torsdag 30. juli 2026

Venstresida bør forstå Bitcoin

Laurdag 25. juli hadde Klassekampen eit intervju med økonom Ann Pettifor. Jounalist Line Madsen Simenstad stod for intervjuet og det var ein del av KK-serien "Samtidsdiagnoser" der eit knippe tenkjarar blir utfordra på dei store spørsmåla i tida. Eg sende inn ein kommentar til artikkelen, og den vart publisert i dag (30. juli).

Ann Pettifor, som eg må innrømma eg ikkje har høyrt om før, er kjent for mellom anna å ha spådd finanskrisa, i boka "The Coming First World Crisis" i 2006. No er ho aktuell med boka "The Global Casino". Pettifor framhevar KI og krypto som to enorme bobler som ho trur vil utløysa den neste finanskrisa. Omtalen hennar av Bitcoin/krypto er likevel svært mangelfull, det same er forståinga hennar av omfanget av krypto sett opp mot globale finansverdiar totalt. Når "kjende" økonomar bommar så kraftig på eit område eg meiner eg kjenner godt, blir eg også skeptisk til kva anna dei tek like lett på.

Klassekampen sitt innhald er bak betalingsmur, og det gjeld dessverre også debattinnlegg som dette. Eg kan dessverre ikkje gjengi originalartikkelen her, den må skaffast på anna vis.


Venstresida bør forstå Bitcoin

Svein Ølnes, styremedlem i Bitcoinpolitisk institutt (BPI), 28.07.2026

I intervjuet med økonom Ann Pettifor laurdag 25.07 stiller KK-journalist Line Madsen Simenstad eit veldig godt spørsmål: Kryptomiljøet har mykje av den same kritikken mot finansbransjen – bør ikkje venstresida prøva å nå desse med sine analysar? Men Pettifor svarer dessverre ikkje på spørsmålet. Ho avfeier bitcoin/krypto som verdshistoria sitt største pyramidespel. Her er det moralsk indignasjon som er styrande, ikkje fagleg argumentasjon. Påstanden hennar om at krypto skal kunna bidra til ei enorm finansboble er også teken ut av lause lufta. Verdien av all krypto er knapt synleg sett opp mot dei globale finansverdiane.

Venstresida både kan og bør gå i dialog med Bitcoin-miljøet. Som Madsen Simenstad skriv, er analysane ulike, men kritikken av dagens finanssystem er veldig lik. Bitcoin ser ved første augekast ut til å kryssa av på alle liberalistiske punkt, og det får mange på venstresida til å avvisa det automatisk. Men ved nærmare ettersyn har Bitcoin eigenskapar som dei fleste på venstresida vil kunna slutta opp om:

·         Det er eit rettferdig system i den forstand at alle, i heile verda, har lik tilgang til systemet.

·         For mange forfølgde (dissidentar, opposisjonelle) er Bitcoin avgjerande for å kunna fungera i totalitære og autoritære styresett.

·         Det gir folk utan tilgang til banktenester eit alternativ.

·         Det er ope og transparent og gjer korrupsjon vanskeleg

·         Det er eit berar-instrument der verdiane går direkte frå avsendar til mottakar, utan bruk av mellomledd, noko som gjer at det i framtida kan bli brukt som global oppgjersvaluta og slik utfordra dollarhegemoniet.

Så er det sjølvsagt sider ved Bitcoin som mange på venstresida vil har problem med, mellom anna at det er eit pengesystem staten ikkje har kontroll med. Men i si tid var det også heilt utenkjeleg at eit globalt informasjonssystem skulle baserast på Internett; eit system ingen statar kontrollerte.

 

tirsdag 21. april 2026

Bitcoin er pengar for fiendar

Dette lesarinnlegget vart sendt til Dagens Næringsliv, men vart ikkje publisert.

.....

Bitcoin i Hormuz-sundet

Iran krev betaling i bitcoin for skip som vil passera gjennom Hormuz-sundet, i følgje ein artikkel i Financial Times 08.04. Den første tanken er at det kanskje ikkje er den beste marknadsføringa av bitcoin som betalingsmiddel, gitt det brutale regimet. Men ved nærmare ettertanke viser dette bitcoin sitt potensial som globalt oppgjerssystem i framtida.

Financial Times skriv at skip som ynskjer å passera gjennom Hormuz-sundet, må senda e-post til iranske styresmakter som etter ei eventuell godkjenning av søknaden, krev at ei passeringsavgift blir betalt i bitcoin. Grunnen til ynskje om betaling i bitcoin er at sjølve transaksjonen ikkje kan stoppast, og at den er endeleg oppgjort i det den blir inkludert i ei ny blokk på bitcoin-blokkjeda (og får 5-6 nye blokker «oppå» seg). Sjølv om dette er eit utspel frå iransk side, er det eit interessant teikn i tida.

Bitcoin er pengar også for fiendar, noko denne saka viser. Og bitcoin er perfekt som betalingsmiddel mellom aktørar som ikkje stolar på kvarandre. I ei verd som blir stadig meir multipolar, og der USA sitt dollar-hegemoni blir sterkare utfordra, er bitcoin eit realistisk alternativ som betalingssystem. Mykje av grunnen er at pengesystema våre i stadig større grad blir brukte som våpen, dvs. brukte til sanksjonar og frysing av bankkonti i konfliktar. Amerikanske dollar er i særstilling her, i tillegg til at USA også kontrollerer SWIFT-systemet som blir brukt til pengeoverføringar globalt.

Krigen mot Iran har vist at bruken av dollar som våpen, er i ferd med å mista kraft. Iran er mellom dei hardast sanksjonerte landa i verda, likevel finn dei vegar utanom dollaren for oppgjer utanfor grensene. I dag er bitcoin ein for liten og for volatil valuta til å spela ein større rolle som globalt betalingsmiddel. Men ei framtid med eit nøytralt pengesystem for globale betalingar, er nærmare enn mange trur.

 

onsdag 7. januar 2026

Bøker 2025

Det er viktig å lesa, og det er også viktig å lesa romanar og la tankar og fantasi få flukt. Det er lite som kan måla seg med å vera inne i ei god bok og gle seg til neste dag og halda fram lesinga.

Eg føretrekk papirboka, utan tvil, men fordi eg har mykje arbeid ute; arbeid som ikkje lagar mykje lyd (skjering av frukttre, kniping av blomster på ungtre, epleplukking ++) har det vorte meir lydbok etter kvart. Og lydboka er ei god erstatning, særleg når det er ein god opplesar, gjerne forfattaren sjølv. I fjor høyrde eg fleire bøker på nytt, som lydbok, og det var ei fin oppleving.

Det er vanskeleg å plukka ut favorittar, for bøkene er ganske ulike. Men som ei siste helsing til Cormac McCarthy vil eg framheva "Stella Maris" som lydbok.

Eg las dei to bøkene "The Passenger" og "Stella Maris" i 2023 i engelsk versjon, og høyrde "Stella Maris" om att på lydbok i haust på norsk. Det var fengslande! Elles må eg også nemna "Det åttende livet" som jo er ein internasjonal bestseljar, men likevel veldig fascinerande trass i sine 1100 sider (!). Også "Balansekunst" var kjekk å høyra om att som lydbok.

Bøker 2025
Richard Holden: “Money in the 21st Century”

Natalie Smolenksi (red.): “The Satoshi Papers”

Guri Idsø Viken: “Krakk”

Agnes Ravatn: “Gjestene”

Carl Frode Tiller: “Arbeiderhjerte (1)”

Gregory David Roberts: “Shantaram” (lydbok)

Rohinton Mistry: “Balansekunst” (lydbok)

Andrev Walden: “Jævla menn” (lydbok)

Kyrre Andreassen: “Svendsens Catering” (lydbok, lese av KA)

Pascal Engman: “X” (lydbok)

Nino Haratischwili: “Det åttende livet” (lydbok)

Kjersti Annesdatter Skomsvold: “Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg”

Adania Shibli: “En liten detalj”

Haruki Murakami: “Norwegian Wood”

Johan Harstad: “Under brosteinen – stranden!”

Cormack McCarthy “Stella Maris” (lydbok)

Frode Grytten: “Den dagen Nils Vik døde”

Cormac McCarthy: “The Crossing” (“Over Grensen”, lydbok)

Cormack McCarthy: “All the Pretty Horses” (“Alle de vakre hestene”, lydbok)

Cormac McCarthy: “The Road” (“Veien”, lydbok)

Erlend Loe: “Doppler” (lydbok)

Kjartan Fløgstad: “Skriftarbeid”

Marit Eikemo: “Vi er brødrene Eikemo”

Lars Saabye Christensen: “Herr Knapps uforrettede saker”

tirsdag 23. desember 2025

100-årsjubileum for kvantemekanikken

I år (2025) er det 100 år sidan det viktige fundamentet for kvantemekanikk/-fysikk vart lagt. Gjennombrotet stod den unge tyske fysikaren Werner Heisenberg (23 år den gangen) for, og det skjedde på den isolerte og forblåste øya Helgoland, langt ute i Nordsjøen. Grunnen til at Heisenberg var der, sommaren 2025, var at han "flykta" frå ei ekstrem høysnue, og på Helgoland var det fritt for tre, planter og pollen i mange mils avstand.

Utfordringa frå Niels Bohr
Der fekk han rikeleg tid til å grubla over utfordringa særleg Niels Bohr hadde gitt han. Bohr kjøpte ikkje idéen om at eit atom kunne forståast som eit solsystem i miniatyr, med elektron som gjekk i bane rundt kjernen om lag som planetar rundt ei sol. Han fekk det ikkje til å stemma med utrekningar av energi i form av lys. Formlane føresette at elektrona krinsa rundt kjernen i visse bestemde baner og deretter hoppa på magisk vis over i ei anna. Dette spranget - "kvante-spranget" - var til då umuleg å forklara.

Berre det observerte!
Heisenberg var djupt fascinert av Einstein og hans måte å forska på: Ta utgangspunkt berre i det me ser, ikkje det me trur finst eller bør skje. Altså er observasjonar det essensielle. Heisenberg tenkte at dersom det ikkje er muleg å finna nye rørsle-lover som kan forklara elektrona sine hopp, får me halda oss til kjente rørsle-lover og heller endra måten me tenkjer om sjølve elektronet på. La oss berre beskriva det me kan observera frå utsida: intensiteten og frekvensen i lyset elektronet sender ut. Heisenberg med tabellar (matriser) som har elektrona si startbane langs linjene (vassrett) og og ankomstbane langs kolonnene (loddrett). Han reknar og reknar og får til slutt verdiane til å stemma med Bohr sine postulat. Han skriv sjølv om gjennombrotet (frå boka "Helgoland" av Carlo Rovelli):

"Med ett var jeg ikke lenger i tvil om at den nye 'kvantiske' mekanikken som beregningene mine indikerte, var konsistent. 

Jeg var aldeles skrekkslagen. Jeg hadde følelsen av at jeg tvers gjennom fenomenenes overflate skuet ut mot et usedvanlig vakkert indre; jeg følte meg svimmel ved tanken på at jeg nå ble nødt til å granske denne nye rikdommen av matematisk struktur som Naturen så sjenerøst bredte ut foran meg."

"Vanvittig artikkel"
Tilbake på fastlandet tidleg i juni leverer han ein kopi av artikkelutkastet han har skrive, til professor Max Born som han er assistenten til. Han skriv til Born: "Jeg har skrevet en helt vanvittig artikkel, og jeg våger ikke å sende den til noe tidsskrift for å få den publisert". Max Born les gjennom artikkelen og sender den til Zeitschrift für Physik. Sjølv om oppdaginga til Heisenberg er revolusjonerande, er kjernen i den ganske enkel: kreftene er dei same som i klassisk fysikk, men variablane er erstatta med tabellar (eller matriser) som representerer elektronet sin posisjon. 

"Knabenphysik"
Som vanleg tek det tid før nye og revolusjonerande idéar får feste, og ofte er det dei eldre og etablerte som nektar å innsjå den nye tida. I Göttingen, der Heisenberg, medstudent Pascual Jordan og professor Max Born heldt til, vart fysikken deira kalla "Knabenphysik" - fysikk for gutungar.

Historia om Werner Heisenberg si grensesprengjande oppdaging er henta frå boka "Helgoland", skriven av den italienske fysikaren Carlo Rovelli, omsett av Birgit Owe Svihus).

Kvante-datamaskiner og Bitcoin
Gjennombrotet i kvante-fysikken har lagt grunnlaget for mange av dei viktigaste innovasjonane i det siste århundret; alt frå grusomme innovasjonar som atombomba til nyttigare ting som GPS. I desse dagar er kvante-datamaskiner eit heitt tema, særleg for dei som er interesserte i Bitcoin. Grunnen er at utviklinga av kvante-datamaskiner kan gjera dagens krypteringsalgoritmar sårbare.

Nokon som forstår?
Kvantedatamaskiner fungerer på ein heilt annan måte enn våre vanlege datamaskiner. Eg skal ikkje prøva å forklara, eg har ikkje peiling. Men eg er redd mange som arbeider med utvikling av slike maskiner heller ikkje veit korleis dei fungerer. Då er me tilbake til kvantemekanikken, som eigentleg er uforståeleg, men som fungerer. Som det ofte blir sagt om kvantemekanikk: "Viss du trur du forstår det, har du ikkje forstått noko!".

Kvantedatamaskiner er framleis i ein tidleg fase, og fungerer berre i strengt kontrollerte laboratorium (f.eks. må temperaturen vera nær det absolutte nullpunktet (-273 grader C). Det blir likevel gjort store framsteg stadig vekk, og det er eit intenst kappløp mellom i første rekkje USA og Kina.

Knekking av offentleg nøkkel-kryptering
Kvantedatamaskiner vil neppe overta for vanleg datamaskinen-teknologi, til det er dei for spesielle. Men for enkelte operasjonar, som f.eks. faktorisering av tal, kan dei visa seg å bli heilt avgjerande. Og det er her trusselen mot dagens krypteringsmetodar ligg. Den absolutt vanlegaste kryperingsmetoden i bruk i dag, er basert på offentleg nøkkel-prinsippet. Det er ein såkalla asymmetrisk krypteringsmetode sidan nøkkelen for å låsa att og for å låsa opp ikkje er den same. Det er eit nøkkelpar, privat og offentleg nøkkel, som fungerer slik at informasjon kryptert med den private nøkkelen, kan låsast opp med den offentlege - og omvendt. Det er denne metoden som ligg til grunn for nesten all sikkerheit på internett i dag, frå https-protokollen til BankID.

Når skjer gjennombrotet?
I Bitcoin, og dei fleste andre kryptovalutaer, blir offentleg nøkkel brukt til å bevisa eigarskap. Å eiga ein bitcoin (eller ein del av ein bitcoin) er det same som å ha tilgangen til den private nøkkelen knytt til  den aktuelle bitcoin. Å finna den private nøkkelen med utgangspunkt i den offentlege, er nærmast umuleg med dagens datateknologi. Men med vidare utvikling av kvantedatamaskiner stiller det seg annleis. Då er det på lenger sikt ikkje lenger ein trygg metode fordi slike maskiner kan rekna ut den private nøkkelen ved å kjenna den offentlege. Det store spørsmålet er når det kan komma til å skje, og kva som må gjerast for å hindra det. 

Bitcoin som honningkrukke
Når så å seia all sikkerheit på nettet byggjer på offentleg nøkkel-metoden kan ein seia at Bitcoin er eit lite problem i den store samanhengen. Men Bitcoin er ei enorm honningkrukke sidan all informasjon ligg ope tilgjengeleg på nettet i form av blokkjeda. Ein relativt stor del av alle bitcoin i omløp (20-25 %) er direkte sårbare sidan den offentlege nøkkelen er lagra direkte. For resten av bitcoin, er den offentlege nøkkelen verna gjennom hash-funksjonar. Ein hash-funksjon er ein einvegs krypteringsmetode der det ikkje skal vera muleg å få tilbake utgangsinformasjonen gitt hash-verdien. Hash-metodar er rekna for å vera mykje sikrare mot kvantedatamaskiner enn offentleg nøkkel-kryptografi.

Kvantesikre metodar
Det finst meir eller mindre kvantesikre krypteringsalgoritmar, og det er eit felt det blir forska mykje på. Standardiseringsorganet NIST (National Institute of Standards and Technology) i USA har godkjent fleire slike algoritmar. I Bitcoin-miljøet er det litt ulikt syn på kor presserande utfordringa frå kvantedatamaskiner er. Enkelte slår på den store alarmklokka og meiner det er berre tida og vegen sidan utviklinga av kvantedatamaskiner har teke store steg på kort tid. Andre meiner at fungerande kvantedatamaskiner som klarer å rekna ut den private nøkkelen på bakgrunn av den offentlege, framleis er fleire tiår unna. Men som alltid er det lurt å vera føre var. Det har alt komme forslag til korleis ein kan sikra bitcoin mot kvanteangrep, og det vil heilt sikkert komma fleire. Så vil det bli mykje diskusjon om kva som er den beste måten, og korleis det skal implementerast på ein best muleg måte. 

"Don't break things"
Det er vanskeleg å endra Bitcoin (koden), og som det heiter: "It's a feature, not a bug". Der mange av kryptovalutaene arbeider etter mottoet "Move fast, break things", er det motsette tilfelle med utviklinga av Bitcoin. Det er definitivt ein av styrkane til Bitcoin at det ikkje skjer raske endringar, men at endringar tek lang tid. Dei fleste endringsforslaga fører aldri fram, for det skal vera svært gode grunnar for å gjera endringar anna enn feilrettingar i programkoden.

Trusselen frå kvantedatamaskiner er nok ein svært god grunn til å gjera vesentlege endringar i koden.

tirsdag 9. desember 2025

Money in the 21st Century

Det manglar ikkje akkurat bøker om økonomi og finans, men det manglar gode bøker som i tillegg til eit  ordinært perspektiv også forstår det stor skiftet som er på veg med Bitcoin og kryptovaluta. Richard Holden, professor i  økonomi ved New South Wales University i Sydney, gjer eit forsøk i denne boka, men eg tykkjer ikkje han lykkast godt med det.

Når det er sagt, vil eg tilrå boka fordi Holden skriv godt og lærerikt om dagens penge- og finanssystem. Av ein eller annan grunn skriv han for det meste om USA, sjølv om han er australiar.

Uheldig "timing"
Undertittelen på boka er "Cheap, Mobile, and Digital" - altså karakteristikkar av pengar i den 21. århundre som me snart har passert 26 år av (hugs at århundret starta i 2000 ;). Etter mitt syn er det to hovudproblem med boka til Holden: feil "timing" og mangel på grunnleggjande forståing av fenomenet Bitcoin (og kryptovaluta). "Timing" er vanskeleg å kritisera forfattaren for, boka vart ferdig i 2023 (utgjeven i 2024) og dermed har ikkje Richard Holden fått med seg den totale endringa som har skjedd på krypto-området etter at Trump igjen vart president. Holden har heller ikkje fått skikkeleg med seg inflasjonsspøkelset som igjen truar økonomien i vestlege verda, dermed blir ein av hovudkarakteristikkane "Cheap" noko misvisande om dagens pengar.

Kva er Web3??
Richard Holden er svoren tilhengjar av digitale sentralbankpengar (DSP) og argumenterer sterkt for at USA må innføra det og ikkje overlata det til marknaden. Han ser vidare for seg at digitale sentralbankpengar skal bli drivstoffet for Web3. Men Holden gir ikkje noka (god) forklaring på kva Web3 er eller kva det skal bli. Det blir uklare formuleringar om smarte kontraktar. Det er kanskje ikkje så merkeleg at gode forklaringar på Web3 manglar, for det er kanskje så enkelt som at det er ein VC-generert "hype" utan substans. 

Tre personar
I tillegg til dei tre hovudkarakteristikkane "cheap", "mobile" og "digital", har Holden tre favorittpersonar han byggjer boka rundt: Janet Yellen (tidlegare finansministar i Biden-administrasjonen), Raghuram Rajan (tidlegare sentralbanksjef i India og kjend også frå Verdsbanken) og Vitalik Buterin, ein av grunnleggjarane av Ethereum.

På demokratane si side
Lovprisinga av Yellen (og Rajan) viser tydeleg den politiske ståstaden til Richard Holden; den er trygt innafor det demokratiske partiet i USA. Det er lite kritikk å finna til den økonomiske politikken demokratane førte under Biden, og då særleg politikken på området kryptovaluta (her er det kanskje rettare å seia mangel på politikk). Holden kjem med litt kritikk av senator Elizabeth Warren og tykkjer ho går for hardt ut mot alt som har med kryptovaluta å gjera. Men han ser ikkje ut til å ha forstått kor instrumental Warren var når det gjaldt tiltak mot kryptovaluta. Ho var i praksis den som stod bak alle hindringar demokratane skapte for alle involverte i kryptovaluta, og brukte sjølv slagordet "war against crypto" utan blygsel. 

Choke Point 2.0
Det har etter kvart komme fram kva metodar demokratane brukte for å hindra bitcoin- og kryptorelatert verksemd. Aktiviteten hadde preg av koordinert innsats for å hindra mest muleg, og har fått namnet "Operation Choke Point 2.0" (Choke Point 1.0 var Obama-adm. sitt forsøk på å leggja hinder i vegen for uønska, men lovleg, verksemd som veddemålstenester ("betting"), våpensal, porno m.m.). Nic Carter, kjend figur i Bitcoin- og kryptomiljøet, har skrive utførleg om Choke Point 2.0, og her er ein artikkel i Forbes som brukar denne dokumentasjonen.

Holden nemner ikkje dette og den einaste kritiske kommentaren til Biden-administrasjonen er som nemnt omtalen av Elizabeth Warren sin nokså einsidige kamp mot krypto.

DSP og Bitcoin
Richard Holden has som nemnt, grunnleggjande tru på digitale sentralbankpengar, og meiner at dersom USA innfører det, kan det utkonkurrera bitcoin som grunnlag for Web3. Det er med slike påstandar eg hevdar at Holden ikkje har forstått Bitcoin og kva verdi dette pengesystemet gir. For det første er DSP neppe ein konkurrent til Bitcoin, og i alle fall ikkje som digitale pengar i luftslottet Web3. For det andre er det svært lite som tyder på USA kjem til å innføra digitale sentralbankpengar. Tvert om har Trump-administrasjonen fremja eit lovforslag som seier eksplisitt at sentralbanken (The Fed) ikkje skal laga digitale sentralbankpengar, men at marknaden skal ordna det gjennom stabilvaluta ("stablecoins"). Lovforslaget er enno ikkje vedteke, men i inneverande presidentperiode blir det garantert ingen DSP, og eg tvilar på om demokratane vil innføra det om dei kjem i posisjon i 2028.

Holden er heller ikkje særleg uroa for den aukande faren for overvaking knytt til DSP. Det botnar nok i ein grenselaus tillit til staten. Dei skiftande og urolege tidene me opplever no, gir ikkje akkurat grunn til ein slik grenselaus tillit. Då vil Bitcoin framstå som eit sikringsventil mot eit dystopisk overvakings-samfunn.

mandag 1. september 2025

Thomas Piketty og alternativ reservevaluta

Klassekampen publiserte laurdag 23.08 eit innlegg frå Thomas Piketty om at me treng ein alternativ global reservevaluta som kan erstatta dollaren. Eg var overraska over at Piketty ikkje hadde noko alternativ å peika på, og skreiv difor eit lesarinnlegg som vart publisert i siste laurdagsutgåva, 30.08.

Det Piketty vil ha, finst

Thomas Piketty skriv i Klassekampen 23.08, i Inger Sverreson Holmes omsetjing, at verda treng ein ny global valuta; ein ny reservevaluta som kan ta over for den amerikanske dollaren. Bakgrunnsdata og analyse frå World Inequalilty Lab er god og interessant, men der stoppar det, for Piketty har ikkje anna enn fromme ønskje å komma med. Det blir difor eit slag i lufta.

Men alternativet ligg nærmare enn det Piketty og andre kanskje trur. Bitcoin har gjennom 16 år vist ein utruleg overlevelsesevne og er i dag sterkare enn nokon gang. Internasjonal handel er ofte mellom partar ssom ikkje stolar heilt på kvarandre, eller som jamvel er i konflikt med kvarandre. Likevel har amerikanske dollar eit hegemoni som verdsvaluta, og trass i uttalte ønskje frå BRICS-landa om å redusera handelen med dollar som oppgjersvaluta, har dei ingen reelle alternativ. Det er urealistisk at kinesiske renminbi, indiske rupee eller russiske rublar skal bli sentral oppgjersvaluta for desse landa. Difor har  me sett fornya interesse for bruk av gull til oppgjer mellom land, og sentralbankane i den nemnde BRICS-landa hamstrar gull.

Gull har likvel for store svakheiter til at det kan bli ein dominerande oppgjersvaluta. Det er vanskeleg å transportera, og resultatet blir då stor grad av tillit til at endringar i gullbalanse faktisk blir gjennomført. Bitcoin er som digitalt gull. Det har avgrensa mengde (21 mill. bitcoin), er lett å transportera digitalt og er eit berarinstrument, dvs. det er ingen motpartsrisiko slik det er i vanleg valuta.

Bitcoin er ein nøytral valuta som ingen land bestemmer over, og er slik sett ein ideell oppgjersvaluta, ikkje minst mellom land som ikkje stolar på kvarandre. Kva skal så til for at bitcoin blir eit alternativ til den amerikanske dollaren? Først og fremst må likviditeten, altså tilgangen til bitcoin, bli mykje betre. Samanlikna med dollar som den mest likvide av alle valutaer, er det eit godt stykke opp. Men om bitcoin held fram utviklinga slik me har sett så langt, er det mykje som tyder på at det kan bli ein aktuell reservevaluta i løpet av ein tidsperiode på 5-10 år.

 

Svein Ølnes, styreleiar i Bitcoinpolitisk Institutt Norge

 


fredag 28. februar 2025

Narkobaronen Ross Ulbricht?

Journalist Karima Furuseth i Morgenbladet skreiv 3. februar i år ein artikkel om frigjevinga av Ross Ulbricht. Tittelen var "Det går en ideologisk linje mellom narkobaronen Ross Ulbricht og Trumps USA".

Eg vart provosert av merkelappen "narkobaronen" i omtalen av Ross Ulbricht. For alle som kjenner historia til Ross Ulbricht og Silk Road er det ein omtale utan respekt og utan ei reell vurdering av saka. Med "narkobaron" blir RU automatisk sett i bås med forbrytarar som Pablo Escobar og hans like. Det er grovt urettferdig.

Eg sende difor lesarinnlegget under, men høyrde aldri frå Morgenbladet. Det er i seg sjølv eit dårleg teikn, særleg i desse dagar då redaktørstyrte medium rettar søkjelyset mot Jeff Bezos' inngrep og styring av den redaksjonelle linja i Washington Post. Bezos' handling er eit angrep på det viktige skiljet mellom eigar og redaktør i ei publiseringsverksemd, og det er god grunn til å reagera på framferda hans. Men då må dei som ropar opp også sjå seg sjølv i spegelen og ta ein diskusjon om korleis dei sjølve forvaltar den viktige ytringsfridommen. Eg meiner ikkja at Morgenbladet eller andre skal publisera alle innlegg dei får tilsende, men i det minste bør dei formidla avslag. I staden skriv dei "Går det fem arbeidsdager etter det uten at du får svar, kan du sende innlegget videre." Det tykkjer eg er for dårleg. 

Narkobaronen Ross Ulbricht?

Då eg såg tittelen på Karima Furuseths artikkel om Ross Ulbricht, frykta eg det verste. Med uttrykket «narkobaron» blir Ross Ulbricht sett i bås med Pablo Escobar og hans like. Då er det vel ikkje tvil om at Ross Ulbricht var ein forferdeleg fyr, og at å sleppa han laus var endå ei uhyrleg sak frå president Trump?

Så er heldigvis artikkelen meir balansert, men med merkelappen klistra til namnet, er skaden alt gjort. Ross Ulbricht var mannen bak Silk Road, som Furuseth skriv, og tenesta var ei slags finn.no for både lovlege og ulovlege varer. Dei siste var mest populære, og særleg var narkotiske stoff ei populær handelsvare. Det er ikkje tvil om at Ulbricht braut amerikansk lov, men det er heller ikkje tvil om at dommen mot han var hinsides rettferd og proporsjonalitet, noko mange i det amerikanske rettsystemet også har peika på.

Furuseth skriv vidare at Ross Ulbricht vart funnen skuldig på alle tiltalepunkta. Det stemmer også, men la oss sjå på tiltalepunkta han vart dømt for:

·         engasjement i ei pågåande kriminell verksemd

·          sal og distribusjon av narkotika

·         kvitvasking av pengar

·         dokumentfalsk

·         datahacking

For dette fekk han ein dom på to ganger livstid pluss 40 år (i amerikansk rett blir straffeutmålinga for kvart tiltalepunkt lagt saman til slutt, difor denne meiningslause dommen). Eg tvilar på om det er mange som meiner at denne dommen var balansert og rettferdig.

Grunnen til den særs strenge dommen var truleg eit forsøk på å statuera eit eksempel, og eit håp om kanskje å stoppa den brysame framveksten av bitcoin. Når narkotika i tillegg var involvert, var to av dei største samfunnsfiendane på plass.

Om Ross Ulbricht burde ha vore benåda, kan diskuterast, men frigjevinga av han er ei veldig bra gjerning frå Trump si side. Ulbricht sona nesten 12 år, og det synest nok i høve tiltalen. Så kan det også leggjast til at med tanke på kriminalitet, var truleg Silk Road medverkande til ein reduksjon sidan narkotika enkelt kunne handlast over nettet utan kriminell åtferd av anna slag. 

torsdag 27. februar 2025

Leseliste

"The Mandibles" er ein 
framttidstystopi i nær framtid.
Dessverre svært aktuell i
desse dagar
.
Fortel meg kva bøker du les, og eg skal seia deg kven du er.

Det er nok ikkje utan grunn at biblioteka er forsiktige med lagring av informasjon om kva bøker folk låner. Sjølv om informasjonen ikkje fell under begrepet "særlege kategoriar" (tidlegare kalla sensitive opplysningar), vil slik informasjon kunna bidra til å gi utfyllande informasjon om ein person.

Når eg legg ut lista over bøker eg har lese, er det først og fremst som eit arkiv for meg sjølv. Det kunne eg hatt lokalt, på min eigen pc, og det har eg. Men så skjer det av og til uforklarlege ting som gjer at informasjon forsvinn. Då eg slutta ved Vestlandsforsking hausten 2023, vart Dropbox-kontoen min knytt til VF avvikla. På Dropbox hadde eg i tillegg til jobbrelaterte filer, knytt til VF-epostadressa, også private filer knytt til mi private epostadressa. Så skjedde det merkelege at dei private filene mine forsvann saman med dei jobbrelaterte, og det var umuleg å få dei tilbake. Nyttig lærdom som mange kanskje er klar over: kven kontaktar du når slikt skjer? Dropbox er det i alle fall ingen vits å prøva å kontakta, det har eg prøvt.

Så hadde eg slurva med backup av filene på pc-en min, og plutseleg var mykje av dei to siste åra (2022 og 2023) borte. Eg har prøvt å rekonstruera ein del, også lista over lesne bøker. Her er det eg har klart å rekonstruera for 2023, pluss det eg har registrert for 2024.

2023 og 2024

Rune Østgård og Mattis Storhaug: “Arrow of Truth”

Hilde Susan Jægtnes: “Anitra”

Stefan Zweig: “Verden av i går”

Kyrre Andreassen: “Ikke mennesker jeg kan regne med”

Nick Catalano: “Clifford Brown – The Life and Art of the Legendary Jazz Trumpeter”

Andrew M. Bailey, Bradley Rettler and Craig Warmke: “Resistance Money – A Philosophical Case for Bitcoin”

J. M. Coetze: “Polakken”

Lyn Alden_ “Broken Money. Why Our Financial System is Failing Us and How We Can Make it Better”

Solvej Balle: “Undersøkelse av romfang - 3”

Solvej Balle: “Undersøkelse av romfang - 2”

Solvej Balle: “Undersøkelse av romfang - 1”

Thomas Korsgaard: “En dag vil vi le av det”

Thomas Korsgaard: “Hvis det skulle komme et menneske”

Carlo Rovelli: “Helgoland”

Aaron van Wirdum: “The Genesis Book”

Patrick D. Anderson: “Cypherpunk Ethics. Radical Ethics for the Digital Age”

Karl Ove Knausgård: “Det tredje riket”

Karl Ove Knausgård: “Morgenstjernen”

Gustav Foseid: “Ølsmaking”

Hernan Diaz: ”In The Distance”

Morten Søberg: “Svalbard! Pengar!”

Kjartan Fløgstad: “Habeus Corpus”

Cormac McCarthy: “Stella Maris”

Kjartan Fløgstad: “Due og drone”

Hilde Susan Jægtnes: “Jeg grunnla de forente stater”

Hernan Diaz: “Tillit”

Lionel Shriver: “The Mandibles: A Family 2029-2047”


søndag 26. januar 2025

Bitcoinpolitisk Institutt Norge etablert

Forrige laurdag (18. januar 2025) vart Bitcoinpolitisk Institutt Norge (BPI Norge) stifta, med over 100 deltakarar. Arrangementet vart gjennomført i Mesh sine lokale i Oslo.

BPI skal arbeida for ein meir kunnskapsbasert diskurs (fint ord for samtale/diskusjon) her til lands. Måten Bitcoin blir presentert både i media generelt og hjå styrande organ, særleg politisk nivå, viser at det er eit stort behov for stemmer som kan korrigera dei mange feilaktige opplysningane. 

Folk må sjølvsagt meina det dei vil om Bitcoin (og kryptovaluta), men informasjon som kjem frå tilsynelatande autoritative kjelder, må vera mest muleg korrekt. Det er her BPI har den viktigaste oppgåva, og det betyr at politikarar og meiningsdannarar vil vera dei viktigaste målgruppene.

BPI har fått ein "flying start", og det store oppmøtet og dei mange som har meldt seg inn, viser at dette er eit etterlengta tiltak. Også donasjonar og lovnader om kommande donasjonar er imponerande, og gjer at BPI kan få ein så god startøkonomi at me kan satsa skikkeleg alt frå starten av.

Så er det viktig å understreka at BPI Norge ikkje skal ta opp alle slags saker knytt til Bitcoin. Bitcoin-miljøet er eit stort ueinigheitsfellesskap der me er einige om mykje, og ueinige om ein god del. BPI skal først og fremst fremja kunnskapsbasert informasjon om Bitcoin, og arbeida for at Bitcoin får same rammevilkår som andre næringsinteresser det er naturleg å samanlikna med.

BPI Norge skal arbeida utelukkande for Bitcoin og er ikkje ein organisasjon for kryptovaluta generelt. Les meir om oss på bpinorge.no.

Etter stiftelsesmøtet var det tid for det første styremøtet. Styret er avbilda under, og eg har fått det ærefulle vervet å vera styreleiar for organisasjonen.

Styret i BPI Norge (eitt styremedlem ikkje til stades)


mandag 13. januar 2025

NRK Radiostorbandet

 

NRK Radiostorbandet anno 2025 (Roy Hellvin på piano viser ikkje)

8. januar var det tid for "reunion" av det legendariske NRK Radiostorbandet, eit storband som eksisterte frå ca. 1964 til 1990. Konserten var i tillegg ein hyllest til Helge Hurum, leiar av storbandet frå 1970 til 1990, og ansvarleg for mange komposisjonar og arrangement for både dette storbandet og mange andre. Også Sogndal storband (og Sogndal Musikklag) har nytt godt av Helge Hurums mange kvalitetar, både som instruktør og som komponist og arrangør. Helge komponerte mellom anna jazz-suiten "Jazz på Svartaberg" til Sogndal storband.

Helge Hurum var hedersgjest medan "ungsauen" Bernhard Seland var den musikalske leiaren for kvelden, i tillegg til at han spelte barytonsaksofon. Alle låtane for kvelden var enten komponerte eller arrangerte av Helge Hurum.

Nokre markante medlemmer av det opprinnelege Radiostorbandet har dessverre gått bort. Det gjeld kjende musikarar som Svein "Crico" Christiansen (trommer), Bjørn Johansen (altsax), Knut Risnæs (tenorsax) og Bernt Sten (trompet). Men mange av medlemmene frå 1970- og 1980-åra var framleis med. Eldst av dei var Harald Bergersen (altsax) med sine 87 år (Helge Hurum er forresten 88, men han var publikummar for kvelden).

Det vart ein stor kveld i den fullsette vesle salen i Oslo konserthus, med rundt 270 til stades. Me kan trygt slå fast at dei gamle er eldst. Mest imponerande var trompetgruppa, som for anledningen var styrka med Rune Haglund (lead-trompet) og Roy Nicolaisen. Kvelden høgdepunkt for eigen del, og eg trur også for mange andre, var Petter Kateraas' solistjobb på "Here's That Rainy Day", på flygelhorn. Alderen såg ikkje ut til å tyngja i det heile i den briljante framføringa. Det var rett og slett gåsehud!

Petter Kateraas solist på "Here's That Rainy Day"

Avslutningsvis kan det vera grunn til å stilla spørsmål om kvifor rike Norge ikkje hadde/har råd til å finansiera eit storband på nasjonalt nivå når me ser naboland som Sverige (Bohuslän Big Band og Stockholm Jazz Orchestra) og Danmark (DR Big Band) held seg med storband i verdsklasse. 

onsdag 18. desember 2024

Bitcoin og energibruk - igjen

 I kjølvatnet av Hanne Østli Jakobsens artikkel i Morgenbladet om kor uetisk det var å investera i Bitcoin, og svaret mitt etterpå, kom NTNU-forskarane Martin Strand og Tjerand Silde på bana med eit innlegg om Bitcoins energibruk. Det var det vanlege gamle oppgulpet og med Alex de Vrijes som kjelde. Eg hadde forventa meir av forskarar! Men denne gangen ville ikkje Morgenbladet ta inn motsvaret mitt, så då får eg nøya meg med å publisera det på bloggen min.

Bitcoin og energibruk - igjen

Bitcoin er eit fenomen som skaper debatt, det er bra. Martin Strand og Tjerand Silde frå NTNU meiner i innlegget 27.09 at Bitcoins energibruk er sløsing og ikkje kan forsvarast. Dei brukar så Digiconomist, ei teneste utvikla av nederlandske Alex Vrijes for å underbyggja påstandane. Alt her begynner det å skurra, for om du er forskar innanfor dette feltet, burde du vita at Digiconomist ikkje bør brukast som kjelde. Alex Vrijes’ metodar er tilbakeviste som ufullstendige og feilaktige av fleire forskarar (sjå Say & Vranken[1], Lei et al.[2]).

Den mest pålitelege, opne kjelda me har for Bitcoins energiforbruk, er Cambridge Centre for Alternative Finance (https://ccaf.io/cbnsi/cbeci). Men som eg peikte på i førre innlegg, heller ikkje CCAF har ein metodikk som fangar all energibruk i Bitcoin. Dei manglar mellom anna den viktige «off grid»-komponentent, dvs. Bitcoin-mining som skjer utanfor det ordinære straumnettet. Den aktiviteten er omfattande, utan at me har gode tal på omfanget.

Strand og Silde brukar også energibruken i enkelt-transaksjonar på Bitcoin-blokkjeda som eksempel på sløsing, med Digiconomist som kjelde. Det er ein feilaktig måte å vurdera Bitcoin-systemet på. Bitcoin har utvikla seg til å bli meir og meir eit oppgjerssystem, som Norges Banks oppgjerssystem for bankane. Betalingar skjer i stadig større grad i lag over Bitcoin-kjeda, som for eksempel Lightning Network. Det er eit system som er forankra i Bitcoin-blokkjeda, men som fungerer på ein annan og mykje raskare måte, og med ein brøkdel av energibruken. Ein bitcoin-transaksjon på blokkjeda vil  difor ofte innehalda tusenvis, for ikkje å seia millionar, av enkeltbetalingar.

Strand og Silde har rett i at det er konsensus-delen som er den vanskelege delen av eit desentralisert system. Korleis skal ein bli einige om tilstanden i nettverket når det ikkje er nokon autoritet som slår det fast (som bankane i det ordinære finanssystemet)? Dette har IKT-forskarar grubla på i fleire tiår, og med Bitcoin kom den første praktiske løysinga på problemet, med metoden PoW som ein sentral komponent. Det finst alternative konsensusmekanismar, men alle har ulempa med faren for sentralisering.

Også miningdelen av Bitcoin er utsett for sentralisering, som forfattarane peiker på. Det er store samanslutningar, «mining pools», som utgjer ein risiko for både manipulasjon og for sensurering. Bak samanslutningane er det enkeltaktørar som enkelt kan skifta samanslutning («pool»), men dette er likevel ei av dei store utfordringane i dagens Bitcoin.

Verken Østli, Strand, Silde, Bull Jenssen eller eg har bruk for bitcoin – i dag. Men om me tek av oss brillene med sterk nærsyntgrad, vil me sjå at meir enn halvparten av menneska på jorda lever under autoritært eller totalitært styre. Det er også 1-2 milliardar menneske utan tilgang på banktenester. Du skal vera ganske mett og sjølvtilfreds for å hevda at eit alternativt finansielt system som ingen treng å be om tillatelse til å bruka, ikkje er nyttig og har eit enormt potensial.


[1] Sai, A. R. & H. Vranken: «Promoting rigor in blockchain energy and environmental footprint research: A systematic literature review», Blockchain: Research and Application, Vol. 5, issue 1, 2024

[2] Lei, N., E. Masanet & J. Koomey: «Best practices for analyzing the direct energy use of blockchain technology systems: Review and policy recommendations», Energy Policy, Vol. 156, Sept. 2021

onsdag 13. november 2024

Presidentval på liv og død

Dette lesarinnlegget vart publisert i Dagens Næringsliv 1. november i år. No veit me at Trump vann presidentvalet og at Ross Ulbricht etter all sannsynlegheit vil bli ein fri mann etter 20. januar 2025, om Trump held det han lova. Me har lært at Trump ikkje er å stola på, men akkurat denne lovnaden trur eg han er nøydd til å innfri.

Faksimile frå DN 1. nov. 2024


Presidentval på liv og død

For Ross Ulbricht er tysdagens presidentval i USA meir spennande enn for dei fleste. Utfallet vil anten bety at han blir ein fri mann eller endar livet i fengsel.

Ross Ulbricht har sona meir enn ti år av ein dom på to gonger livstid pluss 40 år. I USA er betyr livstid livet ut, og Ross Ulbricht har brukt opp alle ankemulegheiter. Det einaste som kan redda han frå å bli verande livet ut i fengsel, er at ein president benådar han.

Det er nettopp det presidentkandidat Donald Trump har sagt han vil gjera, på dag ein av president­gjerninga si. Kvifor han har valt ut Ulbricht er litt uklart, men det heng truleg saman med den nye kursen Trump har teke når det gjeld bitcoin. Ross Ulbricht har vorte eit viktig symbol på den urettferdige måten styresmaktene, og særleg demokratane, har behandla bitcoin på.

Trump er «som ein middelalderfyrste, sleip som faen», som rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde karakteriserte han i denne avisa for ikkje lenge sidan. Ingen skal tvila på Trumps kynisme, men i den kraftige slagsida den amerikanske presidentvalkampen har i norske medier, kan det vera greitt med litt balanse der det er grunn til det, og utan at det må oppfattast som støtte til Trump generelt.

Kamala Harris har ikkje gjort til kjenne kva politikk ho vil føra på bitcoin- og kryptoområdet. Det lettaste for ho vil kanskje vera å vidareføra Biden-administrasjonen sin kamp mot kryptovaluta, men strategisk sett kan det også kosta ho ein god del stemmer. I vippestatane kan sjølv små endringar gi store utslag. Men Harris vil neppe finna på å setja fri Ross Ulbricht, hardtslåande stats­advokat som ho har vore.

Ross Ulbricht stod bak nett-tenesta Silk Road, ei slags Finn.no for både lovlege og ulovlege varer på det som ofte blir kalla det «mørke» nettet. Det var dei ulovlege varene som var mest etterspurde, særleg narkotika. Tenesta brukte bitcoin som betalingsmiddel og var i perioden 2011–2013 ein viktig drivar for bitcoins vekst. Hausten 2013 vart 29 år gamle Ulbricht avslørt som mannen bak Silk Road, og i rettssaka året etter vart han dømd til den før nemnde brutalt harde dommen.

Tiltalepunkta han vart dømd for, var engasjement i ei pågåande kriminell verksemd, sal og distribusjon av narkotika, kvitvasking av pengar, dokumentfalsk og datahacking. Dommen skulle statuera eit eksempel og skremma andre frå å engasjera seg i kriminell bruk av bitcoin. Kanskje låg det også eit håp om å kunna stoppa bitcoin i seg sjølv.

Den delen av bitcoin som blir brukt til kriminelle aktivitetar, har gått kraftig ned sidan 2013. Men om det skuldast dommen mot Ross Ulbricht, er tvilsamt. Det er meir sannsynleg at bitcoin har vorte omfamna av stadig nye brukargrupper, i tillegg til at kriminelle har funne ut at bitcoin trass alt er sporbart.

Presidentvalet 5. november vil bli følgt med spente auge både i USA og resten av verda. Men mest nervepirrande vil det bli for innsett nr. 18870111 i US Penitentiary, Tucson, Ross Ulbricht. 

torsdag 31. oktober 2024

Ein bitcoin-misjonær i Tanzania

Solnedgang i Kilimanjaro-området

Eg hadde gleda av å bli med på eit 10 dagars opphald i Kilimanjaro-regionen nyleg. Det var ikkje for å gå på Kilimanjaro, eller på safari, men for å besøka ein skule eg har vore med og bidrege litt til dei seinare åra. Skulen heiter Bethel Primary School og er driven av det særs driftige paret Godbless og Neema Mamkwe. I samband med opphaldet fekk eg også etablert eit lite Bitcoin-seminar for ei mindre gruppe interesserte lærarar og tilsette.

Det norske reisefølgjet pluss vertskapet. Godbless og Neema framme til høgre.

Hovudføremålet med reisa var å sjå kva Godbless og Neema, og alle som arbeider for og saman med dei, har bygd opp, og høyra kva planar dei har vidare for skulen og drifta elles. Godbless og Neema starta med å ta i mot foreldrelause barn for snart 20 år sidan. Etter kvart etablerte dei skulen Bethel Primary School der dei no har 5-600 elevar. Skulen er mellom dei beste i landet resultatmessig, og mange foreldre ønskjer å senda barna sine dit. Men dei har halde på den sosial profilen og tek stadig i mot barn også frå fattige familiar. Dei praktiserer "få etter behov, betal etter evne" slik at dei fattige betaler lite eller ingen ting, og dei rikaste betaler mest i skulepengar.

Inngangsporten til Bethel Primary School

Innsida av porten er sjølvsagt utnytta til gangetabell :)

Dei har eit internat der det bur rundt 200 barn. Nokre bur der fordi dei er foreldrelause eller har andre problem, andre bur der fordi dei har lang veg heim. Internatet er på same området som gjestehuset der me budde, og huset der Godbless og Neema bur. Det er sjølve hjartet i bedrifta. Skulen ligg 15-20 minuttar frå internatet.

I tillegg har dei også ein gard der dei dyrkar maten som blir brukt både på internatet og på skulen. Målet er å bli mest muleg sjølvforsynte. Dei har store planar for garden, og viktigast av alt er å skaffa vatn. Dei starta med å grava ein brønn for hand, og har greve seg 100 meter ned i bakken (!!). HMS i Tanzania er ikkje som i Norge, det er sikkert og visst.

Fjøset med mjølkekyr (20-30 stk.) som blir mjølka for hand.
Men kyrne går laust inne (lausdrift).

Litt av grønsakdyrkinga på garden.

Men Godbless har innsett at han må leiga hjelp til boring etter vatn. Han har fått gjennomført geologisk kartlegging og har funne store vassreservoar like ved der dei grov brønnen. Planen er å hyra eit kinesisk selskap til å bora, og dei reknar med å finna vatn tilsvarande 35.000 liter i timen. Det er mykje meir enn dei treng på garden, så Godbless, som den entreprenøren han er, planlegg å selja vatn til andre.

Bitcoin-misjonær

Sjølv om eg reiste for å læra, hadde eg også eit lite håp om å få diskutera pengar generelt, og kanskje bitcoin spesielt. Men også på det området for å læra om situasjonen i Tanzania, både for ordinære pengar (tanzanianske shilling, TZS) og situasjonen for bitcoin og kryptovaluta generelt. 

Det viste seg at lærarar og andre unge tilsette på internatet var svært interesserte i å læra om bitcoin. Eg samla difor dei ivrigaste til kveldsundervisning, og me hadde 5-6 økter i løpet av opphaldet. I tillegg til å gå gjennom det overordna og elementære med bitcoin, brukte eg mest tid på å få dei til å forstå risikoen med investering i bitcoin, og risikoen for å bli lurt. Eg ba dei også om å formidla det siste til venner og kjende. Det er mykje svindel på dette området, og endå meir i Afrika enn andre stader. Den store svindelen One Coin var spesielt stor i afrikanske land, og held faktisk på enno.

Nokre av dei ivrige deltakarane på bitcoin-kurset

På eit seminar for lærarane og andre inviterte kom eg i snakk med ein banksjef som hadde investert i bitcoin (!). Det var gjort "underground", for banken  og bankvesenet generelt var ikkje spesielt glade i bitcoin og kryptovaluta. Eg vart nysgjerrig og lurte på kva vekslingsteneste vedkommande hadde brukt, og hen viste meg appen Inkriptus, som eg aldri har høyrt om. Eg såg litt på appen og fekk litt dårleg følelse, utan at eg kunne peika på direkte feil eller svindel. Etter at eg kom heim, lasta eg ned appen og laga ein konto. Det viser seg at tenesta i alle fall ikkje handlar bitcoin, så kva banksjefen hadde kjøpt, veit eg ikkje. Eg rådde i alle fall vedkommande til å prøva å ta ut alt inneståande og heller kjøpa bitcoin på ei kjent vekslingsteneste, som Binance eller Kraken, som begge er tilgjengelege i Tanzania.

Opphaldet i Tanzania var eit eventyr, og overgjekk langt det eg på førehand hadde sett for meg. Det gir håp å sjå at lokale initiativ som det Godbless og Neema starta og driv, kan ha store positive ringverknader i eit land som elles er ganske dysfunksjonelt styringsmessig, med enorm korrupsjon og store utfordringar på basis infrastruktur som veg, vatn og elektrisitet.


fredag 20. september 2024

"Du veit ikkje kva du snakkar om!" - debattinnlegg i Morgenbladet

 Morgenbladet publiserte til slutt debattinnlegget om Bitcoin og orsaka at det tok så lang tid. Det vart ein god del endringar frå det først innsende innlegget, men alt i alt trur eg det vart eit betre innlegg. Eg må understreka at det ikkje var krav frå Morgenbladet om endringar, berre spørsmål og forslag.


"Du veit ikkje kva du snakkar om!"

Av Svein Ølnes , tidligere IKT-forsker, underviser i bitcoin

Morgenbladets journalist Hanne Østli Jakobsen skriv i ein kommentar at dei som sparer i kryptovaluta bør setja seg inn i kva det betyr. Eg meiner Jakobsen og Morgenbladet må setja seg inn i temaet sjølv, for kommentaren viser etter mitt syn stor mangel på kunnskap. For å seia det med den kjende politikaren frå mitt eige distrikt: «Du veit ikkje kva du snakkar om!».

Sjølv om det er mange ting å ta opp i kommentaren, vel eg berre å kommentera energibruken i bitcoin-systemet her. Sidan bitcoin står for storparten av energibruken i kryptovalutaer som brukar metoden «Proof of Work» («bevis på [utført] arbeid»), som inneber at datamaskiner må utføra eit reknestykke for at noko skal bli godkjent, er det Bitcoin som er kjernen i diskusjonen om energibruk. Bitcoin-maskiner brukte til «mining» er like mykje eller like lite klimavennlege som elbilar. Dei er drivne av elektrisitet, og eventuelle utslepp er avhengig av straum-miksen som blir brukt, akkurat som andre elektriske apparat.

Men mange har gått seg ville i forsøk på å rekna ut kor mykje elektrisitet bitcoin brukar og vil bruka i framtida. World Economic Forum slo til med ein artikkel i desember 2017 der dei påstod at i løpet av 2020 ville bitcoin bruka meir straum enn verda kunne produsera (!). I 2018 kom Mora et al. i 2018 med påstand i tidsskriftet Nature Climate Change om at utslepp frå bitcoin-mining åleine kunne heva temperaturen på jorda med meir enn 2 grader (!). Dessverre blir slike utsegn og påstandar refererte og sirkulerte og dannar grunnlag for eit svært negativt og feilaktig inntrykk av bitcoins energibruk og klimaavtrykk.

Bitcoin-mining som næring, har i dag ein andel fornybar energi som sannsynlegvis ligg godt over 50 prosent, noko som er best i klassen med god avstand. Daniel Batten i Digital Assets Research Institute har gått gjennom tal for energibruk og komme fram til at bitcoin-mining har ein høgare del fornybar energi enn tidlegare rekna med. Tala Batten har komme fram til, er på linje med sjølvrapporteringa til miningaktørane i Bitcoin Mining Council. Det er vesentleg høgare enn t.d. tal frå Cambridge Center for Alternative Finance (CCAF) som er ei mykje brukt kjelde for Bitcoins straumforbruk og klimaavtrykk. Batten grunngir differansen med at CCAF utelet viktige moment som erstatting av fakling (bitcoin-mining som utnyttar energien i gass frå oljefelt) og «off-grid» bitcoin-mining (aktivitet som ikkje tilknytta elektrisitetsnettet). Når dette blir rekna inn, kjem han til ein fornybardel på rundt 55 prosent i dag. CCAF presiserer også at metoden deira utelet desse viktige komponentane.

Fornybardelen bør sjølvsagt bli høgare, og det blir den truleg etter kvart som endå meir sol- og vindkraft blir utbygt sidan den straumen er billegast. Bitcoin-mining bidreg også til den viktige lastbalanseringa i nett med stor del av ustabil kraftproduksjon, særleg frå sol og vind, såkalla «Demand Response»-program. Her har bitcoin-mining ein stor fordel framfor andre industriprosessar ved at aktiviteten kan slåast av og på med sekundars varsel. I Texas utgjer bitcoin-mining ei viktig lastbalansering av straumnettet, og sidan Texas sitt nett er isolert frå andre nett i USA, blir det eit levande laboratorium for å studera slike prosessar i praksis.

Kritikk og diskusjon om bitcoin (og kryptovaluta) er viktig, men den må baserast på fakta og ikkje republisering av feilaktige påstandar. Dei to eksempla eg nemnde, er del av mange feilaktige påstandar som blir plukka opp av medium etter medium og etter kvart etablerte som «sanning». I bitcoin er metoden «Proof of Work» sentral, og den bør også gjelda i journalistikken: Berre ved hardt arbeid og ved å stilla spørsmål ved vedtekne sanningar, kan ein ha håp om å vinna ny innsikt. Eg håpar Jakobsen eller andre i Morgenbladet er villige til å utføra hardt arbeid på dette området for å få ein god diskusjon om eit viktig tema.


fredag 13. september 2024

"Du veit ikkje kva du snakkar om!"


