torsdag 26. februar 2009

Nett-nøytralitet

Dette var eitt av tema som vart tekne opp på seminaret Internet Governance som eg har blogga om tidlegare. I paneldebatten om nettnøytralitet var det ikkje same, rørande einigheit som kan lesast om hjå Forbrukerrådet. Men det er uansett positivt at Post- og teletilsynet har gripe tak i dette og komme med retningslinjer som bransjen ser ut til å slutta seg til. (Biletet er henta frå www.bbc.co.uk)

Så får det heller vera at "alle pakkar er like, men nokre er likare enn andre" framleis ser ut til å gjelda.

Eg skreiv i bloggen om Internet Governance at eg skulle komma tilbake til begrepet Walled Garden, eit sentralt begrep i diskusjonen om nettnøytralitet. Walled Garden er som namnet seier ein innhegning. Dersom ein ISP let ein innhaldsleverandør plassera serveren sin hos seg og gir kundane sine spesielt god tilgang til denne, og andre liten eller ingen, er det ein walled garden. Men då er det etter definisjonen heller inga internett-teneste, berre ei ISP-teneste for spesielt utvalde. Også Apples iPhone må kunna karaktereriserast som Walled Garden, og berre ved "jail-breaking" er det muleg å fjerna inngjerdinga.

onsdag 25. februar 2009

(G)IKT

Dagens IT tek opp spørsmål om "IKT" bør døy. Svaret mitt er JA. Eg har aldri likt denne forkortinga, har mykje meir sans for IT og forstod aldri vitsen med å leggja til K-en. Det er på ein måte opplagt at IT også må romma kommunikasjon, det bør vera unødvendig å fortelja det i klartekst. Det blir omtrent som å innføra ordet "telefonkommunikasjon".

Eirik Solheim i NRKbeta meiner støvskya står av uttrykket, og har aldri høyrt ungdom ta det i sin munn. Torbjørg Breivik i Språkrådet meiner på den andre sida at uttrykket er presist, om enn noko teknisk.

IT avløyste det gamle, gode EDB. ADB blir også trekt fram som eit tidstypisk uttrykk av Torbjørg Breivik, men eg trur aldri det uttrykket festa seg. Det var eit byråkrat-forsøk som aldri fekk skikkeleg fotfeste.

Kva skal så barnet heita? Per Morten Hoff i IKT-Norge (!) vil gjerne gi bort god raudvin til den som kjem opp med eit betre uttrykk, sjølv om det indirekte også rammar bransjeorganisasjonen hans. Eg prøver å bruka IT så godt eg kan, det er i alle fall litt betre enn IKT.

fredag 20. februar 2009

Digital kulturformidling, dag 2

ABM-samlinga Digital kulturformidling i Førde held fram med dag 2.

Kulturminneåret 2009, Bjarnhild Samland, Fylkesarkivet
Det er 12 år sidan siste kulturminneår, og då var satsinga i Sogn og Fjordane Kulturhistorisk leksikon, eit arbeid som har fått mykje å seia i ettertid.

Det er Miljøverndep. og Kultur- og kyrkjedep. som styrer dette og har gitt ABM i oppdrag å setja arbeidet ut i praksis. Informasjon sentralt finst på www.kulturminneaaret2009.no.
Temaet er dagleglivets kulturminne, og Mosselukta er vel det som kanskje eksemplifiserer dette best. Det er eit forslag til kulturminne som har skapt ein del diskusjon.

Det er også eit uttrykk for at terskelen for kulturminne er låg, det er få avgrensingar og "alt" og "alle" er inkluderte. Også immatrielle kulturminne (dans, musikk osv.) er viktige.

Det er eit mål at kulturminna skal få varig verdi. Folk i fylket skal engasjerast til å delta i utveljing av kulturminne.

Digitalt fortalt er ei av satsingane i Kulturminneåret 2009. Det er ei teneste for å synleggjera spesielt interessante og relevante kulturformidlingar. Bjarnhild viser ei eigenprodusert video om Sognefjorden Challenge (fjordsymjing) kombinert med historia om strekking av straumkablar over Sognefjorden for mange tiår sidan. Artig video - sjekk den!

Folkets kulturminneløyper: Tilrettelagt for at folk flest skal kunna leggja inn kulturminne og kartfesta desse.

Sats på fotobevaring! Elin Østvik, Fylkesarkivet
Fylkesarkivet har arbeida systematisk med fotobevaring sidan 1986.
Den første søkbare fotbasen på nett kom i 1995.
I 2004 vart det teke i bruk nettbasert fotoregistrering.

Samla sett er 30 % av fotomaterialet til Fylkesarkivet digitalisert. Men negativsamlingar etter porofesjonelle fotografar ligg lagra på magasina og er ikkje digitaliserte. Ein stor del av samlinga (ca. 30 %) er utan informasjon, eller berre med eit minimum av informasjon.

Offentleg tilgang til fotomaterialet er sterkt avgrensa sidan digitaliseringsgraden er så låg.
Innlånt materiale er digitalisert i langt større grad enn deponert materiale.

Rapporten "Eksponert - Kulturhistorisk fotografi i Sogn og Fjordane" tek opp alt dette og kan tilrådast. Sjølvsagt mange flotte foto.

Spørsmål: Korleis kan arbeidet med fotobevaring og særleg digitalisering prioriterast høgre?
Det er utfordringar knytt til institusjonar utanfor fylket ("me er framleis eit lydrike under Bergen")
Teknisk kvalitet på ein del av det digitaliserte materialet er for dårleg og arbeidet må gjerast på nytt.
Mange spørsmål og stor interesse for dette temaet - tydeleg at dette er eit område som opptek mange. Det er også det området som publikum viser størst interesse for.

Kulturhistorisk leksikon og Digitalt fortalt i Møre og Romsdal, Jan Aakvik, Kulturnett Møre og Romsdal
Byggjer på Kulturhistorisk leksikon frå Sogn og Fjordane og har som målsetjing å bli like bra! Hadde ein trang start, men fekk etter kvart arbeidet i gang og med Digitalt fortalt frå ABM-utvikling vart det skikkeleg fart. Har hatt ei rekkje kurs med ABM-institusjonane og seinare ulike sogelag og det har skapt engasjement og artiklane har komme.

Grunnen til at arbeidet skaut fart etter Digitalt fortalt er den desentrale modellen med ein ansvarleg ved kvar institusjon rundt om. Det er enkelt å leggja inn informasjon. Informasjonen blir søkbar på tvers av alle fylke og det er enkelt å knyta informasjonen opp mot eigne nettstader.

Problemstillingar: Skal dei halda fram med å bruka DF eller skal dei bruka Kulturhistorisk leksikon? Kva med trafikk til eigne nettstader når dei brukar DF? Den går sjølvsagt ned. Trafikktal viser elles at det er kommunane og avisene som er dei viktigaste inngangane. Sjølv er Jan Aakvik klar på at trafikktal på eigne nettsider ikkje er viktig, men å gi publikum lett tilgang til informasjon uansett kor den er.

Creative Commons, Heather Broomfield, Innovasjon Norge
Heather er IP-rådgivar i Innovasjon Norge (Intellectual Property), og ho er eks-kollega sidan ho jobba ved Vestlandsforsking før Innovasjon Norge.

Gjenbruk av offentleg informasjon er viktig:
- utdanning
- tilgang for folk flest
- stimulering til innovasjon og nyskaping

Tradisjonell opphavsrett (copyright) gir eksklusive rettar og lisensiering er dermed vanskeleg. Det er ein slags "all or nothing at all". Lisensar blir dermed ofte lange, kronglete og nokså uforståelege.

Med web 2.0 og dagens utvikling på nettet passar ikkje det tradisjonelle opphavsrettsregimet. Larry Lessig var inspirert av GNU Public License og såg at det var behov for noko midt mellom tradisjonell opphavsrett og GPL.

Creative Commons er eit sett med 6 ulike lisenstypar. Norsk utgåve av CC ver. 3.0 vart klar sommaren 2008.

Det er framleis ein del vanskelege spørsmål: Kva med informasjon som ein ikkje har full eigarskap til? Det vil jo ofte vera tilfelle for Fylkesarkivet o.l. institusjonar.

Heather legg til etterpå:
Maybe put in something that because CC is easy to use and people can understand the licences. When new content is contributed to libraries, archives, museums etc. contributers should be encouraged to use CC licences. This is beneficial for all parties - first the contributer knows what rights they are in fact giving the receiver and the receiver knows exactly what they can do with their work. A content management system!

Levande kulturformidling på nett og mobil, Rune Vindenes, Gaia Studio
Formidlar kultur og opplevingar med levande bilete.
Med TV Askøy prøver dei å laga ein eigen tv-kanal i eit lokalsamfunn. Dei brukar verktøy som er fritt tilgjengelege på nettet, m.a. Flash-basert avspelar.

Har også laga fleire videoinnslag med basis frå Sogn og Fjordane.
Er i gang med utprøving av video for mobiltlf.-marknaden i samarbeid med Netcom.
Leverer også videoløysing med GPS-styring for automatisk guiding på turistbussar (minner veldig om "På veg", men er ikkje like mykje sanntid som den løysinga).

ABM-søknader for 2009
Presentasjon av ulike prosjektsøknader til ABM-utvikling.
Av spesiell interesse er Sogn folkemuseum/Reiselivsmuseet sitt prosjekt med reiselivshistorie digitalt fortalt. Det er eit prosjekt som skal gjera ABM-informasjon om reiselivet tilgjengeleg for reiselivssektoren. Idemessig ligg det tett opp til filosofien i EuropeanaLocal.

Planar for Kulturnett Sogn og Fjordane, Øystein Åsnes, ABM Sogn og Fjordane
Teknisk sett er nytt samsøk og nytt publiseringsverktøy planlagt. Verktøy er ikkje bestemt, men det må ha støtte for sosiale teknologiar, rss, web services og tilgjengelegheit (WAI).

Samsøk 3:
. søkemotorvennlege URL-ar
- skal bli enklare å djuplenka
- meir fleksibel skalering
- erstatta enkelt søk i kvar database
- muleg å kommentera innhaldet

Nytt og aktuelt - skal det vera like synleg og ta like stor plass?
"Kultur"-nett eller "ABM"-nett?
Meir fokus på tenester?

Spørsmål:
Er det samsøk når ikkje alt er søkbart? Får t.d. ikkje informasjon frå folkebiblioteka.
Korleis møta dei stigande forventningane blant folk flest? Det blir vanskeleg å gøyma seg bak forklaringar om manglande ressursar og høge krav til kvalitet før ting blir lagt ut på nettet. I stadig større grad vil tradisjonelle autoritetar, som ABM-sektoren, bli utfordra.

Musea ligg litt etter A-en og B-en i ABM. Trur det er musea sjølve som må ta ansvaret for det, fordi det digitale arbeidet har vorte nedprioritert til fordel for tradisjonelt museumsarbeid.

torsdag 19. februar 2009

ABM-samling Sogn og Fjordane

ABM er ei noko kryptisk forkorting for Arkiv, Bibliotek og Museum - det me kanskje kan kalla den offentlege kultursektoren. ABM Sogn og Fjordane er samla i Førde i dag (19.2) og i morgon. Eg er invitert til å snakka om web 2.0. Presentasjonen min finn du her på SlideShare.

Elles vil eg prøva å formidla undervegs frå samlinga.

Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, opna samlinga med å referera til den enorme utviklinga på nettet og dei utfordringar det skaper for ein sektor som ABM. Dei mange tenestene skaper store forventningar hjå brukarane og dei forventar det same av tenester som bli levert av t.d. ABM-sektoren.

ABM-koordinator for Sogn og Fjordane, Øystein Åsnes, ynskte velkommen som initiativtakar til samlinga. Han viste eksempel på ein del av dei nye tenestene som er under utvikling og som gjer bruk av det digitale kulturgrunnlaget i fylket. Mange av tenestene gjer bruk av nye web 2.0-tankar og -metodar og involverer brukarane på ein langt meir aktiv måte enn tidlegare.

Eit viktig poeng er at ein og same kulturartikkel kan presenterast på mange måtar og i mange ulike tenester, både tenester frå ABM og andre. Korleis ivareta kontrollen over informasjonen? Korleis handtera opphavsrett i ei ny, digital verd? Dette er berre eit par av dei mange spørsmåla som dukkar opp i arbeidet med nye tenester.

Biblioteket som digital læringsarena (Fylkesbiblioteksjef Gunhild Aalstad, Oppland)
Korleis kan biblioteka bidra til å styrka den digitale kompetansen og minka skilnaden mellom dei mange som er utanfor nettsamfunnet og dei som er ein del av dette. Biblioteka kan vera ein ressurs på dette området.

Har bygt ein bibliotekinngang - Bibliotekportalen Oppland - til alle bibliotek i fylket. Fleire prosjekt, både tidlegare og noverande, som tek opp biblioteket som læringsarena. Har samarbeida mykje med VOX.

I opplæringa samarbeider dei m.a. med bankane for å læra brukarane nettbank i tillegg til tradisjonelle informasjonskjelder for ABM.

Her er ei av tilbakemeldingane frå fornøyde kursdeltakarar:
"Jeg fant meg selv på internett! På ei resultatliste fra et billøp jeg deltok på i 1964!"

Knappe 1 000 personar har delteke sidan oktober 2007. Har fått vist at det er eit stort behov og at biblioteka passar godt til å ta denne rolla. Dette har dei gjort utan ekstra ressursar.

Har vidareført erfaringane inn i eit EU-prosjekt gjennom SIU (Senter for internasjonalisering av høyere utdanning). Gode erfaringar med bruk av SIU. Har vore klare på at slik deltaking skal gi ein meirverdi til noko dei alt arbeider med.

Framover vil dei prøva å nå andre brukargrupper, særleg personar med annan kulturbakgrunn. Dei har også nye EU-søknader på gang.

Biblioteket som kulturelle møteplassar, Agust Magnusson, fylkesbibliotekar i Sogn og Fj. Erfaringar frå eit folkebibliotek i Kvinnherad, der han arbeida tidlegare. Då han starta å arbeida i folkebiblioteket, hadde kommunen 26 skular og 13 bibliotek! Store avstandar og grisgrendt folkesetjing gjorde at det vart innført ein biblioteksbuss, noko som saman med utvida opningstider auka utlånsprosenten med over 100.

Har etablert Kvinnherad folkebibliotek på Facebook og har m.a. bilete frå ei utstilling om islandsk kunst.

Europeana roadmap and satellite projects, Lizzy Komen, EDL Foundation
Europeana.eu lansert i desember 08 og den tryna umiddelbart! Etter ein månads restrukturering og oppretting, vart den forsiktig relansert og utstyrt med ein "beta"-merkelapp.

Europeana.eu er den synlege delen av European Digital Library, og den er ein paraply over mange prosjekt som samla bidreg til å byggja innhaldet i vevtenesta. I løpet av 2010 skal Europeana gi tilgang til minst 10 mill. digitale objekt, samla frå alle EU-land (inkl. EØS). Den skal mellom anna støtta fleirspråklege søk.

