 Det er nok av historiar om eit håplaust helsevesen, og eg tvilar ikkje på at det er store strukturelle problem. Men det er viktig å løfta fram ting som går bra også.
Det er nok av historiar om eit håplaust helsevesen, og eg tvilar ikkje på at det er store strukturelle problem. Men det er viktig å løfta fram ting som går bra også.I dag hadde eg noko som kan kallast eit "drop in"-besøk på Lærdal sjukehus (ligg under Helse Førde som igjen er ein del av Helseregion Vest). Eg skulle til Lærdal i eit anna ærend (sjekk av tannregulering for nest eldste dottera) og tenkte at det var verdt eit forsøk om det gjekk an å få teke eit røntgenbilete av handa mi. Eg har hatt problem med ein finger på høgrehanda etter ein "slåsskamp" med ein sau (!).
Legen ved Helsesenteret i Sogndal ville gjera eit forsøk og ordna ein rekvisisjon i dag tidleg, og ringde deretter sjukehuset. Med rekvisisjonen i handa var røntgenbiletet unnagjort på under halvtimen.
På den eine sida kan ein seia at det skulle berre mangla, det kan ikkje vera så vanskeleg og tidkrevjande å ta eit røntgenbilete av ei hand. Men på den andre sida trudde eg eigentleg ikkje det ville vera muleg å ordna det så raskt og effektivt. Så velfortente plusspoeng til helsevesenet her, særleg kombinasjonen primær-helsetenesta i Sogndal og Lærdal sjukehus.
 
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar