lørdag 24. november 2007

Albert Åberg - 40 år etter

Johan Harstad har fått den geniale ideen å skriva historia om kva som skjedde med barnebok-figuren Albert Åberg. Dei fleste kjenner Gunilla Bergströms barnebøker med Albert og pappa Bertil som bur åleine.

Romanen har tittelen "Hässelby" og undertittelen "Demonteringen har begynt" meir enn antydar kva veg dette går. Det som fortonar seg som eit idyllisk far/son-forhold i barnebøkene viser seg å vera eit altfor tett og øydeleggjande forhold. Far Bertil er nok ikkje den kjærlege og omsorgsfulle pappaen som vi meiner å hugsa; han øver ei øydeleggjande kraft på Albert ved å gjera forholdet altfor tett så ingen av dei til slutt får pusta. Albert klarer ikkje å lausriva seg frå faren, trass i fleire forsøk, og endar med å gå til grunne i klaustrofobien. Far og son Åberg går til grunne saman med sjølve det svenske idealsamfunnet - folkhemmet.

Trass i den håplause grunntonen og utviklinga er ikkje dette berre ei dyster bok. Det er mange artige situasjonar og sitat/hint for alle som kjenner utgangshistoria. "Du er snill du, Albert, du kunne ha vore ein barnbokfigur". Eller når det for alvor begynner å gå nedoverbakke med Albert etter at han har flytta heimatt til faren og begynt å arbeida på lageret på Clas Ohlson. Han får sparken frå Clas Ohlson og blir beden om å gå, men svarer "skal bare, jeg skal bare.." - eit uttrykk Albert Åberg-kjennarar vil nikka smilande til.

Det er kreativt og det er godt skrive og Johan Harstad brukar musikkreferansar på ein overbevisande måte gjennom romanen. Slutten blir litt "over the top" for min del, men det reduserer ikkje verdien av boka. Les den!

Ingen kommentarer: