søndag 14. mars 2021

Taproot og storm i eit vassglas

Taproot (norsk: pålerot) er ei planlagt oppgradering av Bitcoin-protokollen som vil føra til mange og viktige forbetringar. Det vil gi Bitcoin betre og meir fleksible skript (smarte kontraktar) og på same tid gi betre personvern. Sjølv kompliserte smarte kontraktar vil bli uråd å skilja frå vanlege transaksjonar. 

Schnorr-signaturar
Mykje av grunnen er endring av metoden for digitale signaturar. I dag brukar Bitcoin ECDSA (Elliptic Curve Digital Signature Algorithm), men med Taproot blir denne erstatta med Schnorr-signaturar, etter den tyske matematikaren og kryptografen Claus-Peter Schnorr. Fordelen med Schnorr-signaturar er at dei er enkle og tek liten plass. 

Sidan Claus-Peter Schnorr patenterte den nye signaturmetoden, burde me ikkje heidra han med å kalla det Schnorr-signaturar, men det er det dei blir kalla. Patentet gjekk ut i februar 2008. Satoshi Nakamoto var sikkert kjende med dette, men truleg var arbeidet med Bitcoin komme så langt at det var for seint å ta inn Schnorr-signaturar.

Bitcoin og smarte kontraktar
Alle bitcoin er låste til eit skript som fortel kva som skal til for å få eigarskap til innhaldet (bitcoin). Å få eigarskap til bitcoin og kunna bruka dei vidare i nye transaksjonar, krev ein digital signatur for å bevisa eigarskap. Vilkåra for bruk kan vera koda inn i skriptet:

  • bitcoin kan berre brukast etter ei viss tid (etter eit visst tal nye blokker)
  • bitcoin kan berre brukast ved bruk av fleire signaturar (multisig.)
Slike vilkår kan kombinerast til relativt kompliserte strukturar som eigentleg er smarte kontraktar. Begrepet smart kontrakt blir gjerne ikkje assosiert med Bitcoin fordi skript-språket ikkje er Turing-komplett, men det er faktisk det det er.

MAST
Gjennom overføringsmåten Pay To Script Hash (P2SH), som kom i 2012), blir vilkåra "gøymde" i ein hash av eit skript. Den som krev eigarskap til transaksjonen, må visa skriptet og løysinga på skriptet. Problemet er at det "lek" ein god del data og er dårleg for personvernet. For å komma rundt dette, blir MAST (Merkelized Abstract Syntax Tree) føreslått. Det vil føra for langt å gå inn på detaljane, men poenget er at med MAST treng ikkje skriptet avslørast for at eigarskapen skal kunna bevisast.

Aktivering av Taproot
Taproot er klart til å bli innlemma i Bitcoin-koden og aktivering skjer etter at 90 % av gravarane har signalisert støtte, dvs. 90 % av blokkene (BIP 9). Taproot blir innført som ei mjuk forgreining (soft fork), i tråd med Bitcoins forsiktige endringsfilosofi. Men sjølv ei mjuk forgreining kan skapa problem, og problemet er sjølve aktiveringa.

Ei mjuk forgreining tvingar ikkje brukarane (fullnodar) til å oppgradera programvara, Bitcoin vil fungera sjølv utan ei oppgradering. Men gravarane må oppgradera, elles risikerer dei å produsera blokker som ikkje blir godkjende. Det er her faren for ei splitting av nettverket ligg. 

Førestill deg at Bitcoin godtek blokker av typen A og B. Etter ei mjuk splitting, skal berre blokker av typen A godtakast. Fullnodar som ikkje oppgraderer, vil framleis godta nye blokker fordi dei alltid har godteke blokker av type  A. Men for ein gravar er det annleis: dersom han set saman ei blokk av typen B, vil den ikkje bli godkjent av fullnodane som har oppgradert til nyaste versjon av programmet, og faren for ei (hard) splitting av nettverket er til stades.

Maktkamp til grunn?
Det er stor einigheit om innføringa av Taproot, så eigentleg er ikkje problemet noko problem. Når det likevel ser ut til å kunna bli eit problem, er det fordi maktkampen mellom brukarar (fullnodar) og gravarar spøker i bakgrunnen. Det er striden frå 2017 som lurer i bakgrunnen, og brukarane har igjen trua med å tvinga gjennom Taproot sjølv om 90 %-terskelen ikkje blir nådd innan fristen. Denne artikkelen i Bitcoin Magazine forklarer den innfløkte situasjonen (men du risikerer å bli endå meir forvirra etter å ha lese den!).

Sommaren 2017 utspelte det seg ein intens maktkamp i Bitcoin i diskusjonen om større blokker (tidlegare blogginnlegg om SegWit og SegWit2X). Det vart ein "game of chicken" der spørsmålet var kven som ville bøyga av først. Brukarane lanserte UASF (User-Activated Soft Fork) for å trua gjennom SegWit, men til slutt var det kompromiss-forslaget BIP 91 som vann fram. Om det hadde skjedd utan trugsmålet frå brukarane (UASF), veit me ikkje. Det spelte truleg ei viktig rolle.

Mange ønskjer ikkje å setja saka på spissen gjennom ein UASF, og leitar etter kompromiss. Eit nyleg framlagt forslag heiter Speedy Trial ("forsert rettsak") og går ut på å gi gravarane ein periode på tre månader for å signalisera støtte til Taproot. Viss eit tilstrekkeleg fleirtal signaliserer støtte, vil Taproot bli innført ei viss tid etter. Viss det ikkje er tilstrekkeleg større frå gravarane, blir ein annan aktiveringsplan lansert. 

fredag 12. mars 2021

Bitcoin er meir enn eit energisluk


DN har lenge vore skeptisk, for ikkje å seia nærmast hatsk, til Bitcoin og kryptovaluta. Det toppa seg på mange måtar med leiaren 9. mars. Eg sende eit lesarinnlegg som svar på denne, og den vart teken inn same dagen i nettavisa. og fekk prominent plassering.

