fredag 28. mars 2014

Pengar

"Penger" av Erling Røed Larsen
Interessa for Bitcoin har ført til ei nødvendig innføring i økonomi - "økonomi for dummies" om du vil. Litt av problemet med Bitcoin-diskusjonen er to leirar som ikkje kommuniserer spesielt godt:
  • økonomar som ikkje forstår seg på teknologi
  • teknologar som ikkje forstår seg på økonomi
Det er nødvendig med ei viss innsikt i begge fagfelta for å forstå fenomenet med ein digital valuta som Bitcoin (og andre liknande valutaer).

"Penger"
Boka "Penger" av Erling Røed Larsen er ei innføringsbok i økonomi. ERL er professor ved BI og underviser i mikroøkonomi og Managerial Economics. Boka har følgjande hovudinndeling:
  1. Pengenes natur og historie
  2. Penger og samfunn
  3. Penger og deg
Eg tek berre føre meg første del av boka sidan den er mest relevant for Bitcoin-diskusjonen.

Boka kort oppsummert
Boka kort oppsummert for dei som ikkje orkar å lesa lenger: Som ikkje-økonom som ønskjer ei innføring i ein del grunnleggjande økonomiske forhold tykkjer eg boka er god. Den er skriven i eit svært lett språk, eit Donald Duck-aktig språk som for enkelte vil bli for banalt. Eg tykkjer derimot det kler boka som innføringsbok, godt, og ERL er ein god historiefortelja og krydrar med mange språklege bilete. Men innimellom står ønskjet om å formidla gode historiar i vegen for ei meir ryddig framstilling. Eit eksempel er forklaringa av pengemengde (monetær base, M1, M2 osv.). Her startar ERL på ein forklaring, før han plutseleg slepper den og går inn i Andeby-verda med pussige historiar. Dermed mistar lesaren tråden og sit og lurer på kva er no M0, M1 og så vidare faktisk er.

På punktet om digitale valutaer, som Bitcoin, sviktar det også litt. Her har ikkje ERL sett seg grundig nok inn i sakene, og det blir svært overfladisk omtalt. Boka er frå 2012, og Bitcoin var då under radaren for dei fleste, det får vera ei forklaring.

Men i artikkelen "Er Bitcoin fremtidens penger", publisert i Aftenposten 16. januar i år, gir ERL ein litt grundigare omtale av Bitcoin utan at han viser særleg større forståing for fenomenet. Igjen er det for overfladisk og han tek ikkje opp dei viktigaste poenga med Bitcoin, etter mi meining: Ein revolusjonerande måte å betala over nett på, om enn framleis med mange spørsmål knytte til seg.

Kva er pengar?
I første kapittel spør Røed Larsen kva pengar er, før han gir ein rask oversikt over den historiske utviklinga av pengar.

Spørsmålet om kva pengar er, har vorte aktualisert med framveksten av virtuelle valutaer som Bitcoin og andre. Røed Larsen gir denne definisjonen på pengar:
Penger er perfekt likvide, ikke-rentebærende verdiobjekter
Overført på Bitcoin ser det ut som valutaen stettar krava i definisjonen. Bitcoin er perfekt likvide sidan det betyr at både mottakar og betalar aksepterer valutaen som betaling for ei vare eller teneste. Her kan ein innvenda at ikkje alle aksepterer Bitcoin, faktisk veldig få, så det er litt usikker om kravet likevel er oppfylt. Kravet om at dei ikkje skal vera renteberande er oppfylt. Her er Bitcoin akkurat som andre kontantar.

Det er også andre objekt som kan sjå ut til å stetta krava til definisjonen av pengar, t.d. gåvekort. Men gåvekort må ikkje aksepterast av alle. Dei har eit veldig avgrensa bruksområde. Amazon sitt Coin-system kan t.d. berre brukast som eit rabattsystem innafor Amazon.

Kvifor pengar?
Pengane si rolle er tredelt:
  1. som bytemiddel for handling av varer og tenester
  2. som middel for oppbevaring av verdiar
  3. som måleeining ("unit of account")
Viss me stiller spørsmålet om Bitcoin fyller desse rollene, må svaret bli eit tredelt

1. Ja
2. Tja
3. Nei

Bitcoin er definitivt eit bytemiddel for handel med varer og tenester. Det er her valutaen har sin største styrke. Som middel for oppbevaring av verdiar, er det meir tvilsamt om Bitcoin fyller krava. Dei relativt store svingingane i kurs gjer at det blir svært risikofylt å plassera verdiar i valutaen. På den andre sida er det nettopp det dei fleste Bitcoin-eigarar har gjort til no; kjøpt valutaen som ei investering. Bitcoin er difor eit middel for lagring av verdiar, om enn ganske risikofylt.

Dei store svingingane er også grunnen til at Bitcoin ikkje er egna som måleeining. Å oppgi prisar i Bitcoin vil vera farleg, då kan du like fort tapa store pengar som å vinna. Prisane må difor oppgjevast i kurante valuta og så føreta ei veksling til og frå Bitcoin.

Historisk utvikling av pengar
Det må bli ein lynrask gjennomgang av pengehistorien, det er også det ERL gjer. På enkelte punkt forenklar han kraftig, men det må også vera lov i ei innføringsbok som dette.

Pengar har eksistert i tusenvis av år og komme i ulike former.Det finst eit utal bøker om denne historia for dei som ønskjer ei grundigare innføring (eg er ein av dei..). ERL nemner A History of Money. From Ancient Time to the Present Day (1994) av Glyn Davies som eit hovudverk. Lenge var verdien av pengar, enten dei var steinar, skjel, tenner frå ein spermkval eller andre fysiske ting, knytte ein-til-ein verdifastsetjing til pengeeininga. Pengane hadde den verdien dei representerte, dei hadde intrinsic value som økonomiane ville ha kalla det i dag. Forløparen til dagens pengar er rekna oppstått, eller oppfunne, i Mesopotamia av den sumeriske kulturen. Dei fann opp den moderne skrivekunsten som grunnlag for bokføring, og med bokføringa kom også noko som likna på pengar; kvitteringar på "innskot".

Reell verdi
Myntar av edelt metall, som regel gull eller sølv, tok over for dei mange variantane nemnt over. Verdien av mynten den same som den på trykte verdien. Vekt var difor viktig for slike myntar, og av dette kjem t.d pundet sitt namn. Når pengane har ein reell verdi som pålydande, blir det i økonomispråket kalla intrinsic value. Dagens pengar har ingen reell verdi (no intrinsic value).

Innføring av gullstandard
Det vart i lengda upraktisk å la pengar ha same verdi som dei representerte. Med sedlar forlet ein idéen om ein-til-ein-representasjon av verdi. Ein seddel er i utgangspunktet berre verdt papiret den er trykt på. Med innføring av gullstandarden rundt århundreskiftet 1900 garanterte myndigheitene at du kunne få ut ei viss mengde gull viss du gjekk til banken og ba om det. Det gjorde at det var muleg å bruka sedlar, men også at pengemengda kunne aukast ut over gullreservane. Logikken var at ikkje alle ville komma og be om gull samtidig. 

Det er den same logikken i dag der den samla pengemengda (M0, M1, M2 osv, sjå lenger nede) langt overstig den fysiske pengemengda. Men me har sett kva problemet kan bli i land der bankane held på å gå under; folk strøymer til og vil ta ut pengane sine på same tid. Det går ikkje, og myndigheitene må på eit eller anna vis ordna opp, elles går bankane over ende og folk taper oppsparte midlar.

Gullstandarden var glitrande så lenge økonomien vaks og alt peika oppover. Men etter krakket i 1929, vart gullstandarden ein møllestein om halsen fordi det ikkje var muleg å auka pengemengda så mykje som det eigentleg var behov for. Det er skrive mange bøker om dette, og ERL nemner Golden Fetters. The Gold Standard and The Great Depression 1919-1939 av Barry Eichengreen som kanskje den dominerande ("Fetter" = lenke).

John Maynard Keynes
Etterspørselen fall i land etter land og prisane sank. Me fekk deflasjon, og det er det verste som kan skje, i alle fall i følgje økonomane. Økonomane på den tida meinte at løysinga måtte vera at lønningane måtte ned, og at "in the long run" ville økonomien ordna seg meir eller mindre på eiga hand. Den store britiske økonomen John Maynard Keynes svarte til dette at "in the long run we're all dead". 

Keynes peikte på kor viktig det var at staten stod fram som "den første kjøparen", den som fekk sirkulasjonen i gang att. Til det trengdest det pengar, masse pengar. Keynes viste det håplause i dåtidas situasjon ved å føreslå at staten kunne grava ned pengar rundt omkring, så kunne driftige folk grava dei opp att (!). Poenget hans var sjølvsagt at staten måtte trykkja pengar og "sleppa dei laus" til folk. Men i staden for å grava dei ned, kunne dei jo setja i gang store utbyggingstiltak som vegar, jernbane m.m.

For å gjennomføra dette, måtte myndigheitene bryta lenkene til gull. Dei måtte forkasta gullstandarden. Keynes lanserte den uhyrlege tanken om "fiat"-pengar; pengar som berre var garanterte av staten og ikkje noko anna. Pengar som i realiteten var verdilausen, men baserte på ein tillit til staten som sa at dei hadde verdi. 

Bretton Woods, 1944
Keynes' idé om fiat-pengar vart for tung å svelgja. I staden vart lenkene til gull løyste litt opp på ein slik måte at det berre var dollaren som vart knytt til gull. Keynes var den dominerande fagmannen i forsamlinga på Mount Washington Hotel i Bretton Woods i juli 1944. Han la grunnlaget for den nye verdsøkonomien der berre dollaren vart knytt til gull, og der institutsjonane IMF (Det internasjonale pengefondet) og Verdsbanken vart oppretta for å sikra at ikkje kriser som i 1929 skulle få like katastrofale omfang.

Fiat-pengar: Gullstandarden blir avvikla i 1971
Sidan alle landa hadde knytta seg til gullstandarden, var vekslingskursane låste. Det blir om lag som euroen og låsinga av land med høgst ulike økonomisk utvikling. Då USA trykte pengar "i vilden sky" for å finansiera Vietnamkrigen frå midten av 1960-talet og utover, begynte valutasystemet for alvor å knirka i samanføyingane. Det vart meir og meir klart at dette systemet ikkje var levedyktig, og søndag 15. august i 1971 heldt Nixon ein tale der han oppheva gullstandarden. Det var ikkje lenger muleg å krevja gull for dollar, og Keynes' idé om reine fiat-pengar var frå det tidspunktet ein realitet.

Pengar har vorte ein sosial konvensjon, utelukkande basert på tillit.

Seigniorage
Det har ikkje alltid vore slik at myndigheitene har hatt monopol på å laga pengar. I USA (sjølvsagt!) var det i perioden 1816 - 1863 fritt fram for bankar å laga sine eigne pengar! Denne perioden er kalla "wildcat banking". Namnet kjem frå eit gaupe-motiv (wildcat) som ein bank i Michigan brukte på sine pengar. Det var ikkje fullt så vilt som det høyrest ut, og som ERL skriv. Bankane var framleis regulerte, men berre på statleg nivå, ikkje på føderalt nivå. Det vart likevel i lengda for brysamt å forholda seg til så mange ulike pengetypar og frå 1863 fekk vart eineretten til å laga pengar overført til føderalt nivå gjennom National Bank Act.

Myndigheitene sitt monopol til å laga pengar, heiter seigniorage.

Pengemultiplikatoren
Pengane i eit land er meir enn dei myntane og sedlane som sirkulerer blant folk. Den delen er faktisk den minste. Den blir kalla M0. Pengemengda er samansett av desse elementa:

  • M0 = Monetær base: Alle myntar og sedlar pluss private bankar sine innskot i sentralbanken
  • M1 = M0 pluss private personar sine innskot i bankane
  • M2 = M1 + bankane sine utlån basert på innskota
  • ....
Det er dette som blir kalla pengemultiplikatoren; pengar ser på finurleg vis ut til å reprodusera seg sjølve og den samla pengemengda blir mykje større enn den "faktiske".

Gull viktig likevel
Sjølv om gull er ute av dagens valutasystem, spelar det likevel ein viktig rolle som middel for oppbevaring av verdiar, særleg i økonomisk turbulente tider. Etter at finanskrisa var eit faktum hausten 2008, begynte prisen på gull å auka kraftig og nådde for eit par år sidan $ 1900 pr. unse (1 ounce = 31 g). Det var ei sjudobling av prisen på 10 år. Det er ikkje så rart. Når pengar ikkje har reell verdi, og folk begynner å tvila på om myndigheitene klarer å ordna opp i det økonomiske rotet, ser mange seg om etter varige verdiar å bytta til seg.

Gull har ei rekkje eigenskapar som gjer det attraktivt som medium for lagring av verdiar: Det blir ikkje forringa (korrosjon o.l.), det er lite av det på verdsbasis og det er vanskeleg å forfalska. Ikkje så rart at Bitcoin ofte blir omtalt som digitalt gull..

Om Bitcoin og digitale valutaer
Eg hoppar over omtale av del II og III. Ikkje fordi det ikkje er interessant, men fordi det i Bitcoin-samanheng ikkje er like viktig.

ERL kjem inn på Bitcoin og digitale valutaer på slutten av boka. Boka er frå 2012 så det er rimeleg at han har fått med seg det nye. Mendette punktet sviktar den elles så glitrande økonomen. Omtalen av Bitcoin er veldig overfladisk og han har ikkje sett seg skikkeleg inn i kva det er. Han samanliknar det med gåvekort og flybonusar og uttalar seg rett og slett om noko han eigentleg ikkje har greie på. Det er synd, for det ville vore interessant å få ei vurdering av digitale valutaer som Bitcoin frå ein fagmann, gitt at han har sett seg skikkeleg inn i verkemåten.

Han kan ha gode grunnar for å vera skeptisk til Bitcoin, for all del!, men då må argumentasjonen opp på eit anna nivå. 

Bortsett frå det, har eg all grunn til å tilrå boka.

onsdag 26. mars 2014

Bitcoin ved NHH

Litt skremmande å skulla snakka om eit økonomi-tema i
økonomiens høgborg
Det er nesten ironisk at eg skal bli invitert til Handelshøgskulen for å snakka om Bitcoin, eit system som bør vera pensum på eit kvart økonomistudium. Men slik var det altså. Eg fekk ein invitasjon frå studentane bak GEP - Global Economic Perspectives - og møtte 60-70 interesserte studentar som ville høyra meir om den digitale valutaen.

I GEPs årbok for 2013 kan ein lesa om aktiviteten i fjor. Eg ser at eg er i godt selskap. Inviterte foredragshaldarar i GEP-regi har mellom anna vore Barry White (USA sin ambassadør i Norge), Harald Magnus Andreassen (sjeføkonom i Swedbank First Securities), Trygve Hegnar, Jan Egeland, Christine Årdal (Folkehelseinstituttet, WHO).


Orvil, maskoten for UKEN, vart
foreviga i bronse til årets UKEN.
Den er ei gåve frå tidlegare NHH-
studentar og har fått ein
prominent plass like ved hovud-
inngangen.
Stor takk til studentane som viser engasjement for saker som ligg utanfor pensum (men digitale valutaer bør vel inn?). Eg ser at dei har andre føresetnader for å forstå det som skjer med digitale pengar enn mange etablerte økonomar. Det betyr ikkje at dei ikkje er skeptiske, eller bør vera det, men at dei skjønnar potensialet som ligg der og den disruptive krafta det representerer.

Her er presentasjonen frå i dag (foredraget var på engelsk):



søndag 23. mars 2014

Duke Ellington: Second Sacred Concert

Plakat for Second Sacred Concert
Forrige helg var det proff konsert med Come Shine + gjester i Operaen, denne helga var det amatørkonsert med Sogndal Storband pluss Hafslo songlag og Kaupanger bygdakor som framførte Ellingtons Second Sacred Concert i Hafslo kyrkje (Luster) og i Stedje kyrkje (Sogndal). Både det profesjonelle og amatøraktivitetane er viktige på kvar sin måte, og heng nøye saman.

Sjølv spelar eg trompet i Sogndal Storband og er ikkje nøytral i vurderinga av konsertane våre, men det såg ut som publikum sette pris på dei og me var godt nøgde sjølve også.

Duke Ellington
Edward Kennedy "Duke" Ellington (1899 - 1974) er ein av dei største amerikanske komponistane og musikarane i forrige århundre. Han har hatt enorm betydning for jazzen og var med på å forma den i dei tidlege åra. Han starta som orkesterleiar alt i slutten av 1920-åra saman med musikarar og leiarar som Count Basie, Fletcher Henderson, Glenn Miller, Tommy Dorsey og fleire. Saman med desse dominerte han underhaldningsbransjen i New York gjennom heile swing-epoken frå rundt 1935 til 1950. Duke Ellington leia sitt eige band frå 1923 til han døydde i 1974; over 50 år!

Den disruptive bop-en
Duke Ellington var ein av dei få som klarte seg gjennom den "disruptive" bebop-perioden i starten av 1940-åra. Bebop-en var ei radikal musikalsk endring som tok mange på senga, og fekk etter kvart den tradisjonelle swing-musikken til å høyrast "gammaldags" ut. Dei fleste swing-artistane fekk eit anstrengt forhold til den nye musikken, men Ellington var ikkje mellom dei. Han sa at det grunnleggjande sett berre finst to typar musikk: god og dårleg.

The American Music
Etter 1950 heldt Ellington fast på det store orkesterformatet; Ellington-bandet var alt ein institusjon og ei samling svært dyktige musikarar som sette sitt spesielle stempel på musikken. Og musikken vart komponert og arrangert med desse særprega musikarane i mente. Det var musikarar som Johnny Hodges (alt-sax), Cootie Williams (trompet), Cat Anderson (stratosfærisk trompet!) og fleire. Komponist, arrangør og pianist Billy Strayhorn var også ein viktig samarbeidspart for Duke.

Ellington var oppteken av at jazzen skulle bli respektert og konseptet The American Music vart eit livsverk for han. Det var med dette utgangspunktet kyrkjekonsertane som Second Sacred Concert vart til. Kyrkjekonsertane vart skrivne i tidsrommet 1964 - 1973 og var sterkt inspirerte og knytte til borgarrettskampen på den tida. Sjølv om mottakinga var blanda, sa Ellington sjølv om verka: "the most important thing I've done".

Det er ein av i alt tre kyrkjekonsertar for storband og kor. Verket vart første gong framført i 1968 med svenske Alice Babs som solist. Under kan du sjå eit opptak frå ein konsert i Sverige med Ellingtonbandet, Alice Babs og svensk kor:

http://youtu.be/Y8vE9ypGaXU

The Shepherd (who watches over the night flock)
Ein av dei 10 satsane i Second Sacred Concert er The Shepherd, ein blues med trompet som soloinstrument. Eg hadde gleda (?!) av å framføra den, og det gjekk tåleg bra. Men eg skal ikkje skryta på meg at det var i klasse med meistrane. Her er det Cootie Williams som framfører the Shepherd på konserten i Sverige. Han spelar den ganske rått, nesten brutalt:

Cootie Williams - The Shepherd


Ein annan av dei mange trompetarane som har spelt The Shepherd, er engelske Kenny Baker. Hadde han vore amerikansk, hadde han hatt eit mykje større namn. Ein veldig dyktig musikar som hadde fortent meir merksemd! Hans versjon av låten er favoritten min:

Kenny Baker, The Shepherd
Til slutt ein hårreisande trompetduell mellom maestro Wynton Marsalis og den ganske ukjendte Riley Mulherkar (skremmande god, også han!):

Wynton Marsalis og Riley Mulherkar, The Shepherd



mandag 17. mars 2014

Come Shine i Operaen

Come Shine med gjester (Erlend Skomsvoll sat heilt til venstre
og kom dessverre ikkje med på biletet)
Gruppa Come Shine hadde lanseringskonsert i Operaen i går (søndag 16.03) og det vart ein konsert av dei heilt store. Ein nesten fullsett Opera fekk eit musikalsk minne for livet.

Come Shine er noko så sjeldan som ei jazzgruppe med kommersiell suksess. Fire tidlegare studentar ved jazzlinja i Trondheim slo seg saman og danna kvartett. Dei debuterte på VossaJazz i 1999 og kom med den første cd-en i 2001 ("Come Shine"). Dei ga ut ytterlegare to cd-ar før dei bestemde seg for å ta ein pause i 2004. Då hadde dei altså oppnådd ein slag kjendisstatus ut over det relativt smale jazz-samfunnet. Men det er klart, jazz & kommersiell suksess er ikkje heilt bra..

Oppskrifta til Come Shine er standardlåtar i ny innpakning. Dei tek kjende melodiar og gir dei "extreme makeover" i form av nye arrangement, men heile tida utan at melodien frå standardlåten forsvinn.

Etter å ha hatt ein "reunion"-konsert på Oslo Jazzfestival i 2011, har dei nyleg lansert plata "Red and Gold". Det er framleis standardlåtar, men utvalet er endå vidare enn tidlegare. Uttrykket er også endra sidan sist med eit litt meir rocka lydbilete. Tydelegast kjem det til uttrykk ved meir bruk av el-bass (men eg likar best kontrabassen til Sondre Meisfjord, den lyden er milevis frå det elektriske).

På konserten i Operaen hadde Come Shine invitert med seg gjester, og det var eit godt val. Gjestene Gjermund Larsen (fiolin), Eirik Tovsrud Knutsen (hammond B3), Knut Aalefjær (perkusjon), Knut Reiersrud (gitar, munnspel) og Jan Erik Vold ga ein ny dimensjon til musikken. Det gjekk opp i ei høgre eining.

Lydbiletet verka litt spakt i starten, nesten som konsertsalen vart for stor for dei. Men utover i konserten steig temperatur og intensitet og det tok heilt av på eit Jimi Hendrix-inspirert parti mot slutten. Trommeslagar Håkon Mjåset Johansen fekk også vist kunstene sine i ein imponerande solo. Her var det snakk om å spela slagverk, ikkje først og fremst å slå. Det er rein nytelse å sjå på gode trommeslagarar, det ser så enkelt ut og er så elegant.

