onsdag 21. november 2007

NOKOBIT 2007

Bak det eksotiske (?) namnet skjuler det fulle namnet Norsk konferanse for organisasjoners bruk av informasjonsteknologi seg. Det er den eine av to norske IT-konferansar; den andre er NIK - Norsk informatikk-konferanse. Dei to konferansane har hatt samarbeid på arrangementsida dei siste åra, men er altså to separate konf. Nokobit representerer den samfunnsfaglege IT-sida medan NIK er meir "hardcore" IT, dvs. realfagleg retta.

Årets konferanse/-ar hadde rundt 130 deltakarar og var eit bra arrangement. Sjølv presenterte eg paperet "Accessibility of Norwegian Public Web Sites" med resultat frå Norge.no sine kvalitetsvurderingar 2004 - 2006, og då med hovudvekt på tilgjengelegheit. I tillegg var eg diskutant på paperet "An Instrument for Web Site Evaluation" frå Hanne Sørum og Bendik Bygstad, NITH.

Det fine med NOKOBIT (og NIK) er at det er ein god arena å presentera starten på arbeidet med ein artikkel. For det første er det fagfelle-vurdering av artikkelforslaga i utgangspunktet. I tillegg er det eit godt opplegg med oppnemnt diskutant og førebudde spørsmål for dei artiklane som blir godkjende. Og på toppen er det bra tid til spørsmål og diskusjon etter presentasjon og diskutant. Det fungerer verkeleg bra.

Av den grunn skulle eg gjerne sett ei breiare deltaking og ikkje berre høgskular og universitet. Forskingsinstitutta glimrar stort sett med fråver, og frå anna hald (konsulent- og rådgivingsbransjen) er det nesten ingen.

Årets bidrag er gitt ut som proceedings på Tapir forlag. Presentasjonen min blir lagt ut på vestforsk.no med det første.

fredag 16. november 2007

Sagt om telefonen

I samband med ein artikkel om usability i mobil e-handel (Venkatesh et al.) kom eg over følgjande sitat om telefonen:

"The great advantage [the telephone] possesses over every other form of electrical apparatus consists in the fact that it requires no skill to operate the instrument."
—Alexander Graham Bell, 1878

"My department is in possession of knowledge of the details of the telephone, and the possible use of the telephone is limited."
—Engineer-in-Chief, British Post Office, 1887

"There's an old story about the person who wished his computer were as easy to use as his telephone. That wish has come true, since I no longer know how to use my telephone."
—Attributed to B. Stroustrup, inventor of C++

Eg likar den siste best..

tirsdag 13. november 2007

Bloggsensur

Blogg og sensur er kanskje eit ømtolig tema. Eg synest i utgangspunktet sensur av bloggkommentarar er ein uting. Så må eg leggja til at spam og andre moment kan tvinga bloggarar til å måtta gjera det likevel. Sjølv har eg valt å ikkje ha nokon førehandssensur på bloggkommentarane ut frå prinsippet om først å prøva full openheit, og deretter eventuelt stramma litt inn dersom det skulle bli nødvendig. Heldigvis har det ikkje vore nødvendig til no.

Eg har sjølv sett at kommentarar eg har lagt inn på andre sine bloggar ikkje har vorte publiserte. Det kan vera mange grunnar til det, men at dei skulle vera støytande eller bli rekna som reklame eller spam er i alle fall ikkje tilfelle. Det kan også vera rein forgløymelse frå bloggaren si side. Hovudpoenget er: Full openheit som utgangspunkt. Særleg viktig er dette for bloggarar som nettopp har ei rolle som uavhengige kommentatorar i forhold til den meir regulerte delen av media.

torsdag 8. november 2007

5 på topp i 2007

Det er altså snakk om dei fem verste nettstadene i 2007, slik Times Magazine ser det. På lista er det i alle fall to kjende tenester: Myspace og Second Life. Den siste omtalar Times slik når dei forklarer all merksemda tenestar får særleg frå næringslivet:

The corporate world's embrace of the place as a venue for staff meetings and training sessions does seem to lend Second Life a layer of legitimacy. But maybe it's a case of some CEOs trying too hard to be hip.
Eg kunne ikkje sagt det betre sjølv. Styr unna!

onsdag 31. oktober 2007

Loggstatistikk

Karl Groves punkterer mange førestillingar om loggstatistikk og brukaråtferd i ein artikkel på Boxesandarrows. I artikkelen "The Limitations of Server Log Files for Usability Analysis" slår han fast at slike loggfiler berre eignar seg til å seia noko om korleis webserveren oppfører seg, ikkje korleis brukarane oppfører seg.

Han har ein grundig gjennomgang av korleis loggfiler blir bygde opp og kva feilkjelder som finst. Dei er det mange av, og dei er forsåvidt kjende frå før. I følgje Karl Groves er det berre tidspunkt, dato og HTTP Request ein kan stola på av data i ei loggfil, alt anna hefter det stor usikkerheit ved.

søndag 28. oktober 2007

eFaktura - fordel for kven?

eFaktura er etter mi meining oppskrytt. Eg strittar mot alle som skal pressa på meg eFaktura og godtek i praksis berre dei som tvingar meg. Det er slike som Telenor som legg på eit saftig gebyr dersom eg vil betala med vanleg faktura. Det er slik ein skapar suksess for elektroniske tenester. Denne praksisen er i seg sjølv tvilsam, skulle gjerne hatt Forbrukarrådet til å vurdert den.

Eg meiner elektronisk faktura slik denne er i dag stort sett berre er til fordel for leverandøren. Leverandørane kan sjølvsagt spara mykje på innføring av eFaktura, det einaste eg sparer er litt inntasting, spesielt KID-nr. Den kostnaden er eg villeg til å ta fordi vanlege papirbaserte fakturaer gir meg ein heilt annan oversikt enn eFaktura.

Manglande oversikt trur eg er hovudgrunnen til den mislykka satsinga på eFaktura så langt. Men det er også her den potensielle gevinsten ligg: eFaktura kan etter mi meining berre blir ein suksess dersom den blir kopla med eit godt rekneskapssystem. Den dagen nettbanken og leverandørane i fellesskap lagar eit system som gir meg minst like god oversikt over fakturaene som eg har i dag, er eg med. Eg meiner ikkje rekneskapssystem i tradisjonell forstand, men eit arkivsystem som gjer det enkelt å finna tilbake til fakturainformasjon.

I dag er dette håplaust arkivmessig. Dersom eg skal sjekka ein faktura må eg logga inn i nettbanken, og kvar finn eg så den aktuelle fakturaen? Alternativet er å henta ut brevordnaren og slå opp fakturaen manuelt - pr. i dag er dette det enklaste og beste.

lørdag 27. oktober 2007

Dagens lengste?

Fosseng.info omtalar Webdagene 2007 og nemner 'søkemotoroptimaliseringsforedragsholder' Roar Eriksen. Håpar du har stort visittkort, Roar?

Elles har Karl Philip på Kuttisme.no også eit bra forsøk med 'søkemotoroptimaliseringskurs'..

fredag 26. oktober 2007

Vanskeleg samordning

Gi meg ein god grunn til å operera med to tlf.nr (09000 og 05000) for brukarstøtte, Telenor! Ja, bortsett då frå å splitta ein veeeeldig lang kø i to likevel-veldig-lange.

søndag 21. oktober 2007

NOKIOS - Norsk konferanse for IKT i offentleg sektor

Ikkje akkurat ein tittel det swingar av, men ein interessant konferanse var det som gjekk av stabelen 17. - 19. oktober i Trondheim. NTNU var vertskap og dei har planar om ein årleg konferanse for temaet. Totalt var det rundt 200 deltakarar, men trekkjer me frå foredragshaldarar m.m. blir det reelle tale i underkant av 150. Det er litt lite for ein konferanse med såpass store ambisjonar, og eit råd er å korta ned til to dagar og prøva å redusera prisen. Det er truleg i dyraste laget, særleg for kommunane.

Heidi Grande Røys opna konferansen med foredrag om ikt-utfordringar i offentleg sektor [dvs. Arne Sølvberg stod for opninga. Han skrytte særleg av intiativet Trådlause Trondheim, men i konferansesalen var det ikkje muleg å få inn trådlaust nett - oh irony..]. Heidi G. R. trekte fram særleg to utfordringar:
  1. Fragmentering
  2. Brukarorientering
Eg hadde to oppmodingar til ho i spørsmålsrunden etterpå, knytte til dei to utfordringane: Standardisering er eit av tiltaka mot fragmentering og her er departementet for passive når dei snakkar om "tilpassing til standardar" heile tida. Norske miljø er med i standardiseringsarbeidet og dei må støttast betre økonomisk enn det som er tilfelle i dag. Det er viktig at me er med og utformar standardar der det er muleg, og ikkje berre tilpassar oss dei.

Den andre kommentaren gjekk på brukarorientering og at begrepet må utvidast til også å innehalda brukarmedverknad. Det ligg eit stort potensiale i å engasjera brukarane og la dei få dela kunnskap og erfaringar med andre via offentlege nettstader.

Andre interessante tema under konferansen var særleg felles it-arkitektur for offentleg sektor. Først var det ein sesjon med utgangspunkt i arkitekturskissa som er å finna i St.mld. "Eit informasjonssamfunn for alle" (litt vanskeleg å lesa her, men boksane i det raude feltet har tittel som 'Skjemamotor', 'Tenestekatalog', 'Arkiv/meldingsboks', 'Autentisering/eID'...):


Det var ei veldig teknisk og instrumentell tilnærming hos innleiarane og først då den kvinnelege rådmannen i Frosta kommune tok ordet, vart det fart i debatten. Ho peikte på at ho ikkje skjønte så mykje av figurane og begrepa og ho tvilte på om dette var det viktigaste for ein kommune som den ho jobba i. Ho peikte på at oppgåver kan løysast enklare.

Eg tok også ordet og støtta i prinsippet rådmannen. Eg meinte at dei planane som er skisserte for felles arkitektur og felles komponentar er veldig ambisiøse og at fallhøgda er stor. Eg oppfordra til å snu om på problemstillinga og heller stilla spørsmål om kor lite ein kan klara seg med og likevel oppnå god samhandling og gjenbruk. Eg minna om forrige gang det vart laga store arkitekturplanar. Det var i starten av 1990-åra og resulterte i vedtak om X.400 og NOSIP (Norsk OSI-profil). Begge delar vart totalt mislykka og overkøyrt av Internett som kjent.

Arkitekturdebatten heldt fram dagen etter og it-direktør i NAV, Gunnar Horn, orienterte om FAOS - Felles IT-arkitektur for offentleg sektor. Han leiar utvalet som skal leggja fram tilrådingar til FAD før jul. Det vart interessante diskusjonar også i denne sesjonen. Ein del av innvendingane som kom fram i første arkitektur-sesjonen vart tekne opp att. I tillegg vart det peika på faren ved å øydeleggja konkurransen i marknaden ved å utviklinga felles-komponentar. Utvalet vart elles oppfordra om å gå detaljert til verks og vera konkrete på enkelte punkt, som t.d. tilgjengelegheit.

Alt i alt ein god konferanse som godt kunne hatt litt fleire deltakarar. Det må det jobbast med fram til neste år, og ein god start er å kutta både i pris og antall dagar. Kommunane sit på mange måtar med nøkkelen til god e-forvaltning og då er det dumt at dei er så dårleg representerte.

lørdag 13. oktober 2007

Elektronisk postjournal (EPJ)

Staten har i rundt 10 år (+/-) drive prosjektet elektronisk postjournal (EPJ). Det har som føremål å gi allmenn tilgang til korrespondanse til og frå departementa og ein del underliggjande etatar. Prosjektkostnadene er truleg i mange-millionarsklassen, utan at eg har tal for det.

Framleis er dette ei høgt prioritert oppgåve, og det nye direktoratet for forvaltning og IKT skal driva prosjektet vidare (Statskonsult har drive prosjektet). Eg spør meg sjølv: Kor vanskeleg kan dette vera??

Solund kommune i Sogn og Fjordane har 871 innbyggjarar ved siste SSB-registrering og har hatt postliste tilgjengeleg på nettet lenge. Fedje kommune i Hordaland har 620 innbyggjarar og har også postliste tilgjengeleg på nettet. Utsira kommune i Rogaland har 214 innbyggjarar og har også postliste på nettet!

Dei fleste kommunane i Norge har postlister (og saksdokument frå ulike møte) tilgjengelege på nettet og har hatt dette i mange år. Dette er ikkje "rocket science", det er standard programvare tilgjengeleg frå alle leverandørar av arkivsystem til offentleg sektor.

Men for staten er dette altså så vanskeleg at det må brukast millionar. Kva er problemet? Har departementa større problem med personvern i korrespondansen sin? Neppe, eg vil tru det problemet er langt større for ein liten kommune. Har dei generelt større problem med sikkerheit slik at dette blir vanskeleg? Neppe, dersom dei kan levera opplysningar og løysingar til Miside, kan dei heilt sikkert presentera postlister som jo er einvegskommunikasjon og ikkje spesielt vanskeleg sikkerheitsmessig.

Eg føreslår at det nye direktoratet avsluttar prosjektet med å ta ein prat med ein av dei nemnde kommunane for å høyra korleis dei har gjort det. Det bør ikkje kosta meir enn nokre tusenlappar i reise - det kan sikkert til og med ordnast med ein telefonsamtale.

fredag 5. oktober 2007

Løgn, forbanna løgn og statistikk

Norge.no har tryna etter å ha gått seg vill i web-statistikken og rapportert sjokkerande låge besøkstal. Saka har fleire fasettar enn som so, men her er det fenomenet web-statistikk som er interessant å dvela ved.

Web-statistikk er eit vanskeleg felt fordi det har dårleg definerte begrep, problematiske målemetodar og generelt høg grad av usikkerheit. Eg skal ikkje påstå å sitja med full oversikt over feltet, men vil ta opp ein del moment til diskusjon:

  • Uklare begrep: Kva er ein unik brukar? Kva med ein (ikkje-unik) brukar? Sideoppslag? Treff? Det siste burde ingen rapportera, det er jo heilt uinteressant og direkte misvisande som målestokk. Analyseverktøya definerer ein unik brukar ulikt (kor langt tidsrom skal gjelda?) og gir difor ulike tal på dette og på andre parametrar ved analyse av same logg.

  • Målemetodar: Grovt sett kan vi dela metodane i server-baserte og klientbaserte målemetodar. Den første er den tradisjonelle analysen av web-loggen; den andre er script-basert og kombinerer Javascript og cookie for måling og verifisering. Det finst også kombinasjonar av desse. Ein annan ting er kva serveren blir sett opp til å logga.

  • Maskinell trafikk: Mykje av trafikken på ein nettstad er ikkje generert av menneske, men av maskiner. Korleis skal det filtrerast ut? På våre eigne prosjekt-nettstader har vi sett at andelen søkerobotar i periodar har vore på meir enn 50 % av all trafikk!
Det er også fleire moment som gjer temaet web-statistikk vanskeleg. Men det største problemet er likevel at dei fleste ikkje ser verdien av web-statistikken. Web-statistikken inneheld gull, og du treng ikkje grava lenge for å finna det. Det er når du skal samanlikna tala med andre, problema oppstår.

mandag 1. oktober 2007

Søk som ein samtale

Per-Erik Skramstad har eit liknande eksempel på feilslått søk på bloggen Webkommunikasjon. Han refererer til Are Halland som gjorde ei undersøking av interne søk i 2004 og der han meiner at søk må sjåast på som ein samtale. Per-Erik har deretter eit ganske godt eksempel på dette etter at han forgjeves leitar etter batteri til kameraet sitt på Komplett.no:

[Ole Olsen går inn i en fotoforretning.]
Ole: Jeg skal ha batteri til mitt Nikon D70-kamera.
Ekspeditøren [rister febrilsk på hodet]
Ole: Har du det ikke?
Ekspeditøren [rister febrilsk på hodet]
Ole: Men jeg ser det på hylla rett bak deg.
Ekspeditøren [rister febrilsk på hodet]
Akkurat slik er det, og først ved ei slik samanlikning ser vi det håplause i dagens interne websøk.

søndag 30. september 2007

Fallitterklæring for internt søk

Eit av poenga våre i foredraget på EuroIA er at dårleg eller manglande semantisk struktur i portalen kjem tydelegast til uttrykk i det interne søket. Interne søk er eit katastrofeområde på dagens nettsider - eg har tidlegare teke dette opp mellom anna i innlegget "Søk kler deg naken".

Som illustrasjon vel eg denne gongen Høgskulen i Sogn og Fjordane, av mange kandidatar. Eg leitte etter informasjon om Fagdagen 2007 i samband med eit møte i FoU-utvalet ved høgskulen der eg representerer Vestlansforsking. Eit søk på "fagdag 2007" gir følgjande treff, der ingen er relevante i forhold til det eg er ute etter:



Så gjorde eg same søket i Google ("fagdag 2007 site:www.hisf.no) og fekk denne trefflista:



Første treffet er innertiar. Men korleis kan det ha seg at Høgskulen si nettløysing ikkje kjenner til denne informasjonen? Det er i grunnen uforståeleg at Google skal kjenna Høgskulen sin informasjon betre enn Høgskulen sjølv - ei fallitterklæring er det rett og slett.

lørdag 29. september 2007

Internt språk

Indre Sogn Sparebank kunngjer rekneskapsrapporten for andre kvartal i år på denne måten:

Driftsres. etter tap, men før skatt og e.o.p. var kr. 7,8 mill. mot kr. 11,0 mill. til same tid i fjor. Tap på utlån har auka frå i fjor. Skifte av rekneskapspr., ny utlånsforskr gir korrigert res. og balansereg.for 06. Kostnads% er 69,30%. Forv.kap. og innskot syner auke. Det har ikkje vore utvatning av gr.f.bevisa.
Skal tru om det er publiseringssystemet som har grense for tal teikn i ingressen? Godt språk blir det i alle fall ikkje.

torsdag 27. september 2007

EuroIA Summit 2007

EuroIA Summit 2007 vart avvikla 21. og 22.9 i Barcelona. Det er tredje året denne konferansen blir arrangert, og etter ein forsiktig start i Brussels (2005) og Berlin (2006), har den vakse seg stadig større. Årets konferanse hadde rundt 150 deltakarar og konferansen hadde to parallellsesjonar.

EuroIA Summit er søsterarr. til det meir kjende IA Summit i USA. Den har ei historie frå 2000 og hadde i fjor nær 600 deltakarar (Las Vegas). Bak begge konferansane står organisasjonen ASIS&T (American Society for Information Science and Tecnology). IA Summit 2008 blir arrangert 10. - 14. april 2008 i Florida.

Vestlandsforsking var sterkt representerte ved Terje, Nils Arne og eg. Nils Arne og eg presenterte "Too much Information and too little Architecture? Transforming Semantic Web Ideas to IA" og det vart godt motteke. Det var mange spørsmål og tydeleg eit tema som engasjerte deltakarane (for det meste informasjonsarkitektar o.l.). Også mange spørsmål om emnekart (Topic Maps), sidan det var ein viktig del av eksemplifiseringa vår. Fleire ville vita meir om bruk av emnekart til modellering og kva verktøy som finst.

Om det var eit hovudtema på konferansen (bortsett frå det annonserte "Translating Information Architecture") var det struktur. Presentasjonen vår var kanskje det tydelegaste innslaget, men også andre var inne på temaet. Det er heilt tydeleg at fagområdet leitar etter eit betre fundament på dette og andre område. Informasjonsarkitektur er eit tverrfagleg felt der ulike fagdisiplinar møtest. Biblioteksfag har vore det mest tydelege området og det som har forma fagområdet mest. Fagområdet er likevel ungt og sjølv om det er utvikla eit sett gode, praktiske verktøy, er det eit stort behov for eit betre fundament. Og i all beskjedenheit trur eg at bidrag som vårt er til hjelp i det arbeidet. I det minste hjelper det å setja søkjelyset på problemstillingane.


torsdag 20. september 2007

Alltid på nett

Verdien av alltid å vera tilkopla nettet blir først klar når du har problem med tilgangen. Er på kombinert ferie- og konferansetur til Barcelona saman med heile familien og har leigt leilegheit nær stranda (Poblenou). Først like før avreise begynte eg å tenkja på nett-tilgang, og det slo meg at det ikkje sto på lista over ting leilegheita 'måtte' ha.

Dersom det var ei rein feriereise hadde det kanskje (berre kanskje) vore ein fordel å vera utan nett nokre dagar, men sidan det også skal kombinerast med konferanse, er det avgjerande å komma på nett.

Heldigvis har eg funne ein god nabo, '3Com', som generøst delar sin trådlause internett-aksess med meg. Det er eit vell av trådlause nett her, men dette er det einaste eg har funne som er ope. Moralen er: Tenk deg godt om før du stengjer det trådlause nettet, hugs at du kan hjelpa ein venn i nød!

Meir alvorleg: Internettaksess bør snart bli sett på som ei rettigheit og det spørst om ikkje det offentlege bør sikra slik tilgang, i alle fall i sentrale strøk. Eg seier ikkje at det skal vera gratis, men mulegheiten for å kopla seg til nettet må vera der (jfr. Trondheim og trådlaus by).

fredag 7. september 2007

Adwords-spam

Nettavisens "Side 2" er dessverre i godt lag når dei brukar Adwords på denne spam-måten. Hotte bilder av Tim Berners-lee? Herregud, kor tåpeleg går det an å bli? Men slik blir det dessverre når spamming blir ein del av naturleg marknadsføring. Det fører tankane over til den primitive web'ens første fase der keywords-feltet vart brukt til lokkemat med 'Pamela Anderson' og liknande. Trist (som faen).

søndag 2. september 2007

Høg standard - va f... e høg standard?

Det var vel neppe Peps Perssons hit frå 1975 Standardiseringsrådet og FAD hadde i tankane då dei la fram forslag til referansekatalog over tilrådde og obligatoriske IT-standardar. Men departementet har absolutt hatt sin tvil om kva som skal vera den høge standarden; kva som skal vera obligatoriske forvaltningsstandardar.

Det er heller ikkje vanskeleg å forstå, for historisk sett har ikkje forvaltningsstandardar innan offentleg IT-bruk vore nokon stor suksess. Det er nok å nemna kongeleg resolusjon om bruk av X.400 og NOSIP (norsk OSI-profil) som mildt sagt var i utakt med utviklinga alt frå starten av.

Forslaget til nye forvaltningsstandardar i form av referansekatalog vart lagt ut til høyring på FAD før sommarferien og med frist 20. august til å gi innspel. Vestlandsforsking stod ikkje på lista over høyringsinstansar, men me sende inn våre synspunkt i lag med 68 andre.

Det store spørsmålet er sjølvsagt kva dokumentformat som skal tilrådast innan tekstbehandling. Forslaget frå departementet gjeld berre bruk av dokumentformat på web, men ein obligatorisk standard her vil sjølvsagt få langt vidare betydning.

ODF er alt godkjent som ISO-standard og blir tilrådd av departementet. Microsoft kjempar ein hard (og brutal?) kamp for å få OOXML godkjent som ISO-standard og likestilt med ODF. Det er eit rått køyr som ingen veit utfallet av enno.

I høyringssvaret frå VF har eg skrive at å argumentera for at ein treng to standardar for denne type dokumentutveksling er det same som å argumentera for at me bør gjeninnføra fot som måleeining for å ha eit alternativ til meter. Computerworld likte tydelegvis denne formuleringa og dette synet og har gjengitt delar av høyringssvaret vårt i siste utgåve, der forvaltningsstandardane var hovudtema.

Referansekatalogen er elles ei salig blanding av hummar og kanari; det meste kopiert frå den tilsvarande danske katalogen. Dei har også kopiert inn feila frå den danske: Emnekart blir omtalt som de facto-standard (industristandard). Det er svakt; dei som har utarbeida forslaget bør ha såpass kjennskap at dei veit at dette er ein open ISO-standard (ISO 13250). Dei opererer også med filformatet XTP for Topic Maps. Kanskje er eg heilt på bærtur, men eg har aldri høyrt om dette formatet (?).

lørdag 1. september 2007

Bok-sommar

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, kan seiast om sommaren i år. Den har ført til rekordomsetjing i bokhandlar og utlån på biblioteka. Det er bra. Sjølv har eg også lese fleire bøker enn vanleg og vil gi ein kort omtale av dei eg hugsar.

Til fyret (Virginia Wolf) er ein av dei store klassikarane. Eg skal ikkje gi meg ut som litteraturvitar, men boka markerte starten på den moderne litteraturen (ei av dei, i alle fall). Det er forma som er uvanleg. På overflata er det berre trivielle ting; heile den ytre handlinga er bortimot banal. Men under overflata kokar det! Kvar enkel ytre handling eller replikk blir følgt av lange indre monologar og grublingar. Boka er ikkje lettlesen, det skal ho ha forfattaren, men fascinerande når ein berre greier å konsentrera seg om teksten. Føreordet med ei tolking av boka var til stor hjelp; både før gjennomlesing og etterpå.

Berlinerpoplene og Eremittkrepsene (Anne B. Ragde) har vore det store diskusjonstemaet dei siste vekene, så desse har eg treft bra med. Ved å lesa dei etter 'Til fyret' vart det som å gå ut i total spagat. Anne B. Ragde er lettlesen så det held, men det er ikkje nødvendigvis noko gale i det. Eg vil vel heller seia tvert om, det er det mest positive eg kan seia om bøkene. Men totalinntrykket er likevel skuffande. Her er det enorm fokus på detaljar utan at lesaren (i alle fall eg) får noko betre forståing av karakterane. Dei blir for meg veldig einsidige og flate; nesten som pappfigurar. Eg synest også klisjeane får litt for god plass; ikkje minst gjeld det beskrivelsen av dei homofile.

Hjulskift (Vigids Hjort) er i same lettlesne sjanger som Anne B. Ragde. Det er den første boka eg har lese av Vigdis Hjort og det freistar ikkje meg å lesa fleire. Eg synest boka var tynn og på same måte som Anne B. Ragde sine bøker opplevde eg den som stereotyp i miljøskildringane. Nei, les heller Kyrre Andreassens 'Svendsens catering'. Den er god!

Ut og stjæle hester (Per Petterson) har eg hatt på lista mi lenge. Denne romanen har fått mykje skryt og det er fortent. Ei veldig bra skildring av eit far/son-forhold. Men på slutten tippar det nesten over i nostalgisk western der dei "rir mot åskammen i solnedgangen på kvar sin oppsala hest".. Men berre nesten.


Grand Manila (Kjartan Fløgstad) er Fløgstad på sitt beste og om det han kan best: små industrisamfunn på Vestlandet. Her er det også ein typisk vestlandsk industristad og Verket som er i sentrum, men med mange forgreiningar til fleire land og fleire menneskeskjebnar og det heile fletta imponerande bra saman. Ei veldig bra bok.

torsdag 23. august 2007

Norge.no får juling

Norge.no får juling av informasjonsrådgivar Knut Natvig i eit innlegg i dagens Aftenposten. Kritikken er relevant og bør takast alvorleg. Natvig påstår at informasjonsportalen er tilrettelagt mest for brukarar som er godt informerte frå før og som uansett ville funne det dei leitar etter. Informasjonen har for mykje avsendarperspektiv og har forvaltninga heller enn vanlege brukarar som målgruppe.

Den sentrale kritikken kjem mot søketenesta, både på Norge.no og andre offentlege nettstader. Det er ikkje vanskeleg å gi Knut Natvig rett i det, eg har sjølv teke opp problemet med internt søk her på bloggen. Men når Natvig brukar Finn.no for å visa kor dårleg Norge.no og andre off. nettstader er, bommar han. Finn.no har for det meste strukturert informasjon medan Norge.no stort sett viser til ustrukturert informasjon. Databasesøk som i Finn.no er ikkje noko stort problem. Men tenk deg at bilannonsane i Finn.no vart lagt inn som fritekst; då ville Finn.no og få store problem med å henta ut att detaljane!