Det er mange interessante ting ved Europeana.eu, m.a. er tidslinja (timeline) interessant visuelt. Tenk om denne basen kunna vore løfta semantisk i tillegg, og kopla med andre kjelder utanfor ABM-sektoren! Me arbeider med Fylkesarkivet for å få til dette i SeSam4-prosjektet.

EuropeanaLocal og nasjonale utviklingstrekk, Gunnar Urtegaard, avd.dir. for Digitalt ABM, ABM-utvikling
Sjeldan har det vore slikt fokus på sektoren, det kan gå lenge til sektoren dei opplever tilsvarande interesse (dei har fått sine 15 min. i spotlight'en). Det kjem ikkje mindre enn 3 stortingsmeldingar på området i løpet av 2009.

Sleppa data fri!
Sleppa brukarane til!
Samla gir det meirverdi.

Infrastruktur er gitt høg prioritet. Institusjonane må få betre verktøy, data må samlast i nasjonale fellesløysingar.
Digitalt fortalt er eit innhaldsprosjekt som har fått mykje merksemd og der det er sett av ein del midlar.

Brukarane har tenkt ABM samla sett heile tida, det er berre interne hindringar som har gjort at det ikkje er muleg å presentera det slik. Men det må vera målet.

EuropeanaLocal blir eit viktig verktøy for å realisera dette. Sogn og Fjordane er den lokale norske partnaren i prosjektet og skal visa veg for andre fylke etter kvart. Mykje av strategien for ABM-utvikling vil vera basert på utviklinga i Europeana sentralt. Kanskje må ein opp på europeisk nivå for å klara å samla kjeldene på nasjonalt nivå? I alle fall har ein ikkje klart dette nasjonalt sjølv om ambisjonane har vore der heile tida.

Det handlar om innhald, innhald og atter innhald.

EuropeanaLocal, Elin Østvik, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Potensielt kan Fylkesarkivet levera inntil 20 mill. digitale objekt til Europeana.
Prosjektet går frå juni 2008 til mai 2011. Totalbudsjett 4,3 mill. euro og det er 32 partnarar frå 27 land. Fylkesarkivet i Sogn og Fj. har ei sentral rolle i prosjektet og er økonomisk koordinator. Avinet er teknisk hovudpartnar.

Hovudoppgåver i prosjektet:
1. Etablera ein Europeana-vennleg infrastruktur (data skal kunna haustast av Open Archives Initiatives Protocol for Metadata Harvesting (OAI-PMH))

2. Jobba for fornuftige oppsamlingsnivå for metadata

3. Oppfordra til digitalisering

4. Eit ABM-perspektiv på prosjektarbeidet

Det ser ut som ein må gå vegen om Haag (europeana.eu) for å klara å samla kultur-Norge digitalt!

Spørsmål: Kan EuropeanaLocal tilby eit enkelt grensesnitt for registrering frå andre enn dei "godkjende" databasane?
Digitalisering er ei av hovudoppgåvene, men det er tenkt lagt til ein sentral institusjon og ikkje distribuert.
Fridtjof Urdahl: Er det nødvendigvis slik at til meir digitalisert tilgjengeleg til betre? Er det ting som bør fredast for digitalisering?
Må kunna tora å visa fram ting på nettet som ikkje nødvendigvis er ferdig, samtidig som det må gjerast på ein attraktiv måte.
Det ligg store utfordringar på det juridiske og opphavsrettslege området.

Regionale kulturnett som formidlarar av digital kulturhistorie, Kristin Bolgård, ABM-utvikling
Kven kjenner til Kulturnett og kor mange brukar det? Mange kjenner det, men ikkje så mange brukar det.
Kulturnett i 13 fylke til no. Samarbeid med andre informasjonsleverandørar (Phonofile, KIK, andre).
Kulturnett er basert på emnekart-teknologi som gjer det muleg å knyta saman informasjon på ein måte som gir brukaren ekstra opplysningar.

Digitalt fortalt er ABM-utvikling sitt bidrag til kulturminneåret. Tenesta vart opna av Trond Giske i Trondheim for 14 dagar sidan. Mykje av innhaldet er henta frå eksisterande databasar, men det er opna for kommentarar og bidrag frå publikum.

Viser historia "Bobby is in town" (video) som kan finnast på Digitalt fortalt.
Kartet som viser kor historiane stammar frå, er som ei haglskur plassert i Sogn og Fjordane. Nesten alle data er frå fylket vårt. Men no kjem dei andre fylka etter.

Eigen kommentar til Kulturnett: Det er ei teneste som sårt treng oppdatering. Den er også eit godt eksempel på at det er utfordrande å vera tidleg ute. Kulturnett var ei av dei første tenestene basert på emnekart, og tilbodet av verktøy som støtta teknologien var avgrensa. Det har gjort arbeidet med portalen tungt og med mykje ad hoc-preg.

Frå vikinggrav til verdsveven, Marit Anita Skrede, Fylkesarkivet i Sogn og Fj.
Portalen www.sfj.no/arkeologi viser arbeidet som er gjort med dokumentasjon av gammal busetnad. Arbeidet er gjort i samarbeid med Årdal kommune og viser eldre busetnad frå steinalderen i eit område kalla Ytre Moa.

Digital kulturformidling til - og samarbeid med skuleverket, Bjarnhild Samland, ABM Sogn og Fj.
Samarbeid med skuleverket gjennom den kulturelle skulesekken og gjennom det knyta opp arkiv, bibliotek og museum. Skulestova.no er samlingstenesta på nettet; den er ein syntese av Kulturnettet og den kulturelle skulesekken.
Geoatlas er eit viktig verktøy for elevane å knyta opp ressursar til eit kartbasert grensesnitt. (Men som eg har kommentert på VF-bloggen: Brukargrensesnittet er håplaust gammaldags. Google Maps har køyrt over slike løysingar på ein brutal måte!).

onsdag 18. februar 2009

Solberg og Mills i Nordfjord

Underteikna, som Solberg, og kartlesaren min, Nils Arne Hove, som Mills, var på tur i Nordfjord i går. Me skulle til ei samling med Nordfjord-kommunane i Hornindal. Då me såg eit skilt med "Volda 8 km" ana me uråd, og ein tlf. til Jarle Tvinnereim stadfesta mistanken: Me var på feil kurs og det var berre å snu.

Me kom fram 45 min. etter møtet starta, og sidan dette kjem ut uansett, kan me like godt fortelja det sjølve. Som gode kollegaer skulda me på kvarandre då me kom fram..

Men møtet vart bra, det.

mandag 9. februar 2009

Web-statistikk

Har skrive på Vestforsk-bloggen om web-statistikk og bruken av vestforsk.no i 2008.

torsdag 5. februar 2009

Bloggens makt

Dagbladet har ein interessant historie om det famøse forslaget til innstramming av straffelova for religiøse ytringar, som kompensasjon for bortfallet av blasfemiparagrafen. Her trakka Senterpartiet skikkeleg uti, eg må ope innrømma at eg skjemmest over å ha stått på kommunelista til partiet. Forslaget var ikkje berre hårreisande dårleg, det var direkte farleg og eit stygt angrep på ytringsfridommen.