Live Maria Roggen er det sjølvsagte midtpunktet med ei fenomenal stemme, ikkje minst rytmisk. Eg tykkjer det er lett å høyar at ho har høyrt på mykje variert musikk, ikkje berre jazz, og at ho klarer å bruka det på ein framifrå måte. På konserten i går vart ho fint utfylt av Jan Erik Vold, som las dikt på sitt særeigne vis oppå musikken. Det fungerte veldig bra.

Erlend Skomsvoll er hovudarkitekten bak dei nye arrangementa, sjølv om heile bandet bidreg meir enn tidlegare. Han har vist arrangør-kapasiteten sin ved mange høve, ikkje minst i det svært vellykka samarbeidet mellom Chick Corea og Trondheim Jazzorkester for nokre år tilbake.

Come Shine er ei gruppe som i tillegg til å vera på topp her i landet, også burde få ein internasjonal sjanse. Det er liten tvil om at dei har mykje av det som skal til, i form av kreativitet og musikalitet. Då er det i grunnen berre flaks & timing som gjenstår, pluss eventuelt ambisjonar.

To grupper såg ut til å glimra med sitt fråver: andre (jazz-)musikarar og pressa. Eg håpar eg tek feil..

søndag 9. mars 2014

Bitcoin - eit forsøk på avklaring

Illustrasjon: Xinhua
Det er ikkje lett å setja seg inn i Bitcoin-fenomenet for dei som ønskjer å forstå meir av den digitale valutaen. Diskusjonen går høgt mellom dei som avfeier valutaen som tull & spekulasjon, og dei som ser Bitcoin nærmast som ei redning for samfunnet. Først ein gjennomgang av hovudargumenta på kvar side, og etterpå eit par eksempel på bruk av Bitcoin (use cases).

1. Bitcoin er berre tull
I denne gruppa finst det mange innan dagens finansverd, og fleire av dei skikkelege tungvektarar. Paul Krugman, Nobelprisvinnar i økonomi i 2008,  har kritisert Bitcoin kraftig, mellom anna i artiklane Bitcoin is evil og Bits and Barbarism i New York Times. Ein annan Nobelpris-vinnar i økonomi (2013), Robert J. Schiller, er overtydd om at Bitcoin er ei boble: "It is a bubble, there is no question about it. ... It's just an amazing example of a bubble." Schiller er ekspert på bobler og fekk Nobelprisen for arbeidet sitt innan dette feltet.

Men det er verdt å ha ein annan økonom, kanadiske John Kenneth Galbraith, sine ord i minne når ein trekkjer fram sysnpunkt frå ulike økonomar: "Økonomi er den einaste disiplinen der to personar med stikk motsett synspunkt begge kan få Nobel-prisen".

Det skal noko til å leggja seg ut mot tungvektarar i økonomi i diskusjonen om Bitcoin, men eg tykkjer det går klart fram av både Krugmans og Schillers uttalelsar at dei ikkje har peiling på teknologi. I diskusjonen om Bitcoin er det nødvedig både med økonomi- og teknologikunnskapar for å forstå både mulegheiter og problem. Hovudproblemet i diskusjonen ser ut til å vera at økonomane ikkje forstår teknologien, medan teknologane ikkje forstår økonomi.

2. Bitcoin er den nye økonomien
Dette blir hevda av dei mest ihuga Bitcoin-entusiastane, som oftast er teknologar (ok, nerdar då). Mange har eit liberalistisk grunnsyn (eller anarkistisk) der staten er den stor og stygge ulven og alt som kan svekkja den er av det gode. Tanken på å kunna kortslutta dagens finanssystem er også langt framme hos desse, som dette populære "slagordet" på ulike Bitcoin-forum viser: "I just replaced your entire industry with 100 lines of Python code."

Bitcoin-entusiastane ser ut til å tru at ein Bitcoin-økonomi kan eksistera heilt på sida av samfunnet, som eit skyggesystem. Dei meiner det er umuleg for styresmaktene å gripa inn og stoppa Bitcoin, eller andre krypto-valutaer. Men dei ser ut til å gløyma at Bitcoin ikkje kan eksistera i eit vakuum; Bitcoin må forhalda seg til dagens økonomi skal den bli ein suksess. Det blir omtrent som om du vil byggja din eigen motorveg og gløymer at all på- og avkøyring blir regulert av andre. Alle veksling til og frå Bitcoin, som er heilt essensielt, kan kontrollerast av styresmaktene.

Midt mellom?
Eg trur nok sanninga ein stad mellom dei to ytterpunkta. Bitcoin kan revolusjonera overføring av pengar på nettet og er slit sett ein typisk disruptiv teknologi. Noko av feilen som blir gjort av begge leirar, er at Bitcoin blir vurdert som å skulla ta over for dagens valuta. Eg trur Bitcoin sin plass er som tilleggvaluta, særleg for nettbaserte transaksjonar (som det blir stadig meir av).

Eg trur eksempel på bruk av Bitcoin kan kasta lys over fordelane med valutaen.

Eksempel 1: Overføring av pengar
Belinda er frå Filippinane og arbeider på eit norsk hotell. Ho sender delar av lønna si tilbake til familien på Filippinane. Dei har ikkje bankkonto, men dei har mobiltelefon. Tidlegare har Belinda brukt både banktenester som Western Union og personlege kontaktar for å senda pengar. Det første er svært dyrt, og det andre har ho brent seg på ved at personar har stukke av med pengane.

Belinda har skaffa seg ein brukarkonto på Justcoin.com og der vekslar ho inn den delen av lønna ho sender til familien. Så loggar ho inn i Justcoin og sender Bitcoin til familien si adresse. Familien på si side går til den lokale Bitcoin-minibanken og tek ut delar av det i filippinske peso og delar i amerikanske dollar. Dei betalar eit lite gebyr for denne vekslinga.

Eksempel 2: Netthandel
Eg har lenge tenkt å kjøpa meg ein seddel med 100 trillionar zimbabwe dollar - sedlar som stammar frå hyperinflasjonen i Zimbabwe for 5-6 år sidan. Dei finst i rikt monn på eBay, og når eBay no har begynt å ta Bitcoin som betaling er det "hur enkelt som helst" å betala dei ca. 100 kr det kostar. Det er ikkje behov for å bruka PayPal, og den sparte kostnaden deler eg med eBay.

Eksempel 3: Tilbakebetaling av utlegg
Eg var ein runde på byen med ein kamerat. Han betalte for ølet som vart konsumert. Eg betalar tilbake det han la ut ved å overføra tilsvarande sum i Bitcoin til Bitcoin-adressa hans (kameraten sin offentlege nøkkel).

Eksempel 4: Innsamling
Bjørn driv innsamling til ein barneheim i Tanzania. Han tenkjer at viss familien som driv barneheimen i tillegg skaffar seg ei Bitcin-adresse (Bitcoin-lommebok), kan dei motta pengar oftare og frå fleire enn i dag. Bjørn hjelper dei med å setja opp ei nettside og på den publiserer han Bitcoin-adressa. Familien i Tanzania vekslar inn Bitcoin hjå den nystarta vekslingstenesta, til eit gebyr som ligg langt under det bankane elles i landet tek.



torsdag 6. mars 2014

Bitcoin i praksis


Etter presentasjonen av Bitcoin på konferansen Betalingsformidling 2014 vart det ein del spørsmål. Fleire spurte korleis ein går fram for å skaffa seg Bitcoin reint praktisk? Kanskje eg tok feil når eg seier at næringa er gammalmodig..

Eit par alternativ til å skaffa seg Bitcoin:
  1. Send ein e-post til sturle@bitmynt.no (og så hjelper Sturle deg vidare)
  2. Kjøp Bitcoin hjå ein annan norsk aktør: Justcoin
Eg skal visa det siste alternativet steg for steg her (og nei, eg har ingen forbindelse til Justcoin anna enn at eg har brukt deira teneste).

1. Gå til www.justcoin.com og opprett ny brukar

2. Inne på Justcoin.com vel du 'Deposit' og kva valuta du vil betala inn (US dollar, Euro eller NOK)



3. Du får oppgitt eit kontonr du skal betala inn til, og ei melding som fungerer som ein KID (men skal skrivast i meldingsfeltet i nettbankoverføringa)



4. Gå inn i nettbanken din og overfør beløpet du vil kjøpa Bitcoin for, til det oppgitte kontonummeret og med den oppgitte meldinga i meldingsfeltet

5. Logg inn på Justcoin.com igjen og vel 'Trade' og oppgi kor mykje du vil kjøpa Bitcoin for (pengane er no komne inn på konto hos Justcoin)

Viss du seinare vil veksla inn Bitcoin, er det like enkelt, berre omvendt prosedyre.

Overføring frå "Bitcoin-bank" til Bitcoin-lommebok
Oppbevaring av Bitcoin i Justcoin og andre vekslingstenester er som å ha dei i ein nettbank. Det kan vera både fordelar og ulemper med det; det er uansett ein god strategi å fordela risiko og ha litt i "Bitcoin-banken" og litt i eiga Bitcoin-lommebok. Overføring av Bitcoin frå "banken" til eiga lommebok, enten på mobiltlf., nettbrett eller pc, er som å overføra mellom konti i ulike bankar:

Overføring av Bitcoin frå "bank" til Bitcoin-lommebok

I Bitcoin-lommeboka på mobilen ser overføringa slik ut:


Og heilt til slutt: Hugs at handling med Bitcoin inneber stor risiko!

onsdag 5. mars 2014

Betalingsformidling 2014

Konferansen Betalingsformidling 2014 vart arrangert for 30. gang i Trondheim 4. og 5. mars. 150-200 personar frå finansnæringa var samla for å høyra siste nytt innan betaling og betalingsformidling. Eg var invitert saman med Sturle Sunde for å snakka om Bitcoin. Her er presentasjonen eg heldt:



Mobile betalingsløysingar
Det var mykje nytt og svært mykje knytt til mobile betalingsløysingar; knytt til smarttelefonen. Det var mykje fancy som vart presentert, men det som ikkje vart sagt noko om, var at under det moderne grensesnittet ligg det trauste, tunge og ganske gammaldagse grunnsystem. Banknæringa slit med "legacy systems" - altså systemarven frå langt tilbake. Difor var Bitcoin eigentleg det einaste revolusjonerande nye her. Det var stor intresse, men sjølvsagt også stor skepsis. Det ville jo vore rart om bank og finans, tradisjonelt sett på som ganske gammalmodig næring, skulle ha kasta seg over ideen om ein uregulert valuta.

søndag 2. mars 2014

Den nye store ølboka


Den nye store ølboka

Eg har som tradisjon å kjøpa julegåve til meg sjølv, då veit eg at eg får noko eg likar :)
I år kjøpte eg Den nye store ølboka av Tim Webb og Stephen Beaumont, oversett av Rune R. Moen. Originaltittelen er The World Atlas of Beer og den kom ut i 2012 første gang. Tim Webb er engelskmann og Stephen Beaumont er kanadiar.

World Guide to Beer
Tittelen spelar på at det har vore ei tidlegare stor ølbok, og det er jo sjølvsagt den kjende ølskribenten Michael Jackson si The World Guide to Beer (1977). Michael Jackson sette dessverre frå seg ølglaset for siste gang i 2007. Mykje øl har runne sidan han ga ut den store ølboka; ikkje minst har framveksten av mikrobryggeri fått enorm innverknad på ølkultur og øl-status. Slik sett er det gode grunnar til ei oppdatert bok over ulike øltypar verda over.

Den nye store ølboka er delt inn i to hovudkapittel:

  1. Ølets natur
  2. Ølets verden
Øl i Norge
Under Ølets verden er det ein gjennomgang av øltypar i dei ulike verdsdelane, men ei hvoudvekt på Europa og Nord-Amerika (USA og Canada). Det er interessant å sjå kva som blir skrive om Norge. I Michael Jackson sin oversikt meiner eg det berre var bokk-øl frå Aass Bryggeri (og Aass vart forklart å vera "mountain"..). I den nye boka er Norge og resten av Skandinavia betre representert. Følgjande bryggeri er omtalte frå vårt land:
  • Ægir (India Pale Ale)
  • Aass (Bokk)
  • Nøgne Ø (Imperial stout)
  • Atna (Stabburøl)
  • Haandbryggeriet (Norwegian Wood)
  • Lervig Aktiebryggeri (Lucky Jack)
  • Kinn (Sjelefred)
  • Mack (Juleøl)
Eit kart med mikrobryggeri i Norge, Sverige, Danmark, Finland, Estland og Latvia har endå nokre fleire norske bryggeri med.

Boka er grei som ein oppdatert oversikt over nye bryggeri dei siste tiåra og som eit supplement til Michael Jacksons referansebøker.




lørdag 22. februar 2014

Balder Brygg

Balder Brygg tappar på 0,33 l flasker.
Her Balder julebukk.
Sogn og Fjordane er det fylket som har flest mikrobryggeri, skal me tru oversikten på Ølportalen.no (Oslo unnateke). Det er ikkje tilfeldig for fylket er blant dei største også på småskala matproduksjon, og dei to heng saman.

Ægir og Kinn er dei mest kjende bryggeria, men fleire kjem etter og Balder Brygg på Leikanger er ein ny og interessant aktør. Dei har eksistert i 2-3 år og sakte, men sikkert auka produksjonen og sortimentet. Etter  berre å ha hatt fatøl servert i Leikanger og i Bergen, sette dei i gang ei tappelinje på flasker i fjor haust, og dermed vart distribusjonen monaleg utvida. Målet er å komma opp i 65 000 liter øl i år, og auka opp mot 250 000. Meir enn det vil dei ikkje produsera.

Balder skil seg ut frå dei fleste andre mikrobryggeria i landet ved å satsa på undergjæra øl. Det er ein klar strategi som er tufta både på erfaring og eit ønskje om å skilja seg ut i mengda. Eg trur det er ein lur strategi når talet på bryggeri aukar nærmast dag for dag og alle som ein tilbyr IPA.. Det kan bli metning også her.

Balder sitt undergjæra øl kan førast tilbake til ei tid då Øystein Meland, ein av dei to grunnleggjarane av bryggeriet, laga heimebrygg saman med far sin på den tradisjonelle måten (sjå t.d. Lars Marius sin veldokumenterte blogg). Eit år meinte Øystein at dei burde prøva undergjæra øl i staden for den vanlege overgjæra. Faren var skeptisk; han hadde aldri bryggja på nokon annan måte og det var slik han hadde lært det. Men han gjekk med på forslaget og Øystein fekk ein sjanse. Det året fekk dei det beste juleølet ever, og sidan den gongen vart det undergjæra øl.

I samband med Fjellsportfestivalen i Sogndal har Balder Brygg hatt ølsmaking og presentasjon av bryggeriet på programmet. Øystein fortalde om bryggjinga og om ølsortane.

Sognapils: Dette er ein pils med butikkstyrke, dvs. ca. 4,7 % alkohol. Den er ganske mørk på farge til pils å vera, nærmast bronsefarga. Den nærmar seg faktisk bayer-øl i farge. Det kjem av ein del krystallmalt, og smaken er også ganske søtleg. Det er lite bitterheit og ølet verkar litt flatt.

Sognapils extra: Dette er storebroren med over 6 % alkoholstyrke. Når ein smakar denne forstår ein betre kvifor den vanlege Sognapilsen smakar litt flatt - den er rett og slett ein kastrert variant av den ekte Sognapilsen. Med ekstra alkohol kjem smaken mykje tydelegare fram og det blir ein annan fylde i ølet. Søtsmaken blir heller ikkje fullt så dominerande.

Vårøl: Nytt av året er eit vårøl. Med litt flaks vil det komma i Vinmonopolet sine hyller før påske. Ølet har ein styrke på ca. 6,2 % og er ganske søtleg og minner om juleøl. Øystein kan då også fortelja at oppskrifta er nærmast identisk med juleøl.

Porter: Balder er ikkje stivbeinte når det gjeld gjæringsmetode, og lagar også overgjæra øl. Porteren er svart som bek og ganske tørr. Den er mykje tørrare enn t.d. Ægir og andre liknande variantar. Eg tykkjer det kler ølet godt og vil seia at dette var høgdepunktet under smakinga.

Balder Brygg har i tillegg Bergen Pale Ale, ein lys ale med mindre humlepreg enn IPA (som Øystein seier: "denne ale'n skal ikkje sjøvegen til India, den skal berre over Vikafjellet til Bergen og difor treng den ikkje så mykje humle":).

Balder vil også lansera eit øl som ligg tett opp til heimebrygg. Det får namnet Gammal Ole (viss ikkje danskane legg inn protest då) og vil bli å finna på polet frå oktober av.


søndag 16. februar 2014

Bitcoin i Bergen

Sofa-prat med Ingvild og Sturle
(Foto: Livar Bergheim, posta via @livarb)
Denne helga har eg vore i  Bergen og spreidd den glade bodskapen om Bitcoin - og forkynt enkelte faremoment i tillegg.

Sturle og eg vart inviterte til debattmøte i stundentersamfunnet laurdag 15.02, og før det rakk me også innom TV2 Nyhetskanalen for eit kort innslag om Bitcoin. Artig å sjå tv-studioa og omgivnadene på nært hald - det som ser ut som svære studio er i røynda ganske små rom.

Det var laurdagskomiteen med Ingvild i spissen, og god hjelp frå Thea, som inviterte til Bitcoin-møte denne laurdagskvelden. Denne komiteen har frie hender og tek opp det som måtte falla dei inn. Dei har i lenger tid sett at interessen for Bitcoin er aukande og tenkte at det måtte vera eit bra tema.

30-40 personar tok vegen og nesten alle hadde høyrt om Bitcoin på førehand. Ei handfull hadde også handla med Bitcoin. Det var med andre ord ei ganske opplyst forsamling. Det viste seg også at blant publikum var det representantar for eit nystarta firma som skulle i gang med Bitcoin-graving. Det er ganske tøft i desse dagar, når ein veit kva ressursar som skal til. Dei hadde bestilt ein rigg frå Sverige, men pga. leverandeproblem hadde dei kansellert ordren og ville satsa på ein sveitsisk leverandør. I ventetida hadde dei funne ut at kursstigninga på Bitcoin dei alt sat med, ga dei langt større forteneste enn Bitcoin-gravinga..

Etter sofapraten med Ingvild, var det spørsmål frå tilhøyrarane. Som sagt var det ein ganske opplyst gjeng, så spørsmåla var ikkje heilt enkle å svare på. Men så er det mange ting ved Bitcoin som blir spekulasjonar og ikkje mykje meir.

fredag 14. februar 2014

Inntrykk frå eForvaltningskonferansen 2014


Referat er ein ting, refleksjon ein annan. Eg vil også samanfatta eigne inntrykk frå konferansen tysdag og onsdag denne veka.

Konferansen lykkast med ein god balanse mellom teknologioptimistiske foredrag og foredrag som presenterte viktige problemstillingar. Ikkje uventa kom dei mest optimistiske tonane frå dei offentlege etatane, medan forskarane var litt meir reserverte.

Denne balansen mellom optimisme og kritisk tilnærming er både bra og viktig. Fagrørsla kunne mistenkjast for å vera ein einsidig bremsekloss med tanke på teknologisk utvikling, men mitt inntrykk frå konferansen er at slik er det ikkje, i alle fall ikkje berre slik. Sjølvsagt høyrer me ein del klisjear om at maskiner ikkje må erstatta menneske, men det var helst i dei obligatoriske "appellane" som innleia og avslutta konferansen. Her er ei vurdering av enkelte foredrag:

Paul Chaffey, KMD
Forenkla, fornya og forbetra er mantraet til den nye regjeringa. Det er knytt store forvetningar når det gjeld IKT-satsinga, særleg i offentleg sektor. For første gang er det ei politisk leiing med stor forståing og grundig kjennskap til informasjonsteknologi og mulegheitene den gir. Eg reknar ikkje med Heidi Grande Røys og hennar politiske rådgivar, som rett nok hadde IT-kompetanse. Ein junior i eit svakt departement gjer ingen skilnad.

Paul Chaffey ser ut til å gjera det same i statssekretærstillinga som det han har gjort i meir enn 10 år i Abelia: vera synleg gjennom foredrag på mange konferansar. Men det spørst om ikkje han må kutta ned på den aktiviteten og heller prioritera internt arbeid for å løfta fram IKT-satsinga. Formidling er viktig, men gjennomføring er kanskje viktigare. Den nye regjeringa er i alle fall oppteken av gjennomføringskraft.

Vidar Lødrup, Abelia
VL erstatta Inge Jan Henjesand som dessverre ikkje kunne vera til stades.
Ikkje så veldig mykje å seia om VL sitt foredrag. For meg blir det veldig mykje ord. Dei rette orda, javisst, men ikkje så mykje meir. VL viste at han har allsidig erfaring bak seg og slik sett god bakgrunn for å arbeida med slike spørsmål i Abelia.

Kirsti Kierulf, KommIT
Kirsti er vekkelsespredikant og spreier den glade bodskapen om KommIT, den nye IT-satsinga i kommunesektoren. Det er nok nødvendig å skapa entusiasme for satsinga, særleg blant kommunane. Men samtidig blir det også skapt store forvetningar som kan bli vanskelege å innfri.

Den voldsomme entusiasmen for Altinn er litt vanskeleg å forstå, og reknestykka som vart presenterte, med 750 mill. i innsparing, må nok dokumenterast betre.

Elin Kristine Fjørtoft, Difi
EKF erstatta Ellen Strålberg, Difi, som stod oppført i programmet. Temaet var det same.
Ho heldt ei grei orientering om digitaliseringsarbeidet i staten, og viste til undersøkinga Difi har gjort om tilstand og utvikling for digitaliserte tenester. Den undersøkinga er det god grunn til å kritisera; eg meiner Difi ikkje har gjort grunnarbeidet og ikkje heilt veit kva dei har talt. Det var noko eg kommenterte i spørsmålssesjonen etterpå.