Til slutt kjem Natvig med tre forslag til tiltak - varierande frå gode til meiningslause:

1. Leggja større politisk press på forvaltninga for å tvinga fram betre løysingar.
Det er eit legitimt spørsmål om det må hardare lut til enn milde retningslinjer som har vore politikken så langt. Mykje tyder på at departementet ønskjer å stilla strengare krav til forvaltninga på dette området.

2. All offentleg informasjon bør samlast i ein portal, bygd på brukarane sine premissar.
Med unnatak av siste del av setninga er dette eit håplaust forslag. Ein portal som Norge.no må vera ein såkalla tynn portal som berre viser til ekstern informasjon, noko anna er heilt umuleg både politisk og praktisk. I staden må Norge.no rydda i eige hus med tanke på korleis informasjonen blir presentert og ikkje minst korleis søketenesta fungerer. Norge.no må også bli ein tydelegare pådriva for arbeidet med semantisk merking av informasjon. Det er her skoen verkeleg trykkjer; utan betre semantiske strukturar på nettstader får me heller ikkje betre søk.

3. Staten må investera i ein søkemotor som spesialiserer seg på indeksering av alle offentlege nettstader.
Nei, er det noko Staten ikkje må gjera, er det å leggja pengar i (nok) ein søkemotor. Det er eit heilt absurd forslag. Derimot må Staten sjå på korleis midlar til søkemotorar blir nytta av offentleg forvaltning og stilla krav om betre samordning. Det er til dømes meiningslaust at både Regjeringa.no og Norge.no skal ha kvar sin søkemotor (av same type!) - berre søkemotorleverandøren vil meina at det er god ressursbruk.

Kritikken som er sett fram i artikkelen i Aftenposten må takast alvorleg. Natvig stiller gode spørsmål, men svara hans er dårlege.

søndag 19. august 2007

Årets mash-up








"Lars", 16 år, har laga årets mash-up der han kombinerer fødselsnr.-verifisering med påfølgjande oppslag på Tele2 si nett-teneste. Skremmande enkelt!

Mash-up er ein av dei viktigaste ingrediensane i Web 2.0 og handlar om samankopling av nett-tenester.

Saka set søkjelys på viktige sider ved personvern og sikkerheit. Framfor alt set den søkjelys på lemfeldig omgang med fødselsnummer og at tenestetilbydarar på nettet framleis ikkje ser ut til å ha fått med seg at deira teneste ikkje eksisterer i eit vakuum, men lett kan koplast til andre tenester.

Fødselsnummeret er ikkje sensitiv informasjon i seg sjølv, men er sjølvsagt nøkkelen til svært mykje sensitiv informasjon. Datatilsynet har difor vore skeptisk til (unødvendig) bruk av fødselsnummer som unik id. Denne saka viser at det er god grunn til slik skepsis.

Den andre lærdommen av denne saka er at tenestetilbydarar må sjå tenestene sine i lys av andre tenester og at informasjon kan koplast nokså enkelt. Det hjelper ikkje om eit system isolert sett fungerer tilfredsstillande dersom opplysningar frå systemet kan brukast som input i eit anna system. I dette tilfellet er utforminga av feilmeldingar viktig: Det kan liggja mykje informasjon i ei opplysning om at fødselsnummeret ikkje er gyldig, sjølv om det på overflata kan sjå uskuldig ut.

Om ikkje anna har "Lars" sett i gang ein viktig diskusjon om personvern, og det er bra.

PS.
Personvern på nettet er oppdatert med denne og andre saker. Det blir m.a. vist til ein interessant artikkel av André N. Klingsheim og Kjell J. Holes ved UiB om uheldig bruk av fødselsnummer på norske nettstader.

onsdag 18. juli 2007

Uoppnåeleg eNorge-mål

Eg analyserer resultata av Norge.no sine kvalitetsvurderingar frå 2004 til 2006 og ser mellom anna på utviklinga innafor området tilgjengelegheit (accessibility). Det er det einaste området der det er sett konkrete mål i eNorge-planen.

I eNorge 2009 heiter det:
I løpet av 2007 skal 80 prosent av offentlige nettsteder oppfylle Norge.no’s kvalitetskriterier for tilgjengelighet.
Resultatet av 2006-vurderinga var at berre 6 av 690 offentlege nettstader oppfylte krava til tilgjengelegheit. Det er mindre enn 1 % (0,87 % for å vera heilt nøyaktig). At dette talet skal stiga til over 80 i løpet av hausten er heilt urealistisk.

Det var forrige statsråd Morten A. Meyer som førte eNorge 2009 i pennen, men det blir noverande statsråd Heidi Grande Røys som får ansvaret for at måla blir oppfylte. Eg vil rå ho til å ta ein ny diskusjon om akkurat dette punktet. Eg trur kanskje målsetjinga var ei anna, men at formuleringa vart litt feil.

Dersom formuleringa hadde vore "offentlege nettstader skal oppfylla minst 80 % av krava til tilgjengelegheit", ville det vore muleg å nå målet. I 2006 var oppfyllingsgraden 69 % (67,3 % for kommunar/fylkeskommunar og 72,3 % for statlege etatar).

Poenget med ein ny diskusjon er ikkje å tilpassa måla etter nosituasjonen, men å setja søkjelys på kva som er viktig innafor dette området. Eg meiner ut frå eit praktisk og pragmatisk syn at det viktige må vera å få flest muleg til å oppfylla dei viktigaste krava for tilgjengelegheit. Så får det heller våga seg om nokre sider ved tilgjengelegheit er dårlegare dekka. Dei indikatorane som er vanskelegast å tilfredsstilla, er:

- hoppa over faste element og gå direkte til innhald (9 % oppfylte dette i 2006)
- korrekt bruk av rad- og kolonnetitlar i datatabellar (24 %)
- bruk av forklarande tekst (ALT-tekst) til grafiske element (53 %)

Av desse meiner eg den siste er den desidert viktigaste og at dei to andre er mindre alvorlege. Sjølvsagt skal ein ha høge ambisjonar på dette området, som regjeringa viser i eit nytt forslag, men det må på same tida ikkje bli for stort sprik mellom målsetjing og faktisk situasjon.

tirsdag 10. juli 2007

JavaScript

Problema eg har referert til med sider som blir tolka forskjellig i ulike nettlesarar, skuldast JavaScript-kode. Det er problem som kjem til syne ved at koden blir tolka ulikt, eller problem du får dersom nettlesaren din ikkje har støtte for JavaScript eller den er slått av.

JavaScript vart utvikla av Netscape på midten av 1990-talet som ei utviding av språket ECMAScript. Namnet JavaScript, og med det mange feilkoplingar til programmeringsspråket Java, var i følgje Wikipedia resultatet av ein hestehandel med Sun. Spørst om det var så lurt.

No er utviklinga av JavaScript lagt til Mozilla Foundation, gjennom det heileigde selskapet Mozilla Corporation. Mellom direktørane for Mozilla Foundation er Brendan Eich, ein av dei som utvikla JavaScript hos Netscape. Men Mozilla er ikkje veldig tydelege på kva dei vil med skript-språket framover.

Er JavaScript ein standard? Dei mest brukte versjonane av JavaScript er SpiderMonkey (ein C-implementasjon) og Rhino (Java-implementasjon) følgjer begge ISO-standarden ECMA-262 ver. 3 og slik sett er det ein standard.

Tilbake til trøblete nettsider: Kvifor bruka JavaScript når det skapar problem? Det er eit stort behov for eit språk som kan manipulera HTML-kode og gjera sidene meir dynamiske. Men utviklarar må heile tida spørja seg:

  • Kan dette løysast utan bruk av JavaScript?
  • Korleis ser dette ut utan JavaScript-støtte?
  • Kan dette blokkera for ein del kommunikasjon (t.d. søkemotorar)?
  • Ser det likt ut i alle (mest brukte) nettlesarar?
Det første spørsmålet er det viktigaste. I dei overordna måla for utarbeidinga av XHTML 2 heiter det då også:
Less scripting: achieving functionality through scripting is difficult for the author and restricts the type of user agent you can use to view the document. We have tried to identify current typical usage, and include those usages in markup.

Et tu, Lotteritilsynet!

Også du, Lotteritilsynet!
Eg trur nesten eg må revurdera tidlegare uttale om at mangel på universell utforming høyrer gårsdagen til. I det siste har det vore plagsomt mange dårlege nettsider, designa spesielt for .. ja, den du veit.

Problemet hos Lotteri- og stiftelsestilsynet er ikkje av same alvorlege karakter som Sparebanken Vest, men det er i alle fall kode som oppfører seg ulikt i Opera og Firefox (Firefox 2.0 øvst, Opera 9.1 under). I presentasjonen av tilsette med e-postadresse, ligg det javascript-kode for mellom anna å gjera det vanskelegare for robotar å samla inn. Men Opera og Firefox tolkar altså denne koden ulikt. IE tolkar koden slik som Firefox.

Tidlegare hadde indikatorane for god kvalitet på offentlege nettsider ein eigen sjekk om sidene framstod likt i ulike nettlesarar. Den vart teken ut for fleire år sidan, men mange eksempel den siste tida kan tyda på at den kanskje skulle vorte inkludert på nytt.

Sparebanken Verst?