I følgje DB var det bloggarane som tok saka og skapte debatt, ikkje avisene og det tradisjonelle media. Eg trur distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK Sogn og Fjordane har heilt rett: Han sa på web 2.0-seminar for to dagar sidan at aldri har tida vore betre for nye media (web 2.0++) å utfordra det gamle. Han sikta til lokale forhold, men eg trur dette gjeld i endå større grad på nasjonalt plan. Det er vel berre å sjå på opplagstala for avisene..

fredag 30. januar 2009

Internet Governance, dag 2

Nett-nøytralitet (paneldebatt)

Kva er nett-nøytralitet? Introduksjon ved Frode Sørensen, Post- og Teletilsynet
Kort svar: All Internett-trafikk skal behandlast likt! ("All packets are equal!" [... but some packets are more equal than others...])

Og så blir spørsmålet: kor likt?

Overordna mål: Internett som ein open og ikkje-diskrimerande plattform for alle typar kommunikasjon og innhald.

EU: Så lenge mål/termer er transparente, er det nett-nøytralt
PTT meiner ein må gå lenger og sjå på sjølve nettverket for å avgjera om trafikken blir behandla nøytralt.

PTT er i sluttfasen av eit arbeid som skal munna ut i retningslinjer for nett-nøytralitet:

1. Førehandsdefinert kapasitet (Predefined capacity)
Alle brukarar skal ha tilgang til Internett-tilgang med førehandsdefinert kapasitet og kvalitet.
Spesielle problemstillingar: "Walled garden" (meir om dette seinare..)

2. Fri tilgang

Senda og motta innhald etter eige val. Bruka tenester etter eige val. Bruk av maskin- og programvare etter eige val, så lenge det ikkje skadar nettet.

3. Ikkje-diskriminering
Brukarane skal kunna senda og motta innhald utan diskriminering på noko vis.
Internett har likevel aldri vore heilt nøytralt. Brukarar og tilbydarar med høg kapasitet vil ha fordeler framfor brukarar med mindre kapasitet. Det er også skilnad på krav til kvalitet og kapasitetskrav; IP-tlf. har t.d. større krav for å vera ei god nok teneste enn t.d. epost.

Panel-debatt
Gisle Hannemyr (UiO), Frode Sørensen (PTT), Harald Alvestrand (Google Norge), Håkon Wium-Lie (Opera), Larry Solum (Univ. of Illinois), Haakon Flage Bratsberg (Telenor), Dag Wigum (Schibsted)

HA: Kven hadde høyrt om Facebook, YouTube og Twitter i jan. 2007, av forsamlinga? (veldig få). Kven trengde desse selskapa å spørja om lov til å starta opp? Ingen, bortsett frå dataleverandør og ISP. Det er det nett-nøytralitet handlar om; om du må spørja om lov til å levera ei teneste.

Nett-nøytralitet må utvidast frå å handla om pakkar, til å handla om identitet. Identitet handlar om kontroll. Nøytralitet handlar om å sleppa å spørja om lov.

LS: I USA har det endra seg mykje berre den siste tida, ikkje minst pga. Obama. Obama er veldig klar i støtta til nett-nøytralitet. Nytt FCC-leiarskap ser også ut til å bli klare tilhengjarar av nett-nøytralitet. Google har nyleg lansert eit nytt knippe verktøy, Measurements Labs, som m.a. gjer brukarane i stand til å kontrollera nett-nøytralitet (at dei får det dei har betalt for). [M-labs kan sjåast på som kraftig utvida versjonar av dagens ulike nett-speedometer].

To ulike debattar i USA om nett-nøytralitet:
1. Kortsiktig perspektiv: Er nett-nøytralitet eigentleg bra for brukarane?
2. Langsiktig perspektiv: Nett-nøytralitet og innovasjonsevne og -mulegheit

HFB: Dagens reguleringsregime er tilstrekkeleg. Lurer på om nett-nøytralitet er ei verkemiddel eller eit mål i seg sjølv? Det er ein tendens til det siste, meiner han.

HWL: Internett er ei velsigning for samfunnet. Men stolar eigentleg ikkje på telekom-selskapa som forvaltarar av denne velsigninga, "dei er ute etter meg og sel meg vidare til andre selskap [roaming]". Viss det i det heile skal diskriminerast, kan ein vurdera å bruka ein vektor som bruka standardar som målestokk. Eksempelvis ville det vore uheldig om Skype fekk monopol-liknande tilstand med sin lukka protokoll. I slike tilfelle kunne ein vurdert diskriminering for å få opna opp.

GH: Nett-nøytralitet er viktig, det er berre å sjå på den enorme utviklinga og innovasjonstakten som har vore og er på Internett. "If it's not broken, don't fix it".
Nemner Yochai Benchler si bok "The Wealth of Networks" som eit viktig bidrag til saka om nett-nøytralitet. I Europa har diskusjonen på den andre sida dreia seg mest om økonomi. Kven skal betala for den høge kapasiteten nye tenester basert på video krev? Spørsmålet er reelt og "fair enough". Personleg tykkjer han at diskusjonen bør dreiast i politisk retning.

Nettverks-eksternalitet er ein viktig del av denne diskusjonen (men ein litt annan diskusjon).
Likte veldig godt utsagnet til Frode Sørensen om "all packets are equal", men han burde ha stoppa der! Prinsippet om "predefined capacity and quality" er berre tull! Det handlar berre om å behandla alle pakkar likt, og dei andre punkta i PTTs tilrådingar bør sløyfast.

DW: Mediaselskap elskar "walled gardens", så kvifor er då Schibstedt sterkt for nett-nøytralitet? Walled gardens kjem og går og vil verka uheldig på utviklinga. Bør utvida spørsmålet til Alvestrand om kven ein må spørja om lov, til også å spørja "kor mykje må ein betala for å få levera tenester"?

Spørsmål frå salen:
Det viktige er differensiering på bakgrunn av kommersielle grunnar. Alle pakkar er ikkje like, nokre pakkar (kontrollpakkar osv.) er faktisk viktigare enn andre.

GH: Det er rett at alle pakkar ikkje er like, "eg var litt for tabloid i beskrivelsen". Men meiner framleis at PTT blandar politiske argument med andre argument.

Korleis skal kostnadene og inntekter delast? Det er det store spørsmålet når det gjeld nett-nøytralitet

GH: Meiner det ikkje bør trekkast inn i debatten, for uansett er det kundane som får rekninga.
DW: Er så lei av spørsmålet! Må sjå på heile biletet og ikkje berre på distribusjonen, det blir altfor snevert. Schibstedt har brukt massevis av pengar


Korleis kan verktøy som M-labs hjelpa brukarane til å kontrollera nett-nøytralitet?

GH: Verktøy som M-labs og generelt betre informasjon til sluttbrukarane er bra.

Bør spørsmålet om nett-nøytralitet heller gjerast til eit spørsmål om innovasjon og innovasjonssystem?

FS: Paneldebatten viser at det er ideologiske skilnader i synet på nett-nøytralitet og det er proteksjonistiske (kommersielle?) skilnader. PTT prøver å balansera desse retningane i retningslinjene som vil bli publiserte snart. Nett-nøytralitet og kvalitet på tenester (QoS) er tett samanvevd.

Willy Jensen, PTT: Liknande debatt på konferanse i København i fjor og den konkluderte med at "debatten om nett-nøytralitet" er over!". Denne debatten kjem sikkert til å konkludera liknande. Nokre få (gjenstridige telekom-selskap) vil sjølvsagt stå hardt på kravet om at nett-trafikk må prioriterast og at innhaldsleverandørane må betala for å senda, men i det store og heile er diskusjonen avslutta. Detaljane står att, og sjølvsagt ligg djevelen i detaljane.

HWL: Dagens konkurranselovgiving er ikkje nok, Opera veit alt om dette etter tiår med kamp.