Sidan leiaren er bak betalingsmur, gir eg den att her slik at alle kan sjå samanhengen mellom den og lesarinnlegget. I ettertid har eg fått mange (positive) kommentarar. Felles for kommentarane er også at dei meiner leiarartikkelen er pinleg dårleg. Som ei oppfølging av leiaren, og Røkke/Aker si Bitcoin-satsing som vel var det som resulterte i leiarartikkelen, hadde DNs podkast "Finansredaksjonen" saka som tema. Podkasten er interessant for å forstå den inngrodde motstanden mot Bitcoin i nettopp finansredaksjonen. Eg meiner den er eit godt døme på den farlege blandinga uvitenheit & arroganse.


DN mener: Graving etter bitcoin vil sette regjeringens datasenterdrømmer på prøve

Bitcoin-mining i Norge er kanskje grønt, men det er også meningsløst.

Publisert: 09.03.21 

I 2016 satte regjeringen avgiften på strøm for datasentre ned til samme behagelige nivå som for kraftkrevende industri, det vil si nesten null. Tanken var å tiltrekke seg mer av det mange tror vil bli en viktig industri når stadig mer informasjon forsvinner opp i skyen.

Det tok ikke lang tid før politikerne fikk kalde føtter. Mens de hadde sett for seg etableringer i regi av teknologigiganter som Facebook, Google og Amazon, kom det obskure selskaper fra Russland og Kina som skulle sette i gang med produksjon av bitcoin og andre kryptovalutaer, såkalt mining. Det består i å løse en masse kompliserte regnestykker som ingen har bedt om å få en løsning på.

Stortinget vedtok derfor at avgiftsfritaket ikke skulle gjelde for denne type virksomhet, men vedtaket ble aldri satt ut i livet. Næringsorganisasjoner som Abelia og en rekke andre høringsinstanser advarte mot at høyere avgifter for kryptoaktører ville gjøre det vanskeligere å tiltrekke seg også ordinære datasentre, all den stund det ikke er enkelt å vite hva som er hva på strømregningen. Dessuten så det ut til at problemet hadde forsvunnet ved at kryptovalutaene hadde kollapset på børsen.

Nå er det kryptokjør i markedene igjen. Størrelser som Elon Musk har omfavnet bitcoin, og her hjemme har Aker-eier Kjell Inge Røkke nylig stått frem som nyfrelst tilhenger. Den økte interessen for kryptovaluta betyr formodentlig at det vil være flere som vil se mot Norge for denne type etableringer.

Det skal bli interessant å se politikerne forklare hvorfor det er en god idé å subsidiere en aktivitet som ikke bare er meningsløs, men som dersom den lykkes, vil undergrave det eksisterende betalingssystemet slik vi kjenner det.

I tillegg er det altså enormt energikrevende. Bare bitcoin legger i dag beslag på elektrisitet tilsvarende det årlige forbruket til Sverige. Man skulle tro at en verden som står foran det grønne skiftet bokstavelig talt hadde bedre ting å bruke energien på.

Det er selvsagt et godt prinsipp at rammebetingelser ikke skifter fra det ene året til det andre, eller at de varierer med hva politikere eller byråkrater måtte mene er mer eller mindre verdifull økonomisk virksomhet.

Det er likevel vanskelig å se for seg at den statlige sponsingen av bitcoin-mining skal overleve. Og det er vel strengt tatt ikke så mange grunner til at den bør det, heller.

fredag 5. mars 2021

Energibruken i Bitcoin

 Denne veka har det vore ein ganske heit debatt på Twitter om energibruken i Bitcoin. Det begynte, for eigen del, med ein kommentar til Raudts Mimir Kristjánsson om at "utvinning av kryptovaluta" burde bli  forbode her til lands fordi det er meiningslaus bruk av elektrisk kraft. Så utvikla det seg til ein diskusjon mellom meg og Jon Ramvi, Ethereum-utviklar og kjend figur i blokkjedemiljøet (m.a. sentral i arr. av Oslo Blockchain Day i fleire år - han skal ha æra for å invitera Andreas M. Antonopoulos til OBD, ein person han rett nok "dissa" i diskusjonen..).

I ettertid ser eg eit mønster av Bitcoin vs. Ethereum i diskusjonen. Det er godt kjent at det ikkje alltid er like hjarteleg mellom dei to leirane, noko eg har skrive om før. Ethereum-tilhengjarar er gjerne skeptiske, eller til og med fientlege, til Proof of Work, det trass i at Ethereum også brukar metoden. Då svarer dei gjerne at Ethereum skal gå over til Proof of Stake. Det har lenge vore planen, men stadig utsett. No ser det ut til at det skjer, med Ethereum 2.0, og det blir spennande å følgja. 

Jon kopierte inn dialogen/diskusjonen i eit Google-dokument, og eg har igjen kopiert den inn her. Så kan du gjera deg opp di eiga meining ("do your own research" som det heiter i kryptomiljøet).

Diskusjonen tvinga meg til å leita fram vitskapleg dokumentasjon på Bitcoins energibruk og påstandane om at ein god del av denne er basert på stranda energi. Det var nyttig i seg sjølv, men eg klarer likevel ikkje å forstå at det var eg som heile tida vart utfordra på dokumentasjon, medan så og seia alle av Jons påstandar var udokumenterte. Men slik er det: den som forsvarer Bitcoin må vera førebudd på å dokumentera ned til minste detalj.

