torsdag 27. februar 2025

Leseliste

"The Mandibles" er ein 
framttidstystopi i nær framtid.
Dessverre svært aktuell i
desse dagar
.
Fortel meg kva bøker du les, og eg skal seia deg kven du er.

Det er nok ikkje utan grunn at biblioteka er forsiktige med lagring av informasjon om kva bøker folk låner. Sjølv om informasjonen ikkje fell under begrepet "særlege kategoriar" (tidlegare kalla sensitive opplysningar), vil slik informasjon kunna bidra til å gi utfyllande informasjon om ein person.

Når eg legg ut lista over bøker eg har lese, er det først og fremst som eit arkiv for meg sjølv. Det kunne eg hatt lokalt, på min eigen pc, og det har eg. Men så skjer det av og til uforklarlege ting som gjer at informasjon forsvinn. Då eg slutta ved Vestlandsforsking hausten 2023, vart Dropbox-kontoen min knytt til VF avvikla. På Dropbox hadde eg i tillegg til jobbrelaterte filer, knytt til VF-epostadressa, også private filer knytt til mi private epostadressa. Så skjedde det merkelege at dei private filene mine forsvann saman med dei jobbrelaterte, og det var umuleg å få dei tilbake. Nyttig lærdom som mange kanskje er klar over: kven kontaktar du når slikt skjer? Dropbox er det i alle fall ingen vits å prøva å kontakta, det har eg prøvt.

Så hadde eg slurva med backup av filene på pc-en min, og plutseleg var mykje av dei to siste åra (2022 og 2023) borte. Eg har prøvt å rekonstruera ein del, også lista over lesne bøker. Her er det eg har klart å rekonstruera for 2023, pluss det eg har registrert for 2024.

2023 og 2024

Rune Østgård og Mattis Storhaug: “Arrow of Truth”

Hilde Susan Jægtnes: “Anitra”

Stefan Zweig: “Verden av i går”

Kyrre Andreassen: “Ikke mennesker jeg kan regne med”

Nick Catalano: “Clifford Brown – The Life and Art of the Legendary Jazz Trumpeter”

Andrew M. Bailey, Bradley Rettler and Craig Warmke: “Resistance Money – A Philosophical Case for Bitcoin”

J. M. Coetze: “Polakken”

Lyn Alden_ “Broken Money. Why Our Financial System is Failing Us and How We Can Make it Better”

Solvej Balle: “Undersøkelse av romfang - 3”

Solvej Balle: “Undersøkelse av romfang - 2”

Solvej Balle: “Undersøkelse av romfang - 1”

Thomas Korsgaard: “En dag vil vi le av det”

Thomas Korsgaard: “Hvis det skulle komme et menneske”

Carlo Rovelli: “Helgoland”

Aaron van Wirdum: “The Genesis Book”

Patrick D. Anderson: “Cypherpunk Ethics. Radical Ethics for the Digital Age”

Karl Ove Knausgård: “Det tredje riket”

Karl Ove Knausgård: “Morgenstjernen”

Gustav Foseid: “Ølsmaking”

Hernan Diaz: ”In The Distance”

Morten Søberg: “Svalbard! Pengar!”

Kjartan Fløgstad: “Habeus Corpus”

Cormac McCarthy: “Stella Maris”

Kjartan Fløgstad: “Due og drone”

Hilde Susan Jægtnes: “Jeg grunnla de forente stater”

Hernan Diaz: “Tillit”

Lionel Shriver: “The Mandibles: A Family 2029-2047”


søndag 26. januar 2025

Bitcoinpolitisk Institutt Norge etablert

Forrige laurdag (18. januar 2025) vart Bitcoinpolitisk Institutt Norge (BPI Norge) stifta, med over 100 deltakarar. Arrangementet vart gjennomført i Mesh sine lokale i Oslo.

BPI skal arbeida for ein meir kunnskapsbasert diskurs (fint ord for samtale/diskusjon) her til lands. Måten Bitcoin blir presentert både i media generelt og hjå styrande organ, særleg politisk nivå, viser at det er eit stort behov for stemmer som kan korrigera dei mange feilaktige opplysningane. 

Folk må sjølvsagt meina det dei vil om Bitcoin (og kryptovaluta), men informasjon som kjem frå tilsynelatande autoritative kjelder, må vera mest muleg korrekt. Det er her BPI har den viktigaste oppgåva, og det betyr at politikarar og meiningsdannarar vil vera dei viktigaste målgruppene.

BPI har fått ein "flying start", og det store oppmøtet og dei mange som har meldt seg inn, viser at dette er eit etterlengta tiltak. Også donasjonar og lovnader om kommande donasjonar er imponerande, og gjer at BPI kan få ein så god startøkonomi at me kan satsa skikkeleg alt frå starten av.

Så er det viktig å understreka at BPI Norge ikkje skal ta opp alle slags saker knytt til Bitcoin. Bitcoin-miljøet er eit stort ueinigheitsfellesskap der me er einige om mykje, og ueinige om ein god del. BPI skal først og fremst fremja kunnskapsbasert informasjon om Bitcoin, og arbeida for at Bitcoin får same rammevilkår som andre næringsinteresser det er naturleg å samanlikna med.

BPI Norge skal arbeida utelukkande for Bitcoin og er ikkje ein organisasjon for kryptovaluta generelt. Les meir om oss på bpinorge.no.

Etter stiftelsesmøtet var det tid for det første styremøtet. Styret er avbilda under, og eg har fått det ærefulle vervet å vera styreleiar for organisasjonen.

Styret i BPI Norge (eitt styremedlem ikkje til stades)


mandag 13. januar 2025

NRK Radiostorbandet

 

NRK Radiostorbandet anno 2025 (Roy Hellvin på piano viser ikkje)

8. januar var det tid for "reunion" av det legendariske NRK Radiostorbandet, eit storband som eksisterte frå ca. 1964 til 1990. Konserten var i tillegg ein hyllest til Helge Hurum, leiar av storbandet frå 1970 til 1990, og ansvarleg for mange komposisjonar og arrangement for både dette storbandet og mange andre. Også Sogndal storband (og Sogndal Musikklag) har nytt godt av Helge Hurums mange kvalitetar, både som instruktør og som komponist og arrangør. Helge komponerte mellom anna jazz-suiten "Jazz på Svartaberg" til Sogndal storband.

Helge Hurum var hedersgjest medan "ungsauen" Bernhard Seland var den musikalske leiaren for kvelden, i tillegg til at han spelte barytonsaksofon. Alle låtane for kvelden var enten komponerte eller arrangerte av Helge Hurum.

Nokre markante medlemmer av det opprinnelege Radiostorbandet har dessverre gått bort. Det gjeld kjende musikarar som Svein "Crico" Christiansen (trommer), Bjørn Johansen (altsax), Knut Risnæs (tenorsax) og Bernt Sten (trompet). Men mange av medlemmene frå 1970- og 1980-åra var framleis med. Eldst av dei var Harald Bergersen (altsax) med sine 87 år (Helge Hurum er forresten 88, men han var publikummar for kvelden).

Det vart ein stor kveld i den fullsette vesle salen i Oslo konserthus, med rundt 270 til stades. Me kan trygt slå fast at dei gamle er eldst. Mest imponerande var trompetgruppa, som for anledningen var styrka med Rune Haglund (lead-trompet) og Roy Nicolaisen. Kvelden høgdepunkt for eigen del, og eg trur også for mange andre, var Petter Kateraas' solistjobb på "Here's That Rainy Day", på flygelhorn. Alderen såg ikkje ut til å tyngja i det heile i den briljante framføringa. Det var rett og slett gåsehud!

Petter Kateraas solist på "Here's That Rainy Day"

Avslutningsvis kan det vera grunn til å stilla spørsmål om kvifor rike Norge ikkje hadde/har råd til å finansiera eit storband på nasjonalt nivå når me ser naboland som Sverige (Bohuslän Big Band og Stockholm Jazz Orchestra) og Danmark (DR Big Band) held seg med storband i verdsklasse. 

onsdag 18. desember 2024

Bitcoin og energibruk - igjen

 I kjølvatnet av Hanne Østli Jakobsens artikkel i Morgenbladet om kor uetisk det var å investera i Bitcoin, og svaret mitt etterpå, kom NTNU-forskarane Martin Strand og Tjerand Silde på bana med eit innlegg om Bitcoins energibruk. Det var det vanlege gamle oppgulpet og med Alex de Vrijes som kjelde. Eg hadde forventa meir av forskarar! Men denne gangen ville ikkje Morgenbladet ta inn motsvaret mitt, så då får eg nøya meg med å publisera det på bloggen min.