GH: PTT blandar forbrukarinteresser (bundling) med nett-nøytralitet i sine retningslinjer.
Til spørsmålet om prisen på infrastruktur, nett-tilgang, er svaret at den har gått ned i same takt som annan maskinvare. Trusselen om at nettet bryt saman pga. video-bruken er feil, om eit par år kan ein lasta ned høgdefinisjons media raskare enn ein klarer å sjå på det.

Avsluttande kommentarar:
HA: Til spørsmålet om Internett II: Nei takk, eg har alt Internett og det fungerer mykje betre

DW: Nett-nøytralitet

HB: NIX-saka handla om andre ting i tillegg til nett-nøytralitet. Men viktig å vita kva me meiner med nett-nøytralitet. Dersom det betyr eit ope nett, så er Telenor positive til deg.

HWL: Trur ikkje ein treng bekymra seg over innovasjonstakten på nettet.

LS: Er redd offentlege diskusjonar om nett-nøytralitet som skjuler andre agendaer osv.

FS: Er takksam for innspela (særleg frå GH). Retningslinjene inneheld ikkje ein definisjon av nett-nøytralitet, men nokre forslag til korleis det kan handterast. Så lenge dette er eit spørsmål, må ein også handtera det.

GH: Trur konseptet nett-nøytralitet er viktig. Men særleg dersom ein kan dreia det i retning av politisk innhald, og ikkje økonomi. Men skal det vera nyttig, må det definerast skikkeleg. Det er ein tendens til å kasta litt for mykje inn i debatten som eigentleg ikkje handlar om nett-nøytralitet. NIX-saka handlar ikkje om nett-nøytralitet, slik PTT har konkludert. Det var Telenors klønete handtering av saka som gjorde at dette vart ein stor diskusjon.

Viss diskusjonen om nett-nøytralitet er over, kva vart så resultatet? (til Willy Jensens påstand)
Spørsmålet vart hengjande i løfta, for med det var paneldebatten over og konferansen over for min del.

Mine inntrykk av diskusjonen: Ein viktig diskusjon, men vanskeleg sidan begrepet nett-nøytralitet ikkje vart skikkeleg definert og kvar og ein diskuterte ut frå sin definisjon. PTT gjorte eit godt forsøk på å definera begrepet i innleiinga til debatten, men påstod likevel seinare at dei ikkje hadde nokon definisjon (??). Retningslinjene frå PTT vil likevel bli interessante å studera når dei blir lagde fram om kort tid.

torsdag 29. januar 2009

Internet Governance (1. dag)

"Internet Governance at the Crossroads" er tittelen på seminaret som blir halde i dag (29. jan.) og i morgon på Litteraturhuset. Eg prøver å samanfatta det viktigaste frå seminaret her.

Lee Bygrave, UiO, opna seminaret og fortalde litt om bakgrunnen for konferansen. Konferansen er eit resultat av eit arbeid finansiert av Uninett NORID og fell saman med lanseringa av boka "Internet Governanse - Infrastructure and Institutions" av Bygrave sjølv og Jon Bing. Boka er ei samanfatting av arbeidet i prosjektet og er tenkt som ei innføringsbok i Internett-styring, mest retta mot studentar.

I boka blir det gitt to definisjonar på Internet Governance:

Eva Hildrum, dep.råd i Samferdsledep.:
Viktig å halda nettet ope og eit verkemiddel er å skilja styring og kontroll av nettverket (infrastruktur) og innhald. Viktig å halda på dynamikken i nettet og ivareta den opprinnelege filosofien om minst muleg regulering og styring, men det må også balanserast mot andre krav.

Nettverks-nøytralitet: Støttar EU-kommisjonen sitt syn, men har kommentert at det kan vera meir substansielt.

Ho gratulerte elles Post- og Teletilsynet med 3. plassen i "EM for Telekom-tilsyn"!

Keynote: Internet Governance at a New or Old Crossroads?
Alejandro Pisanty, National University of Mexico, tidl. medlem av ICANN Board of Directors

Kvifor "Crossroads"? Kanskje heller "Roundabout". Spørsmålet har dukka opp med jamne mellomrom dei siste 10-15 åra. Saknar engasjement frå akademika, burde vore mykje meir forsking på dette området. Forskarane har sove her!

Tradisjonelt ei heuristisk tilnærming til Internett-utviklinga: Problemløysing, særleg tydeleg i IETF sitt arbeid. Men Internet Governance er noko meir enn problemløysing. Offentlege myndigheiter (Government) har ei spesiell rolle i IG fordi dei har makt og mynde til å iverksetja og utføra tiltak andre ikkje har. Men myndigheitene må også overlata delar av nett-utviklinga til andre (".. to mess up").

Anti-phishing Working Group eit eksempel på god, heuristisk tilnærming til eit spesifikt Internett-problem. Samarbeid mellom mange aktørar, private og offentlege, og det har vist seg å fungera godt. Serverar identifiserte som avsendarar av phishing, blir stengde i løpet av eit par timar.

Manglar eit teoretisk fundament for IG, hittil basert på empiri. Principal/Agent Theory er ein teori som kan tenkjast brukt som fundament for IG.

Stor usikkerheit om kva Internett-politikk den nye demokratiske leiinga i USA legg opp til. Vil dei støtta seg på den gamle demokrat-linja, eller vil dei leggja opp til ein endra politikk? Den nye administrasjonen kan få stor betydning for styringa av Internet.

Kva skjer med ICANN (sp.m frå salen): Prosessen med oppretting av nye toppnivå-domene (TLD) vil visa om og korleis ICANN kan handtera denne type vanskelege saker.

Det heng framleis att i tenkinga at denne type problemstillingar er interne USA-saker, medan det faktisk er globale problemstillingar.

Er det heller ein politisk modell enn teoretisk modell som manglar for IG?

Internet governance and electronic communications regulation
Ian Walden, prof. ved Queen Mary Univ. of London

Konvergens skal forenkla ting, men reguleringsmessig blir det meir komplisert.

Internasjonal regulering av telekommunikasjon: ITU og WTO
Europeisk lovgiving (EU): 5 direktiv, 2 reguleringar ++

Skilje mellom tenester:
Transport-tenester (Carriage services)
Innhald (Content services)
Skiljet mellom nettverk (transport) og innhald blir stadig meir utviska og gjer det vanskelegare å oppretthalda eit skilje også reguleringsmessig.

"Nettverk av nettverk " er ikkje likeverdige. Det er t.d. svært få tilbydarar av backbone-nett (5 stk.), noko som krev streng regulering for å unngå monopoldanning (eksempel: MCI-oppkjøp).

Nettverksnøytralitet: Ikkje-diskriminering (tilbydarnivå) og gjennomsiktig (sluttbrukarnivå).
[Sidekommentar til breibandutbygging: BBCs iPlayer (video-on-demand, opptak av alle BBC-program dei siste 7 dagane) har vorte utruleg populær]

Internett-tilbydarar sit på viktig informasjon om abonnentane og bruken av denne skapar utfordringar. Eit eksempel på eit vellykka initiativ er Cybercrime Convention (2001), men den hadde ikkje vorte vellykka om ikkje det var lett å få ut informasjon frå ISP-ar. Trafikkmønsteret til kundane er også viktig informasjon som mange vil vera interesserte i.

Internet Watch Foundation: Eit vellykka initiativ som utfører kontroll på to måtar; stenging av nettstader og filtrering. Men filtreringa skaper sjølvsagt nye utfordringar (ref. Wikipedia og "Virgin Killers"). Og sjølvsagt: Kvifor stoppa med barneporno, det er mange andre gode saker å kasta seg over..