Eg kan ikkje heilt fri meg for at Difi framstår litt verkelegheitsfjerne når det gjeld digitaliseringsarbeidet og kva som faktisk rører seg både i stat og kommune. Dei har vore ivrige med å distansera seg frå kommunesektoren dei siste åra, og med KommIT er det god grunn til å klargjera grenselinjene. Men det har samtidig gjort at dei fjernar seg endå meir frå brukarperspektivet. Når Difi heller ikkje blir oppfatta å fylla rådgivingsfunksjonen godt nok, blir det problem. Det er dette som no er under lupa når nytilsett direktør Ingelin Killengren skal vurdera framtida til organisasjonen.

Dag Wiese Schartum, AFIN/UiO
Enkelte vil kanskje hevda at Dag auser sand i maskineriet. Sjølv meiner eg at hans påminningar om dei rettslege reglane som styrer offentleg forvaltning og som IKT-utviklinga må ta omsyn til, kanskje ikkje kan bli sterke nok. Det er veldig lett å bli riven med av utviklingsiveren som ofte dominerer slike konferansar, utan å tenkja over at det ofte er gode grunnar til at juridiske forhold gjer at ein må tenkja seg om både ein og to ganger før ein stormar fram.

Juridiske "hindringar" kan ha gode grunnar, ikkje minst personvernomsyn. Men det er også andre gode grunnar til at det ikkje alltid er like lurt å reine IT-omsyn styra utviklinga. Eit område DWS ikkje snakka om, men som han har vore oppteken av lenge, er betre IT-støtte i sjølve lovutviklingsprosessen. Nesten utan unnatak startar lovarbeidet i dag med eit blankt (Word-)ark. Det finst lite systematisk IT-støtte i arbeidet med utforming av lovtekstar. Og dersom me skal oppnå betre presisjon i begrepsbruk (NB! Det er ikkje alltid ønskjeleg, noko DWS har vist med gode eksempel), må IT-støtte byggjast inn frå starten av. Det er eit vanskeleg og langsiktig arbeid, men det må til .

Torstein Brechan, NTL
Fagrørsla kan i mange samanhengar bli oppfatta som veldig tradisjonell og lite innstilt på utvikling. Enkelte av appellane under konferansen underbyggjer det synet, men det er gledeleg å sjå at unge, flinke folk som Brechan blir rekrutterte inn. Han stiller med eit anna utgangspunkt på dette området enn eldre tillitsvalde frå "gølvet". IT er ikkje noko framandt og nødvendigvis farleg, men IT-prosjekt må ta omsyn til sentrale avtalar i forvaltninga.

Eric Breit, AFI
Eric orienterte om eit interessant og høgst aktuelt forskingsprosjekt om pensjonsreforma og kva informasjonsarbeidet knytt til denne. Er det brukarvennleg å overlata arbeidet til innbyggjarane, gjennom sjølvbeteningsløysingar, og kor gode er eigentleg desse. Metodisk vart det brukt både brukartesting og fokusgrupper. Eric fortalde entusiastisk om dei nyvunne erfaringane med brukartesting, ein metode han ikkje kjende på førehand, men som hadde vist seg veldig nyttig i dette prosjektet. AFI hadde gjennomført brukartestinga sjølve, utan innleigd hjelp, noko som gjorde at dei kom endå tettare på intervjuobjekta og fekk ei betre forståing av problema.

Brukartesting er ein enkel og effektiv metode for å finna ut om ting fungerer godt, rett og slett. Det er ingen god metode til skaffa seg kunnskap om kva som vil fungera. Det er også ein kvalitetativ metode, så ein må ikkje falla for freistinga å gjera statistiske analysar av resultata.

Petter Bae Brandtzæg, SINTEF
Petter er ein av dei forskarane som veit mest om bruken av sosiale medium i samfunnet. Han har psykologi-bakgrunn; ikkje dumt når ein skal forska på dette området. I eit av prosjekta han arbeider med, ser dei på eldre og bruk av teknologi. Han viste mange interessante, og litt nedslåande, sitat frå dei eldre. Sosial utstøyting på grunn av teknologi er i høgste grad eit problem.

Det var også interessant det han sa om utviklinga framover. Ein kan bli freista til å tru at når det berre går 10-20 år er alle i samfunnet såpass kjende med ny teknologi at det digitale skiljet me har i dag aldersmessig, vil gradvis forsvinna. Slik blir det truleg ikkje. Teknologien er i endring, og om noko så går utviklinga fortare, ikkje saktare. Radikalt nye brukargrensesnitt kjem (tenk Google Glass, men tenk også Windows 8.x som kan vera nok til å setja mange av dagens pc-brukarar i sjakk matt) og Petter trur ikkje generasjonskløfta blir mindre, heller tvert om.

Randi Flesland, Forbrukarrådet
Forbrukarrådet sin kommunetest er interessant fordi den simulerer ekte innbyggjarar sin kontakt med kommunen. Det er "mystery shopping" som metode, ein metode som no har vorte meir vanleg og som EU også legg stor vekt på i dei nye benchmarkings-tiltaka for å måla graden av digitalisering i offentleg sektor.

Ho kom med mange gode eksempel, og særleg enkelte episodar frå små kommunar framkalla latter. Det er klart at i dei minste kommunane er ting så oversiktleg, ja gjennomsiktig, at det kan bli mange rare spørsmål og svar.

Forbrukarrådet si kommuneundersøking liknar ein god del på Difis Kvalitet på nett. For testing av nettsider er det i grunnen heilt likt, sjølv om kriteria er noko ulike. På spørsmål frå meg om dei hadde vurdert samordning med Difi, var svaret at det hadde dei ikkje fordi undersøkingane er ulike og fordi Forbrukarrådet sine undersøkingar ikkje er like regelmessige som Difi sine. Eg trur det hadde vore mykje å henta på ei slik samordning, og også inkludert den store innbyggjarundersøkinga frå Difi. Men samarbeid og samordning på tvers av etatar er ikkje så lett..

Hovudbiletet er likevel at dei store kommunane er betre enn dei små. Men når det er sagt, er 3 av dei 4 beste kommunane småkommunar. Det er verdt å tenkja over. Det er det same som Kirsti Kierulf er inne på: Små kommunar sit med verdifull kunnskap og erfaring som større kommunar kan læra mykje av.

Ingunn Bakkene Cowan, Lånekassen
Det er to måtar å vurdera presentasjonen frå Cowan:
- som eit imponerande foredrag om ei framoverlent og teknologikompenten offentleg verksemd
- som eit foredrag kjemisk fritt for refleksjonar over kvifor Lånekassen er ei offentleg verksemd

På overflata er resultata Lånekassen har oppnådd, imponerande. Det starta i følgje Cowan med at dei slutta å omtala låne- og stipendmottakarane som brukarar og begynte å kalla dei kundar. For Lånekassen er det nok eit poeng å låna retorikk frå næringslivet, men det kan fort framstå som at det høgste ønsket til Lånekassen nettopp er å få lov til å agera privat verksemd.

Så kvifor skal då Lånekassen vera offentleg? Det ga ikkje Cowan noko svar på.
Ironisk nok vart Cowans "skryte-foredrag" effektivt punktert av ein student i salen som lurte på kvifor svaret på søknaden hennar var at saksbehandlinga tok to månader når Cowan nettopp hadde sagt at Lånekassen hadde halvert gjennomsnittleg behandlingstid frå 16 til 8 dagar. Oh, irony..

Nina Viksæter Aulie, NAV
Å vera IT-direktør for NAV kan ikkje vera den lettaste jobben i landet! Nina V. A. ga ei grei orientering om utfordringane NAV står overfor på IT-sida, og den tette koplinga mot politiske prosessar. NAV er kansje den etaten med mest politisk styring, og den etaten der det er vanskelegast å implementera politiske vedtak i IT-system. Politiet ser ut til å vera verre; den lange tida det tek å implementera den nye straffelova (vedteken i 2005) er ei skam for demokratiet!

NVA (hmm, er det tilfeldig at akronymet minner veldig om NAV?) var då også tydeleg på at målet med IT-arbeidet i NAV er at IT-systema ikkje skal vera til hinder for nye politiske vedtak. Det kan synast som ei defensiv haldning, men når me tenkjer på den nye (etter kvart ikkje så ny lenger...) straffelova, må det seiast å vera ei nøktern og fornuftig haldning. Problemet med store IT-prosjekt i det offentlege er heller at dei er overambisiøse.

Overambisiøs er også eit ord som truleg passar bra på det nye moderniseringsprogrammet i NAV, eit program som ser ut til å ha hamna i grøfta i første sving. Etter å ha svidd av nokre hunder millionar kroner (!), vart programmet stoppa. Denne elefanten i rommet vart likevel ikkje kommentert av NVA. Rart kanskje..

Margunn Aanestad, IFI/UiO
Margunn Aanestad tok opp tråden etter NVA, utan å komma inn på moderniseringsprogrammet direkte. Ho tok opp eit svært aktuelt spørsmål: Kvifor går det ofte så gale med store IT-prosjekt? Ho gav fleire gode svar på det. Dei er ofte overambisiøse, planlagde ovanfrå og ned. Begrepet "utrulling" er godt kjendt og illustrer på ein god måte den ovanfrå-og-ned-prosessen som ofte ligg til grunn for IT-prosjekt.

Om ikkje "smått er godt" er heilt dekkjande for MAa sitt bodskap, kan "bygg vidare på det som fungerer" vera betre. Ho viste eksempel på vellykka prosjekt som byggjer vidare på det som har vist seg å fungera godt, og som blir utvida utan ein grandios visjon på førehand. Det er gode grunnar til å advara mot store visjonar i IT-prosjekt; det kan veraa eit teikn på at ein startar feil. Med det i tankane kan ein spørja seg om ikkje både NAV og Politiet bør gå tilbake og sjå på utfordringane på nytt og endra tilnærminga til "mange små steg" og å byggja på installert base. "Small pieces loosely joined", som David Weinberger har formulert det, renn meg i hug.

Åge Andresen, Skatteetaten
ÅA ga ei grei orientering om EDAG-prosjektet; elektronisk dialog med arbeidsgivar. Det er eit samarbeid mellom Skatteetaten, NAV og SSB, som alle hentar inn opplysningar om tilsetjingsforhold, lønn, skatt, arbeidsgjevaravgift, men på ulike måtar og til ulike tider.

Det store spørsmålet er om dette er forenkling, og for kven. Som ein deltakar sa til meg i pausen: Kva blir resultatat når ein etat som spør etter få opplysningar ein gong i året skal samordna med ein etat som spør etter mange opplysningar ein gong i veka? Då blir det vel endå fleire opplysningar endå oftare! Det blir spennande å sjå korleis dette slår ut for arbeidsgjevarane.

Leif Skiftenes Flak, UiA
Leif har jobba lenge med gevinstrealisering og det har smått om senn fått fotfeste i forvaltninga og er no ein del av større IT-prosjekt som blir lagt stor vekt på - i alle fall retorisk. Men det skjer nok ting i det verkelege også. Det har lenge vore slik at prosjekt blir styrte godt heilt fram til prosjektavslutning, og at den viktige oppfølginga etterpå, som mellom anna handlar om å realisera gevinstar så sant ein har nådd måla, smuldrar bort. Gevinstane blir gjerne løfta høgt i ein søknadsfase, elles får ein ikkje pengar. Men når prosjektet/programmet har fått ressursar, blir det tilsynelatande mindre og mindre viktig.