Eg har lang erfaring som nettbank-kunde, faktisk før nettbankar var eit faktum. Det første systemet eg brukte var Postbanken sitt Postex system (good old pre-web days). Til ei kvar tid har eg så hatt 3-4 nettbankar som eg brukar i varierande grad.

For Sparebanken Vest har eg alltid brukt Opera som nettlesar. Til vanleg brukar Firefox og Opera om eit anna og som siste utveg IE, dvs. når ikkje noko anna går. Menystyringa til Sparebanken Vest har, som Per-Erik påpeika i ein kommentar, manglar ved at Flash-teksten på innhaldsdelen overskriv menyteksten (!). Det gjer enkelte menyval på tredje nivå uleselege.

Nyleg har spv gjort endringar på sidene som gjer at eg i staden for den vanlege startsida får opp ei hjelpeside der banken forståelsesfullt forklarer at "På grunn av innstillinger i din nettleser vil ikke sidene fungere optimalt." Ja vel, kva slags innstillingar? Er det kanskje innstillinga til banken det er noko feil med? Dessverre demonstrerer banken det same som eg har opplevd i andre bankar i jobbsamanheng: Dei er fullstendig i lomma på IT-leverandøren. Det er det mange kundar som er, men eg trur bankane er i ei særstilling.

søndag 8. juli 2007

Rekordlang meny

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har kanskje sett rekord i menylengde: 119 menyval er det i hovudmenyen, og alle blir viste samtidig! Det siste er nok ikkje tilsikta, men den Javascript-styrte menyen blir ikkje oppfatta på same måte i Opera (9.10) som i IE 6 og Firefox 2.0. Ein annan snodig ting er at menyen i Opera har fleire test-innslag som ikkje viser i IE og Firefox. Det ser også litt dumt ut ("Robert tester litt tekst med fet skrift").

Problemet er truleg at det er brukt Microsoft-spesifikk kode som Opera ikkje greier å tolka rett. Eg både håpar og trur at tida er inne for at denne type nettlesar-binding blir sett på som like harry som å blinkande reklametekstar eller Flash-basert startside (Splash-side).

Ein annan aktør som har klart det same som Fylkesmannen er Sparebanken Vest. Deira nettsider har fram til nyleg fungert heilt OK i IE, Firefox og Opera. No har dei gjort eit eller anna dumt som gjer at sida ikkje lastar skikkeleg i Opera.

Utviklarane må skjerpa seg og innsjå at leverandørbinding (særleg til Microsoft) er UT og korrekt validering og standard-tilpassing er INN!

lørdag 7. juli 2007

Fiat i 500

Fiat går så det grin, 2-3 år etter at dei var nær konkurs. Det passar bra for i år er det 50 år sidan legendariske Fiat 500 vart presentert. Det vart sjølve folkebilen i Italia og mange andre land også. I desse dagar lanserer Fiat den nye versjonen av suksessen, og den heiter framleis Fiat 500.

Trenden med retro-design har vore merkbar dei siste 10 åra. Me har fått modellar som VW Beetle (ingen suksess), BMW Mini (stor suksess), Chrysler PT Cruiser (bob-bob), BMW Z8 (ingen suksess) osv. Den nye Fiat 500 er klart i slekt med opphavet, og retro-elementa er mange. For ordens skuld er den sølvgrå den nye og den raude er originalen (ja, den gamle er nok finare).

Ein fascinerande del av 500-utviklinga er invitasjonen frå Fiat-konsernet til publikum om å bli med på designet av bilen. Fiat oppretta ei eiga nettside der folk kunne gå inn og komma med designforslag. I følgje "Auto motor und sport" har meir enn 3,7 millionar vore innom sidene sidan mai i fjor. 275 000 idear vart samla inn frå sidene, med alt frå fullstendig design til forslag til ekstrautstyr.

Dette må vera bilutvikling 2.0.

torsdag 5. juli 2007

PDF og tilgjengelegheit

Eg deltok på konferansen T4P - Technology for Participation - på Høgskolen i Agder i Kristiansand forrige veke. Utgangspunket for konferansen var prosjektet EIAO - European Internet Accessibility Observatory.

På konferansen var PDF (Portable Data Format) eit tema og det var stort sett med negativt forteikn. PDF er ikkje bra for tilgjengelegheit, var gjennomgangstonen.

Det stemmer nok, og PDF er dessverre altfor mykje brukt på web-en. Det er HTML som er web-ens språk, ikkje PDF. Men PDF-iseringa har dessverre gått langt.

A List Apart har ein god artikkel om PDF og tilgjengelegheit. I artikkelen blir det understreka at også PDF har mulegheiter til å gjera formatet betre tilgjengeleg for funksjonshemma. Artikkelen har følgjande samandrag:

  1. Most PDFs on the web should be HTML.
  2. Some documents really should be PDFs.
  3. You can add XML-like tags to give structure to a PDF.
    1. Tags weren’t available until a recent upgrade to the PDF file format.
  4. Most screen readers in common use can read PDFs.
    1. Screen readers had to be upgraded to understand tags.
    2. Screen readers have been continuously updated throughout their history, and even today some screen readers cannot handle parts of the HTML spec.
  5. Even an untagged PDF can be accessible if you’re using the right technology.
  6. Posting a PDF online with no HTML alternative does not automatically constitute discrimination.
Resten kan lesast på A List Apart.

mandag 2. juli 2007

NSB og brukarorientering

Eg reiste med tog forrige veke og det er alltid kjekt. Det er ein suveren måte å reisa på - den suverent beste etter mi meining. NSB har også lagt til rette for å kjøpa billettar via nettet, så den delen begynner også å bli bra.

Eg kjøpte billettane via nettet og det hadde også sidepassasjeren min gjort. Men ho fekk ei kraftig irettesetjing av konduktøren fordi ho hadde kryssa av for henting på stasjon, og ikkje henting i tog. Hallo?! Er dette brukarorientering slik NSB ser det?

Det må vel vera knekkande likegyldig korleis billettane blir skrivne ut, i alle fall for passasjerane. er det elektroniske billettar eller er det ikkje? Det er NSB si oppgåve å sørgja for å ha oversikt over dei som har bestilt via nettet, ikkje passasjerane. Skjerpings!

mandag 25. juni 2007

Lommedalen, Afghanistan

Eg prøvde å finna hotell i København og fann eit ved hjelp av booking-tenesta hotell.no. Må seia eg skvatt då eg fekk kvittering for bestilling: Avsendaren hadde adresse Lommedalen, 1350, Afghanistan!

Den første tanken min var at - pokker, no var eg lurt. Men ein telefon til hotellet stadfesta bestillinga, så den var ok. Likevel, kva i all verda betyr adressa? Ein kikk på www.hotell.no viser at selskapet har adresse Emilie Haugs Vei 16, 1350 Lommedalen.

Sjølv om tenesta er ekte, vil eg ikkje tilrå den. Avbestillingspolitikken er tvilsam, og bør lesast nøye før bestilling. Det beste er å bestilla direkte hjå hotellet, om muleg.

lørdag 23. juni 2007

Nix, Telenor!

Telenor har annonsert at dei vil trekkja seg ut av samtrafikkpunktet, NIX, som er plassert ved Universitetet i Oslo. Samtrafikkpunktet gjer at all nett-trafikk her i landet flyt fritt og skapar med det nettnøytralitet.

Ved å trekkja seg ut av samtrafikkpunktet, må andre operatørar gjera individuelle avtalar med Telenor for samtrafikk. Det fører til at Telenor kan regulera trafikken i sitt nett betre og prioritera eigne kundar.

Det er ei veldig farleg utvikling me er vitne til her. Teleoperatørane har rasla med sablane lenge, dei vil ha ein større bit av den kaka innhaldsleverandørane forsyner seg av. Men Telenor er jo samtidig tungt inne på innhaldssida - altfor tungt vil mange hevda. Ein konsekvens av eit oppsmuldra samtrafikkpunkt er ei privatisering av Internett der teleoperatørane vernar nøye om sine bitar og det kostar dyrt for andre å sleppa til.

Telenor viser med dette, ufrivillig, for all verda kor feil det var å ikkje skilja infrastruktur (dvs. nettverk) frå innhald (tenestene i nettverket) då selskapet vart omstrukturert. Eg trur og håpar den diskusjonen vil komma opp att med dette utspelet, og då kan resultatet bli eit heilt anna enn det Telenor tenkte seg. Men det krev tøffe politikarar som ikkje er redde for å gi tydelege signal og handla deretter. Liv Signe; no treng me deg meir enn nokon gong!

onsdag 13. juni 2007

The King and I

Seniorrådgivar Einar Flydal i Telenor R & I (Research and Innovation - tidl. forskingsavd.) heldt eit interessant foredrag på Campus Seminar i går. Temaet var "IT og miljø", men det var spesielt historia om oppbygginga av Grameenphone i Bangladesh som var interessant.

Den saka har fått mykje merksemd takka vera Nobelprisvinnar Mohammad Yunus. Men det er klart at saka har (minst) to sider. Flydal orienterte overbevisande om utviklinga.

Historia starta med den asiatiske finansmeklaren i New York som vart sitjande ein heil dag utan tilgang til telefon og pc pga. eit straumbrot. Det fekk han til å tenkja på situasjonen i heimlandet Bangladesh, med for alle praktiske føremål null tilgang til telefon for folk flest. Han fekk då ideen om at løysinga for Bangladesh måtte vera å ta eit kvantesprang over den tradisjonelle teleutviklinga og gå rett på eit moderne mobilnett. Dette presenterte han for Yunus, som tende på ideen, og leitinga etter eit teleselskap som ville bli med på ideen starta.