Bitcoin og energibruk - igjen

Bitcoin er eit fenomen som skaper debatt, det er bra. Martin Strand og Tjerand Silde frå NTNU meiner i innlegget 27.09 at Bitcoins energibruk er sløsing og ikkje kan forsvarast. Dei brukar så Digiconomist, ei teneste utvikla av nederlandske Alex Vrijes for å underbyggja påstandane. Alt her begynner det å skurra, for om du er forskar innanfor dette feltet, burde du vita at Digiconomist ikkje bør brukast som kjelde. Alex Vrijes’ metodar er tilbakeviste som ufullstendige og feilaktige av fleire forskarar (sjå Say & Vranken[1], Lei et al.[2]).

Den mest pålitelege, opne kjelda me har for Bitcoins energiforbruk, er Cambridge Centre for Alternative Finance (https://ccaf.io/cbnsi/cbeci). Men som eg peikte på i førre innlegg, heller ikkje CCAF har ein metodikk som fangar all energibruk i Bitcoin. Dei manglar mellom anna den viktige «off grid»-komponentent, dvs. Bitcoin-mining som skjer utanfor det ordinære straumnettet. Den aktiviteten er omfattande, utan at me har gode tal på omfanget.

Strand og Silde brukar også energibruken i enkelt-transaksjonar på Bitcoin-blokkjeda som eksempel på sløsing, med Digiconomist som kjelde. Det er ein feilaktig måte å vurdera Bitcoin-systemet på. Bitcoin har utvikla seg til å bli meir og meir eit oppgjerssystem, som Norges Banks oppgjerssystem for bankane. Betalingar skjer i stadig større grad i lag over Bitcoin-kjeda, som for eksempel Lightning Network. Det er eit system som er forankra i Bitcoin-blokkjeda, men som fungerer på ein annan og mykje raskare måte, og med ein brøkdel av energibruken. Ein bitcoin-transaksjon på blokkjeda vil  difor ofte innehalda tusenvis, for ikkje å seia millionar, av enkeltbetalingar.

Strand og Silde har rett i at det er konsensus-delen som er den vanskelege delen av eit desentralisert system. Korleis skal ein bli einige om tilstanden i nettverket når det ikkje er nokon autoritet som slår det fast (som bankane i det ordinære finanssystemet)? Dette har IKT-forskarar grubla på i fleire tiår, og med Bitcoin kom den første praktiske løysinga på problemet, med metoden PoW som ein sentral komponent. Det finst alternative konsensusmekanismar, men alle har ulempa med faren for sentralisering.

Også miningdelen av Bitcoin er utsett for sentralisering, som forfattarane peiker på. Det er store samanslutningar, «mining pools», som utgjer ein risiko for både manipulasjon og for sensurering. Bak samanslutningane er det enkeltaktørar som enkelt kan skifta samanslutning («pool»), men dette er likevel ei av dei store utfordringane i dagens Bitcoin.

Verken Østli, Strand, Silde, Bull Jenssen eller eg har bruk for bitcoin – i dag. Men om me tek av oss brillene med sterk nærsyntgrad, vil me sjå at meir enn halvparten av menneska på jorda lever under autoritært eller totalitært styre. Det er også 1-2 milliardar menneske utan tilgang på banktenester. Du skal vera ganske mett og sjølvtilfreds for å hevda at eit alternativt finansielt system som ingen treng å be om tillatelse til å bruka, ikkje er nyttig og har eit enormt potensial.


[1] Sai, A. R. & H. Vranken: «Promoting rigor in blockchain energy and environmental footprint research: A systematic literature review», Blockchain: Research and Application, Vol. 5, issue 1, 2024

[2] Lei, N., E. Masanet & J. Koomey: «Best practices for analyzing the direct energy use of blockchain technology systems: Review and policy recommendations», Energy Policy, Vol. 156, Sept. 2021

onsdag 13. november 2024

Presidentval på liv og død

Dette lesarinnlegget vart publisert i Dagens Næringsliv 1. november i år. No veit me at Trump vann presidentvalet og at Ross Ulbricht etter all sannsynlegheit vil bli ein fri mann etter 20. januar 2025, om Trump held det han lova. Me har lært at Trump ikkje er å stola på, men akkurat denne lovnaden trur eg han er nøydd til å innfri.

Faksimile frå DN 1. nov. 2024


Presidentval på liv og død

For Ross Ulbricht er tysdagens presidentval i USA meir spennande enn for dei fleste. Utfallet vil anten bety at han blir ein fri mann eller endar livet i fengsel.

Ross Ulbricht har sona meir enn ti år av ein dom på to gonger livstid pluss 40 år. I USA er betyr livstid livet ut, og Ross Ulbricht har brukt opp alle ankemulegheiter. Det einaste som kan redda han frå å bli verande livet ut i fengsel, er at ein president benådar han.

Det er nettopp det presidentkandidat Donald Trump har sagt han vil gjera, på dag ein av president­gjerninga si. Kvifor han har valt ut Ulbricht er litt uklart, men det heng truleg saman med den nye kursen Trump har teke når det gjeld bitcoin. Ross Ulbricht har vorte eit viktig symbol på den urettferdige måten styresmaktene, og særleg demokratane, har behandla bitcoin på.

Trump er «som ein middelalderfyrste, sleip som faen», som rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde karakteriserte han i denne avisa for ikkje lenge sidan. Ingen skal tvila på Trumps kynisme, men i den kraftige slagsida den amerikanske presidentvalkampen har i norske medier, kan det vera greitt med litt balanse der det er grunn til det, og utan at det må oppfattast som støtte til Trump generelt.

Kamala Harris har ikkje gjort til kjenne kva politikk ho vil føra på bitcoin- og kryptoområdet. Det lettaste for ho vil kanskje vera å vidareføra Biden-administrasjonen sin kamp mot kryptovaluta, men strategisk sett kan det også kosta ho ein god del stemmer. I vippestatane kan sjølv små endringar gi store utslag. Men Harris vil neppe finna på å setja fri Ross Ulbricht, hardtslåande stats­advokat som ho har vore.

Ross Ulbricht stod bak nett-tenesta Silk Road, ei slags Finn.no for både lovlege og ulovlege varer på det som ofte blir kalla det «mørke» nettet. Det var dei ulovlege varene som var mest etterspurde, særleg narkotika. Tenesta brukte bitcoin som betalingsmiddel og var i perioden 2011–2013 ein viktig drivar for bitcoins vekst. Hausten 2013 vart 29 år gamle Ulbricht avslørt som mannen bak Silk Road, og i rettssaka året etter vart han dømd til den før nemnde brutalt harde dommen.

Tiltalepunkta han vart dømd for, var engasjement i ei pågåande kriminell verksemd, sal og distribusjon av narkotika, kvitvasking av pengar, dokumentfalsk og datahacking. Dommen skulle statuera eit eksempel og skremma andre frå å engasjera seg i kriminell bruk av bitcoin. Kanskje låg det også eit håp om å kunna stoppa bitcoin i seg sjølv.

Den delen av bitcoin som blir brukt til kriminelle aktivitetar, har gått kraftig ned sidan 2013. Men om det skuldast dommen mot Ross Ulbricht, er tvilsamt. Det er meir sannsynleg at bitcoin har vorte omfamna av stadig nye brukargrupper, i tillegg til at kriminelle har funne ut at bitcoin trass alt er sporbart.

Presidentvalet 5. november vil bli følgt med spente auge både i USA og resten av verda. Men mest nervepirrande vil det bli for innsett nr. 18870111 i US Penitentiary, Tucson, Ross Ulbricht. 

torsdag 31. oktober 2024

Ein bitcoin-misjonær i Tanzania

Solnedgang i Kilimanjaro-området

Eg hadde gleda av å bli med på eit 10 dagars opphald i Kilimanjaro-regionen nyleg. Det var ikkje for å gå på Kilimanjaro, eller på safari, men for å besøka ein skule eg har vore med og bidrege litt til dei seinare åra. Skulen heiter Bethel Primary School og er driven av det særs driftige paret Godbless og Neema Mamkwe. I samband med opphaldet fekk eg også etablert eit lite Bitcoin-seminar for ei mindre gruppe interesserte lærarar og tilsette.

Det norske reisefølgjet pluss vertskapet. Godbless og Neema framme til høgre.

Hovudføremålet med reisa var å sjå kva Godbless og Neema, og alle som arbeider for og saman med dei, har bygd opp, og høyra kva planar dei har vidare for skulen og drifta elles. Godbless og Neema starta med å ta i mot foreldrelause barn for snart 20 år sidan. Etter kvart etablerte dei skulen Bethel Primary School der dei no har 5-600 elevar. Skulen er mellom dei beste i landet resultatmessig, og mange foreldre ønskjer å senda barna sine dit. Men dei har halde på den sosial profilen og tek stadig i mot barn også frå fattige familiar. Dei praktiserer "få etter behov, betal etter evne" slik at dei fattige betaler lite eller ingen ting, og dei rikaste betaler mest i skulepengar.

Inngangsporten til Bethel Primary School

Innsida av porten er sjølvsagt utnytta til gangetabell :)

Dei har eit internat der det bur rundt 200 barn. Nokre bur der fordi dei er foreldrelause eller har andre problem, andre bur der fordi dei har lang veg heim. Internatet er på same området som gjestehuset der me budde, og huset der Godbless og Neema bur. Det er sjølve hjartet i bedrifta. Skulen ligg 15-20 minuttar frå internatet.