Leif presenterte ein firestegs modell for samhandling i IT-prosjekt, inspirert av den kjende tenestetrappa for utvikling av elektroniske tenester i offentleg sektor. Firestegsmodellen blir kombinert med trestegsmodellen for elektronisk samhandling; teknisk, semantisk og organisatorisk samhandling, og resultatet blir ein matrise med 12 felt/stadium.

Det er mykje å seia om denne modellen, men det får heller bli i ein seinare kommentar.

onsdag 12. februar 2014

eForvaltningskonferansen 2014 - dag 2

Dei enkelte prentasjonane er lagde ut på www.fagforbundet.no/ska

Eric Breit, seniorforskar Arbeidsforskningsinst. (AFI):
Sjølvbeteningsløysingar: Er det "brukarvennleg" å gjera jobben sjølv?

Byggjer på eit prosjekt der dei har undersøkt om innbyggjarane har fått tilstrekkeleg god informasjon om den nye pensjonsreforma. Sjølvbetening er ein vesentleg del av iverksetjinga av reforma, og AFI vil undersøkja om denne måten fungerer tilfredsstillande.

Kva er sjølvbetening i denne samanhengen og korleis påverkar den kvaliteten på rettleiinga?

Datamaterialet er djupneintervju med NAV-tilsette pluss brukartestar med innbyggjarar og fokusgrupper med dei same.

Kva er sjølvbetening i denne samanhengen?
- klarare separasjon av første- og andrelinje, der førstelinje i stor grad er basert på nettløysingar (både generell og personifisert informasjon)
- tidlegare "pensjonsspesialistar" er flytta over i andrelinje for saksbehandling

Fallgruver i informasjonsprosessen
- Interesse: Er alle interesserte i å bruka denne metoden?
- Tilgang: Store problem med bruken av MinID
- Forståing: Vanskar med å forstå begrepa som blir brukte
- Refleksjon: Vanskar med å overføra dei generelle råda til eigen situasjon
- Rettleiing: Interesse for å gå vidare i prosessen

Alt i alt viser det seg at det er eit stort behov for personleg rettleiing! Mange var villige til å betala for dette.
Dei som har størst problem er dei som har kompliserte oppteningshistoriar, meir enn alder (eldre meir interessert, naturleg nok).

Kva påverkar kvaliteten på rettleiinga?
1. Teknologi
+ gir store mulegheiter (gevinstar for NAV, auka tilgjenge, meir informasjon på ein stad, samanlikn.mulegh. [kalkulatorar m.m.])
-

2. Plassering av pensjonskompetanse
+ tydeleg skilje mellom første- og andrelinje
+ reindyrking av generalist-rollen ved NAV-kontora (har også opna for ein ny marknad for konsulentar på området)
- vanskeleg for førstelinje å svara på kompliserte spørsmål
-

3.  Formatet på rettleiinga
+ meir effektiv arbeidsfordeling
+ meir føreseieleg kor langt ein kan gå i rettleiingsprosessen
+ delvis målbart system
- press på kortare transaksjonar (bruka mindre tid på brukarane)
- brukarar med kompliserte problemstillingar har behov for informasjon frå fleire kjelder og etatar (NAV sine system snakkar i liten grad med andre pensjonssystem)

Konklusjonar:

  • Stort sett fungerer sjølvbeteninga greitt (for personar med enkle/enklare problemstillingar og behov)
  • Større utfordringar knytt til problemstillingar med samansette behov, og for brukarar med låg IT-kompetanse
  • Viktig å sikra nødvendig pensjonskompetanse på NAV-kontora for brukarar som ønskjer personleg rettleiing
  • Meir spissa informasjon for sårbare grupper, evt. kombinert med opplæring

Petter Bae Brandtzæg, seniorforskar SINTEF:
Kva med dei som ikkje kan eller vil bli "digitale borgarar"?

18 mnd er gj.snittsalderen for møtet med Internett/ta i bruk nettet
Norge er den mest avanserte nasjonen i verda med tanke på digitale brukarar
- dei som er utanfor her, er skikkeleg utanfor

The Internet of Everything - Internett blir integrert i alt, og omvendt. Skiljet mellom det fysiske og det digitale blir viska ut.

Digitale skilje
- eldre
- utstøytingsprosess: ikkje lik tilgang til informasjon for alle
- kva med digitalt førsteval?

Papir: helst eldre
Fjernsyn: meir likt fordelt, men det skjer ein overgang til strøyming blant yngre
50 % av dei mellom 67-79 brukar nettet dagleg. Men kva med dei over 80? Dei finst ikkje i statistikken, og det blir stadig fleire av dei.

Det er i dag mellom 400 og 600 000 som ikkje brukar Internett her i landet.

Oppleving av kommunikasjonsteknologi blant eldre:
- ansikt-til-ansikt idealtypen
- a"lle" har mobil
- kristik til sosiale medium
- Skype og e-post er populært

Grupper:

  • kritiske seniorar
  • ikkje relevant, ikkje tid
  • ser nytten, men manglar kompetanse (undersøking frå 2004 viste at 1 av 4 slutta i arbeidslivet pga. problem med å ta i bruk ny teknologi)

Er det eit problem?
- demokratisk problem
- menneskerett-problem
- sosiale problem
- problem i arbeidslivet

Vil den digitale kløfta bli mindre med tida, nå innbyggjarane blir meir digitalt vande?
Nei, me har ein aldringseffekt som gjer at eldre vel å ikkje ta i bruk det nyaste av teknologi


Randi R. S. Flesland, adm. dir. Forbrukarrådet:
Kommunane på nett

Testar alle 428 kommunane i landet på
- service
- tilgjengelegheit
- informasjonskvalitet

Internett, telefon og e-post
Totalt over 18000 sjekkpunkt vurderte

Kvar kommune har fått 19 henvendingar fordelt på seks sektorar
- tlf. må bli teken innen 1 min.
- e-post må bli svart på innan 5 dagar (3 av 10 kommunar svarte ikkje i det heile!)

Sosiale tenester
- barnevern (70)
- gjeldsrådgiving (41)

Kultur og fritid
- idrett

Barn og skule
- SFO (67)
- barnehage  (87)

Tekniske tenester
- byggjesak

Pleie og omsorg
- sjukeheim
- heimehjelp

Informasjonstenester
- klagemulegheiter

Kommunane skårar best på barnehage, dårlegare på barn/skule og SFO

Beste kommunar:
1. Rollag (88,9)
2. Stange (83,6)
3. Fyresdal (83,6)

Fylke:
1. Oslo (68,1)
2. Telemark (67,1)
3.

Berre 36 av 428 kommunar får godkjent (meir enn 75 %).
Store kommunar skårar best (men 3 av dei 4 beste kommunane er små).
Frå starten i 2005 til 2013 har skilnadene mellom kommunane vorte mindre.
Dei fleste svarer godt på enkle førespurnader.

Fleire kommunar har nedfelt i målsetjinga at dei skal skåra godt på Forbrukarrådet sin test. Asker kommune er ein av dei, og dei er best over heile perioden 2005-2013

Tre R-ar:
- Rask: tlf maks 5 min, e-post maks 5 dagar, internett maks 2 min søking etter kvart element
- Relevant: spørsmåla er konkrete, då må svara vera det også. Ikkje svar på det som ikkje blir spurt om
- Rett: Kunnskapsspørsmål skal svarast på med rett fakta. Er kommunen i tvil, skal dei finna ut av det

Problemområde:
1. Fragmenterte nettsider
- kva er krava til ei kommunal nettside?
- kvifor ikkje ein felles mal for kommunale nettsider?

2. Teknologi for funksjonen

3. E-post er post

4. Ny tid, ny kultur


Ingunn Bakkene Cowan, avd.dir. Lånekassen:
Ei reise gjennom ein digital sjølvbeteningsfunksjon

Har 950 000 kundar, ikkje brukarar.
138 mrd. i utlånsportefølje
29 mrd i inn- og utbet. årleg
1 mill. saker årleg
304 mill. kr til drift - 314 årsverk

Moderniseringsprosessen starta med St.mld. 12 (2003-2004)

Resultat:
- halvert saksbehandlingstid (frå 16 til 8 dagar)
- frå 1,5 mill. tlf.henvend. til 540 000
- kundesenter med 36 årsverk
- 275 000 fleire kundar
- 60 færre årsverk
- red. sjukefråver og betre arb.miljø
- gevinstrealisering 2014: 70 mill. kr (som blir tilbakeført til statskassen)

84 % vel no el. signering

Visjon: Lånekassen skal bli oppfatta som den mest moderne offentlege verksemda i Norge

[Min kommentar: Heile presentasjonen ber preg av at Lånekassen eigentleg ønskjer å vera ei privat verksemd. Ikkje eitt ord om den offentlege oppgåva og forankringa]

Spørsmål og diskusjon knytt til innlegga så langt
Eg: Har Forbrukarrådet vurdert samarbeid med Difi på kommunetesting, sidan det er ein god del overlapping?
Randi Flesland: Har ikkje vurdert eit slikt samarbeid fordi dei oppfattar undersøkingane som ulike

Får Lånekassen sin 24/7-strategi følgjer også brukarstøtta (som evt. må utvida svartida)?
Nei, dei har faste opningstider for kundesenteret og har ikkje vurdert det.

Kor stor del av Lånekassen sine brukarar vel digitale løysingar?
Det er mindre enn ein prosent som brukar papir, så for alle praktiske føremål er det 100 % på digitale løysingar

Ingunn Bakkene Cowan: I mange tilfelle blir personvernet betre ivareteke med digitalisering. Eksempel: No blir informasjon om sjukmelding berre henta som ein prosentsats (frå NAV?) mot tidlegare der brukarane gjerne sende mange tilleggsopplysningar (diagnose, epikrise ++).

Spørsmål/kommentar frå salen: Student som har søkt om studielån og fått opplyst at saksbehandlingstida er 2 mnd! :)

Nina Viksæter Aulie, IKT-direktør NAV:
Formar NAV teknologien eller er det omvendt? Om betydninga av IKT for NAV-reforma


  • NAV etablert i 2006
    • "ein skjerm i staden for tre"
    • ikkje mykje rydding på bakrommet - ikkje tid!
    • etableringsprogram budsjett 3 mrd kr (inkl. IKT)
  • Reform av arbeid, velferd og inkludering
    • kvalifiseringsprogram
    • arbeidsevnevurdering
    • arbeidsavklaringspengar (AAP)
    • endring i oppfølging av sjukefråver
  • Pensjonsreforma (nytt lovverk 01.01.2011)
    • nytt lovverk 01.01.2011 (ny IKT-løysing, ny organisering)
    • pernsjonsprogrammet budsjett knapt 3 mrd kr
  • Ny uføretrygd frå 01.01.2015
Hovudutfordringa er IT-system bygde for fortidas organisering, som tette siloar.

NAV betalar ut 13.000,- kr i sekundet gjennom heile året!

> 300 IT-system
12 kjernesystem
19.000 tilsette
3 mill. brukarar

Smidig utvikling - TOGAF - distribuerte løysingar

Målet for NAV er å automatisera enklare oppgåver, sentralisera desse og kombinert med auka sjølvbetening frigjera arbeidskraft som kan brukast til å hjelpa folk inn att i arbeidslivet.