Spørsmål:
Tradisjonelt har Internett vore styrt etter "styring utan styring" (sjølvregulering), ein heilt annan modell enn den myndigheitene står for. Kva er utviklinga no?

Trur sjølvregulering er på veg ut, den politiske trenden er at myndigheitene ønskjer sterkare inngrep og regulering (gjeld for UK). Mindre sjølvregulering og meir co-regulering.

Er telekom-lovgiving og regulering (ITU m.m.) ein del av IG?
Ja, absolutt, men det har vore altfor lite fokus på det. Telekomselskapa seier at dei regulerer "berre transporten", men den er ikkje muleg å skilja frå innhaldet. Og Telekomselskapa arbeider seg stadig høgre i teneste-kjeda.

Private-public partnership in the Internet world
Ørnulf Storm, Post- og teletilsynet og Hilde Tunem, Uninett/NORID

Regulering og administrasjon av .no-domenet (Frameworks of a TLD).

1. Framework function (lagar rammeverket)
2. Operative function (utførande del)
3. Supervisory function (kontrollerande og rådgivande funksjon)

Desse funksjonane blir ivaretekne av ulike aktørar (departement, Storting, tilsyn, NORID).

Uninett Norid AS, dotterselskap av Uninett AS som er eigd av Kunnskapsdep.
- sekretariat for det norske Internett-samfunnet
- juridisk ansvarleg for domenenamn-politikken for .no
- administrering av .no-domenet (inkl. sekretariat for klagehandtering)

Paneldebatt: Liberalization of the domain name space
Introduksjon til ny gTLD-prosess (Chuck Gomes, Verisign - og medl. av ICANN) [gTLD = generic Top Level Domain]:

1998: US Dep. of Commerce White Paper uttrykte misnøye med adm. av Internett-namn og -adresser, forslag om ny organisering av dette arbeidet. Forslag om å privatisera dette arbeidet (privatisering på amerikansk, dvs. flytta det ut av dep.adm.). Flytta mykje av arbeidet ut til registrar-nivå, ikkje på registry-nivå.

ICANN oppretta i 1998.
- skilje av register- og registrarfunksjonar
- oppretting av Domain Name Supporting Organization (DNSO), no Generic Names Supp. Org (GNSO)

I 2000 - 2002 vart 7 nye toppnivå-domene oppretta (.aero .biz .coop .info .museum .name .pro)
2003: Nye gTLD (.asia .cat .jobs .mobi .post .tel .travel)
2005-2007: Utforming av ny policy (Policy Development Process) av GNSO
2008: ICANN godkjende GNSO-tilrådinga (hovudprinsipp gjennomsiktig, objektive og rettferdige).

Inntrykk frå første dag: Interessant tema, men mykje ord! Litt vanskeleg å trengja gjennom og få klart fram kva som er tilstanden når det gjeld styring av Internett. Kven styrer kva, og kva politiske motsetningar er dei viktigaste? Ein del av dette vart kanskje svart på i den siste plenumsdebatten om globalisering av IG, men den fekk eg dessverre ikkje med meg.

tirsdag 27. januar 2009

You're KIDding!

Bro og Tunnelselskapet AS kjem høgt i klassen mest idiotiske KID-nr:
320048010171800000008546

24 siffer! Då burde dei vel klara å identifisera innbetalinga. Dei tek truleg høgde for verdas innbyggjarar som kundar, og endå har dei mykje å gå på.

Men dette skuldast tankeløyse og slappheit. Det går fint an å klara seg med eit KID-nr på 5-7 siffer, og enkelte er flinke til å ta omsyn til det. Dette er eit eksempel på manglande brukarorientering.

Eg må ta med eit innlegg frå debattforumet til NRK - Forbrukarinspektørane, det tek på alle måtar kaka (det er eit svar på innlegget som kjem først i sitatet):

Opprinnelig skrevet av Ung Herre:
>Bare gjør som jeg gjør. Tar en penn, markerer og tar 2 og 2
>nummer om gangen.
>En enkel løsning på et særdeles lite problem.

Jeg har en enda bedre løsning;
Jeg tar 25 ark som jeg nummererer med sidetall. Deretter farger jeg dem i forskjellige farger. Så tar jeg et nytt ark hvor jeg skriver tallene fra 1 til 25 (ett pr. linje) og hvilke farger disse samsvarer med.

Deretter tar jeg blanketten med kid-nummeret, og klipper forsiktig vekk ett og ett nummer, fra venstre mot høyre, etterhvert som jeg limer nummeret (ett-og-ett) på de fargede arkende (husk å starte med ark 1, osv.)
Når dette er gjort ferdig, så har jeg et idiotsikkert system:
Jeg tar ark1, skriver inn det første kid-nummeret på tastaturet, dobbeltsjekker at arkets farge er riktig, mot oversikten på det siste arket, og gjentar så prosedyren 25 ganger.
Tilslutt sjekker jeg en siste gang mot oversiktsarket.
Det går så greit så, og helt idiotsikkert, som sagt.

Noen som har lurt på hvorfor en bruker datamaskiner? Og tenkt enda lengre; hvordan en datamaskin kan løse enkle oppgaver?

Løsningen min er i.h.t. standard fra Norske Skog.

no-kid-ing.

Tiltredes!

torsdag 22. januar 2009

Change has come - to WhiteHouse.gov!

Obamas lovnad om change er tydeleg alt frå første dag. Samtidig med at han avla eiden på Capitol Hill, vart dei gamle sidene til Det kvite huset bytta ut med nye, Change-sider henta frå Obama-kampanjen. Det er m.a. O'Reilly Radar som melder dette.

NRKbeta refererer Jason Kottke som har sett litt på baksida av dei nye sidene, og det er Change også der. Dei gamle White House-sidene hadde ei robot.txt-fil med drøssevis av stengde (eller i alle fall forsøksvis stengde) sider - i alt 2400 linjer av typen:

User-agent: *
Disallow: /cgi-bin
Disallow: /search
Disallow: /query.html
Disallow: /omb/search
Disallow: /omb/query.html
Disallow: /expectmore/search
Disallow: /expectmore/query.html
Disallow: /results/search
Disallow: /results/query.html

Dei nye sidene har følgjande robot.txt-fil:

User-agent: *
Disallow: /includes/

Tilfeldig? Neppe!

Robot.txt er den fila som fortel søkerobotane kva dei har lov til å indeksera og kva dei skal halda seg unna.

Oppdatering:

Eit viktig tillegg som Mats Taraldsvik har kommentert på NRKbeta er at lisensformuleringane og -regimet også er endra på WhiteHouse.gov. Dei er overførte frå Change.gov som etter oppfordring frå Larry Lessig endra lisensieringa frå den tradisjonelle "All rights reserved" til Creative Common-lisensen CC-BY, den mest liberale CC-lisensen. Som Larry Lessig påpeikte til Obama-kampanjen:

Instead of the question being “why should we license this content under a free license?” it should be “why should we NOT license this content under a free license?“. Of course, this change in approach is a mindset change. It requires participants to adjust their expectations of the norm to be a Free Culture society as opposed to a restricted society.

onsdag 14. januar 2009

Web-standardar

I forrige innlegg nemnde eg både Microsofts IE og Firefox, men den som har vore best på web-standardar er vår eigen Opera. Tidsskriftet .net (ikkje knytt til Microsoft-teknologien med same namn) har i desemberutgåva for 2008 eit intervju med Chris Mills i Opera.