I tillegg har dei også ein gard der dei dyrkar maten som blir brukt både på internatet og på skulen. Målet er å bli mest muleg sjølvforsynte. Dei har store planar for garden, og viktigast av alt er å skaffa vatn. Dei starta med å grava ein brønn for hand, og har greve seg 100 meter ned i bakken (!!). HMS i Tanzania er ikkje som i Norge, det er sikkert og visst.

Fjøset med mjølkekyr (20-30 stk.) som blir mjølka for hand.
Men kyrne går laust inne (lausdrift).

Litt av grønsakdyrkinga på garden.

Men Godbless har innsett at han må leiga hjelp til boring etter vatn. Han har fått gjennomført geologisk kartlegging og har funne store vassreservoar like ved der dei grov brønnen. Planen er å hyra eit kinesisk selskap til å bora, og dei reknar med å finna vatn tilsvarande 35.000 liter i timen. Det er mykje meir enn dei treng på garden, så Godbless, som den entreprenøren han er, planlegg å selja vatn til andre.

Bitcoin-misjonær

Sjølv om eg reiste for å læra, hadde eg også eit lite håp om å få diskutera pengar generelt, og kanskje bitcoin spesielt. Men også på det området for å læra om situasjonen i Tanzania, både for ordinære pengar (tanzanianske shilling, TZS) og situasjonen for bitcoin og kryptovaluta generelt. 

Det viste seg at lærarar og andre unge tilsette på internatet var svært interesserte i å læra om bitcoin. Eg samla difor dei ivrigaste til kveldsundervisning, og me hadde 5-6 økter i løpet av opphaldet. I tillegg til å gå gjennom det overordna og elementære med bitcoin, brukte eg mest tid på å få dei til å forstå risikoen med investering i bitcoin, og risikoen for å bli lurt. Eg ba dei også om å formidla det siste til venner og kjende. Det er mykje svindel på dette området, og endå meir i Afrika enn andre stader. Den store svindelen One Coin var spesielt stor i afrikanske land, og held faktisk på enno.

Nokre av dei ivrige deltakarane på bitcoin-kurset

På eit seminar for lærarane og andre inviterte kom eg i snakk med ein banksjef som hadde investert i bitcoin (!). Det var gjort "underground", for banken  og bankvesenet generelt var ikkje spesielt glade i bitcoin og kryptovaluta. Eg vart nysgjerrig og lurte på kva vekslingsteneste vedkommande hadde brukt, og hen viste meg appen Inkriptus, som eg aldri har høyrt om. Eg såg litt på appen og fekk litt dårleg følelse, utan at eg kunne peika på direkte feil eller svindel. Etter at eg kom heim, lasta eg ned appen og laga ein konto. Det viser seg at tenesta i alle fall ikkje handlar bitcoin, så kva banksjefen hadde kjøpt, veit eg ikkje. Eg rådde i alle fall vedkommande til å prøva å ta ut alt inneståande og heller kjøpa bitcoin på ei kjent vekslingsteneste, som Binance eller Kraken, som begge er tilgjengelege i Tanzania.

Opphaldet i Tanzania var eit eventyr, og overgjekk langt det eg på førehand hadde sett for meg. Det gir håp å sjå at lokale initiativ som det Godbless og Neema starta og driv, kan ha store positive ringverknader i eit land som elles er ganske dysfunksjonelt styringsmessig, med enorm korrupsjon og store utfordringar på basis infrastruktur som veg, vatn og elektrisitet.


fredag 20. september 2024

"Du veit ikkje kva du snakkar om!" - debattinnlegg i Morgenbladet

 Morgenbladet publiserte til slutt debattinnlegget om Bitcoin og orsaka at det tok så lang tid. Det vart ein god del endringar frå det først innsende innlegget, men alt i alt trur eg det vart eit betre innlegg. Eg må understreka at det ikkje var krav frå Morgenbladet om endringar, berre spørsmål og forslag.


"Du veit ikkje kva du snakkar om!"

Av Svein Ølnes , tidligere IKT-forsker, underviser i bitcoin

Morgenbladets journalist Hanne Østli Jakobsen skriv i ein kommentar at dei som sparer i kryptovaluta bør setja seg inn i kva det betyr. Eg meiner Jakobsen og Morgenbladet må setja seg inn i temaet sjølv, for kommentaren viser etter mitt syn stor mangel på kunnskap. For å seia det med den kjende politikaren frå mitt eige distrikt: «Du veit ikkje kva du snakkar om!».

Sjølv om det er mange ting å ta opp i kommentaren, vel eg berre å kommentera energibruken i bitcoin-systemet her. Sidan bitcoin står for storparten av energibruken i kryptovalutaer som brukar metoden «Proof of Work» («bevis på [utført] arbeid»), som inneber at datamaskiner må utføra eit reknestykke for at noko skal bli godkjent, er det Bitcoin som er kjernen i diskusjonen om energibruk. Bitcoin-maskiner brukte til «mining» er like mykje eller like lite klimavennlege som elbilar. Dei er drivne av elektrisitet, og eventuelle utslepp er avhengig av straum-miksen som blir brukt, akkurat som andre elektriske apparat.

Men mange har gått seg ville i forsøk på å rekna ut kor mykje elektrisitet bitcoin brukar og vil bruka i framtida. World Economic Forum slo til med ein artikkel i desember 2017 der dei påstod at i løpet av 2020 ville bitcoin bruka meir straum enn verda kunne produsera (!). I 2018 kom Mora et al. i 2018 med påstand i tidsskriftet Nature Climate Change om at utslepp frå bitcoin-mining åleine kunne heva temperaturen på jorda med meir enn 2 grader (!). Dessverre blir slike utsegn og påstandar refererte og sirkulerte og dannar grunnlag for eit svært negativt og feilaktig inntrykk av bitcoins energibruk og klimaavtrykk.

Bitcoin-mining som næring, har i dag ein andel fornybar energi som sannsynlegvis ligg godt over 50 prosent, noko som er best i klassen med god avstand. Daniel Batten i Digital Assets Research Institute har gått gjennom tal for energibruk og komme fram til at bitcoin-mining har ein høgare del fornybar energi enn tidlegare rekna med. Tala Batten har komme fram til, er på linje med sjølvrapporteringa til miningaktørane i Bitcoin Mining Council. Det er vesentleg høgare enn t.d. tal frå Cambridge Center for Alternative Finance (CCAF) som er ei mykje brukt kjelde for Bitcoins straumforbruk og klimaavtrykk. Batten grunngir differansen med at CCAF utelet viktige moment som erstatting av fakling (bitcoin-mining som utnyttar energien i gass frå oljefelt) og «off-grid» bitcoin-mining (aktivitet som ikkje tilknytta elektrisitetsnettet). Når dette blir rekna inn, kjem han til ein fornybardel på rundt 55 prosent i dag. CCAF presiserer også at metoden deira utelet desse viktige komponentane.

Fornybardelen bør sjølvsagt bli høgare, og det blir den truleg etter kvart som endå meir sol- og vindkraft blir utbygt sidan den straumen er billegast. Bitcoin-mining bidreg også til den viktige lastbalanseringa i nett med stor del av ustabil kraftproduksjon, særleg frå sol og vind, såkalla «Demand Response»-program. Her har bitcoin-mining ein stor fordel framfor andre industriprosessar ved at aktiviteten kan slåast av og på med sekundars varsel. I Texas utgjer bitcoin-mining ei viktig lastbalansering av straumnettet, og sidan Texas sitt nett er isolert frå andre nett i USA, blir det eit levande laboratorium for å studera slike prosessar i praksis.

Kritikk og diskusjon om bitcoin (og kryptovaluta) er viktig, men den må baserast på fakta og ikkje republisering av feilaktige påstandar. Dei to eksempla eg nemnde, er del av mange feilaktige påstandar som blir plukka opp av medium etter medium og etter kvart etablerte som «sanning». I bitcoin er metoden «Proof of Work» sentral, og den bør også gjelda i journalistikken: Berre ved hardt arbeid og ved å stilla spørsmål ved vedtekne sanningar, kan ein ha håp om å vinna ny innsikt. Eg håpar Jakobsen eller andre i Morgenbladet er villige til å utføra hardt arbeid på dette området for å få ein god diskusjon om eit viktig tema.


fredag 13. september 2024

"Du veit ikkje kva du snakkar om!"


Journalist Hanne Østli Jakobsen hadde ein kommentar i Morgenbladet om Bitcoin (og kryptovaluta), med tittelen "Du ville ikke satt podens barnetrygd i våpen, nei. Men bitcoin, det er greit?" (sannsynlegvis bak betalingsmur). Eg vart skikkeleg provosert av kommentaren og sende eit motsvar. Det har enno ikkje vorte publisert (fredag 13.09) og eg har ikkje fått noko tilbakemelding på om det blir det heller. Legg det difor førebels ut her:


«Du veit ikkje kva du snakkar om, Hanne Ø. Jakobsen!»