Viktig at IKT-løysingar er i ein slik stand at dei ikkje er til hinder for politiske endringar!

Felleskomponentar er viktig også for NAV
Offentlege standardar
Sikker digital e-post
eDag

Svaret på det innleiande spørsmålet er forøvrig ja. NAV både påverkar og blir påverka.


Margunn Aanestad, prof. ved Inst. for informatikk, UiO:
Kvifor er store IKT-system så vanskelege å lykkast med?

Eit godt eksempel på gamle IKT-system som vanskeleggjer politiske endringar er den nye straffelova. Det er eit stort demokratisk problem!

Me må også våga å snakka om IKT som eit problem, ei utfordring (men det er nesten fråverande i offentleg omtale av IKT).

Me manglar "lærebøker" for komplekse IKT-prosjekt!

Verkelegheita er kaotiske, rotete tilstandar, med mange bindingar til gamle system. Men nesten alle rettleiarar osv. tek utgangspunkt i ei perfekt verd.

Aktuelle bøker:
"From control to drift"
"Risk , complexity and ICT"

Me høyrer ofte "det trengst sterkare styring!"

Eksempla samla "IKT og samhandling i helsesektoren" problematiserer dette synet.
Ikkje "utrulling", men lokal "rotfesting" av ny teknologi
- tilpassing, eksperimentering og læring etter implementasjon
- endring av IKT-løysing, arb.rutinar, organisering

Nasjonale, sentralt styrte initiativ
Utfordring: "Kollektive handlingsdilemma"
 - individuell rasjonalitet -> kollektiv irrasjonalitet
- "sitja på gjerdet"

Tradisjonell tilnærming er sårbar overfor denne typen

EPJ i Danmark
Sundhedsstyrelsen
- grunnstruktur for EPJ
- vart avslutta etter nokre år

Vejle, Viborg og Århus amt
- standardisert utveksling av pasientdata
- i dag: e-journal i sundhed.dk

Eksempel på ei lettvektsløysing som har vakse seg stor
- problemløysande snarare enn visjonære
- prioritering og sekvensering av mål, ikkje alt på ein gang
- koplar investeringar og gevinstar
- mindre avh. av eksterne partnarar

"Kultivering av installert base"
- kultivering, som motsats til konstruksjon
- "bootstrapping": bruk det du har
- fleksible standardar

Karakteristikkar av vellykka prosjekt
- gir rom for langvarige prosessar prega av læring, ikkje ovanfrå og ned
- tek omsyn til eksisterande system
- tenkjer ikkje "utrulling", men "innrullering"

Eksempel på helsesystem i Afrika:
Det går an

IKT er ikkje berre verktøy eller virkemiddel, men ei utfordring i seg sjølv
- vi må leva med kompleksitet
- standardisering og "sterkare styring" er ikkje vidundermedisin
- alternative strategiar er muleg og viser gode resultat: byggja ut frå enkle, fungerande system, ikkje starta med store, overordna planar og prosessar

Åge Andresen, prosjektleiar for EDAG, Skatteetaten
EDAG hovudprosjekt

EDAG = Elektronisk dialog med arbeidsgivar
Det er så enkelt som at dei opplysningane ein arbeidsgjevar treng, og også skal rapportera inn, skal samordnast slik at dei slepp å forhalda seg til tre ulike etatar i slike spørsmål.
Skatteetaten, NAV og SSB samarbeider om prosjektet

Der det i dag er  tre ulike innrapporteringar frå arbeidsgjevarar, skal det bli ei innrapportering av lønns- og tilsettinformasjon (inkl. arb.giv.avg og forskotsskatt).

Skatt:
Lønns- og trekkoppgåve
Årsoppg. for arb.giv.avg.
Teminoppg. for arb.giv.avg. og forskotstrekk

SSB:
Oppgåve til lønnsstatistikk

NAV:
Melding om arbeidsforhold til Aa-registeret

Alle desse rutinane blir erstatta av ei felles ordning (a-melding).

Sjølv om kommunane er viktige i skatteinnkrevjingsprosessen, er dei ikkje deltakarar i prosjektet. Men m.a. som stor arbeidsgivar i tillegg til rolla som skatteinnkrevjar, får det store følgjer for dei.

Leif Skiftenes Flak, Universitetet i Agder
Er det nok samhandling til å få ut gevinstane av IKT-investeringane?

Mål i offentleg sektor er ulike mål i næringslivet
- intern effektivisering (rasjonalisering) - [efficiency]
- ekstern effektivisering (ekstern nytte) - [effectiveness]
- demokrati - [democracy]

Men me landar ofte i ein effektiviseringsdiskusjon; det demokratiske perspektivet forsvinn fort. Det er eit val me har, det treng ikkje vera slik. Gevinstrealisering som metode, har eit likeverdig fokus på dei tre områda. Eit mål for demokrati kan t.d. vera openheit i prosessar (digitalt innsyn) og deltaking i politiske prosessar.

Tenestetrappa føreset ein samanheng mellom kompleksitet/grad av samhandling og gevinstpotensial.

Mål -> gevintar -> verkemiddel for å realisera gevinstane

Samhandlingsmåla frå 80-talet kunne gjerne vore henta frå dagens IT-planar, ikkje mykje har endra seg.

Samhandling i dag
- deling av data
- infrastruktur
   - felleskomponentar
   - arkitekturprinsipp
   - forvaltningas IT-standardar
   - arkitekturrammeverk (verksemdsarkitektur?)
   - informasjonsstruktur
- samhandlingstenester

Modningsmodell for samhandling
  • Nivå 1: Samordning av arbeidsprosessar
  • Nivå 2: Kunnskapsdeling
  • Nivå 3: Delt verdiskaping
  • Nivå 4: Samordning av strategiar
Desse nivåa blir igjen drøfta ut frå tredelinga av samhandling: teknisk, semantisk og organisatorisk.

Kvar er offentleg sektor i dag?
- me er på veg mot nivå 3 (eigentleg synsing, har ikkje dokumentasjon på dette)
- Altinn II kan sjåast på som eit forsøk på å løfta seg til nivå 4 (det same kan kanskje seiast om EDAG)

Modernisering med teknologi utfordrar den byråkratiske modellen som ligg til grunn for forvaltninga og som har utvikla seg over fleire hundre år.
Meir og betre samhandling er avhengig av politisk og byråkratisk romslegheit og bør diskuterast på høgt nivå.

Og der var batteriet flatt...


tirsdag 11. februar 2014

eForvaltningskonferansen 2014 - dag 1

eForvaltningskonferansen 2014 er den sjuende i rekka. Konferansen er eit samarbeid mellom LO-forbunda Fagforbundet, NTL, El & IT og avd. for forvaltningsinformatikk ved UiO.  Årets konferanse går 11. og 12. februar og her er mine observasjonar frå den.

[Litt interessant at dei ikkje har kasta seg på nyord-bølgja og døypt den om til Digitaliseringskonferansen, men det namnet har kanskje Difi rett på? eForvaltning høyrest plutseleg litt gammaldags ut, nesten som EDB.]

Presentasjonane finst på www.fagforbundet.no/ska

Fredrik Oftebro, nestleiar NTL:
NTL er sjølvsagt opptekne av regjeringsskiftet som har skjedd. Dei set si lit til at den nye regjeringa vil vidareføra den ambisiøse digitaliseringsprogrammet den raud-grøne regjeringa la opp til. Han er difor spent på å høyra statssekretær Paul Chaffey fortelja meir om det.

Tidstjuvar har vorte eit sentralt begrep for statsråd Jan Tore Sanner, og det er umuleg å ikkje kopla dette til digitaliseringsarbeidet. Men også mål- og resultatstyringa bør under lupa. Oftebro viser til professor Anne Lise Fimreite som peiker på at måla frå dei enkelte departementa blir sette ut frå snever sektortenking. Ein annan problemstilling er om kravet til rask gjennomføring kan gå på kostnad av politiske prosessar.

Paul Chaffey, statssekretær i KMD:
Regjeringas moderniseringsagenda: Fornya, forenkla og forbetra
- leiing og gjennomføringskraft
- fjerna tidstjuvar
- enklare plan- og byggjesakprosessar
- digitalisering

Interessant konferanse fordi her er det folk som ikkje berre er opptekne av teknologi, men også kva teknologien gjer med oss og kva me kan bruka den til.

Kommunereform står ikkje i overskriftene, men det er heilt klart eit område den nye regjeringa vil bli målt på.

1. Leiing og gjennomføringskraft
Naturleg å begynna her; for får du ikkje til dette, får du ikkje til resten.
Regjeringa starta med å oppretta det nye Kommunal- og moderniseringsdep., eit uttrykk for at leiing og gj.føringskraft er viktig på høgste hald.

Færre og tydelegare mål. Dei siste 10 åra har talet på mål i tildelingsbreva vorte dobla. Har vi difor fått dobbel så god forvaltning? Nei!
Målet er å redusera talet på mål

Tydeleggjera leiarane sitt ansvar og handlingsrom.

Gjennomgang av DIFI. Naturleg å ta ein slik gjennomgang både fordi DIFI har eksistert i 5-6 år og fordi overliggjande strukturar er endra.

Eitt av måla med gjennomgangen er å utvikla ein betre leiarplattform, og her er teknologi/IKT sentralt. Det kan verka opplagt, men det er det ikkje på alle nivå. Ofte er det IT-leiar som blir sendt dersom verksemdsarkitektur skal diskuterast..

2. Fjerna tidstjuvar 
Identifisera rutinar og reglar som fører til dobbeltarbied eller unødvendig arbeid.
Klart språk i staten vil bli vidareført. Her er det mykje å ta tak i. Vil også ta tak i lovtekstar som utgangspunkt både for forskrifter, rettleiarar og generelle tenestebeskrivelsar.

Har bedt underliggjande etatar å rapportera om forenklingar som er gjennomførte siste år.

3. Enklare plan- og byggjesaksprosessar
Dette punktet sa ikkje Chaffey noko særleg om.

4. Digtitalisering
Ny eforvaltningsforskrift som seier at digitalt førsteval er standard og at det krevst reservasjon for ikkje å motta kommunikasjon frå offentleg sektor digitalt.
Så er det mykje arbeid som må gjerast for å følgja opp intensjonen med forskrifta. Eitt av dei viktigaste stega er sikker digital postløysing.

Kommunesektoren er sentral i digitaliseringa, det er dei som har mest kontakt med innbyggjarane. Det har vore ei positiv utvikling dei siste åra med meir samarbeid, og KommIT-initiativet frå KS verkar lovande.

Enkelte sentrale problemstillingar:
- Difis rolle: Må sjå på rollefordeling. Kven er rådgivar i statleg sektor på innovasjonsprosessar? Er det Difi, er det Innovasjon Norge, er det andre? Korleis blir Difis rolle fylt når det gjeld leiarutvikling?

- Prioritering av IT-prosjekt: Kva prosjekt skal flyttast fram? Det er i statsbudsjettet slike prioriteringar skjer. Men er prioriteringsmekanismane for IT-prosjekt gode nok?