Her kjem Twitter-dialogen/Google-dokumentet (eg har ikkje svart på Jon sine tilsvar):

[klipp & lim direkte frå Google-dokument blir rot, må ryddast i]

Udokumentert påstand [dette er Jon sin tittel]

Original-tweet av Jon Ramvi svart

Svein Ølnes sitt svar i rødt

Jon Ramvi sitt svar i grønt



  • ein stor del av denne er fornybar (50-75 %) Som jeg mener er energi som kunne vært brukt på andre ting. I tillegg ville et lavere strømforbruk gitt lavere strømpriser for norsk befolkning og norsk industri, som gir oss økt konkurranseevne

  • o    Påstanden din manglar dokumentasjon

  • Ingen i verden har Bitcoin som go-to-løsning. Men mange har Bitcoin på kryptobørsen sin og liker å se verdien gå oppover
    o Påstand som ikkje er dokumentert. Eg viser til Alex Gladstein i Human Rights Foundation og det han har publisert. Eg viser også til Peter McCormack sine podkast-episodar frå Venezuela. 

  • Jeg er uenig i at Bitcoins potensial tilseier at dette ikke er bortkasta energi

    •   kan få det samme med PoS, DSP eller andre innovasjoner
      §  Påstand som du ikkje dokumenterer. PoS har ein god del utfordringar (du veit like godt som meg om alle utsetjingar i Ethereum..)

    • Digitale sentralbankpengar er ei heilt anna skål og kan ikkje samanliknast med kryptovaluta. DSP vil sannsynlegvis ikkje gi oss økonomisk personvern, for å berre nemna eitt moment.

    • Essensen her er at Jon er enig med Svein. Det finnes ikke gode alternativer til Bitcoins proof-of-work i dag til casene “potensial til å hjelpa fattige og undertrykte rundt om i verda”.

      • Men finnes det upartisk data på at Bitcoin faktisk er en god løsning for dem?

      • Og betyr det at Norge må drive med Bitcoin-mining?

    •   bitcoin nettverket blir ikke raskere eller mer effektivt med mer mining. Kun tryggere. Jeg mener Bitcoin-nettverket var trygt nok for mange år siden, så strømforbruket utover det er direkte bortkastet
      §  Det stemmer at nettverket ikkje blir raskare (utan at du dokumenterer påstanden din). Du må definera «effektivt» for at det skal vera muleg å ta stilling til (den udokumenterte) påstanden din.

  • Hvor stor del er "stranda energi (Sichuan, "flaring"/direkte gassutslepp"?

    •   Påstanden om stranda energi er Svein Ølnes sin, som mangler kilde
      o    Dokumentasjon av stranda fornybar energi i Kina (> 60 TWh):

    • § 

    • Cheng, C., Chen, F., Li, G., Ristić, B., Mirchi, A.,

    • Qiyu, T., & Madani, K. (2018). Reform and renewables in China: The

    • architecture of Yunnan’s hydropower dominated electricity market. Renewable and Sustainable Energy

    • Reviews, 94,

    • 682–693.

    • Utdrag frå artikkelen:

    • Deploying renewable energy has a set of generic issues; intermittency, interconnection, energy storage, peaking capacity, and stranded assets amongst others [10], [11], [12]. Although renewables deployment is happening rapidly, a key issue highlighted by the State Council in its 2015 Opinions on Further Deepening the Reform of the Electric Power Systems: Document No. 9 is that the usage of that renewable capacity is not keeping up [13]. In northern China, rapid wind capacity deployment meant that at one point, as much as one third of wind capacity was not connected to the grid and that the capacity factor for China's wind power in 2006 and 2007 was 0.16 (compared to OECD members achieving 0.2–0.3) [14], [15]. Inefficiencies also occurred in the rapid deployment of hydropower. Due to poor energy planning, lagging power grid construction, falling demand, and gaming between different interests, hydropower generation in southwest China was curtailed by more than 25 TWh in 2015 [16]. In 2016, 28.7 TWh of hydropower was wasted in Sichuan alone [17]. Officially published values for abandoned water and energy spillage exceed 60 TWh [18].

    • Brenning (“flaring”) og utslepp (“venting”) av naturgass i USA i samband med oljeproduksjon:
      U.S. Energy Information Administration (EIA) opplyser at 540 mrd. kubikk-fot naturgass vart brent eller sleppt ut frå amerikanske oljefelt i 2019. Omrekna blir det 15,3 mrd. kubikkmeter gass som igjen tilsv. 160-170 TWt (https://www.norskpetroleum.no/kalkulator/om-kalkulatoren/)
      https://www.eia.gov/naturalgas/annual/pdf/table_001.pdf

    • Naturgass er stort sett metan, og den er opp til 85 ganger “verre” for klimaet enn CO2 (Global Warming Potential over 20 år)

    • "Cambridge-forskere har regnet seg fram til at bitcoin totalt bruker rundt 130 TWh årlig globalt"


Da ser jo dette tallet i utgangspunktet veldig bra ut. Opp mot 50% av energien er "abandoned water and energy spillage"


Lurer på hva tallet er for Norge, siden diskusjonen går ut på om Norge skal subsidiere Bitcoin-mining. Har vi tall på det?

Utvidet spesifisering og diskusjon

Original-tweet av Jon Ramvi svart

Svein Ølnes sitt svar i rødt

Jon Ramvi sitt svar i grønt


  • Sier du at mens Helsedirektoratet fjernet all forskning fra tobakksindustrien i sin vurdering av snus, så bruker du Bitcoin-miners egne rapport som kilde for mer Bitcoin-mining?
    Merkeleg samanlikning, men eg har gitt to vitskapelge ref. og ein «grå litteratur». Du har ingen vitskaplege referansar.