Hanne Østli Jakobsen meiner dei som sparer i kryptovaluta bør setja seg inn i kva det betyr. Eg meiner Hanne ØJ må setja seg inn i temaet sjølv, for makan til dokumentasjon av mangel på kunnskap kan eg ikkje hugsa å ha sett. Eg har lese mykje rart om Bitcoin (la oss halda oss til den, det er den det dreier seg om), men dette overgår alt. For å seia det med den kjende politikaren frå mitt eige distrikt: «Du veit ikkje kva du snakkar om!».

Eg vil begynna med eit filosofisk spørsmål formulert av professorane Andrew Bailey, Brad Rettler og Craig Warmke, som nyleg har gjeve ut boka «Resistance Money»:

Viss du vakna opp i morgon og ikkje visste kven du var, men kunne vera kven som helst av dei over åtte milliardar menneska på jorda, ville du då ønskt at bitcoin eksisterte?

For Hanne ØJ er svaret klart nei, ser det ut til. Og det trass i at risikoen for at ho ville ha vakna opp i eit autoritært eller totalitært land ville vera større enn det motsette. Og som kvinne ville ho vera dobbelt ille ute. Spørsmålet er sjølvsagt ein variant av John Rawls’ kjende «slør av uvitenheit» («veil of ignorance»).

Kommentaren til HØJ er elles så full av feil at det er nyttelaust å ta for seg alt. Eg vel difor berre å kommentera energibruken. Bitcoin-maskiner brukte til «mining» er like mykje eller like lite klimavennlege som el-bilar. Dei er drivne av elektrisitet, og eventuelle utslepp er avhengig av straum-miksen som blir brukt, akkurat som andre elektriske apparat.

Bitcoin-mining som næring, har i dag ein andel fornybar energi på rundt 55 %, noko som er best i klassen med god avstand. Den bør sjølvsagt bli høgare, og det blir den etter kvart som endå meir sol- og vindkraft blir utbygt. Bitcoin-mining bidreg også til den viktige lastbalanseringa i nett med stor del av ustabil kraftproduksjon, særleg frå sol og vind, såkalla «Demand Response»-program. Her har Bitcoin-mining ein stor fordel framfor andre industriprosessar ved at aktiviteten kan slåast av og på med sekundars varsel.

Eg fornya nettopp abonnementet mitt på Morgenbladet, men angrar no. Ikkje fordi eg ikkje vil lesa ting eg er ueinig i, heller tvert om. Men forakt for kunnskap blanda med arroganse, toler eg ikkje. Eg må til slutt spørja kor redaktøren har vore i denne saka. Er det verkeleg slik at journalistar får publisert alt utan kvalitetssikring og faktasjekk?

 

Svein Ølnes, tidlegare IKT-forskar, underviser i Bitcoin

 


onsdag 28. august 2024

Bitcoin som løysing på fakling

NRK hadde nyleg denne artikkelen om fakling i samband med oljeutvinning, og det var Equinors deltaking i denne aktiviteten som var hovudfokus. Eg sende kommentaren under til NRK Ytring, men fekk avslag. Legg difor ut innlegget her.

Bitcoin som løysing på fakling

NRK har ein interssant og grundig artikkel om fenomenet fakling i oljeindustrien, og Equinors del av denne. Fakling er brenning av gass i samband med oljeutvinning, og det medfører store utslepp av CO2. Endå verre enn fakling, er direkte utslepp av gass frå produksjonsfelt, såkalla «venting». Det er for det meste metangass, og den har over 80 ganger meir oppvarmingseffekt over ein 20-årsperiode enn CO2. Det ville vore interessant om NRK også såg på denne delen, men i denne omgangen handlar saka om fakling og korleis bitcoin-mining alt er ei løysing mange stader, og kan vera det på langt fleire.

Grunnen til at gassen blir brent og energien ikkje utnytta enten til direkte oppvarming eller til elektrisitet, er at det manglar økonomiske insentiv. Det kostar meir enn det smakar, rett og slett. Stadane der faklinga føregår er ofte langt utanfor allfarveg og utanfor utbygd infrastruktur. Det er ikkje linjer til å ta i mot elektrisiteten og dermed er det heller ingen økonomi i å omdanna gassen til elektrisitet. Omdanning av gassen til elektrisitet reduserer også CO2-utsleppet samanlikna med fakling.

Det er her bitcoin-mining kjem inn som eit viktig alternativ som kan gi det nødvendige økonomiske insentivet. Bitcoin-mining krev straum, mykje straum, men aktiviteten kan gjerne føregå der det ikkje er utbygd infrastruktur for elektrisitet. Med bitcoin-mining vil elektrisiteten få ein avtakar som kan betala for den og dekka inn kostnadane med bygging av turbin m.m. 

Dette er alt gjort ved mange oljeutvinningsanlegg, også anlegg der Equinor er deleigar. Det er helst i USA desse anlegga er bygde, men potensialet er stort også for alle andre stader i verda. CO2-utsleppa blir reduserte ved at gassen blir omdanna til elektrisitet i ein gassreaktor. I tillegg vil det i ein del tilfelle vera muleg å føra CO2 tilbake i brønnane for både å hindra den å bli sleppt ut i atmosfæren, og å effektivisera oljeutvinninga. Det vil etter kvart bli klart for stadig fleire at bitcoin-mining kan vera løysinga på problem og ikkje berre eit problem i seg sjølv. Det er noko ikkje minst politikarane våre på Stortinget bør bita seg merkje i.


mandag 15. mai 2023

Lesing er bra!

"The Passenger" av
Cormac McCarthy
Å lesa bøker er viktig av mange grunnar. Ein ting er å utvida horisonten og få meir kunnskap, men kanskje endå viktigare er den fantastiske kjensla når ein lever seg inn i bøker og skaper sitt eige univers. Det er lite som kan måla seg med gleda over ei god bok - å gle seg til å setja seg ned og lesa vidare på ein fengjande historie.

Mange er uroa over at leseaktiviteten går ned, og særleg dårleg står det til blant gutar. Kva som skal til for å snu utviklinga, er ikkje godt å seia, men skulen er vel ein opplagt stad. Men introduksjon til bøker må skje før skulealder. Dei fleste born er svært glad i bøker og å bli lesne høgt for. Kvifor forsvinn då denne interessa? Det minner om filosofen og klartraren Arne Næss som fekk spørsmål om kvifor han begynte med klatring. Han svarte at det ikkje var han som hadde begynt, men dei fleste andre (vaksne) som hadde slutta.

Her er bøkene eg las i fjor (sist først):

Cormac McCarthy: «The Passenger»

Rune Østgård: «Fraudcoin»

Daniel Frumkin (Braiins): «Bitcoin Mining Handbook»

Ernest Hemingway: «Den gamle mannen og havet»

Morten Søberg: «Svalbard! Pengar!»

Michel Houellebecq: «Underkastelse»

Lars Mytting: «Hestekrefter»

Karl Ove Knausgård: «Ulvene fra evighetens skog»

Michel Houellebecq: «Serotonin»

Dag Solstad: «Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen»

Dag Solstad: “17. roman»

Dag Solstad: “Ellevte bok, roman atten”

Gavin Jackson: «Money in One Lesson”

Maren Uthaug: “Og sånn blei det»

John Steinbeck: «Perlen»

Dag Solstad: «Gymnaslærer Pedersen s beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land”

Elif Shafak: “10 minutter og 38 sekunder i vår underlige verden»

Laura Shin: «The Cryptopians»

Tone Smith, Ebba Boye og Bent Arne Sæther (red.): «Økonomisk tenkning»

Stein Torleif Bjella: “Fiskehuset”

Adam Fergusson: «When Money Dies”

mandag 30. januar 2023

Nytt svar til Eivind Thomassen

Faksimile frå innlegget i Morgenbladet
Eivind Thomassen svarte på innlegget mitt 17. jan. med "Ølnes bommer om bitcoin" der dette var  hovudargumentasjonen hans:

  • verdifall og kryptokollaps heng saman med bitcoins ideal om desentralisering
  • den grunnleggjande årsaka til at FTX og andre kollapsa i fjor var det generelle kursfallet i kryptovaluta, og særleg bitcoin som er "kryptouniversets finansielle hjørnestein"
  • hovudpoenget er at bitcoins desentrale ideal og konstruksjon er bakgrunn for volatiliteten og den finansielle spekulasjonen på toppen av den
  • Bitcoins kapasitetsmanglar, pga. desentralisert arkitektur, har skapt spelerom for nye og meir sentralisert kryptovalutaer
  • Bitcoins blokkjede har (stor) betydning for at FTX i det heile oppstod

Her er mitt svar til dette:

Årsaker til kryptokollaps

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking (og eigar av bitcoin)

Eivind Thomassen og eg er ueinige om Bitcoins rolle i dei mange kollapsane i kryptoverda i fjor, ikkje minst konkursen i vekslingstenesta FTX. Eg er ikkje ueinig med Thomassen at bitcoin er kryptoverdas finansielle hjørnestein, eller kanskje heller reservevaluta. Men i FTX’ tilfelle var det ikkje bitcoins fallande kurs som var hovudårsaka, det var bruk av kundemidlar til å dekka over søsterselskapet Alameda Research sine store tap. Og Alamedas eigenkapital var i stor grad basert på FTX’ eigen kryptovaluta FTT og slik sett stort sett basert på luft. Så eksisterer heller ikkje bitcoin eller andre kryptovalutaer i eit vakuum, og dei makroøkonomiske endringane etter pandemien har i stor grad spelt ei rolle også for kryptovalutaer.