Saman med andre har han utvikla Opera Web Standards Curriculum (Opera WSC), eit 40-tals artiklar som gir nybegynnarar ein solid start. Det er Creative Commons-lisensiert og fritt å distribuera. Dei prøver særleg å få undervisningsinstitusjonar til å ta det i bruk fordi det er viktig å læra seg å bruka standardar frå starten av.

Chris Mills samarbeider også med The Web Standards Project (WaSP) og dei to prosjekta ser ut til å utfylla kvarandre godt. Han ser for seg to viktige grupper dei må prøva å nå i tillegg til studentar: web-utviklarar som brukar utdatert og/eller proprietær teknologi og hobby-utviklarar.

tirsdag 13. januar 2009

Designing with Web Standards

Då Jeffrey Zeldman starta Web Standards-initiativet (Web Standards Project - WaSP) i 1998, var det på ingen måte opplagt å halda seg til web-standardar. Initiativet vart starta som ein grasrot-bevegelse for å misjonera bruken av standardar i web-design. 10 år seinare har veldig mykje endra seg, og for seriøse utviklarar og designerar er bruken av standardar i web-utvikling opplagt. Likevel ser me mykje slurv og kode som bryt med standardar og beste praksis.

Zeldman har vore, og er, ein av dei fremste advokatane for å følgja web-standardar i utvikling av nettsider. Han starta også tidsskriftet/nettstaden A List Apart fordi han meinte det var mykje som mangla i den tidas web design-ressursar. ALA er framleis ein av dei viktigaste ressursane for web-design i utvida forstand. For nokre år sidan starta Zeldman også konferanseserien An Event Apart.

Jeffrey Zeldman har også skrive boka Designing With Web Standards som kom i første utgåve i 2003 og andre utgåve i 2007. Det er ei obligatorisk bok for alle som driv web-utvikling. Zeldman er pådrivar for rett bruk av xhtml og css og var tidleg ute med å gå bort frå bruk av tabellar til layout og heller bruka css. Boka er spekka med praktiske eksempel.

Arbeidet med The Web Standards Project starta som sagt i 1998. Det var på 4.0-stadiet av Netscape og Explorer og det mest inkompatible nettlesar-tidspunktet i historien så langt. Det var med andre ord eit veldig viktig tiltak i akkurat rett tid.

Framleis er det skilnad på nettlesarane og IE har vore den som notorisk har brote standardar og tilrådingar og gjort ting på eigen måte. Også Microsoft har innsett at dette har vore feil strategi, dei ser no at dei må slita med tidlegare feil i lange tider. Framleis er IE 6.0 like mykje i bruk som FireFox, og Microsoft må halda fram med å ri to hestar, standard-hesten og laushesten, i mange år før dei kjem i rute.

Av dei mange interessante fenomena Zeldman tek opp i boka, er det han kallar classitis og divitis; altså hyperaktiv og feilaktig bruk av class- og div-elementa. I korte trekk går tilrådingane ut på at me ikkje må oppretta ein klasse for eit kvart element som krev ein spesiell behandling. Då blir bruken av class "the Measles of Markup" for å sitera Zeldman.

mandag 12. januar 2009

Kart-bom

Kommunane i Sogn og Fjordane har til liks med andre kommunar i landet investert store summar i kartløysingar. Mykje av det er bortkasta. For fylket sin del er kartløysingane samla i kartportalar for Sogn og Nordfjord, og det store problemet er mangel på brukarvennlegheit og kontekst. Les resten av innlegget på Vestforsk-bloggen.

torsdag 8. januar 2009

Europeana

Det er det nye namnet til Digital Libraries som EU introduserte for nokre år sidan. Europeana er eit prestisjeprosjekt som er ein viktig del av IKT-strategien i2010, ein oppfølgjar til tidlegare eEurope-planar. Europeana skal tilby tilgang til den europeiske kulturarven gjennom oversikt over digital representasjon av arkiv-, bibliotek- og museumsmateriale.

Eitt av mange prosjekt som støttar opp om arbeidet, er EuropeanaLocal. Her er det partnarar frå 27 land og ABM Utvikling er norsk representant og sentrale i prosjektet. Det er også Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (del av Sogn og Fjordane fylkeskommune). Dei arbeider tett med ABM Utvikling og skal stå for mykje av det praktiske arbeidet. Eg er beden om å sitja i ei referansegruppe og den hadde sitt første møte i dag.

Prosjektet har som mål å levera minst 5 mill. digitale objekt til Europeana i løpet av 2010. Men partnarane har rekna ut at potensialet er minst 20 mill. Eitt av spørsmåla som vart drøfta i dag, var begrepet digitale objekt og om metadata i seg sjølv også bør omfattast; altså dei tilfella der det berre eksisterer metadata om det fysiske objektet. Det vil gjelda det meste av biblioteksektoren, men også museumsdelen om ein ikkje reknar bilete av objektet for eit digitalt objekt.

Eit paradoks som vart trekt fram på møtet, var at Europeana ser ut til å løysa eit problem som har vore uløyst her i landet så langt: eit felles (søke-)grensesnitt for arkiv-, bibliotek- og museumsdata!

lørdag 3. januar 2009

Morphine

Første sesong av Sopranos låg under juletreet denne jula, ei gåve frå barna. Kanskje litt urovekkjande akkurat det, men eg vel å sjå positivt på det :-)

Mykje har vore sagt om Sopranos og den har fått velfortent skryt - det er avgjort ein bra serie. Eg har også sett mange episodar, men ikkje dei første sesongane.

Det som slår meg mest etter å ha sett dei fleste episodane av første sesong, er kvaliteten på musikken som er valt ut. Det er heilt tydeleg at musikken er ein viktig del av serien, og dei som står bak serien har eit nært forhold til musikk. Det er særleg avslutningsmelodien i kvar episode som er særmerkt. Dei ulike avslutningsmelodiane er då også samla i dei to CD-ane "The Sopranos: Music From the HBO Original Series" og "Peppers and Eggs" (dobbel).

Opningslåta "Woke Up This Morning" er jo vorten ein klassikar - ein heilt spesiell tøff låt av Alabama 3 (som trass den veldig amerikanske "sounden" er britiske). Sjølv har eg festa meg ved Morphine, eit amerikansk band som også står for ein spesiell og tøff musikk - rock blanda med litt jazzelement. Låten "Buena" avsluttar ein av Sopranos-episodane - stort tøffare enn dette blir det ikkje. Kjøp CD-en, eller betre: last den ned, som eg nettopp gjorde..

onsdag 31. desember 2008

Mini 50 år og 2CV 60 år!

Siste (?) bloggpost i 2008 skulle kanskje ha handla om året som nesten er omme, og spådommar om det som kjem. Det får andre ta seg av, eg kan ikkje la 2008 gå ut utan å heidra ikona Morris Mini og Citroen 2CV. Den første er 50 år i år og den andre 60.

"Less is more" kan stå som ein god beskrivelse av filosofien bak Mini, og namnet i seg sjølv rommar denne. Det var Alec Issigonis (tyrkisk bakgrunn) som stod bak design, og han vart seinare adla til Sir Alec Issigonis for innsatsen i engelsk bilindustri. Ein design som no er legendarisk og som vart kopiert av dei fleste produsentar etterpå: framhjulsdrift, tverrstilt motor, eitt hjul i kvart hjørne og ekstremt god plassutnytting.

50 år seinare er det produsert over 5 millionar eksemplar av Mini og den er eit ikon. Også nykommaren frå BMW har vorte ein suksess, ein av dei få retro-suksessane. BMW overtok Rover-konsernet på slutten av 90-talet, og selde det for ei krone etter å ha tapt mykje. Men dei sikra seg retten til Mini, og det spørst om det ikkje var verdt pengane.