    • Sammenligningen går på at jeg opplever at mye kilder fra Bitcoin-blogger og miner-reports brukes som grunnlag i disse argumentasjonene. Så hvis noen lener seg veldig på en av disse partiske bevisene, så er jeg usikker på realiteten i dem.

    • Fra twitter-tråden er det vanskelig å forstå hvilke argumenter kildene underbygger. Hva er poengene som kildene underbygger?

  • Jeg ønsker mer fornybar OG redusert forbruk. Så her er vi uenige
    o    Påstand som eg ikkje utan vidare er einig i. Du må spesifisera, elles blir det sjølvmotseiande. Implisitt i utsagnet ditt ligg at du ønskjer at Norge skal eksportera meir energi – då må du seia det.

    • Usikker på hvordan jeg skal dokumentere et ønske jeg har. Men for å svare på det du kaller mitt implisitte utsagn: jeg mener strømprisene er et produkt av strømforbruket i landet vårt. Utover dette er importert/eksportert energi en faktor. Så hvis vi bruker mindre energi, går strømprisen ned. Går utifra at argumentet videre er at pga. importert/eksportert av energi er ikke det sikkert. 



  • At ingen bruker Lightning network

    •  Kun 0,01% av Bitcoin er i Lightning nettverket.

      •   Utregning: Det er $54M i Lightning nettverket. Kilde. Market cap-en til Bitcoin er $919.111M. Kilde. 54 / 919111 * 100 = 0,01 %

      • o    Lightning Network fungerer betre til mindre beløp det er snakk om, så indikatoren gir ikkje særleg meining.

      • Jeg enig i at de 0,01% Bitcoin-ene som er på lightning kan ha en funksjon for fattige og vanskeligstilte grupper. En del av disse av denne fraksjonen er nok i vesten, men en andel kan være andre steder. Så hvis vi legger godviljen til sier vi at alle 0,01% hjelper vanskeligstilte. Men hvis vi diskuterer resterende 99,99% av Bitcoin, så er jeg ikke overbevist om at de hjelper noen andre enn de som ønsker å øke formuen sin.


  • Det er allerede en inndeling i kraftkrevende (subsidiert) industri og vanlige priser som folk flest betaler.
    o Ja, men kva er poenget ditt? At datasenter ikkje bør ha subsidiert energi? At datasenter som driv med spesielle operasjonar ikkje skal ha subsidiert energi?

    • Svein spør i tweeten først: “Skal me ha eit energipoliti?” Hvorpå jeg sier at inndelingen finnes og overholdes allerede. Uten et “energipoliti”. Poenget mitt er at datasentre som driver med noen “spesielle operasjoner” (proof-of-work) ikke nødvendigvis trenger å få subsidiert energi i Norge.


  • Vil du avvikle dette i sin helhet? Da må de fleste industriene i Norge flagge ut. Nå snakker vi nok forbi hverandre.
    o ?

    • Svein sier “Men ein moralistisk inngang til energibruk blir feil. Skal me ha eit energipoliti?”. Mitt argument er at denne “moralistiske” (les: styrt etter landets interesser av Stortinget) finnes allerede. Skal vi ikke ha noen som bestemmer hva som er innenfor og utenfor avgiftsfritaket, vil det si å avskaffe det. Da må de fleste industriene i Norge flagge ut. 

  • Jeg har masse tro på kryptovaluta og framtiden. Derfor jobber jeg fulltid med dette.
    o Merkeleg påstand i lys av at du tidlegare har sagt at DSP kan løysa dette. Då treng me vel ikkje kryptovaluta?

    • Ut i fra tweet-ene over denne, går jeg utifra at “dette” refererer til å hjelpe fattige og undertrykte. Det er mulig DSP kan løse dette, ref punktet om DSP over her. Men som jeg anerkjenner der, finnes ikke dette i dag. Men da trenger vi ikke kryptovaluta, sier du. Jeg mener ikke at å hjelpe fattige og undertrykte er det eneste kryptovaluta kan levere. Det tror jeg ikke du heller mener. For meg er kryptovaluta en essensiell del av driften av en offentlig blokkjede for å incentivere drift og å unngå DDOS- og Sibyl-angrep. 

  • [Håndhevelse av forbud er] Like vanskelig som å bekjempe distribusjon av barneporno. Men Bitcoin er enklere: Stopp subsidierte strømpriser. Da blir det for dyrt til å utvinne på storskala i Norge, men man må jo gjerne sette i gang hvis man vil det.
    o    Igjen må du presisera: Vil du stoppa akkurat denne industrien (og korleis vil du då gjera det med Ethereums PoW som blir driven med ekstremt ineffektive grafikk-kort?) 

  • Demokratiet vårt baserer seg på et flertall i Stortinget. Først da kan man innføre et forbud.
    o Ja, men me kjem ikkje utanom EØS-avtalen og ESA-domstolen

    • Vi kommer utenom ved å melde oss ut av EØS ref punktet under. Jeg har en kategorisk tro på at det viktigste vi kan gjøre som nasjonalstat er å tillate at vi kan vedta ønsket politikk. Veien fra den troen ned til hva det vil si i en konkret sak som dette, er kun en politisk avveining. Man kan mene at det å melde seg ut av EØS for å kunne vedta saker som dette ikke verdt det, og man kan mene det motsatte. Mitt poeng er er at reglene du refererer til er ikke en absolutt grense. Det er noe man velger. Er det sant at staten ikke avgiftslegge  Bitcoin-mining når vi er i EØS, og vi ønsker å forbli i EØS, så er jo saken enkel: Det er umulig å “forby”, som forfatteren av forslaget sier, Bitcoin-mining. Men det er et valg vi tar

mandag 22. februar 2021

Bitcoin som omvendt risiko

Kredittstrateg Ole A. Kjennerud i DNB Markets skreiv eit innlegg om Bitcoin som risikosport i Aftenposten. Eg sende eit svar til Aftenposten, men dei hadde ikkje plass til det, så då blir det berre publisert her.



Bitcoin og omvendt risiko

Ja, Bitcoin er risikosport som Ole A. Kjennerud i DnB Markets skriv i avisa 20.02. Men no er me komne til eit punkt der det er større risiko å ikkje investera i Bitcoin enn å gjera det. Dei investerings­selskapa som no ikkje inkluderer ein liten prosent Bitcoin i porteføljen, er effektivt i ein «short»-posisjon – dei veddar eigentleg på at Bitcoin-kursen skal gå kraftig ned i framtida.

Det er ikkje berre Elon Musk som har tru på Bitcoin. I USA har stadig fleire tungvektarar i finans­sektoren forstått at det er større risiko ikkje å investera i Bitcoin, enn å plassera litt av midlane i den nye aktivaklassen. Det starta med Paul Tudor Jones og han vart fort følgt av kjende investornamn som Stanley Druckenmiller, Larry Fink (Blackwater) og Ray Dalio (Bridgewater). Dei har alle vore kritiske til Bitcoin tidlegare, men har endra oppfatning etter å ha sett utviklinga og sett seg meir inn i systemet og teknologien.

For det er lett å oversjå skogen for berre tre, noko Kjennerud også gjer. Det som gir Bitcoin verdi, er det globale, opne betalingsnettverket der kven som helst kan kopla seg på berre ved å lasta ned ein app. Du kan overføra verdiar til kven som helst i verda raskt og billeg, og det einaste som trengst er ein bitcoin-app på mobilen. Kjennerud har problem med å forstå prisinga av Bitcoin, og det er då freistande å spørja om han kunne sett ein pris på Internett på slutten av 1990-talet? Internett er ikkje ein aksje, gir ikkje avkastning og er inga råvare. Internett er ein infrastruktur, og det er Bitcoin også i ferd med å bli. Som eksempel kan nemnast at Microsoft no lanserer eit nytt, desentralt identitetssystem (ION) som brukar Bitcoin-blokkjeda som forankring fordi den har ekstremt høg sikkerheit.

Så er det lett å bli riven med av den ekstreme kursauken, og mange vil dessverre mista hovudet og satsa meir enn dei har råd til å tapa. I slike tider er det viktig å minna om at Bitcoin er noko langt meir enn å bli rik i ein fart. Silicon Valley-entreprenøren Naval Ravikant er den som har definert Bitcoin best:

“Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”

I Norge er Bitcoin eit spekulasjonsobjekt, enn så lenge, men i land som Nigeria, Venzuela, Kina/Hongkong, Kviterussland, Myanmar og mange fleire, er bruk av Bitcoin avgjerande for mange opposisjonelle. Også i Norge vil Bitcoin få større verdi når fysiske kontantar snart er borte og me står att med eit betalingssystem som er 100 % overvaka.


søndag 14. februar 2021

Det merkelege kryptouniverset

" I kryptoland, der kan alt gå an". Ja, det er eit skikkeleg bakvendtland, som Prøysen sang om. Det er ein ting som ikkje er merkeleg, det er Bitcoin. Med unnatak av nokre få andre kryptovalutaer, er det meste uforståeleg, og eg skal gi nokre eksempel.

I dagens euforiske kryptomarknad, stig kursane på så å seia alle kryptovalutaer, og prosentvis stig dei mykje meir på ein del altcoins enn Bitcoin. Er det då betre investeringar? Dette minner veldig om 2017, der Bitcoin også løfta alle andre. Men den som investerte ein god del i altcoin i 2017, veit i dag at det var ein tabbe. Det er berre å sjå på kursane på slutten av 2017 og samanlikna med i dag. Med unnatak av Ethereum, er det ingen som har komme tilbake til dei høgdene dei opplevde for tre år sidan.

Som eksempel på kryptovalutaer med uforklarleg kursauke den siste tida, har eg valt Ripple, IOTA,  Ethereum Classic og Dogecoin. Det er litt tilfeldig, det kunne ha vore mange andre også.

Ripple/XRP

Ripple har lenge vore ein av kryptovalutaene med høgst verdsetjing, og var ei stund nummer to bak Bitcoin. Men då det vart kjent at SEC (The Security and Exchange Commission) i USA starta gransking av valutaen, og avgjorde at XRP er eit verdipapir ("security"), gjekk kursen naturleg nok dramatisk ned. Saka er ikkje avgjort, men mykje talar for at Ripple ikkje kan halda fram med XRP som før, og dagens kursauke ser difor ut som å kjøpa aksjar i ei bedrift som med stor sannsynlegheit går konkurs.


IOTA
IOTA har eit spesielt fotfeste i Norge sidan ein av opphavspersonane, David Sønstebø, er norsk. Dei har i tillegg vore gode på marknadsføring og fått i gang mange prosjekt. IOTA er ikkje basert på typisk blokkjedeteknologi, men på det som heiter asyklisk graf (grafen har berre ein retning og kan ikkje peika tilbake). 

Som nesten alle altcoin, hevdar også IOTA at dei har løyst problema med Bitcoin (kapasitet og energibruk). Men som med alle andre altcoin blir den viktige eigenskapen desentralitet hoppa lett over. I februar i fjor vart heile IOTA-systemet stengt ned etter at det vart funne ein kritisk feil i den offisielle lommeboka Trinity, og nokon hadde utnytta feilen. Systemet var stengt i ein heil månad før det vart starta opp att. Går det an å stengja ned eit desentralisert nettverk? Sjølvsagt ikkje, og det viste med all tydelegheit at IOTA er eit sentralisert system. 