Hovudpoenget til Thomassen er likevel at verdifall og kryptokollaps heng saman med Bitcoins desentrale arkitektur, og der er eg heilt ueinig. Bitcoin, og endå meir andre kryptovalutaer, er volatile fordi det er små økonomiar. Bitcoin hadde vore like volatilt om det hadde hatt ein sentralisert arkitektur. Det er nok å sjå på Ethereum og endå meir sentraliserte kryptovalutaer som har hatt endå større volatilitet enn bitcoin.

Eg kan jo stilla eit motspørsmål til Eivind Thomassen: Ville det same skjedd om Bitcoin hadde hatt ein meir sentralisert arkitektur, men framleis basert på open programvare? Eg meiner svaret er ja. FTX og dei andre kollapsane i kryptouniverset er eit resultat av grådigheit og jakt på urealistisk avkastning. Det er ikkje noko nytt og det finst rikeleg med eksempel frå ordinær finans.

At det er Bitcoins manglande effektivitet som har skapt rom for dei mange alternative krypto­valutaene er tvilsamt. Bitcoin er basert på open kjeldekode, og eit typisk kjenneteikn ved slike programtypar er at dei stimulerer til kopiar og nye produkt med enkelte endringar. Og til meir populært eit ope program er, til meir vil det bli forsøkt kopiert og «forbetra». Men eg held fast på tidlegare påstand om at den eigentlege motivasjonen bak alskens kryptovalutaer er seigniorage; altså gevinsten du kan få ved å laga og omsetja eigne pengar. Saman med velkjent finansakrobatikk og grådigheit er det dei eigentlege årsakene til dei mange kollapsane i kryptoverda.

Til slutt er det viktig å plassera dette i det makroøkonomiske bildet. Etter ei massiv «pengetrykking» og nullrente i samband med pandemien, fann mykje pengar vegen til risikorelaterte investeringar som vekst­aksjar og kryptovaluta. Den påfølgjande inflasjonen og rentehevinga slo då naturleg nok mest ut på dei nemnde investeringane. Vanvittige investeringar vart gjort både innan «krypto» og ordinær finans, og som det blir sagt: når tidevatnet snur, blir det klart kven som har svømt utan badedrakt.


onsdag 4. januar 2023

Lesarinnlegg i Morgenbladet 04.01.2023

Illustrasjon: Crypto Dost (CC-BY-2.0)
Eivind Thomassen, historikar med økonomisk historie som fagområde og kommentator i Morgenbladet, skreiv i kommentaren "Drømmen om kryptovaluta er død" om FTX-kollapsen og at det sannsynlegvis betyr slutten på i alle fall draumen om kryptovaluta si framtid. 

For å få ei betre forståing av svaret mitt, må eg gjengi hovudpunkta i Thomassens kommentar. Det yter ikkje ET full rettferd, men er likevel einaste måten å gjera det på sidan kommentaren hans er bak betalingsmur hjå Morgenbladet, som også mitt innlegg er.

  • ET beskriv FTX-kollapsen innleiingsvis og koplar den til idéen om at "framtida blir til på gutterommet" (ikkje jenterommet?), i pakt med anna teknologiutvikling

  • Som følgje av krisa i 2022 er krypto som pengar daudt

  • "Kryptovalutaer er bygget opp som åpne databaser. Det er disse databasene som kalles blokkjeder. For å motvirke manipulasjon har kryptopionerene fylt blokkjedene med tilsiktede tregheter."

  • Tilsikta tregheit i blokkjeder skaper rom for mellommenn og dermed sentralisering
    [ET påstår her at FTX' FTT-token vart laga for å overkomma tregheit i ordinære blokkjeder]

  • Folk flest er komfortable med sentralisering og verdset den overlegne fleksibiliteten, effektiviteten og tryggleiken det gir

Misvisande om kryptovaluta

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking (og eigar av bitcoin)

Eivind Thomassen vil ikkje vera dårlegare enn andre som har dømt kryptovaluta nord og ned og brukar FTX-kollapsen som grunngjeving for at draumen om kryptovaluta er død. Kommentaren er prega av misforståelsar og feil, og det må vera lov å forventa meir av ein person med økonomisk historie som fagfelt og som arbeider ved eit universitet. Det merkelege er at når det gjeld Bitcoin og kryptovaluta, ser det ikkje ut som det lenger er krav om kunnskap og kompetanse for å uttala seg; kven som helst kan skriva kva som helst så lenge det er negativt.

For å forstå det som har skjedd i FTX og søsterselskapet Alameda Research, og også dei andre kollapsane i kryptoverda dette året i selskapa Terra Luna og Three Arrows Capital, er det viktig å forstå at Bitcoin skil seg radikalt frå det meste av eksisterande kryptovalutaer. Bitcoin er desentralt der dei andre kryptovalutaene er til dels sterkt sentraliserte, og i tillegg har Bitcoin frå starten av hatt ein «rettferdig» fordeling av valutaen ved at alt har komme til gjennom graveoperasjonen. Andre kryptovalutaer startar nesten utan unnatak med ei førehandsdefinert mengde av valutaen («premine») som så blir fordelt til opphavspersonar, stiftingar, utviklarar og andre.

Bitcoin har svært lite med kollapsane i kryptoverda å gjera, men blir med i dragsuget. Bitcoin er reservevalutaen i kryptouniverset, saman med ether, og blir stilt som sikkerheit for lån i diverse andre valutaer. Kollapsen i FTX og i andre selskap har skjedd etter god gammal oppskrift frå vanleg finans: Lån som er mange ganger større enn eigenkapitalen, ofte utan noko form for sikkerheit, ein eigenkapital av «luft» og på toppen spekulasjon med kundane sine innskot. Det seier også bustyrar John Ray III om det han har sett i FTX så langt. Det er ikkje snakk om nokon særleg sofistikert operasjon, men «godt», gammaldags underslag. Dette kjem også godt fram i Jon Kåre Times interessante artikkel om Sam Bankman-Frieds filosofi om effektiv altruisme.

Thomassen har rett i at det har vore lite eller ingen smitte over i vanleg finans så langt. Det er også viktig å merka seg at i motsetnad til finanskrisa er det ikkje nokon stat som går inn og reddar selskap frå konkurs, med skattebetalarane sine pengar. Aktørane bak kollapsane blir også arresterte og sikta, og truleg dømde, også det til skilnad frå finanskrisa.

Beskrivelsen av kryptovaluta bygt på blokkjeder «fylte med tregheit» er feil. I blokkjedeteknologien er det eit velkjent trilemma mellom hovudeigenskapane desentralitet, sikkerheit og kapasitet. Ikkje alle tre kan optimaliserast, og Bitcoin har bevisst ofra kapasitet til fordel for maksimal desentralitet og sikkerheit. I Bitcoin er filosofien at sjølve grunn­muren, blokkjeda og konsensusreglane, må vera så robust som muleg. Så kan raskare betalingsløysingar byggjast på lag utanfor blokkjeda, men likevel med ei forankring i den. I Bitcoin er det utvikla ei løysing for raske betalingar kalla Lightning Network, lyn-nettet, og den har kapasitet til millionar av transaksjonar pr. sekund og er i rivande utvikling.

Det er også heilt feil at FTX’ eigen kryptovaluta FTT vart laga på grunn av tilsikta tregheit i andre valutaer. FTT vart, som nesten alle andre kryptovalutaer, laga for å tena raske pengar på det som heiter seigniorage; altså gevinsten av å laga og selja sin eigen valuta. Det har tradisjonelt vore nasjonalstaten sitt monopol, men Bitcoin opna Pandoras eske slik at private aktørar også kan få del i dette privilegiet. Når kostnaden med å laga ein valuta er tilnærma null, blir gevinstpotensialet enormt. Det er for freistande til å la vera, og difor ser me så mange «pump & dump»-eksempel der småinvestorar blir taparane.

Dei fleste føretrekk sentraliserte og enkle løysingar, skriv Thomassen, og det er nok rett. Men det er også ein veldig nærsynt observasjon. Dei fleste menneska lever ikkje i Norge eller i den vestlege verda med demokratiske styresett. Dei fleste menneska i verda lever faktisk under meir eller mindre autoritære styre og får kjenna på kroppen sensur på det økonomiske området.