Designen av nye Mini vart gjort med stor omtanke for arven etter den originale bilen. Samtidig vart nødvendige moderne element introduserte, og det på ein måte som fall i smak. Nye Mini kan trygt seiast å føra ikon-statusen vidare, den har vorte eit ikon sjølv.

10 år før Mini kom på marknaden, vart Citroen 2CV presentert på Paris-utstillinga. Den var like radikal som Mini ti år seinare, og delte mykje av filosofien med minimalisme. Ein prototype av 2CV vart utvikla før krigen og målet med "paraplyen med 4 hjul" var at den skulle kunna frakta to vaksne bønder (!) med 100 kg varer til marknaden, i ein fart på opptil 60 km/t på den tidas dårlege vegar i Frankrike. Mest kjendt er utsagnet om at den skulle kunna køyrast over ein nypløgd åker utan at egga den transporterte, vart knuste.

Citroen 2CV vart produsert heilt fram til 1990, for ein stor del uendra, og medrekna ein tosetars pickup-versjon, vart det laga over 5 mill. eksemplar. Ein suksess på linje med Mini med andre ord. Bileta er henta frå Wikipedia.

lørdag 27. desember 2008

Blogging

Det er namnet på boka Jill Walker Rettberg (JWR) har skrive. Ho er førsteamanuensis ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, men er nok meir kjend som bloggar under jill/txt. Ho har med andre ord skrive om noko ho har god erfaring i, som aktiv bloggar i 7-8 år.

Det ville vore vanskeleg å skriva ei bok om blogging utan å ha blogga sjølv - det verkar nesten umuleg. Samtidig er den akademiske tilnærminga med på å setja blogginga inn i ein større samanheng. Praksis og teori går med andre ord godt saman her.

Det er ei lett bok å lesa, berre rundt 160 sider. Boka er gitt ut av Polity Press i ein serie kalla Digital Media and Society. Andre bøker i denne serien har titlar som Media Work, Search Engine Society, The Information Society og Hacking.

Boka tek for seg historien bak blogging, blogging sett inn i ein skrifthistorisk samanheng, blogging som eit nettverksfenomen, blogging vs. journalistikk, bloggar som historieforteljingar (narrativ) og kommersielle sider ved blogging. Som med mange bøker er dei første delane best, og slutten tynnast. Bedriftsblogging og kommersielle sider ved blogging er relativt uinteressant og tankane om blogginga si framtid inneheld heller ikkje spesielt mykje "food for thoughts".

Men eg synest boka er god og vil tilrå den til alle som ønskjer å forstå meir av bloggfenomenet og ønskjer å setja det inn i ein større samanheng. JWR forstår i aller høgste grad det fenomenet ho skriv om, og ho maktar også å sjå på det utanfrå utan å bli for nærsynt. Eg saknar likevel at ho delar meir av erfaringane sine - her blir boka i overkant nøytral og ho held litt mykje avstand til sin eigen blogg. Eg ville gjerne ha lese meir om kva utfordringar ho ser i lys av sine eigne erfaringar.

Sidan JWR brukar bloggen sin som ein del av den akademiske verktøykassen er det meir enn underleg at ho ikkje viar forsking og blogging merksemd. Forskinga sin hittil manglande interesse for, og bruk av, blogging har skapt ein del diskusjon i det siste. JWR burde vera ein av dei fremste til å meina noko om det.

Eg saknar også endå meir drøfting av blogging i eit demokratisk perspektiv og gjerne drøfta i lys av demokrati-teoriar. Ho nemner Habermas, men berre nokså kort. Blogginga som ein viktig del av diskursen i den offentlege sfæren er noko som kunne vore utdjupa.

Nokre små uvanar er av typen "dette kjem eg tilbake til i eit seinare kapittel" trekkjer litt ned, men elles er boka som sagt lett å lesa og lett å lika, og eg meiner det også er ei viktig bok. Den er skriven på engelsk.

torsdag 25. desember 2008

Markedets makt over sinnene

Bent Sofus Tranøy er ein av få økonomar som kan gå rakrygga i desse krisetider i lys av den kritikken han har framført mot det rådande systemet. Boka "Markedets makt over sinnene" er eit oppgjer med marknadsfundamentalismen som seier at marknaden veit best, alltid.

Boka kom i 2006 og er slik sett ikkje ny. Den varslar ikkje finanskrisa eksplisitt, men tek eit oppgjer med den rådande ideologien som styrer det meste og som meiner at den frie marknaden er den mest optimale måten å styra ressursar på. Tranøy viser ved hjelp av relevante eksempel korleis grunntesane for den frie marknaden sjeldan er til stades og kvifor det då ofte går galt.

Eit av dei interessante eksempla er delprivatiseringa av Statoil i perioden til den første Stoltenberg-regjeringa. ECON laga sjølvsagt ein analyse som innspel til arbeidet med børsnotering. Den viste at private energiselskap gjorde det langt betre enn statseigde, og eit av stjerneeksempla til ECON var det amerikanske Enron... Det høyrer også med til historia at både Jonas Gahs Støre, Jens Stoltenberg og Rune Bjerke har vore styreleiarar i ECON.

I Enron sitt tilfelle var rekneskapa sminka så det heldt - det var rekneskapsjuks av "world class". Men det er oftast i rekneskapa triksa skjer, så også med finanskrisa. I ein artikkel i Dagbladet nyleg, skriv Tranøy om forslaget til ny reglar for rekneskapsføring i børsnoterte selskap. For sikkerheits skuld er dei fire største revisjonsselskapa tungt inne i prosessen som har ført fram til forslaget til nye reglar, og i forslaget til nye reglar er marknadsfundamentalismen i følgje Tranøy rikt representert. Det ironiske (?) er at desse reglane blir innførte i Norge under leiing av ein SV-statsråd.

Eit hovudpoeng i Tranøy sin artikkel er at rekneskap ikkje er objektivt og nøytralt, slik me likar å tru. Rekneskap er dels (objektive) fakta og dels gjetningar og spådommar. Dei siste er mellom anna knytte til verdifastsetjing. Omtrent samtidig med artikkelen i Dagbladet stod det elles å lesa i Dagens Næringsliv at Storebrand hadde fiska fram 1 milliard kroner frå rekneskapen ved omklassifisering av eigedelar. Tranøy har fått svar på innlegget sitt frå m.a. BI.

Både artikkelen om rekneskap i krise og den før nemnde boka er vel verdt å lesa - kanskje endå meir med haustens turbulente økonomi i minnet. Den fekk Brageprisen i 2006 i klassen faglitteratur.

fredag 19. desember 2008

Støtt Wikipedia!

Gjer som Vestlandsforsking, støtt Wikipedia! IT-gruppa ved Vestlandsforsking bestemde seg i dag for å gi kr 10 000,- til Wikipedia. Me meiner dette arbeidet er så viktig at det fortener støtte.

Wikipedia er det største non-profit-prosjektet på nettet i dag og har vore ein utruleg suksesshistorie. Det har vorte det desidert største og mest brukte leksikonet på kort tid, og modellen det er bygt på, er unik. Ikkje mange ville levna modellen med (nesten) fri redigering for alle og ein kvar, nokon særleg sjanse. Men det viser seg å fungera forbausande bra i praksis.

Bill Gates' visjon om "information at your fingertips" er i ferd med å bli ein realitet, og Wikipedia har stått i første rekkje for å realisera den.
Wikipedia Affiliate Button