I tillegg har det vore ein del andre merkelege saker med IOTA. Då MIT avslørte svakheiter i den "heimesnekra" hash-løysinga for ei tid tilbake, vart dei møtte med aggressive skuldingar, i staden for å bli takka for å prøva å gjera systemet meir sikkert. Også andre forskarar har vorte møtte med liknande skuldingar. På toppen har det vore mykje bråk i IOTA Foundation mellom oppstartspersonane. Første vart Sergey Ivancheglo kasta ut, og i desember i fjor vart det klar at også David Sønstebø komme på kant med stiftelsen og har vorte kasta ut.

Trass i alt dette, aukar kursen på IOTA for tida (men den er likevel berre verdt i underkant av 25 % av toppnoteringa i 2017..).

Ethereum Classic
Det siste eksempelet er Ethereum Classic (etc), greina av Ethereum som heldt fast på mantraet om uforanderlegheit og nekta å rulla tilbake etter The DAO-skandalen sommaren 2016. Akkurat det tener kryptovalutaen til ære. Eg var sjølv ein av dei som tenkte at å rulla tilbake historikken ville vera heilt øydeleggjande for Ethereum, og fjerna all tillit til systemet. Men i kryptoland, der kan alt gå an..

Ethereum Classic har levd i skuggen av Ethereum (eth) og har aldri klart å etablera seg som eit alternativ til hovudgreina. Ein liten valuta basert på proof of work, har store utfordringar med sikkerheit. Det var difor ikkje merkeleg at det skjedde angrep på valuten ved såkalla dobbel-bruk (double spending). Ikkje berre ein gang, men tre ganger skjedde det slike angrep i fjor. Det viser ein valuta som eigentleg er for svak til å stå i mot angrep, og som difor har store problem. 

Det merkelege var at kursen ikkje endra seg nemneverdig. Ein skulle tru at tre slike angrep på rappen ville ha køyrt kursen ned mot null, men slik vart det ikkje. Og no stig kursen på etc som på alle andre altcoin. Kryptouniverset er i sanning eit merkeleg univers der vanlege lover ser ut til å vera oppheva.



Dogecoin

Det siste eksempelet er Dogecoin. Den vart etablert i 2014 som ein vits, eigentleg for å visa kor enkelt det var å laga ein kryptovaluta og til og med skapa verdiar i den. Kryptovalutaen vart laga av Jackson Palmer (Australia) og Billy Markus (USA) og var frå første stund meint som ein vits. Dogecoin er i det minste ein ærleg vits, i motsetning til mange (dei fleste?) altcoin som er ein dårleg vits.

I tråd med spøken har Dogecoin-samfunnet gjort ein del herlege stunt. Dei sponsa bobsleigh-laget frå Jamaica (?!) som ikkje hadde råd til å reisa til OL i Russland i 2014. Dogecoin-stiftelsen har også finansiert humantitære tiltak i Afrika (Kenya).

Dogecoin fekk eit veldig løft då Elon Musk snakka kryptovalutaen opp tidlegare i vinter. Trass i at det knapt har vore utvikling i programkoden dei siste åra, har Dogecoin hatt ein enorm kursauke. Det er rett og slett ikkje til å forstå!


fredag 22. januar 2021

Frykt og avsky i Dagens Næringsliv

Fig. 1: Alice sender bitcoin til Bob og dei same bitcoin til seg sjølv.

Fig. 2: Begge transaksjonane er gyldige, men berre ein av dei kan bli lagra på blokkjeda.

Eg har tidlegare kritisert Dagens Næringsliv si dekking av Bitcoin. Den byggjer opp om feilaktige mytar og er generelt lite opplysande for lesarane.

I DN 22.01 kunne me lesa om at «Bitcoin faller etter antydning om kritisk feil». Det er klart ei slik overskrift skaper både frykt og avsky. Til avisas fordel skal det seiast at Bitcoin-ekspert Torkel Rogstad i Arcane Crypto er intervjua for å forklara det som kunne sjå ut som ein sensasjon.

Og som Torkel Rogstad forklarer, er dette så langt frå ein sensasjon og ein kritisk feil som det går an. Det er derimot eit godt eksempel på korleis Bitcoin fungerer og korleis potensielle konfliktar blir løyste i eit desentralt, konsensusbasert system.

I dette tilfellet var det to blokker som vart funne på om lag same tid. Begge blokkene var gyldige, men blokkene inneheldt kvar sin versjon av ei bitcoin-betaling, noko som kunne oppfattast som eit forsøk på gjenbruk («double spending») utan at det dermed nødvendigvis var tilfelle. I slike tilfelle, der begge blokkene blir kringkasta til nettverket og aksepterte av kvar sin del av deltakarane, alt etter kva blokk dei får tilsendt først, oppstår det ei midlertidig forgreining med to alternative blokker å byggja vidare på. Begge blokkene, la oss kalla dei A og B, blir bygde vidare på av gravarane, men den neste blokka avgjer om det er A som til slutt blir lagra på blokkjeda, eller B. Om den neste vinnarblokka byggjer på A, blir alle transaksjonane i blokk B oppløyste og går tilbake for å bli plukka opp i neste omgang. Om vinnarblokka blir bygd på B skjer det same med blokk A.

Det er lite sannsynleg at to nye blokker blir funne på om lag same tid to ganger på rad, sjølv om det kan førekomma. I så fall gjentek prosessen seg heilt til nettverket har fått avklart kva grein som blir den rette (= den lengste).

Det er altså svært liten grunn til den frykt & avsky Dagens Næringsliv prøver å skapa her.

lørdag 16. januar 2021

Tilsvar til Terje Erikstad, DN, sin kommentar om Bitcoin

Terje Erikstad, finansredaktør i Dagens Næringsliv, skreiv ein kommentar om at Bitcoin hadde endra karakter (kan vera bak betalingsmur), og at det var fascinerande. Eg sende inn eit tilsvar til kommentaren og det vart publisert 19.01 (nett-utgåva) og 20.01 i papirutgåva.