Journalist Hanne Østli Jakobsen hadde ein kommentar i Morgenbladet om Bitcoin (og kryptovaluta), med tittelen "Du ville ikke satt podens barnetrygd i våpen, nei. Men bitcoin, det er greit?" (sannsynlegvis bak betalingsmur). Eg vart skikkeleg provosert av kommentaren og sende eit motsvar. Det har enno ikkje vorte publisert (fredag 13.09) og eg har ikkje fått noko tilbakemelding på om det blir det heller. Legg det difor førebels ut her:


«Du veit ikkje kva du snakkar om, Hanne Ø. Jakobsen!»

Hanne Østli Jakobsen meiner dei som sparer i kryptovaluta bør setja seg inn i kva det betyr. Eg meiner Hanne ØJ må setja seg inn i temaet sjølv, for makan til dokumentasjon av mangel på kunnskap kan eg ikkje hugsa å ha sett. Eg har lese mykje rart om Bitcoin (la oss halda oss til den, det er den det dreier seg om), men dette overgår alt. For å seia det med den kjende politikaren frå mitt eige distrikt: «Du veit ikkje kva du snakkar om!».

Eg vil begynna med eit filosofisk spørsmål formulert av professorane Andrew Bailey, Brad Rettler og Craig Warmke, som nyleg har gjeve ut boka «Resistance Money»:

Viss du vakna opp i morgon og ikkje visste kven du var, men kunne vera kven som helst av dei over åtte milliardar menneska på jorda, ville du då ønskt at bitcoin eksisterte?

For Hanne ØJ er svaret klart nei, ser det ut til. Og det trass i at risikoen for at ho ville ha vakna opp i eit autoritært eller totalitært land ville vera større enn det motsette. Og som kvinne ville ho vera dobbelt ille ute. Spørsmålet er sjølvsagt ein variant av John Rawls’ kjende «slør av uvitenheit» («veil of ignorance»).

Kommentaren til HØJ er elles så full av feil at det er nyttelaust å ta for seg alt. Eg vel difor berre å kommentera energibruken. Bitcoin-maskiner brukte til «mining» er like mykje eller like lite klimavennlege som el-bilar. Dei er drivne av elektrisitet, og eventuelle utslepp er avhengig av straum-miksen som blir brukt, akkurat som andre elektriske apparat.

Bitcoin-mining som næring, har i dag ein andel fornybar energi på rundt 55 %, noko som er best i klassen med god avstand. Den bør sjølvsagt bli høgare, og det blir den etter kvart som endå meir sol- og vindkraft blir utbygt. Bitcoin-mining bidreg også til den viktige lastbalanseringa i nett med stor del av ustabil kraftproduksjon, særleg frå sol og vind, såkalla «Demand Response»-program. Her har Bitcoin-mining ein stor fordel framfor andre industriprosessar ved at aktiviteten kan slåast av og på med sekundars varsel.

Eg fornya nettopp abonnementet mitt på Morgenbladet, men angrar no. Ikkje fordi eg ikkje vil lesa ting eg er ueinig i, heller tvert om. Men forakt for kunnskap blanda med arroganse, toler eg ikkje. Eg må til slutt spørja kor redaktøren har vore i denne saka. Er det verkeleg slik at journalistar får publisert alt utan kvalitetssikring og faktasjekk?

 

Svein Ølnes, tidlegare IKT-forskar, underviser i Bitcoin

 


onsdag 28. august 2024

Bitcoin som løysing på fakling

NRK hadde nyleg denne artikkelen om fakling i samband med oljeutvinning, og det var Equinors deltaking i denne aktiviteten som var hovudfokus. Eg sende kommentaren under til NRK Ytring, men fekk avslag. Legg difor ut innlegget her.

Bitcoin som løysing på fakling

NRK har ein interssant og grundig artikkel om fenomenet fakling i oljeindustrien, og Equinors del av denne. Fakling er brenning av gass i samband med oljeutvinning, og det medfører store utslepp av CO2. Endå verre enn fakling, er direkte utslepp av gass frå produksjonsfelt, såkalla «venting». Det er for det meste metangass, og den har over 80 ganger meir oppvarmingseffekt over ein 20-årsperiode enn CO2. Det ville vore interessant om NRK også såg på denne delen, men i denne omgangen handlar saka om fakling og korleis bitcoin-mining alt er ei løysing mange stader, og kan vera det på langt fleire.

Grunnen til at gassen blir brent og energien ikkje utnytta enten til direkte oppvarming eller til elektrisitet, er at det manglar økonomiske insentiv. Det kostar meir enn det smakar, rett og slett. Stadane der faklinga føregår er ofte langt utanfor allfarveg og utanfor utbygd infrastruktur. Det er ikkje linjer til å ta i mot elektrisiteten og dermed er det heller ingen økonomi i å omdanna gassen til elektrisitet. Omdanning av gassen til elektrisitet reduserer også CO2-utsleppet samanlikna med fakling.

Det er her bitcoin-mining kjem inn som eit viktig alternativ som kan gi det nødvendige økonomiske insentivet. Bitcoin-mining krev straum, mykje straum, men aktiviteten kan gjerne føregå der det ikkje er utbygd infrastruktur for elektrisitet. Med bitcoin-mining vil elektrisiteten få ein avtakar som kan betala for den og dekka inn kostnadane med bygging av turbin m.m. 

Dette er alt gjort ved mange oljeutvinningsanlegg, også anlegg der Equinor er deleigar. Det er helst i USA desse anlegga er bygde, men potensialet er stort også for alle andre stader i verda. CO2-utsleppa blir reduserte ved at gassen blir omdanna til elektrisitet i ein gassreaktor. I tillegg vil det i ein del tilfelle vera muleg å føra CO2 tilbake i brønnane for både å hindra den å bli sleppt ut i atmosfæren, og å effektivisera oljeutvinninga. Det vil etter kvart bli klart for stadig fleire at bitcoin-mining kan vera løysinga på problem og ikkje berre eit problem i seg sjølv. Det er noko ikkje minst politikarane våre på Stortinget bør bita seg merkje i.


mandag 15. mai 2023

Lesing er bra!

"The Passenger" av
Cormac McCarthy
Å lesa bøker er viktig av mange grunnar. Ein ting er å utvida horisonten og få meir kunnskap, men kanskje endå viktigare er den fantastiske kjensla når ein lever seg inn i bøker og skaper sitt eige univers. Det er lite som kan måla seg med gleda over ei god bok - å gle seg til å setja seg ned og lesa vidare på ein fengjande historie.

Mange er uroa over at leseaktiviteten går ned, og særleg dårleg står det til blant gutar. Kva som skal til for å snu utviklinga, er ikkje godt å seia, men skulen er vel ein opplagt stad. Men introduksjon til bøker må skje før skulealder. Dei fleste born er svært glad i bøker og å bli lesne høgt for. Kvifor forsvinn då denne interessa? Det minner om filosofen og klartraren Arne Næss som fekk spørsmål om kvifor han begynte med klatring. Han svarte at det ikkje var han som hadde begynt, men dei fleste andre (vaksne) som hadde slutta.

Her er bøkene eg las i fjor (sist først):

Cormac McCarthy: «The Passenger»

Rune Østgård: «Fraudcoin»

Daniel Frumkin (Braiins): «Bitcoin Mining Handbook»

Ernest Hemingway: «Den gamle mannen og havet»

Morten Søberg: «Svalbard! Pengar!»

Michel Houellebecq: «Underkastelse»

Lars Mytting: «Hestekrefter»

Karl Ove Knausgård: «Ulvene fra evighetens skog»

Michel Houellebecq: «Serotonin»

Dag Solstad: «Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen»

Dag Solstad: “17. roman»

Dag Solstad: “Ellevte bok, roman atten”

Gavin Jackson: «Money in One Lesson”

Maren Uthaug: “Og sånn blei det»

John Steinbeck: «Perlen»

Dag Solstad: «Gymnaslærer Pedersen s beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land”

Elif Shafak: “10 minutter og 38 sekunder i vår underlige verden»

Laura Shin: «The Cryptopians»

Tone Smith, Ebba Boye og Bent Arne Sæther (red.): «Økonomisk tenkning»

Stein Torleif Bjella: “Fiskehuset”

Adam Fergusson: «When Money Dies”