- Finansiering av felleskomponentar: For sterke sektorinteresser kan føra til underfinansiering av fellestiltak.

- Finna gevinstar og henta dei ut (gevinstrealisering). Ofte blir store IT-prosjekt godt dokumenterte innleiingsvis, men på gevinstsida smuldrar det ofte bort.

Politisk organisering:
Departementsnivå: Her er det etablerte strukturar og felles fora.
Statssekretærutval som blir leia av Paul Chaffey. Utvalet sitt område er snevra inn til IT.
SKATE på etatsnivå (etatsleiarar som møter og diskuterer IKT-problemstillingar). Bør delta på toppleiarnivå!

- Spørsmål om IT-planar på nasjonalt nivå og Difis roll
Ønskjer seg eit tydelegare Difi på rådgiving i IT-spørsmål som går på tvers.

- Spørsmål om forholdet mellom SKATE og statssekr.utv:
Forholdet mellom SKATE og statssekretærutvalet: Ingen formelle strukturar. Eksisterande organisasjonar og strukturar bør vera hovudregelen, utval av typen SKATE og statssekretærutval er nødvendige møteplassar for å løfta opp problemstillingar som kan falla mellom stolar.

Vidar Lødrup, direktør for kunnskapsleiing, Abelia
Abelia er 4. største NHO-forening.

Viser til område der staten har sleppt opp taket og deregulert: telekom, energi, luftfart og post og dei store endringane som har følgt på desse områda.
- auka effektivitet og kvalitet
- nye marknader er etablerte
- internasjonalt konkurransedyktige norske næringslivsaktørar

Kva seier Abelia sine medlemmer:
- ønskje om å konkurrera om å levera dei mest innovative løysingane
- meir fokus på behov enn på definerte løysingar
- meir fokus på korleis innkjøpa blir gjennomførte og at avgrensingane i regelverket i mindre grad blir problem
- meir kompetanse om off. innkjøp både hos kjøpar og leverandør
- tempo er særleg viktig for IKT-innkjøp

Har offentleg sektor det for godt slik at motivasjon for endring i mange tilfelle ikkje er er reelle?

Mange grunnar til at større IKT-prosjekt ofte blir mislykka:
- for mange prosjekt på same tid
- testar ikkje ut måla
- manglande/for dårleg leiing
- manglande risikostyring
- mistar fokus på det som skal oppnåast

Mandatet for den nye produktivitetskommisjonen:

" Kommisjonen bør også sjå på teknologi som grunnlag for endringar..."

Men er det ikkje det som er hovudpoenget? Kan verka som det er slengt på i ein bisetning..

Viktig for å lykkast med digitalisering:
- systematisk endringsleiing
- rammevilkår som gjer det muleg å vera innovative
- IKT som både drivar og muleggjerar for produktivitet

Kirsti Kierulf, leiar for KommIT:
Samordning i kommunesektoren: Arbeidsgrupper og nettverk
Saomordning stat/kommune: medl. av styringsråd

Altinn skal brukast som plattform også i kommunesektoren. Viktig med gjenbruk, kan spara sektoren for ca 750 mill. kr [tal henta frå?]
Betre innsikt og styring av IKT-bruken
- kommunar må gå saman om drift og utvikling av IT [men det har dei vel i stor grad alt gjort?]
- Oslo kommune kan frigjera ca. 50 årsverk innan plan- og byggjesak berre ved å forenkla og digitalisera garasjebygg-saker
- alle kommunar kan ikkje gjera alt på eiga hand

KommIT har 7 personar i sekretariatet, men det er over 200 personar som arbeider i ulike arbeidsgrupper.
- både store og små kommunar er viktige

Mål for 2014
Samordning i kommuneektoren
- arkitektur
- SvarUT ver. 2
- eDialog

Samordning stat/kommune
- arkitektur
- SvarUT, Altinn og Sikker post skal hengja saman
- ByggSøknad med SvarUT
- Skule - integrasjon mappe og læremiddel
- Helse
- Noark5

Auke kommunal IKT-kompetanse
- kompetanseplattform (kurs.kommit.no)
- prosjektstøtte verktøy (prosjekt.kommit.no)
- gevinstrealisering
- IKT kostnads- og modningsanalyse

Felles kommunal IKT-arkitektur
- må sjå på IKT-arkitektur på same måten som annan basis-infrastruktur (vatn, straum, kloakk)

Nasjonale felleskomponentar
- Folkeregister
- Einingsregisteret
- Matrikkelen
- Altinn
- ID-porten

Prosjektportal for felles metodikk og kunnskap om prosjektgjennomføring.

Fem digitale tips:
- spør kven som har ansvaret for digital leiing
- bruk KommIT-metodikk
- KS SvarUt (sjå video på kommIT-sidene)
- arbeid i prosjektportalen
- digitaliser med kunnskap

Elin Kristine Fjørtoft, Difi:
Korleis står det til med digitalisering?
- delen av tenester som er elektronisk tilgjengelege framleis låg, og liten auke dei siste tre åra

Nasjonal IT-styring
- Digit-utvalet føreslo ein sektorovergripande prosjektorganisasjon og ein digitaliseringsdirektør

Fleire digitale tenester
- innan 30.06.14 skal alle søknader, skjema og rapporteringar med volum > 5000 vera digitraliserte
- innan 30.06.15: volum 3-5000
- ikkje tidsbestemt: meir avanserte tenester

Danmark
- digitaliseringsbølgjer
- obligatoriske løysingar for brukarane
- eige kval.sikr.regime for alle IT-prosjekt over 10 mill. DKK
- open oversikt over utviklinga av desse prosjekta

Storbritannia
- Major Projects Authority som kval.sikr. og følgjer opp større prosjekt
- MPA etablerer også "Centers of excellence" i verksemdene
- Kompetanseakademi på Oxford-univ. for leiarar

Norge
- Utgreiingsinstruksen med rettleiar (FAD)
- Regelverk for øk.styring i staen
- +++ (mange pålegg og råd frå mange ulike etatar

Kva bør prioriterast framover?
- Solid infrastruktur
- Fleire og betre digitale tenester
- Innbyggjarane må ta tenestene i bruk

Dag Wiese Schartum, professor UiO, avd. for forvaltningsinformatikk
Teknologisk
Eit reint teknologisk perspektiv på digitalisering blir for snevert
- korte fristar for "digitalisering" kan invitera til feil

Juridisk
Å sjå på lovgivinga som eit hinder for digitalisering, blir også feil. Forvaltninga er i stor grad rettsleg styrt, gjennom lover og reglar, vedtekne etter demokratiske prosessar.

Lovmessige hinder kan også vera ønskjeleg: det er ikkje alltid det skal vera fritt fram for enklast muleg forvaltning (jf. personvern)

Organisatorisk
Skal innbyggjarane gjera meir eller mindre?
Erstatta sjølvbetening med automatisk og proaktiv forvaltning? Kva demokratiske følgjer kan det få?

Viktig at slike spørsmål blir diskuterte! Teknologien gjer det muleg for oss å kunna gjera slike val, men kva ønskjer me?

Økonomisk
Økonomiske grunnar åleine kan ikkje vera argument for digitalisering eller ikkje.

Arbeidsmiljø
Digitalisering kan dreia seg både om forbetringar, men også forverringar sett frå eit arbeidsmiljø-synspunkt

Korleis kan systemutviklingsprosessen påverkast?
1. Føregåande prosessar, fram til mandat
- økonomiske og tidsmessige rammer
- kontekst og avhengigheit
- særleg prioriterte mål og krava
- organisering, kompetanse og metode

2. Sjølve systemutviklingsarbeidet
- fastleggja implikasjonane av mål og krav

3. Godkjenning av utvikla løysing
- reell utøving av myndigheit

I dag blir hovudvekta lagt på steg 2, og altfor lite på steg 1.

Krav og mål til informasjonssystem
I tillegg til vanlege krav som effektive, brukarvennlege, somordna og sikre system, kan det også stillast krav om
- rettsrette (rettsriktige)
- transparente
- etterprøvbare
- kompetanseutviklingande

Avgjerande problem:
- mange krav og mål er så vage at dei i liten grad gir retning
- i møte med mothensyn blir vage mål utan særleg styringseffekt

- lov- og avtalerammer må eksplisitt uttrykkjast i mandatet
- mål og krav må vera konkrete ("systemet skal sikra eit godt arbeidsmiljø" er for vagt)
  • Systemutvikling er ein viktig avgjerdsarena
  • Bør leggja stor vek på å gi spesifikke rammer og føringar i mandat for arbeidet og bruka mandatet aktivt gjennom heile arbeidet
  • Nærliggjande for fagrørsla å krevja at arbeidsmiljøspørmål blir handsama me eigen avgjerdsprosess
Torstein Brechan, tillitsvalt (NTL) i Nav
Tek utgangspunkt i skrinlegginga av det store moderniseringsprogrammet i Nav, kostnadsrekna til 3,3 mrd. kr. Prosjektet vart stoppa etter bruk av over ein halv milliard kroner.

IKT-utvikling eller verksemdsutvikling?
Tillitsvalde må leggja vekt på det siste; på det første punktet blir dei finta ut ganske raskt pga. manglande teknologikompetanse (ikkje likeverdige partar)

- må brukar heile Hovudavtalen
- forplikta arb.givar til å etterleva intensjonane
- klart språk
- opplæring
- unngå utvatning av former for medbestemming

I staden for heile tida å advara mot bruk av konsulentar (i off. sektor), må fagrørsla heller peika på betre konsulentkontroll, meir openheit, innkjøpsprosessar, kontraktsomsyn m.m.

Verksemdsstyring i Nav
- dagleg produksjonsstyring
- sanntidsovervaking
- automatisk fordeling av opgåver
- statistikkinnhenting for samanlikning

Forvaltningsfaget er under press
- forvaltning redusert til kundeforhold og "service for brukaren"
- medvit om myndigheitsutøving blir svekka
- automatisering blir likestilt med likebehandling

Manglar ikkje på ambisjonane: Det gamle systemet i arbeidsformidlinga heitte TOTALSYSTEMET (!)

Institusjonelt minne:
- manglande styring
- manglande fagforankring
- undervurderte kompleksiteten
- for ambisiøst målbilete

Er det snakk om Tress 90 eller det nye Moderniseringsprogrammet? Det passar på ein prikk begge gigant-prosjekta.

Panelsesjon med spørsmål frå salen
Kva med universell utforming i systemutviklinga?
- ikkje noko klart svar frå panelet

Frå Vegdirektoratet:
- vil gjerne ha foredraget til Brechan og så berre endra litt på overskrifter, så passar det perfekt i Vegetaten (les: Autosys i staden for Tress 90/Moderniseringsprogram)

Spørsmål/kommentar frå meg:
Difi sin undersøking av status for digitalisering byggjer på ein for svak metodikk og er difor lite egna til å seia noko sikkert om dette. Difi må rett og slett gå tilbake og gjera ein betre jobb; det må ryddast i begrep og definisjonar slik at ein veit kva ein snakkar om.

Svar frå Difi: Einig i at det er viktig at beslutningsgrunnlaget er viktig og må vera mest muleg korrekt for å kunna fungera som vegvisar i digitaliseringsarbeidet.