Terje Erikstad, ikkje Bitcoin, har endra karakter

Terje Erikstad har endra karakter, og det er fascinerande – for å låna hans eigne ord. Erikstad har vore blant dei aller største motstandarane av Bitcoin og har dømt valutaen og systemet nord og ned ved fleire høve.

Eg kan gi Erikstad rett i ein ting: Bitcoin som verdioppbevaring («store of value») har vorte meir tydeleg, men for dei som kjenner utviklinga i Bitcoin er det på området betaling/verdioverføring det vil skje mest i den kommande tida. Her er det Lightning Network som opnar for mange nye bruksområde, med lynraske overføringar til svært små gebyr.

Eit par eksempel kan tena til å underbyggja dette. Betalingsløysinga Strike Global tilbyr betaling globalt basert på Bitcoin og Lightning Network, etter kvart skal løysinga omfatta dei fleste landa i verda. Men brukaren ser ikkje bitcoin; ho overfører «vanlege» pengar og mottakaren får også «vanlege» pengar. Det er betalingssystemet Bitcoin/Lightning Network som gjer det muleg. Her til lands arbeider bedrifta Arcane Crypto med liknande løysingar, særleg retta mot bedriftsmarknaden. Og mange fleire vil komma fordi Bitcoin og Lightning Network er opne system som kven som helst kan ta i bruk.

Det er dette Terje Erikstad, og mange med han, ikkje ser. Bitcoin er meir enn verdioppbevaring; det er eit betalingssystem som vil konkurrera med SWIFT, SEPA, PayPal og mange andre. Eg er overtydd om at Bitcoin har best sjanse til å bli det globale overføringssystemet. I kombinasjon med Lightning Network vil det bli eit Vipps for heile verda.

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking, 13.01.2021

mandag 21. desember 2020

Bitcoin som demokratisk investering

Finanskommentator Terje Erikstadi Dagens Næringsliv omtalar i ein kommentar 16.12 børsnoteringa av AirBnB og korleis utvalde investorar og mellommenn står først i køen for utdeling av «gratis pengar». Dette er ikkje eit eineståande eksempel, det er slik finansverda fungerer, og særleg investeringar i nye selskap. Folk flest må pent venta til dei rikaste har forsynt seg.

Bitcoin representerer eit alternativ til denne forfordelinga. Bitcoin er rett nok ikkje eit selskap, og du kjøper ikkje aksjar i systemet. Men så langt har Bitcoin vore eit investeringsobjekt som på mange måtar liknar ei investering i aksjar.

Kven som helst kan investera i bitcoin eller andre kryptovalutaer. I motsetnad til tradisjonelle børsnoteringar er det ingen forfordelingar til dei rikaste. Dei som eig bitcoin i dag er heller ikkje dei tradisjonelle investorane i finansmiljøet. Bitcoin-eigarane er spreidde over heile verda og har det til felles at dei har stor tru på eit alternativ til dagens ganske skakk-køyrde finanssystem.

Dette innlegget vart også publisert på nettutgåva av Dagens Næringsliv 28.12.2020, og på papir dagen etter.

tirsdag 8. desember 2020

Offentleg nøkkel som lokkemat

Låsing- og opplåsingsscript i P2PKH
Viss du er over gjennomsnittet interessert i Bitcoin, er Marty Bent og Matt Odells Tales From The Crypt (TFTC) ein obligatorisk podkast, i alle fall "Rabbit Hole Recap" som er ei oppdatering av dei viktigaste sakeene i Bitcoin-verda siste veke. I RHR frå 30.11 presenterte dei ein ganske spesiell konspirasjonsteori: Satoshi Nakamotos bitcoin er eigentleg lokkemat ("bait") for kvante-datamaskiner (Quantum Computing - QC). 

Eg bryr meg vanlegvis ikkje om konspirasjonteoriar, og det trur eg ikkje Matt og Marty gjer heller, men denne var ganske morsom, og gir anledning til litt refleksjonar rundt adressetypar i Bitcoin. Den første adresse-typen i Bitcoin var "Pay to Public Key", eller P2PK som den vanlegvis blir forkorta. 

Satoshis P2PK-bitcoin som honningfelle
Teorien går då ut på at dette er litt av ein lokkemat for QC, for dersom denne teknologien klarer å knekka offentleg nøkkel-kryptografien, dvs. å finna den private nøkkelen gitt den offentlege, er gevinsten heile Satoshis formue. Teorien seier vidare at dersom kinesarane er dei første som klarer å utvikla QC så langt, vil dei halda det hemmeleg så lenge som muleg fordi dei då får tilgang til store mengder hemmeleg informasjon. Men så seier teorien vidare at ein eller annan i systemet ikkje klarer å dy seg fordi alle som arbeider med kryptografi kjenner til Bitcoin og dei store summane som er kontrollerte av Satoshis private nøkkel. Vedkommande vil då bruka teknologien og rana til seg formuen, og vips er Kina avslørt som innehavar av teknologi som kan knekka det meste av det som er kryptert på nettet. 

Artig historie, om ikkje anna :)

P2PKH
Etter kvart vart adressetypen Pay to Public Key Hash, P2PKH, innført. Med P2PKH blir den offentlege nøkkelen køyrt gjennom hash-funksjonen RIPEMD-160 og resultatet blir den offisielle Bitcoin-adressa til mottakaren. Fordelen med denne metoden er at den offentlege nøkkelen ikkje blir eksponert, annan enn akkurat i validering, og dette skaper eit ekstra vern mot brute force-angrep mot digitale signaturar. P2PKH-adresser startar alltid med '1'. 