Yunus prøvde først amerikanske teleselskap, men dei skjønte absolutt ikkje vitsen med å investera i Bangladesh, eit av verdas fattigaste land. Yunus fekk råd om å prøva dei skandinaviske landa fordi tankane passa betre til innstillinga her. Han kontakta Telia og dei var interesserte. Av ulike grunnar trekte det ut og vart gløymt og Yunus sende eit brev til kong Olav i Norge (!). Kongen kontakta Telenor-sjef Tormod Hermansen (!) og dermed var det i gang. Flydal presiserte at utan Tormod Hermansens innstilling og interesse for prosjektet, ville det aldri lete seg gjennomføra.

fredag 8. juni 2007

The Semantic Web

Boka The Semantic Web gir ei grei innføring i begrepet semantisk vev. Undertittelen A Guide to the Future of XML, Web Services, and Knowledge Management indikerer at boka rettar seg mot RDF/OWL og W3C og har hovudtyngda der. Men den er også innom emnekart og tek opp emnekart relatert til RDF/OWL, om enn relativt overflatisk. Boka er også frå 2003 og ein del har jo skjedd på området sidan den tid.

Då eg las dedikasjonen på første side, vart eg litt uroleg:

This book is dedicated to Tim Berners-Lee for crafting the Semantic Web vision and for all the people turning that vision into a reality. Vannevar Bush is somewhere watching - and smiling for the prospects of future generations.
Etter mitt syn har Tim Berners-Lee gjennom artikkelen The Semantic Web gjort meir skade enn nytte for den semantiske veven. Det scenarioet han beskriv i artikkelen er meir skremmande enn tiltalande, og skyt etter mitt syn langt over mål.

Men boka gir som sagt ein god oversikt over standardar knytt til semantisk vev (heile stakken frå XML).

Takk, han er verre!












Internt søk er eit smertebarn - det er katastrofalt dårleg. Eg har vore inne på grunnane tidlegare, og det heng sjølvsagt nøye saman med manglande struktur generelt sett på nettstader og at søk blir behandla som ei isolert sak.

Eg arbeider no med søknad til "EM i e-forvaltning" (!) og gjer eit søk på 'egovernment' på ec.europa.eu, EU-kommisjonen si offisielle vevteneste. Resultatet er vist over - sjekk særleg det første treffet! Say no more..

USA heng etter

Kanskje litt spinkelt grunnlag å hevda det, men eg fekk akkurat inn ein e-post frå tidsskriftet Down Beat om at deira årlege avstemming av årets jazz-musikarar for første gong også skjer via nettet.

Down Beat Readers Poll har 71 års historie og går tilbake til dei gyldne 30-åra (ikkje dei harde, men dei gyldne..) med musikarar som Louis Armstrong, Roy Eldridge, Ben Webster, Coleman Hawkins osv. osv.

Avstemminga er delt i to; lesarane si vurdering og jazz-journalistar/kritikarar si vurdering (her er det snakk om jazzkritikarar i mange land). Den har på mange måtar vorte ein institusjon, men på den andre sida er den også ekstremt konservativ. Ein saksofonist som Sonny Rollins vinn til dømes også tenorklassen i våre dagar. Han er ein av mine favorittar, men han hadde nok si store tid for 40 år sidan (!).

Avstemminga finn du her.

mandag 4. juni 2007

Sjølvmelding med pluss og minus

Først ein honnør til Skatteetaten (det lokale likningskontoret): På grunn av misforståing fekk eg fekk problem med innleveringa av sjølvmelding via Altinn innan fristen 31.05. Eg sende då ein e-post til det lokale likningskontoret og forklarte saka, og fekk tilbakemelding morgonen etter med utsetjing til 4. juni. Slik skal det vera - ein etat som brukar det skjønnet og den fornuften den har rett og plikt til å bruka.

Minuset gjeld Altinn. Eg har kritisert Altinn før, og må nok gjera det igjen. Denne 200 mill. kr-gorillaen (minst!) har framleis svære hol i brukarvennlegheit. Eg vil berre kommentera eit par av dei. Det er bygt inn omtrent null intelligens i skjemaportalen. Til sjølvmeldinga mi var det 4 vedlegg (næringsoppgåve, tilleggsskjema ++) og eg måtte fint tasta inn namn og adressa kvar jævla gang. Er det for mykje forlangt av eit system i 2007 at det skal kunna hugsa desse detaljane frå skjema til skjema? Eg er jo autentisert og dei veit alle detaljar frå før.

I næringsoppgåva skal også tala frå 2005 oppgjevast. Dei tasta eg møysommeleg inn i fjor, men trur du Altinn hugsar det? Nei, dei ligg der nok i skjema frå 2005, men Altinn klarer ikkje å henta dei innatt for meg.

Eg er fullt klar over at dei fleste brukarane av Altinn ikkje tastar inn tala manuelt slik eg gjer. Men det er mange nok som gjer det til at det ville spart mykje arbeid om Altinn bygde inn bittelite grann intelligens og automatikk. Dette er funksjonar du forventar i eit enkelt system til nokre titusen kr, og her snakkar me om ein portal der det hittil har vore brukt fleire hundre millionar! Konsulentselskapa kan gni seg i hendene, det er framleis mykje ugjort her.

onsdag 23. mai 2007

Microformats

Den semantiske veven er i emning, men det går seint. Eit spørsmål mange stiller seg (vel, enkelte) er om dei skal satsa på RDF/OWL eller emnekart (Topic Maps) for å realisera den semantiske veven. Svaret er sannsynlegvis: verken eller! Svaret er mest sannsynleg mikroformat.

Mikroformat er "low level" semantisk annotering. Eit av problema med den semantiske veven og visjonen er den høge terskelen. Det er ikkje gjort på ei kveldsstund å implementera rdf eller emnekart viss du startar frå null. Med mikroformat er det annleis, her er det lett å komma i gang og det er lett å ta det steg for steg.

Slagordet for mikroformat er "designed for humans first and machines second" som kanskje kan verka som eit paradoks sidan det er maskinene som først og fremst må nyttiggjera seg informasjonen. Men ved nærmare ettertanke er det kanskje her det største problemet med "tung" semantikk ligg: Det blir for fjernt frå vanleg tankegang.

Microformat tek også sikte på å løysa spesifikke problem og det har resultert i standardar som hCard, hCalendar og hResume for å nemna nokre. Dei to første er web-parallellar til vCard og vCalendar.

Finn ut meir på www.microformats.org og/eller les John Allsops artikkel i Digital Web Magazine. Sistnemnde har også komme med boka "Microformats - Empowering your markup for Web 2.0".

søndag 20. mai 2007

Svar på tiltale

Grete Faremo, sjeflobbyist for Microsoft, skreiv om Microsofts satsing på opne standardar i Dagens it i mars. Eg tenkte med meg sjølv at berre ein er frekk nok, går kanskje det meste.

Håkon Wium Lie, teknologidirektør i Opera, tenkte nok det same, men let ikkje Faremo og Microsoft sleppa så lett. Han gir Faremo svar på tiltale i siste nummer av Dagens it og viser ei heilt anna side av saka "Microsoft og opne standardar". Eg held ein knapp på Wium Lie. Dessverre har ikkje Dagens it lagt ut kommentarane.

Illustrasjonane er henta frå syretesten "Acid 2" som viser om nettlesarane følgjer web-standardane. Til venstre ser me testen utført i IE 6.0 og til høgre same testen i Opera 9.1, med korrekt resultat. Firefox klarer (sjølvsagt) også testen, medan IE 7.0, som eg i det lengste prøver å unngå å installera, også feilar!

torsdag 17. mai 2007

Veien ut

I dag er det nøyaktig to år sidan Bjørn Gabrielsen, frilandsjournalist og kjent som litteraturmeldar i Dagens Næringsliv, bestemde seg for å flytta ut av leilegheita i Oslo og ta med hundane sine til ei lita hytte i Nordmarka. 17. mai 2005 flytta han til hytta på mindre enn 30 kv.m. utan straum og innlagt vatn.

Dette har det vorte bok av, ei god bok til og med. Undertittelen er "En mann. En skog. Ett år. Ingen plan". Og det er akkurat det boka handlar om. Det er lett å tru at det må bli ei kjedeleg bok, men slik er det ikkje. Boka er underhaldande og til ettertanke, mest på grunn av Gabrielsens gode penn (eller pc bør eg vel seia).

Boka er ein slags miks av Hakkespettboka og Erlend Loes "Doppler". Stilen til Bjørn Gabrielsen minner meg om Erlend Loe - både vittig og alvorleg på same tid.

Det er sjølvberging, eller å klara seg sjølv mest muleg på eiga hand, som er hovudtema for boka. Gabrielsen får godt fram kor langt me har fjerna oss frå naturen og kor hjelpelause dei fleste av oss eigentleg er. Kva gjer me den dagen det ikkje berre er å opna kjøleskåpdøra og finna maten? Berre i løpet av ein generasjon har me fått eit så fjernt forhold til det me omgir oss med at me har store problem om straumen forsvinn, om eit eller anna går i stykker eller om butikkane skulle halda stengt eit par dagar.