Eg vil tilrå Thomassen og andre som ønskjer å utvida horisonten på dette området, å delta på Oslo Freedom Forum 13. og 14. juni neste år. Der får me høyra historier om folk rundt om i verda som ved hjelp av bitcoin får fridom frå overvaking og tyranni.


mandag 5. desember 2022

Kjære krypto- og fiatbrør. Eit ope brev til dei forvirra og fornektande.


[Dette er ei omsetjing av @dergigi's essay "Dear Crypto & Fiat Bros. An open letter to the confused and dismissive." Den originale artikkelen er lisensiert med Creative Commons BY-SA 4.0, som også omsetjinga.]

Det burde vera opplagt no, men eg er redd eg må stava det uansett: Bitcoin, ikkje blokkjede. Bitcoin, ikkje krypto. Bitcoin, ikkje distribuert «ledger»-teknologi. Bitcoin, ikkje DeFi. Bitcoin, ikkje Web3. Bitcoin, ikkje digitale sentralbankpengar (DSP/CBDC). Bitcoin, ikkje sentraliserte neo-bankar som sel bitcoin som gira («fractional reserve») papirpengar. Bitcoin.

Viss du trur at Bitcoin er død har du vorte lurt av fiat-journalistar. Viss du trur at Bitcoin er treg, eller gammaldags teknologi, eller MySpace, eller Fords T-modell, har du vorte lurt av seljarar av varmluft.

I det første tilfellet tenkjer du truleg sjølvtilfreds: «Eg visste det var eit Ponzi-opplegg! Bra eg ikkje investerte i bitcoin. Eg sa heile tida at det ville gå mot null!».

I det siste tilfellet er du truleg framleis i sjokk fordi du mest sannsynleg har mista alle pengane dine. Kanskje er du framleis i ein fornektande fase. Kanskje er du sinna eller deprimert. Kanskje din førehands-definerte («premined») verdsdatamaskin-myntar er låste fast i eit sentralt kontrollert depositum («centrally controlled staking system»), og du kan ikkje få dei ut att (fotnote 1). Det er dessverre ingen rask veg ut av dei fem stadiane av sorg. Du må baska deg gjennom dei alle heilt til du når fram til ei forståing: «Eg hadde eigentleg aldri bitcoin, eg hadde berre IOU-ar («I Owe You») og papir-pengar. Eg var den avkastinga som vart skapt.

Å innrømma at du har vorte lurt er noko av det vanskelegaste som finst. Det krev audmjukheit, styrke, sjølvinnsikt og å svelgja stoltheit å innrømma at du har vorte lurt. Det er enklare å skulda på andre eller berre løfta hendene og overgi seg og deretter berre rusla bort. Det er den ubehagelege sanninga og ein gang i framtida vil du vera i stand til å høyra det: 

Du har vorte rundlurt og du har ingen andre å skulda på enn deg sjølv.

Viss det er for smertefullt akkurat no, greitt. Ta eit steg tilbake. Finn på noko anna for ei stund. Bruk tida på familien, i skogen, gå ein fisketur eller noko anna. Og når du kjem tilbake må du prøva å få hjernen din til å forstå: Bitcoin er signalet og resten er støy. Alt av det.

 

Bitcoin er signalet.

Eg skriv ikkje dette for å sparka dykk som ligg nede. Eg skriv dette fordi eg trur alle kan reddast. Eg skriv dette i håp om at enkelte av dykk, kjære kryptobrør, berre treng å ta på shitcoin-omnen ein gang for å bli brent. Eg skriv dette i håp om at enkelt av dykk, kjære fiat-brør, endeleg vil forstå at bitcoin ikkje berre er ulikt all «krypto», men at det er ulikt alle andre valutaer, inkludert dykkar elska shitcoin utgitt av styremaktene. Meldinga mi til dykk er den same:

Det er Bitcoin og det er alt anna

Du må forstå at Bitcoin ikkje er ein app, eller eit selskap, eller ein aksje eller ei investering. Bitcoin har ikkje noko styre, ein adm. dir. eller kvartalsvis inntening. Det er ingen «bak» Bitcoin. 


Mange bitcoin-entusiastar har sterke meiningar om bitcoin vs. «krypto», og med gode grunnar. Ein av dei er eit gjennombrot av enorme dimensjonar. Dei andre er billege imitasjonar, kopiar som i altfor lang tid har fått veksa i kjølvatnet av nemnde gjennombrot og forvirra nybegynnarar og enkelt-investorar. «Krypto» er nerdar som har gjenoppdaga pengetrykking og pyramidespel. Tilsynelatande gratis lunsj støtta av evigheitsmaskiner drivne av tekno-babbel.

Krypto kan ikkje samanliknast med Bitcoin. Viss du vil samanlikna Bitcoin med noko anna, samanlikn det med eld, talet null, hjulet, boktrykkingskunsten eller elektrisitet. Ja, det er så viktig. Det er eit auto-poietisk nettverk som er internt stabilt og som ikkje kan gå konkurs. Det er antitesen til korrupsjonen av pengar.

Det er ein heilt ny ting, noko som er så djupsindig, så framand, så unikt at folk flest ikkje forstår å setja pris på det. Eg klandrar dei ikkje. Dei fleste forstår ingen ting av kryptografi, eller nettverk, eller pengar eller opne protokollar. Som ein konsekvens blir folk flest lett lurte. 

Kva er så revolusjonerande med bitcoin?

Bitcoin har ei absolutt endeleg mengde

Bitcoins tilførsel er fastlagd i tid

Bitcoin kan lagrast i hovudet

Bitcoin kan sendast med lysets fart

Bitcoin kan verifiserast av alle, enkelt og billeg

Kvart og eitt av desse punkta er revolusjonerande i seg sjølv.

Me har aldri hatt ein lett omsetteleg eigedel som har ei absolutt og endeleg mengde. Me har aldri hatt menneskeskapte pengar utan ein utgivar. Me har aldri hatt eit marknadsmessig gode som berre er ord, noko som framleis slår meg i bakken: lær å hugsa 12 ord og du kan flykta frå eit land med formuen din intakt. Me har aldri hatt raskt omsettelege pengar utan å måtta stola på kreditt.

Tillat meg å repetera det siste punktet som ei understreking: for første gang i den menneskelege historia har me pengar som berre er rein informasjon – noko som er lagra i bits og bytes direkte, utan å støtta seg på tiltrudde tredjepartar. Og fordi det er rein informasjon kan det sendast til kven som helst med lysets fart.

Dessverre forstår dei fleste ikkje denne eigenskapen: Bitcoin er ikkje kreditt. Det er ikkje ein IOU. Ikkje ein lovnad. Ikkje avhengig av ein motpart. Ikkje ein forpliktelse. Som gull tidlegare er det ikkje «backa» av noko. Det er eit attråverdig gode i seg sjølv. Det er pengar. Reine, ikkje-devaluerbare pengar.

Enten du er ein fallert krypto-bror eller ein fiat-venn er det ein ting som er særleg vanskeleg å akseptera. Den eine tingen som skil Bitcoin frå alt anna: det heile fungerer utan leiing.

Bitcoin er lettast å forstå som ei naturkraft; som tidevatnet som kjem og går, som sola som stig i aust og glar i vest. Du kan ha ei meining om det, men meininga di påverkar på ingen måte fenomenet. Tidevatnet vil komma og gå, sola vil stiga og gla og Bitcoin vil produsera ei ny blokk. Kvart 10. minutt.

«Amidst attention-grabbing headlines this week that will be talked about for decades, I want to bring your attention to one far more profound and awe-inspiring non-headline: every 10 minutes a new bitcoin block was produced. Every 10 minutes. Every 10 minutes.»

- Ross Stevens

Kjelde: Bitfeed.live


Bitcoin berre fungerer. Som eit urverk. Det fungerer fordi du ikkje treng å stola på nokon. Det fungerer fordi det brukar matematikk og fysikk – naturens lover – til å fjerna all tillit frå systemet. Det fungerer fordi du kan verifisera alt sjølv. Det fungerer fordi det ikkje er ein ekstern ting (diktert av andre), men ein ting som har oppstått: etablert ved utrøytteleg validering og verifisering. Det fungerer fordi du, og berre du, har kontrollen.  

Viss du ikkje har kontroll, brukar du ikkje bitcoin. Då stolar du på andre med deira forståing av Bitcoin – eller endå verre – du stolar på nokon til å oppbevara bitcoin for deg. 

«The root problem with conventional currency is all the trust that's required to make it work. The central bank must be trusted not to debase the currency, but the history of fiat currencies is full of breaches of that trust. Banks must be trusted to hold our money and transfer it electronically, but they lend it out in waves of credit bubbles with barely a fraction in reserve. We have to trust them with our privacy, trust them not to let identity thieves drain our accounts.
Bitcoin vart skapt som eit svar på svindelen («rug-pulls») i fiat-verda. Det er anti-svindel-teknologi. Men det er berre anti-svindel-teknologi viss du brukar det rett: din node, dine reglar, dine nøklar, dine bitcoin.