Men truleg vart adressetypen innført først og fremst fordi adressa vart ein god del kortare enn den offentlege nøkkelen. Komprimering av offentleg nøkkel ("Compressed Public Key") var ikkje kjent då Bitcoin vart sett i gang. Hadde Satoshi kjent til metoden ville kanskje den ha vorte brukt i staden for P2PKH, men det får me truleg aldri vita.

Andre adressetypar
P2PKH er den desidert vanlegaste adresseforma i Bitcoin og ein analyse av UTXO-settet i 2017/18 viste at den utgjorde om lag 82 % av alle UTXO. I 2012 vart ein ny adressetype føreslått av Gavin Andresen, teken i bruk. Det var PayToScriptHash, P2SH. Denne adressetypen opna også for multi-signturar, og adressetypen startar alltid med eit 3-tal ('3....'). Innbakt i P2SH er det to typar adresser: P2WPKH (Pay to Witness Public Key Hash) og P2WSH (Pay to Witness Script Hash).

Artikkelen nemnt over, viser følgjande fordeling på adressetypar i 2017/18:

P2PKH: 81,99 % 
P2SH:  17,11 %
P2PK:   0,12 %
Andre:  0,78 %

Som om ikkje det var nok, er det også innført ein ny måte å koda (teiknsetja) adressene på. Kall det gjerne ulike typar alfabet for Bitcoin-adresser. Den vanlege teiknsetjinga har vore Base-58, eit teiknsett som inneheld alle små og stor bokstavar pluss tal, men minus teikn som lett kan forvekslast, enten med tal eller bokstavar: 'I' (stor I for Ivar) 'l' (liten L), 'O' (stor O for Ola) og 0 (null).

Ei ny teiknsetjing er Bech32. Det er eit teiknsett med 32 teikn og har små bokstavar pluss tal, minus følgjande teikn: '1' (eitt-tal), 'b', 'i', og 'o' (liten O). Bech32-koda adresser startar alltid med 'bc1'

Oppsummert
Ei Bitcoin-adresse startar alltid med ein av desse teikn-kombinasjonane:

'1': Den "gamle" P2PKH-typen adresser, koda med Base58-teiknsett
'3': Den nyare P2SH-typen, men framleis koda med Base58
'bc1': P2SH-adresser koda med Bech32

I tillegg finst det Bitcoin-adresser som startar med 'n' eller 'm', og det er testnett-adresser.

fredag 4. desember 2020

Proof of Work i Bitcoin

Bitcoin-graving i Dale (2018)
Denne veka har eg delteke på eit PhD-seminar i regi av Høgskolen i Molde, som "blokkjede-ekspert". Det har vore ein interessant veke saman med 10 PhD-studentar og 4-5 rettleiarar og forelesarar. Det heile godt leia av førsteamanuensis Bjørn Jæger. 

Dei fleste stipendiatane har ikkje blokkjede som tema for doktorgraden, men Bjørn har likevel tenkt at eit kurs i blokkjedeteknologi (kurset heiter "PhD Seminar on Blockchain Applications in Supply Chain Management"). I løpet av kurset skal stipendiatane læra om blokkjedeteknologi (forelesingar), lesa gjennom ein del artiklar og presentera dei, og begynna arbeidet med ein publikasjon innan emnet. Det er ganske intensivt og krev mykje av deltakarane, men dei ser ut til å klara det fint.

Misforståelsar om blokkjedesikkerheit
Eg har følgt kurset, gitt innspel og delteke i diskusjonane og også halde eit lite innlegg basert på ei undersøking eg gjorde av 100 blokkjede-relaterte artiklar henta frå Web of Science. Eg undersøkte korleis artiklane omtalar sikkerheit i blokkjedeteknologien, og då basert på konsensus-metoden proof of work (PoW). Resultatet var ganske nedslåande: av dei 100 artiklane fann eg at heile 30 hadde ei feilaktig framstilling av sikkerheitsmekansimane i PoW-styrte blokkjeder. Den vanlegaste feilen var samanblanding av endrings-synleg (tamper evident) og endrings-sikker (tamper resistant). Meir om dette seinare.

For liten 'nonce'?
I samband med presentasjonen begynte eg å fundera på PoW-prosessen i Bitcoin. I omtalen av denne prosessen heiter det at felta i blokk-hovudet (block header) blir hasha med SHA-256-metoden for å komma fram til ein verdi som er mindre enn oppgitt størrelse (difficulty target). Det er ein prøving og feiling-metode der verdiar må endrast for å rekna ut nye hash-verdiar. Feltet 'nonce' blir brukt til å endra ein teljar for å få nye verdiar. Feltet er 4 bytes heiltal (232), noko som gir 4.294.967.296 mulege kombinasjonar (vel 4 milliardar). Ei vanleg Bitcoin-maskin i dag klarer fort 100 Th/s (100 tera-hash/sek.), noko som betyr at å rasa gjennom nonce-rommet tek mindre enn 1 millisekund. Kva skal gravarane då gjera? Eg spurde studentane om det, men kunne ikkje godt forventa at dei skulle klara å svara på det.

Svaret ligg i coinbase-transaksjonen, den første transaksjonen i alle nye blokker. Feltet for coinbase-skriptet har frå 2-100 byte plass og dei 8 første byta blir brukte som ein ekstra nonce. Det gir 232 + 264) = 296 handlingsrom, og det er eit tal med 28 nullar bak. Om det også skulle bli for lite, kan ein begynna å triksa med tidsstemplinga. Dei andre felta i blokk-hovudet kan ikkje endrast på.

I figuren over har eg prøvt å få fram at (delar) av coinbase-transaksjonen også inngår i det som blir rekna hash-verdi av. Det er ikkje ofte det kjem fram i litteraturen.