Det beste med boka er at den trass i temaet ikkje er ei moralpreik. Bjørn Gabrielsen påstår ikkje at han har funne det perfekte livet, av og til tvert om - det er til tider eit helsikes slit. Og han formanar ikkje andre om å følgja etter. Men refleksjonane han gjer seg i hytta i Nordmarka er vel verdt å dela.

onsdag 16. mai 2007

What is this thing called teneste

Alle snakkar om å leggja tenester på nett, men er det muleg? Kva er eigentleg ei teneste? Har kommunen ei elektronisk teneste dersom søknadsskjema for barnehageplass er lagt ut på nett? Er søknadsskjema om skjenkeløyve ei elektronisk teneste fordi det blir digitalt?

Det blir synda mykje mot teneste-begrepet, og me kjem til å få det att midt i fleisen når den semantiske veven skal vevast framover. For det nyttar ikkje med slurvete begrepsbruk når du snakkar med datamaskiner!

Meir om temaet finn du på VF-bloggen.

søndag 13. mai 2007

Fram og tilbake = like langt?

For knappe 3 år sidan bestemde forrige regjering å omdanna Statskonsult til eit statsaksjeselskap, og omdanninga skjedde frå 01.01.2005. Denne veka reverserte Heidi Grande Røys avgjerda og Statskonsult skal avviklast som aksjeselskap og gå inn i eit nytt forvaltningsdirektorat. Med på lasset blir Norge.no, e-handelssekretariatet og eit ukjent tal personar frå FAD.

Det er fleire moment i denne saka. Eitt av dei er svekka tillit til det politiske systemet. Det tek seg ikkje særleg bra ut med så kort horisont for politiske avgjerder. Det må kanskje den forrige regjeringa ta mest skuld for. I dette biletet høyrer også bruk av midlar. Statskonsult fekk med seg ei dugeleg nistepakke på ferda mot sjølvstende og eiga inntening. I tillegg vart det brukt mykje midlar til sluttpakkar.

Victor Norman var statsråden som bestemde at Statskonsult skulle omdannast til aksjeselskap. Han skriv i kommentarspalta si i Dagens Næringsliv 12. mai om kampen mot vindmøller, med Statskonsult-historia som utgangspunkt. Norman kan knapt kallast habil i denne saka, men han har likevel enkelte gode poeng.

Han meiner at endring i forvaltninga gjennom eit departement som AAD/MOD/FAD eller kva pokker det heiter (knapt noko departement har vore gjennom fleire namneendringar) er dømt til å mislykkast. Det blir halen som skal logra med hunden; styrkeforholdet blir heilt feil. Om det skulle vera eit organ for endring av statsforvaltninga, må det liggja enten hjå Statsministeren (SMK) eller aller helst i Finansdepartementet. Det er eg heilt einig med Victor Norman i.

Men Victor Norman undervurderte også behovet for eit eige forvaltningsorgan særleg for IT-koordinering. Her trur eg det er rett å samla trådane i eit nytt direktorat som blir meir slagkraftig. Så blir utfordringa for Norge.no å markera seg og ta styringa her.

tirsdag 8. mai 2007

Vestlandsforsking med forskingsblogg

Vestlandsforsking har lansert forskingsblogg, eller firmablogg som Are ville ha kalla det. Fornyings- og adm.minister Heidi Grande Røys har sparka bloggen i gang med denne helsinga.
Så langt me veit, er det den første bloggen på organisasjonssnivå i forskings-Norge.

Planen er å la blogginga gå på omgang blant dei tilsette og få ein oppdateringsfrekvens på 1-2 ganger pr. veke. Følg med!

tirsdag 24. april 2007

Frå tillit til kontroll (2)

Forordet i boka Fra tillit til kontroll er skrive av Ole Paus, og er så bra at eg har lyst å gi ein smakebit:

Ved fasttelefonen
Fasttelefonen min ringer. Den har en ilter og hatsk ringelyd, og både ilterheten og hatet er gjensidig. Displayet forteller meg at Ukjent er på tråden. Forresten hadde det ikke vært nødvendig for meg å sjekke displayet for å vite hvem det var som ringte. Ukjent er den eneste som ringer til meg på fasttelefonen min. Jeg kunne selvfølgelig bare latt være å ta den fordømte telefonen, men det er rart med det, til tross for den stygge ringelyden er det min telefon, jeg har betalt den med egne penger, og dessuten: Bak resignasjonen et sted slumrer et ukuelig håp om at en gang i livet skal jeg bli gledelig overrasket når jeg løfter av røret. Men det skjer aldri.

"Er det Ole Christian Paus?"

"Ja," sier jeg så avvisende jeg kan.

Men Ukjent eier ikke situasjonsfornemmelse.

"Hei, Ole Christian," støyer Ukjent inn i øret mitt.

Før Ukjent kom inn i mitt liv, var det bare to instanser som brukte begge fornavnene mine: Oslo Likningskontor og min far. Den ene fordi jeg hadde gjort noe galt, den andre fordi jeg burde gjøre noe riktig. Men felles for dem begge var at de var oppriktig interessert i å få skikk på meg. Slik er det ikke med Ukjent. Ukjent har ingen interesse av noe som helst, Ukjent gir blaffen. Dessuten er Ukjent tvekjønnet, tvekjønnet som en manet. Denne gangen er det mannsstemmen som snakker:

"Jeg ringer for SOS Nød Og Trengsel. Du kjenner til oss, ikke sant?"

Jeg glemte å nevne at Ukjent dessuten er absolutt amoralsk, manethjertet er like lunkent uansett hvem det gir seg ut for å banke for. Ukjent er den ansiktsløse megleren for verdens katastrofeofre, for alle jordens pårørendegrupper, for støtteforeninger i fjern og nær, for redningsselskaper og attføringstiltak, og dessuten driver Ukjent med salg av billig strøm, alternative teletjenester, og paller med toalettpapir til inntekt for Ungdommens Idrettslag.
...

Resten må du lesa i boka, som du enten kan få via Pax Forlag, bokhandel eller på biblioteket.

BEST

Er på konferanse i dag om BEST-prosjektet: Betre elektronisk samhandling og tenester. Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som står bak prosjektet, finanisert av HØYKOM, og konferansen. Prosjektet skal betra den elektroniske kommunikasjonen mellom offentlege arkiv-system.

Eit bilete på dagens situasjon, viser kor nødvendig det er og kva potensiale det har.
Eit brev mellom to kommunar (A og B) har følgjande kommunikasjonsgang i dag:

Kommune A skriv ut eit brev og legg evt. med vedlegg, og hentar opplysningane frå sitt arkivsystem. Brevet blir frakta av Posten og det tek i gjennomsnitt 4 dagar (!) før det når mottakaren. Mottakskommunen skannar inn brevet (moderne løysingar, må vita!) og registrerer opplysningar i sitt arkivsystem. Dei same opplysningane som ligg i arkivsystemet til kommune A, og kanskje til og med i det same arkivsystemet som kommune A brukar. På toppen av det heile kan det kanskje henda at kommune A og B har eit samarbeid på it-sida slik at begge arkivsystema ligg på same servaren.

BEST-prosjektet definerer ein standard for meldingsutveksling mellom Noark-baserte arkivsystem (Noark 4 og etter kvart 5). Dette blir gjort i samarbeid med hovudleverandørane av arkivsystem til offentleg sektor: ACOS, EDB, Ergo og Software Innovation.

Departementet har enno ikkje bestemt om dette skal bli ein standard for meldingsutveksling mellom arkivsystem, men dei bør ha gode grunnar for å seia nei. Det kan ikkje vera mykje tvil om at det ligg eit stort potensiale for innsparing og raskare saksbehandling her.

Meir informasjon om prosjektet og presentasjonar på konferansen finn du på www.efylke.no

mandag 23. april 2007

Frå tillit til kontroll

Det er tittelen på boka Georg Apenes ga ut på Pax Forlag i 2005. Boka er sett saman av 12 intervju og med eit forord av Ole Paus. Georg Apenes fører ein samtale med dei tolv personane om ulike sider ved personvern.

Personar han intervjua er mellom andre Kristin Clemet, Knut Storberget, Gisle Hannemyr og Stein Viksveen (journalisten som vart spiontiltalt). Intervjua reflekterer også personane, slik gode samtalar bør vera. Difor handlar ikkje boka berre om personvern, sjølv om det er den raude tråden.

Politisk sett ser det ut som at trua på den sterke staten og tillit til overvaking heng godt saman. Difor har Arbeiderpartiet ikkje nokon god historie når det gjeld personvern og vern om individet sin rett til anonymitet. Meir overraskande er det kanskje at SV i langt sterkare grad har markert seg som forkjemparar for personvern (og eit restriktivt syn i bioteknologi-spørsmål, noko som heng nøye saman). Framstegspartiet ser ut til å vera eit slags Arbeiderparti når det gjeld overvaking - ikkje mykje motførestillingar der. Det er Venstre og Høgre som held fana høgt i personvernspørsmål, saman med SV.

Det store problemet er at me ikkje har eit Datatilsyn med ressursar og mynde til å halda fana høgt i slike spørsmål. Datatilsynet har ei nærmast umuleg oppgåve; dei skulle hatt mangedobla budsjett og fått større innverknad. Det blir spennande å sjå kven som overtek etter Georg Apenes som direktør i Datatilsynet. Sjølv meiner eg Kristin Clemet ville vera eit veldig bra val - og det seier eg frå ein posisjon som er garantert Høgre-fri. Ho har nødvendig tyngde og innsikt og ville kunna løfta fram dette viktige organet og området.

I mellomtida bør du få tak i boka til Apenes, den er berre på 150 sider og vel verdt å lesa.

søndag 22. april 2007

Datalagringsdirektivet - frå sletteplikt til lagringsplikt!