Krypto er på den andre sida fiat på stereoidar. Verre, det er fiat på metamfetamin. Det er trua på at ærlege pengar ikkje betyr noko, noko som gjer at kvart einaste prosjekt, kvar einaste person, kvar einaste vekslingsteneste og nettverk, kvart einaste system og samfunn og kvar einast jpeg treng sin eigen form for pengar. Det er økonomisk nihilisme.

Dei to kunne ikkje vera meir ulike. Bitcoin fjernar seigniorage , Shitcoins gjeninnfører seigniorage. Bitcoin fjernar Cantillon-effekten . Shitcoins gjeninnfører Cantillon-effekten. Bitcoin fjernar tillit. Shitcoins gjeninnfører tillit, på same måten som sentraliserte finansielle tenester motiverte av fiat-tenking.

Men er ikkje Bitcoin død?

Nei, den er ikkje død. Den er heller ikkje eit raskt forbigåande fenomen eller plutseleg ubrukeleg eller plutseleg verdilaus. Det som skjedde er det som alltid skjer: folk blir for sjølvtilfredse, folk blir for grådige og folk lurer seg sjølve og andre.

Ved å stabla tillit lagvis på toppen av Bitcoin, blir sentraliserte feilkjelder og systemisk risiko gjeninnført – for alle systema som byggjer på toppen av dei sentraliserte institusjonane (fotnote 2). Dette har skjedd før og det vil skje igjen. Tida er ein flat sirkel.


Selskap          Tapte btc
Mt. Gox          650.000
Bitfinex         120.000
Celsius          105.000
BlockFi           30.000 (?)
Voyager           10.000 (?)
FTX               70.000 (?)
Kjelde: Jameson Lopp (fotnote 3)

Igjen såg me at sentraliserte selskap kollapsa. Igjen er det uklart kor mykje som skuldast inkompetanse, kor mykje som skuldast vondsinna gjerningar og kor mykje som skuldast svindel. Igjen var Bitcoin-nettverket upåverka. Igjen sette folk si lit til tillit. Igjen vart dei lurte.

Det burde vera innlysande no at bitcoin oppbevart av andre ikkje er dine eigne bitcoin. Det burde vera innlysande at papir-bitcoin ikkje er ekte bitcoin. Vidare burde det vera innlysande at bitcoin og giring («leverage») er som eld og vatn.

Alt dette har skjedd før. Og sidan den menneskelege naturen er som den er, vil det skje igjen. Folk vil – igjen – gløyma å høyra på åtvaringar frå meir erfarne bitcoinarar. Folk vil – igjen –gløyma å halda på eigne bitcoin. Folk vil – igjen – bli offer for Sirene-sangen om meir gevinst, større avkasting, kjappare rikdom og lett-tente pengar.

«A fool and their leveraged bitcoin are soon parted.»
Og når tullingane på nytt har mistar alle pengane; og når de, kjære krypto-brør, blir svindla av dykkar kjære leiar; og når de, kjære fiat-brør, erklærer Bitcoin for død endå ein gang; og når den 500. bitcoin-nekrologen har vorte skriven, vil Bitcoin framleis marsjera uhindra fram.
Men kva med prisen? Kollapsa den ikkje?

Jau, den kollapsa. Og den vil kollapsa igjen og igjen og igjen. Slik den har gjort tidlegare.
Når dette blir skrive, er bitcoin-kursen 16.641 USD. Ja, den gjekk heilt til $65.000 før den kræsja heilt ned til $16.000. 



Dette er det du må forstå: Bitcoins dollarpris er både viktig og uviktig.

Prisen er viktig på denne måten: BTC treng ein pris slik at Bitcoin-systemet kan sikra seg sjølv. Prisen er korrelert med hashrate , som igjen er korrelert med sikkerheit, eller meir presist: oppgjers-sikkerheit («settlement assurance»). Det er også ein bra indikator for global adopsjon. Og ja, me brukar vanlegvis USD for å måla prisen på BTC fordi, når dette blir skrive, USD er framleis den globale målestokken («unit of account») for prisar. Dessverre. 

For å sjå at dollar-prisen er uviktig kan me stilla nokre spørsmål og svara på dei enkeltvis:

Vart BTC-tilførselen endra? Nei.
Stoppa nettverket? Nei.
Kan du framleis senda sats til kven som helst utan å spørja nokon om lov? Ja.
Har eigarar av bitcoin framleis same mengda BTC? Ja.
Kan du enkelt og rimeleg verifisera alt ovanfor? Ja.

Sett frå Bitcoin-nettverket er ingenting endra.

Med andre ord: reglane i nettverket er ikkje endra. Tilførselen er framleis avgrensa. Kvart 10. minutt blir nye transaksjonar fastsette. Den monetære politikken vart ikkje endra. Eigenskapane til aktivaen vart ikkje endra. Ein BTC er framleis lik ein BTC.

Bitcoin fungerer akkurat like godt no som den gjorde då USD-prisen var null, noko som var tilfelle dei første 10 månadene Bitcoin eksisterte. Utan ein sentral utgivar måtte bitcoin, og må framleis, veksa organisk i verdi, distribusjon og sikkerheit, noko som gjera at mange – meg sjølv inkludert – trur at Bitcoins historie ikkje kan gjenskapast; med andre ord at ei avgrensa, digital råvare er avhengig av ein spesiell utviklingsveg («is path-dependent»).

Og når me snakkar om pris: det hjelper å setja ting inn i ein større samanheng. Nominell pris er eit uttrykk for ein relasjon, og difor er alle prisar avhengig eininga du brukar til å måla den. Den økonomiske linsa du ser gjennom og som du ser verda gjennom.

Det er for eksempel verdt å nemna at M2 av USD, den breie pengemengda, har auka massivt dei siste tiåra. Den siste auken var på over 30 %, i stor grad grunna den pengemessige responsen til nedstenginga av samfunnet verda over. Når ting blir målte mot USD blir med andre ord blir alt forvridd med minst
30 %.

Shitcoin printer go BRRR (Kjelde: Porkopolis)

Når det er snakk om økonomiske vurderingar ser me alt gjennom dei respektive valutaene me er tvinga til å rekna med. Om valutaen vår er USD, euro eller yen avheng av geografisk plassering. Bitcoin er heller ikkje brukbar som universell brille, det er så, men det er nyttig som samanlikning med fiat-briller. Det er nyttig fordi det gir ei motvekt til den inflatoriske pengepolitikken i fiat-valutaer. Det er nyttig fordi frå eit BTC-synspunkt syner det at alt blir prisa om i satoshi (sats). Til og med det idiotiske mølet du kjøpte for eit par år sidan.

Enkelte briller er meir nyttige enn andre

Det er grunnen til at bitcoin-entusiastar likar å snakka om kjøpekraft fordi det er uavhengig av den nominelle verdien til fiat-valutaen. Legg for eksempel merke til at BTC-grafen ser veldig ulik ut avhengig av kva du brukar som målestokk, enten der er amerikanske dollar (USD), argentinske pesos (ARS), Nigerianske naira (NGN), Venezuelansk bolívar (VED) eller – for å velja noko heilt anna – S&P 500-indeksen eller eit fat med olje.

Bitcoin-pris mot S&P 500-indeksen




Bitcoin-pris mot gull


Bitcoin-pris mot USD


Bitcoin-pris mot oljepris (fat)

I den vestlege verda er me spesielt lite merksame på fiat-brillene me ser verda gjennom. Me brukar for det meste «stabile» valutaer, det vil seia valutaer som mister kjøpekrafta gradvis, om enn sakte. Men ikkje misforstå: alle fiat-valutaer er inflaterer. Dersom pengar kan trykkast, vil dei bli trykte. Freistinga er rett og slett for stor.

Som ei følgje er alle fiat-pengar i tilbakegang. Og viss tilbakegangen skjer for fort – «When Money Dies» - vil forstyrringa i prisar bli svært synleg. Og blir forstyrringa stor nok vil alle framtidige kalkuleringar – og med dei livet me er vande med – bryta saman.

Trur du kjøpekrafta steig betydeleg frå 2019 til 2022?


Grafane over viser tydeleg to ting: fiat-valutaer er designa for å mista kjøpekraft over tid. Bitcoin er designa for å få auka kjøpekraft («monetize») naturleg, over tid, og det vil halda fram med å auka i kjøpekraft, alt anna likt.

Det vil halda fram med å auka i kjøpekraft fordi bitcoin er verdifullt. Det er pengane dine. Ingen kan blanda seg inn. Ingen kan devaluera dei. Ingen kan ta dei frå deg (om du har lagra dei som du bør). Ingen kan stoppa deg frå å bruka dei. I ei verd med plattform-nekt, bank-nekting og digitale sentral-bankpengar er det verdifullt i seg sjølv å ha sensur-resistent og ukonfiskerbare pengar. Viss du er ueinig i dette, inviterer eg deg til å sjekka dine finansielle privilegium.

Akkurat no er BTC rangert på 28. plass i verda, både som eit aktiva og samanlikna med fiat-valutaer. Det er nr. 28 fordi kursen kollapsa, og den kollapsa fordi folk er grådige, låne-finasierte og det er ingen redningsaksjonar («bailouts»). Det ser likevel ut til at bitcoin kontinuerleg aukar i verdi, trass alt dette.
Som ei følgje av bitcoins fastlagde distribusjonsmodell, er den einaste meiningsfulle reaksjonen på bølgjer av adopsjon, prisen sjølv. Korleis elles enn på ein kaotisk måte kan ein ny aktiva monetisera naturleg – ein aktiva som ikkje har ein utgivar? Eller for å sitera Allen Farrington:
"What would it seem like if it did seem like a global, digital, sound, open source, programmable money was monetizing from absolute zero?"

Men Bitcoin produserer ikkje noko!

Feil. Kvart 10. minutt blir det produsert ei ny blokk. Det er alt som tel. Og med denne blokka blir eit nytt kapittel av historia som ikkje er muleg å forfalska, skriven, og Bitcoins løfte blir halde: «Egvil ikkje stela frå deg». Verken gjennom devaluering eller konfiskering.

Viss du trur at bitcoin skal produsera noko anna – som avkasting for eksempel – ser du framleis verda gjennom fiat-briller. Du er bunden til synet om å «setja pengane i arbeid». Du tok ikkje ein pause og tenkte gjennom avkastingfrå pengane du heldt.

Eg føler med deg. Eg såg verda med dei same fiat-brillene for ikkje lenge sidan. Eg var til og med «bullish» på krypto, og trudde ei ustoppeleg verdsdatamaskin var ein smart idé. Eg brukte lang tid på å forstå at å trykkja pengar ikkje gjer samfunnet rikare, men det motsette.



På same måten brukte eg lang tid på å ta eit steg tilbake og spørja meg sjølv, nesten som eit barn ville gjort: «Kvifor treng den hypotetiske verdsdatamaskina ein eigen valuta? Kvifor treng selskapet ditt ein eigen valuta? Kvifor treng den sentraliserte vekslingstenesta di ein eigen valuta? Kvifor må du trykkja eigne pengar for å bli å få suksess?».

Eg var ein «krypto-bro» sjølv på den tida og det var vanskane eg fekk når eg prøvde å svara sannferdig på desse spørsmåla som fekk meg til å venda meg bort frå «krypto» og over til bitcoin. Og då eg var ein «fiat-bro» forstod eg ikkje ein gang at det var verdt å stilla desse spørsmålet i det heile.

Det vanskelegaste er å bli kvitt fiat-tankesettet, som betyr å ta eit steg tilbake og spørja deg sjølv svært enkle spørsmål om pengar: kvifor har me dei, kvifor treng me dei, kvifor må dei vera knappe, kvifor kan enkelte trykkja pengar medan dei fleste må arbeida for dei, og så vidare. Dette er vanskelege spørsmål. Dei som styrer pengetrykkinga vil ikkje at du skal spørja «WTF happened in 1971?». Dei som driv shitcoin-kasinoa vil ikkje at du skal spørja «men kvar kjem avkastinga frå?».

MEN KVAR KJEM AVKASTINGA FRÅ?

Men sjølv med alt tullet som føregår no, er eg full av håp. Trass alt, «du kan lura enkelte folk enkelte ganger, men du kan ikkje lura alle heile tida» (fotnote 4). Fleire og fleire vil læra. Fleire og fleire vil ha kontroll på eigne nøklar. Fleire og fleire vil gjera reknestykket. 

Denne antagelsen er ikkje basert på tru. Bitcoins on-chain-data syner visse mønster som eg vil oppsummera som «forståing aukar overtyding og overtyding aukar allokering» - eller: til meir du veit, til meir kjøper du.

73 % av alle satoshi er ikkje rørte på over eit år

Desse «HODL-bølgjene» som dei blir kalla, syner at stadig fleire folk forstår den underliggjande dynamikken av, så vel som skilnaden på, den monetære politikken til fiat og Bitcoins monetære politikk, noko som får dei til å halda BTC på deira personlege eller selskapsmessige balansar heller enn fiat-valuta (fotnote 5).

Men volatiliteten!

Volatilitet, volatilitet, volatilitet. Alt dette snakket om volatilitet overser heile poenget med Bitcoin: djup, systemisk stabilitet.

Bitcoin er ikkje volatilt. Menneskeleg psykologi er.

Menneskeleg oppførsel er volatil. Bitcoin er ikkje. Som ei følgje, kan bitcoins marknadspris vera volatil. Men Bitcoin er ikkje. Bitcoin-nettverket har vore i drift kontinuerleg i meir enn eit tiår. Det er føreseieleg, stødig og påliteleg. Med det perspektivet er Bitcoin det mest stabile som finst.

Ei ny blokk blir funnen kvart 10. minutt. Kvart 10. minutt blir Bitcoin meir påliteleg og stabil, uavhengig av prisvariasjonar.

Så lenge nye blokker kjem er det ingenting å bekymra seg over. Endå ein gang, brillene du brukar for å sjå på Bitcoin betyr ein god del. Ta eit steg tilbake. Zoom ut. Sjå på blokkene, ikkje prisen. Tid, ikkje avkasting. Basis-pengar, ikkje kreditt.

Men ja, medan bitcoin blir monetisert er svingingar i kjøpekrafta å forventa. Den fornuftige reaksjonen er å justera kjøp av bitcoin i samsvar med appetitten på risiko. Ei null prosent allokering er ikkje fornuftig fordi det betyr 100 % allokering i aktiva som har betydeleg motpartsrisiko, eller endå verre: aktiva som eigentleg ikkje er aktiva, men forpliktelsar («liabilities»).

Men toget har gått!

Nei, toget har ikkje gått. Det er framleis veldig tidleg i utviklinga av bitcoin. Alle trur dei er for seine. Alle trur toget har gått. 

Bitcoin er ein hop-on-hop-off-buss, og rundt og rundt går den.


Dei fleste bitcoinarar tenkjer ikkje på Bitcoin som ei investering. Det er ein gjennombrots¬teknologi som let deg flytta verdiane dine gjennom tid og rom. Det handlar ikkje om å bli rik i fiat-forstand. Det er ein utgang, ikkje ein retur. Det handlar om å måla verdiane dine i sats, ikkje USD, euro eller ein annan tilfeldig shitcoin. Dine verdiar. Haldne og kontrollerte av deg.

På grunn av dette er det aldri for seint å bruka det til din fordel. På same måte som det aldri er for seint å få tilgang til elektrisitet eller Internett. Det er aldri for seint å adoptera ein Bitcoin Standard.

Men Bitcoinarar er slemme!



Gjer det rette. Dropp shitcoin-behaldninga di, om det er «krypto» eller fiat-denominert valuta. Start i det små. Ta ansvar. Lær korleis du oppbevarer bitcoin på eiga hand. Skap verdi, bruk mindre enn du tener og start å spara i bitcoin. Begynn å telja verdiane dine i sats.

Eller du kan velja å ikkje gjera det. Du kan velja å bli i «krypto wonderland», kjøpa NFT-ar av apekattar og delar av Ponzi-system bygd på kvikksand. Du kan endå ein gang tru alle løgner om det neste autisitiske vidunerbarnet og bli overbevist om at det fundamentale ikkje betyr noko og at prinsipp er verdilause. Du kan også bli verande i fiat-slaveriet og tru at pengar ikkje skal stelast frå deg (så lenge graden av steling er mellom, la oss seia, 2-9 %), at å trykkja billionar ut av lause lufta er fornuftig monetær politikk og at digitale sentralbankpengar er ein smart idé.

Bitcoin bryr seg ikkje uansett. Men når (ikkje om) den neste sentraliserte avskyelege tenesta imploderer, og når (ikkje om) bitcoin når nye høgder igjen, og når mainstream media ropar «boble» igjen, og når bitcoin-prisen blir korrigert endå ein gang etter det, og når tullingar igjen blir skilde frå pengane dei trudde dei hadde, så hugs dette: du burde visst betre. Du burde ha halde dine eigne nøklar. Du burde ha køyrt din eigen (full-)node. Du burde ha vore audmjuk. Du burde ha stabla sats. Du burde ha lytta til giftige bitcoin-maksimalistar. Du burde lese ei bok eller to. Du burde ha halde deg unna shitcoins, og Ponzi-spel og sentraliserte «point of failures». Men du gjorde ikkje det. Og du har ingen andre å skulda på enn deg sjølv. 

Lykke til.

Fotnotar
1. Lol
2. Berre sjå på dette vanvittige rotet. Sjå på det!
5. «Crypto» har ingen monetær politikk så det er ikkje ein gang verdt å nemna. Om du er nysgjerrig, les Lyn Aldens artikkel eller berre sjå på eit av desse to bilda.