lørdag 23. mai 2009

CIA og Kryptos

Mai-nummeret av Wired er via mysterium av ulike slag. Eit av dei fascinerande mysteria er Kryptos, ein skulptur som står utanfor CIA sitt hovudkvarter. Skulpturen vart laga av James Sanborn i samband med eit nybygg i 1988 og ferdigstilt i 1990. Sidan dette er inne på heilag grunn, så og seia, er ikkje skulpturen tilgjengeleg for andre enn CIA-tilsette.

Kopar-skulpturen er bølgjeforma og har bokstav-inskripsjonar i form av krypterte meldingar. Det er fire blokker med krypterte meldingar, og etter 20 år har ingen greidd å tyda all teksten. Det er begynt å gå CIA-folka, med fleire, på nervane og den godaste skulptøren har vorte både trua og skjelt ut av frustrerte kodeknekkjarar.

Sanborn visste ikkje mykje om kryptografi då han starta arbeidet med skulpturen. Han måtte difor få opplæring av ein nyleg pensjonert CIA-agent ekspert på kryptering. CIA-agenten lærte Sanborn om ulike krypteringsmetodar frå slutten av 1800-talet og fram til siste verdskrig. Læremeister Ed Sheidt rekna med at koden ville bli løyst innan relativt kort tid, men det skulle ta 8 år før dei tre første seksjonane var løyste.

Den siste kodeblokka er framleis ikkje løyst, snart 20 år etter. Det må seiast å vera eit ganske genialt stykke arbeid frå Sanborn si side. Ein hemmeleg (kryptos er gresk for gøymd) bodskap midt i CIA-hovudkvarteret, og som dei sjølve ikkje finn ut av.

3 kommentarer:

Lars Marius Garshol sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Lars Marius Garshol sa...

Jeg hadde mye å si om dette da jeg så det første gang, men klarte å holde meg. Denne gangen er jeg nok ikke like heldig. :)

I USA er det NSA som først og fremst er kodeknekker-organisasjonen, ikke CIA. CIA ble opprettet av Eisenhower for å være en etterretningsorganisasjon, men har aldri egentlig blitt det. I stedet har CIA først og fremst jobbet med det som kalles "covert ops". Dvs: å styrte regimer USA ikke liker, gjerne ved hjelp av skitne metoder. Etterretningsarbeidet har de ofte overlatt til andre, som f.eks Mossad.

CIA-historien Legacy of Ashes av Tim Weiner anbefales på det varmeste. David Kahn's The Codebreakers likeså.

Ingenting av dette betyr at skulpturen ikke er kul. Men den står nok på feil sted. :)

Svein Ø sa...

Bra presisering, Lars Marius. Det er klart det er NSA som er ekspertane på denne type utfordringar. Når det er sagt, er Kryptos-koden kjendt for heile verda, også NSA, og den er framleis ikkje løyst.

Det finst også grupper m.a. på Yahoo med mange medlemmer som har Kryptos-koden som hovudutfordring, og Wired skriv også om personar som har gitt opp jobben og brukar all si tid på denne utfordringa.

Men det hadde vore endå betre om skulpturen stod hjå NSA.