EU føreslår i datalagringsdirektivet å lagra detaljert informasjon om telefonsamtalar, e-post og internett-kommunikasjon i opptil to år. Tidlegare har det vore eit påbod om å sletta slik informasjon etter maksimalt eit halvt år.

Det er skremmande lite diskusjon om den stadig meir omfattande overvakinga. Datatilsynet står sørgjeleg åleine om å ropa varsku mot denne utviklinga. Det nye direktivet vil føra til ei massiv overvaking av absolutt alle. Tidlegare har det vore tiltak retta mot spesielt mistenkte, men no skal altså absolutt alle overvakast.

Leif T. Aanensen i Datatilsynet trekkjer fram ein interessant parallell: Tenk deg at Posten fekk i oppdrag å føra liste over alle dei du sender brev til og mottek brev frå. Det ville garantert vorte ramaskrik om dette vart føreslege, men det er akkurat det som skjer i cyberspace - og stort sett ingen løftar augnebryna.

onsdag 18. april 2007

Google - din venn i nøden?

Storbandkollega Paal tek opp ei sentral problemstilling kring Google og Gmail i Paals blogg: Kven kontaktar du når du har problem med Gmail? Google har sjølvsagt gjort det bortimot umuleg å kontakta dei, så du får følelsen av å stå å ropa i skogen utan særleg håp om å få svar.

På lenger sikt trur eg dette vil bli eit kjempeproblem for Google. På den andre sida: Microsoft har overlevd godt med katastrofalt dårleg brukarstøtte i årevis (når kontakta du Microsoft sist fordi eit eller anna gjekk i dass i Windows?).

tirsdag 17. april 2007

Norsk ordbok på nett?

Dagens Næringsliv hadde ein omtale av Norsk ordbok-prosjektet for eit par år sidan og framstilte det som ein gjeng nedstøva forskarar som eigentleg tilhøyrde 1800-talet. Det vart etter kvart ei rikssak, og Norsk ordbok-prosjektet fekk sine 15 min. berømmelse, men med negativt forteikn.

Etter at eg las om etableringa av The Oxford Dictionary i boka The Meaning of Everything fekk eg stor sympati for desse nitidige ord-samlarane. Dei gjer eit viktig arbeid, sjølv om det framstår litt gammaldags i dagens hypereffektive samfunn (hypereffektivt i den forstand at alt går veldig fort, men innhaldet er det så som så med).

Band 6 av det store verket, som skal vera ferdig til 100-årsmarkeringa i 2014, er nyleg kommen. Ordboka har no komme til bokstaven 'k'.

Det er bra. Men eg set eit stort spørsmålsteikn ved prioriteringane i publisering. Det verkar for meg som alle ressursane er lagde i bokpresentasjonen, og lite eller ingen ting i nettutgåva. Det er forferdeleg synd, for det er nettet som opplagt er den store formidlingskanalen. Eg meiner ikkje at bøkene ikkje skal givast ut, men at det må leggjast ressursar i å utvikla ei god nett-teneste for dette verket.

Dagens nettutgåve er dessverre direkte dårleg og ikkje brukande for folk flest. Den er ekstremt avsendarorientert, med søkealternativ som (hald deg fast): 'Metaordboka', 'Grunnmanuskriptet', 'Setelarkivet' osv.). Gi meg berre eit søk, for f... Kor vanskeleg kan dette eigentleg vera?

torsdag 12. april 2007

Er USB ein standard?

John C. Dvorak, spaltist mellom anna i PC Magazine, tek opp nokre sentrale problem med dagens pc-ar og periferiutstyr. Kvifor er det så vanskeleg å bli einig om grensesnitt på t.d. USB-kablar og straumforsyning? USB kom og feia disketten av bana nærmast over natta. Det er ei interessant historie for dei som vil forska på det. Den følgjer eit kjent mønster: Først tek det tid å etablera støtte for standarden, men når den har nådd eit kritisk volum, tek det kort tid før den er einerådande på sitt område.

På PC-sida er grensesnittet standardisert, medan det i den andre enden er kaos. Der har kvar leverandør si spesialtilpassing, noko som gjer at kablar ikkje kan brukast om eit anna. Kvifor må det vera slik?

Det andre eksempelet til Dvorak er straumforsyning til allverdas duppedittar. Her er det fleire problem: Det som er lettast å gjera noko med, er å få produsenten til å skriva på adapteret kva produkt det tilhøyrer. Som Dvorak så treffande skriv: Til og med på ein boks fersken må produsenten skriva kva som er inni boksen; kan det vera så vanskeleg å få til det same på eit straumadapter??

Det neste steget er sjølvsagt ei standardisering for å redusera talet på adapter. Det er i grunnen heilt vilt at kvar ny dings kjem med ny type adapter. Mobiltlf. og berbare pc-ar er verstingane her. Sjølv same produsent klarer ikkje å halda seg til eitt, eller eit fåtal, adapter.

onsdag 11. april 2007

Typografi og bilnummerskilt

Torbjørn Eng har fleire interessante tema på dei før nemnde sidene om norsk typografi. Han tek opp typografien på norske bilnummerskilt dei siste 30-40 åra. Det er eit tema som i alle fall interesserer meg, og eg hadde planlagt ein artikkel om dette før eg las TEs vurdering. Det var bra eg venta, for no har eg fått litt meir innsikt i dei typografiske vurderingane bak.

Bilar og bilnummer har alltid interessert meg, og det starta vel med hobbyen/leiken å skriva ned bilnummer (!). Det har eg forresten slutta med... Men det har gjort at eg hugsar godt bilnummer, og kjenner folk stort sett på bil/bilnummer (legane har sikkert eit namn på slike syndrom..).

I staden for å gjengi Torbjørn Engs grundige vurdering, vil eg berre slutta meg til konklusjonane hans i rangering av skrifttypar for bilnummer:
  1. Skilt frå 1971 til 2002
  2. Skilt frå 2006 (dagens skilt)
  3. Skilt frå 2002 - 2006
Eksempel på dei ulike skilta finn du på dei før nemnde sidene.
Eg vil leggja til at eg synest dei gamle bilskilta er i særklasse best. Dei nye som vart innførte frå hausten 2006, er rett og slett for små og er mykje vanskelegare å lesa på avstand. Når du ser dei to skilttypane ved sida av kvarandre, ser du lett dette.

Skilttypen frå 2002 - 2006 er hesleg, rett og slett (freistande å kalla den grotesk, men det har ei heilt spesiell betydning innan typografien og blir heilt feil). Det er typografi laga av ingeniørar, for ingeniørar.

mandag 9. april 2007

Norsk typografi

Egil tipsa meg om nettstaden Typografi i Norge, som typograf Torbjørn Eng står bak. Her er det mykje interessant å lesa om norsk typografisk historie. No er ikkje typografi det området Norge har utmerka seg mest på, så det er ein relativt kortfatta historie.

Det er likevel interessant å lesa korleis den moderne typografien etter første verdskrig vart motteken og formidla i Norge. Sameleis er det interessant å sjå gammal boktrykkjarkunst representert ved Gerhard Munthe ("Draumkvedet") som inspirasjon for eigen norsk skrifttype (Fabritius) og til slutt gjenskapt med moderne verktøy av Torbjørn Eng i skrifttypen Frisianus. Skrifttypen er mellom anna brukt på den velkjende Gudbrandsdalsosten til Tine, her vist i ein montasje saman med ein annonse for Kværners Åsgard-plattform der skrifttypen også er brukt i overskrifta.

søndag 8. april 2007

Dårlegare service med Internett?

Kai A. Olsen, professor ved Høgskolen i Molde, viser i ein artikkel i Dagbladet 31.03.07 ei rekkje interessante eksempel på dårlege nett-tenester og konkluderer med at servicen har gått ned etter at kundehandteringa vart flytta over på nettet.

Typografi

Typografi er interessant; eg trur det er grenselandet mellom tekst og design som gjer det fascinerande. Ellen Lupton har skrive ei lesevennleg bok om typografi - Thinking with Type (med undertittel A Critical Guide for Designers, Writers, Editors, & Students). Den er lesevennleg fordi den legg vekt på eksempel, mange og gode eksempel, og held det tekstlege omfanget på eit minimum. Lupton let eksempla i stor grad tala for seg sjølve, men kjem også med mange gode råd på vegen.

Den svakaste delen av boka er, ikkje overraskande, den som omhandlar web'en. Her er Lupton på litt tynn is innimellom med omsyn til universell utforming, tilgang for alle osv.

Eit par utdrag frå boka: Kjenner du bakgrunnen for begrepa Uppercase og Lowercase? Dei har sitt opphav frå den fysiske organiseringa av trykkeri-romma (print shops). Uppercase var fontane for store bokstavar i den øvre kassen, og Lowercase var fontar for små bokstavar i den nedre kassen. Logisk!

tirsdag 3. april 2007

Gmail er norsk!

Visste du at Gmail er eit norsk produkt? Eg har brukt Gmail e-postprogram sidan 1992 - og det er ingen aprilspøk!

Gmail er ein epostklient utvikla av firmaet Gallagher & Robertson; to engelskmenn som har spesialisert seg på integrasjonen mellom pc og mainframe (Bull) og som har ei rekkje "G"-produkt. Av desse er Glink, ein terminalemulator, det mest kjende.

Du kan lesa meir om namneforvirringa på www.gar.no, ser ut som saka ikkje er avslutta.