"Old Speckled Hen"
Sjølv om MG er borte, lever ein høgst oppegåande MG Car Club og dei har hovudkvarteret i Abingdon. I samband med 50-årsjubileet for flytting av MG frå Cowley i Oxford til Abingdon, vart bryggeriet Morland & Co. bedt om å laga ein spesiell ale. Den vart kalla "The Speckled Hen" - den spraglete høna - etter ein prototype bygd i 1927 og med eit spraglete ytre. Bilen vart brukt som budbil internt av MG og fekk namnet "The Speckled Hen" på folkemunne.

Ølet vart ein stor suksess og er eksportert til 47 land. Dessverre fekk eg ikkje fat i "The Speckled Hen" så det må bli ein annan gang. Øl-etiketten er sjølvsagt oktagonal. Men helst skal ølet nytast som cask ale og ikkje på flaske.